Velkomen til det fleirspråklege noreg! Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg. Dei varierte livshistoriene vert fortalde gjennom Oddleiv Apneseth sitt unike og vake blikk og gjennom tekstar om bakgrunnen til dei ulike personane. Skribentar over heile landet har fanga inn historiene og refleksjonane rundt det å leve med fleire språk. Kombinasjonane er mangfaldige, frå den filippinske
butikkeigaren i Førde som brukar morsmålet sitt berre når ho verkeleg må, via den marokkanske faren som konsekvent snakkar berbisk med sonen sin under fotballtreninga og norsk til dei andre barna, til den samisk-kvenske tromsværingen som først i vaksen alder lærde å forstå språka som ho var omgitt av i oppveksten. Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes i slutten av boka set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.
det fleirspråklege noreg
Skald 2013
Skald 2013 ISBN 978-82-7959-190-0