Tema Motor 1.april 2008

Page 1

11 FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

TEMA Motar og trendar

Framtidas trendskaparar 1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

Elevane på Design og tekstil, ved Mo og Jølster vidaregåande skule skapar sine eigne klede. Ein gong i framtida skapar dei kanskje dine også. Side 22–23


12 TEMA MOTAR OG TRENDAR FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

Gult og grått er vårens fargar ■ Ricco

Vero-designarane gir deg motetips

MOTE: Vår- og sommarkolleksjonen til konfeksjonsbedrifta Ricco Vero i Olden har fått svært gode kritikkar på motemessa i Oslo. Her får du gode motetips og smakebitar av kolleksjonane som er designa av Kjersti Kvamme og Charlotte Larsen.

MOTETIPS TIL DAMER

MOTETIPS TIL HERRAR

Frå Ricco Verodesignar Kjersti Kvamme

Frå Ricco Verodesignar Charlotte Larsen

FARGAR OG STIL

FARGAR OG STIL

■ Gult, grått og kvitt er dei store hovudfargane. Gult er heilt klart den viktigaste trendfargen. ■ Elles er det meste lov med fargar, men ikkje bland for mykje. Det skal vere delikat og sofistikert. ■ Nesten alt er lov. Køyr gjerne ein personleg stil. ■ Store jerseyskjerf i ulike fargar er kult. – Men ikkje bruk den såkalla Mette-Marit-knuten. Knyt det framme, gjerne litt laust. ■ Kryssmiks: Brukar du tronge bukser, bør toppen vere litt laus og omvendt. ■ Lange, enkle toppar, gjerne med skjerf eller store smykke

■ Hovudfargen er grått i ulike nyansar. Highlightfargane i vår er blått i alle nyansar, raudt og offwhite. Mot sommaren også gult, lime, rosa og lavendel. ■ Det sporty er viktig når vi snakkar stil. Byt ut jeansen med ei slank (gjerne farga) bomullsbukse.

HEILT NYTT ■ 70-talsbukser ■ 60-talets futuristiske fasongar og grafiske print

HEILT NYTT ■ Sporty casual: Bruk gjerne sporty sko til dressen. Kvite sko og kvitt belte er kjempetøft. Kast slipset og bruk heller eit tørkle i brystlomma på jakka. Fargane på tørkleet kan godt matche sokkane. ■ Skjorter med kinakrage. ■ Preppy-look: Dressbukse med frakk og genser med v-hals, slik at skjorta og slipset viser.

FRAMLEIS IN

■ Smale, lange bukser ■ Capribukser ■ Slakke, gode linbukser ■ Tunika

■ Slank silhuett på buksene. Både buksa og jakka skal passe godt, og ikkje vere to nummer for stor. ■ Trenchfrakkar held framleis stand, men det er mindre vanleg med dobbeltspente frakkar. No skal dei vere enkeltspente og med færre detaljar. ■ Mot sommaren vil vi nok sjå att mykje rutete linbukser og capribukser.

HEILT UTE

HEILT UTE

■ Bar hud, for korte toppar og djupe utringingar. (No skal det vere casual chic). ■ Bukser med trykk (spesielt blomar og dyreprint, men ruter er greitt).

■ Charlotte Larsen meiner det ikkje er heilt riktig å snakke om at ting i herremoten er «ute». Men det som er mindre vanleg i år, er blazer og slips. Slips må sjølvsagt brukast til konfirmasjon, bryllaup og andre høgtidsame høve, men det er ikkje trendy.

FRAMLEIS IN

RICCO VERO ■ Ricco Vero AS vart etablert i 1986 og har hovudkontor i Olden. ■ Ricco Vero AS har eit budsjett i 2008 på ca 80 millionar kroner og har 30 tilsette.

I 2007 omsette bedrifta for 70 millionar. ■ Ricco Vero har i alle år vore eit klemerke for menn, der den moderne dressen har vore identitetsberaren.

■ I 2002 vart RICCOVERO WOMAN etablert av Kjersti Kvamme, og denne kolleksjonen står no for 40 prosent av omsetninga. .

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

STUDIO 54: Knallfarga 70-tals jerseykjole. Foto: Morten Quale, Ricco Vero


TEMA MOTAR OG TRENDAR 13 FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

FEM OM MOTAR Malin Klokkernes (19) Bustad: Florø Yrke: Pedagogikkstudent ved Universitetet i Bergen og Frøken Norge-deltakar. – Eg følgjer litt med på moter, men det viktigaste for meg er at det er komfortabelt og at eg føler meg vel i det eg har på meg. Eg brukar mest genser og jeans, som er tronge nedst. Eg er ikkje så begeistra for dei som er vide nede. Favorittfargane er svart, grå, kvit og beige. PÅ BYEN: Modellen til venstre har tunika med skimmerdekor og sekstitals tulipanprint og kvitt blyantskjørt. Modellen til høgre har oversized chinosbukse, topp og trendy gul skinnjakke. Foto: Morten Quale, Riccovero

MODERNE: Skjorte med kinakrage og slank dressjakke.

DRAPERING I LIVET: Ricco Vero coctailkjole med drapering i livet. Denne kan brukast med eller uten stropper.

Eirik Risnes Kjønås (19) Bustad: Førde Yrke: Russepresident ved Hafstad vidaregåande skule. – Eg er eigentleg mindre oppteken av moter enn det andre kanskje trur, men tenkjer sjølvsagt på korleis eg kler meg. Eg likar å handle på Marcel, og har ein del merkeklede, fordi eg synest dei ser stiligare ut og har betre kvalitet enn andre. Myrtel Janne Thomassen (49) Bustad: Stryn Yrke: Leiar i kulturavdelinga i Stryn kommune. Tek til i den nyoppretta stillinga som kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane 1. mai. – Eg er interessert i moter og følgjer godt med. Er veldig oppteken av tilbehør som til dømes smykke og armband, og leitar alltid etter spesielle ting når eg er ute og reiser. Eg er også veldig glad i sko. Kleda mine er ofte nøytrale, men skoa kan vere veldig spesielle. Kjell Fonn (61) Bustad: Førde Yrke: Lensmann – Moter har eg eit avslappa forhold til. Det som er viktig er at eg trivast i kleda, og at det eg har på meg ikkje er heilt utgått på dato. Eg brukar kona som konsulent, elles hadde det nok gått hakkande gale. Det er eg sikkert ikkje åleine om. Sissel Kråkås (29) Bustad: Hardbakke Yrke: Rekneskapskontrollør – Eg trur eg har det same forholdet til moter som alle andre på min alder, men som småbarnsmor er eg vorten meir oppteken av at det må vere praktisk. For tida er det lite høge hælar, og mykje fjellsko eller joggesko. Men eg likar å kle meg fint når det passar sånn.

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

VÅRENS SPENNANDE MOTAR ER HER! DAME:

Jakke 799,Skjørt 659,-

HERRE: Blazer 1199,Bukse 699,-

Marco Tozzi, damesko, kvit

499,-

Ecco fritidssko

999,Jenny by Ara, damesko

699,Ecco, herresko

999,Caprice anti-shock, damesko

599,-

Marco Tozzi, damesko, svart

359,-


14 TEMA MOTAR OG TRENDAR FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

No kjem «blautkakene» igjen MOTE: Etter mange år med enkle og stilreine brudekjolar er trenden igjen på veg mot dei meir overdådige «blautkakekjolane». ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

TRENDY: Brudekjolar med drapering i livet er mest populære. – Draperinga gjer at bruda verkar slankare, opplyser Eva Hovland, som driv Brudesalongen i Førde.

Trenden i Europa går mot meir dollete og puffete brudekjolar Eva Hovland

– Trenden i Europa går mot meir dollete og puffete brudekjolar, opplyser Eva Hovland, som driv brudesalong i Førde. Men dei fleste brudene i Førde går framleis for dei enkle kjolane. Rysjar vil dei ikkje ha og kjolane skal ikkje vere kritkvite, men meir eggeskalsfarga, eller ivory, som det kallast på fagspråket. Kjolar utan arm er mest populære, men utringinga har endra seg frå dei som er rett over til dei meir avrunda. Ein del vel også kjolar med halterneck eller selar.

Raudvinglas, 6 stk i gåveeske 396,NO 294,-

utvalde delar

Ein annan trend er at forlovarane og gjestene pyntar seg meir. Hovland opplever ein større etterspurnad etter gallakjolar no enn tidlegare år. – Det er faktisk ingen som i dag kjøper svart kjole til eit bryllaup. Det er ikkje så mange år sidan det såg meir ut som eit gravferdsfølgje når folk pynta seg til bryllaup, meiner brudespesialisten. Bryllaupsmoten for brudgommen har endra seg lite dei siste åra. Dei alle fleste menn vel sjakett med gråstripete bukser, grå vest og kravat, også kalla kalvekryss, i halsen.

– Kjolar med drapering i livet er det eg har selt mest av dei siste tre åra. Desse kjolane er enkle og samstundes utruleg slankande. Eva Hovland har også eit godt utval i sko, slør og diadem. Ho har slutta å selje undertøy, men har framleis strømper og korsett. – Det er mange som ikkje vil ha slep,

Scena

Gallery service

Gjestene pyntar seg meir

Drapering slankar

FESTDAGAR

men dei aller fleste vel slør og diadem. Sløra skal vere lange, diadem og smykke i strass. Slik har det vore i alle fall dei siste fem åra. Perler har vore ute lenge. Dei fleste brudekjolane vert sydde i Kina og er like rimelege å kjøpe som det var å leige for ti år sidan. I fjor var det berre tre bruder som leigde kjole hos Hovland. Så langt i år er det berre ei. – Det er helst veldig spesielle kjolar ein kan leige. Du kan få kjøpe ein flott brudekjole til 4500 kroner, men vi har dei som kostar over 10 000 kroner også, fortel Hovland.

FØRDEBRURA: Slike kjo

anne.britt.sandoy@firda.no

BÅTLIV Vår med regn i lufta og sjøbein...

÷40% EKSEMPEL:

Krus 69,- NO 41,-

Flytevest

ord. 229,-

Flat tallerken 99,- NO 59,-

Classic bestikk gåvesett, 24 delar

÷40% EKSEMPEL:

1499,- NO 899,-

129,-

NO NO

Platinum service

÷40% Tallerken 258,- NO 155,Kopp m/tefat 258,- NO 155,-

EKS.:

Rosemary krystallstakar

Regnjakke, 3 fargar

Regnbukse, svart

ord. 499,-

ord. 236,-

349,- NO149,-

NO NO

459,- NO 320,389,- NO 270,-

Årets brudepar Alle som legg inn bryllaupsønskjeliste hos oss, får ei overrasking, og er med i trekkinga om 3 gåvekort på Tilbords på kr 25.000,-

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

Mån–fre 8–16.30 laurdag 10–14.00

Sydvest, støvlar og redningsvest finn du også i vår butikk.

Øyrane 1, 6800 Førde – Tlf. 57 82 94 71


TEMA MOTAR OG TRENDAR 15 FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

olar er populÌre i Førde.

LITT BLAUTKAKE: Slike kjolar vil Europas bruder ha. Trenden har enno ikkje slege an i Førde.

BRUDGOM: Bryllaupsmoten for brudgommen har endra seg lite dei siste ĂĽra. Dei alle fleste vel sjakett med grĂĽstripete bukser, grĂĽ vest og kalvekryss i halsen.

!,6/ '!.4 ).7%!2

*EAN 0AUL JAKKER FÂ?R Nk

5JMCVEFU HKFMEFS U P N BQSJM

6)# (!.$%,3(53%4 ) &ÄŚ2$% TLF. 57 82 28 11 6)# %,)!33%. ) 342!.$'!4! ) &,/2ÄŚ TLF. 57 74 60 10

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FĂ˜RDE

*%!. 0!5, -!2)/ #/.4) 2)##/6%2/ 3!.$ 6)#4/2)!


16 TEMA MOTAR OG TRENDAR FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

FRIIS & CO. Kjøpt i Førde. Dansk design. Pris: 400 kroner.

VINTAGE VESKE frå 80-talet. Kjøpt på eBay frå Australia. Pris ca 100 kroner.

LOUIS VUITTON SPEEDY 30. Fransk design. Kjøpt i Brisbane, Australia. Pris ca 5000 kroner.

L.A.M.B FOR LESPRORTSAC. Design av Gwen Stefani. Kjøpt på eBay for ca 500 kroner.

EMILIO PUCCI. Kjøpt på Ebay for ca 1500 kroner. Nypris 2640 kr.

GUSTTO SETELA. Amerikansk designar. Nypris: 3600 kroner. Betalte halv pris grunna produksjonsfeil.

DAVID LAWRENCE. Australsk design. Kjøpt i Brisbane, Australia. Pris ca: 500 kroner.

VINTAGE CHRISTIAN DIOR. Fransk design. Ca 1970. Pris: 500 kroner. Kjøpt på eBay.

LOUIS VUITTON SPEEDY 30 MULTICOLORE. Kjøpt i Amsterdam. Pris: 11 000 kroner.

VESKE FRÅ LINDEX i Førde. Pris 199 kroner.

BALENCIAGA CITY. Kjøpt i Italia. Pris: ca 8000 kroner.

VESKEDILLA: Karin Flølo elskar dyre vesker. Desse tre veskene har ein samla verdi på 24 000 kroner. Heile veskesamlinga hennar er verdt om lag 50 000 kroner.

FENDI SPY. Italiensk design. Kjøpt brukt på Finn.no. Nypris: 13 000 kroner. Karin fekk den for 5000.

VINTAGE VESKE. Kjøpt på marknad i Brisbane, Australia. Pris: 10 kroner.

HELLO KITTY. Kjøpt i London. Pris ca 200 kroner.

KONVOLUTTVESKE frå 1970. Kjøpt på eBay frå Australia. Pris ca 100 kroner.

DAVID LAWRENCE, Australsk designar. Kjøpt i Brisbane, Australia. Pris ca 500 kroner.

gjere det. Eg var blakk nok som det var, men ein dag bestemte eg meg og gjekk rett inn i ein butikk og kjøpte ei Louis Vuitton-veske til 5000 kroner. Då var eg selt. Avhengig. Då den første grensa var overskreda, så var det ikkje langt til neste. Eit halvt år etter kjøpte eg meg ei til 11 000 kroner, fortel Karin. I mellomtida kjøpte ho seg også ein del australske designarvesker av merket Mimco. Dei har ho ikkje lenger. Den blakke studenten måtte selje dei til søstera si, noko ho angrar bittert på i ettertid. – Dei sel ikkje det merket i Europa. Eg har prøvd å finne det på eBay, men har ikkje greidd det. Derimot har ho funne andre vesker har ho i hopetal på den nettsida. – Eg er mykje inne på den sida og ser, og har kjøpt mange vesker på nettet. – Er du ikkje redd for å kjøpe forfalskingar? – Det er ulike teikn du kan sjå etter, for å unngå å kjøpe «katta i veska». Første bod er å ikkje slå til på billege vesker.

Ingen sel ein ekte Louis Vuitton for 300 dollar. Ein kan også sjå om mønster stemmer på fargen og korleis saumane er sydde. Plagiata manglar også ofte nøkkeltags. Er det plastikk rundt Louis Vuittonveskene, så er dei garantert falske. Direkte importert frå Kina, fortel Karin Flølo.

TREND: Karin Flølo frå Førde er hekta på designarvesker. Favoritten er ei Louis Vuitton til 11000 kroner. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Den har eg brukt på Treskeværket mange gonger. Sidan ingen har visst kor eksklusiv veska er, så har eg berre slengt ho frå meg i ein stol. Det lyt eg vel kanskje slutte med no, ler Karin Flølo. Firda-journalisten har alltid hatt veskedilla, men avhengig vart Karin først då ho studerte journalistikk i Brisbane, Australia. Der var det fleire eksklusive veskebutikkar, og ho la merke til at mange gjekk rundt med flotte vesker. For eit og eit halvt år sidan var det gjort.

Hekta på dyre vesker

Avhengig – Det tok lang tid før eg gjorde det. Eg lurte faktisk i fleire år på om eg skulle

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

Har komme seg i Førde Ho meiner at veskeutvalet i Førde har komme seg dei siste åra, og at det verkar som om det er trendy å bruke pengar på vesker og anna tilbehør. – Men eg trur at Diesel er det dyraste merket du kan få her. Vil du ha ei Louis Vuitton, må du til Oslo eller på eBay. No er dei ei Chanel-veske som står høgast på ønskjelista. Dei kostar frå 12 000-14 000 kroner og oppover. Men økonomien tilseier ikkje eit slikt kjøp med det første. – Som resten av samfunnet satsar eg på eit godt lønsoppgjer til våren, flirer Firda-journalisten. anne.britt.sandoy@firda.no


TEMA MOTAR OG TRENDAR 17 FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

■ «Alle» har bryllaupslister I dag er det heilt vanleg at brudepar legg inn ønskelister hos ulike butikkar. – Du får presangar likevel, så du kan gjerne legge inn liste. Då får du det du ønskjer deg, seier Birgitte Flaten Steinhovden. Ho meiner at det rett og slett er miljøbevisst å levere inn lister. – Dersom du er meir bevisst på kva du vil ha i hus, så vert søppelberget mindre. Kjøp kvalitet, i staden for ting som vert kasta etter kort tid, rådar ho.

■ Slik dekker

du bryllaupsbordet

FAVORITTFAT: Dette fatet frå New Wave er eigentleg ein middagstallerken, men ifølgje Birgitte Flaten Steinhovden brukandes til det meste. – Eg brukar det til kaker, kubbelys, som ostefat, til salat og grillmat og masse anna, fortel ho.

Minimalismen er på veg ut ■ No skal det vere litt meir av alt TRENDAR: No er bestemor på full fart inn i interiørbiletet. – Det skal vere litt meir av alt. Meir gull og kopar, kråkesølv og gammaldagse ting, seier butikksjef og interiørkonsulent Birgitte Flaten Steinhovden. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto – Det er rett og slett litt meir bestemor i moten. Det kjem inn ein del nye ting som minner meg om dei tinga ho likte. Gammaldagse og landlege ting. Det vert rett og slett ein slags bestemor-retro, konkluderer Birgitte Flaten Steinhovden i Flaten Tilbords i Førde. Det er mykje duse fargar i interiørbilete no, og form og fasongar liknar på ting vi har sett før. – Kort oppsummert kan vi seie at det skal vere feminint lyst tre, grå pas-

Trenden er at folk gjerne kombinerer gammalt og nytt. Nokon er opptekne av røter, og kva folk hadde før. Birgitte Flaten Steinhovden

tellar, «støvete» fargar og lyst og landleg som «bestemors hage». For dei som føler at bestemor-retroen vert for bleik, så kan Flaten Steinhovden fortelje at også sterke kick fargar, som gult og grønt, prikkemønster og graffiti- inspirert mønster frå 80 og 90 talet er på full fart inn i trendbiletet. – Trenden er at folk gjerne kombinerer gammalt og nytt. Nokon er opptekne av røter, og kva folk hadde før. Mitt inntrykk er at bruken av antikvitetar er på veg oppover, seier Flaten Steinhovden, som meiner at det no rett og slett er ein trend å vere interiørinteressert. – Det verkar som folk er meir opptekne av å presentere ein stilig heim. Eg registrerer at fleire og fleire vel å ha selskap heime, fordi dei meiner det er upersonleg å møtast ute. Dei er også flinke til å sjå mogelegheiter, og finne på eigne ting i staden for å herme etter naboen.

RETRO: 70-talet kjem igjen på kaffisetta også. Dette heiter Disk Blue.

– Eit festbord må vere enkelt og smakfullt. Bruk gjerne kvitt som hovudfarge, rådar butikksjef og interiørkonsulent Birgitte Flaten Steinhovden. Ho understrekar at det er viktig å gjennomføre det tema ein har bestemt seg for, uansett om ein dekker til 20 eller 200 gjester. – Ikkje begynn å rote til med ulikt dekka bord og ulike fargar, sjølv om du skal dekke til mange, ber Flaten Steinhovden. Hennar råd er å bruke berre få fargar i tillegg til det kvite. Det er også viktig at ein dekkjer borda ferdig før ein begynner å pynte. – Basis er duken, servise, glasa, bestikket og lysestakane. Deretter kjem pynten, med utgangspunkt i brudebuketten, understrekar ho. Det enkle er ofte det beste, men av og til kan ein enkel detalj vere nok til å øydeleggje eit vakkert dekka og pynta bord. Vakre krystallglas og billege vassmuggar passar ikkje så godt saman. Det ser heller ikkje bra ut med ei blanding av sarte og heftige fargar på pynten. Ho rådar alle til å dekke eit prøvebord heime, for å teste ut om samansetninga fungerer og ser ut slik ein har tenkt. Sjekk også kvaliteten på lysa du vil bruke. Det er ikkje kjekt om dei sprakar og osar. – I eit bryllaup er det brudeparet og brudebuketten som skal pynte opp. Godt over halvparten av gjestene vil ha på seg dress eller mørke kjolar, og det er gjestene som dannar ramma rundt bordet. Dersom ein vel å bruke mange fargar, så vil det sjå vimsete og billeg ut, meiner interiørkonsulenten.

■ – Lat konfirmanten

bestemme sjølv

– Det er konfirmanten sin dag. Lat hovudpersonen få bestemme tema og pynt, sjølv om du som mor eller far helst ville ha gjort det annleis, seier Birgitte Flaten Steinhovden, som understrekar at vi her snakkar om unge folk og deira fest. – Desse ungdommane har gjerne noko som er spesielt for dei. Det kan vere ei interesse, ein gammal leike eller noko anna. Det spørst om konfirmasjonen skal gjerast til ein morosam eller alvorleg dag. Eg veit om fleire som til dømes har hatt fotball som tema for pyntinga. Ho fortel at dei mest populære fargane på konfirmasjonspynten dei siste åra har vore turkis, lime og sterk rosa, men også ein del vel kraftige fargar som svart og oransje. – Av og til prøver mødrene å gripe inn så diskret dei kan med kommentarar som «Jammen dette passer ikkje så godt til sofaen vår» når ungane er med og vel fargar. Slik vert sikkert eg også, smiler Flaten Steinhovden, som likevel meiner at ungane her bør få viljen sin. – Det er deira dag. Dei vert tidleg nok vaksne.

■ Heilt ute GOLDEN FROG: No er gull og kopar på veg inn att i interiørbiletet. Dette serviset heiter Golden Paisley. Stilreint og enkelt i eggekvitt med blondemønster og kopar/gullkant. Ein artig detalj her er frosken som held bestikket.

anne.britt.sandoy@firda.no

NESTE SIDE: SLIK ER DET HEIME HOS INTERIØRKONSULENTEN 1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

Dette er ting du bør unngå, meiner interiørkonsulent Birgitte Flaten Steinhovden: ■ Nipsete små ferieminner ■ Ølkrus ■ Miniatyrflasker ■ Tørka blomar ■ Nedstøva stearinlys. Brenn dei opp! ■ Keisame furumøblar. Gi dei gjerne eit strøk lys maling og skift skapknottane, slik at dei får eit landleg og romantisk uttrykk. Eit tips er å flytte vitrineskåpet ut på badet til handklede, eit anna er å setje det ut i hagen til å ha hagereiskap og blomsterpotter i.


18 TEMA MOTAR OG TRENDAR FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

Hot med hårband ■ MOTE: – Hårband er både trendy og superpraktisk, melder www.inside.no. Nettsida slår fast at hårband er perfekt anten du skal på party eller på shoppingtur med venninnene dine. Det er også løysinga om du har dårleg tid framfor spegelen. – Gjer som kjendisane og la hårbandet bli ein del av looken, oppfordrar www.inside.no.

BAD: Badekar med løveføtter set eit nostalgisk preg på badet. Legg merke til at det er matchande handklede i hylla. Det er ei av kampsakene til interiørkonsulenten.

■ PANGSTART FOR GALLERI SØR: Fredag flytte Rammeriet inn i nye lokalar i Sentrum Sør. Samstundes endra butikken namn til Galleri Sør, Rammeriet. – Vi har no fått fire gonger så stor plass som tidlegare, og vil heile året ha salsutstillingar av ulike kunstnarar i tillegg til rammeridrifta, fortel Heidi Nyhammer. Dei første kunstnarane med utstilling i Galleri Sør er glaskunstnaren Vidar Koksvik frå Naustdal og malaren Stein Kåre Nygård frå Ekornes. – Eg er kjempenøgd med opningshelga, og har stor tru på konseptet med å ha butikk og galleri i same lokale, seier Nyhammer.

GAMMAL SOFA: På kjøkkenet har Birgitte ein gammal sofa. Ho har fjerna ryggputene og lagt eit sengeteppe over. Mange lause puter og eit gammalt røykjebord skapar eit koseleg og innbydande inntrykk.

FRÅ ENTREEN: Heimekoseleg og levande med gamle bilete i ulike rammer, skilt, pynteting og dei nyaste skoa.

Bob eller hippie ■ HÅRTREND: I år skal det vere langt, flagrande hår med midtskill eller ein kort bob, melder Det Nye. Fletter er også på full fart inn i motebilete.

ALLTID DUK: Birgitte Flaten Steinhovden må ha duk på middagsbordet. Ho kjøper stoff i metervis, og syr gjerne eit par tre like, slik at det er berre å skifte når den vert skiten. Stryking er ikkje naudsynt, meiner interiørkonsulenten.

LAGEKROK: Midt mellom stova og kjøkkenet har Bettina (7) og David (5) sin eigen «lagekrok» på oldefars gamle kontorbord.

Birgitte lovprisar bestemor FØRDE: – Eg har vore umoderne i mange år, røper Birgitte Flaten Steinhovden og ler. Men no er bestemortrenden på full fart inn i interiørbiletet att, og Birgitte jublar. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Firda har invitert seg sjølv på heimebesøk til interiør-

FAKTA Birgitte Flaten Steinhovden (35) ■ Bustad: Angedalen, Førde ■ Yrke: Eigar av Flaten Tilbords og interiørkonsulent. ■ Sivilstad: Gift med Bård, to barn: Bettina (7) og David (5). ■ Motto: Eg heng meg opp i detaljar, men ikkje i bagatellar.

konsulenten, for å sjå interiørdetaljar hos ein proff. Allereie i entreen er det tydeleg at minimalismen ikkje har fått gjennomslag hos familien på fire i Angedalen. Bilete i ulike rammer heng tett i tett saman med gamle skilt. På ein kommode står eit par knallraude sko. Det er siste investeringa på skofronten hos skogale Birgitte. Det er sko over heile huset. Dandert på hyller, plassert på golvet. Flott å sjå, men upraktisk ved

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

støvtørking og helgevask.

Alltid duk – Alt som er praktisk er gjerne kjedeleg, påstår Birgitte Flaten Steinhovden. Det er kanskje difor småbarnsmora har duk på middagsbordet til kvardags. – Stunda rundt middagsbordet vert koselegare og meir avslappa då. Sjølv om vi har ein hektisk kvardag, så skal vi ete uansett. Då kan vi like

gjerne sitje der med ein ustrøken duk, lys og serviettar. Det treng ikkje vere meir enn det. Det blir på ein måte meir ro rundt bordet. Ungane seier «No kosar vi oss». Heilt til dei begynner å krangle om kven som skal blåse ut lysa, ler Birgitte. Heime hos interiørkonsulenten er det rom for både vaksne og barn. Under trappa i stova står ungane sitt «lagebord». Her står teiknesaker, målesaker, spel og

anna som born på 5 og 7 år har stadige behov for. På kjøkkenet heng kunstverka dei har produsert, både med og utan ramme. Desse kunstverka er det næraste ein kjem sterke fargar og den grafittistilen som no er ein annan trend i tida.

Kosmetisk fornying – For dei som ikkje likar det gammaldagse og koselege, så kjem nok den stilen til å slå an, men eg trur ikkje den vil det hos


TEMA MOTAR OG TRENDAR 19 FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

Høge hælar og glam

Norsk design i Førde

Hippietrend

■ SKOMOTE: - Den klassiske pumpsen er attende i ny og frekkare versjon, melder Det Nye. I vår vert det mykje lakk og metalliske overflater. Hælane vert skyhøge. – Perfekt som ein rå kontrast til jeans, som er så lange at berre litt av skoen viser, meiner motebladet.

■ FØRDE: Bonito i Handelshuset sør satsar på spesielle klede som ein ikkje finn i kjedebutikkar. Den store målgruppa er damer over 30 år, som ikkje er redd for å vise att i terrenget. – Ein treng ikkje reise til Oslo, for å finne klede frå norske designarar som skapar klede til trendsetjarar som til dømes kronprinsesse Mette-Marit og Pia Haraldsen. Klede frå moteskaparane TIMO (Tina Molatt) og EPILOGUE (Eva Emanuelsen) har vi i butikken, medan vi skaffar klede frå meir eksklusive TSH (Tina Steffenakk Hermansen) på bestilling, fortel dagleg leiar Arnhild Mallasvik hos Bonito.

■ MOTE: Vanessa Rudjord meiner at flate gladiatorsandalar og kvite plastsolbriller vert eit must til våren, saman med fotside kjolar i botaniske mønstre. Heile buksedressar og plagg med svulstige rysjar, vil også slå an, fortel Costumeredaktøren til Dagbladet.

VINTERHAGEN: Dette rommet ligg mellom den nye og gamle delen av huset. til venstre ser vi ei gammal seng, som stod på låven då Birgitte og mannen overtok huset. På veggen har ho hengt opp ein topp som er for liten med ein pels til ti kroner, som ho aldri har brukt.

trenden Sjølv om vi har ein hektisk kvardag, så skal vi ete uansett. Då kan vi like gjerne sitje der med ein ustrøken duk, lys og serviettar. Birgitte Flaten Steinhovden

oss som var unge på den tida. Eg er i alle fall ferdig med graffitien, ler ho. På kjøkkenbenken står svarte potteskjularar på rekke og rad. Flaten Steinhovden er lei av den svarte fargen, men likar forma på krukkene. Difor skal dei målast. Slike små kosmetiske endringar driv ho med heile tida. Likar ein forma, men ikkje fargen, er det betre å fornye det enn å kaste og kjøpe nytt. På den måten kan ein setje sitt eige preg på ting, sam-

stundes som ein er miljøbevisst. – Dette er min stil, og ikkje noko eg prøver å overføre til andre, presiserer interiørkonsulenten. – Eg likar gamle ting, andre synest det er søppel. Når eg arbeidar for andre, så er eg lydhøyr for deira ønske. Det kan vere alt frå hjelp til plassering av møblar, for å skape betre romkjensle, til større oppussingsprosjekt. anne.britt.sandoy@firda.no

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

FARS HJØRNE: Gamle bruskassar frå Hansa og Asina er flotte til å oppbevaring av blad med blant anna hotte babes og raske bilar.

HARRY: – Eg er nok litt harry, ler Birgitte Flaten Steinhovden. Ho har stor sans for Marilyn Monroe, og andre nostalgiske ting.


20 TEMA MOTAR OG TRENDAR FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

70-tals trend på skofronten ■ SKOMOTE: – Vårens skomote matchar 70-tals stilen på klede, og stikkord for våren er rund tupp, open tå og grove hælar, for ikkje å gløyme innslag av brunt, melder Det Nye. Dei skriv vidare at årets hottaste sandalar er anten superglamorøse i gull eller sølv, gjerne med pyntesteinar, eller skinnsandalar inspirert av romartida med reimar og spenner som viktige detaljar.

Har du berre råd til eitt nytt plagg ■ MOTE: – Skal du berre kjøpe deg ein ny ting i år, så må det vere ein kul, enkel topp i knallfarge. Dersom du skal unne deg eit litt dyrare plagg, så må det vere ein tidlaus, men trendy Trench i god kvalitet eller ei kul oversized parkasjakke. Alt passar perfekt med smale kvite eller lyseblå jeans, rådar Ricco Vero designaren Kjersti Kvamme.

– La utstyret henge fritt ■ TREND: Dette er Victoria Beckham si oppfordring til gutane. – Ikkje dra buksene opp og stram til. La det henge, er rådet hennar når ho no kjem med sin nye jeanskolleksjon, dVb, for menn. – Eg synest at gutar bør ha store og lause jeans, med eit par store støvlar eller sandalar – akkurat som David når han brukar jeans og T-skjorte, seier Victoria Beckham i følgje Daily News Record.

Dei ti mest sexy yrka ■ TREND: Ei undersøking CareerBuilder.com har utført blant lesarane sine viser at dette er dei ti mest sexy yrka: 10. Nyhendeopplesar 9. Bygningsarbeidar 8. Militærmann/kvinne 7. Artist 6. Sjukepleiar 5. Cowboy 4. Brannmann 3. Idrettsutøvar 2. Servitrise 1. Modell Kjelde: www.inside.no

TRE GENERASJONAR: Marit Grepstad, Karianne S. Grepstad og Marit Løvfald kledde til fest i antrekk frå stormotebutikken Zizzi.

Litt trendy Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR Heime hos meg er det trendy. Men også totalt utrendy. Det kjem rett og slett an på kvar du ser og korleis du ser det. SOM BIRGITTE FLATEN er eg litt hekta på bestemor-retroen. Problemet er at det har eg vore i mange år. Eg er kanskje trendy no, men samstundes så er ein visst berre trendy om ein føl moten sesong for sesong. Eg har hoppa bukk

over fleire stilar, og berre flaks gjer at delar av interiøret mitt no er på full fart inn i trendbiletet. Ein del av møblane mine er også ekte shabby chic. Dei ser ikkje berre ut som dei er slitne og godt brukte. Dei er det. Falsk shabby chic, som du kjøper, er sikkert meir trendy, men dei ekte har også sin sjarm. Enn så lenge. Så snart minstejenta og katten har fått vit, så ryk dei ut. FOLK I DAG brukar utruleg mykje pengar på interiør og kunst. For nokon står design i høgsetet, for andre er det antikvitetar. Bruktbutikkane fløymer over av ting som folk ikkje har plass til. Vi har rett og slett alt for mykje, og veldig mykje av det vi har, ønskjer vi at vi aldri hadde hatt. For dei mest trendy og stil-

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

sikre, så kan presangar frå vener og familie av og til vere meir ein belastning enn ei glede. Gåvene matcher ikkje i den trendy heimen. IKKJE ALLE SPEKULERER i slike kreative løysingar som det ekteparet, som var

Berre flaks gjer at delar av interiøret mitt er på full fart inn att i trendbiletet. «velsigna» med tanter som elska å gje bort nusselege pynteting. Dei løyste problemet på sin spesielle måte: I leilegheita hadde dei eit skåp, der dei samla alle tante-gåver. Alle var sirleg merkte med

til- og frå-lapp. Kvar gong ei tante skulle komme, så vart skåpet opna og alle gåvene frå akkurat den tanta henta ut og sirleg dandert. Når tanta reiste, måtte gåvene inn i skåpet att. Ein god ting å gjere, for ikkje å såre tanta, men kanskje det er på tide å slutte med presangar om det skal vere på den måten. MEN FOR DEI fleste av oss, så er stilen likevel ikkje så gjennomført, og vi vert glade for det vi får. Vi har ein heim, ikkje eit utstillingsvindauge. Vi pussar opp når vi er lei og ikkje fordi trenden seier det. Vi kjøper ein ny ting som passar med dei vi har frå før, utan å byte ut alt. Kanskje det mest trendy, trass alt, er å trivast med det du har. anne.britt.sandoy@firda.no


TEMA MOTAR OG TRENDAR 21 FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

TØFF: Karianne S. Grepstad i mønstret collegejakke og baggycapri.

KVARDAGSFIN: Marit Grepstad (74) i grøn heklajakke med pynt i halsen, svart bukse og singlet. Strassmykke.

KVARDAGSFIN: Marit Løvfald (48) med svart haremsbukse, mønstrete tunika og raudt skjerf.

Sjå på desse store og flotte damene ■ Storleik 56 er inga hindring for å sjå lekker ut FØRDE: Utvalet i klede for frodige damer er betre enn nokon gong i Førde. – Her handlar eg mykje fint. Eigentleg alt for mykje, ler Marit Løvfald frå Eikefjord.

ZIZZI ■ Dansk kleskjede som sel moteklede til damer i str. 42-56. ■ Zizzi vart grunnlagd i 2000, og har no over 100 butikkar i fleire land. ■ Butikken i Førde er eig av Dag Skåre og Grethe Fonn Skåre. ■ Zizzi i Førde fører klesmerka Zizzi (for vaksne damer), Zay (finklede) og Zizzi Jeans (meir røffare klede for dei yngre). I tillegg sel dei støvlettar med ekstra vidde i leggen, smykke og sjal.

ANNE BRITT SANDØY tekst ARNE STUBHAUG foto

Ho er godt nøgd med både utval og sørvis i stormotebutikken Zizzi i Hafstadgården. Her fører dei danske klede i str 4256 til alle aldrar og til overkommelege prisar. – Nye kundar, som kjem innom, vert gjerne positivt overraska over at det går an å kjøpe spreke klede med god fasong også til store kroppar, fortel Karianne S. Grepstad, som er dagleg leiar på Zizzi.

Figursydde Saman med farmor Marit Grepstad (74) frå Bulandet og Marit Løvfald (48) er

slik at vi kan kle oss skapeleg og ikkje i telt, som har vore alternativet i mange år, konstaterer ho. Karianne fortel at det er dei små storleikane, altså storleikane 42-48 som først vert utselde. – Eg trur kanskje at dei som er størst har gjeve litt opp å finne fine og moteriktige klede som passar dei, seier Grepstad. Det myten skal ho motbevise. Frå velfylte stativ dreg ho fram både lekre festantrekk, toppar og kanskje ikkje minst kvardagsjeans. Basisplagget i dei fleste garderobar.

Alle kan bruke fargar Karianne (25) i full gang med å plukke ut klede til fotoseansen med Firda. No skal folk få sjå at store damer i alle aldrar kan kle seg like fikst, som dei utan eit gram for mykje på kroppen. – Danskane har skjønt at også store damer treng klede som er figursydde, men som er spesielt tilpassa stormote,

Til jenta i ditt

– Vi har skikkeleg fine dongeribukser til dei aller fleste modellar. Anten du har stor eller lita rumpe, stor eller liten mage, tynne eller tjukke bein, så skal du kunne finne ei god bukse her. Vi har også fått inn ein ny modell spesielt for dei med stor mage og tynne bein, opplyser Grepstad. Ho er varsam med å gje mange generel-

TRENDIGE OG TØFFE FRISYRAR til kvardag, fest og bryllaup Kom og møt oss i våre rolege og behaglege lokale i Kyrkjevegen (bak Domus).

SØLVSETT ørepynt og anheng m/ kjede 90 cm

Velkommen til Bysalongen; June, Malin og Margrethe

285,-

Coop Extra - Førde - tlf. 57 83 44 80

le råd om korleis store damer bør kle seg. – Det kjem heilt an på både høgde, form og fasong. Dei som er høge har det lettare, dei kan gjerne bruke litt lange jakker. Men trekk aldri ein genser godt ned på rumpa, for å skjule den. Det verkar mot si hensikt. Dersom du har stor overkropp og tynne bein, kan gjerne side overdelar få deg til å sjå ut som ei tønne. Tunika går heller ikkje alltid så godt til storvokste. Ein bør i alle fall passe på at snittet går i underkant av bysten, rådar Karianne Grepstad, som helst vil ha damene inn i butikken, slik at dei kan prøve sjølv. Mørke fargar er rekna som slankande, men Grepstad meiner at det vert feil å einsidig satse på det. – Det er kjekt å eksperimentere litt med fargar no som det går mot vår og sommar. Dersom samansetninga er rett, så vert resultatet sletters ikkje verst med litt mønster og fargar.

www.christophersen.no

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

Bysalongen gir medlemmar i studentsamfunnet 10% rabatt på all hårpleie. (Gjeld ikkje produkt)


22 TEMA MOTAR OG TRENDAR FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

Desse kleda finn du ikkje i but ■ Framtidas trendskaparar

viser fram eigne kreasjonar

MOTE: Dei ni jentene, som går andre året på Design og tekstil ved Mo og Jølster vidaregåande skule, har skapt fantastiske og originale kreasjonar i skuletida. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Det er morosamt å lære og sy og få bestemme sjølv korleis kleda skal sjå ut. Då får ein ting som ikkje alle andre går med, meiner Hilde Nygård (17) frå Stryn. Ho og dei andre på Design og tekstillina viser stolt fram kreasjonane dei har designa og sydd sjølve. Her er det klede til både kvardag og fest. Miniskjørt, dongeribukser, kjolar og toppar i alle fasongar heng og ligg rundt om i klasserommet. Det er febrilsk og fnisande stemning medan jentene gjer seg klare til moteoppvisning for Firda. Nokon har gløymt å ta med passande sko, andre manglar eit skjørt. Men med litt låning og improvisering vert dei klare til fotoseansen. Denne gongen stiller dei som modellar sjølv, men kanskje ein gong i framtida har dei profesjonelle til det, medan dei sjølv haustar applausen på

moteveka i Oslo eller på eit av motehusa i Paris.

Kompetansemål Det ligg mykje arbeid bak kvart plagg. Elevane må plukke ut kompetansemål som dei skal gjennomføre og lære medan dei arbeidar med prosjekta sine. – Plagga viser ulik vanskegrad ut frå kva elevane designar og kva kompetansemål dei vel, opplyser lærar Siv Flekke. I tillegg til å beherske ulike saumteknikkar, både for hand og på maskin, må dei blant anna kunne teikne mønster, ta korrekte mål, tilpasse og justere kleda og kjenne til behandling og kvalitet på ulike stoff. – Vi må kjøpe alt stoffet sjølv. Det er grisedyrt, sukkar Ailin Loen (17) frå Loen. – Det går også an å sy om klede, eller prøve å få fatt i billigare stoff på nettet. Men det er ikkje så lett om ein må ha det med ein gong. Då er Førde einaste alternativ, seier Siv Flekke.

Skomakar Marianne Tomassen Skudalsnes (17) frå Førde har valt fordjuping i skomakarfaget, og viser, i tillegg til klede, fram fire eigenproduserte sko-par. Resultatet frå to praksisveker hos Dale Sko. Den dyktige ungjenta har fått tilbod

om lærlingkontrakt hos skofabrikken, men har enno ikkje bestemt seg for om ho vil takke ja, eller heller ta eit påbyggingsår, for å få generell studiekompetanse. Dei fleste jentene satsar på å ta eit påbyggingsår, sidan det omtrent ikkje er lærlingplassar å få innanfor deira fagområde. Unntaket er, i tillegg til Marianne, Kari Ervik (44) frå Stad, som har gode sjansar til å få læringsplass i Florø. Agne Chomiciute (17) frå Breim satsar også alt på å få praksisplass til hausten. – Eg elskar å sy spesielle klede og bruke fantasien. No håpar eg veldig på ein lærlingplass, men eg får ikkje svar før til sommaren, fortel Agne. anne.britt.sandoy@firda.no

DESIGNARSPIRAR: Elevane ved 2DTA ved Mo og Jølster vidaregåande skule viser fram eigne kreasjonar. Bak frå venstre: Marianne Tomassen Skudalsnes (17) frå Førde, Agne Chomiciute (17) frå Breim, Ailin Loen (17) frå Loen, Karianne Fossheim (17) frå Skei, Stine Olset Øvrebø (17) frå Stongfjorden, Hilde Nygård (17) frå Stryn og Kari Ervik (44) frå Stadt. Framme frå venstre: Linn Kristin Beinnes (18) frå Olden og Hanne Raad Larsen (17) frå Breim/Skei.

Byens store utval i lekkert selskapstøy til den store dagen! Kjole

3899,-

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE


TEMA MOTAR OG TRENDAR 23 FIRDA TYSDAG 1. APRIL 2008

tikkane – enno

NESTE TEMA I FIRDA KJEM 15. APRIL:

Båtliv TIPS OSS OM: ■ Gode råd om oppussing ■ Båtbyggjarprosjekt ■ Nytt utstyr til båten ■ Dei ekstreme entusiastane ■ Segl, motor eller padleåre? Kva er den ultimate opplevinga? ■ Ramsalte båt- og fiskehistoriar ■ Kjenner du nokon som skal på jordomsegling eller ei andre spennande båtreiser? Ta kontakt med Firdas tema-journalist Anne Britt Sandøy – tlf. 951 42 957 E-post: anne.britt.sandoy@firda.no

F

SKOMAKAR: Marianne Tomassen Skudalsnes frå Førde har fått tilbod om lærlingplass ved Dale Sko. Desse skoa har ho laga under utplassering der.

FESTFINE: Karianne Fossheim (17) frå Skei, Hanne Raad Larsen (17) frå Breim/Skei og Kari Ervik (44) frå Stadt.

1727 - SELJESETH ANNE, FOSSHEIMBAKKEN 5, 6800 FØRDE

JEANS TEE POLO KNICKERS SHIRTS SHORTS JACKETS SWEATS TOP DRESS LEGGINS SCARF KNIT OVERALL BELT CARGO PANTS SKIRT PANTS SHOES ACCESSORIES...

ulle hyller NYTT MERKE:


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.