11mars_08_hagenvaar

Page 1

11 FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

TEMA Hagen vår

Vil du ha ein sommar full av fargar, lukt og smak? Då er det på tide å starte våronna. Sommargleda skapar du no. SJÅ SIDENE 11–25

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


12 TEMA HAGEN VÅR FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

Lene gyv laus på hagedraumen ■ Katastrofeområdet skal bli vakker hage ASKVOLL: Lene Gjelsvik i Askvoll er lukkeleg eigar av ein potensiell hage. Den består av halvferdige steinmurar, jordhaugar, ein veranda og 35 krukker. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Sjå kor fint det skal verte, ivrar Lene Gjelsvik, i håp om at Firdas utsende på årets første «hagevandring» i sludd og regn, skal sjå det same potensialet i alle halvferdige prosjekta, som ho sjølv gjer. Frå vegen ser tomta delvis ut som eit katastrofeområde, men Lene forsikrar meg om at det er høgst mellombels. Ho har heile hagen klar på netthinna, og den er berre utruleg fin.

Krater – Denne muren her skal eg lage ferdig til våren, og bakom kjem eit bed med stokkroser, revebjøller, kvit og rosa solhatt og ei gammal rose, alt i rosa nyansar, forklarer ho, medan ho peikar og demonstrerer korleis ho har tenkt å gjere ferdig tørrmuren langs vegen ned til huset. Rett nedanfor står ein annan halvferdig mur, og ved sida av ligg ei stor trillebår kvelva i noko som minner om eit lite krater.

PYNTEROT: Lene Gjelsvik samlar på stein, røter og plantar som ho kjem over. Denne rota står på vent til Gjelsvik er ferdig med grovarbeidet og kan plante ut alt som i dag står i krukker rundt om.

– Her held eg på å grave meg ned på berget til det som skal verte kveldskroken. Er grunnfjellet bra, så vil eg bruke det som golv, er det dårleg, så får eg finne ei anna løysing. Muren rundt skal i alle fall gå i ein boge. Framfor skal eg ha ein fin benk, og bakom kjem eit urteog staudebed i kvitt og lilla. Her skal det lukte godt og her skal eg ha urter som eg kan plukke inn og bruke i matlaginga.

Grunnleggjande Lene Gjelsvik kjem frå Hustad i Møre og Romsdal og jobbar som kultur-

konsulent i Askvoll kommune. For tre år sidan kjøpte ho hus og potensiell hage med strandline på Røyset. Ho har valt å bruke tid på å få ein grunnleggjande struktur på hagen, før ho startar med plantinga, men av og til må ho berre kjøpe seg ei rose, ei staude eller ein urt. – Problemet er at om eg kjøper meg ein ny plante, så må eg også kjøpe meg ei ny krukke. No har eg 35 krukker ståande, flirer ho. Å ha plantane i krukker den første tida, har også sine fordelar. Ho kan sjekke om det er utøy eller sniglar som føl med planten,

Velkommen til Sande og ein hyggeleg hageprat! FLISKUTTAR for diesel-, bensinog traktordrift. Frå kr

29.950,+ mva

og kan også planleggje hagen betre.

Medlem i Hagelaget – No kan eg sjå både farge, storleik og blomstringstid på dei ulike sortane. Det gjer det lettare å komponere samansetninga i beda når eg ein eller annan gong kjem så langt som til utplanting. Lene Gjelsvik er eit lukkeleg medlem av Askvoll hagelag, og føler at ho gjennom kontakten med

t! he y N

Eg innser etter kvart at eg burde ha vunne ein million i lotto og hatt ei gravemaskin her på heiltid Lene Gjelsvik

meir erfarne hageeigarar får mykje nyttig informasjon om haging. Ho les også mykje om emnet både i bøker og på nett. Sist, men ikkje minst, så fører ho hagedagbok. I den skriv ho ned alle nye ting som ho kjøper og alt kva ho gjer i hagen. Inn i mellom limer ho inn frøposar, planteetikettar og fine bilete. – Den er litt scrapbookaktig, og hadde eg ikkje hatt den, så hadde eg sik-

SNAIL FREE Nyhet! verner hagen din mot snegler

ADRIATIKA DINO trimmemaskin til rydding av gras og småkratt.

BATTERIDRIVEN BESKJERINGSSAKS. Batterikapasitet: 8 timar.

ADRIATIKA JORDFRES med 5 hk Hondamotor.

6973 SANDE I SUNNFJORD – tlf. 57 71 64 40 – mob.: 990 98 850

www.aase-landbruk.as

KATASTROFEOMRÅDE: – Sjå kor fint det skal verte, seier Lene Gjelsvik entusiastisk. På netthinna er hagen klar.

Snail Free systemet består av plastrenner som legges ut rundt området en vil beskytte, og fylles med salt. Rennene holdes sammen og på plass med pluggene som følger med. Tester har vist at en kan beskytte et område 100% med dette systemet. Leveres i kart. med 12x1m plastrenner og 13 plugger. Kr. 350,- + mva. Ferramol mot snegler er et meget fristende agn/granulat for bekjempelse av snegler. Ferramol 500 g. kr. 94,- + mva.

Masta Kill tar knekker på «utøyet» – har sikker virkning på alle insekter og skadedyr bl.a. maur, fluer, edderkopper m.m. Leveres i flere størrelser, pris fra kr. 74,- + mva

A/S Nessemaskin Nessane, 6899 Balestrand, tlf. 57 69 48 00, Fax: 57 69 48 01 email: nessemaskin@nessemaskin.no • www.nessemaskin.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


TEMA HAGEN VÅR 13 FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

FLYTTESAL MED KNUSANDE PRISAR!

Utgåtte servise i porselen og krystall Wedgewood – Arabia – Porsgrund – Høganes – Hadeland – Orrefors – Kosta Boda og Iittala

35– 60 % AVSLAG

50%

Blomsterkrukker Div. utelykter/ lanterner kert ikkje hugsa noko, ler ho. På nedsida av huset går ein svær terrasse langs heile husveggen. Den laga Lene i fjor. Planen er å ha roser i staden for rekkverk rundt heile terrassen. Her nede står også eit kastanjetre, som er desperat etter å komme ut av krukka det har hatt som bustad dei siste fire åra.

Potensiell konflikt – Det er søstera mi som

har sådd det. Det var til overs etter at dei planta ein ny allé til huset heime. Problemet er at det vert 15 meter høgt, så eg veit ikkje heilt kvar eg skal plante det utan å komme i konflikt med naboane, smiler ho, om treet som teiknar til å verte eit skikkeleg iaugefallande minne heimanfrå. I det heile teke, så er ho oppteken av å ha minner i hagen. Fine steinar, røter og små stiklingar, aller

HUSK blomster til påske!

helst frå barndommens bestemorhage. Men hagegale Lene Gjelsvik har enno mykje hardt arbeid framfor seg, før ho kan begynne med dandering av fine steinar og røter. – Eg innser etter kvart at eg burde ha vunne ein million i lotto og hatt ei gravemaskin her på heiltid, ler ho. Resultatet vert nok som planlagt likevel. Det tek berre lenger tid…

Ildtopp

29

Solsikke

50,- 4950 4950

pottestr. 9/10 cm

Mange go’bitar inntil

90%

pottestr. 11/12 cm

50

5 for

– mange fine ideear til interiør!

AVSLAG

50

Påskeliljer i potte Gerbera 1 for 12

35%

pottestr. 12 cm

Det lønner seg å ta turen til Jarles Gavesenter!

pottestr. 12 cm

ÅPNINGSTIDER: Mandag–fredag 09.00–16.30 • Torsdag 09.00–18.00 • Lørdag 09.00–15.00

Rognaldsen Gartneri Prof. Gjelsvikveg 6A, Florø 149 • Tlf. 57 74 22 94

www.oasenhageland.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


14 TEMA HAGEN VÅR FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

... om du vil ha ein hage full av lukt ■ Her er Borgnys råd om

planting og stell av urter

I DVALE: Enno ligg visningshagen, der Borgny Strømmen har over 100 ulike urter, i dvale, men til våren vil den eksplodere i ein symfoni av lukt og smak.

ASKVOLL: Førebels er det lite å sjå i urtehagen til Borgny Strømmen i Askvoll. Men til våren vil den eksplodere i eit vell av lukter og smakar. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto Strømmen driv Borgny’s urtetun, ein urtehage med over 100 ulike urter. I visningshagen kan folk vandre omkring, lukte og smake og gjere seg kjende med dei ulike urtene. Der held ho også ulike kurs om urter og bruken av dei. I gardsbutikken, som er open heile året, kan ein blant anna kjøpe friske eller tørka urter, alt etter sesong. Her finn ein også heimelaga økologiske krydderblandingar, urtete, urtesalt og husflidsprodukt.

Vente til april – Våronna er så vidt begynt. Til no har eg reingjort drivhuset og sådd ulike sortar basilikum. For å få nok varme til at frøa skal spire, så har eg sett ei varmeplate under kassane. Ho vil råde hobbygart-

narane til å vente til ut i mars, gjerne heilt til april, før dei begynner å så heime. – Startar ein no, må ein syte for ekstra lys og varme, men i april er det ofte nok til at plantene kan greie seg sjølv. Såing på friland bør ein vente med til månadsskiftet mai–juni. Unntaket her er persille. Den treng lang spiringstid og kan såast så snart jorda er frostfri.

Ventar på våren Ute ligg marssnøen og skjuler beda med fleirårige urter, som så vidt er begynt å spire. Under eit tre står tett i tett med urter i potter. Dei ventar på våren og ny mold. – Alle urter som står i potter bør anten pottast om, eller i det minste få eit nytt topplag med mold om våren, opplyser Strømmen, Ho fortel at urtene treng relativt lite gjødsel. Eit tips kan vere å bruke urtete eller avfall av urtete og legge rundt plantane. Plengras er godt gjødsel, og om hausten kan ein gjerne legge litt lauv rundt plantane. anne.britt.sandoy@firda.no

RÅD MOT INSEKT SAMPLANTINGAR: ■ Blomkarse og agurk motverkar agurkbiller. ■ Grasløk og roser motverkar bladlus. ■ Hovudsalat og reddik motverkar jordlopper. ■ Kvitlauk og roser motverkar bladlus. ■ Mynte planta med andre vekstar motverkar maur. ■ Ringblomst og tomat motverkar mjøllus. ■ Rosmarin/salvie og gulrot motverkar kålfluge.

GIFTFRIE SPRØYTEMIDDEL: ■ Sprøytemiddel 1: 1 liter vatn, 2 ss matolje, 2 ss zalo 1-2 ss raudsprit ■ Sprøytemiddel 2: 7 dl vatn, 2 dl flytande grønsåpe, 1 dl raudsprit ■ Sprøytemiddel 3: 1 liter vatn 1 dl flytande grønsåpe 1 toppa ts bakepulver oppløyst i lunka vatn ■ Hell blandinga på ei sprayflaske og dusj planta til det renn av blada. Gjenta 2–3 gonger i veka ved luseangrep. For å førebyggje angrep, spray ein gong i veka.

I DVALE: Enno ligg visningshagen, der Borgny Strømmen har over 100 ulike urter, i dvale, men til våren vil den eksplodere i ein symfoni av lukt og sm

Desse urtene må du ha Firda utfordra Borgny Strømmen til å anbefale fem fleirårige urter, som både krev lite stell og som kan vere basiskrydder for mykje matlaging.

– Prøv ein dusk i raspeballen, rår Borgny. Timian likar å stå på ein tørr og solrik vekseplass.

Oregano

Dette er hennar råd:

Grasløk Den absolutt lettaste urta å starte med. Den kjem tidleg, og når du brukar av den, så kjem han igjen. Mindre kjent er det kanskje at dei fine blomane også er gode å ete.

Timian Borgny sin favoritt. Den kan brukast til alt kjøt og flesk og er også god til te.

BASILIKUM: Borgny Strømmen er så smått begynt å førebu ein ny sesong i urtetunet. Drivhuset er nedvaska og basilikumen sådd.

Den er antiseptisk, og eit godt kjerringråd er å drikke te av timian dersom du har vondt i halsen. I motsetning til mange andre urter, så toler den å koke lenge.

Dette er pizzakrydderet framfor noko. Urta veks også vilt, og kallast då bergmynte. – For å få den beste kryddersmaken, så brukar eg den greske oreganoen. Den er betre og sterkare, forklarer Borgny. Oregano vil også stå på ein tørr og solrik stad.

Løpstikke Denne urta vert også kalla kjærleiksurt eller buljongplante. Den er

veldig god i lapskaus og suppe. – Løpstikke gjev så mykje smak i seg sjølv at ein treng nesten ikkje bruke anna krydder. Løpstikke treng god plass til å vekse. Den eignar seg best på friland.

Sitronmelisse God til te. Den er mild og roande. Elles set den god søtsmak på bollar og brød. Sitronmelisse bør klippast ned om våren, for å halde seg fin. Tips: Alle desse urtene, med unntak av grasløkblomen, kan frysast ferske. anne.britt.sandoy@firda.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


TEMA HAGEN VÅR 15 FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

t og smak PRISENE GJELDER FREM TIL 24. NOVEMBER ELLER SÅ LENG LAGERET REKKER. FORBEHOLD OM SKRIVEFEIL OG UTSOLGT

Tilboda gjeld t.o.m. 15. mars eller så lenge lageret rekk

PARTIVARER TIL EXTRA LÅGE PRISAR

Stort utval • God kvalitet LÅG PRIS

798

Partner motorsag

P33 – kjedesag, bensin

LÅG PRIS

LÅG PRIS

2490

Før 1290

Cipax kompostbinge

Alko-Tech kompostkvern

heilårskompostering

2500 W, 40 mm

LÅG PRIS

198

Major hagebåre 90 liter

699

LÅG PRIS

790

Arbeids/hagehanskar skinn/tøy

LÅG PRIS

mak.

LØPSTIKKESUPPE BORGNY STRØMMEN SI OPPSKRIFT: Til fire personar treng du: ■ 25 g smør. ■ 2 middels løk, finhakka. ■ 500 g poteter i terningar. ■ 4 ss finhakka løpstikkeblad. ■ 8,5 dl kylling- eller grønsakbuljong. ■ 3 dl mjølk eller 1,5 dl fløyte. ■ Riven muskatnøtt. ■ Salt og pepar. Smelt smøret i ei panne med tjukk botn. Fres løk og potetterningar i fem minutt til det er mjukt. Tilset dei hakka løpstikkeblada og kok i eit minutt. Hell i buljongen og kok opp. Krydre med salt og pepar. Legg på lok og lat det småkoke til potetene er møre (ca 15 min). Press suppa gjennom ei sikt eller køyr den i ein hurtigmiksar og hell den i ein rein kjele. Pisk inn mjølka eller fløyta, dryss over ei klype muskat og varm opp. Den må IKKJE koke. Smak til med krydder. Server med hakka løpstikkeblad og godt brød.

Blomar i maten Det er ikkje berre urter som eignar seg til matlaging og pynt på maten. Ringblomar, blomkarse, middagsblome, tagetes og rosa rugosa er fargerike døme på artar som både er dekorative og som kan etast.

LÅG PRIS

1990

Home work aggregat 2200 W

Alko betongblandar

120 liter, før 2290,-

LÅG PRIS

39

Bjørk i brød Urtebrød er alltid populært. Det set ein ekstra god smak på brødet om ein blandar litt timian, oregano, karve, salvie, sar eller koriander i deiga. Eit tips frå Borgny Strømmen er å tilsetje litt tørka bjørkeblad i deigen neste gong du skal bake loff.

1790

Sandkasse

enkel, 110x110 cm

EXTRA LÅGE PRISAR

Coop Extra Bygg Brulandsvellene

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


16 TEMA HAGEN VÅR FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

Gul miniatyr til påske

Skjering av frukttre

Gule påskeliljer på bordet eller i vindaugskarmen spreier glede og forsterkar dei blaute solstrålane. Dei siste åra har påskelilja «Tete-à-tete» blitt meir og meir populær. Desse påskeliljene kjem med løk i potter og kan plantast ut i hagen etterpå, fortel Tonje Bergh, informasjonsansvarleg ved Opplysningskontoret for blomster og planter (OBP). Gult er fargen til sola, og fargen symboliserer derfor lys, varme og glede. Liljer er symbolet på nytt, reint liv. Påskeliljene blomstrar naturleg på denne tida av året sørover i Europa, og her i Norge har vi valt påskelilje som vår «påskeblom». Det latinske namnet er Narcissus og kjem frå narkao som betyr «eg er rusa». Rusen kjem frå den gode lukta dei gir frå seg. Andre seier derimot at namnet kjem frå den greske guden Narcissus, som forelska seg i sitt eige spegelbilete.

POPULÆR: Dei siste åra har påskelilja «Tete-à-tete» blitt meir og meir populær. Desse påskeliljene kjem med løk i potter og kan plantast ut i hagen etterpå, fortel Tonje Bergh, informasjonsansvarleg ved Opplysningskontoret for blomster og planter (OBP). Foto: Tonje Bergh/OBP

Narciss er familienamnet og familien består av 26 000 sortar. I Norge brukar vi omgrepet påskeliljer om alle Narcisser. «Tete-à-tete» er ei lita plante samanlikna med andre påskeliljer. Den blir 12–14 cm høg med to eller tre gyllengule blomar.

Denne påskelilja er faktisk så populær at det er den fjerde mest selde påskelilja i verda. Dei gule påskeblomane er lette å passe, sørg berre for å vatne med jamne mellomrom. Dei toler litt frost og kan gjerne vere i potte utandørs for å ønskje vel-

NYHEITER

kommen til alle som går forbi. Om ein ønskjer å plante «Tete-à-tete»løkane ut i hagen etter avblomstring, kan dette gjerast. Blomsterstenglane skal skjærast av ved grunnen. Dei grøne blada let ein bli verande. «Tete-à-tete» er enkel å

dyrke i full sol eller delvis skygge. Den formeirar seg villig, så den bør delast kvart 5–10 år for å hindre for mange løkar. Som alle løkblomar, bør løkane plantast i godt drenert jord. Opplysningskontoret for blomster og planter

■ HAGETIPS: I gamle frukttre tynner du ut i dei eldste greinene, så trekrona blir meir open og luftig. Lange greiner kan du skjere tilbake til ei yngre forgreining. Skjer slik at sollyset kjem best mogeleg til, også innover på greinene. Skjeringa som blir gjort no, må følgjast opp litt ut på sommaren. Som eit resultat av tilbakeskjeringa vil det nemlig dannast mange nye, kraftige skot. De fleste av desse, kan med fordel lukast bort mens dei er unge. Unge frukttre skal skjerast lite, slik at dei vert stimulerte til å blomstre, men hugs å fjerne konkurransekvisten og andre kraftige og opprettveksande kvistar kvart år, fram til treet har nådd full høgde. Tidligare var det tilrådd å skjere plommer og kirsebær om hausten. Dette gjer vi ikkje lenger, då enkelte soppog bakteriesjukdommar smittar gjennom ferske sår på hausten. Skjer også desse på våren, etter eple- og pæretrea, når faren for frost stort sett er over. Kjelde: www.hageselskapet.no

ALTT AV V SOLSKJERMING INNVENDIGE E LØYSINGAR R

HAGEBELYSNING – SOLCELLE

• Persienner 16-50 mm – også med daglysstyring • Rullegardin • Plissè gardin • Lamellgardin • Liftgardin • Panelgardin • Innsektsbeskyttelse

NYHEIT • Glaslist-rullegardin – lysttett

UTVENDIGE LØYSINGAR

Mesterlys Førde Tlf. 57 82 10 01

Førde Storsenter – www.mesterlys.no

• Persienner 50 –150mm – også 94 lamell med knekk – også for skråvinduer • Screen solskjerming • Vindusmarkiser • Terassemarkiser Eks. 3 meter frå 9000–50.000,• Rullesjalusi • Daglyssystem • Lys og varme • Le–vegger i markiseduk • Løysingar for Velux-vindauge

Sjå vår utstilling på SHELLstasjonen i Førde!

Tlf. 57 82 63 90 www.hornnes.no

Besøk vår heimeside: www.hornes.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


TEMA HAGEN VÅR 17 FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

Skjering av bær- og prydbuskar ■ HAGETIPS: Desse ventar du med til snøen er borte, slik at du ikkje overser greiner nede i snøen. Ta bort skadde og nedliggande greiner og fjern to-tre av de eldste greinene i kvar busk, helt nede ved bakken. Skjeringa vil stimulere danninga av nye greiner og bidra til at buska held seg ung. Tidlegblomstrande prydbusker som gullbusk, brudespirea og syrin ventar du med å skjere til etter blomstringa. Dersom du skjer dei no, vil du fjerne mykje av årets blomsterflor. Kjelde: www.hageselskapet.no

Så sommarblomar ■ HAGE: I mars er det vanleg å så ein stor del av dei sommarblomane som krev forkultur inne. Hugs at det er naudsynt med litt lav temperatur og tilleggslys, for å få eit vellukka resultat. For høg temperatur, spesielt i kombinasjon med lite lys, gjev lange, slengete plantar. Ein stad mellom 15-20 grader er passeleg for dei fleste slag. Så i sandblanda jord, som er næringsfattig. Ferdig blanda såjord kan kjøpast i hagesenter. Tilleggslys kan ein blant anna kjøpe på nettet. Kjelde: www.hageselskapet.no

Kombimaskiner letter hagearbeidet ■ HAGE: Fleire produsentar tilbyr praktiske kombimaskiner til hagearbeidet. Basismaskina består av ein motor, og til den kan du kjøpe ulike verktøy. Nokre modellar tilbyr til dømes hekksaks, trimmarhovud, kultivator, krattskjerar, greinsag, børstetrommel, feietrommel og kantskjerar. Andre modellar har også jordfresar og moserivar.

Kalke eller ikkje kalke?

Gode prisar

■ HAGETIPS: Mange har for vane å kalke i hagen. Dette har samanheng med den tidlegare fokuseringa på sur nedbør. Mange har no kalka så mykje i mange år, at det begynner å verte mangelsymptom på plantene. Rododendron og andre surjordsplantar skal ikkje ha kalk. Dette skuldast at surleiksgraden i jorda (pH) er vorten så høg at stoff som sink, jern og mangan ikkje vert teke opp i plantene. Ta jordprøver dersom du er i tvil om det er behov for kalk. Dersom pH-verdien er over 6, treng du ikkje å kalke. Og er den oppe i 7 eller 7,5 kan du sløyfe kalkinga i mange år. Kjelde: www.hageselskapet.no

og nyttige råd på kjøpet

845,-

BOSCH PMF 180E

Multi-maskin Presis med ulike sagblad. Kuttar i tre, gips og laminat m/ deltaslipesåle. Vert levert med koffert.

Kurs i nedskjering ■ KURS: Åsmund Standal held i kveld kurs i nedskjering, poding og formeiring. Standal er no pensjonist, men har vore gartnar i mange år. Det er hageselskapet Førde, som arrangerer kurset, som finn stad i Movika. Om du ikkje får med deg kurset i kveld, så vert det nytt kurs i Gloppen 1. april.

119,HUNTONIT

BALANTA

Veggpanel

Zodilac dusjhjørne

Royal caffelatte. Med 4 strøk maling og ett strøk vernelakk. Kan overmalast. 62 x 239 cm.

Med kar. 90 x 90 x 200 cm Avbilda med garnityr kr. 999,-

275,-

109,m2

Hagedagar på Skei Fredag 18. til søndag 20. april

1990,-

m2

ALLOC HOME

m2

ALLOC WALL & WATER

Valnøtt Elegant

Baderomspanel

3-stavs 8 mm direktelaminat. Klikklås. 15 års garanti.

Kan og brukast i dusjsone. Usynlege skøytar og lett montering.

7490,CINDERELLA

4990,DOVRE 40 CB

Peisomn

Vedomn

Reintbrennande peisomn. Varmeeffekt: 2500 – 8000 W.

Reintbrennande vedomn. Glasdør med godt innsyn til peisbålet.

Foredrag • Delikatesser • Utstilling • Sommarbutikk I år kjem Kjelll Lønning frå Stord til Skei Hotel med foredrag om dyrking og bruk av poteter. Han har med seg kokk som lagar og serverer spanande smaksprøver av delikatesser. I Hagehelga får du også: • Minimesse med utstilling av plantar, reiskapar etc. • Opning av sommarbutikken ved Felleskjøpet med gode opningstilbod, grilling, presentasjon av spanande grillmat m.m. • “Hagekafé” ved hotellet Overnattingsprisar: Frå kr 695,– pr. person pr. døgn i dobbeltrom med halvpensjon ved 2-døgnsopphald. Prisen inkl. også seminaret med Kjell Lønning på laurdagen. Gjester som ikkje overnattar kan bestille plass på seminaret ved å ringe hotellet på 57 72 78 00. Hjarteleg velkommen til trivelege og inspirerande hagedagar på Skei!

FIBO-TRESPO

4990,-

348,-

m2

DOVRE 510 CB

Peisomn

Baderomspanel

Reintbrennande peisomn med glasdør og askeskuff.

Cresendo-kolleksjonen med tredimensjonal dekorbord.

Tilboda gjeld t.o.m. 19.mars.Vi tek atterhald om trykkfeil og utsolgt.

6841 Skei i Jølster Tlf. 57 72 78 00 Fax 57 72 78 01 info@skeihotel.no

www.skeihotel.no

www.byggern.no/forde – epost:info@forde.byggern.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


18 TEMA HAGEN VÅR FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

Snøen hjelper deg å sjå former og lin JØLSTER: – Hagen har vi ikkje arva og ikkje kjøpt. Vi har skapt den og det er vi stolte over, seier Jostein Kjøsnes, som har ein av dei finaste hagane i Sogn og fjordane. ANNE BRITT SANDØY tekst ARNE STUBHAUG foto

Jostein Kjøsnes og kona Aslaug bygde hus på Vassenden i 1970. Dei er begge lidenskapeleg opptekne av hage, og deler gjerne sin kunnskap med folk som kjem på besøk.

Godt å vere – Prioriter inngangspartiet og terrassen. Eit fint inngangsparti gjer det godt å komme heim, medan terrassen er ein stad det skal vere godt å vere, rår Kjøsnes, som meiner det er viktig at folk tenkjer seg godt om før dei startar med store prosjekt. – Dersom ein opplever at hagen er ein god stad å vere, så er hagen rett, men dersom ein opplever hagen som eit ork, så er den feil. Det ligg eit teppe av nysnø når Firda kjem på besøk. Ifølgje Kjøsnes er det berre ein fordel. Snøen gjer det lettare å sjå dei overordna formene og linjene i hagen. Ingenting i ein hage skal vere beint, og det er også viktig å tenkje store dimensjonar, slik at resultatet ikkje vert puslete. – Det er det arkitektoniske i ein hage som er viktigast. Slagordet mitt, er at hagen er meir enn vegetasjonen. Den er for meg underordna, detaljane som kjem til slutt. Men dei fleste som opparbeider hagen sin, startar nettopp med vegetasjonen. Det er feil, påstår Kjøsnes, som har fått hjelp av hagearkitekten Morten

Grindaker til å utforme omlag to mål av tomta til hage.

Ikkje slurv – Eg møtte Grindaker då eg sat som formann i hageselskapet, og har ufatteleg mykje å takke han for. Det er han som på mange måtar har skapt hagen her, ved at han sender teikningar som eg byggjer etter, seier Kjøsnes. Han fortel at løyndommen ligg i å følgje arbeidsteikningane slavisk. Det kan vere freistande å ta snarvegar og fuske litt for å gjere ting enklare og spare tid, men då vil resultatet aldri verte like bra. – Eg har vore med på å måtte rive ned att ting som eg har vore godt i gang med å bygge. Det er ikkje kjekt, men i ettertid er eg glad for at eg gjorde det, slik at resultatet vart optimalt.

Lettstelt Lidenskapen for hage, deler han med kona Aslaug. Arbeidsfordelinga er klar. Jostein tek dei tunge taka, medan Aslaug står for detaljane og vedlikehaldet, som gjer at hagen alltid er vakker og velstelt. Dei har lagt stor vekt på at hagen skal vere lettstelt. Mesteparten av hagearbeidet føregår om våren. Då må alle busker og tre klippast og beskjerast. Beda får ny kjøpemold, blomar og bork og terrassane vert vaska og olja. – Etter våronna består hagearbeidet stort sett av plenslått, vatning og det å knipe vekk visna blomar, påstår Jostein Kjøsnes, som let alle som ønskjer få komme på hagevandring. – Eg har fått utruleg mykje hjelp av andre undervegs, og føler det er rett å dele det med andre. Difor tek eg folk som spør med heim og viser kva vi har gjort, så er det opp til dei om dei får lyst til å gjere noko sjølv. anne.britt.sandoy@firda.no

Josteins tips til lettstelt hage ■ BED: Sommarblomster gjev rik blomstring heile sommaren. Plant tett, gjerne mange av same sort, og dekk med prydbark eller kakaoflis. Då treng du ikkje luke. Eit

ekstra tips er å bruke kjøpejord.

kantar. Kantslått er det som tek tid.

Det er viktig å gjødsle ved kvar vatning.

■ PLEN: Få samanheng i plenen. Samle vegetasjonen i store grupper og dekk med bork. Unngå

■ KRUKKER: For å få frodig bløming er det lurt å bruke ei blanding av torv, plantejord og kukompost.

■ GANGSTI: Ikkje lag fuger mellom hellene. Dersom du lagar 1,5 cm breie fuger mellom hellene, ender det

GRØNSAKHAGE: Treheller rundt grønsakhagen lettar arbeidet mykje, meiner Jostein Kjøsnes.

DETALJ: legg merke til at øvste trinnet i trappa er i stein. Ein del ville her ha valt den lettvinte løysinga, og berre nytta terrassebord.

TRILLEBÅR PÅ TOPP JOSTEIN KJØSNES RANGERER HAGEREISKAP ■ Trillebår ■ Ein skikkeleg spade ■ Plenklippar ■ Krafse og krafsebrett ■ Hagesaks ■ Plenrive HAGEDAM: Denne hagedammen er 50 kvadratmeter stor og 30 centimeter djup. Den er støypt i betong og malt svart. For å få eit meir naturleg preg, så er det berre planta rundt deler av den. I botnen er det ein stor sluk, slik at det er lett å skifte vatn.

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


TEMA HAGEN VÅR 19 FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

njer i hagen

Hagen min Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR «La fantasien få råde, det meste blir bra. Gjer kva du vil i din eigen hage, gjer det du sjølv synest er morosamt. Hagen er til for deg og din fornøyelse.» DESSE ORDA SKREIV Solveig Sørbotten, som er fylkesleiar i hagelaget, i ein e-post til meg. Og ho har rett. Hagen skal vere ei glede og ein stad der heile familien kan trivast med sitt. Kor mykje ein vil gjere ut av hagen sin, både i form av arbeid og kostnad, er opp til ein sjølv. Å ikkje ha hage kan faktisk også vere det rette. Men ikkje for meg. Eg kjenner det i heile kroppen at våren endeleg er på veg. Ute i hagen blømer krokus, snøklokker, nokre påskeliljer og tidlege staudar. Det er tid for våronn, for å legge grunnlaget for sommaren. I hagen min bur blant anna Gunhild og ein rododendron frå Sotra. Den fauk nesten vekk første vinteren her ute, og hadde berre to blad att då våren kom. Kraftig nedskjering og ein ny vekseplass i le for nordavinden, har gjeve nytt liv. No blømer den som aldri før. DET ER EIN av dei tinga eg likar best med hage. Å ha ulike planter, som eg har fått eller som på ulikt vis har overlevd. Historier, som ikkje alltid så spanande for andre, men som betyr noko for meg. Ta til dømes dei 30 år gamle stikkelsbærbuskene som stammar frå Neverdal i Gulen. Dei var ein gong små stiklingar frå oldemors busker, sett ned i jorda på Værlandet. Då hagen dei stod i skulle fornyast, så vart dei,

I hagen min bur blant anna Gunhild og ein rododendron frå Sotra

■ Jostein Kjøsnes: –Vegetasjonen

er detaljen som kjem til slutt

FAVORITTSTADEN: Her på stabburstrappa er det godt å sitje med kaffikoppen og sjå ut over livsverket, meiner Jostein Kjøsnes.

opp med 15 cm gras etter ei tid. Med 0 cm i fuger, får du 1 cm gras, og slepp kantslått. Kjøsnes har brukt ottaskifer i gangstiane. Han meiner stien bør ha ei breidde på 80 cm,

for då er det lett å setje ned trillebåra.

■ TERRASSEGOLV: Det er berre ein rett måte å legge tregolv på, påstår Jostein Kjøsnes. Bruk 1x2 tommars

TERRASSE: Terrassen er, i tillegg til inngangspartiet, den viktigaste delen av hagen. Denne treplattingen er 18 år gamal, men årleg vedlikehald har gjort at den framleis ser ny ut.

impregnerte lekter. Fyll opp med komprimert sand mellom dei. Spikre terrasseborda tett i tett med 20/50 dykkarspikar. Golvet vert fast og godt å gå på, og tørkar ikkje inn, sidan san-

den tilfører fukt. Tregolva bør kvart år vaskast med terrassereins, som inneheld bleikemiddel, og setjast inn med klar terrasseolje. Bruk aldri høgtrykksspylar, det fliser opp tregolvet.

GLIMT: Parti frå hagen til Jostein og Aslaug Kjøsnes på Vassenden.

saman med nok ein nordavindsskada rododendron, frakta ut til meg i Bulandet, eins ærend med båt. Stikkelsbærbuskene ber enno rikt med bær. Det gjer også dei 25 år yngre ripsbuskene. Men det meste får fuglen og ungane i seg. Eg prøvde eit år å ha nett over dei. Bærbuskane altså. Ein nettpose på kvar busk. Eit herk å få på, men eg fekk det no til, og såg for meg haustens grøde, medan eg naut ein velfortent kaffikopp. Den var ikkje ein gong oppdrukken, før naboguten gledesstrålande kom springane med alle netta mellom nevane. «No har eg befridd alle trea dine», kunngjorde han strålande. Netta kom aldri meir på, og saft vart det verken det året eller neste. Men eg kan lage det, og minna om mormor, som lærte meg det, latteren og kosen over rykande panner, er levande. Kanskje gjer eg det til hausten, men berre om eg har tid og lyst. Hage skal ikkje vere ork. HAGEN MIN ER også Stormhaugen stadion. Her har ungane, saman med ein velvillig nabo (som slapp å ha det i sin hage…), bygd eit mål, som nesten held internasjonal standard. Fundamenta trur eg går heilt til Kina. Eg må innrømme at sjokket og fortvilinga var stor, då eg såg storleiken på det. Eg hadde sett for meg noko monaleg mindre, då eg gav løyve til byggjeprosjektet. Men eg såg fort kor mykje glede dette målet gjev ungane, og i sesongen er det daglege kampar på stadion. Den første tida var det også daglege samanstøyt mellom fotballspelarane og beda mine. Eg lurte nesten på om dei opererte med ekstrapoeng til den som greidde å sklitakle flest mogeleg staudar i løpet av ein kamp. Det enda med at eg måtte truge med både raude kort og utvisning for resten av sesongen, om ikkje blomane mine fekk stå i fred. DET VIRKA, OG gjennom denne felles forståinga om at hagen skal vere ei glede både for dei og for oss vaksne, så kan Gunhild, som er ein avleggar av ein avleggar av ein staude som mamma fekk av ei dame som heitte Gunhild, endeleg vekse seg stor. Kanskje ungane kan få ein avleggar av ho når dei ein gong får sin eigen hage? Minner er jo til for å delast. PS: Ei føremon med fotballbane i hagen: Ungane må av og til utføre lett hagearbeid i baneleige og sonen min slår (stort sett) plenen frivillig! anne.britt.sandoy@firda.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


20 TEMA HAGEN VÅR FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

SNIGLEHUS: Sniglane overvintrar gjerne der det ligg lauv og anna hageavfall. Mitt råd er å reinske hagen allereie om hausten, seier Solveig Sørbotten, som er fylkesleiar i hageselskapet.

Fryktar ny sommar med snigleplage ■ Leiaren HAGE: – Dersom du ikkje sjekkar nøye alt du kjøper eller får av plantar, så vert du aldri kvitt snigleproblemet, meiner Solveig Sørbotten, som er fylkesleiar i hageselskapet i Sogn og Fjordane. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Ho fryktar at ein del av snigleplaga kjem frå plantar som vert selde på hagesenter og gartneri, og at vi som hageeigarar ubevisst er med på å spreie sniglane, fordi vi ukritisk set alt i jorda med ein gong.

i hageselskapet ber hagesentra om betre plantekontroll HAGESELSKAPET Det norske hageselskap, betre kjent som Hageselskapet, er ein landsomfattande, frittståande og ideell kultur- og miljøorganisasjon. ■ Dei har som føremål å fremje hageglede og hagekultur, landskapspleie og nærmiljøsaker til beste for det enkelte menneske, familien og samfunnet. ■ Omlag 30 000 medlemmer er organisert i ca 400 lokallag over heile landet. Laga er samla i 19 fylkesavdelingar. Dei fleste har sitt sekretariat knytt til Fylkesmannens landbruksavdeling. Kjelde: www.hageselskapet.no

Karantenetid – Mitt råd er difor å setje alt som du kjøper og alt som du får frå vener og kjende, i karantene ei stund før du plantar det ut. Karantenetida kan gjerne vere opp mot to veker. Då vil du sjå om det er utøy i jorda. I tillegg bør du alltid ta vekk det

Plukk sniglar kvar kveld. Tek du ein, så er det faktisk 400 mindre. Solveig Sørbotten

øvste jordlaget i potta, og spraye molda med grønsåpevatn før du plantar ut, opplyser Sørbotten. Ho vil også oppfordre alle som sel plantar om å ha dei i karantene ei tid, for å unngå å spreie smitte.

Åkersnigelen like ille Dersom sniglane allereie har gjort sitt inntog, så er det viktig å halde hagen rein og ryddig. – Slik vintrane er no, så må hagen gjerast godt rein allereie om hausten, slik at sniglane kan fryse vekk om det kjem litt frost. Det er også lurt å strø litt ferramol og kalk på kaldkomposten. Fylkesleiaren meiner at åkersnigelen gjer like stor skade i hagen som den berykta iberiasnigelen, fordi den er mykje mindre og har mykje lettare for å overvintre.

– Plukk kvar kveld – Har du sniglar i hagen, så gå ut med lommelykta og plukk sniglar kvar kveld. Tek du ein, så er det faktisk 400 mindre. Kast sniglane i ei bøtte med ein

del salt og to delar vatn. Avfallet kastar du i sjøen eller i restavfallet. Sørbotten fortel at hageselskapet, i samarbeid med ulike hagesenter og FK-butikken, i fjor delte ut gratis ferramol til medlemmane sine. Dette prosjektet vil dei føre vidare i år, i håp om at snigleplagen ikkje skal auke. Men det krev også at alle hageeigarar og hagesenter gjer sitt, for å unngå spreiing av sniglar. anne.britt.sandoy@firda.no

FERRAMOL ORGANISK SNIGLEKVERK ■ Ferramol mot sniglar er eit granulat basert på jernfosfat. Det finst naturleg i jordsmonnet og inneheld ikkje miljøgifter. Det er heller ikkje skadeleg for husdyr.

Kjappe tips frå Solveig Her får du nokre hagetips frå Solveig Sørbotten, som er leiar i hageselskapet i Sogn og Fjordane.

bærtre eller barlind. Plant dei i ein liters potter og lat dei stå ute på ein skuggefull plass i fire månader. Hugs vatning.

■ GJØDSLE ROSENE NO. Det tek tid før gjødselen når ned til rota, difor er det lurt å gjødsle rosene tidleg. Dei må ikkje få gjødsel etter jonsok. Skjer dei ned når bjørka har museøyre. Med det milde klimaet vi har no, så er ikkje lurt å dekke rosene om vinteren. Dei kan rotne vekk.

■ DYRK POTETER. Dersom hagejorda er dårleg, så set poteter. Det forbetrar jorda. Dyrk heller aldri same vekstar for lenge på ein stad.

■ LAG EIGNE INNEPLANTAR. Seljevatn er bra som rotingshjelp. Knus kvistar av selje, slå vatn over og la stå i fire til fem dagar. Sil bort kvistane og bruk det som rotingsvatn til inneplantar. ■ LAG EIGNE UTEPLANTAR. Skjer små greiner av til dømes buksbom, sol-

■ STAUDEDELING. Staudar som blømer på seinsommaren og hausten skal delast no, medan dei som blømer tidleg skal delast på seinsommar og haust. Den same regelen gjeld for klipping av busker og tre. ■ BRUK SKJELSAND. Dersom det er mykje nedbør, så renn kalken vekk. Det er difor lurt å heller bruke skjelsand, som avgjer kalk over lengre tid.

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


TEMA HAGEN VÅR 21 FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

BLID, EKTE OG PROFF

Vår i hagen

Leikestativ

1090,-

KUPP

Grillhytte frå RKC – bestillingsvare

Leikehytte 176x176x155. Levert med golv, pvcglas, fundamentramme og taktekke. Ubehandla.

6900,-

Start planlegginga KUPP av hagen no! Proff hjelp og topp vareutval får du i vårt komplette byggevarehus med over 7000 kvm fordelt på butikk, flotte utstillingar og lager. Som RKC-forhandlar kan vi tilby ei rekkje flotte hageprodukt. T.d. hagehytter, anneks, buer, levegger, leikeapparat, utedusjar, hagemøblar. Ein del er på lager hos oss! Alle produkta finn du på www.rkc.no

KUPP

Utedusj Med teak (Bestillingsvare)

Benkesett for barn Klatresteinar (bestillingsvare) FA R S U N D B Y G G

Beisa

459,-

www.byggkjøp.no

Farsund Bygg Farsund Bygg For deg som vil ha det litt proft!

Postboks 111 6801 Førde Tlf. 57 72 18 00 Fax: 57 72 18 10 Email: post@farsundbygg.no www.byggkjop.no

Mån.–fre. Torsdag Laurdag

7.30–16.30 7.30–18.00 9.30–13.30

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


22 TEMA HAGEN VÅR FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

Lysere tider

en forsmak av sommer...

2+1+1+bord

- fåes kun hos Skeidar

9.995,med puter

stol uten pute

8.495,-

BELLA i brunmix flett SOFASETT 2+1+1+ bord med offwhite puter 9.995,Bord 53x135 cm H:44 cm Stol B:85 D:53 H:84 cm Sofa B:160 D:53 H:84 cm

Sesongens hagemøbler er på plass i varehuset! Benytt sjansen nå mens utvalget er størst!

pall uten pute

2.495,KINGSTON i Mocca rund fiber SOLSTOL B:70 D:65 H:78 cm 8.495,- PUTE i offwhite 1.449,- BORD Ø:150 H:45 cm 8.485,- STOR PALL Ø:75 H:31 cm 2.495,-

NYHET BARON

2+1+1+benk +bord BARON i brunmix flett SOFASETT 2+1+1+ benk + bord med sorte puter 14.995,-

14.995,med puter

Endel utstillingsmodeller selges nå ut til

50 - 70% RABATT!

FØRDE: Sanderplassen 5. Tlf. 57 72 06 00. Åpent 10-20 (16) www.skeidar.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


TEMA HAGEN VÅR 23 FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

Trapp med personleg preg Kristin Nikøy og Øyvind Thistel i Bulandet likar å og setje kunstnarlege og personlege preg på byggverka sine. Av og til er det svært i augefallande, av og til berre ein liten detalj. Slik er hagetrappene deira:

KONTRAST: Her er det brukt glasfliser i fugane. Dei er limte fast med vanleg fugemasse. Nikøy fortel at prosjektet ikkje er heilt ferdig enno. Dei skal blant anna legge skifer på bakken.

KOSELEG: Varige avtrykk og småsteinar på øvste trinnet, gjev ei kjensle av at trappa er eit familieprosjekt.

DETTE ER TRAPPEFORMELEN: ■ I ei trapp kallar vi dei horisontale flatene for inntrinn og dei vertikale for opptrinn. For å lage ei trapp, som det er godt å gå i, brukar vi trappeformelen:

■ To opptrinn + eit inntrinn = skrittlengda = 65 cm. ■ Døme: Dersom vi vel 12 cm høge opptrinn, vert inntrinna 65 cm – (2 x 12 cm) = 41 cm.

1000

Denne regelen treng ikkje følgjast slavisk. ■ Trapper i hagen bør ha lågare opptrinn enn dei vi brukar innandørs. Inne er det vanleg med 16–18 cm, men det vil virke enormt ute.

Omkring 12–15 cm høge opptrinn gir gode og fine trapper utandørs. Kjelde: Hageselskapets grunnbok: Trivsel i hagen, Planlegging.

Ein hage –

moglegheiter

Som huseigarr kan n dett vere vanskeleg g å velje e husett si innramming.. Vii hjelperr deg med d å lage e eitt utemilljø ø du kan n nyte e i staden n forr å stelle.

Frå 1. april levererr vii jord,, bork,, grus,, singel,, sand d og g kompostt heim m till deg..

Ring g osss forr eitt godtt tilbod!

Natursteinmur – Beleggingsstein – Kantstein – Gravearbeid – Ny grasplen – Terrasse og leveggar – Beplanting med duk og bork – Klipping av hekk – Sprøyting av ugras – Netting- og tregjerde

Gratis synfaring og uforpliktande pristilbod. Spør oss gjerne om råd!

6800 0 Førde e – TLF.. 577 822 611 56,, mobill 9077 322 583

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


24 TEMA HAGEN VÅR FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

UTEPLASS: Frå terrassen har Odin og Beate ei fantastisk utsikt over fjorden. eit av årets prosjekt er å skape meir livd for vinden her.

Hageglede på stramt budsjett ASKVOLL: Både Odin Hestholm og kona Beate Bjørkevoll er langt over middels interesserte i hagearbeid. Med kreativitet og hardt arbeid har dei utnytta tomta på ein god måte. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Eg står for dei store linene, så kjem ho etter og plantar, fortel Odin Hestholm, om arbeidsfordelinga i hagen. Med ei inntekt, relativt nytt hus, tre born og det fjerde på veg, så er det avgrensa kor mykje av budsjettet, som kan nyttast på uterommet.

Utnyttar steinen – Vi har ikkje så mykje pengar, men det trur eg kan vere ein fordel. Vi må tenkje nøye gjennom korleis vi skal bruke det vi har, i staden for å leggje brustein over alt, seier Odin Hestholm, som ser det som ei utfordring å nytte all steinen som er på tomta. Både den lause, skiferliknande, og det faste berget. Mykje av staudane i hagen har dei bytt til seg eller fått frå andre. Huset på tre etasjar er plassert i bakkant av den skrånande tomta. Inn-

DRIVHUS: Odin hestholm har bygd dette drivhuset i tilknyting til garasjen.

HUNDEHUS: Idyll med reinspylte berg, tørrmurar og ulike grøne vekstar. Hunden Balder er held gjerne oppsyn med husfar Odin frå hundehuset.

Eg trur ikkje du kan verte heilt ferdig med ein hage. I så fall må du velje heilt streite løysingar, og det kan jo verte litt kjedeleg det også. Odin Hestholm

gangen til hovudleilegheita ligg på baksida, der det går bratte berg rett til vêrs. Desse berga er reinska for all mold og spylt reine. Framfor berga har Hestholm laga ei steintrapp og fleire bed, der alle, bortsett frå eit, er tørrmura. – I inngangspartiet har vi planta ein del vintergrøne plantar, slik at det skal vere fint heile året, fortel han. I dei andre beda er det mest staudar og urter. Og til sommaren skal det plantast ut både sommarblomar, fleire urter og grønsaker. Dei skal vere

eit resultat av sjølvsådde frø frå drivhuset som Hestholm konstruerte i fjor. Det er bygd som eit tilbygg til garasjen, og har isolerplast til tak, eit luftesystem av asfaltplater og felles murvegg med garasjen.

Kompost – Eg er spent på om det vert nok lys, men trur det skal halde. At det er ein murvegg i bakkant, trur eg er bra. Den held på varmen om natta og kjøler ned om dagen. Familien har også varmkompostbinge, og blandar ut komposten i

jorda på vinteren, slik at den skal få blande seg godt med jorda som er der frå før. På sørsida av huset har Hestholm bygd ein terrasse med formidabel utsikt over fjorden. Her er det godt å sitje og ta pausar i arbeidet, medan ein ser på ungane som leikar seg nede på plenen og båttrafikken på sjøen. – Utfordringa her på Røyset er å få skikkeleg ly for vinden, og årets prosjekt er å jobbe vidare med terrassen, fortel han. Ideane er mange, og resultata kjem etter kvart. For Odin Hestholm er prosessen ein viktig del av skapargleda. – Eg trur ikkje du kan verte heilt ferdig med ein hage. I så fall må du velje heilt streite løysingar, og det kan jo verte litt kjedeleg det også.

MURING: Nesten all steinen som Hestholm har brukt til å mure både trapper og bed med, har han funne på tomta.

anne.britt.sandoy@firda.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


TEMA HAGEN VÅR 25 FIRDA TYSDAG 11. MARS 2008

FEM OM HAGEN

– Kva betyr hagen din for deg?

■ Monika Blikås (38), Ulset (Bergen), programleiar i NRK: – For tida bur eg i blokk, og har ein verandahage, som er både grøn og frodig. Eg satsar på vintergrønt i store krukker, som står så langt ut på kanten at dei vatnar seg sjølv. Det er roande å ha det fint rundt seg, og godt å sitje ute og ete middag eller berre ta ein kopp kaffi når sola skin. Eg hadde hage tidlegare, men også der satsa eg på vintergrønt. Sjølv om det kan vere god avkopling å grave i jorda, så vil eg ha det lettstelt.

■ Kjartan Longva (64), Høyanger, ordførar: – Hagen for meg er ein stad å vere dei dagane om sommaren, som det er fint vêr. Favorittstaden er hammocken. Der er det flott å sove middag. Elles er det for så vidt ikkje store hageflekken vi har. Tomta er på 480 kvadratmeter, og det er kona som steller den. Eg veit ikkje kor vidt ho likar det, men ho driv no på frå april til oktober. Eg strekkjer meg så langt at eg klipper roser av og til. Vi har ein Flammentanz, som er fire meter høg, og som volder litt bry, elles så slår eg plenen ein sjeldan gong. I hagen har vi eit epletre som vart planta før krigen. Det vert skore av ein proff annakvart år, og er eit syn i blomstringa. Men eg er litt uroa over at det er begynt å skrante litt. Det ville vere frykteleg om vi må ta det vekk, for det skuggar for altanen, og gjer den til ein fredeleg stad å opphalde seg. Vi har også eit kirsebærtre, og kona lagar veldig god likør til eige bruk.

■ Monicha Landøy (38), Florø, preparant: – Eg er hagegal, og er allereie godt i gang med våronna. Det er godt å vere ute og kjenne sola varme i ryggen, medan eg høyrer bekken klukke og fuglane kvitre. Haging er for meg rein rekreasjon. Når eg ser på eit bed, så kan eg sjå alle fargane som skal komme i løpet av sommaren. Det er som når ein kunstnar ser på lerretet sitt og ser kva han skal male. Staudar er favorittane mine. I fjor sådde eg 100 sortar sjølv. Dei skal såast rundt juletider og stå ute om vinteren. Dei aller fleste greidde seg så lenge eg brydde meg om dei. Sidan eg vil ha slike som er tilpassa jordsmonnet i hagen, overlevde ikkje alle artane. Det synest eg er heilt greitt. Hagen skal vere ei glede og ikkje eit ork, med masse ekstraarbeid for å tilfredsstille alle plantesortar.

■ Per Rune Vereide (45), Sandane, fylkessekretær i Senterpartiet: – Hagen er for meg ein fristad i kvardagen. Det er periodevis kjekt å putle med hagearbeid, og eg har mange prosjekt på gang. Eg er utdanna gartnar, så då får eg brukt utdanning mi litt også. Fuksia eller Kristi Blodsdrope, er min store lidenskap. Eg har nærare 200 artar i krukker. Dei ber eg ut om våren og inn att i drivhuset om hausten. Den største er to og ein halv meter høg og sikkert nærmare 25 år. Den eldste eg har er 40 år. Den laga eg av ein stikling i gartneriet då eg var liten. Fuksia er ikkje spesielt vanskeleg og det er det som gjer det så artig. Mykje flotte fargar og fasongar. I tillegg til fuksia er eg glad i plantar som ikkje alle andre har. Eg driv også med eit damprosjekt, og håpar gullfiskane har overlevd vinteren. I år har eg planar om å lage ein foss. Det er det som er det fine med hage: Du blir aldri ferdig.

■ Trude Brosvik (46), Brosvik i Gulen, ordførar: – Hagen min gjev meg stort sett dårleg samvit. Det er kjekt med ein fin hage, men det er ikkje det eg prioriterer. Eg kompenserer med å ha mykje løkvekstar, staudar og busker. Akkurat no er det eit heilt teppe av krokus og snøklokker her. Det viktigaste for meg, er at hagen er frodig og fargerik. Blomane kan godt vekse saman, eg treng ikkje sjå svart mold mellom dei. Av og til tenkjer eg på å gjere meir i hagen, men det er eit stykkje mellom tanke og handling, så eg trur nok ikkje at eg kjem til å bruke så mykje tid på hagearbeid dei næraste åra.

■ OSKE TIL HAGEN: Rein treoske frå peisen kan brukast som gjødsel til planter i hagen. Men ver merksam på at den inneheld mykje lett tilgjengeleg næringsstoff, så avgrens bruken. Unngå å bruke oske frå impregnert eller malt tre. Heller ikkje oske frå store mengder farga papir er eigna dersom oska skal i hagen. Ved sida av å innehalde næring, særlig mykje kalium, har oske dessutan ein kalkeffekt. Hugs difor at oske ikkje skal brukast til surjordsplantar eller dersom du veit at jorda generelt har høg pH. Rein treoske kan også brukast i komposten. Kjelde: www.hageselskapet.no

NESTE TEMA I FIRDA KJEM 1. APRIL:

Motar og trendar våren 08 TIPS OSS OM: ■ Dei nye frisyrane ■ Dei nye antrekka ■ Solbriller og tilbehør ■ Trendar bryllaup og konfirmasjon ■ Skapar du dine eigne kle? Ta kontakt med Firdas tema-journalist Anne Britt Sandøy – tlf. 951 42 957 E-post: anne.britt.sandoy@firda.no

Naturstein FRÅ VÆRLANDET

– Detaljproduksjon av hagebord, flisar, beleggingsstein, m.m. Benkeplater til kjøkken og bad er også vår spesialitet.

Sjeldan, vakker – og norsk

Brimmen Quarry AS Landøy Steinindustri

Kontakt oss på tlf. 57 73 11 50 eller e-post steinindustri@landoy.no www.landoy.no

- A-Pressen, Avishuset Firda AS, Firdavegen 12, 6800 Førde - 193.215.6.253 13.03.2008 13:15:22


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.