Soga om Fridtjov den frøkne

Page 1



Soga om Fridtjov den frøkne

Frå gammalnorsk til nynorsk ved Jon Fosse

Skald 2023



1 Denne soga tek til med at kong Bele styrde i Sognefylket. Han hadde tre born, eine son hans heitte Helge, andre heitte Halvdan, dottera heitte Ingebjørg, ho var ven å sjå til og hadde godt vit og ho var den fremste av kongens born. Mot vest i fjorden var ei strand, ved den låg ein stor gard som vart kalla for Baldershagen og det var ein fredheilag stad med stort hov og høg skigard ikring, mange gudar var det der, men Balder var mest avhalden. Dei heidne menneska heldt så mykje av denne staden at der skulle ingen gjera skade korkje på dyr eller menneske, og der skulle ikkje menn ha omgang med kvinner. Kongen rådde over det som heitte Syrstrond. På hi sida av fjorden var ein gard, han heitte Framnes, og der budde ein mann som heitte 4–5


Torstein, son til Viking. Garden hans låg beint imot kongsgarden. Torstein hadde ein son med kona si, han heitte Fridtjov, han var størst og sterkast av alle menn og best i alle idrettar alt fyrst i ungdomen, han vart kalla Fridtjov den frøkne, og han var så venesæl at alle unnte han godt. Kongsborna var unge då mor deira døydde. Hilding heitte ein god bonde i Sogn, han baud seg til å fostra opp kongsdottera, og ho vart oppfødd godt og grundig, ho vart kalla Ingebjørg den fagre. Fridtjov vart òg fostra opp av Hilding bonde, og han og kongsdottera vart slik fostersysken, ingen andre born kunne måla seg med dei. Mykje lausøyre for or hendene til kong Bele, no han vart gammal. Torstein rådde over ein tredje­del av riket, og var kongens beste støtte. Kvart tredje år heldt Torstein storslege gjestebod for kongen, og kongen heldt gjestebod for Torstein dei to andre åra. Helge Beleson vart tidleg ein stor blótsmann, men brørne var ikkje venesæle. Torstein åtte det skipet som heitte Ellide, femten mann rodde det på kvart bord, det


hadde bogne stamnar og var sterkt bygt som havskip, og borda på det var tekte med jarn. Fridtjov var så sterk at han rodde med to årar i framstamnen på Ellide og kvar åre var tretten alner lang, medan på dei andre toftene rodde to menn med kvar åre. Fridtjov skilde seg ut frå andre unge menn på den tid. Kongssønene var avundsjuke fordi han vart rosa meir enn dei. Kong Bele vart no sjuk, og då det stunda til for han kalla han til seg sønene sine og sa til dei: denne sjukdomen kjem til å bli min bane, men eg vil be dykk om at de skal halda på dei gamle venene eg har hatt, for det synest meg at de kjem mykje til kort mot far og son, Torstein og Fridtjov, både i klokskap og manndom, ein haug skal de leggja opp etter meg, og så døydde kong Bele. Etter det vart Torstein sjuk, han sa då til Fridtjov: frende! seier han, eg vil be deg, frende! om at du styrer skarplynnet ditt og syner kongssønene den vyrdnad dei tilkjem, elles har eg stor tru på det du har sett deg føre, eg vil bli lagd i haug på denne sida av fjorden, beint imot haugen til kong Bele, nede ved 6–7


sjøen, då blir det lett å ropa til kvarandre for å høyra nytt som har skjedd. Bjørn og Åsmund heitte fosterbrørne til Fridtjov, dei var mykje til menn og sterke. Litt seinare døydde Torstein, han vart hauglagd slik han hadde bede om og Fridtjov tok land og lausøyre etter han.


8–9



2 Fridtjov vart den frøknaste mann, og klarte seg særs godt i alt ein mann skal kunna. Bjørn, fosterbror sin, vyrde han mest, og Åsmund tente dei båe. Skipet Ellide var den beste eignelut han ervde etter far sin, ein anna eignelut var ein gullring, det fanst ikkje gjævare i Noreg. Så gjæv var Fridtjov at dei fleste sa at han ikkje var mindre heidersmann enn kongsbrørne, bortsett frå kongsvyrdna­ den, difor vart dei avvisande og fiendtlege mot Fridtjov og likte dårleg at han vart kalla meir til mann enn dei og for at dei tyktest å merka at Ingebjørg, syster deira, og Fridtjov hadde funne saman. Det kom den tid då kongane skulle i gjestebod til Fridtjov på Framnes, og det gjekk slik at dei vart betre mottekne enn ventande var. Ingebjørg var der òg, og ho tala 10–11


mykje med Fridtjov. Kongsdottera sa til han: du har ein god gullring. Det er sant, sa Fridtjov. Deretter fór brørne heim og dei vart endå meir avundsjuke på Fridtjov. Like etterpå vart Fridtjov svært tungsindig. Bjørn, fosterbror hans, spurde han kva det kom av. Han sa at han hadde svært lyst til å fri til Ingebjørg: sjølv om eg har lågare rang enn brørne hennar, så er eg ikkje mindre til mann, sa han. Bjørn seier: gjer det! Sidan fór Fridtjov med nokre menn til møtes med brørne. Kongane sat på haugen der far deira var nedlagd. Fridtjov helste dei vel, så kom han fram med ynsket sitt, at han bad om syster deira, Ingebjørg Beledotter. Kongane sa: det kan ikkje vera alvorleg meint at vi skulle la henne gifta seg med ein mann som ikkje er av høg byrd, aldri kjem vi til å gjera det. Fridtjov seier: då var ærendet mitt snøgt gjort, til svar kan eg seia at eg etter dette aldri skal hjelpa dykk om det skulle trengast. Dei sa at det brydde dei seg ikkje om. Så fór Fridtjov heim og var like glad som før.


12–13



3 Ring heitte ein konge, han rådde over Ringe­rike, det er òg i Noreg, han var ein rik fylkeskonge og vel omtykt, og alt komen opp i åra. Han sa til mennene sine: eg høyrde at sønene til kong Bele har spilt venskapen med Fridtjov, ein betre mann enn dei fleste, no vil eg senda menn til desse kongane og gje dei det val at anten så legg dei seg under meg og yter skatt til meg eller så vil eg setja saman ein hær og senda imot dei og då er dei ikkje mykje verde, for dei har korkje nok vit eller nok menn, og det hadde vore til stor glede for meg på mine gamle dagar å gjera ende på dei. Deretter fór sendemennene frå kong Ring og fann brørne Helge og Halvdan i Sogn og sa: kong Ring sender dykk bod at anten så betaler de han skatt eller så vil han hærta riket dykkar. 14–15


Dei svarte at dei aldri ville læra i ungdomen det dei ikkje kunne gjera i alderdomen, å tena han med vanvyrdnad, no skal vi samla alt folk vi kan få tak i, sa dei. Og så vart gjort, men då dei tykte at følgjet deira vart lite sende dei Hilding fostre til Fridtjov for å be han om å gå inn i fylkinga til kongane. Fridtjov sat ved brettspelet då Hilding kom og sa: kongane våre helsar deg og vil ha deg med i følgjet mot kong Ring som vil gå til åtak på riket deira med ofse og langt fleire menn. Fridtjov svarte han ikkje, men sa til Bjørn, som han spelte med: det er tomt der, fosterbror! men du treng ikkje å endra på det, for eg vil gå til åtak på den raude brikka og sjå korleis ho klarer seg. Hilding sa då: atter bad kong Helge meg seia deg, Fridtjov! at du skulle bli med på denne hærferda, elles så skulle du få hard medferd når dei kom att. Bjørn sa då: det er anten å velja det eine eller det andre, fosterbror! og to måtar å spela på. Fridtjov seier: då er det beste rådet å gå etter kongen, for då vil båe vala vera gode. Anna svar fekk ikkje Hilding på ærendet sitt,


han fór snøgt attende til kongane og seier til dei kva Fridtjov har svart, dei spurde Hilding om korleis han tydde desse orda. Hilding seier: då han tala om at det var tomt, då tenkte han kanskje på ferda med dykk, at han ikkje vart med, og då han sa at han ville gå til åtak på den raude brikka, då tenkte han på Ingebjørg, syster dykkar, så pass godt på henne! og då eg gav han vala dykkar, så forstod Bjørn det som om det var to val, men Fridtjov sa at dei fyrst skulle gå til åtak på kongen, då meinte han kong Ring. Sidan førebudde kongane seg og flytte Ingebjørg inn i Baldershagen, og åtte kvinner saman med henne, dei sa at Fridtjov ikkje kunne vera så djerv at han fór for å møta henne der, for ingen er så djerv at han skader nokon der. Og så fór brørne sør til Jæren og trefte kong Ring i Soknesund. Det som gjorde kong Ring mest vreid var at brørne hadde sagt at dei tykte det var skam å slåst med ein mann som var så gammal at han ikkje kom seg på hesten utan hjelp.

16–17



4 Då kongane var borte tok Fridtjov på seg tingkleda sine og sette den gode gullringen på handa si, sidan gjekk fosterbrørne ned til sjøen og sjøsette Ellide. Bjørn sa: kvar skal vi no, fosterbror! Fridtjov seier: til Baldershagen og skjemtast med Ingebjørg. Bjørn sa: det kan du ikkje gjera for då vender guden seg imot deg. Fridtjov sa: det vågar eg, for eg bryr meg meir om Ingebjørgs kjærleik enn om Balders vreide. Deretter rodde dei over fjorden og gjekk opp til Baldershagen og inn i stova til Ingebjørg, ho sat der med åtte møyar, dei som kom var òg åtte, og då dei kom inn var alt der dekt med atlask og dyre vevnader. Ingebjørg reiste seg opp og sa: kvifor er du så djerv, Fridtjov! at du er komen hit utan løyve av brørne mine og gjer guden vreid på deg? Fridtjov seier: korleis det 18–19


enn er, så bryr eg meg meir om din kjærleik enn om gudars vreide. Ingebjørg svarar: då ynskjer eg deg velkomen, du og alle mennene dine! Så gav ho han plass å sitja ved sida av seg og drakk han til med vin av beste slag, og så sat dei og skjemta. Då såg Ingebjørg den gode ringen på handa hans og spør om han åtte denne kostesame ringen. Fridtjov sa at han åtte han, ho roste ringen mykje. Fridtjov sa: denne ringen vil eg gje deg om du lovar meg å ikkje gje han frå deg og sender han til meg om du ikkje lenger vil eiga han, og med dette lovar vi å vera trufaste mot kvarandre. Med denne trulovinga skifte dei ringar. Fridtjov var ofte i Baldershagen om nettene, og kvar dag kom han òg dit og var saman med Ingebjørg.


20–21



5 No er å seia om brørne at dei møtte kong Ring og han hadde større følgje, då gjekk menn imellom dei og bad om semje slik at det ikkje vart nokon ufred. Kong Ring sa at han ville semjast om kongane kom under hans velde og lét han gifta seg med Ingebjørg den fagre, syster deira, og fekk ein tredjedel av all eigedomen deira. Kongane gjekk med på det, for dei såg at overmakta var for stor, så vart semja fastsett, og bryllaupet skulle stå i Sogn når kong Ring kom for å møta henne han var trulova med. Brørne fór heim med følgjet sitt og var svært misnøgde. Då Fridtjov trudde at brørne snart kunne koma heim, sa han til kongsdottera: vel har de teke imot oss, og fagert, og Balder husbond har ikkje gjort oss noko, men når de veit at kongane dykkar er 22–23


heimkomne skal de breia lintøyet dykkar over disesalen, av di han er høgst her på garden kan vi sjå dette frå garden vår. Kongsdottera seier: de har ikkje gjort som andre menn, men då de kom var det venene våre som kom. Så fór Fridtjov heim og morgonen etter gjekk han tidleg ut og han kom inn att og kvad: Må eg seia mennene mine: no er det slutt på gledesferder, ikkje lenger lystige gå til skipet, for no heng lintøy lyst til bleiking. Då gjekk dei ut og såg at heile disesalen var tekt av lyst lintøy. Bjørn sa då: no må kongane vera komne heim, og då får vi ikkje sitja lenge i ro, og det tykkjest meg klokast å samla folk, og så vart gjort, det samla seg mange menn. Brørne fekk snart høyra kva Fridtjov hadde gjort, og


om flokken hans. Kong Helge sa då: det undrar meg at Balder skal tola all skam av Fridtjov og følgjet hans, no skal vi senda menn til han og spørja kva semje han vil by oss, elles skal han få bod om å fara frå landet, for eg ser ikkje at vi har styrke til å stridast med han denne gongen. Hilding fostre bar ærendet frå kongane fram for Fridtjov, og for Fridtjovs vener. Han sa: for at dei skal semjast med deg, Fridtjov! krev kongane at du hentar skatt frå Orknøyane, som ikkje har vore kravd inn sidan kong Bele døydde, for kongane treng pengane når dei skal gifta bort Ingebjørg, syster si, med mykje lausøyre. Fridtjov seier: berre éin ting kan føra til fred oss imellom og det er vyrdnad for dei farne foreldra våre, men desse brørne kjem ikkje til å vera trufaste mot oss, likevel vil eg semjast om all eigedomen min får vera i fred medan eg er borte, det vart lova og stadfest med eid. No førebur Fridtjov ferda si, og valde seg djerve og dugande menn, dei var atten i alt. Mennene spurde Fridtjov om han ikkje fyrst ville fara til kong Helge og semjast med han og 24–25


be seg fri frå Balders vreide. Fridtjov seier: den lovnad gjev eg at eg aldri skal be kong Helge om fred. Deretter gjekk han om bord på Ellide og dei styrde utetter Sognefjorden. Men då Fridtjov var faren heimanfrå sa kong Halvdan til Helge, bror sin: det ville styrkja styret vårt om vi hemnde brotsverka til Fridtjov, no skulle vi brenna garden hans og setja ein storm på han og mennene hans slik at dei aldri skulle spørjast meir. Helge sa at slik fekk det bli. Sidan brende dei opp heile garden på Framnes, og tok alt som der var, deretter sende dei bod etter to seidkoner, Heidi og Hamglom, og gav dei pengar for at dei skulle senda så stort eit uvêr på Fridtjov og mennene hans at dei alle skulle forkomast i havet, og dei seida og sette seg på hjellen med galder og forgjering.


26–27



2. utgåve Førsteutgåva frå 2013 blei innkjøpt av Norsk kulturfond. Grafisk form: Modest [Rune Døli] Omslagskalligrafi: Stefan Ellmer Font: Tiempos Text 10,3 /15,6 pkt og Neue Haas Grotesk Papir: 115g Munken Print Cream 15 Trykk og innbinding: Balto Print © SKALD 2023 www.skald.no ISBN 978-82-7959-379-9


Jon Fosse

Jon Fosse

Soga om Fridtjov den frøkne

Soga om Fridtjov den frøkne

Soga om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dotter til kong Bele, er ei av det mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg. Denne omsetjinga av Jon Fosse er basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Dette er ei underhaldande og lettlesen forteljing, som samstundes gjev godt innsyn i tru, skikkar og mentalitet i vikingtida.

www.skald.no ISBN 978-82-7959-379-9

12225 Fridtjov-Edda-Torstein omslag 06.indd 7-11

06/11/2023 11:04


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.