i nnhald
prolog 9
1 · Jenta frå Sogn 13
2 · Bolette S om kritikar 29
3 · n ordi S ke S temmer 45
4 · k vinne S ak og like S tilling 61
5 · Bolette S om forfattar 71
6 · Bolette S om målkvinne 83
7 · Bolette S om opple S ar 98
8 · Som mor for Ham S un 105
9 · t akk g ud for S ogne B lodet – Hulda g ar B org 147
10 · v enn og mei S ter – a rne g ar B org 155
11 · fleire nor S ke forfattarar 181
12 · Bolette S om om S ettar 201
13 · o m kun S t, kultur og natur 227
14 · Bolette døyr 245
e pilog 258
n otar, litteratur og regi S ter 260
Fan gale mig! – Men det er skrækkeligt, saa klog De er, jeg ser det i alt, De skriver.
k nut Hamsun til
Bolette C. Pavels l arsen 7.3.1892
Bolette Pavels Larsen. Foto: Ukjend. Tilh. Billedsamlingen, UiB
«AT KORRESPONDERE MED EN SORT KJOLE»
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904) var Noregs første kvinnelege litterære allrounder og ei av dei første aktive litterære kvinnene i landet. Mot slutten av 1800-talet var sogningen Bolette ein av Nordens mest kjende og respekterte litteraturkritikarar. Ho var truleg verdas første kvinnelege hovudkritikar i ei dagsavis, i Bergens Tidende i nesten 25 år. På denne tida var det sjeldan at ei kvinne hadde slik ei framståande journalistisk stilling.
Bolette var eit fenomen for si tid. Ho var eit litterært renessansemenneske. I tillegg til å vere bokmeldar og journalist var Bolette forfattar, omsettar, brevskrivar, opplesar og målkvinne, sterkt engasjert i målreisingsarbeidet og aktiv i Vestmannalaget. Bolette var ei unik føregangskvinne og ein av pionerane innan den nynorske skriftkulturen. Men i Bergens Tidende måtte ho sjølvsagt skrive på dansk-norsk. Her hadde ho ei viktig rolle som formidlar av norsk litteratur, og av svensk og dansk litteratur i Noreg. Bolette var kvinnepolitisk engasjert og representerte ei klar feministisk synleggjering i norsk litteratur og norsk kjønnshistorie.
Sitatet i overskrifta er frå eit brev den 31 år gamle Knut Hamsun skriv til Bolette 10. september 1890. Etter ei kort brevveksling blir
9 prolog
han nysgjerrig på korleis ho ser ut, og ber om å få tilsendt eit bilde av henne:
Er De nu riktig elskværdig, saa sender De mig altsaa det Billede. Jeg har aldri set Magen, jeg har den Forestilling, at De har en sort Kjole med Perler paa. Og derfor kunde det være saa morsomt at faa se noget mer af Dem. For det er ikke det Spor hyggeligt at korrespondere med en sort Kjole.
Bolette Pavels Larsen og mannen, Ole Johan Larsen, var Hamsuns beste vennar i Bergen. Hamsun var ein stor beundrar av Bolette, og han budde hos ekteparet Larsen når han var i Bergen. Hamsun skreiv nærmare 100 brev til Bolette og mannen, brev som syner alle sider ved diktarens humør og sinnsstemning, der han kunne vere både sur og blid, sjølvironisk og fandenivaldsk.
Fleire andre forfattarar skreiv brev til Bolette, først og fremst Arne og Hulda Garborg (han 45 og ho 30 brev), men Bolette korresponderte
òg med Verner von Heidenstam (45 brev), August Strindberg, Georg og Edvard Brandes, Bjørnstjerne Bjørnson, Jens Tvedt, Hans Seland, Hans E. Kinck, Amalie Skram og andre. Desse breva til Bolette er bevarte ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Dessverre er truleg dei fleste breva frå Bolette gått tapt, men nokre er heldigvis tatt vare på.
Som tidlegare tilsett ved Universitetsbiblioteket i Bergen har namnet Bolette C. Pavels Larsen følgt meg i mange år. No har eg endeleg fått høve til å skrive ei bok om dette særeigne oppvakte og
litterære renessansemennesket. Ved hjelp av Bolette sin omfattande aktivitet har eg såleis fått tetta nokre hol i norsk litteraturhistorie, der ho bør ha ein fullt fortent og rettmessig plass, ikkje minst når det gjeld litteraturkritikk. Det er bakgrunnen for at denne boka er skriven.
10
Kvinner har ikkje alltid blitt respekterte og vurderte for det arbeidet dei har gjort, heller ikkje i den norske bokverda, og ei heller Bolette Pavels Larsen. Ho er så vidt omtalt i Norsk litteraturhistorie (B. 2, 1937), ikkje tatt med i den store Norges litteraturhistorie (1975) og berre omtalt i forbifarten av Willy Dahl i Norges litteratur (B. 2, 1984). I Den norske bokhandels historie (B. 3, 1986) nemner Harald L. Tveterås at ei bok er omsett av Bolette Pavels Larsen, og at ho sjølv har gjeve ut eit par bøker. Men eg synest han er litt overflatisk og reduserande i sin vesle kommentar om henne som: «en virksom og gjestfri kvinneskikkelse i det nyromantiske miljøet». I Jan Inge Sørbø si Nynorsk litteraturhistorie (2018) er Bolette omtalt, men utan å få særleg merksemd.
Når det gjeld Bolettes litteraturkritikk, har Åse Hiorth Lervik tatt med ei bokmelding av tre bøker i antologien Gjennom kvinneøyne (1980). Kritikaren Bolette har fått desto større plass av Idar Stegane i samlinga av verksemda til Bolette til 150-årsjubileet i 1997, og i 2016 fekk ho eit eige oppslag i Norsk litteraturkritikks historie 1870–2010. Nemnast bør òg at i 1998 laga Sogndal bibliotek eit nyttig undervisningsopplegg om Bolette og spelte inn fem av forteljingane hennar på sognemål.
Ein biografi er ofte organisert strengt kronologisk, til ein viss grad i alle fall. Det er ikkje denne. Det skjer for mykje samtidig i livet til den allsidige Bolette til at det ville vere mogleg å gjennomføre. Heller ikkje er det nødvendig. Denne boka er derfor meir tematisk oppbygd. Det gjev eit meir tenleg oversyn over alt og alle ho var opptatt av, og ei betre forståing av den mangslungne skribentverksemda hennar.
Men aller først må eg få presentere Bolette, hovudpersonen i denne historia. Ja, eg har gjeve meg sjølv lov til å kalle henne Bolette. Det gjorde forresten Hamsun òg etter kvart, medan husbonden alltid blei omtalt som Larsen.
KVINNESAK OG LIKESTILLING
Bolette er feminist og engasjerer seg i likestilling og kvinnefrigjering. Ho er med i styret i Bergens Kvindesagsforening frå starten av i 1885, og to år etter står ho oppført som sekretær. Det er uklart om Bolette tok attval til styret i foreininga i 1888. Kvinnesak er òg indirekte tema i fleire av hennar eigne forteljingar, så vel levekår som kvinnerolla. Når ho melder ei bok skriven av ein kvinneleg forfattar, stiller ho gjerne ekstra krav til kvalitet. Det samfunnskritiske og det kunstnariske bør gå hand i hand. Den kvinnepolitiske bodskapen må formast om til litterær kunst.
aM alie sK ra M
Ho er ein stor beundrar av Amalie Skram (1846–1905), den bergenske forfattaren som flytta til Danmark. Dei to første binda av Hellemyrsfolket kjem begge ut hausten 1887, først Sjur Gabriel i september og deretter To Venner i desember. I Sjur Gabriel beundrar Bolette forfattarens meisterlege og samvitsfulle utpensling av det ynkelege og uhyggelege som skjer i det fattige miljøet. Ho veit det er mange slike heimar blant Noregs steinknausar: «Men enhver, der ikke taaler at se Virkeligheden, som den er, og heller ikke liker Virkeligheden gjengivet i Kunsten, gjør bedst i at gaa afvejen for ‘Sjur Gabriel’.»
61 4
For det finst folk som for alt i verda ikkje ville ha gått inn i stova til Hellemyrsfolket, og «alle disse ømfindtlige Mennesker vil raabe rædsomt op over Fru Skrams ‘gyselige’ Bog». I kraft av både emne og utføring er den gripande boka eit sant kunstverk med ein makelaus detaljrik lokalfarge. Dei første sidene – om bergensdamene som kjøper fisk hos strilane – er eit historisk dokument som vil sikre denne boka ein plass i vår nasjonale litteratur, påstår meldaren.
I omtalen av To Venner innleiar Bolette om språket. Å la ein bergensar lese boka høgt er ein ubetaleleg fornøyelse; først då kjem personane ganske til sin rett; då høyrer ein rett godt korleis dialekten bidreg treffande til å karakterisere figurane. Skram hugsar framleis dette «Gadesprog, saa afskyeligt for fremmede, men saa indholdsrigt for den indviede». For det lokale speler ei stor rolle i denne romanrekka, og Amalie Skram er makelaus sikker når det gjeld å treffe den bergenske koloritten. Ho er høglydt imponert over Skrams forteljeevne, som saman med språket gjer boka friskare og er «en sand og naturtro Virkelighedsskildring».
Bolette skryter av den nøkterne og uredde forfattaren: «Fru Skram er bleven den norske Literaturs Emile Zola. […] den ægteste blandt norske Naturalister». Ho ser med stor spenning fram til neste bok, «hvori vi formodentlig vil gjenfinne ‘Sjur Gabriels’ Sønnesøn, vor Yndling Sivert som ‘Hr. S.G. Myhre». Ho er nok synsk, for tredje bok i serien får nettopp tittelen S.G. Myre. I romjula 1887 skriv Amalie Skram til redaktør Lofthus og takkar for dei utmerkte meldingane av dei to siste bøkene.27
Då får truleg ikkje Skram svar på brevet sitt. Men det får ho etter å ha lese den usignerte avismeldinga av romanen Lucie i november året etter. Forfattaren skriv då eit begeistra brev til redaktør Lofthus, eit brev som viser at Bolette er omtykt som kritikar og syner god
62
litterær forståing. Skram er sikker på at det er ein mann som skjuler seg bak kritikken, og må straks få greie på kven han er:
Hvad er det dog for et storartet, brilliant menneske som skriver om bøger i Deres avis? Det må og skal De sige mig, for så vil jeg straks gi mig til at elske vedkommende. En så fin psychologisk forståelse og et så enestående mod til at være sig sin mening offentlig bekjendt, falder det ikke i hver mands lod at bli behandlet af. Hvem er det dog? Si mig det. Og hvis De ikke gider skrive til mig, hvad De naturligvis ikke giør, så hils vedkommende 1000 millioner gange og tak ham som ingen endnu er bleven takket her i verden.
Bolette skriv sjølv tilbake til Amalie Skram og håper ho vil elske henne like fullt når ho får vite at vedkomande kritikar tilhøyrer hennar eige kjønn. Det er hennar minste kunst, svarer Skram. Takksemda hennar er stor, og dei uttrykka ho gjev den, ikkje mindre.
I meldinga si av Lucie skriv Bolette at ho er glad for at det er ein kvinneleg forfattar som har tatt «det meget kjedelige Sædelighedsspørgsmaal» opp til kunstnarisk behandling. For Skram er ein forfattar «der er saa meget Psykolog, har saa brillant Iagttagelsesevne, en saa sund Virkelighedssans og dertil er en Mester i Fremstillingskunst …». Ikkje minst er ho kvinne. Bolette synest overraska over kor utruleg godt Skram har evna å skildre Lucie. Forfattaren har gjeve handlinga «en Kolorit saa ægte og saftig, som kun begavede Naturer kan præstere»:
Den kunstneriske Udførelse er absolut mesterlig. Hennes
Letsind, hendes Hengivenhed og Ydmyghed, hendes Sorg og
63
SOM MOR FOR HAMSUN
Den av forfattarane som Bolette har mest kontakt med, er utan tvil Knut Hamsun (1859–1952). Som nemnt skriv han nærmare 100 brev til henne og mannen, medan Hamsun sjølv dessverre ikkje sparer på eit einaste brev han får, i alle fall ikkje i Bolette si levetid. På førehand kjenner ho til namnet Hamsun gjennom eit prosautdrag av den komande romanen Sult i tidsskriftet Ny Jord (1888), og gjennom Litleré, som gjev ut Hamsuns nidskrift om Lars Oftedal året etter.
Saman med sjefredaktøren i Bergens Tidende, Olav Lofthus, er Bolette fødselshjelpar for Hamsuns forfattarkarriere. Korrespondansen med Hamsun byrjar i juni 1890 då ho melder Hamsuns Sult anonymt og gjev debutromanen svært god kritikk, ei bok ho omtaler fire dagar etter at den kom ut i København. Det er ikkje ofte ho byrjar ein kritikk så beundrande som denne gongen med Sult: «En enestaaende Bog, en Pryd for vor Literatur.» Han gjev oss «den sultnes Psykologi […] i helstøbt glidende Fortælling, netop gribende ved Stilbringens Enkelthed», og ho konkluderer med at boka er eit fullenda kunstverk.
Som hos fleire debutantar ser Bolette straks kvalitetane hos Hamsun. Ho er ein av dei første kritikarane som vurderer han positivt,
105 8
Knut Hamsun i Bergen 1891. Tilh. Billedsamlingen, UiB.
og skal sidan bli ei trufast støtte for han. Ho dreg fram det subjektive hos forteljaren i Sult og det som hevar skildringa opp og over det alminnelege, nemleg «Hamsuns Kunstnertemperament». Dette gjeld òg for det vesle erotiske partiet i romanen, og her syner ho seg ganske liberal:
Formodentlig vil der i Anledning af dette Intermezzo blive skreget op om ‘frivolt’, ‘urimeligt’ o. s. v. uden at de, der skriger slik, tænker paa, at ikke alle Mennesker kan føle ens. Der findes nødvendigvis og heldigvis Individer, der revolterer, og som kan korrigere det altfor reglementerede, der ellers nok vilde bringe Verden ud af Ligevægt.
I eit brev 1. august 1890 sender Hamsun stykket «Smaabyliv» til Lofthus og ber han sette det inn i avisa, og det står på trykk åtte dagar seinare. Samtidig takkar Hamsun for den vakre omtalen av romanen sin, men Sult er berre byrjinga, understrekar han. No er han fattig og nervøs, men han skal bli ein stor forfattar: «Men jeg skal nok gøre Vej om Lidt! Jeg er fuld – pærefuld – av Stof og stærk som en Okse.»
Hamsun får òg vite kven som har skrive den «vakre» bokmeldinga, og 12. august skriv han det første brevet til Bolette. Han takkar henne, «Kære Frue!», for ei fin og vennleg melding:
De gjorde mig saa glad ved den, det var en Nydelse at føle sig i saa gode Hænder. Men at De i Bogens Jeg ogsaa saa det
‘revolterende’ Individ, der ‘ikke kan føle éns’ med alle, det rammer saa inderligt det riktige, at jeg slog i Bordet, her jeg sad aldeles alene, og takked Dem i mit Hjærte.
107
Hamsuns monogram av Bolette sine initialar (BCpl) fekk Bolette trykt opp som «pynt» på sine eigne brevark. Her frå brev til P. Rosenkrantz Johnsen i 1897, inkludert kritikk av den unge redaktøren i Bergens Tidende, Finn Bøgh Henrikssen.
Hamsuns eigen sjølvbiografi, skrive med blyant heime hos Bolette. Tilh. Spesialsamlingane, UiB.
TAKK GUD FOR SOGNEBLODET – HULDA GARBORG
Sterke og frie kvinner gjekk i bresjen for kvinners frigjering, likestilling og allmenn stemmerett. Medan andre var pionerar på sine felt og opptatt av kvinnesak utan å vere direkte involverte i det politiske arbeidet, som til dømes dei to sjølvstendige kvinnene Bolette Pavels Larsen og Hulda Garborg (1862–1934). Hulda var forfattar og kulturarbeidar, særleg engasjert i folkevisedans, bunadar og med opprettinga av Det Norske Teatret i 1913.
Hulda og Bolette er gode venninner. I breva skriv Hulda om alt mogleg, i byrjinga ikkje minst om «Tuften», som Hulda og Arne
Garborg kallar sonen Arne Olaus: «Ja, vi har bare denne ene, en umaadelig stor Gut paa 15 Maaneder», skriv Hulda Garborg frå München i september 1889. Han har fått tysk barnepike som lærer han tysk, «han kan alt plapre flere Ord, det er saa komisk at høre paa.»
Tuften blir vel tysk, då, spør Bolette. Nei, forsikrar Arne Garborg: «Tuften blir ikke Tysk; vi har Pige med fra Tynnset.»
Bolette er 15 år eldre enn Hulda Garborg og barnlaus, noko som
overraskar Hulda: «Nei, at De ikke har Dem en liden Tuftekal, De kan tro, det er deiligt.» Bolette svarer ikkje noko på det, men lurer på om ikkje Hulda skal ha fleire barn. «Jo», vedgår Hulda, «vi skulde
147 9
Hulda Garborg i Berlin. Tilh. Billedsamlingen, UiB.
egentlig haft nogen flere Tuftekaller; men, men – ja vi faar nu se, Viljen er god, og Tuften trænger saa forfærdelig til en Legekamerat.» Men ho innser at då burde dei «være lidt mere besiddende og ikke slige løse Fugle som vi».68
I 1890 ber Garborg henne spørje Lofthus «om B.T. kunde ha Brug for Oversættelser av dit og dat fra Tysk? Kjærringa er svært optat paa at tjene Penger ‘ved eget Arbeide’ (Kvindesag!).» Garborg verkar litt oppgitt over Hulda. Bolette nemner dette for Lofthus, men han kan ikkje love noko fordi han manglar to ting: «Penge og Plads.» Men privat gjev Bolette Hulda Garborg det rådet at viss ho finn noko ho blir spesielt tiltalt av, så bør ho omsette det og utan vidare sende det til Bergens Tidende, helst korte stykke.
Garborgane har hatt ei roleg jul på Kolbotn i 1891, «vi spiller Schach og læser og gaar paa Ski», fortel Hulda. I tillegg må Garborg traktere fela si og spele opp til dans for gutane og jentene i grenda.
Hausten året etter er Hulda og Arne begge på kort visitt i Bergen og får treffe Bolette og mannen. Etter besøket sender Hulda boka si, Et frit Forhold. Ho er i tvil om ho skal gjere det: «Jeg er jo Begynder, og min Bog saare ubetydelig», og ho vil ikkje bringe kritikaren «i en ubehagelig Situation». Men då romanen blir nedsabla i fleire aviser, kan Hulda trygt sende boka til Bergen. Debutromanen til Hulda Garborg er eit innlegg i tidas debatt om ekteskap og dobbeltmoralistisk kjønnstenking, men eg har ikkje funne ut om Bolette har kommentert boka verken i brev eller i Bergens Tidende.
I september 1894 legg Hulda ut om kor godt dei trivst i Kolbotn: «Garborg er aldeles gaaet op i sit Gaardsbrug, han gaar i lappede Buxer og Træsko og roder og graver med alt slags Jordarbeide, saa hans Hænder ser ud, som om han hele sit Liv havde været Veitegraver. Han afskyr Pen og Blæk.» Ho skryter av Tuften, som er snill og god,
149
Arne Garborg i Bergen. Tilh. Billedsamlingen, UiB.
10 VENN OG MEISTER – ARNE GARBORG
I 1888 byrja ei lengre brevveksling mellom Bolette Pavels Larsen og Arne Garborg (1851–1924), det første brevet skreiv ho på sognemål, seinare gjekk det på dansk-norsk. Garborg svarte alltid på dansknorsk. Ho helsa frå mannen sin, som òg tykte «atte Garborg e’ dan glupaste, friskaste digtaren vaor, aa atte d’e’ han, me skal ha te lita pao!». Sjølv smatta ho på kvart ord Garborg skreiv, sjølv om det var på dansk: «Endao so gla eg e’ i vaort eige maol!»
Garborg bad om eit bilde av henne, men hadde ingen av seg sjølv å sende i retur. Han blei overraska då han fekk sjå den fire år eldre Bolette, som på dette tidspunktet var 41 år gammal:
Jeg havde tænkt mig Dem en hel Del anderledes, især ældre, mere bestemoderlig. Det kom vel af, at De oversatte Wranér – denne koselige ‘Staaveprataren’, som i heile sit Lag minder mig um en gammel hyggelig Bedstemor, som sidder og fortæller om sin Ungdomstid; tildels kom det af denne Deres
Overlegenhet i Sprogbehandling etc., som syntes at tyde paa megen Udvikling. Naa, – Udviklingen har De altsaa i ethvert Fall, og Aarene kommer da tidsnok! – Det var virkelig meget interessant at se Deres Billede.
155
Bolette hadde nyleg omsett fleire historier av svenske Henrik Wranér til sognemål, mellom anna i boka Staaveprat , og i eit brev til Litleré skrytte Garborg svært: «Fru Pavels Larsen er med sin Wranér paa Sognemaal eit reint Fund. Staaveprat er svært hyggjeleg. Det er ein nordisk [Peter] Rosegger, den Wranér, svært paaliteleg Kar, og godt Humør; og Fru Larsen gjer han so norsk, at det er reint Moro!»
Derfor etterlyste Garborg meir Wranér. «Nei, meir Wranér ha eg inkje. Eg tænkje, folk kan væra leie ao han aakso no. Han ha helde inkje skreve noke siao, so’ eg lika.» (Sjå kapittelet om Wranér, s. XX)
Bolette var sogning og bergensar og burde såleis vere van med det upålitelege vestlandsvêret, at det mellom anna regna mykje. Som
vestlending og stril synest eg det er like moro kvar gong å notere seg at vêret ikkje var betre før i tida, og at det alltid har vore eit populært samtaleemne. Slik også med Bolette. Når Garborg fortalde om det solfylte marsvêret austpå i Kolbotn, kunne ho ikkje dy seg: «Sol! De kan sagtens snakke, som bor paa et Sted i vort Land, hvor der af og til skinner lidt Sol. Men jeg, der holder til, hvor det regner, styrtregner, Vinter, Vaar, Sommer og den halve Høst, jeg ved ikke, hvordan Solskin ser ud.»73
Berre ein s V esis M e
Garborg likte òg novellene til Juhani Aho, Skildringer fra Finland, som Bolette hadde omsett, men han var ikkje heilt nøgd med språket. Ho burde ha nytta sognemål i ein del av replikkane, i staden for at det no blei det han kalla halvsvensk mål, noko som ikkje burde støttast frå Vestlandet, sukka han. I sitt neste brev gjentok Garborg
kritikken av språket og måtte «skjælde over Svecismerne; det er min
Kjæphest nu om Dagen det, maa De vide – at ligge efter ‘Svensk i
156
Dansknorsken’. Vær streng i det Kapitel, Frue!» Vi må fri oss frå forsvensking, formante han. Garborgane budde no i Ammersee utanfor München, «hvor der er wunderdeiligt, og hvor vi fra vore Vinduer har stor Udsigt til Alperne».
I august 1889 var ho skuffa over at Garborg stadig gløymde å sende henne bilde av seg. Ho tenkte med seg sjølv: «Han er akkurat som de andre ‘store’ Folk, han holder ikke sine Løfter! Alle Digtere har Privilegium paa at lyve.» I brevet skrytte ho av Verner von Heidenstams flotte reiseskildringar i Från Col di Tenda till Blocksbjerg: «Og han lyver ikke.»
I same brev forsikra Bolette at ho skulle gjere sitt beste for å unngå svesismar. Då ho hadde omsett reiseskissene til Heidenstam, sende ho boka straks til Garborg og venta spent på dommen hans. Men no skrytte Garborg av språket:
Oversættelsen er aldeles brillant. Jeg har – skjønt jeg læste med Mistroens skjærpede Blik – ikke opdaget mer en én
Svecisme, og den har Bjørnson indført og Kielland efter ham brugt, saa De er temmelig undskyldt; jeg husker ikke
Stedet og heller ikke Ordene, men det er noget saadant som
: ‘Landets alle Indbyggere’ istedetfor ‘alle Landets Inbyggere’
… Kielland har lovet mig med Sort paa Hvidt, at han ikke skal gjøre det mer; lov De det ogsaa! – Amen.
Heidenstam var «en fælt hyggelig Fyr og uhyre interessant», meinte
Garborg, ein forfattar han las med glede sjølv når han skreiv reiseskildringar: «Gid Boka maatte bli meget utbredt i vort tungsindige Norge! Vort høitidelige, skrækkelige, deilige Norge!»74
157
bolette c. pavels larsen (1847–1904) var ei av få aktive litterære kvinner i si samtid. Ho var både kritikar, forfattar, omsetjar, opplesar, feminist og målkvinne. Som omsetjar intro-
duserte ho sentral nordisk litteratur for det norske folket, og som uredd og skarp hovudkritikar i Bergens Tidende gjennom 25 år vart ho ein av Nordens mest kjende og respekterte litteraturkritikarar.
Bolette utveksla hundrevis av brev med for -
fattarar som Arne og Hulda Garborg, August Strindberg, Georg Brandes, Amalie Skram – og
ikkje minst hennar beste ven og største beundrar, Knut Hamsun. Gjennom den nære og personlege korrespondansen kjem vi tett på
pionerane for den moderne nordiske litteraturen og får eit unikt innblikk i den spennande litteraturhistoriske perioden som Bolette C. Pavels Larsen var ein sentral del av. 9
ISBN 978-82-7959-358-4
788279 593584