15april_08_baat

Page 1

TEMA BÅTLIV 15 FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

Foto: Helge Johnsen

TEMA Båtliv

Der storfisken bit 30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

Medlemmene i Florø Havfiskeklubb reiser fylket rundt på jakt etter rekordfisken og den gode opplevinga. Her halar Gunnar Nødseth inn ei lange på 22 kilo på ein fisketur vest for Bulandet. Håvard Halsøy er skipper. Side 20–22


16 TEMA BÅTLIV FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

Første frihamn for båtfolket i F FLORØ: – Legg vi til rette for båtfolk, så kjem dei. Så enkelt er det, seier to av eldsjelene, Geir Gåsøy og Svein Brendø, i Florø Båtforening. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Dei har vore dei største pådrivarane for å få bygd uthamna, eller frihamna som dei kallar det, på Hillersøy nord for Vevlingen. I haust vart det på dugnad bygd kai, platting og gangbru, i tillegg til flytebryggje og bøyer, slik at båtfolk, som oppsøkjer øya,

får ein trygg stad å leggje båten.

Allmenn ferdsel – Mange kvir seg på å ta turen ut til område som ikkje er lagde til rette, og vi håpar på denne måten at tilreisande skal ønskje å opphalde seg lenger i området og at dei lokale skal få nok ein stad dei kan reise til, fortel Geir Gåsøy. Han fortel om positive møte både med grunneigar Gunhild Bjelland, kommune og fylkeskommune. Sidan dette er eit prosjekt som oppfordrar til allmenn ferdsel i strandsona og som er gratis å bruke, så er det lettare å få løyve til å få

byggje i 100-metersbeltet. Alt arbeidet med frihamna, som har plass til om lag ti båtar, har vore gjort på dugnad. Svein Brendø trur dei har lagt ned nærare 600 arbeidstimar på anlegget. Trevirke, tau og flytebryggjer er finansierte med støtte frå Florø Båtforening og sponsorar, som ser nytten av slike trivselsskapande tiltak.

Fleire hamner Gåsøy understrekar at for næringslivet sin del, så kan dei faktisk auke omsetnaden ved å støtte tilrettelegginga av slike uthamner. Ei undersøking frå 2003 viser at båtturis-

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

ten i snitt legg att 1000 kroner i døgnet. – Får vi 400 båtar meir til området i løpet av eit år, så utgjer det faktisk 400 000 kroner for dei lokale forretningane. Slike frihamner, som den på Hillersøy, er det mange av i Sunnhordland og Rogaland, men så vidt Gåsøy og Brendø kjenner til, så er dette den første i Sogn og Fjordane. – Vi ønskjer å realisere fleire liknande prosjekt i løpet av 2008, dersom vi får løyve frå grunneigarar og myndigheiter. Vi treng også fleire sponsorar, for å kjøpe inn materiale og flytebryggjer, som vi kan leggje ut på øyar der det er gode bade- og fiske-

ELDSJELER: Svein Brendø og Geir Gåsøy er to av eldsjelene i Florø Båtforening, som har fått laga den første frihamna i Sogn og Fjordane. No ønskjer dei å lage fleire, og frir til både velvillige grunneigarar og sponsorar.

høve. Vi har sett oss ut hamner på Ålvora, Bakaren og Stårøya, og kjem til å ta kontakt med grunneigarane der, for å

høyre om dei er interesserte i eit samarbeid med oss, opplyser Gåsøy og Brendø. anne.britt.sandoy@firda.no


TEMA BĂ…TLIV 17 FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

BĂ…TLIV VĂĽr med regn i lufta og sjøbein...

Flytevest

ord. 229,-

129,-

NO NO

Regnjakke, 3 fargar

Regnbukse, svart

ord. 499,-

ord. 236,-

349,- NO149,-

NO NO

Mün–fre 8–16.30 laurdag 10–14.00

Sydvest, støvlar og redningsvest finn du ogsü i vür butikk.

Ă˜yrane 1, 6800 Førde – Tlf. 57 82 94 71

íśź íśź

TA MED BREIBANDET TIL SJĂ˜S! FRIHAMN: Bilete frĂĽ arbeidet med frihamna pĂĽ Hillersøy. Her er det bygd kai, platting og gangbru. Flytebrygga er ogsĂĽ komen pĂĽ plass. Neste prosjekt for dugnadsgjengen er ĂĽ byggje grillhytte og utvide plattingen. Foto: privat

Florø

Det er mykje du kan nytte breiband til i büten, i tillegg til alt det du vanlegvis nyttar det til. Sjekk vêret, finn sjøkart, sjekk om det er ledig plass i marinaen eller send bilete av fangsten pü epost. Alt du treng er ein berbar PC og eit USB modem. Dü har du nett sü lenge du har mobildekning. Med mobilt breiband frü Telenor für du:

-Fri bruk pĂĽ kveldar og i helgar -Rimeleg mĂĽnadspris

1,-

USB-modem til berre kr

Hillersøy Batalden

Hellefjorden Vevlingen

NÌrøyane

(Totalpris første ür kr 2017,-)

Fujitsu-Siemens Esprimo Mobile V5535

Fanøya

Ă…rebrotsfjorden

Skorpa

med 12 mnd. binding til MobiltBredbĂĽnd Kveld&Helg.

FLORĂ˜

Ă…lvora

Mobilt Bredbünd Kveld & Helg – for deg som surfer pü fritiden

M540, 15,4WXGA, 1GB, 160GB, VHB

MĂĽnedspris

119

MĂĽnedspris med USB-modem*

168

Kveld og helg (man-fre 17.00-07.00,

0

helg fra fre 17.00-man 07.00)

Ă…lvora Reksta

Stürøya

Vassreset

Stavøya

3.980,-*

Bakaren

Rekstafjorden Oddane

Stavang

Askrova 0

8 km

Bruk dagtid

inkl. USB-modem

* Prisen føreset binding til Telenor Mobilt Breiband Kveld og Helg i 12 mnd., totalpris 12 mnd. kr 5.996,–. Ord. pris PC utan mobilt breiband kr 4.490,–

Maks 50 per dag

Over mobilnettet / over WLAN

5 per MB / 1,25 per min

Etablering (nye kunder) * MĂĽnedsprisen reduseres til 119,- etter 12 mĂĽneder Andre priser gjelder i utlandet VilkĂĽr pĂĽ telenor.no/mobil

NĂĽ: 0

Brufjorden

www.mobildata.no

Š Jeppesen / Statens kartverk

FLEIRE HAMNER: I tillegg til frihamna pĂĽ Hillersøy, har Florø BĂĽtforening sett seg ut aktuelle hamner pĂĽ Ă…lvora, Bakaren og StĂĽrøya som framtidige frihamner.

30065 - SĂ˜RBĂ˜ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FĂ˜RDE

MobilData Førde.

Naustdalsvegen1 b, Elvegürden, 6800 Førde

Tlf. 48 00 18 88


18 TEMA BÅTLIV FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

■ Firda spør kjentfolk om deira forhold til båt og båtliv

Anna Elisa drøymer om eiga ferje

Anna Elisa Tryti (49) Bustad: Naustdal / Yrke: Rådmann – Eg likar veldig godt båtlivet, og har segla både til Færøyane og Shetland. Over ein treårsperiode budde vi faktisk i seglbåt i Sandviken, Bergen. Det fungerte heilt flott, også med baby, og det var minimalt med husarbeid i ein båt på 40 fot. For tida har vi ein 32 fots stor seglbåt. Sidan vi har to små barn, så held vi oss langs kysten. Den optimale ferien for oss, er å dra av garde på vestlandskysten mellom Stad og Boknafjorden med fjellstøvlane om bord. Ved å gå opp på fjelltoppane får vi både eit fabelaktig utsyn over området og trim. Vi legg gjerne turen til dei ytste små hamnene mot havet. Rognaldsvågen, Kinn og Kinnaklova er utruleg flotte område. Det same er Bulandet, Værlandet og Alden. Kystlandskapet her er utruleg fasinerande. Når eg vert pensjonist, skal eg flytte om bord i ei lita ferje eller ein liten lastebåt. Der er det er plass til både ein eventuell rullator og Mini Morrisen.

Nandor Helgheim (36) Bustad: Førde / Yrke: Dagleg leiar, Enivest

Olve Grotle (44)

Gunhild Bjelland (65)

Bustad: Førde / Yrke: Advokat

Bustad: Store Batalden / Yrke: Turistvert og biletkunstnar

– Eg er ikkje nokon båtentusiast, og har eit todelt forhold til båtlivet. Det første er arbeidsmessig. Eg voks opp i Bremanger, og jobba som torskefiskar på Bremangerpollen om vintrane fram til eg var ferdig i militæret. Det var tidleg opp, og ofte eit hardt slit, men kjekt også. Det andre er som brukar av småbåt om sommaren. Eg er litt plaga med sjøsjuke, så havsegling er ikkje noko for meg. Vi har ein liten steady med påhengs som vi brukar for moro skuld på småturar med ungane. Fisking driv vi ikkje med.

– Vi bur på ei øy, og det er nok få som har meir bruk for båt enn oss. Men vi reknar den som eit praktisk framkomstmiddel, og brukar den ikkje til ferie. Då reiser vi med ekspressbåten til hytta vår midt i Bergen sentrum, der vi får dekt våre urbane behov. Eg jobba tidlegare i skuleverket og pendla på jobb med eigen båt. Det gjer at eg er van med å handtere båtar i alt slags vêr. Den siste store båten vi hadde, var ein Hansvik kombisjark, men no har vi berre robåtar med påhengs, både til turistane våre og til eige bruk.

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

– Mitt forhold til sjø og båtliv avgrensar seg til sporadiske opplevingar på Atløy med svigerfamilien, eller med robåt på Jølstravatnet. Eg er altfor rasjonell til å drive med stongfiske. Det er meir til irritasjon enn glede. Men eg likar godt å drive med både oter og flytegarn på Jølstravatnet, og rekordfiskane har ein tendens til å verte større og større for kvar gong eg fortel om dei. Langturar er ikkje noko for ein landkrabbe som meg. Eg hadde nok vorte mykje liggjande over rekka. Dagsturar er tingen.

Tine Kroppan Holvik (37) Bustad: Florø / Yrke: Butikksjef, Økland Libris – Eg elskar sjølivet og har segla mykje i utlandet, Blant anna har eg segla over Atlanteren og vore fem gonger i Karibia. Eg konverterte til motorbåt etter at eg kom saman med mannen min, Stein Kjetil. Dei siste ti åra har vi brukt alt av feriar og helgar på sjøen med motorbåt. På ferie med båt har du med deg hytta, og det er ein triveleg og sosial måte å reise på.


TEMA BÅTLIV 19 FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

2008 Askeladden Commuter 8 Klar for levering! Be om informasjon og pris!

– ER DU KLAR FOR BÅTSESONGEN? Ta servicen no og få båten klar til dei fine vårdagane som ventar oss. Skal du bunke, skifte sinkanode eller kanskje du har lyst på ny kartplottar? Kanskje båten treng ein skikkeleg overhaling? På verkstaden har vi teknikarar som kan «alt om båt». Med den 16 tonns store krana vår får vi båten din smertefritt opp på land og tilbake i sjøen igjen. Vi gjer jobben lett for deg.

Uttern D66 med 2,8 210 HK CMD

veil kr.

616.900

Askeladden 565 Wasper TopLine/Mercury 135 Opt. veil kr.

336.200

Silver 580 Shark CC m/Mercury 115 Optimax

veil kr.

297.900

Arvor 215 med VW 100 HK

365.700

veil kr.

Vi har oppgradert butikken vår... Mange gode tilbod. Kom innom!

Rullesett Kr. 35

SEAJET bunnstoff Kr. 225 Vaskebørste Kr. 235

Fuktslukar Kr. 199

GELCOAT polish/voks Kr. 235 Poleringsmaskin Kr. 589 SEAJET båtvask Kr. 79

Maskeringstape Kr. 10

Ordretelefon: 57 75 14 80 • Ordrefaks 57 75 14 89 post@solheim-diesel.no • www.solheim-diesel.no – Avd. Måløy, tlf. 57 85 21 00 • faks. 57 85 21 01

SØNNAK batteri Kr. 1299

C-TECK lader Kr. 1099

Du treff oss på båtmessa i Florø!

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


20 TEMA BÅTLIV FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

NAPP: John Davy Oddekalv (t.v.) og Inge Ødegård fiskar etter steinbit, sei, uer, lange og brosme vest for Bulandet.

Byggjer båthotell i Naustdal NAUSTDAL: Brørne Terje og Frode Gamlestøl har kjøpt anlegget til Naustdal Fiskefarm, og har planar om å gjere det om til båthotell og marina. ANNE BRITT SANDØY tekst – Inntrykket mitt er at folk passar godt på båtane sine. Har du ein båt til to millionar, så ligg den ikkje berre og sleng, meiner Terje Gamlestøl. Han er overbevist om at det er ein marknad for båthotell i Naustdalsområdet. I vinter hadde brørne åtte båtar på lager. Fleire ønskte plass, men det var ikkje plass i dei eksisterande lokala. No vel

dei å smi medan jarnet er varmt. I tilegg til ny hall, så satsar dei på å lage til sørvisverkstad, leggje ut flytebryggjer og utbetre vegen ned til området. Ein truck som kan løfte båtar opp til fem tonn skal vere på plass allereie i morgon. – I dag har vi to hallar, som samla er på 200 kvadratmeter. Vi håpar at vi i løpet av året skal få bygd ein tredje hall på 600 kvadratmeter.

Har du ein båt til to millionar, så ligg den ikkje berre og sleng Terje Gamlestøl

Dersom planane går i boks, så vil Gamlestøl tilsetje ein eller to nye medarbeidarar, som kan hjelpe til med drifta av hotellet og verkstaden. Brørne Gamlestøl er også dei einaste forhandlarane i Norge av båtmerket Regal frå USA. Terje driv verksemda i Naustdal, medan broren Frode har salskontor i Oslo, der største marknaden er. – Vi konsentrerer oss mest om båtar i prisklassen frå 250 000 og opp til ein million kroner. Den dyraste vi har selt så langt, kosta om lag fire millionar, fortel Terje Gamlestøl, som karakteriserer Regal som «solskinsbåtar», fordi dei har kalesje. anne.britt.sandoy@firda.no

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

SJØVETTREGLANE ■ 1. Bruk typegodkjend båt Ta med naudsynt utstyr: auskar, årer, tollepinnar, tau, dregg og lykt ■ 2. Rett deg etter vêr og vêrvarsling. Bruk båten berre i farvatn som den passar for. ■ 3. Ha godkjent flyteutstyr til alle om bord. ■ 4. Vis omsyn overfor andre og miljøet. Ta med pose for søppel. ■ 5. Ver utkvild og edru når du fører båt. ■ 6. Sei frå kvar du dreg, og kor lenge du vert vekke. Ta med kart og kompass. ■ 7. Sitt roleg i småbåtar. Skal nokon byte plass, må ein reise seg om gongen. Bruk fottøy med gummisolar. ■ 8. Ha rett brannsløkkingsutstyr i båten. Lær å bruke det. ■ 9. Hald deg ved båten om den kantrar, og rop om hjelp. ■ 10. Følg trafikkreglane til sjøs, hugs å vike i tide. Respekter fartsavgrensingane. Kjelde: Sjøvettkampanjen, Sjøfartsdirektoratet


TEMA BÅTLIV 21 FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

■ Sportsfiskarar er ikkje som andre fiskarar

Med perler, paljettar og børstemakk i kjøleskåpet FLORØ: Fleire fiskestenger, mapper med pilkar fulle av perler og fjas og ekstra luktestoff til agnet. – Ikkje ein gong katten vil ha det, seier formannen i havfiskeklubben.

TERJE ROSNES

■ Alder: 41 år ■ Bustad: Havreneset, Florø ■ Yrke: Sveisar hos Vest Industri Service AS ■ Sivilstand: Sambuar, tre born ■ Aktuell: Leiar i Florø havfiskeklubb og lidenskapeleg hobbyfiskar.

ANNE BRITT SANDØY tekst

For Terje Rosnes og resten av medlemmene i Florø Havfiskeklubb, er fisking både kunst og vitskap. Når dei barske mannfolka i fylkets einaste havfiskeklubb møtest på kveldstid, står gjerne binding av nye taklar med lysande perler og paljettar på programmet. Intense diskusjonar om beste agn, høyrer også med. Børstemakk er til dømes rekna som suveren til flyndrefisket.

Lukt og farge

Foto: Helge Johnsen

– Men den har ein tendens til å bli blaut når du tek den opp av sanden. Det beste er om den får liggje i kjøleskåpet på eit avispapir. Rosnes ser opp. – Ja, dei andre i huset er ikkje alltid like begeistra. Det luktar som regel. Ikkje ein gong katten vil ha agnet mitt. Han ler. Med det er viktig at agnet luktar. Fisken vert tiltrekt av lukta og sterke fargar på pilkane. – Vi føretrekkjer stong framfor handsnøre. Snøre er det berre vas med, påstår klubbformannen og viser fram ulike stenger og sneller. Entusiastane blant

havfiskarane har gjerne fleire å velje i, alt etter kva type fisk dei jaktar på.

Orden i sakene Den som trur at middagsmaten kan bergast med ein enkel svenskepilk, har ikkje sett utstyret til Terje Rosnes: Heimebundne taklar i alle variantar og fargar er sirleg samla i ei mappe og pilkane heng fint på rekkje i ein kasse. – Vi fiskar anten med pilkar, som veg frå 250 gram til 750 gram, eller med takle og blysøkke. Sluk er for kaifiske. Rosnes fortel at det er viktig å vere først med å sleppe pilken om det står fleire og fiskar. Erfaringsmessig er det gjerne dei to raskaste som får napp.

Dyraste middagen – Men ikkje stress så mykje med å verte første-

Vi tilbyr service på din Yamaha motor. Ring for avtale om vårservice, priser fra 590,- inkl. materiell. Fremdeles noen Yamaha 2-takt igjen. 5 hk og 9,9 hk kort stamme. Grip sjansen før lageret er tomt. Båter i alle størrelser og bruksområder. Yamarin, Pioner, Hansvik, Rana, Silver Viking, Terhi, AL, Aquaquick og Linder.

LUKTESTOFF: John Davy Oddekalv gjer klar takkelet. Her egnar han med makrellstrimlar og reker på jakt etter flatfisk i Bjordal. På flaskene er det ekstra luktstoff til agnet. Foto: Helge Johnsen

mann at du gløymer å feste pilken til sena før du kastar den overbord. Det har eg gjort. Og det var ei bokstaveleg talt dyrkjøpt erfaring å sjå den nye svære svenskepilken forsvinne til botn, medan resten av utstyret låg att i båten… Kanskje ikkje så rart at sambuaren min påstår at fisk er det dyraste som står på middagsbordet vårt. Han flirer. Ristar på hovudet når vi spør om havet er tomt. – Torsk er det generelt mindre av, og eg har merka at steinbit er sjeldan å treffe borti. Det kan vere mange grunnar til at du får lite fisk. Men å få fisk handlar også om kunnskap, om å vite kor tid ting skjer i havet. Eg snakka med ein som sa det var lite hyse å få. Men så viser det seg at den fer ut i

RESULTATET: Havfiskeutstyr kan gi stor utteljing, når ein finn fisken og han er bitevillig. Dette er litt av fangsten fem mann tok ein vårdag i 2005. Helge Johnsen (t.v.) og Gunnar Nødseth. Foto: privat

Nordsjøen og gyter på denne tida. Det er stadig nye ting å plukke opp.

Best på fløande sjø – Kor tid er det enklast å få napp? – Mest fisk får du nok på fløande sjø om morgonen. Det verste tidspunktet er mellom flod og fjøre når havstraumane stoppar opp og havet er heilt daudt. Han må innrømme at han alltid har forventningar om den store fangsten og nye klubbrekordar, som kan dokumenterast på hei-

mesida til havfiskeklubben saman med anna nyttig lesnad for fiskeentusiastar. – Eg har vore på mange fisketurar, men den verste var nok den, der fangsten vart ei sypike på 150 gram. Det vart klubbrekord, men kjipt likevel. Men det er trass alt berre ein hobby. Det er ikkje den store fangsten som er viktigast, men opplevinga, sjølivet … Eg føler meg fri med det opne havet rundt meg. anne.britt.sandoy@firda.no

FLORØ HAVFISKEKLUBB ■ Stifta: 6. juni 2001 ■ Medlemstal: 18 i 2007 ■ Formålet: «Ved samarbeid og kameratskap aktivisere til sportsfiske på og ved havet». ■ Heimeside: www.florahavfiske.net

www.yamaha-motor.no

NYHEIT!

NYHEIT! F68

5700 DC

7600 sport family

Kampanje på Hasle kanoer og kajakker, fra 7.900,-.

Gode tilbod!

DØSKELAND MARINE Fjellv. 14, Førde – tlf. 57 82 28 08 post@doskeland.net www.doskeland.net

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

6800 WA

25 års jubileum som båtforhandler!

TRADEMARK Marine Sandane – tlf. 57 86 56 25 • 952 84 989 • trademark@sensewave.com www.boat.no/trademark-marine


22 TEMA BÅTLIV FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

■ Råd og tips frå Terje Rosnes, formann i Florø Havfiskeklubb

Utstyret som tek storfisken Stong og snelle Stong og snelle er dei dyraste investeringane. Skal du ha kvalitet som varer, så kostar det fort mange tusen kroner, men dei finst i mange prisklassar. Pass berre på å kjøpe utstyr som passar saman. Her langs Vestlandskysten greier du deg med relativt lett utstyr. Stengene er inndelte i vektklassar, og dersom du fiskar mykje kan det lønne seg å investere i fleire, alt etter kva du skal fiske etter. – Eg har blant anna ei 12 pund-stong som er god til botnfiske etter blant anna flyndre og hyse. Spesielt hysa er så laus i kjeften at det krevst ei stong som er smidig og lett bøyeleg. Har du ei stong som er for stiv, ristar ho seg lett av kroken, fortel Rosnes. Til djupvassfisk som lange og brosme, brukar Rosnes ei sterkare stong, som toler tunge lodd. Når det gjeld snelle, så kjøp ei som toler tunge lodd og hard belastning.

Multifilament Rosnes & co brukar ikkje den tradisjonelle gøtten, men multifilament, som er ei tynn, men sterk sen, fletta av syntetisk materiale. – I motsetning til gøtt, så strekkjer ikkje sena seg. Det gjer at du kan kjenne om fisken er borti og nappar, sjølv på 150–200 meters djup. Dersom sena sit fast i botn, så surr den rundt ein klepp eller noko for å dra den laus. Surrar du den rundt handa, så vil sena skjere heilt inn til beinet. Eit tips er å ha ei lita kule på enden av sena, slik at ikkje toppringen på stonga vert skadd.

STONG

GPS-ETIKK ■ Florø Havfiskeklubb har laga sine eigne køyrereglar når det gjeld bruk av GPS, fordi bruken av GPS gjev havfiskarar ein heilt ny reiskap til å finne att fiskeplassar. Havfiskeklubben meiner at dette verktyet bør brukast med forstand, slik at ein ikkje utnyttar folk som har sanka seg kunnskap gjennom eit langt liv på havet. Dette er reglane som står på heimesida til klubben: ■ Vi tek ikkje med oss GPS når vi er på havfisketur med ein yrkesfiskar som skipper/guide. ■ GPS kan brukast fritt på turar der havfiskeklubben ikkje brukar innleigd kjentmann eller yrkesfiskar. ■ Dersom nokon viser oss ein fiskeplass, tek vi ikkje GPSposisjonen utan at det skjer i forståing med den som har vist oss plassen. ■ Ingen GPS-posisjonar skal leggjast ut på internett. Sjølv om dette er vanleg i mange land, meiner vi det er viktig å sikre at plassar ikkje blir utsette for overfiske. ■ Ein medlem i Flora havfiskeklubb kan fritt gi vidare GPSposisjonar han sjølv har funne. Mêder og posisjonar ein har fått hos andre skal brukast med respekt for opphavsmannens interesser, og innanfor dei vilkår opphavsmannen eventuelt har sett. ■ GPS skal ikkje brukast av deltakarar under konkurransar og meisterskapar i regi av Flora havfiskeklubb.

Pilk, takkel og slep Takkel er eit oppheng med ulike fargar og krokar som heng over pilken, for å lokke fisken. Dette opphenget er bunde saman med gøtt, og vert festa på sena med ein svivel. Du kan spare mykje pengar på å lage taklar sjølv, og det er vanleg å bruke krimskrams som til dømes perler, paljettar og sjølvlysande makk for å lokke fisken. – Det er lurt å pakke desse i ei takkelmappe, slik at det ikkje ligg og flyt og vert rota saman. I ei mappe er det lett å få oversikt over dei ulike opphenga. Slep er ein gøttbit med krok som heng og flagrar etter loddet/søkket. Når båten driv, er det greitt å fiske med søkke. Ein pilk set seg lett fast i botn.

Sele og kopp Havfiskeutstyret er tungt, spesielt om ein brukar tunge lodd. Mange havfiskarar brukar difor ein sele, som kan festast i snella på stonga, samt ein kopp, som stonga kan kvile i. – Pass på at det er feste for selar når du kjøper snelle, rådar Rosnes.

TAKKELMAPPE

SVIVEL

Agn – fem på topp Det vil alltid lønne seg å bruke agn. Dette er Terje Rosnes sine favorittar: ■ Makrell ■ Reker ■ Akkar ■ Sild ■ Blåskjel (bør surrast fast med gummitråd, slik at agnet ikkje dett av kroken).

Tilleggsutstyr til fisketuren I tillegg til fiskesaker, likar Rosnes å ha dette med på sjøen: ■ Godt mot og fiskelykke ■ Ein god kniv ■ Ein god klepp ■ Ein dugande balje ■ Skjerefjøl til agn ■ Vekt ■ Meterstokk ■ Fotoapparat til å ta bilete av fangsten

PILKESKRIN

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

SELE: Terje Rosnes fortel at sele og kopp minkar belastninga når du fiskar med stong. Alle foto: Anne Britt Sandøy


TEMA BÅTLIV 23 FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

3. og 4. mai Sparebanken Vest loddar ut gummibåt på inngongsbilletten*

*) Trekning søndag kl. 12.00 ved Quality Hotell

Stor flytande båtmesse med utstilling på land – over 100 nye båtar i sjø Årets modellar frå mange kjende båtleverandørar. Over 100 nye båtar vert å sjå! Ved Quality Hotel Florø - ei skutelengde frå gjestebrygga blir det landstandar, servering og liv og røre! Florevika Båtmesse går av stabelen 3. og 4. mai – på hamna i Florø sentrum. I år kan vi alt melde om endå fleire båtutstillarar enn i fjor. Dei store båtleverandørane blir til stades, og vi har også fått påmeldingar av seglbåtar. Messa er blitt ein viktig møteplass for både dei som sel båtar og utstyr, og folk som vil sjå og kjøpe. Her vert det båtliv med «noko attåt». Inngongsbillett kr 50,-. Weekendbillett for 4 personar m/båtplass kr 600,-.

OPNINGSTIDER Laurdag 3. mai: kl. 10.00–18.00 Søndag 4. mai: kl. 11.00–17.00

Ta turen til Florø – anten du kjem landevegen eller sjøvegen

www.florevika.no

atløy båt og marina

www.atloybatmarina.no

Båtmesse-bankett med Wallmans Show! Til Florevika Båtmesse kjem Wallmans on Tour med eit ensemble på 10 artistar. Undervegs i middagen som Bistro To Kokker byr på, vil artistane hylle verdskjente artistar som Elvis, Queen, Ray Charles og enkeltståande soul-, pop- og rockslagarar. Dette skjer laurdag 3 mai: Kl. 19.00: Velkomst i foajeen i Florahallen. Kl 19.30: Dinnershow Wallmans Salonger – Bistro To Kokker står for maten. Kl 22.30: Kvelden held fram med båtmessedans med Album i Florahallen.

Pris pr person: Inkl dinnershow Wallmans, 3-retters middag og dans laurdag 3 mai: kr 850,-. For påmelding: Billettar til sals på Smørbukken kiosk. For gruppepåmeldingar kontakt Per Øyvind Helle Tel: 40402905, epost: per@posaktiv.no

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

A til Å Reklamebyrå - www.atila.no

Foto: Trond Sagen

Få gode råd hos oss. Du finn oss midt i byen.

Foto: Roger Eltvik

Båtmesse 3. og 4. mai 2008 i Florø


24 TEMA BĂ…TLIV FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

Florø vil ha store og raske skjergardsjeepar BĂ…TLIV: Medan bĂĽtfolket i Florø gjerne betaler ein halv million for leiketyet til sjøs, er bĂĽtfolket i Førde meir forsiktige, og spanderer berre ein tidel av det beløpet pĂĽ bĂĽt. – Dei som kjøper bĂĽt i Førde, kjøper bĂĽt som skal brukast pĂĽ vatn. Dei som kjøper bĂĽt hos oss, er gjerne dei som skal bruke dei pĂĽ sjøen, fleipar Norvald Blom, som er dagleg leiar pĂĽ Solheim Diesel i Florø.

22 fot sel mest i Florø BESTSELJAR: Pioner 15 er den bĂĽttypen Døskeland Marine i Førde sel absolutt mest av. – Ein slik sjølvdrenerande bĂĽt kostar 28 000 kroner, og pakkeløysing med bĂĽt og 15 hk motor, fĂĽr du fĂĽr under 50 000 kroner, fortel Oddgeir (t.v.) og Aleksander Døskeland.

I fjor selde Solheim Diesel om lag 60 bütar, dei aller fleste i prisklassen 200 000 til 500 000 kroner. – Fjorüret var eit fantastisk godt ür for oss, og 2008 ligg an til ü bli endü betre. Det tyder pü

at det er mykje pengar blant folk, og at dei ikkje er redde for ĂĽ bruke dei, fastslĂĽr han.

15 fot sel mest i Førde Ogsü Døskeland Marine i Førde er nøgd med omsetninga. Men

5PUBMWFLU /ZUUFMBTU #ĂŒUMFOHEF 4U“STUF VUW M C

)KVM

Norvald Blom

â– Førde-folk er meir smĂĽlĂĽtne

ANNE BRITT SANDĂ˜Y tekst og foto

Han fortel at dei sel mest bĂĽtar mellom 18 fot (5,5 meter) og 26 fot. Den absolutte bestseljaren er Uttern S64. Den er 22 fot (6,40 meter), har innabords motor og kan leverast med 150 hk eller 210 hk diesel. Rettleiande prisar er høvesvis 430 000 kroner og 494 000 kroner. – Vi kan skaffe den med bensinmotor ogsĂĽ, men dei aller fleste vil ha diesel, opplyser Blom.

Dei som kjøper büt i Førde, kjøper büt som skal brukast pü vatn. Dei som kjøper büt hos oss, er gjerne dei som skal bruke dei pü sjøen

7JOTK SFHVMFSCBSU ESBH OFTFIKVM VUFO CSFNT

LH LH JOOUJM Y DN w IFMĂŒSTEFLL

her sel dei i ĂĽr nesten berre bĂĽtar til under 50 000 kroner inkludert motor. Bestseljaren er ein 15 fots Pioner med sjølvdrenering og plass til seks personar. – Vi sel mange av desse bĂĽde som utleigebĂĽtar og til hyttefolk, fortel Aleksander Døskeland. Han meiner at desse bĂĽtane er sĂĽ populĂŚre pĂĽ grunn av at dei er stabile, vedlikehaldsfrie og toler røff bruk. I fjor selde Døskeland Marine to trailerlass med større bĂĽtar, men i ĂĽr har dei ikkje selt nokon. – Renta mĂĽ ta skulda, meiner Oddgeir Døskeland. Dei fortel at kajakk- og kanomarknaden har eksplodert dei siste tre ĂĽra, og at dei no sel om lag 40 slike i ĂĽret. – Grunnen til den auka interessa er nok at fleire og fleire oppdagar at dei bĂĽde er billege og enkle ĂĽ ta med seg pĂĽ biltaket. Det gjer at dei kan brukast kvar som helst, avsluttar Aleksander Døskeland. anne.britt.sandoy@firda.no

BĂĽtglede

fĂĽr du ved godt vedlikehald! SEAJET - Eksklusive bunnstoff, primer og vedlikehaldsprodukt fritidsbĂĽtar og yachtar. -Seajet bunnstoff reduserar bĂĽtens friksjon og gjer at den glir lettare gjennom vatnet - auka hastigheit og redusert drivstofforbruk.

5PUBMWFLU /ZUUFMBTU #ĂŒUMFOHEF 4U“STUF VUW M C )KVM

/PSHFT N F T U T P MH U F U JM I F O H F S NFSLF LH LH JOOUJM Y DN w IFMĂŒSTEFLL

.FE CSFNT WJOTK LSBGUJH OFTFIKVM

Koparstoff frü kr 89,- Sjølvpolerande bunnstoff frü kr 179,-

BĂĽtaction i skalastorleik!

' 3*5*%4)&/(&3&

130'')&/(&3&

53"/41035&3&

#ÂŻ5)&/(&3&

4,"1)&/(&3&

41&4*"-)&/(&3&

5ZTTF CĂŒUIFOHFS FS LĂŒSFU UJM i#FTU J UFTUw J #ĂŒU .BHBTJOFU TJO TUPSF UFTU BW CĂŒUUJMIFOHFSF

XXX UZTTF OP

KOM INNOM og sjekk vĂĽrt utval i radiostyrte bĂĽtar. Vi ventar snart inn fleire nye modellar, og bĂĽde med elektrisk, nitro og bensinmotor.

ksduk – arar – vo yr – teppeløp vinbryggingsutst nk la lp – viny øl- og lvbelegg og fuel – go y – t bb pe ho ta RC Maling – hobby – kunst og Panduro DIN FAGFORHANDLAR FOR HOBBY, MALING OG INTERIĂ˜R

Hafstadv. 76, 6802 Førde Tlf. 57 72 56 60 post@biltreff.no

UJMIFOHFS BW OPSTL LWBMJUFU

30065 - SĂ˜RBĂ˜ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FĂ˜RDE

BOKUBEN FĂ˜RDE A.S ELVEGĂ…RDEN, 6800 FĂ˜RDE – TLF. 57 82 35 11

www.farveglede.no


TEMA BÅTLIV 25 FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

BESTSELJAR: Dette er bestseljaren til Solheim Diesel i Florø. – Uttern S64 kostar ein stad mellom 430 000 og 500 000 kroner, alt etter kor stor motor kunden vil ha, fortel dagleg leiar Norvald Blom (t.v.) og seljar Kurt Hellesen. Dette er ein bruktbåt som var inne til sørvis. Alle dei nye var selde då Firda var innom.

SKIP O´HOI Fender Av kraftig PVC. Oppblåsbar. (25-002)

Radiostyrt racerbåt Iskala 1:10 med to elmotorer. 27 MHz. (45-705)

Fra

749,-

www.fjalerbank.no Tlf. 57 73 72 00

5990

Fortøyningsline 2 stk. (36-349)

Fra

6990 Bunnstoff 1 liter Rød (36-350), Blå (36-351), Sort (36-352), Hvit (36-349)

Dekkbørstesett M/båtshake (25-046)

219,www.biltema.no BILTEMA FØRDE Kronborgveien 5 6800 Førde Telefon 815 32 815

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

179,-

Vi har nesten alt du mangler ÅPNINGSTIDER: Mandag - fredag 9-20 Lørdag 9-18 -mye mer enn bare bil


26 TEMA BÅTLIV FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

■ Prøv deg sjølv i

Den store båtførartesten 1. Den båtvande 15-åringen din har lyst til å køyre ein tur åleine med familiesnekka, som er 21 fot, har 8 hk motor, og gjer 8 knop. Har han lov til det? A Ja B Nei C Ja, sidan han er båtvand 2. Kva er promillegrensa for den som fører båt? A 0,2 promille B 0,5 promille C 0,8 promille 3. Kva må du alltid passe på, om du har totaktsmotor? A At han ved normal køyring er innstilt på to takter, ikkje på tre eller fire. B At motoren må gå på oljeblanda bensin C At motoren lagar den karakteristiske totakts dunk-dunk-lyden.

7. Opp av sjøen står ei jernstong der eit toppmerke peikar mot høgre. Kva betyr det? A Ikkje noko å bry seg om. Toppmerket er ein radarreflektor B Gå på andre sida. Toppmerket peikar mot farleg farvatn C Toppmerket viser kva side det er trygt å passere på

5. Kva er styrbord og babord? A Styrbord er venstre, babord er høgre, sett frå bakenden av båten B Styrbord er høgre, babord er venstre, sett frå bakenden av båten C Styrbord er den sida av båten rattet sit på, babord (eigentleg heiter det «bakbord») er den tverre bakenden av båten 6. Du er på veg nordover hovudleia utanfor Florø og ser ein grøn stake framfor deg. På kva side av staken skal du passere? A Slik at du har staken på di styrbord side B Slik at du har staken på di babord side C Valfritt, grønt betyr klar bane

A Det er ei helsing. Gammal sjømannsskikk. B Han varslar at han vil svinge til babord C Han varslar at han vil svinge til styrbord

13. Nemn ein type redningsutstyr det er påbode å ha med i båten

14. Kva er å takle tau? A Å meistre oppkveiling av stivt og vanskeleg tauverk B Å slå ein knop som sikrar at taukveilen ikkje går opp C Å sikre enden av eit tau med seilgarn, slik at han ikkje flisar seg opp

9. Du er ute med snekka di, og ein stor cabincruisar kjem fossande mot deg på møtande kurs. Kven skal vike, og korleis? A Du skal vike, fordi det møtande fartyet er mykje større enn ditt. B Begge skal vike til styrbord C Han skal vike og slakke ned farten, fordi farty som lagar stor og farleg hekksjø pliktar å ta omsyn til små båtar. 10. Du køyrer ut Dalsfjorden, og ser ferja frå Eikenes kome til venstre for deg på kryssande kurs. Kven har vikeplikt? A Ferja. Høgreregelen gjeld, nett som i biltrafikken på land. B Du. Lystfarty skal alltid halde unna for nyttetrafikk. C Begge skal slakke farten og halde unna til situasjonen er avklara. 11. Kor mange grader har eit skipskompass? A 360 grader B 365 grader C 180 grader

A Badeplass B Område reservert for fiskeoppdrett C Område grunnare enn 10 meter

A Godkjende flytemiddel til alle om bord B Ausekar C Tau med løkke i enden du kan kaste ut, dersom nokon fell over bord.

8. Ein lastebåt kjem mot deg og fløytar eitt kort støt i fløyta si. Kva er det han signaliserer?

4. Kor lang er ei nautisk mil? A 1852 meter B 2,5 km, difor omgrepet kvartmil C Varierer med flod og fjære

12. Kva betyr det, når område er prikka blått i sjøkartet?

15. Du har sett garn ved Svanøy. Ein hummar har vasa seg inn i garnet, og har fått skade. Kva gjer du? A Tek hummaren med heim. Det er dyrplageri å sleppe ut att fisk og sjødyr med skade. B Slepper hummaren ut att, uansett C Tek hummaren med og ser om han klarar seg, slepper han ut att om det ser ut til å gå bra 16. Eit større farty har heist eit merke som liknar to kjegler med spissane vendt mot einannan. Kva betyr dette merket? A «Hald unna meg. Eg fiskar» B «Eg treng assistanse» C «Eg ønskjer kontakt med deg»

17. Sidelanternene på båtar er raude og grøne. Men kva side står dei på? A Raud på babord side, grøn på styrbord B Grøn på babord side, raud på styrbord C Valfritt, poenget er at fargane gjer det lettare å bli sett. 18. Nokre fyr har lyskarakteren isofase. Kva betyr det? A Lyset aukar jamnt i styrke, «blir fasa inn», før mørkeperioden kjem. B Kortare lys- enn mørkeperiode C Lys- og mørkeperiodar er like lange 19. Ei flu der det står ei jernstong som sjømerke er kjend som ein god fiskeplass. Har du lov til å fortøye båten i jernstonga? A Ja, så lenge du ikkje blir liggjande slik at du sjenerer skipstrafikken i leia B Nei C Ja, dersom sjøen er så roleg at du ikkje risikerer å skade sjømerket 20. Du har vore på tur med båten din, og står inn Førdefjorden. Kan du køyre så fort du vil? A Ja, fjorden er for alle B Ja, bortsett frå der det er sett opp skilt med fartsgrense, til dømes ved innseglinga til småbåthamna C Farta skal ikkje vere over fem knop når avstanden er under 50 meter til der folk badar, eller der det er fortøydd båtar ■ SJÅ SVARA PÅ SIDE 29

Vinn havfiskestong! DU KØYRER UT FJORDEN og møter ein seglbåt som kjem frå venstre, på kryssande kurs. Segla heng og blafrar i den svake vinden, og skipperen på seglbåten hjelper til med motoren for å gi båten fart. Kven av dykk skal vike? A Seglbåten, fordi høgreregelen gjeld uansett B Du. Motordrivne farty skal alltid vike for seglfarty C Seglbåten, fordi ein seglbåt som går for motor blir rekna for motordrive farty. Dermed gjeld høgreregelen Send svaret ditt på mobiltelefon innan tysdag 22. april 2008 og ver med i trekkinga av ei havfiskestong. Send SMS med teksten fikonk ditt svar til 2005. Dersom du ikkje står som eigar av mobiltelefonen du sender frå, så skriv namn og adresse etter svaret. Døme: fikonk b ole olsen, førde til tlf. 2005

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE


TEMA BÅTLIV 27 FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

Butikken for «gutta boyz» og «virksomme damer»

Førde sentrum Tlf. 57 82 66 20

Båtpuss og sjøliv BÅTPUSS:

SIKKERHEIT: Stort utval i flytedressar frå FLADEN/REGATTA

÷20%

G

AURDA

G OG L

A G, FRED

A TORSD

Kvalitetsleverandør av: Grunning, lakkmåling, botnstoff, tynner, båtpleie. GRATIS rettleiing-DVD får du hos oss!

Regatta 953 Coastline flytedress

Regatta Seasafe

Vindtett/vannavvisande. XS-XXL. Rettl. 1450,-

Svart. Tynn og lett redningsvest.

MEKKPRIS!

Allround fiskesett

799,-

Fiskegarn

MEKKPRIS!

599,-

Best Tools poleringsmaskin Elektronisk hastighetsregulering. 2 stk. polerhetter. For sliping og polering av bil, båt, campingvogn osv.

MEKKPRIS!

MEKKPRIS!

199,-

299,-

Fritidsaggregat KIPOR IG 1000

Frå kr

Holmengrå sjø/laksefiskesett

Før kr 5890,–

4490,-

MEKKPRIS!

IG 2000 Før kr 7990,–

5998,-

MEKKPRIS!

IG 2600 Før kr 9590,–

6998,-

MEKKPRIS!

MEKKPRIS!

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

499,-

MEKKPRIS!

299,STORT UTVAL I: • Slukar, • Fenderar, • Tauverm m/tilbehør, • Lanterner, • Dreggar, • Brytarar, • Portapot.


28 TEMA BÅTLIV FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

Min båt Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR Min båt er vel kanskje ikkje noko å skryte av, sjølv om den er både stødig og raud. Eg eig halvparten av ei 12 fots jolle med det velklingande namnet «Harald 1». FAR MIN, som jolla er oppattkalla etter, er ikkje spesielt stolt over å gje namn til ein slik liten «balje». Og det hjelper heller lite at søstera mi, eigaren av den andre halvparten, trøystar han med at dette berre er første båten i partsreiarlaget. – Tenk på kor flott nummer 15 eller 16 vil verte, seier ho til han. Men han ser ikkje heilt overtydd ut. DÅ HAR HAN meir sansen for båten til han eg delar hus med. Ein god båt å fiske frå, og som kunne ha bore Harald-namnet med rette. «Havets skrekk» kunne passa vel så bra på baljen, meiner far min. Dei hadde nok ikkje godteke jolla, karane i Florø Havfiskeklubb, heller. For å få plass til alt dei dreg med seg til havs, så trengst det større farkostar. Ei fiskestong er ikkje nok. Kassevis med stinkande agn, perler og paljettar i all verdas fargar og fasongar må også vere med. Om eg skulle vore kjentkvinne på turen, så kunne dei berre teke med seg GPSen også, for eg veit ikkje om ein einaste god fiskeplass i heile verda. Dei posisjonane dei kan plotte inn på tur med meg, vil difor vere lite verdt i ettertid. DEN GODE GAMLE svenskepilken vert nesten for enkel for entusiastane i denne blandinga av syklubb og hemmeleg brorskap, som møtest om

Kassevis med stinkande agn, perler og paljettar i all verdas fargar og fasongar må også vere med.

MS «Actinia» viser deg livet

kveldane for å binde perler og paljettar, medan dei les Seeberg sin fiskekatalog, som «eit nytestamente til åndeleg kveik og oppbygging».

MS «ACTINIA»: Det er ikkje mogeleg å sjå, men denne båten har 17 store vindauge under dekk, slik at ein kan følgje med på livet i sjøen. Båten er kjøpt til Solund frå

EG MÅ INNRØMME at slike eldsjeler, nokon vil sikkert kalle dei nerdar, fascinerer meg. Vert eg invitert, så er eg gjerne med på tur. Ein fisketur med dei vil vere eit minne for livet, som eg kan lagre saman med fine barndomsminne om småturar med robåt i blikkstilla mellom holmar og skjer.

lokke turistar til Solund

EG HAR FAKTISK tenkt litt på å kjøpe meg robåt. Det er noko eige med det å vere på sjøen og berre høyre lyden av bølgjeskvulp og måseskrik. Men ein god gamaldags robåt må både ausast, pussast og målast… Kanskje ikkje så rart at marknaden for kajakk og kano har eksplodert dei siste åra. anne.britt.sandoy@firda.no

SOLUND: Patrick Trovåg og Vegard Steinsøy har investert i ein båt med glasbotn, der ein kan oppleve sjølivet både dag og natt. ANNE BRITT SANDØY tekst

– Båten har 17 glas under vasslina, og ein kan sjå alt som rører seg i havet og på havbotn når ein sit under dekk. På prøveturane har vi sett både fisk og korallrev, fortel Patrick Trovåg.

Lyskastarar Saman med Vegard Steinsøy har han starta firmaet Solund Sjøsafari ANS, som skal drive med sightseeing, fiske- og

■ Båt med glasbotn skal dykkarturar med base på Hardbakke. Dei har døypt båten MS «Actinia», som betyr sjøanemone. Den er bygd i 1987, og kjøpt frå Hönö i Sverige for eit ukjent beløp. Den er 9,75 meter lang, 3,65 meter brei og 1,70 djup. Den har også ti lyskastarar integrert i skroget. Dei lyser ned i sjøen, og gjer nattlege turar til ei spesiell oppleving. MS «Actinia» har ein marsjfart på sju knop, men på sightseeing reknar Trovåg med at dei berre vil gå med om lag to knop.

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

– Korleis kom de på å kjøpe ein båt med glasbotn?

12 personar – Vi har faktisk tenkt på det sidan vi arbeidde saman på Solund Verft for ti år sidan. Vi sat i sidetanken på eit lasterom, og teikna med kritt på innsida av tanken, korleis den skulle sjå ut, ler Trovåg. Han fortel at han hadde høyrt rykte om at båten var til sals i Sverige, og søkte han opp på nettet. – Det er litt vesentleg at den er i aluminium, som er rimeleg vedlikehaldsfritt i for-

EIGARAR: Vegard Steinsøy og Patrick Trovåg har starta selskapet Solund sjøsafari.

hold til stål, seier dei to kompisane, som har brukt det meste av fritida sidan båten kom til Solund, til å byggje om styrehuset og lage eit toalett om bord. – Vi har enno ikkje hatt skipskontrollen på besøk, men håpar at vi skal få den sertifisert for 12 personar, og komme i sving til turistsesongen, seier Trovåg. anne.britt.sandoy@firda.no


TEMA BÅTLIV 29 FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

■ Fasit:

Den store båtførartesten 9 Begge skal vike til styrbord

16 «Hald unna meg. Eg fiskar»

3 At motoren må gå på oljeblanda bensin

10 Du. Lystfarty skal alltid halde unna for nyttetrafikk.

17 Raud på babord side, grøn på styrbord

4 1852 meter

11 360 grader

5 Styrbord er høgre, babord er venstre, sett frå bakenden av båten

12: Område grunnare enn 10 meter

1 Nei. Minstealder er 16 år. 2 0,8 promille

6 Slik at du har staken på di styrbord side

18: Lys- og mørkeperiodar er like lange 19 Nei 20 Farta skal ikkje vere over fem knop når avstanden er under 50 meter til der folk badar, eller der det er fortøydd båtar

13 Godkjende flytemiddel til alle om bord

7 Toppmerket viser kva side det er trygt å passere på

14: Å sikre enden av eit tau med seilgarn, slik at han ikkje flisar seg opp

8 Han varslar at han vil svinge til styrbord

15 Slepper hummaren ut att, uansett

Markedslederen

Komplett motorlinje - 4-takt fra 2,5 - 250 hk Handelsbanken n Finans

Komplett motorlinje - 4-takt fra 2,5 - 250 hk Handelsbanken n Finans

Fure Mekaniske as 6967 Hellevik i Fjaler Tlf. 57 73 75 42 • Fax 57 73 76 84

www.yamaha-motor.no

650 Antares

- Praktisk helårsbåt med åpent akterdekk

t på havbotnen Sverige, der den heitte «Cyklop» og var brukt til dykkarbåt. Dette biletet er teke i Sverige

Antares 650 er en helårs bruksbåt med lukket styrehus. En stor skyvedør ut mot et selvlensende akterdekk med høy og trygg rekke. Båten er bygget for erfarne båtfolk med fokus på sikker, komfortabel og praktisk båtbruk i all slags vær.

Beneteau 650 Antares m/DF90TL kr. 315.900,-

Linder 440 Fishing med DF 5 S kr.

31.480,-

Mekanico AS DEKKSPLASS: – Det er god plass på dekk på båten, og den er difor godt brukandes til både fisking og dykking, fortel Patrick Trovåg.

SER HAVBOTNEN: Under dekk på MS «Actinia» er det 17 glasruter som gjer at passasjerane kan studere livet i havet.

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

Firdavegen 30 Firdavegen – Florø 6900 30 Florø Tlf. 57 75 02 80 Tlf 57 75 02 80 magne-johan@mekanico.no

Linder 410 Fishing med DF 2,5 S kr.

24.490,-

Førde Motorsport AS Førde Storhageveien 3 Tlf. 57 82 10 54 6801 Førde www.fordemotorsport.no Tlf.: 57 82 10 54


30 TEMA BÅTLIV FIRDA TYSDAG 15. APRIL 2008

■ Stor interesse for gassdrivne båtmotorar

– Halverer drivstoffutgiftene med gass

MOTORROMMET: Det er oftast så god plass i motorrommet at gasstanken for plass der.

FAKTA OMBYGGING FRÅ BENSIN TIL GASS

GASSMOTOR: Magne Kolstad i Gas Tech har bygd om båten sin til å kunne bruke både gass og bensin. Denne båten brukar 50 liter bensin i timen, og sjølv om ombygginga til gass kosta 40 000 kroner, så treng har berre bruke båten i 133 timar før han har tent inn att investeringa.

FØRDE: – Byggjer du bensinmotoren i båten om til gass, kan du halvere drivstoffutgiftene, påstår Magne Kolstad i Gas Tech, Førde. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

etter 133 timars bruk av båten. – Bensinen kostar i dag om lag 12 kroner literen, medan gass kostar fem kroner. Sjølv om du må rekne med å auke drivstofforbruket med 20 prosent, så har du likevel halvert kostnaden, opplyser han.

Fyller gass frå tankbil Kolstad har sjølv ein 25 fots Crownline, som han har bygd om til å kunne gå på gass. Den brukar 50 liter bensin i timen, og han har rekna ut at med dagens bensin- og gassprisar, så vil ombygginga til gassmotor vere inntent

Ombygging av ein båtmotor til gass vert gjort etter same prinsipp som når ein byggjer om bilmotorar til gass. Heile jobben er gjort på ei veke og kostar mellom 30 000 og 40 000 kroner for kvar motor. – Dieselmotorar kostar

gjerne mellom 100 000 og 150 000 kroner meir enn ein bensinmotor, så sjølv om du brukar 40 000 kroner til ombygging, så vil reknestykket svare seg, meiner Magne Kolstad. – Men kvar kan du fylle gass? – Det er dessverre få fyllestasjonar, noko som i dag avgrensar marknaden for gassdrivne båtar. Førebels er det berre Førde som er operativ her i Sogn og Fjordane. Her reiser vi ned i småbåthamna med tankbilen og fyller direkte på båtane når dei tek kontakt. Det same kjem vi til å tilby i Florø til faste tider. Vi held også på å

klargjere ein stasjon i Sogndal. – Slik situasjonen er i dag, så vil dei som skal på lange turar få problem, men der kan dei jo også bruke bensin. Eg ser heller ikkje vekk frå at dersom fleire går over til gass, så vil det vere interessant for tankbilar andre stader å komme ned i hamnene. Gassen som ein brukar i dei ombygde bensinmotorane, er propan, det same som vert brukt til hagegrillen.

Miljøvenleg – Gass er det mest miljøvenlege fossile drivstoff vi har, og har desidert lågast

utslepp av fossile brennstoff. Difor gjer det mindre skade på miljøet og er mindre plagsamt for allergikarar, opplyser Magne Kolstad. Førebels er det berre to båtar i Førde som er bygde om til gass. - Den desidert største marknaden vår er nok på austlandet, og vi vart nesten nedringte etter eit oppslag i VG om fordelane med å byggje om bensinmotorar i båt til gass. Det er også mange båtimportørar som har teke kontakt fordi dei ønskjer å kunne tilby denne løysinga til kundane sine, avsluttar Kolstad.

■ Ein kan berre byggje om båtar med innanbords motor. ■ Ombygging verkar ikkje inn på båtens originale drivstoffsystem. Det vert lagt til eit ekstra drivstoffsystem med tank, påfylling, røyr til motor og fordampar som gjer gassen om frå flytande form til damp. Gjennom innsprøytingsdyser vert gassen spraya inn i motoren. Ei eiga datamaskin styrer at motoren til ei kvar tid får tilført rett mengde med gass. ■ Normalt vil ein få plass til ein 230 liters gasstank i motorrommet på båten. Tyngdepunktet i båten kan endrast litt alt etter kvar tanken er plassert. ■ Med ein liten brytar på veggen kan ein veksle mellom bensin og gass. Her kan ein også lese av kor mykje gass som er att på tanken. Dersom det vert tomt for gass eller noko er gale med gassystemet, så går båten automatisk over på bensin. ■ Sjølv om båten er innstilt på gass, så startar han automatisk på bensin, og bør gå på tomgang til motoren er 20–30 grader. Då går han automatisk over på gass. ■ Gassfylling er like enkelt som bensinfylling etter kort opplæring. ■ Brannfaren er ikkje større ved gass enn ved bensin.

anne.britt.sandoy@firda.no

NESTE TEMA «FERIE PÅ HJUL» KJEM TYSDAG 29. APRIL ■ Kva er det som er så fascinerande med campinglivet? ■ Den spesielle campingplassen? ■ Smarte løysingar i bubil/campingvogn ■ Korleis unngå konfliktar i baksetet? ■ Gastronomiske opplevingar langs vegen ■ Den finaste sykkelturen ■ Nostalgi: Feriebilen/sykkelferien du aldri gløymer. Send bilete og ei kort grunngjeving til anne.britt.sandoy@firda.no. Dei som sender inn bilete, er med i trekninga av eit regnsett til ein verdi av 2000 kroner. Ta kontakt med Firdas temajournalist Anne Britt Sandøy – tlf 951 42 957, e-post: anne.britt.sandoy@firda.no

30065 - SØRBØ TERJE TUNGLAND, SUNDE, 6800 FØRDE

Foto Ravindra Seneviratne

TIPS OSS OM:


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.