2desember_08_juleforebuingar

Page 1

13 FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

TEMA Juleførebuingar Jo fleire kokkar, jo mindre søl... Når lammerullen skal syast er det godt med fleire hender.

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03


14 TEMA JULEFØREBUINGAR FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

PØLSEMAKING: Med ein pølsekanon går det fort å lage pølser, men det går også greitt å gjere det med til dømes ein grov sprøytepose.

AMERIKANSK: Sying av lammerull er ein kunst. Dette eksemplaret minner mest om ein amerikansk fotball.

ENDELAUS: – Det er ikkje enkelt å finne enden på tarmen, flirer Henriette Kvammen og Marte Søreide.

Når tarmane er gode... FØRDE: – I dag var tarmane gode. Det er lettare å lage julepølse når dei ikkje sprekk heile tida, synest Marte Søreide. ANNE BRITT SANDØY tekst BENT ARE IVERSEN foto

Marte Søreide frå Høyanger sørside og Henriette Kvammen frå Jølster er elevar på kokk og servitør vg. 2 ved Øyrane vidaregåande skule. Draumen er å få lærlingplass ved dei flottaste

■ Inga jul utan julepølse, sylterull og lammerull restaurantane i Oslo, men i dag skal dei lage tradisjonsmat. Fire kilo med grovmale kjøt av hjort, okse og gris skal bli til julepølse.

Julepølse – Det er sikkert enklast å lage eit kilo om gongen heime, om ein ikkje har veldig gode maskiner, trur Henriette. I ein bolle med varmt vatn ligg tarmane. Saltet er skolt av

- Innlogging, Direkte, , 0

dei, og det varme vatnet gjer at dei ikkje sprekk så lett. – Det er viktig at pølsene vert godt stappa, elles blir det luft i det. Ser du at det er mykje luft, så kan du bruke ei nål og stikke hol, for å presse lufta ut. Meter for meter med pølse kjem ut av sprøytekanonen, og vert forma i fine ringar. – Dette er så enkelt at alle kan gjere det, men det er nok

enklast om ein er to og har skikkeleg utstyr, meiner jentene.

Sylterull Når sylterullen skal lagast er det også greitt å vere to. Å dele sideflesket og krydre det er enkelt, men når den skal rullast saman og syast trengst det fleire sterke hender. – Det er lettare å vere to, men det hadde vore endå lettare om

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03

vi hadde hatt ei betre nål, sukkar Henriette, som har funne ein steikjegaffel til å lage hol med, slik at ho greier å sy gjennom den seige svoren.

Lammerull På sylterullen syr ein berre langsida, og skjer fine kantar på kortsidene, medan lammerullen skal syast heile vegen. Den vil sjå finast ut om langsida vert


TEMA JULEFØREBUINGAR 15 FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

OPPSKRIFTER ■ Grove Sunnfjordpølser Dette treng du: 40 % hjortekjøt (eventuelt lam og storfe) 30 % storfekjøt 30 % flesk (eller spekk) Mal det ein gong og bland det godt saman. Krydder pr kg kjøtblanding: 28 g salt ½ ts malt nellik ½ ts malt allehånde ½ ts malt ingefær. Tarmar (kan kjøpast på butikken. Lurt å bestille på førehand) Slik gjer du: Bruk ein eigna mixmaster med kvern med pølsehorn eller pølsestoppar. Dersom du ikkje har det, kan du bruke ein kraftig sprøytepose. Skol tarmane godt med vatn før du brukar dei. Pølsene kan tørkast, men det er ikkje naudsynt. Dersom dei ikkje skal brukast første dagane, bør dei frysast. Pølsene må trekke i vatn eller dampast på toppen av pinnekjøtet i 25-30 minutt før servering. ■ Sylterull Dette treng du: Beinfritt ferskt svineflesk Krydderblanding, til dømes: 5 ss salt ½ ts malt pepar ½ ts malt nellik ½ ts malt allehånde ½ ts malt ingefær Slik gjer du: Del opp sideflesket på langs i om lag ein centimeter tjukke skiver. Ikkje skjer heilt i

gjennom. Strø krydderblandinga jamt i laga og legg 2-3 gelatinplater mellom laga. Rull og sy sida saman. Bind stramt med hyssing og skjer reine kantane. Legg sylterullen i saltlake. Saltlaken skal bestå av 90 % vatn og 10 % salt, som er rørt godt saman. Rullen skal ligge i saltlake i 4-6 døgn alt etter kor tjukt sideflesket er. Pakk inn sylterullen i eit klede og surr rundt med hyssing. Ha så mykje vatn i panna at det dekker rullen og la den koke i 2-3 timar. Press den med kledet på til rullen er kald. ■ Lammerull Dette treng du: Lammesvange Lammebog (Løk) Krydderblanding av: 5 ss salt 1 ts pepar 2 ts gelantinpulver. Slik gjer du: Bruk ei lammesvange. Sy saman to svanger dersom dei er små. Skjer eigna lammekjøt, til dømes lammebog, i litt grove strimlar og legg på svanga. Ha på krydder. Likar du løk, så kan du strø finhakka løk mellom laga. Sy saman. Det vert finast om du syr langsida først. Legg i saltlake på same måte som sylterullen. Om ønskjeleg kan den tørkast før koking. Pakk den i klede og kok den 2-3 timar. Press med klede på.

CONDITORI OLEFINE – K VA L I T E T G J E N N O M G E N E R A S J O N A R –

Ekte julestemning med ekte julekaker La oss hjelpe deg med julebaksten. Vi har sju slag med julekaker, handlaga marsipanfrukt, sjokoladekonfekt og mykje meir!

No har vi starta salet av julekaker og julesnop på alle våre tre utsal.

HARDT: Det er ikkje berre enkelt å sy sylteflesk. Nåla bør vere sylskarp.

sydd først, og kantane til slutt. – Det er litt sånn «husmorhysteri» å skjere vekk alt feittet på lammerullen. Feittet er med på å lage god smak. Det er betre å fylle på med meir magert kjøt,

Eirunn – norgesmeister i konditorkunst 2007

meiner Steinar Lindstrøm, som er lærar for jentene. – Ein annan vanleg feil er at folk krydrar for lite. Då vert det litt slapt i smaken. anne.britt.sandoy@firda.no

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03

Elvegården | Hafstadgården | Kronborg


16 TEMA JULEFØREBUINGAR FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

Slik lagar du julekonfekten FØRDE: Konfekt er ein klassikar både under juletreet og på julebordet. Og ingen smakar betre enn den du lagar sjølv. ANNE BRITT SANDØY tekst BENT ARE IVERSEN foto

SAKA ■ Firda har vore på lynkurs i konfektlaging med Gudrun Berntsen Nyheim og Ole John Berntsen ved Naustdal Dampbakeri i Førde. Gudrun (32) er konditormeister og Ole John (28) er konditor. Saman har dei ansvar for konditoriet til Naustdal Dampbakeri, som faren er deleigar av. – Ekte sjokolade skal smelte på tunga, fastslår Ole John Berntsen. Han fortel at i bakeriet helst brukar sjokolade frå belgiske Callebaut og italienske Icam. – Men du får kjøpe ekte sjokolade i daglegvarebutikken. Freia sin Premium-sjokolade er i alle fall det. Odense har også ekte sjokolade. Vi brukar Lübeck-marsipan, men marsipanen frå Odense er nesten like god. Det som er viktig med marsipan, er å sjå etter at den er laga på mandlar og ikkje på aprikoskjernar. Den vi brukar har 75 prosent mandlar. Det bør ikkje vere under 50 prosent.

Termostat og vekt Ifølgje Ole John er det to ting du må ha, for å få eit godt resultat når du skal jobbe med sjokolade. Det er termostat og vekt.

HIMMELSK: Lekkert både for auge og gane. Laga med omtanke, gitt med omtanke, bør etast med omtanke.

– Temperaturen på sjokoladen er avgjerande for resultatet. Er den for varm, tek det for lang tid før sjokoladen stivnar, og den vert matt og grå i fargen. Sjokoladen som vi smeltar, skal berre brukast til å dypping. Å lage fylt sjokolade frå grunnen, er mykje meir avansert og vanskeleg å få til heime på kjøkkenet. – Du kan ikkje bruke kva som helst. Sjokoladeformer må vere veldig glatte, for at du skal greie å løyse sjokoladen. Profesjonelle former kan fort koste opp mot 400-500 kroner. Heime er det lettast å lage sjokoladar med fast fyll, som berre skal dyppast. Silikonformer er gode når du skal støype karamellar, men det går også greitt å gjere det på gamlemåten ved å tømme karamellblandinga på eit bakepapir og skjere den i bitar.

Julebord Fredag 5. desember: framleis ledige plassar Laurdag 6. desember: (fullt) Fredag 12. desember: lukka lag Laurdag 13. desember:

RETT TEMP: Temperaturen på sjokoladen er avgjerande for resultatet.

Klissete karamellar

– Karamellane må vere litt harde, for å kunne dyppast, men om du synest dei vert for harde, så kan dei varmast på ny $

og tilsetjast litt meir fløyte. Endeleg, etter mykje røring og turar inn og ut av mikroen, held sjokoladen rett temperatur, og vi kan dyppe godbitane. Marsipanbrød, marsipankuler med Grand Marnier, karamellar… – Ta opp sjokoladen med gaffel, slik at det ikkje vert fingermerker og set dei på ei rist, slik at dei får renne av seg. Dersom dei skal dekorerast med salt, nøtter eller anna, så må det gjerast før sjokoladen stivnar.

– Men kva når konfekten sit fast i rista? – Du kan varme steikjespaden med ein brennar. Då lausnar det lett. Endeleg er det tid for smaksprøve. Mmm. Fantastisk. Noko av det beste eg har smakt… – Er det noko meir eg bør tenkje på når eg skal lage det heime? – Hastverk er lastverk. Set av god tid og ver pinleg nøyaktig. anne.britt.sandoy@firda.no

$

$$

$$

$

Årets siste julebord Musikk av Trond Ole Håland

Søndag 14. desember:

Familiejulebord

tønna.no spar.bygstad@ngbutikk.net tlf. 57 71 79 04 / 901 26 667

- Innlogging, Direkte, , 0

VER VARSAM: – For å unngå å øydeleggje sjokoladebitane, er det lurt å varme opp spaden før du flyttar dei, rådar Gudrun Berntsen Nyheim.

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03


TEMA JULEFØREBUINGAR 17 FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

OPPSKRIFTER KONFEKT ■ Mjuk karamell med sjokoladetrekk og maldonsalt. 250g sukker 150g fløyte 30g glukose 400g sjokolade (mjølkesjokolade eller mørk sjokolade) Varm opp fløyte og glukose til kokepunktet. Smelt sukker til mørk karamell. Rør fløyte forsiktig inn i karamellen til alt er blanda. Tøm i form og avkjøl. Når karamellen er avkjølt, deler du den i biter, dyppar den i temperert sjokolade og set den på rist eller bakepapir. Dryss litt maldonsalt over før sjokoladen stivnar. ■ Marsipanbrød med mørk sjokoladetrekk og pistasjnøtter 300g marsipan (med minst 50 % mandlar) 400g sjokolade (med minst 60 % kakao) Rull ut marsipanen til ei pølse på ca 50cm. Del opp pølsa i 10 like store bitar. Dypp marsipanbrøda i temperert sjokolade og sett av på rist eller bakepapir. Dekorer med ei heil pistasjnøtt på kvart brød før sjokoladen stivnar. ■ Sjokoladekuler med likør-marsipan 300g marsipan 30g likør (bruk ein likør eller Cognac som du liker. f.eks: Gran Marnier, Tia Maria, Baileys) 400g sjokolade (helst mørk) Elt saman marsipan og likør i ei kjøkkenmaskin. Rull ut kuler på ca 15g. Dypp kulene i temperert sjokolade og sett av på rist eller bakepapir. Dryss over grovhakka nøtter eller mandlar før sjokoladen stivnar. DYPPING: Ein gaffel kan vere eit godt hjelpemiddel ved dyppinga av sjokoladen, for å unngå fingermerker.

SJOKOLADESMELTING ■ BRUK TERMOSTAT OG VEKT: Temperaturen som sjokoladen skal varmast til, er ulik for mørk og lys sjokolade. Det lettaste er å bruke mikrobølgjeomn, plastbolle og sleikjepott/tresleiv. ■ MØRK SJOKOLADE: To tredeler av sjokoladen skal varmast opp til 60 grader. Då tek du opp i den siste tredelen med finhakka sjokolade. Rør

godt, og sjå til at alt smeltar. Etter det skal ikkje temperaturen overstige 32 grader. ■ MJØLKESJOKOLADE: To tredelar skal varmast opp til 54 grader. Bland i resten, og lat ikkje temperaturen overstige 30 grader. Det er mjølkeprodukta i den lyse sjokoladen som gjer den meir ømfintleg for høg temperatur. ■ Vert sjokoladen for varm, kan du blande i

Familiejulebord Søndag 7. og 14. desember Ta med heile familien på eit koseleg familiejulebord! Prisar kr 295,–, born 0–6 gratis, 6–12 år 1/2 pris. Nissen kjem! Kinosal, leikerom. Gang rundt juletreet.

meir sjokolade og røre godt. Etter ei tid med dypping vert sjokoladen for kald. Då varmar du den opp på ny i mikrobølgjeomnen. Dersom du ikkje brukar all sjokoladen på ein gong, kan den smeltast att seinare, dersom det ikkje er smuss i den. Det er viktig at alt utstyr er tørt. Får du vatn i sjokoladen, så blir den grå uansett temperatur.

BLOMLIA

ÅRETS JULEGÅVE! Kampanje på sesongkort kr

1250,-

Årskortkampanje fram til opningsdag krr 1250,-. Årskortkampanje familie, kort 1 til 3 krr 1250,-, kort 4 og oppover krr 625,-. Korta vert selde hos: Førde: Din Sport, Handelshuset Florø: G-Sport, Snorre Senter Dale: Fjaler profilering, Dale Senter Askvoll: MX Sport, Askvoll sentrum

Hugs: Det treng ikkje koste allverda!

Quality Hotel Førde

■ Kraftig sjokoladekaramell 90 g. mørk sjokolade, 70 % 210 g. sukker 210 g. glukose 30 g. saltet smør 3,3 dl. fløyte Bland alt, bortsett frå sjokoladen, saman og kok opp til 116°C. Rør inn sjokoladen og hell massen i eldfast form med bakepapir. Sett til avkjøling i romtemperatur til dagen etter. Delast opp og oppbevarast i lufttett boks.

Prisarr etterr opning:: Årskort: 1650,- (barn) og 2050,- (vaksen) Dagskort: 140,- (barn) og 180,- (vaksen) Halv dag/kveld: 110,- (barn) og 150,- (vaksen) Enkel tur: 40,- barn/vaksen Studentrabatt: Barneprisar ved gyldig student-/skulebevis

NYTT AV ÅRET: Rail-park, lys i familieløypa og større parkeringsplass

Hafstadvegen 26, Førde Tlf. 57 82 81 10 Fax 57 82 81 11 E-post: adm@forde-hotell.no

VELKOMEN TIL NY SESONG I BLOMLIA!

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03


18 TEMA JULEFØREBUINGAR FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

FORVENTNINGSFULL: Kaia Hegrenes (8) gler seg til advent og jul. Kanskje kjem nissen og kanskje dalar englar ned i skjul...

Kaia ventar på jula FØRDE: Saman med resten av 1.-3. klasse ved Angedalen skule førebur Kaia Hegrenes (8) jula. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Det er tidleg morgon og snøen lavar ned. 15 forventingsfulle born, har vore i gapahuken ovanfor Angedalen skule. Her har dei tent adventslys, sunge og hatt samlingsstund rundt bålet med høgtlesing frå «Den vesle bygda som gløymde at det var jul» av Alf Prøysen. Dei har nes-

ADVENT: Mario Sønnarvik lagar lappar til julekalenderen, men kan ikkje røpe kva oppgåve mottakaren vil få. Kanskje han må vaske opp...

ten gløymt den, ungane også. Ikkje at det snart er jul, men kvifor vi feirar den. – Eg veit ikkje heilt kvifor vi gjer det, men eg likar jula, fordi vi får gåver. Advent er i alle fall å tenne lys. Det er fint med lys, synest Kaia. Fint er det også å komme inn i det varme klasserommet etter å ha klatra i snøtunge tre og laga englar i snøen. – I år ønskjer eg meg ein hund og ei kanin til jul, men eg kan nok berre få ein kanin, for vi har allereie ein katt, fortel Nathalie Rouen Rønnestad (9). – Eg ønskjer meg ein hest som kan snakke og min eigen data, røper Amina Soldal (6). – I jula et vi ein slags julemat nede med besta og dei, seier Sivert Tjønneland (8). – Mmm. Vi et julepølse og sånn kålrabistappe, mimrar Mario Sønnarvik (6). – No hugsar eg det. Vi feirar jul fordi Jesus vart fødd. I Betlehem. Kaia smiler, og Nathalie nikkar. – Det er Jesus sin bursdag. Eg trur han blir 12 år… anne.britt.sandoy@firda.no

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03

SNØENGEL: Frida Indrebø skal lage verdas flottaste snøengel.


TEMA JULEFØREBUINGAR 19 FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

SAMLINGSSTUND: Koseleg med bålbrenning og høgtlesing frå boka «Den vesle bygda som gløymde at det var jul». Frå venstre: Amina Soldal, Turid Ramstad (grøn jakke), Bettina Sofie Steinhovden, Kaia Hegrenes, Mario Sønnervik, Nathalie Rouen Rønnestad, Mirela Zovko, Iselin Botnen, Madelen Hansen, Elias Tefre, Hanna Sønnervik, Sylvia Reinsnos, Frida Indrebø, Lukas Herberger, Anna Belen Håland Milde og Sivert Tjønneland.

Skulen kan ikkje forkynne julebodskapen FØRDE: – Vi skal formidle glede, forventning og nestekjærleik, fortel Sylvi Reinsnos. Kontaktlæraren for 1.- 3. klasse ved Angedalen skule fortel at dei i desember set fokus på jula og den kristne bodskapen, men understrekar at skulen driv formidling, ikkje forkynning.

til FESTBORDET.

– Kristendommen er ein del av vår kulturarv. Når vi formidlar det religiøse, så er det som ei historie. Det er klart at dei får høyre om Jesus, som ligg i ei krubbe og andre ting som høyrer jula til. Vi fortel den kristne bodskapen på same måte som vi ville fortelje historier frå andre religionar. Skulen har både førjulsfest og juleverk-

stad og Reinsnos fortel at det også er tradisjon å gå i kyrkja før jul. – Å gå i kyrkja er frivillig. Dei som ønskjer det får fritak, og vil få eit alternativt opplegg på skulen. Adventskalenderen til dei minste elevane i Angedalen er også litt alternativ. – Vi prøver å tone ned det materialistiske. Ungane dekorerer lappar som vi

heng på adventskalenderen. På baksida står ei oppgåve som skal gjerast heime av den som får lappen. Det kan vere å rydde rommet, dekke bordet, hjelpe til å lage mat, bere ut bosset eller andre ting som ungane kan greie å utføre. Foreldra synest dette tiltaket er veldig positivt. anne.britt.sandoy@firda.no

MAGNOR, God jul servise alle delar Raudvinsglas (239,-) 143,Farris (179,-) 107,-

GREY Y PEARL, alle delar døme: flat tallerk (349,-) 244,kaffikopp m/tefat (355,-) 248,-

÷30% PLATINUM, alle delar døme: flat tallerk (258,-) 154,kaffikopp m/tefat (258,-) 154,-

SILENCE, krystallstaker H. 25,5cm (269,-) 159,18 cm (209,-) 125,30,5cm (395,-) 237,--

Flat tallerk (189,-) 113,Kaffikopp, skål, asjett (299,-) 179,-

÷40% SANS, kakefat 3 storleikar rektangulert/ rundt m/kakespade 249,-

÷40%

GALAXY Y GLAS, alle delar døme: Raudvin (152,-) 89,Farris (116,-) 69,Konjakk (139,-) 83,-

÷40% TRENTO, bestikk, gåvesett 24 delar (1990,-) 1189,-

÷40% VALENCIA, alle delar døme: Middagstallerken (99,-) 59,Dessertskål (49,-) 29,Kaffikopp (98,-) 59,Asjett (59,-) 35,Krus (49,-) 29,-

÷40%

- Innlogging, Direkte, , 0

BONUSGÅVEKORT Du får 100 kroner for kvar tusenlapp du brukar (Kortet kan brukast 7.–31.jan.09)

TROY, dessertserie døme: dessertbolle (39,-) 27,kakefat (145,-) 99,-

÷40% SAMMI, kasserollesett 1,6l + 3,1L (928,-) 459,-

÷30% Velkomen til vår stemningsfulle butikk!

Flaten – Hafstadv. 17, 6800 Førde – tlf. 57 82 18 18

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03


20 TEMA JULEFØREBUINGAR FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

NEI TAKK: Desse gåvene er rett og slett øydeleggjande for julestemninga. Ingen mann vil juble over å finne dette under treet.

Dette vil mannen ikkje ha til jul ■

Arne Hammer i fri harselas over bra og håplause gåver til mannen

FØRDE: – Kona bør vite kva mannen ønskjer seg til jul, meiner Arne Hammer, som etterlyser meir omtanke og energi bak julegåvene. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

For å illustrere kva ein mann absolutt ikkje vil ha til jul, har han teke med ein pose med velmeinande skrekkeksempel.

Nytt sete til … Ei fleecelue – lang nok til å brukast som skjerf, telyshaldar, potteplante, og så. opp av posen dreg han ei flaske dansk kirsebærvin. – Eg får gåsehud. Kor mange gonger har vi ikkje spydd av dette i ungdommen. Hammer irskar seg. Vidare openberrar det seg ein figur, som kan formast i ulike vinklar og gjere det lettare å lære seg å teikne menneskekroppen, ei barnsleg nakkestøtte og… – No tar det heilt av! Opp av posen dreg han eit toalettsete i mørkt tre.

Kjekk ting til heimen, men. – Vil du ha dette til jul då? Dei fleste menn elskar dvd-ar, men ikkje i alle sjangrar. Hammer vart ikkje spesielt glad då han fekk «The Hours», som handlar om «tre kvinner i tre tidsperioder, hvor hver og en drives frem og bindes saman av same redsel og same litterære verk». – Skjønner du problemet? Filmar er bra. Eg likar science fiction og sånne heilt umogelege ting med superheltar. Det er show og gjev assosiasjonar til barndommen. Vi hadde berre NRK, og leika mykje superheltar. No bur eg saman med ei kone og to døtrer og dei er ikkje interessert i superheltar i det heile teke. Dette behovet skjønar dei berre ikkje. Dei bør tenkje på at om dei skal glede mannen i sitt liv, så skal dei ikkje kjøpe noko dei sjølv har lyst på.

Høgst på lista kjem… Små born skjønar heller ikkje at far har andre behov, og kjøper gjerne leikar.

- Innlogging, Direkte, , 0

JA TAKK: – No snakkar vi gåver, meiner Arne Hammer.

– Det er heilt greitt at små ungar gjer det, men etter kvart som dei veks til, må det vere lov å stille krav. Oftast får dei jo pengar til å kjøpe gåvene. – Kva med heimelaga gåver? – Det som ungane lagar kjem i ein eigen kategori. Dei har brukt energi på å lage det, og då vert det alltid bra. Kona bør også bruke energi på å finne på noko. Får eg eit vanleg gåvekort vert eg litt skuffa, men om det er

eit gåvekort med omtanke og energi bak... Ofte har ho eit innebygd talent for å vite kva eg treng. Både ting eg er klar over at eg treng og ting eg ikkje veit at eg treng. Klede kjem i den siste kategorien. Hammer har også stilt ut ei avdeling med gåver som mannen vil elske. Elektriske duppedittar, verktøy, golfutstyr… – Det er det som er den store

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03

tragedien for oss mannfolk. Overgangen. Den første jula du ikkje får noko å leike med. Det er ingen kjekke ting, berre nyttige. Den jula var ei grufull oppleving. Han fiklar litt med mobiltelefonen på bordet. – Det er berre tull at ein ikkje kan verte lukkeleg av ting. Dei som trur det har vore i feil butikk. anne.britt.sandoy@firda.no


TEMA JULEFØREBUINGAR 21 FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03


22 TEMA JULEFØREBUINGAR FIRDA TYSDAG 2. DESEMBER 2008

Er julebaksten tørr som politikken... Tor Bremer (Ap) Yrke: Fylkesvaraordførar Bustad: Hafslo Favorittkake: Peparkaker – Peparkaker er tingen. Dei er gode, og pepar er eit fantastisk krydder. Desse kakene gjev assosiasjonar tilbake til dei tider då juleevangeliet vart skrive og krydderet som kjem frå Austen. For meg er dei ei oppleving i verdshistoria.

■ Desse

julekakene får politikarane sine stemmer

Nils R. Sandal (Sp) Yrke: Fylkesordførar Bustad: Byrkjelo Favorittkake: Krumkaker – Eg vil ha krumkaker. Det har vi hatt sidan eg var liten. Det er tradisjon, men eg tek gjerne smoltringar også. Oppskrift? Det er mor mi, Aslaug, som har oppskrifta. Og forresten, eg likar delfiakake også. Eg er ein resar på kaker, skjønar du.

JULEBAKST: Mange synest politikk er tørt og politiske kranglar smaklaust. Gjeld det same for «politikarkaker»? Firda har teke ein ringerunde til representantar frå alle dei politiske partia på fylkestinget, for å få oppskrifter på julefavorittane deira. Bak sjølv, og finn ut kva kake som får di stemme.

Trude Brosvik (KrF) Yrke: Ordførar Bustad: Eivindvik Favorittkake: Besta-kaker – Desse er både gode og fine på fatet. Det er ein slags nøttemasse med ei nøtt på toppen. Oppskrifta har eg fått hos svigermor, difor kallar vi dei Besta-kaker.

Marit Barsnes Krogsæter (V) Yrke: Lærar Bustad: Florø Favorittkake: Silkekaker. – Eg bakar mykje, men dette er favoritten. Dei er svarte og kvite, ikkje så veldig søte og passar godt til kaffien. Mykje betre enn sjakkruter. Oppskrifta har eg fått frå mor mi. Jostein Kvalsvik (Frp) Yrke: Driftssjef i Umoe IKT Bustad: Førde Favorittkaker: Kransekake – Det er berre ei i heile verda som gjeld: Kransekake. No er eg diabetikar, så eg kan dessverre ikkje ete noko særleg av den, men eg må nett smake… Mathias Råheim (H) Yrke: Trygdesjef i Gaular Bustad: Viksdalen Favorittkake: Kransekakestenger. – Kransekakestenger er desidert dei beste. Dei passar godt til kaffien og er både søte og gode. Eg bakar ikkje sjølv, men er så heldig å få ein del frå gode vener. Norvall Nøringset (SV) Yrke: Lærar Bustad: Førde Favorittkake: Julemenn – Julemenn og smoltringar er dei to favorittane mine. Må eg velje, så er det julemenn. Her snakkar vi om både baking og tradisjon. I dag ser eg at raudfargen vi brukte under dekoreringa var svært viktig, he-he.

POLITIKARKAKENE ■ Peparkaker (Bremer) 300 g meierismør 2 dl sirup 4 dl sukker 2 dl kremfløte 1 ts nellik 1 ts ingefær 2 ts pepar (1 ts svart pepar og 1 ts kvit pepar) 4 ts kanel 2 ts bakepulver ca. 900 g kveitemjøl SLIK GJER DU: Bland smør, sirup og sukker i ei panne. Varm opp til sukkeret er heilt smelta. Ta panna av plata og la blandinga verte litt kaldare. Rør i fløyten og sikt i krydder, bakepulver og det meste av mjølet. Rør alt saman til ei jamn deig. Lat den stå kaldt til neste dag. Elt deigen i litt mjøl på bor-

det og kjevle den til den er omtrent 3 millimeter tjukk. Stikk ut forskjellige figurkaker og steik dei gyllenbrune ved 175 grader i ca 10 minuttar. Avkjøl kakene på rist. ■ Krumkaker (Sandal) 4 egg 125 g sukker 120 g margarin 125 g kveitemjøl 120 g potetmjøl ½ - 1 dl kaldt vatn SLIK GJER DU: Rør alt godt saman. Ta ei litt stor teskei med røre på det varme jarnet. Klem det godt saman, slik at kakene blir tynne. Steik dei lysebrune og krum dei over ein stokk. Oppbevar dei i ein tett boks, slik at dei held seg sprø.

- Innlogging, Direkte, , 0

■ Besta-kaker (Brosvik) 150 g hasselnøtter (malast) 2 dl sukker 2 egg 2 dl kokosmasse SLIK GJER DU: Visp egg og sukker og bland resten oppi. Sett kakene på steikebrett og legg ei heil hasselnøtt på toppen til pynt. Steik på 175 grader i ca 12 minuttar. ■ Kakemenn (Nøringset) 1 kg kveitemjøl 1/2 kg sukker 100 gr.smør 17 gr. hornsalt 2,5 dl.mjølk «Litt» vatn SLIK GJER DU: Sukker vert løyst opp i mjølka og saltet løyst opp i kokande

vatn. Blandar saman ingrediensane og let deiga stå kaldt til neste dag. NB! Viktig å male julemennene/figurane i julefargane raudt og grønt. Steikast på 200 grader i 10 minutt. ■ Silkekaker (Barsnes Krogsæter) 200 g smør 150 g sukker 200 g kveitemjøl 100 g potetmjøl 1ts bakepulver 1ts vaniljesukker 1ss kakao SLIK GJER DU: Rør smør og sukker kvitt, rør mjøl og bakepulver i. Del deiga i to, og rør kakao i den eine. Lag to stenger av kvar sort og legg i sikksakk.( Lurt å la dei

- 193.215.6.253 05.12.2008 08:52:03

stå kaldt ei stund). Skjer i skiver og steikes lysebrune ved middels varme, 200 grader i 5-8 minutt. ■ Kransekakestenger (Råheim) 250 g mandlar 250 g melis 2 eggekvitar 100 g sjokolade 2 ss kaffi SLIK GJER DU: Mal mandlane og sikt inn melis. Gni inn eggekvitane og elt deigen godt saman. Trill deigen ut i veslefingertjukke pølser og del i lengder på ca 10 cm. Steik kakene ved 200 grader i 6 – 7 min. Avkjøl. Smelt sjokoladen i kaffi over svak varme og dypp endane

av kransekakestengene i sjokoladeglasuren. ■ Kransekake (Kvalsvik) 250 g skolda mandlar 250 g uskolda mandlar 500 g sikta melis 3-4 eggekvitar (alt etter storleik på egga) SLIK GJER DU: Mal mandlane. Bland inn melis og eggekvitar. Så kjem det viktige: Forvarm deiga ein time på 100 grader. Kjøl den litt ned og rull ringar. Steik i Høyangringar i 15-18 minutt på 150 grader. Desse vert garantert seige.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.