PELIKAN HER, LEONARD WEISGARD
PELIKAN DER
Pelikanen flaug vidare nedover
kysten. Her var det hummarteiner og fiskebåtar. Lysande fyr og små fiskelandsbyar. Her var det gamle
sjøkapteinar og kattar med buskete halar som låg og sov på stolar.
Pelikanen såg ikkje ein tropp med speidarar som dreiv og sløkte bålet sitt. Han såg ikkje vêrhanane som peikte sørover. Han såg ikkje krabbane og østersane og sniglane.
Han såg ikkje tranebæra som vaks på ei myr. Han lukta ikkje druene.
Ikkje eingong silda lukta han.
Han var så ivrig etter å kome seg heim.
Han brydde seg ikkje om at alt dette var ein del av New England i landet usa i Amerika. Men ei lita jente som måla eit bilete av himmelen, såg pelikanen høgt der oppe.
Plutseleg kom det ei herleg lukt av gras og blomster. Det kom båtar som segla på Potomac-elva. Bilar skunda seg over brua. Pelikanen flaug rett over kongressbygninga i usa og såg ikkje
monumenta og minnesmerka og musea og regjeringsbygga. Han såg ikkje læraren og skuleungane som besøkte kongressen.
Han såg ikkje mammaen som tok bilete av pappaen og resten av familien
framfor det høge, spisse Washingtonmonumentet. Men presidenten
ute på plenen framfor Det kvite huset
såg pelikanen som flaug høgt der oppe, på veg sørover på den klare blå himmelen.
leonard weisgard (1916–2000) illustrerte over 200 barnebøker og er kanskje mest kjent for samarbeidet med den kjende barneforfattaren
Margaret Wise Brown. Han har inspirert generasjonar av barnebokillustratørar, både i usa og i Europa. Weisgard var fødd i Connecticut, men budde store delar av barndommen i England der faren kom frå.
I 1969 flytte han og kona til Danmark der dei budde resten av livet. Både barna og barnebarna hans bur i dag i København.
originaltekst: Leonard Weisgard
illustrasjonar: Leonard Weisgard
norsk omsetjing: Øystein Vidnes
original title: Pelican Here, Pelican There
© 1948 Leonard Wiesgard
© 2021 Orecchio acerbo srl, Roma
First published in the United Stated under the title
Pelican Here, Pelican There
grafisk form : Orecchio acerbo
Norwegian edition published in agreement with Koja Agency
norsk tilpassing : Øystein Vidnes
font : 14 pkt itc Bodoni Twelve
papir : Multi Offset 150 g
trykk og innbinding : Balto Print
© skald 2022
www.skald.no
isbn 9788279593515
To pelikanar lever eit roleg liv på Pelikanøya rett utanfor Floridas kyst.
Ein dag blæs det opp til ein forferdeleg storm. Den eine pelikanen blir teken av vinden og endar opp langt mot nord der pelikanar ikkje kan leve. På vegen sørover igjen har han det så travelt at han ikkje legg merke til alle dei spennande stadene han passerer. Men det gjer kanskje du?
Leonard Weisgard har med sin tidlause strek skapt ein barnebokklassikar som i mange tiår har hatt ein plass i amerikanske hjarte og som stadig fascinerer nye generasjonar barn.
ISBN 978-82-7959-351-5
ISBN 978-82-7959-351-5