Opplev Sognefjorden – ein reiseguide til Noregs hjarte

Page 1

Denne allsidige reiseguiden er ei praktisk handbok som viser deg vegen til Noregs hjarte. Ei fyldig blanding av bilete, informative tekstar og kart vil gi deg inspi­ rasjon til å oppleve dei ulike kommunane langs denne unike fjorden, og du vil bli kjent med eit breitt utval av kultur- og naturopplevingar – frå historiske attraksjonar, lokalmat til fotturar, aktivitetar og moderne friluftsliv.

ISBN 978-82-7959-186-3

Ein reiseguide til Noregs hjarte

Dette er boka for deg som vil oppdage Noregs hjarte, og eit must for alle som bur her!

opplev sognefjorden

Bli med på ei rik reise langs Sognefjorden, frå kysten i vest til Jotunheimen i aust.

ingrid loftesnes & finn loftesnes (foto)

ingr id l oftesnes & finn l oftesnes ( foto)

opplev sognefjorden Ein reiseguide til Noregs hjarte

I n gri d L oftesn es (f. 1950) er frå Sogndal og har lang erfaring innan reiselivsbransjen. Sidan 1970 har ho arbeidd med produktutvikling og marknadsføring av reiselivsprodukt. I 1989 tok ho over som reiselivssjef i Sogndal, og vart dagleg leiar for Sogn og Fjordane Reiselivsråd og leiar for regionssamarbeidet innan reiseliv i Sogn. Fin n L oftesn es (f. 1947) er anerkjent natur­ fotograf. I ei årrekkje har han fotografert natur og landskap på Vestlandet og levert bilete til utalege bøker og publikasjonar. Han har dessutan foto­ grafert til ulike presentasjonar og produsert store lysbileteprogram til Breheimsenteret i Jostedalen og Norsk Fjordsenter i Geiranger.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.