NORGES LÅVER Eva Røyrane Oddleiv Apneseth [Foto]
Norges låver er ein honnør til låven, det viktigaste norske uthuset. Landbrukets katedralar har vore landemerke i det norske kulturlandskapet dei siste hundreåra. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist gjennom heile landet for å fortelje historia om den norske låven. Resultatet har blitt til det største verket som er laga om denne delen av kulturhistoria vår. Norges låver er forteljinga om vår felles kulturarv, om eit bondeliv i endring og om Norge i dag.
ISBN 978-82-7959-204-4
SKALD 2014
Forfattar E va Rø y r a n e (f. 1956) voks opp i Ølve i Kvinnherad på ein gard med raud låve. Som journalist i Bergens Tidende frå 1987 til 2013 har ho skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har blant anna også jobba ved NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane og er i dag tilsett ved Universitetet i Bergen. Røyrane har tidlegare gjeve ut bøkene Ei reise i H ardanger, Arkitekturguide Bergen og Fabrikkbyane i Hardanger – Husa i i ndustrilandskapet. Fotograf Oddl ei v A p n eset h (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 og 2005, samt fleire andre norske presseprisar. Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen i 2000 og 2001 og har medverka i 13 ulike bøker, mellom anna Jølster (SKALD 2010) og Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim (SKALD 2001).
NORGES LÅVER Eva Røyrane | Oddleiv Apneseth [Foto]
Innhald
Føreord 11 Den store låvereisa Landbrukets katedralar 46 Finnmark 76 Troms 106 Nordland 132 Nord-Trøndelag 160 Sør-Trøndelag 190 Møre og Romsdal 222 Sogn og Fjordane 250 Hordaland 292 Rogaland 328 Agder 358 Telemark 390 Vestfold 412 Østfold 436 Oslo og Akershus 460 Buskerud 486 Oppland 526 Hedmark 562 KJELDEr 9
19
7 Norges l책ver
Vi har hatt jordbruk i Norge siden yngre steinalder, for omkring 6000 år siden. Jordbruket har alltid vært i forandring, men ved forrige århundreskiftet sto næringen midt oppe i sin til da største endring – det store hamskiftet – med konsekvenser for både drifts måter, bebyggelse og landskap. Utskifting av gamle fellestun førte til et nytt landskap med enkeltgårder der mange mindre hus ble erstattet av få, men større. I denne prosessen representerte byggingen av de røde enhetslåvene kanskje den mest imponerende og dominerende endringen. At det nå foreligger ei omfattende bok om denne bygningstypen, vil være til både nytte og glede for mange. Det er også på høy tid, siden vi her står overfor en bygningsmasse som i økende grad er truet både av opphør av drift, forfall og store endringer. Enhetslåvene hørte til hestemekaniseringens tid, men lot seg i stor grad tilpasse overgangen til traktormekaniseringen etter krigen. De seinere tiårenes behov for nye funksjoner og nye og større bygningsvolumer har imidlertid stilt mange bønder overfor spørsmålet om hvordan de gamle driftsbygningene skal forvaltes. De sitter i dag med en bygningsmasse som innebærer store utfordringer når det gjelder bruk og vedlikehold. Mange bygninger har mistet sin opprinnelige funksjon, og svært mange står ledige. Kan de gamle bygningene brukes i videre drift? Kan de eventuelt gis andre funksjoner? Kan vedlikeholdet finansieres med dagens drift? Dette er spørsmål som også Riksantikvaren er interessert i.
AGATUNET, Ullensvang
Slike forhold var også årsak til at en under jordbruksforhandlingene i 2007 etablerte programmet Landbruksbygg og kulturlandskap (2008–2012). Hvilke behov fantes for nye typer driftsbygninger? Hvilke utfordringer fantes knyttet til dette og til behov for å finne fram til og tilpasse gamle driftsbygninger til ny bruk? Programmet viste at vi trenger gode svar på disse spørsmålene, ved siden av at vi alltid trenger tilgang til god håndverks- og materialkunnskap for å kunne ivareta landbrukets bygningsmasse som en sentral del av kulturarven vår. Enhetslåvene har flere kallenavn. «Bygdenes katedraler» forteller mye både om disse bygningenes visuelle betydning i landskapet og om deres rolle som symbol på det som var en moderne og svært viktig næring i et samfunn der også landbruket i økende grad ble preget av industrialisering. Boka om Norges låver vil bli en viktig kilde til kunnskap om dette og om alt annet som har gitt bygningene et annet oppnavn også – «bondens allaktivitetshus». Alt dette vil boka både fortelle oss noe om og vise oss noe av. En viktig del av vår fysiske kulturarv og vårt kulturlandskap har omsider fått en presentasjon vi lenge har ventet på. Oslo, august 2014 Jørn Holme Riksantikvar
9 Norges låver
Føreord
TROMS
Skjervøy
Karlsøy
Kvænangen
Nordreisa Lyngen
Tromsø
Kåfjord
Berg Lenvik
TOrsken Tranøy
Dyrøy Harstad Ibestad
Balsfjord
Sørreisa Målselv
Salangen Lavangen
Gratangen Kvæfjord Skånland
Bardu
Storfjord
BUREISARFJØS I LYNGEN: Den 90 år gamle Olaug Hansine Garfjeld fortel at ho og mannen braut nytt land med handemakt og bygde seg både hus og uthus. Ho minnest alt slitet og eit langt liv med fem kyr og like mange ungar på garden Bjørkheim under dei mektige Isskardtindane. Fjøset frå 1952 har ikkje vore i bruk på lenge. Andre driv jorda.
97 Troms
NORD-TRØNDELAG VIKNA
LEKA
NÆRØY
FOSNES
FLATANGER
NAMSSKOGAN
RØYRVIK
HØYLANDET
NAMSOS
GRONG
OVERHALLA LIERNE NAMDALSEID SNÅSA STEINKJER VERRAN INDERØY VERDAL LEKSVIK
LEVANGER
FROSTA STJØRDAL MERÅKER
UNDERVERKET I VALLDAL
På Framgarden i Valldal ligg eit kunstverk av ei låvebru. Bonden brukte sju år på å bygga henne. Snigleforma og vel fire meter brei ligg køyrebanen der, slakt skrånande i ein mjuk sving frå tunet og opp til låvebrua som endar i ein mura kvelving i nordre løegavlen. All steinen til løa og den gedigne låvebrua henta bonden i Framgarden, Lars Petter Olsen Valldal, oppe i fjellsidene over Valldal. Ein del stein drog han heim på kuskinn, men han brukte også ein spesiallaga slede. Ved løa bygde han eit apparat til å løfta stein med. Då jobben var gjord, passerte bygdevegen til gardane i Øvre Valldal gjennom den vakre steinkvelvingen. Framgards-Lars Petter bygde først løa, ein driftsbygning heilt utanom det vanlege den gongen i 1885. Han fekk laga både gjødselkjellar og eige rom til den flytande gjødsla. På denne tida hadde bønder flest møka liggande i ein dunge på utsida av fjøsveggen. Bonden i Framgarden monterte drikkekar i fjøset lenge før det var vanleg med springvatn i bustadhusa. Han henta inn vatn til dyra ved hjelp av ei trerenne utanfrå. Fjøset var romsleg og forseggjort med kvitmåla, høvla bord i taket.
s. 190 STRANDA ◀ 1 VALLDAL 2 SURNADAL 3 STRANDA 4 OVERVOLL, STRANDA 5 RINDAL 6 SURNADAL 7 SÆTER, SURNADAL: Med sine 100 meter er dette ei av landets lengste løer.
▶ KUNSTVERKET: Den største og mest moderne løa på lang lei stod ferdig her i Framgarden i 1885. Så brukte Lars Petter Olsen Valldal sju år på å bygga låvebrua med stein som han henta oppe i fjellsida.
195 Møre- og romsdal Valldal
Stein på stein
Forklaringa på dei mange høge løemurane i Luster er sannsynlegvis såre enkel. Stein var eit svært tilgjengeleg byggemateriale. Dessutan var bygdene her velsigna med rike hellebrot. Dermed låg det også i korta korleis nybygga skulle tekkast. I tiåra før og etter år 1900 blei det bygd mange store, nye driftsbygningar med høg grunnmur i naturstein her inst i Sogn. Løene ligg i bratte bakkar med langsida mot fjorden. Rundt møkakjellaren i første høgda og fjøset i andre er det solide steinvegger. Kjellaren har gjerne fleire bogeforma opningar ved bakken. På den gamle lensmannsgarden Uri har løa frå 1917 steinvegger i tre etasjar, heilt opp under ufsa. Berre trekantane i gavlen og den framskotne arka har trekledning. Dei fleste andre uthusa av denne typen er bygde med reisverk i låvehøgda. Fleire av løene
har to arker symmetrisk plasserte i taket på langsida mot fjorden. Nokre av arkene har saltak, andre har pulttak og vindauge plasserte som sirupssnippar i veggen. Løene frå denne tida blei tekte med store villheller. Hellene kom gjerne frå Dalsdalen der det var fleire hellebrot. No når hellebrota ikkje lenger er i drift, er det ikkje alltid like lett å oppdriva nok heller når tak treng vøling. Difor inviterte sogelaget og bygdekvinnelaget i Luster til hellerulling då dei vølte taka på ein gammal husmannsplass. Dei etterlyste heller som var til overs rundt om på gardane, og fekk samla inn mange nok til at dugnaden kunne gjennomførast. Lensmannsløa i Uri har panner på taket. Embetsmennene var dei første som valde tegl i staden for helletak. Muren på lensmannsløa i Uri er måla okergul, kanskje også eit tiltak for å stasa opp bygningen.
▶ LENSMANNSLØE: I Uri budde lensmannen. Det kan vera forklaringa på at den tre etasjar høge steinløa frå 1917 har pannetak. Den noverande eigaren fekk tilskot til å vøla taket på 1990-talet. Både løa og steinmurane i lensmannshagen er freda. STØDIG TYPE: Oppå høge grunnmurar av naturstein står som regel ei stavbygd løe. I Luster har mange løer dobbel ark med pulttak og vindauge plasserte som sirupssnippar i veggen. Denne løa ligg på Stokkenes.
235 Sogn og Fjordane
s. 236 1 Førde 2, 4, 5 Sogndal 3 Flora 6 Hyllestad
s. 237 1 2 3 4 5 6
Stryn FjĂŚrland, Sogndal Eid Gaular Gloppen Luster
245 Sogn og Fjordane
LAGAR LYD: Cruisebåtkaien er ny, nær nabo til gardsbruket på Eidsneset ved Skjolden. Dei som bur her, er ikkje overvettes begeistra. – Vi trudde skipa skulle få straum frå land. Slik er det ikkje, og no høyrer vi duren av dei heile tida, seier Aud Midtun. 40 skip hadde varsla at dei ville komme til Luster sommaren 2013. Løa frå 1940 skal pyntast opp med ny måling. No er ho tom for dyr. Dei som bur her, dyrkar bær og grønsaker.
301 Rogaland
UTSMYKKING I TUNET: Når terrenget har lita helling, trengst det ei kreativ låvebruløysing. Denne varianten prydar tunet i Østhusvik på Rennesøy.
315 Rogaland
REIV TO LØER: Jarle Wiig i Klepp har rive to løer og skaffa seg eit kjølerom i staden. I lag med sonen Jone er han i dag storprodusent av grønsaker. Janes Nolbergs (biletet) frå Latvia er ein av åtte fast tilsette. Løa midt i drivhuslandet tilhøyrer ein av naboane i Nedre Vik.
Fare for flaum i den flate dalbotnen er årsaka til at 12 gardar med til saman 40 hus framleis ligg samla og har skapt ein landsby inst i Flatdal. «Landsby» står det på vegskiltet som peikar bort til husklyngja, som er omringa av 3000 mål med nesten heilt flate bøar. På tre–fire av gardane er det brukarar som driv på heiltid. På mange av tuna bur det eldre folk. To unge par som nyleg har etablert seg her, er spente på kor mange andre unge som vil busetja seg i landsbyen. Ingen annan stad i landet ligg så mange store, raude og velstelte løer så tett som i Flatdal. Mange er nymåla, alle har kvite lister og grøne dører, same grønfargen som går att på dei fleste låvedørene i denne delen av Telemark. Trygve Lia og Beate Våge Lia bur midt inni den store husklyngja. Betongsteinen på låvetaket deira må skiftast ut. – Vi har lyst til å legga opp att stein, men plater er billegare, og sidan det no er platetak på dei fleste andre låvane her, blir det kanskje til at vi vel det same, seier Trygve Lia, som er snikkar. Både den gamle låven og eit nyare grisefjøs brukar han no som lager. Eit par låge driftsbygningar frå 1970-talet held selskap med dei gamle låvane i Flatdal. Ein gard har bygd ny driftsbygning i gammal låvestil. Dei som vil vøla eller bygga nytt i Flatdal no, må tilpassa seg den rådande byggestilen i fellestunet. Trygve Lia seier det er vanleg å krangla litt med fylket i slike byggesaker, men dei som bur i Flatdal, er samde i at særpreget til landbyen må takast vare på. Dei bøndene som no er mest aktive, bygger nye store fjøs i skogkanten, utanom fellestunet. SAMSPEL: Låveeigarane i Flatdal samordnar låvestilen i landsbyen.
373 Telemark
LANDSBYEN FLATDAL
Telemarkskua ligg dårleg an. Det finst berre kring 270 dyr att av den gamle rasen. 23 av dei nyt livet på Nordigard Bjørge i Seljord. Leiv og Solrun Bjørge lagar iskrem av mjølka. – Vi plar seia at vi lagar verdas beste is av mjølk frå verdas vakraste ku, reklamerer Leiv Bjørge, som har vore i Italia og henta både lærdom og maskiner til isproduksjonen. Ismaskinene står i eit tilbygg til driftsbygningen som også er sommarkafé og gardsbutikk. Ute på bøen går telemarkskyrne, som ikkje berre skil seg frå NRF-kua i storleik og farge. Telemarkskua er så mykje meir livleg, ho er blidare og meir interessert i livet omkring seg, seier bonden. I lag med nokre andre idealistar prøver han å gjera sitt til at den gamle dyrerasen skal overleva, men han er pessimist. Talet på produktive dyr er på veg nedover. Nordigard Bjørge er ein gammal futegard som no også er gjestegard. Når det er Dyrsku’n i Seljord, kryr det av folk på tunet. Då inviterer familien Bjørge blant anna til låvedans. Første året svaia golvet faretruande mykje. No er det forsterka for å tola påkjenninga. Denne driftsbygningen er frå 1959. Leiv Bjørge kallar huset ein økologisk livsløpslåve i fem etasjar. Nedst ligg det han kallar bondens gull, gjødsla. I etasjen over held dyra til. I tredje høgda er leikelåven, i fjerde festlåven og i femte bur låvesvalene, som gjer nytte for seg ved å eta opp dei flugene som blir produserte lenger nede i bygningen. Bonden har stor omtanke for svalene, som aldri dreg til Afrika før etter Dyrsku’n. Fuglane plar kvitra med når det er aktivitet på låven. Berre ein einaste gong har Bjørge opplevd at svalene blei heilt stille. Det var under feiringa av ein 50-årsdag. Det var fullt av folk ved langborda og eit fæla uvêr ute. Knut Buen spela Fanitullen, og så gjekk ljoset. Då blei det dørgande stilt på låven. I nokre sekund, før nokon ropa til felespelaren: Spel vidare! BLIDE KYR: Telemarkskyrne er kvikkare og blidare enn andre kyr, meiner bonden på Nordigard Bjørge, som lagar iskrem av mjølka. Uthuset må kyrne dela med folk som vil på låvedans eller på handel i gardsbutikken.
375 Telemark
REDNINGSSTASJON FOR TELEMARKSKYR
ØSTFOLD Trøgstad Spydeberg
Rømskog
Askim
Hobøl
Eidsberg Marker Moss VålerSkiptvedt Rygge Råde
Rakkestad Sarpsborg
Fredrikstad
Aremark Halden
Hvaler
Tunet på Nordre Ammerud gard er ein oase mellom høgblokkene i Groruddalen. Nye eigarar kjem til å skapa nytt liv rundt den vesle raude låven. Ti unge psykisk utviklingshemma har kjøpt garden med mange hus og åtte mål jord gjennom bufellesskapet Tamino. Dei har bygd eit nytt hus på tunet og etablert eit burettslag med kvar si leilegheit. Det nye, raude bustadbygget minner om ein stor låve der det er plassert i eine hjørnet av det gamle firkanttunet. I tillegg til nybygget og den gamle låven er det stabbur, drengestove, våningshus og fleire småhus her. Drengestova, som har ein gammal bakaromn, skal pussast opp og bli kafé med baksterom og gardsbutikk. Planen er at dei som bur her, skal ha dette som arbeidsplass. Husa i tunet er bygde på 1800-talet eller tidlegare. Låven er tømra med fjøs i eine enden. Planen var først å bygga nytt med utgangspunkt i låven, men dette frårådde blant anna byantikvaren. Garden blei ekspropriert då OBOS bygde dei fire store blokkene på Ammerud i 1966–1967. Bonden som mista jorda si, slutta likevel ikkje med dyrehald. Han kjøpte gard i Østfold, dyrka og tørka høy der som han i fleire år køyrde med hest og vogn langs Mossevegen heim til Ammerud.
TAMINO: Ti unge skal bu i eit låveliknande nybygg på Nordre Ammerud gard. Den gamle låven har dei planar om å ta i bruk etter kvart.
s. 436 Oslo ◀◀ 1 Oslo 2 Bærum 3, 4, 5 Gjerdrum 6 Vøienvolden, Oslo 7 Ammerud, Oslo
441 Oslo og Akershus
EIN OASE PÅ AMMERUD
Låven på Hammerstad i Vang vart landskjend under EU-striden i 1994. Måleriet av Gro Harlem Brundtland som mjølkar kua, prydar framleis den raude låveveggen. Fleire har brukt låveveggen sin til kunngjering av ein politisk bodskap, men få har klart å få så mykje merksemd som EU-motstandaren Leif Jan Hammerstad. Sommaren 1994 fekk han måla Gro med EU-kua på låven sin like ved hovudvegen gjennom Valdres. Teikninga fekk stor medieomtale, ikkje minst fordi Statens vegvesen meinte ho var trafikkfarleg. Bonden gjekk til sak mot Staten for å hindra at måleriet vart fjerna, og vann. Gro Harlem Brundtland sit framleis på krakken og mjølkar dyre dropar opp i EU-bytta. Og kua ser like bondefanga ut som ho gjorde då ho vart måla på veggen etter ei teikning av EU-tilhengjaren Herbjørn Skogstad, den faste teiknaren til Oppland Arbeiderblad. Hammerstad seier han har lurt på om han skulle få friska opp teikninga, som har falma litt på tjue år. Å måla over vil aldri koma på tale. EU-kua er både kulturminne og turistattraksjon. Hammerstad skulle gjerne visst kva meiningsytringa på låveveggen hans hadde å seia for utfallet av EU-avrøystinga. Sjølv om han var med på å vinna EU-kampen, så er han blitt offer for den utviklinga han har kjempa imot. Han har ikkje lenger dyr i fjøset han bygde i 1989. No slår han bøen og sel rundballane til naboar som framleis driv med mjølkeproduksjon. Mange andre bønder i Vang har trappa ned eller avvikla gardsdrifta.
ATTRAKSJON: Leif Jan og Laila Hammerstad vann rettssaka mot Staten. Måleriet på låveveggen blei ståande. Og valdrisane var med på å vinna EU-kampen. I dag er det likevel liten optimisme i landbruket i Vang.
503 oppland
LÅVEN SOM SA NEI TIL EU
1
2
3
4
5
6
7
529 Hordaland Xxxx
NORGES LÅVER Eva Røyrane Oddleiv Apneseth [Foto]
Norges låver er ein honnør til låven, det viktigaste norske uthuset. Landbrukets katedralar har vore landemerke i det norske kulturlandskapet dei siste hundreåra. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist gjennom heile landet for å fortelje historia om den norske låven. Resultatet har blitt til det største verket som er laga om denne delen av kulturhistoria vår. Norges låver er forteljinga om vår felles kulturarv, om eit bondeliv i endring og om Norge i dag.
ISBN 978-82-7959-204-4
SKALD 2014
Forfattar E va Rø y r a n e (f. 1956) voks opp i Ølve i Kvinnherad på ein gard med raud låve. Som journalist i Bergens Tidende frå 1987 til 2013 har ho skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har blant anna også jobba ved NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane og er i dag tilsett ved Universitetet i Bergen. Røyrane har tidlegare gjeve ut bøkene Ei reise i H ardanger, Arkitekturguide Bergen og Fabrikkbyane i Hardanger – Husa i i ndustrilandskapet. Fotograf Oddl ei v A p n eset h (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 og 2005, samt fleire andre norske presseprisar. Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen i 2000 og 2001 og har medverka i 13 ulike bøker, mellom anna Jølster (SKALD 2010) og Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim (SKALD 2001).
NORGES LÅVER Eva Røyrane | Oddleiv Apneseth [Foto]