Den norske sideren vinn gullmedaljar i internasjonale kåringar og blir servert på verdas beste restaurantar. Det veks fram norske siderregionar i både Hardanger, Sogn og Telemark. Siderprodusentane har mangedobla seg dei siste tiåra – og talet held fram med å auke. For berre 20 år sidan fanst ikkje norsk sider på Vinmonopolet, og det ville aldri falle ein vinkelner på ein respektabel restaurant inn å servere det til gjestar. Kva ligg bak den plutselege suksessen?
Å lage fruktvin og sider er ein gamal tradisjon med djupe røter i Noreg. I boka kjem vi tett på fruktbøndene, eldsjelene og gründerane som alle spelar ei viktig rolle i det norske sidereventyret. Du får òg eit innblikk i dei forskjellige sidertypane, korleis siderproduksjon fungerer og tips til korleis ein serverer sider til mat. Dette er òg forteljinga om unge bønder som satsar, om fantastiske råvarer og om eit tradisjonsprodukt som vi nesten hadde gløymt at vi hadde.
ISBN 9788279593485, 20,0 x 25,0 cm, 256 sider, NOK 499