tørrmuringombokEiWinjumAaseKjerstiSkaldMur, far og dotter
Mur, far og dotter Ei bok om tørrmuring Kjersti Aase Winjum Morten Spaberg Kristian(foto) Skald(illustrasjon)Krohg-Sørensen2022 Innhald Å mure med stein . . . . . . . . . . . . . . . . . . 33 Kva er tørrmur? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 37 23 .–27 . mars 2021 . . . . . . . . . . . . . . . . . . 51 Reiskap og utstyr . . . . . . . . . . . . . . . . . . 79 27 .–30 . april 2021 . . . . . . . . . . . . . . . . . . 85 Eit riss av norsk tørrmuringshistorie . . . 99 1 .–3 . september 2021 . . . . . . . . . . . . . . . 111 Tørrmur i Noreg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 121 17 .–20 . november 2021 . . . . . . . . . . . . . 137 Tørrmur i verda . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 163 21 .–24 . april 2022 . . . . . . . . . . . . . . . . . . 177 Nokre ord og uttrykk . . . . . . . . . . . . . . . 188 Notar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 190 Kjelder . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 191 Foto og illustrasjon . . . . . . . . . . . . . . . . . 192
↑ Stigen, Undredal, 2011. Haakon Aase til høgre. 33
Å mure med stein Å mure med stein er ein av dei aller eldste byggjeteknikkane vi kjen ner til. Mennesket ryddar mark, fjellside eller strand fri for stein og nyttar så steinen til å byggje gjerde, hus, bakkemur, bru og veg. Utan mørtel, berre med stein, heilt tørt. Murarar på Shetland i bronsealderen, i Jeriko i oldtida, Hellas i antikken, Peru eller Store Zimbabwe 1 i mellomalderen, og norske vegarbeidarar i 1950-åra, alle har dei mura etter dei same prinsippa som tørrmurarar gjer i dag. Kvar stein skal kvile på dei som ligg under, som igjen kviler på dei under der. Ein på to og to på ein. «To break the joints», seier britane. Enkelt i teorien. Men det kan ta fleire år å bli ein god tørrmurar. Haakon Aase, far min, er ein av dei fremste i landet. Ein kulturberar, seier dei. Ein gråsteinsmurar, seier han. Tørr muring er den tekniske nemninga.
46
Tverrsnitt av ein jordkjellar På ein om lag halv meter høg støttemur, legg ein steinar oppå kvar andre, slik at kvar stein stikk litt lengre ut enn den under. Slik vert rommet smalare og smalare, og til sist møtest veggane i toppen. Solide heller kviler på dei utkragande veggane, og fungerer som topplokk. Midt på kvelvtoppen har det vore vanleg å halde fri ei opning for ventilasjon. Til slutt vert det lagt jord og torv rundt kon struksjonen som isolasjon.
47
74
75
78
Reiskap og utstyr
79
→ Hólsett: Ein sett er ein slags stor meisel. Hólsetten har konkavforma hovud. Han vert mange stader kalla dobbeltsett fordi han har to eggar. Hólsetten vert brukt saman med slegge, til avkorting og skanting av stein.
88
K: Det er fysisk arbeid, fysisk aktivitet! 89
K: Når eg slår med slegga, trur eg at eg nyttar kjernemusku H:laturen.Ogikkje berre det, det aukar jo blodomløpet og andedrettet!
Helse, miljø og tryggleik Etter all handteringa av store steinar og hogginga med slegge dei siste dagane kjenner eg det godt i kroppen. I armane. Akslene. I skinkene! Eg har ikkje vondt. Det er berre ømme musklar. Som etter ei hard treningsøkt. Eg kjenner at eg vert sterkare. Det er ikkje den gnagande smerta der i festet mellom nakken og hovudet, som gjev meg hovudpine etter ein intens dag ved PC-skjermen. Eg er av dei mange som har trøbbel med nakke og rygg. Då eg jobba på arkitektkontor, dreiv eg i ein eigen liga for usunt kontorarbeid.
Å teikne digitalt er høgpresisjonsarbeid med musa. Og dette driv ein gjerne på med fleire timar i strekk. Heng det over deg ein kort frist, noko som er daglegdags i byggjebransjen, tek du ikkje den strekken eller den turen ut i frisk luft. Du berre driv på vidare med krum rygg, bokstaveleg talt. H: Eg var jo inne i Stalheimskleiva 12 i førre veke. Der er Statens vegvesen prosjekteigar. Dei fokuserer veldig på Helse, miljø, tryggleik, HMT 13 . Dei har hatt eit par episodar, så dei er vel livande redd det skal skje noko. Alt skal skildrast i SJA-er, Sik ker jobb-analyse. Så alle som kjem inn på anlegget, må lese gjennom skjema og kvittere på at dei har lese og skjønt. Greitt nok. Men eg beit meg jo særskilt merke i den delen som handla om det å slå med slegge. Det stod at arbeid med slegge kunne gje muskel- og seneskadar. Eg hugsar ikkje kva tiltak som var føreskrivne, om det var å ta så og så lange pausar eller kva det var. Men eg tykkjer jo … det er klart du kan få skadar når du nyttar verktøy. Det er jo mange repetitive rørsler, så du kan jo få seneskadar. Eg har sjølv hatt det. Og så har det gått over. Men altså, det er no liksom å snu det heilt på hovudet. For eigentleg er det jo grunnleggjande ein fantastisk god ting for kroppen å slå med slegge. Du kan ikkje få betre trim!
1750–1960: Dei store vegprosjekta Eit hovudvegnett for hest og vogn vart bygd i perioden 1770–1850. Fleire av dei mest imponerande tørrmura vegane stammar frå denne perioden.Postvegane var postruter frå Bergen til Stavanger, Christiania og Trondheim. Postvegane hadde mellom anna ei rekke utkraga steinhellebruer. Kongevegen over Dovrefjell var første offentlege køyreveg for hest og vogn og Kongevegen over Filefjell var hovud rute mellom Vestlandet og Austlandet. Det var militæroffiserar som leia arbeidet med vegbygginga. Dei fyrste vegane var planlagde etter kontinentale ideal som ikkje alltid fekk like heldige resultat i møte med norsk topografi. «Det franske prinsipp» var førande for den første vegutbygginga. Vegen skulle gå rett fram – bratt opp og bratt ned. Spesielt på fjellover gangar vart nokre strekk så bratte og uframkomelege at dei seinare måtte byggje dei om. Fleire imponerande høge vegmurar er frå denne første perioden. Etter kvart vart vegane lagt meir organisk og fornuftig i terrenget. Med vegbygginga kom steinkvelvbruene, etter ideal frå Europa. Steinkvelvbruene starta ein ny epoke i norsk brubygging. Ein hand verkstradisjon med utvinning og tilarbeiding av stein, og muring av brukvelv utvikla seg. Det er bøndene som har bygd og halde ved like vegane. Mykje av dette var pliktarbeid som erstatning for, eller i tillegg til, militær teneste. Pliktarbeidet var ikkje alltid like populært, det var nok å henge i med heime på garden. Nokre stader vart det opprør. Det er uansett grunn til å tru at vegbygginga førte til ei omfattande kunn skapsheving og erfaringsutveksling mellom bønder og vegingeniø rar. Bøndene tok til dømes med seg murekunnskap frå gardane ut til vegbygginga, og utover 1700-talet kom dei heim med sentrale reiskapar nytta i vegbygginga, slik som piggsett og hòlsett. Sjølv om ein har sett liknande typar steinverktøy frå antikken, var denne nye utbreiinga av verktøyparet på sett og vis ei teknologiutvikling. Ein kan sjå tydelege spor etter reiskapane i konstruksjonar frå denne tida. Som følgje av den omfattande vegutbygginga, auka produk sjonen av verktøy. Det gjorde òg etterspørselen etter kvalifisert kvessing av verktøya. Smiene gjekk varme. I tillegg må ein rekne med at ymse slags løftereiskapar som taljer, løftebommar og andre drag- eller løfteapparat med blokker og tau, vaier eller kjetting, kom i meir allmenn bruk. Heilt ut i 1950-åra var det tradisjonelle tørrmuringshandverket eit berande element i bygginga av både fylkesvegar og lokalvegar. 104
105
110
1.–3. september 2021
Vi får steinen på hjulet og eg trillar han til rett stad i muren. No skal vi få han opp der han skal liggje. Muren har fått litt høgd no, det er ikkje berre å hive steinen opp.
Det er seinsommar alt og vi har teke opp att arbeidet der vi slapp i april. Far min peiker på den andre sida av muren, borte ved det gamle lønnetreet. Denne steinen er for stor og tung for oss å bere saman, vi må få velta han bort på sekkehjulet.
H: Vi må ha plankane, ein på kvar side.
«Ein – to – tre», seier vi saman og reiser opp steinen slik at han står på høgkant. Vi tiltar han eit par gonger slik, frå haugen med stein og bort til Sekkehjulet,sekkehjulet.ellersekketralla, har etter kvart vorte ein god ven.
111
Far min løftar steinen medan eg stikk under to 2”6 plankar vi har liggjande klare. Slike plankar, sliskar, kan nyttast til å frakte steinar opp og ned av muren. Eit godt hjelpemiddel. Vi «klatrar steinen» saman oppover plankane frå bakken og opp i murlivet. Vel oppe i muren vrir og justerer vi steinen på plass med spett. H: Ja, sjå det, sjå det, sjå det, ikkje langt unna! Så må vi ha vekk plankane. No løftar eg opp steinen litt, så tek du dei vekk. Eg får nappa ut plankane. Far min finjusterer steinen litt med det vesle spettet, så han ligg i liv med resten av muren. Den rundt 200 kg tunge steinen legg seg til slutt fint på plass i muren. H: Leikande lett! Far min er strålande nøgd. H: Sjå kor lett det går! Det er så jævlig lett! Det er så innihelvete lett! No kan dei undre seg på – korleis har dei fått dette til, ein gamal tufs og eit kvinnfolk?
H: Har du tak, er du klar? På tre!
H: Eg tenkte vi skulle få han innpå der borte.
H: Nei, det trur eg ikkje. Berit Bruvik er av dei beste tørr murarane vi har i landet. Men no er jo ho … K: Knallsterk! H: Ja, hehe. Ho er knallsterk. Det er klart, om ein er veldig utrent og lite van med å jobbe fysisk, vil det jo ta litt tid før kroppen er trent opp. Men som sagt, ein vert sterk av å jobbe med kroppen, og ein kan alltid finne lure måtar å gjere ting på.
10 prosent fysisk styrke og 90 prosent hjernearbeid Tørrmuring krev 10 prosent fysisk styrke og 90 prosent hjernearbeid, plar far min å seie. Eg ville kanskje justert denne fordelinga litt, men eg ser poenget. Det handlar mykje om å finne gode strategiar. Når ein ikkje har maskinar til hjelp må ein bry hjernen meir, som han seier. Eg vert rett og slett overraska over kor lett det kan gå når ein finn teknikken med spett og plankar og er saman om jobben. K: Er det ikkje viktig å vere sterk som tørrmurar? H: Ikkje i utgangspunktet. Men ein vert jo sterkare etter kvart som ein jobbar, då. K: Så det er ikkje ein fordel å vere mann?
Nokre av steinane vi nyttar, kan vege mellom 200 og 300 kg. Sjølv om han ikkje er fullblods tradisjonsfundamentalist, sver far min i all hovudsak til handemakt. Eg dristar meg til å ymte frampå om vi kan skje, reint hypotetisk sjølvsagt, kunne brukt ei slags form for hydrau lisk hjelpemiddel, til dømes ein liten gravemaskin, for å lette arbeidet.
H: Slike hjelpemiddel er bra, men handemakt kan nokre gon ger vere vel så effektivt. Her har vi mest mindre stein som trass i alt ikkje krev så mykje kraft. Vi hadde brukt tre gonger så lang tid med maskinar. Det hadde vorte mykje organisering og rigging for nokre få større steinar. Pluss at det hadde vorte eit helvetes spetakkel og steinsstøv og …
K: Drivstoff måtte vi hatt. H: Ja. Energien til handemakt får du jo i deg ved middags bordet. 112
↑ Tørrmuring i stakk. Bygging av potetkjellar på Stang i Askvoll, 1920. 113
K: Det er interessant det der at hendene er med på å utvikle hjernen. At det er ein slags vekselverknad der.
H: Når ein snakkar om å lære, snakkar ein jo om å ta til seg. Næming er eit ord som vart henta opp av dei gamle nynorsk filologane 27. Du har ordet i den gamle «Lærebok i engelsk for næmingar», altså engelsk for nybyrjarar. Næming det er same ordet som du har i landnåm. Nåm. Å næme er å ta. Nett som på tysk, zu nehmen. Du har òg ord som næm, fingernæm. Ein næming er rett og slett ein person som søkjer og tek til seg.
hendene, jo meir utvikla hendene seg med eit sofistikert nettverk av nervar og musklar i handflatene og fingrane. Utviklinga av dei første reiskapane, til dømes dei heilt enkle steinøksene, gjekk svært sakte. I løpet av to–tre millionar år skjer det ei langsam parallellutvikling av hjerne og reiskap. Reiskapen vert ikkje utvikla som resultat av ein større hjerne. Handa som lagar og nyttar reiskapen, er med på å gje hjernemassen nye funksjonar og innsikter. Vår intellektuelle tradisjon, heilt frå Platon, har overfo kusert på hjernen, det cerebrale, det at teknikken er ein verknad av intelligensen, seier filosofiprofessoren i podcasten.
116
Nokre gonger pratar vi mykje. Men ofte arbeider vi ganske stille. Dei aller fleste samtalane på byggjeplass går omtrent slik:
Men er det taus kunnskap?
H: Du kan jo pakke litt baki der. K: Ja. (10 minuttar)K:Sånn?H:Hm?Ja. Fint. (20 minuttar)H:Noskal vi slå litt.
K: OK, eg skal berre …
Vi tek på oss hjelmane. Han tek setten, eg tek slegga.
H: … Klar? Nikking. Banking. H: Litt … der! K: Sånn? H: Ja, då har vi det. Arbeidspreik, altså. I kulturminnevernmiljøa snakkast det nokre gonger om taus kunnskap. Eg må medgje at eg ikkje heilt skjønar kva taus kunnskap er. Eg tykkjer det høyrest nesten fjollete og litt pietistisk ut på same tid. 117
↑↑ Forskaling, Imsland bru, Rogaland. 1916. ↑ Vindhellavegen, Lærdal, Vestland. Ferdig i 1843. Vegen under frå 1793. 130
↑ Arbeid på Årnesbrua, Trøndelag, 1918. 131
156
Denne gongen splittar steinen seg perfekt i to like halvdelar.
157
Forfremjing Ny dag, nye tider. Vel, det er kanskje å ta i, men no har eg byrja å halde og styre setten. Med litt rettleiing, vel å merke. Det er for fremjing dette, seier far min.
H: Når steinen ikkje deler seg slik som du hadde tenkt, må du ikkje verte sint eller lei deg. Då må du berre bruka han til noko anna enn det du først hadde tenkt.
Når vi skal kløyve ein stein i to, finn vi fiberretninga i steinen, og slår med laga i steinen. Det hender at steinen ikkje kløyver seg slik vi vil. Då må vi gje opp planen vi hadde lagt for denne steinen og finne ei anna løysing. Herren ga og Herren tok, seier far min då.
H: Dette her likar dei, folk eg har med på kurs. Folk tykkjer det er eit mirakel. Det er jo enklaste sak i verda å splitte ein sånn godt lagdelt stein. Det er litt herleg då, når dei deler seg så fint, skal ikkje leggje skjul på det. Men folk som ikkje har jobba med stein og sånt verktøy som dette her før, oppfattar ofte stein som noko heilt uforanderleg og satt. Stein er eigent leg ein svært plastisk material.
H: Det er det du gjer no som er fagarbeidet. Meisteroppgåva. Det er hjelpearbeidaren som slår med slegge. No handlar det om å lese steinen, sjå kva moglegheiter steinen har. Og å vite kva du vil med han.
Foto og illustrasjon 33–36, 97, 116: Privat 54–70: Kjersti Aase Winjum 91: Statens vegvesen 113: Paul Stang, Fylkesarkivet i Vestland 121 (oppe): Arkivverket 121 (nede): E. Birkeland, Romsdalsmuseets fotoarkiv 122–123: Norsk vegmuseum 124 (oppe): Ole Arvid Flatmark, Norsk vegmuseum 124 (nede): Finn Larsen, Norsk Teknisk Museum 125: Norsk vegmuseum 126: Aurland kommune, lokalhistorisk arkiv, utlånt av Julius Johansen 127 (begge): Wilhelm Lund, 176:175:174:173:172:171:170:169:168168167167166:165:164:163:136:134–135:133132:131:130130128–129:Folkemuseums fotoarkivTrøndelagRiksarkivet(oppe):JensLauritsArupBassøe,Statsarkiveti Stavanger(nede):Schrøder,TrøndelagFolkemuseumsfotoarkivBrevoldsamlingenKnudKnudsen,Billedsamlingen,UniversitetsbiblioteketiBergen(begge):JensLauritsArupBassøe,Statsarkiveti StavangerJohnNordseth,AnnoDomkirkeoddenÅsenMuseumogHistorielagBrochofMousa,Scotland,WellcomeCollection/WikimediaCCStankoFerićDavePorter,2011,AlamyStockPhotoGranger–HistoricalPictureArchive/Alamy StockPhoto(oppe):Elnon,ca.1979,WikimediaCC(nede):TomParnell,2019,WikimediaCC(oppe):ThéophileHomolle,1902,Universityof Toronto/WikimediaCC(nede):LienyuanLee,2014,WikimediaCCMercer/SeanSexton,1875,HultonArchive/Getty ImagesTrinityMirror/Mirrorpix,1952,AlamyStock PhotoTomBeazley,1941,WikimediaCCBernardGagnon,2014.WikimediaCCThreeLions/Stringer,ca.1955,HultonArchive/GettyImagesEnriqueJara,2015,WikimediaCCDEAPictureLibrary/DeAgostini,GettyImagesMickSharp,2012,AlamyStockPhoto
TakkISBNwww.skald.no2022978-82-7959-347-8tilpappafordetteåret.
Bak, i, og framom muren. Takk til mamma, Eli Winjum, for korrekturlesing og uvurderlege innspel. Takk til Harald, Torstein og Liv som har late meg leve som «rallar» i eit år. Takk til Sbhat Michel Hamde, Øyvind Aase Fluge, Andreas Haugland og Kristine Fluge for all hjelp med å kome Kjerstii hamn.Aase
Winjum (f. 1979) er arkitekt og musikar frå Bergen, busett i Oslo. Dette er den første boka Mortenhennar. Spaberg (f. 1978) fotograf frå Bergen, Kristianbusett i Asker.Krogh-Sørensen (f. 1980) er teikneserie skapar og journalist frå Asker, busett i Oslo. Aslak Gurholt (f. 1981) er grafisk designer frå Lørenskog, busett i Oslo.
Kolofon Utgjeven med med støtte frå Vestland fylkeskommune, Norsk kulturfond, Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse og Norsk håndverksinstitutt. Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond. Foto på omslaget: Morten Spaberg Design og bilderedaktør: Aslak Gurholt Skrift: Practice, Akzidenz Grotesk Next Papir: 130 g Multiart Gloss, 90 g Munken Lynx Rough Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia © Skald
På Litlebergen i Vestland bur Haakon Aase, Noregs kanskje fremste tørrmurar. I Oslo sit dotter hans og kjenner på eit ansvar for å ta vare på arven etter faren. Ho vil lære seg å mure med stein. Saman murer dei ein støttemur på garden hans.
Tørrmuring er ein av dei aller eldste byggjeteknikkane til menneska. Muren som reiser seg i denne boka er bygd med same grunnteknikk og same materiale som ein vestnorsk jernalderbonde nytta til langhuset sitt, og som inkaene mura jordbruksanlegga sine med. Gjennom samtalane på byggjeplassen får vi erfare korleis kunnskap om eit handverk vert ført vidare i praksis. Boka er samstundes eit portrett av ein av Noregs dyktigaste kulturhandverkarar.