Rytmen mellom oss

Page 1

Gunn Karoline Fugle

Gunn Karoline Fugle Rytmen mellom oss

Bruk av musikk i arbeid med barn og unge

SKALD

Rytmen mellom oss er skriven for pedagogar, andre fagpersonar og foreldre som ynskjer å la seg inspirere til å bruke musikk i arbeid og samvær med barn og unge. Musikk og rytme er kjenslespråket vårt, og boka viser korleis og kvifor musikksamspel er førebyggande og utviklande for barn og unge. Boka viser at alle, uavhengig av om ein har musikkutdanning eller ikkje, kan bruke musikk til å skape gledesopplevingar og gylne augeblinkar. Målet er å gje inspirasjon til å synge, danse og leike med barn, og gje idear til korleis du kan bruke det du allereie kan på nye måtar.

Gunn Karoline Fugle (f.1961) er utdanna musikkterapeut med hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo. Ho har spesialistutdanning i barne- og ungdomspsykiatri, klinisk pedagogikk, og utdanning i kroppsdynamisk psykoterapi. Har jobba både med psykoseproblematikk, og barn og vaksne med utviklingshemming. Fugle har undervist og skrive artiklar om bruk av musikk i arbeid med barn og unge, og vore oppteken av å formidle kunnskap slik at pedagogar, terapeutar, foreldre og andre utan musikkfagleg bakgrunn kan nytte musikken sitt leike- og samspelpotensiale i kvardagen med barn. Ho har også vore kurshaldar i Guided Imagery Music (reseptiv musikkterapi). Fugle arbeider no som musikkterapeut og klinisk pedagog ved BUP Førde (Psykisk helsevern for barn og unge). Ho arbeider der med barn med psykiske vanskar og er spesielt oppteken av at vi medverkar til leik og musikkaktivitet ved å støtte barnet si leikeutvikling og symbolisering. Fugle driv «Musikk og helse» der ho gjev kurs og rettleiing i bruk av musikk i arbeid med barn og unge.

SKALD

Rytmen mellom oss


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.