13mai_08_derheime

Page 1

9 FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

Foto: Anne Britt Sandøy

TEMA Der heime

Velkommen til Villa Kalvøy Kunstnaren og interiørarkitekten Anita Søreide ønskjer velkommen til Villa Kalvøy på Værlandet, der ho skaper harmoni med fargar og lagar ein ny heilskap ved å mikse gamle og nye ting. Side 13–15

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


10 TEMA DER HEIME FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

AMATØR: I starten sleit Ellen Bjelke med flettinga av pilgjerdet. Ho prøvde med klesklyper, men det var ikkje spesielt vellukka.

NESTEN PROFF: Etter litt trening har Ellen Bjelke fått taket på flettinga av pilgjerdet.

GJERDE: Ellen Bjelke er stolt av gjerdet ho har fletta i pil, og har planer om at erteblomar skal vekse oppetter greinene.

Ellen med tusen FØRDE: – No har eg laga meg eit gjerde av pil heime. Det ser ikkje så veldig vakkert ut, men det funkar og eg har laga det sjølv. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Det formeleg lyser av Ellen Bjelke når ho snakkar om pilfletting. Den nye hobbyen som kombinerer hageglede og handarbeid. – Alle som har eit snev av tolmod og pågangsmot, kan få det til, påstår ho.

Ny trend Fletting av pil er eit urgammalt handverk, og trenden med å nytte pil i hagerommet har vore vanleg i til dømes Danmark i fleire år. Men her i Norge er det først no at hageentusiastane for alvor har fått auga opp for dette spennande og levande materialet. – Pil kan brukast både levande og tørr, og det er nesten berre fantasien som set grenser for kva som kan lagast. Ein må berre passe på å plante den levande pila djupt nok og vatne godt, opplyser Bjelke.

PILFLETTING

STIKLINGAR: Greiner av pil treng berre stå eit par veker i vatn for å utvikle gode røter.

ELLENS «MÅ HA-LISTE»: ■ Pilkvistar ■ Ei god hagesaks som lagar skarpe kantar ■ Hyssing eller plantestreng, som du kan strame pilkvistane med undervegs ■ Djupe og gode potter ■ Mold ■ Eventuelt papp til å lage mal med ■ Pågangsmot og tru på at sjølv om at det ikkje vert supervellukka, så vert det noko. SYMMETRI: Fletting av pil krev streng komposisjon i starten, men etterkvart kan du flippe heilt ut, ler Ellen Bjelke, som har fått dilla på pilfletting.

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


TEMA DER HEIME 11 FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

Jubileumsprisar PÅ SOLSKJERMINGSPRODUKT Alt i markiser

KUNSTVERK: Denne hytta av fletta pil står på Hagemiljø i Førde.

JAPANSK: Denne knuten er kalla japansk auge. Persienner innvendig og utvendig

piler i hjartet

Stort utval i utvendige persienner Lamellgardiner, plisségardiner og rullegardiner

Vi feirar 10 år i Sogn og Fjordane med ekstra gode prisar i mai og juni. Ta kontakt for uforpliktande tilbod!

Vedlikehaldsfrie sprosser – 30 års fabrikkgaranti!

KJØP NO: Gjer eit kupp i mai hos Fasadeprodukter!

Vi har opna nytt utstillingslokale i Førde. Ring og avtal demonstrasjon av vårt store utval. VI KJEM HEIM til deg og gir deg løysingar uten forpliktingar. Gratis nr. 800 80 488 eller ring direkte til avd. leiar i Sogn og Sunnfjord: Ove, tlf. 908 67 031.

Vindskjerm/levegg Midt-Norges største leverandør av solskjerming!

Fabrikkgaranti – profesjonelle montørar – www.fasadeprodukter.no

INSPIRASJON: Ellen Bjelke hentar inspirasjon i hobbybøker om pilfletting.

Ho var deltakar på det siste kurset som Hagelaget i Førde har vore ansvarleg for, og vart rett og slett hekta på pil. – Eg tok med meg ein del kvistar heim, og begynte å eksperimentere på eiga hand same kvelden, ler ho.

Skaper harmoni Blant anna, så har ho laga sitt eige pilgjerde, og det er lett å sjå kvar ho begynte på gjerdet og kvar ho slutta. Teknikken har gått gjennom ei tydeleg utvikling undervegs i prosessen. – Det er jo mykje anna enn pil du kan bruke til gjerde i hagen, men det er eit eller anna med pil. Det er grønt, skaper harmoni og tek liten plass. Det glir på mange måtar inn i miljøet, og du kan velje om det skal vere heilt grønt, eller om du vil klipe av blada og lage mønster. Det er kunst, og du kan heile tida forme det slik som du ønskjer, fortel ho entusiastisk. Hagelagsleiaren fortel at det er viktig å lære seg ein del grunnleggjande teknikkar for fletting, skøyting og knutar før ein startar med å lage ulike kreasjonar. – Det er også viktig å ha ein stram

Berre fantasien set grenser for kva du kan lage Ellen Bjelke

ELLEN BJELKE (51) ■ Yrke: Sjukepleiar ■ Bustad: Førde ■ Sivilstand: Gift, to barn ■ Hobby: Hage, fotografering, handarbeid, kajakkpadling og golf ■ Lidenskap: Blomar. Skulle eigentleg verte gartnar, men starta på husflidsskulen og enda opp som sjukepleiar. ■ Aktuell: Leiar i Førde Hagelag og heilfrelst på pilfletting.

komposisjon i botnen, men etter det kan du nesten flippe heilt ut, ler ho, medan ho viser døme på ulike mønster, som dei lærte på kurset.

Kan bestillast Der laga dei alt frå pilgjerde og pilhytte i levande pil, som slår rot og held fram med og vekse, til stilfulle pottetre i belgisk flett, fuglematarar, espalier og peonstøtter. – Bøygen med å drive med pilfletting i Førde, er at dersom du ikkje kjenner nokon med pil i hagen, så må pinnane bestillast frå firma som har spesialisert seg på pil og pilfletting. Sjølv har eg greidd å få fatt i ulike sortar, som eg skal leike meg med fram til neste kurs. Det håpar vi å få i stand til hausten, avsluttar Ellen Bjelke. anne.britt.sandoy@firda.no

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

Hollandsk, glasert keramisk taktegl NÅR DU VIL SATSE PÅ KVALITET • Alltid reint og fritt for mose • Tidlaus design for generasjonar Gode lokale referansar. Kom innom for ein takprat og eit pristilbod! Leon Aase er vår mann på tak.

Flovegen 5 6800 Førde Tlf.: 57 82 85 00

Fax: 57 82 85 01


12 TEMA DER HEIME FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

Nyopning!

KJØKKENSENTER Laurdag 31. mai

Gode opningstilbod i fylkets flottaste kjøkkensenter

– verd å vente på! • Kjøkken • Bad • Garderobe

d e m g l Fø vidare! Halbrendsøyra 2, 6800 Førde – Tlf. 57 72 17 00 – www.gravdal.no

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


TEMA DER HEIME 13 FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

Mitt prosjekt Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR – Vent, eg må få maskere litt før du går laus med målarkosten, sa søstera mi og lo. PÅ IMPULS bestemte vi oss for å bruke resten av kvitmålinga i spannet på ein ubehandla brannmur. Det var min idé, og det kjendest godt å berre bestemme seg, og ikkje analyse alle fordelar og ulemper. Men kor lenge varte gleda? Ein liten time seinare var målinga begynt å tørke, og brannmuren hadde fått eit svakt rosa skjer. Søstera mi lo ikkje lenger. Det gjorde ho heller ikkje då eg fortalde at elektrikaren insisterte på å fjerne ein gammal, tjukk og svært lang leidning langs golvlistene på soverommet, som eg hadde overtalt ho til å vere med på å måle helga før.

■ Anita Søreide: For meg var det sjølvsagt

å bruke same farge på vegg og golv.

Ein farge i kvart rom ASKVOLL: – Ikkje tenk rom for rom når du pussar opp. Tenk heilskap, rådar interiørarkitekt Anita Søreide. Og heilskap treng slett ikkje bety nyansar av kvitt. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Sjølv har ho blant anna pussa opp fem soverom i det over sytti år gamle huset på Værlandet i ulike pastellfargar: Rosa, lilla, blått, gult og grønt. Ho har brukt ein farge på veggen og ein mørkare nyanse av same farge på golvet. Resultatet er både delikat og røft på same tid. I midten er det ein varm lysegrå gang, som bind saman dei ulike fargane.

OPPUSSING fører til konfliktar. Likevel er vi nordmenn på oppussingstoppen. Frivillig utset vi oss for frustrasjonar over handverkarar som ikkje er der til avtalt tid og som heller ikkje gjer seg ferdige før dei forsvinn. Glasa vi har bestilt, har gjerne feil mål og dei ferdigmåla listene viser seg å vere ubehandla. Vi går på alle nye prosjekt med krum hals, og gløymer at eit spann med måling eigentleg er

Harmoni – Men fargane ville ikkje ha kollidert sjølv om dei var inntil kvarandre, fordi dei har same mengde med svart, kvitt og kulørt i seg. Golvet i gangen har same nyanse som dei andre golva og derfor blir det harmoni, forklarar Anita Søreide, som er oppteken av kva energi vi får av ulike fargar. – Kvitt gjev oss ingen stimuli. Vi her oppe i nord treng fargar i interiøret, understrekar ho. – Vi kjøpte huset for to år sidan, og eg veit at vi ikkje kjem til å selje det att. Det gjer at eg kan leike meg heilt fritt med fargar, og for meg var det heilt sjølvsagt å bruke same farge på vegg og golv, for å få ein heilskap i rommet. Det første Anita og mannen gjorde, var å

Det kan vere risikosport, at to bestemte søstrer med vedtaksvegring eig kva sin halvpart av eit hus som treng fullstendig renovering ufatteleg dyrt og arbeidskrevjande. For har du først måla veggen, så bør du også gjere noko med listverk, dører, golv, gardiner og teppe. SØSTERA MI og eg har hatt mange diskusjonar og delt mange draumar. Mest draumar. Til tider er det så gale at vi ikkje kan vere i huset og jobbe på same tid. Det er ikkje fordi vi kranglar, men fordi vi er så gira at vi ikkje får gjort anna enn å planleggje kor fantastisk alt ein gong skal verte. Det kan faktisk vere risikosport på både eine og andre måten, at to bestemte søstrer med vedtaksvegring eig kva sin halvpart av eit hus, som treng fullstendig renovering. Huset vårt vart bygt i 1936. Tilliks med andre som overtek eldre hus, har mange av problemstillingane våre vore knytte til kor mykje vi skal bevare og gjenskape av det opphavlege. Eg vil ha alt fint på ein gong, og kan gjerne måle i veg utan tanke på heilskapen. Men det gjer ikkje søstera mi. Ho tenkjer. Heldigvis og dessverre. Men det er lov å prøve seg. Lurer på kva ho seier om eg insisterer på å måle meir før handverkarane er ferdige…

SPISESTOVE: I spisestova har Anita behalde dei originale tømra veggene, men slipt ned og måla golvet. Bordet er gammalt, medan lysekrona, golvteppet og stolane er nye.

DETALJAR: Ein gammal rokk pyntar opp i spisestova. Alle dørene i huset er dei originale brunlaserte. Brunlaseringa på trappa opp til andre etasje er original, medan trinna og spilene har fått nytt målingstrøk. Kista til Anita si oldemor vart i mange år brukt som potetbinge. No har Anita vaska og behandla den med mottmiddel. Anita har valt å måle alle golva i ein mørkare nyanse enn veggfargen. Resultatet er både tøft og delikat, som i det lilla rommet.

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


14 TEMA DER HEIME FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

ANITA SØREIDE ■ Alder: 45 år. ■ Bustad: Bergen (voks opp i Holmedal) ■ Sivilstad: Gift med Hans Kristian, to vaksne barn frå eit tidlegare ekteskap. ■ Yrke: Interiørarkitekt og biletkunstnar. Underviser i interiørarkitektur ved Norges kreative fagskole i Bergen og har atelier i Villa Kalvøy på Værlandet. ■ Hobby: Båtliv og penselbruk. Både måling av bilete og husvegger. ■ Lidenskap: Dans ■ Heimeside: www.fargestudio.no

GULT: På det gule rommet er det sett inn ei ny seng. Anita fortel at gult ikkje er den beste fargen å bruke på eit soverom, fordi den verkar stimulerande, men sidan dette er eit gjesterom, så er det ikkje så viktig. Barnesenga har ho fått av broren, Johnny Søreide, på Askvoll. Legg merke til handdukane med Villa Kalvøy-monogram.

BLÅTT: På det blå soverommet står brudesenga til Anita sine besteforeldre. Dei vart gifte i 1936 og budde i nabohuset til Villa Kalvøy. Rannveig, mor til Anita, har pussa den opp og blant anna lagt på litt gull.

tømme loftet, behandle det med mottmiddel og isolere det. Dei har også skifta kledning på ein vegg, og slemma muren.

ROSA: Ei gammal skuvseng og eit bilete frå då Magnus var i militæret, kombinert med florlette blondegardiner. I høgre biletkant kan den nye designarstolen Pointer skimtast.

LILLA: Sarte pastellfargar mot grove tømra vegger er verknadsfullt. Bileta på veggen er det Renate, dotter til Anita, som har teke.

Få huset tett – Huset var gammalt og slite, og vi frykta at vi ville drukne i arbeid, men faktum er at vi kosar oss med å pusse opp. Når vi først har fått det tett utvendig, så kan vi ta resten over tid, fortel Anita. Villa Kalvøy, tidlegare Fredheim, vart bygd i 1936 av bestefar til Anita. – Han bygde det til to av brørne sine, som var ungkarar, men det vart ståande tomt og ferdig møblert i 16 år. Først i

1952 gifte Magnus, bror til bestefar, seg. Han og kona, Lina, flytte inn her. Dei fekk ikkje ungar, så då dei døydde, kjøpte foreldra mine og onkel det tilbake frå buet. Sjølv om dei skifta vindauge, det elektriske anlegget og laga nytt bad, så var det rikeleg med arbeid som stod att då Anita og mannen kjøpte det. Dei bur i Bergen, men tek ofte turen til Villa Kalvøy på Værlandet. Der

Huset var gammalt og slite, og vi frykta at vi ville drukne i arbeid, men faktum er at vi kosar oss med å pusse opp Anita Søreide

har Anita atelier og i tillegg har ho alltid eit eller anna prosjekt på gang. Planane vert som regel gjennomført omtrent før ho er ferdig å planleggje. Medan andre gjerne tenkjer i månadsvis på at golvet burde ha vore slipt, så har ho tenkt, leigd maskin, slipt og levert maskina inn att på eit døgn.

Nytt og gammalt – «Du er nett som

makrellen og størja. Står du i ro, så daudar du», sa eine naboen til meg ein dag, ler ho, medan ho peikar og forklarar. Mange av tinga i huset har ei historie å fortelje. Eit sengeteppe bestemora har hekla, eit bord som oldefaren laga rundt 1850. Den rosemåla kista som Magnus brukte som potetbinge. Anita har skrive ned alt ho får høyre om huset, gjenstandane og slekta i ein perm. Det er

viktig å samle informasjonen no, medan det framleis er folk som hugsar. – Alt det gamle, som kan brukast, tek vi vare på. Til dømes alle dørene og listene. Det nye må passe inn i det gamle, men det går heilt fint å kombinere nytt og gammalt. Gjenbruk er jo veldig i vinden, meiner ho. Interiørarkitekten som elskar fargar og ei god historie. anne.britt.sandoy@firda.no

NYBYGG OG REHABILITERING Kontakt oss for pristilbod!

vinduet Bauge AS www.h-vinduetbauge.no sentral@h-vinduet.no Tlf.: 57 75 20 80

SJÅ VÅRE NETTSIDER: epost

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

Tlf. 57 73 75 30 – 480 31 025


TEMA DER HEIME 15 FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

HAGEBORD SOM VARER Håndhugde bord og understell i skifer

BILETKUNSTNAR: Anita Søreide har atelier i kjellaren på Villa Kalvøy. Her målar ho energibilete.

– Fargar påvirkar den psykiske helsa vår – Vi her oppe i nord treng fargar i interiøret, meiner interiørarkitekt og biletkunstnar Anita Søreide. I regnbogen er det sju fargar. Det er dei som er i det synlege lyset, og som verkar inn på den psykiske helsa vår. – I kroppen har vi sju chakra, såkalla energihjul. Desse korresponderer med dei sju fargane i det synlege lyset, og dersom vi er bevisste når det gjeld fargebruk, så vil det føre til at vi utnyttar fargeenergien i det synlege lyset betre. Blinde kan faktisk kjenne forskjell på energien frå ulike fargar med hendene sine, fortel Anita Søreide, som vil oppfordre folk til å bruke fagfolk om dei er usikre på fargeval. Ho målar energibilete, og er bevisst på fargebruk, både som kunstnar og som arkitekt. Harmoni og heilskap når det gjeld fargar er viktig, og ho fortel at det er ein del som kjem til henne og angrar på at dei ikkje har søkt fagleg hjelp tidleg i den prosessen. – Grønt og blått er til dømes gode fargar å sove i, men dei mørkaste nyansane kan verte for tunge. Rosa og

Runde, ovale og retangulære Vårtilbod på bruddskifer:

20%

ANITAS TRE TIPS ■ For å sleppe å vaske målingsrullen og penselen mellom kvart strøk, så pakk dei godt inn i plastikk. Gjer det same med brettet. ■ Bruker du vassbasert måling, så pass på å tørke vekk flekkene med ei våt fille med ein gong. ■ Bruk same glansgrad og farge på himling og lister.

lilla passar også godt på soverom. Blått er også kjend for å vere ein god farge å bruke på kjøkken. Ho fortel at gult ein stimulerande farge, som til dømes er veldig bra i rom som det skal lesast i, medan oransje passar godt i sosiale rom. – Kvitt gjev lite stimuli, medan raudt gjev mykje. Dersom du jobbar i eit rom som er heilt raudt, så vil det ikkje gå lang tid før du føler deg hissig. Raudt er ein veldig aktiv farge som set i gang blodsirkulasjonen, og kan virke som ein vulkan om det er for mykje av den. Den er fin å bruke i mange rom, men i moderate mengder.

Kontakt oss på tlf. 91763 804 Salgstlf.skifer 915 65 495 www.nordfjordskifer.no

Set fagfolk på jobben! Alt innan: Maling Tapetsering Golvlegging Flislegging

Kontakt oss for pristilbod

Vi set farge på kvardagen

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


16 TEMA DER HEIME

Kor mange tommeltottar har du?

FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

Rita Tonning

Tore Bråstad

Christine af Geijerstam

Hans Jakob Reite

Lene Grande

Alder: 43 år Bustad: Vassenden Yrke: Fylkessekretær i Fellesorganisasjonen og leiar av LO, Førde og omland

Alder: 41 år Bustad: Hyllestad Yrke: Ordførar

Alder: 22 år Bustad: Førde Yrke: Sjukepleiarstudent

Alder: 52 år Bustad: Førde Yrke: Kultur- og næringskonsulent

– Ingen, i di tyding av ordet. Eg er arveleg belasta og likar å drive med snikkararbeid og praktisk arbeid. Det er fin avkopling. Med god hjelp har eg restaurert huset som vi bur i. Det er eit hus som har stått på garden i fleire hundre år. Mykje av det gamle var dessverre øydelagt, så huset har no ein moderne stil. Kanskje det hadde vore enklare å byggje nytt, men i og med at eg har gjort det meste sjølv, så har det ikkje vore aktuelt. Vi har i det minste bevart sjela i huset. Hagearbeid likar eg også, men eg er ikkje glad i å måle. Det overlet eg til min betre halvdel. Det skal jo målast i nye fargar annakvart år.

– Eg synest sjølv eg er veldig flink, men pappa er ikkje samd. Det er vel eigentleg han som har gjort det meste i leilegheita mi. Eg plantar og målar, men er glad så lenge eg slepp å skru og byggje. Det blir gjerne litt skeivt. Eg har forresten skrudd saman ei hylle, og syntest resultatet vart veldig bra, men legg du noko oppå den, så dett det ned. Eg likar ikkje så godt å måle, men det ser greitt ut når eg er ferdig. Lyse fargar er tingen. Hagen min er ei blomsterpotte, og akkurat no er den visna, så eg held på å plante den om. Det er eigentleg nok med den potta.

Alder: 33 år Bustad: Førde Yrke: Leiar for marknadsavdelinga i Sparebanken Sogn og Fjordane

– To. Det er kjekt å måle, og eg klarer det eg må med hammar og sag. Då snakkar eg om fiksing, ikkje nyskaping. Akkurat no har eg to gamle bord og eit eikeskåp som skal restaurerast. Dei som hadde skåpet før oss, hadde av alle ting måla det kvitt. No vil eg prøve å få den opphavlege fargen tilbake og både borda og skåpet skal brukast i huset vi held på å byggje. Der har vi forresten andre som jobbar for oss. Vi seier berre korleis vi vil ha det. Ingen av oss er glade i støvtørking, derfor går vi vidare med minimalismen. Vi satsar på ein lys gjennomgangstone og mange spottar. Kjøkkenet vert berre heilt fantastisk.

– Ti. Nei, forresten. Ni er eit betre svar. Eg meistrar utandørs måling på baksida av huset. Meir tvilsamt på framsida. Eg er ein unøyaktig person som grisar og har for stor fart. Innandørs leiger eg folk til å gjere det meste. Kompetansegrensa går ved hyller i kjellarboden. Det er ikkje så nøye korleis dei ser ut. Eg ville aldri ha funne på å verken liste rundt ei dør eller måle kjøkenet. Det trengst ikkje mykje sjølvinnsikt for å skjøne at det hadde enda med katastrofe.

– Kan vi skilje mellom organisering og faktisk oppussing? Når det gjeld organisering og delegering, har eg ingen. Når det gjeld faktisk arbeid, så er eg midt på treet. Oppussing er ikkje det kjekkaste eg veit, men eg har ein snill mann som gjer det. Eg verken snekrar eller plantar, men dersom eg må, så målar eg. Eg er eigentleg ganske god til det, men synest det er kjedeleg å lage til og rydde opp.

Velkommen til Sande og ein hyggeleg hageprat! FLISKUTTAR for diesel-, bensinog traktordrift. Frå kr

29.950,+ mva

ADRIATIKA DINO trimmemaskin til rydding av gras og småkratt.

BATTERIDRIVEN BESKJERINGSSAKS. Batterikapasitet: 8 timar.

ADRIATIKA JORDFRES med 5 hk Hondamotor. Kr 8950,- + mva

6973 SANDE I SUNNFJORD – tlf. 57 71 64 40 – mob.: 990 98 850

www.aase-landbruk.as

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

Herskapleg eleganse og stilfull design Neumann Bygg a/s Flovegen 5 6800 Førde tlf. 57 82 85 06 fax. 57 82 85 01


TEMA DER HEIME 17 FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

H U R R A !

JA RLES

GAV ESE NT E R

O P N A R

Ny butikk i 1. etasje Etter 35 år i 2. etasje på Førdetunet opnar vi i morgon, ONSDAG 14. MAI, ny butikk i 1. etasje! Mini strå Bondemønster Tid

GOURMET KASSEROLLE

Maxi strå Partitur

i stål, 1–7 liter

VI SATSAR NORSK

÷25%

SJÅ VÅRT STORE UTVAL I

Sitron

MAITILBOD!

÷25%

Medlemmar får 10% EKSTRA AVSLAG på alle varer, og på tilbodsvarer i butikken. Bli medlem du og!

Bogstad kvit

Pannier

Bathh før 298,-

Scala

÷25%

÷25%

NO

99,-

+ mange andre gode tilbod – dette må opplevast!

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


18 TEMA DER HEIME FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

No får FØRDE: For eit par tusenlappar ekstra for rutemeteren, kan du få multifunksjonsglas som vaskar seg sjølv og som i tillegg held både sol og støy ute. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Det er utruleg mykje nytt og flott å få i glas, og ein kan kombinere dei fleste typane, fortel Kjell Grov frå Førde, som gjennom meir enn 40 år som glasmeister har vore med på ei rivande utvikling på glasfronten.

Sjølvreinsande

GLASMEISTER: Det har vore ei rivande utvikling innanfor glasfaget sidan Kjell Grov starta som glasmeister. Snart er det berre fantasien som set grenser for val av glas i huset.

– Dei sjølvreinsande kom for berre eit par år sidan. Ein ingeniør ved Pilkington i London hadde forska på dette i årevis, før han fann rette belegget. Grov har sjølv brukt sjølvreinsande glas i taket på vinterhagen sin, og skilnaden mellom dei og vanlege glas er stor. – På desse vindauga er det eit spesielt belegg som

Butikken for «gutta boyz» og «virksomme damer»

Mykje fritid -arbeid Bil og motor og litt NESTE TEMA tysdag 27. mai:

Betomix betongblandar

Kompressor Power Air 50/3 SVC 50 l tank

Spiralslange 5 meter

MEKK PAKKEPRIS

134 liter 690 W Lev. ferdig montert

Ønskjer du å annonsere i Firda denne dagen, ta kontakt med annonseavdlinga: annonse@firda.no eller tlf. 57 83 33 00 Materiellfrist: Tysdag 20. mai

Rettl. 4362,-

2499,MEKKPRIS! Gebe spikarpistol inkl. plastkoffert, vernebrille m.m.

Treolje 2,5 liter

Best Tools våt/tørr støvsugar 1250 W 16 l tankvolum

MEKKPRIS!

Rettl. 3875,-

MEKKPRIS!

2290,Vern av tre, også til trykk- og vakumimpregnert. Klår, Mahogny, Gylden.

MEKKPRIS!

99,-

299,Førde sentrum – Tlf. 57 82 66 20

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

MOB. 952 43 155

• Ombygging • Oppussing • Restaurering • Belysning • Møblering • Materialar og Farger • Bustad og Hytte

www.grethewie.com


TEMA DER HEIME 19 FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

r du glas som vaskar seg sjølv GLASTEKNOLOGI

SKILNAD: Glaset til venstre er tydeleg meir tilsmussa enn glaset til høgre, som er sjølvreinsande.

løyser opp organisk smuss når det vert aktivisert av dagslys. Dette smusset vert igjen vaska vekk av regnvatnet, forklarer Grov. Han fortel at leverandøren reklamerer med at dette belegget vil ha like lang levetid som sjølve glaset, og at ein i tillegg kan få glas med blant anna solskjerming. – Glas med solskjerming reduserer UV-strålinga med 98 prosent, og hindrar at både gardiner

GLASVASK Slik vaskar glasmeister Grov ■ Ha litt zalo og salmiakk i ei bøtte med lunka vatn. Vask glasa med svamp, og gå over med nal. Tørk med ein klut rundt kanten.

SPROSSER: Kjell Grov har valt å ikkje bruke gjennomgåande sprosser på døra ut til vinterhagen. Kva gjennomgåande sprosse ville ha kosta han 500 kroner ekstra. Med andre ord ville døra ha vorte 2000 kroner dyrare.

farga, og dei stengde ut lyset i like stor grad som varmen. No er det komme nye typar som er nøytrale å sjå på. Dei slepper inn nesten like mykje dagslys som vanlege glas, men stengjer samstundes ute mellom 50 og 75 prosent av solvarmen.

Vil vaske sjølv og møblar vert bleika av sola. Tidlegare var alle glas med solskjerming

– Er det stor interesse for desse nye glastypane? – Tidlegare var mange nysgjerrige, men det har

dabba litt av. Eg trur folk ser ein del på prisen. For kvar av desse spesielle funksjonane må ein rekne med å betale rundt 500–600 kroner pluss moms for rutemeteren, og då kan det merkast godt på lommeboka om det er mange vindauge det er snakk om. Kanskje dei også meiner at dei vaskar betre sjølv, smiler han. Energispareglas er meir populært. Det har også ein samanheng med nye

forskrifter om isolering av hus. Glasmeisteren fortel at dei nye energispareglasa på marknaden er heile to og ein halv gong betre enn dei tidlegare isolerglasa. – I dag kan du faktisk få så gode ruter at dei doggar eller frys på utsida, fordi dei slepp ut så lite varme. Dei med gamle vindauge, vil få auka komforten og redusert oppvarmingsbehovet monaleg ved å skifte glas.

FLISER UTE

40%

opptil

INNE / UTE /GULV / VEGG Bruddskifer Leveres på nett (7 stk pr nett). Grå

ER INNE

Før 999,-

499,pr. kvm.

INNE / UTE / GULV / VEGG Skifer 30x60cm Grå

Fra

299,UTE / INNE / GULV / VEGG Edilcuoghi Beola Grå - skiferutseende i mange ulike storleker. Vår bestselger!

FØRDE Naustdalsveien 5 6800 Førde Tlf: 57 82 47 00 Man-fredag 09 - 17 Torsdag 09 -19 Lørdag 10 - 15

pr. kvm.

FABRIKKGATEN Fabrikkgt. 10 5059 Bergen Tlf: 55 20 57 00 Man-fredag 09 - 19 Lørdag 10 - 15

I dag kan du velje og kombinere mange ulike glasløysingar ■ Energisparing: Forbetrar inneklimaet ved å redusere kaldstråling. ■ Støydemping: Lyddemping i glas vert forbetra ved endringar i tjukkleiken på glaset, laminering og avstand mellom glasa. ■ Solskjerming: Glas med G-faktor (solfaktor) forbetrar innekomforten, hindrar overoppheting og reduserer energibruken til kjøling og ventilasjon. ■ Sikring/tryggleik: Personsikringsruter sikrar mot personskade som følgje av samanstøyt. Tryggingsruter er hemmande mot innbrot, hærverk, skot og stråling. ■ Sjølvreinsande: Ved hjelp av glas med titanoksidbelegg vaskar naturen sjølv vekk støv og smuss. Kjelde: Pilkington

Kun

199,SOTRA Sartor Storsenter 5353 Straume Tlf: 56 31 22 30 Man-fredag 10 - 20 Lørdag 09 - 15

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

pr. kvm.


20 TEMA DER HEIME FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

– Glas gjev energi, lys og trivsel FØRDE: – Andre snakkar om drøymebilen. Eg snakkar om trelags argonvindauge med solskjerming og sjølvvask, proklamerer Anders Folkman med glasklår røyst. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Han er advokaten til Glass- og fasadeforening-

en i Norge og tidlegare styreformann i Bilglassforeningen. Perfekte verv for ein som er lidenskapeleg oppteken av glas. – Argon er ein gass som du har i glaset i staden for luft, og som verkar ytterlegare isolerande. Det er kostbart, men effektivt. Effektive er også dei lysskjermande glasa som gardeigaren har sett inn i Firdavegen 2, der Advokatfirma Folkman, Slotterøy & Co har kontor.

GLASMANNEN: Advokat Anders Folkman er lidenskapeleg oppteken av glas.

– Det er tona glas, som skjermar for sola, men dei har ingen kjølande effekt. I kombinasjon med god ventilasjon, gjer dette at vi no har eit godt inneklima. Men dersom vi skal halde sola heilt ute, så må vi dra for gardinene, fortel Folkman. Ideelt sett hadde han sett at dei hadde hatt ytterlegare solskjerming på utsida, gjerne i form av motorstyrte persienner. – Glas skal virke begge

Alt i Taksering av eigedom Også i • Burettslag • Landbruk • Næring

Ring

vegar. Dei skal isolere godt om vinteren og kjøle om sommaren. Men for å balansere eit bygg er det viktig med god ventilasjon i tillegg, for vi ønskjer ikkje å halde sola fullstendig ute, vi vil også nyte godt av solvarmen. Vindauga i dag har imponerande eigenskapar, både når det gjeld demping av støy og andre ting, men dei kan ikkje verte betre enn resten av bygget. Set du eit godt glas i

anne.britt.sandoy@firda.no

Stort utval av

PLANTER TIL HAGEN • Prydtre, 70 sortar • Små tre til krukker, 40 sortar • Busker, 260 sortar • Nåletre, 120 sortar • Klatreplanter, 35 sortar • Frukttre, 90 sortar • Bærbuskar, 40 sortar • Stauder

57 75 39 80

Gunnar Helgås Autorisert Takstmann MNTF

Tilbod Ulike reiseutg.pkt. S. og Fj. gh.takst@online.no MOB: 958

lys og trivsel, spesielt her på Vestlandet. Han fortel at det skjer mykje nytt og spennande på glasfronten for tida, blant anna eit som er vanleg gjennomsiktig på innsida, medan ein kan få det i ulike fargar på utsida. Persienner innebygt i glaset er ei anna løysing. – Vi skraper her berre overflata på ei utvikling som er heilt rå, fastslår Folkman entusiastisk.

ei dårleg ramme, så hjelper det ingenting. Det må vere eit samspel mellom bygningskomponentane. Han vil råde folk til å tenkje framover når dei skal investere i nye glas. – Det vil komme nye energikrav. Tenk på korleis du kan spare energi gjennom glas. Ta den ekstra investeringa, du vil få den att gjennom redusert energiforbruk. Glas er også eit rimeleg byggjemateriale, som gjev både

3 stk.

3 sekkar

FRUKTTRE

PLANTEJORD

500,–

100,–

Gratis hjelp til plantekomposisjon

OPE: Mån–fre 09.00–18.00 Laurdag 09.00–15.00

84 960

Unique flisar Unique er utvikla for heimemiljø der ein treng eit pent, funksjonelt golv med drenerande og fuktavvisande eigenskapar. Pr. kvm kr. 198,-

Ylvisåker, 6865 Sogndal • Tlf. 57 67 91 81 • aaberge.plant@online.no

Stort utval i uteog hagebelysning!

Alle lamper

÷30%

Ut denne veka!

Førde Storsenter – Tlf. 57 82 10 01 www.mesterlysforde.no 30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


TEMA DER HEIME 21 FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

Spør først der utvalet er størst

Fliser Spør først der utvalet er størst

Meir enn 30.000 m2 på lager

Vi lagerfører fliser frå Italia, Spania, Tyrkia, Indonesia og Kina Prisar frå

30,-

Parkett Vi lagerfører parkett frå Sverige, Kina og Indonesia.

Meir enn 8000 m2 på lager

PRISEKSEMPEL:

pr. m . 2

Eik 14 mm pr. kvm Valnøtt 14 mm pr. kvm

199,389,-

-

Ask 14 mm pr. kvm Raud eik 14mm pr. kvm

279,349,-

P R O F F H J E L P F Å R D U AV V Å R E F A G F O L K ! FA R S U N D B Y G G

www.byggkjøp.no

Farsund Bygg Farsund Bygg For deg som vil ha det litt proft!

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

Postboks 111 6801 Førde Tlf. 57 72 18 00 Fax: 57 72 18 10 Email: post@farsundbygg.no www.byggkjop.no

Mån.–fre. Torsdag Laurdag

7.30–16.30 7.30–18.00 9.30–14.30


22 TEMA DER HEIME FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

FORMELSAMLING: Apotekar Terje Brevik og andre farmasøytar på apoteket i Askvoll har gjennom over førti år samla oppskrifter og formlar i desse bøkene. Her finn ein alt frå sårsalve til korleis ein skal fjerne blågeit i treverk.

Kampen mot blågeita ASKVOLL: – Prøv apoteket på Askvoll. Eg trur dei veit råd, var tipset vi fekk då vi klaga over at vi ikkje greidde å fjerne dei blåsvarte flekkene i tømmerveggen. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

På apoteket hentar dei fram to gamle handskrivne notisbøker, som inneheld over førti år med sirleg nedskrivne formlar og oppskrifter, som gjev råd for det meste. Etter litt leiting finn vi svaret mellom oppskrifter på sårsalver og giktsmurningar: «Fjerning av blågeit:

■ 40 år gamal handskriven formelsamling gav svar Konsentrert hydrogenperoksid, amoniakkoppløysing».

Kunne lage alt – Tidlegare var det mange

som kom på apoteket for å få dette bleikemiddelet til trebåtane sine. Dei ville også ha ei oppskrift. Difor skreiv vi det ned, fortel Terje Brevik, som byrja

BLÅGEIT ■ Blågeit, også kalla jordslag eller blåmann, er ein muggsopp som finst stort sett over alt. Ideelle groforhold for blågeit er mørke og fukt. Resultatet er stygge svartblå flekker. ■ Det verserer mange ulike råd på Internett om korleis blågeit kan fjernast, alt etter kva materiale som er angripe. ■ Vi har testa Hydrogenperoksidoppløsning 30 %

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

som apotekar i Askvoll i 1969. No er han pensjonist, men han hugsar godt bøkene, der dei skreiv ned oppskrifter som folk kom med eller oppskrifter som dei utarbeidde sjølve eller fekk frå andre apotek. – Dette er dei oppskriftene som ikkje stod i dei offisielle formelsamlingane. Dette er frå den tida, der folk kunne spørje om vi kunne lage kva som helst – så lenge det ikkje var helsefarleg. Det er det slutt på for lengst. I dag har ikkje alle apoteka produksjonsløyve ein gong, og om det hadde vore lov, så hadde sikkert prisen vorte avskrekkande høg.

Han blar litt i heftet og tenkjer på korleis det var på den tida då det meste av medisinar og salvar vart laga på staden.

Kunstig konjakk – Tenk at det vert oppretta apotek i dag, som ikkje ein gong har ei vekt. For meg er det ein utruleg framand tanke. Det å ha vekt var jo nesten symbolet på det å vere apotekar, sukkar Brevik. Vidare blading i hefta avslører alt frå «doktor Pettersens brystsalve» og «Losens sårdråper» via «Kunstig konjakk» og oppskrift på batterisyre til korleis ein bør vaske ein mur som har kalkutslag.

Mange av oppskriftene har namn etter dei som brukte middelet. Fru A føretrekte eit spesielt oljeklyster, medan fru B brukte eit spesielt vortemiddel. – Alle spørsmåla vi fekk om dei mest utrulege ting. Det var nesten slik at eg vart lei av det, mimrar gamleapotekaren, og blar vidare. – Sjå her. Dette var ei merkeleg blanding: Safran Jernsulfat Opium Honning – Det er alt som står. Lurer på kven som brukte den… anne.britt.sandoy@firda.no


TEMA DER HEIME 23 FIRDA TYSDAG 13. MAI 2008

Naturstein FRÅ VÆRLANDET

– Detaljproduksjon av hagebord, flisar, beleggingsstein, m.m. Benkeplater til kjøkken og bad er også vår spesialitet.

KLENODIUM: I dette heftet finn du over førti år gamle formlar på medisinar og gode kjerringråd. FOTO: Kjøkken frå Bjarne Espe Trevarefabrikk as, Norfjordeid.

Fem oppskrifter Mellom vortemiddel og sårsalvar i den handskrivne formelsamlinga på apoteket i Askvoll, finn ein også oppskrifter som gjeld vedlikehald og oppussing. Her presenterer vi nokre av dei – med forklaringar av apotekar Terje Brevik. ■ FJERNING AV BLÅGEIT Konsentrert hydrogenperoksid, amoniakkoppløysing Apotekaren: Bruk 30 % hydrogenperoksid rein. Smør den på veggen, og la den virke opp mot ein time, før du vaskar veggen, først med salmiakkvatn og deretter med reint vatn. Det beste resultatet får du om du gjentek operasjonen fleire gonger. Gamlekarane, som brukte dette på trebåtane, påstod at det vart aller best resultat om sola stod på. Hydrogen-

peroksid er eit aggressivt stoff, så du bør alltid bruke hanskar og vernebriller. Dersom det sprutar på handa, så skol godt med vatn. ■ LUTEFISK 10 % kalilut, 100 ml til 10 l vatn Bløytast i eit døgn Lutast i eit døgn Skolast i eit døgn Apotekaren: Eg kan ikkje gå god for denne, men det var denne oppskrifta folk kom for å kjøpe.

■ KALKUTSLAG PÅ MUR Vask muren med rå saltsyre, ca 1 del på 5 delar vatn Apotekaren: Eg hugsar at om muren var riktig gammal, så brukte dei ei sterkare blanding. ■ FESTING AV JARN I STØYP Smelt svovelstenger og tøm svovelen ned i borehola. ■ SMØRING AV VENTILER PÅ INSTRUMENT Bland like delar spikolje og søt mandelolje.

Kontakt oss på tlf. 57 73 11 50 eller e-post steinindustri@landoy.no www.landoy.no

Sjeldan, vakker – og norsk

Brimmen Quarry AS Landøy Steinindustri

Malia Handelshuset ksjonsIntrodu d! tilbo

Berglønn

FØR: Slik såg tømmerveggen ut før behandling med hydrogenperoksidoppløsning 30 %. Her var både blågeit og stygge flekker.

ETTER: Etter fire behandlingar har både dei blåsvarte flekkene av blågeit og flekkene frå vasslekkasjar lysna monaleg.

Det verka! Spenninga var stor då vi skulle prøve om hydrogenpyroksidoppløysinga verkeleg kom til å fjerne blågeita i veggen. Alle erfaringar med vanlege vaskemiddel var dårleg, men alle hovudskallane og åtvaringane på apotekar-

Karibisk rosentre

flaska gav håp om at denne blandinga var det kraft i. Stoffet vart smurt på, og etter rundt ein time vaska vi veggen først med salmiakkvatn og deretter reint vatn. Resultatet, som kom til syne då veggen tørka, var forbløffande. Dei svarte felta vart monaleg lysare, og bleikestoffet hadde nesten fjerna alle spor etter vasslekkasjar.

Vi var likevel ikkje heilt nøgde, så vi følgde rådet til dei gamle båteigarane og gjentok prosessen fleire gonger. Etter fire forsøk, er blågeita framleis synleg, men ikkje lenger avskrekkande, og vi håpar at med eit par behandlingar til, så kan vi seie oss nøgde med resultatet. anne.britt.sandoy@firda.no

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

Kanadisk lønn

Malia har no fått inn fleire parkettar frå Berg & Berg på lager. Berg & Berg er ein liten parkettfabrikk i Sverige som produserar kvalitetsparkett. På grunn av eksakt bearbeiding, perfekt finish og nøyaktig materialval skapar dei golv for livet! Berg & Berg har òg eit eige patentert låsesystem – Svedloc, som er eit ekstremt sterkt klikksystem. Berg & Berg har eit breitt sortiment av ulike treslag og sorteringar, og vi har prøvane!

÷15% rer

rva på lage

gjeld Tilboda .05.08 t.o.m. 16

oss i Du finn -Nord HH 3. etg.

Snakk med vår interiørkonsulent, ho hjelper deg med farge, materialval og gode råd!

MALIA Handelshuset

Handelshuset Nord, 3. etasje Tlf 57 83 26 50 Ope 10-20 Laur 10-16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.