23september_08_motar

Page 1

TEMA 13 FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

TEMA Motar og trendar Kva skal eg ha p책 meg... Er du nokosinne i tvil om korleis du skal kle deg til festen? Nickolai og Lisbeth veit det. Dei har f책tt hjelp.

Foto: Bent Are Iversen

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


14 TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

I HEISEN: Nickolai har på seg dress frå Moods of Norway (Marcel) 5500 kroner, kvit skjorte (Marcel) 600 kroner. Lisbeth har ein raud kjole (Fellini) 2100 kroner, strassmykke (Fellini) 450 kroner og pels (B-Young) 399 kroner. Heidi har selskapskjole (Fellini) til 2500 kroner og tilbehør frå Fellini og Glitter.

Frå småtrøytt butikkdame FØRDE: Firda utfordra fargeog stilkonsulent Karoline Skaflestad til å finne haustens julebordsantrekk i ulike prisklassar. ANNE BRITT SANDØY tekst BENT ARE IVERSEN foto FØRRE SIDE: Det unge kjærasteparet Nickolai og Lisbeth. Dette har dei på seg: Nickolai: Jakke (Wagner) 1000 kroner, bukse (Wagner) 500 kroner, skjorte (Wagner) 300 kroner, Slips (Wagner) 200 kroner, Belte (Wagner), 200 kroner. Lisbeth: Lilla tunika (B-Young) 499 kroner, Satengbukse (BYoung) 499 kroner, armband, øyrepynt og veske (Glitter)

- Innlogging, Direkte, , 0

KLOKKA ER berre åtte på morgonen, men butikk- og gallerieigar Heidi Nyhammer er allereie på plass i frisørstolen med kaffikoppen godt planta i handa. Ho er ei av tre frivillige, som Skaflestad har spurt om kan vere modell for julebordsantrekk i ulike prisklassar. – Eg har hengt opp ein lapp på butikkdøra, om at eg opnar litt seinare i dag, ler sjefen på Rammeriet. RAMMER OG KUNST får segle i sin eigen sjø ei lita stund. Dette tilbodet kunne ho berre ikkje seie nei til. Randi Kalstad på Salong 44 krøllar og set opp håret hennar. Inn dørene kjem Karoline Skaflestad. Ho er stressa. Brillene var ikkje

■ Stilsikkert i alle prisklassar med heimanfrå i første forsøk, så ho måtte heim å hente dei. Litt etter kjem den andre kvinnelege modellen, Lisbeth. Dotter til Karoline og morgontrøytt så det held. Ho greier så vidt å helse på oss andre. KAROLINE HAR planen i klar. I fleire dagar har ho gått rundt med modellane og funne passande klede. – I dag har eg tenkt selskap og ikkje berre på kva type modellane er. Selskapsklede er ein heilt spesiell stil. Eg har prøvd å leggje inn det som er i butikkane i haust, men utvalet i selskapsantrekk er ikkje så stort enno. Det kjem mykje meir framover, men trenden er klar: Lilla, ruter og mykje strikk, fortel ho. Ho har funne både billege og dyre ting, og understrekar at dyre klede gjerne kan ha billig tilbehør og omvendt. Men før kleda skal på, må modellane sminkast. – I DAG SKAL dei i selskap. Vi tenkjer

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56

oss at det er kveld, og då må eg leggje ein tyngre make up – ein såkalla selskapsmake up på dei. Med brillene godt plassert på nasen sminkar ho damene med kunnige hender. Lisbeth får sota auge med litt grønt glitter som finish, medan Heidi får ein klassisk fest make up. Også Nickolai, den mannlege modellen, må til pers. Mekanikarlærlingen skulle gjerne vore utan. Han skal rett på jobb etterpå, og er redd for å verte mobba av hardbarka kollegaer, men Karoline er streng. No skal han fotograferast. Halv ti går turen vidare til Sunnfjord hotell for fotografering. – SKAL DETTE HA ei meining, så må bileta, i tillegg til å vise fram kleda, fortelje ei historie, meiner Bent Are, fotografen vår, som blant anna har jobba for Det Nye. I tankane ser han for seg eit trekantdrama. Heidi, Lisbeth og Nickolai er med på notane, og vi har det


TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR 15 FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

I BAREN: Heidi i lang selskapskjole med strassdetaljar (Fellini) 2450 kroner, lang øyrepynt (Fellini) og veske (Fellini). Lisbeth har kort kjole (Fellini) 2600 kroner, lange øyredobbar i strass (Fellini) og armband (Glitter). Nickolai i gråmelert dress frå Moods of Norway (Marcel) 5550 kroner og skjorte (Marcel) 600 kroner. Den kvite skjorta kunne med fordel vore bytt med ei lilla skjorte, som ville ha framheva dressen endå meir.

til femme fatale storarta dei neste timane. Mykje vakre klede på strålande vakre modellar, som verkeleg trivast i rollene sine. – HEIDI ER ein rocka type. Ho toler godt røffe klede, men ho har også element av det sporty. Ho har eit lett image, er lys, men kontrastfull, og kan godt bruke svart. Ho trekkjer meir over hofte og lår enn ovantil, noko som er viktig at ho tenkjer over når ho skal velje klede. Det er viktig å ikkje skjule, men få fram denne feminine fasongen. Ho har utstråling, og er av den kreative, men ikkje dramatiske typen. Når ho får på seg dei rette kleda, så føler ho seg grådig vel, analyserer Karoline. Heidi nikkar ivrig. Vi andre ser det også. Ho strålar i dei spreke, men samstundes lekre antrekka Karoline har plukka ut til henne. Lisbeth er no vorten skikkeleg vaken, og ser både ung og frisk ut.

FEMME FATALE: Heidi har store planar for kvelden, og har kledd seg i svart topp (B-Young) 499 kroner, halvlang bukse (B-Young) 599 kroner, belte (B-Young) 199 kroner, Smykke (B-Young) 199 kroner, Ring (Glitter) 99,50 kroner. Støvlettar og veske privat.

– LISBETH HAR både kreative og sporty element i seg, men ho har ikkje den

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


16 TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

STENGJETID: Lisbeth har her kjole (B-Young) til 699 kroner, gull-lamè skjerf (B-Young) til 99 kroner og øyrepynt frå Glitter. Nickolai i gråmelert dress frå Moods of Norway (Marcel) 5550 kroner og skjorte (Marcel) 600 kroner).

«Du hevar eit billeg eller eit brukt antrekk mykje med sko og tilbehør. Alt treng ikkje vere nytt til ei kvar tid» energien som Heidi har. Ho finst ikkje rocka, seier Karoline om dottera på 182 centimeter. – Når jentene er så høge som det, så deler eg mykje opp antrekket. Nickolai meiner ho er ein klassisk type, men at han enno er så ung at han handlar meir ut frå mote enn type. – HAN ER HØG og tynn. Lang i armar og bein, men det er vorte lettare no enn før å finne klede som er lange nok også for dei. Både den billege dressen og designardressane sit som skot. – I år skal mannen ha heil dress, ikkje berre jakke og bukse. Den klassiske kvite skjorta er også meir på veg inn att. Fotografen har aldri sett så oljete hender hos nokon mannleg modell før. Truleg er ikkje det så veldig trendy i hippe motekrinsar, men kanskje det vert det neste. Litt meir macho modellar kan ikkje skade.

par sko, ei veske eller smykke kan gjere med eit antrekk. – Du hevar eit billeg eller eit brukt antrekk mykje med sko og tilbehør. Alt treng ikkje vere nytt til ei kvar tid, tipsar stilkonsulenten, medan modellane gjer seg til for fotografen og kvarandre. DEN IMAGINÆRE KVELDEN er snart over. Det har vore ei minnerik framsyning. Skapt av vakre klede og rett tilbehør, men kanskje ikkje minst av strålande modellar, som tydeleg gjev uttrykk for trivsel i lånte fjør. Det er ikkje tvil om at klede skapar folk.

■ Takk til B-Young, Marcel, Fellini og Glitter for utlån av klede, smykke, vesker og sko. ■ Takk til frisørane Randi Kalstad og Torill Sunde på Salong 44. ■ Takk til Sunnfjord hotell for lån av suite og resepsjonist Juan Kleppe, som sporty stilte opp som bartender. ■ Sist men ikkje minst: Ei stor takk til dei flotte modellane Heidi Nyhammer (46), dagleg leiar på Rammeriet, Lisbeth Munkvold (32), sjukepleiar og Nickolai Willis (19), bilmekanikarlærling hos Opus.

anne.britt.sandoy@firda.no

DET ER MORO å sjå kor mykje eit

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR 17 FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

Du treng ikkje reise til Oslo for å «bli ny» FØRDE: – Eg ser etter kva type kunden er, og prøver å framheve den best mogeleg, fortel Karoline Skaflestad.

■ Karoline er gjerne med deg på handletur i Førde Når det gjeld stil, er førsteinntrykket aller viktigast. – I tillegg, så analyserer eg etter faste skjema som omhandlar både kroppsmål og fasong. Kroppsmåla teiknar vi opp, og så ser vi dei i forhold til proporsjon og kroppsfasong. Slik ser vi om det er noko som må korrigerast, for å oppnå best mogeleg heilskapsinntrykk. Det kan vere i forhold til korte eller lange bein og stor eller liten overkropp. Etter at figuren er analysert og eventuelt korrigert, er turen komen til å finne ut kva type kunden høyrer til.

ANNE BRITT SANDØY Tekst

I våre dagar vert det meir og meir vanleg med både personlege trenarar, for å komme i form, og personlege konsulentar, som kan gjere det beste ut av folks utsjånad og klesstil. «Personal shopper», kallast det på fint, men Karoline Skaflestad frå Naustdal, vil heller kallast farge- og stilkonsulent.

Grundig analyse Ho har mange års erfaring i å kle opp folk i tillegg til vidareutdanning i farge- og stilanalyse og fordjuping i make up. Dei siste åra har ho hatt eige firma, og du kan leige henne, både for å finne din eigen farge- og stiltype og for å få personleg hjelp i klesbutikkane. – Korleis går du fram når ein kunde kontaktar deg? – Eg spør alltid om dei har teke fargeanalyse tidlegare. Kunden er ofte ute etter berre stilanalyse, men eg anbefaler at dei tek fargeanalyse først. Utan ei fargeanalyse å gå ut frå, er det vanskeleg å gje

STILGURU: – Eg jobbar ikkje så mykje ut frå trendar, men må vere orientert om dei. Det viktigaste for meg, er gjennom ei farge- og stilanalyse, å finne ut kva som kler kunden, fortel Karoline Skaflestad.

maksimalt utbyte når vi skal finne klede, fortel Karoline Skaflestad. Gjennom å analysere hud, hår og auge ser ho kva fargar kunden er bygd opp av. – Eg jobbar ut frå kalde og varme fargar, og ser om kunden er varm eller kald, dus eller klar, og også om han er lett, medium eller tung når det gjeld kuløren i fargane.

Optiske illusjonar – Ein person treng ikkje høyre til ein bestemt gruppe. Vi ser at dei unge ofte er meir opptekne av trend enn av type. Slik må det vere. Skaflestad er meir oppteken av person enn av mote, og gjennom erfaring og kurs har ho utvikla eit trena blikk for kva som passar kvar enkelt, og korleis ein ved hjelp av optiske illusjonar kan framheve det beste med kvar enkelt kroppsfasong. – For å få eit godt resultat brukar eg alltid verknaden av optiske illusjonar, og kva auga

oppfattar. Vi kan trikse med fargar, lengder, rette og bua linjer og mangfald av mønstret tekstilar, for å framheve det beste. Vi veit at mørke fargar minskar og lyse fargar gjer større. Bevisst bruk av optiske illusjonar kan gjere mykje for heilskapsinntrykket, fortel Skaflestad. – Har «vanlege» folk råd til å bruke deg? – Ja. Dei som brukar meg, og får personleg rettleiing i å setje saman ei god garderobe med klede, som dei som type vil trivast i, og dei vil dermed unngå dei store feilkjøpa. Eg tilbyr fargeanalyse, stilanalyse og assistanse på handleturen. På førehand har vi avtalt både kor mykje pengar kunden vil bruke, og kva klede vi skal sjå etter. – Då snakkar vi om det siste på motefronten? – Nei, eg jobbar ikkje berre ut frå mote, men ut frå kva type kunden er, og på den måten set vi saman gode garderobar. Eit billeg antrekk kan til dømes hevast mange hakk med tilbehør som sko, skjerf og smykke. Klede du har i eige klesskap kan verte som nye med moteriktig tilbehør.

KVA TYPE ER DU Som farge- og stilkonsulent analyserer alltid Karoline Skaflestad kva type kunden er, både når det gjeld stil og fargar. Mange har element frå ulike typar. Dette er inndelinga: ■ Den naturlege typen: Er gjerne lite interessert i klede. ■ Den sensuelle typen: Likar å eksponere seg. ■ Den klassiske typen: Danna og feminin. Trivest best i tradisjonelle antrekk. ■ Bohemen: Den som elskar folkloreinspirerte klede, har langt hår og mange smykke. ■ Den romantiske typen: Feminin, flørtete og sjarmerande. Likar å pynte seg med rysjar, glitrande og dinglande smykke. ■ Den ledige og elegante typen: Avslappa, open og lett omgjengeleg. Kler seg i behagelege plagg som gjerne heng laust på kroppen. Komfortable framfor krevjande plagg. ■ Den sporty typen: Kler seg gjerne i bukser og avskyr å pynte seg i kjolar. ■ Den dramatiske typen: Sjølvsikker. Likar å ha kontroll. Kler seg ofte i svart. Likar dramatiske effektar (smykke).

anne.britt.sandoy@firda.no

NYHEIT I FØRDE! !,6/

Mange ulike fargar og mønster!

&2)3,)$ '!.4 ).7%!2 *%!. 0!5, 2)##/6%2/ 3!.$ 6)#4/2)!

design-anheng med gull, emalje og zirkoner. Lås til å hekte på lange og korte kjeder.

Nyheter fra Jean Paul DAME:

HERRE:

Jakke

Jeans

1699 Genser 799 Bukse 1299

Frå kr

1450,-

799 Jakke 1999 Skjorte 799

6)# (!.$%,3(53%4 &Ħ2$% Tlf. 57 82 28 11

- Innlogging, Direkte, , 0

Coop Extra – Førde – 57 83 44 80

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


18 TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

Hermine med millionkontrakt â– KJENDIS: Emma Watson, som spelar Hermine i Harry Potter-filmane, har teke over kontrakten til Keira Knightley, som Chanels ansikt utad for parfymen Coco Mademoiselle. Kontrakten skal vere verdt 30 millionar kroner, melder Det Nye.

Kjøp rett skinnjakke â– MOTE: – Det er skinnjakker som gjeld for denne hausten, melder www.klikk.no/mote/formenn. Dei skriv vidare at ein god tommelfingerregel nĂĽr du kjøper jakker, er ĂĽ ta utgangspunkt i høgda din. Er du godt over 180 cm, sĂĽ kan du fint ha jakker som gĂĽr ned pĂĽ lĂĽret. Men dersom du er 175 cm eller lĂĽgare, og gjerne vil sjĂĽ høgare ut, sĂĽ mĂĽ du velje ein kort modell. Dermed skaper du et inntrykk av ĂĽ vĂŚre litt høgare enn du eigentlig er.

Første grøne frisørsalongen i fylket GAULAR: PĂĽ Sande har Doris Takvam har opna fylkets første miljøvennlege frisørsalong. ANNE BRITT SANDĂ˜Y tekst og foto

– Eg valde ĂĽ satse pĂĽ miljøvennlege og økologiske produkt, fordi vi frisørar har sĂĽ lett for ĂĽ utvikle allergi, hovudverk og luftvegssjukdommar, fortel Doris Takvam.

Ammoniakkfritt Ho har sysla med tanken, sidan ho for tre ĂĽr sidan sĂĽg eit program om økologiske frisørar i Danmark. Der er dei komne mykje lenger enn Norge nĂĽr det gjeld ÂŤgrøne frisørarÂť. – Det er ikkje sĂĽ mange som driv med dette, sĂĽ det vart mange telefonar i sommar, bĂĽde for ĂĽ lĂŚre om produkta og for ĂĽ

finne leverandørar, fortel Takvam, som ikkje er eit sekund i tvil om at dette er det einaste rette. – Forbrukarane er meir miljøbevisste. Eg har hatt mange kundar som har etterlyst økologiske produkt. Det er ogsĂĽ betre for miljøet rundt meg. Gaularelva renn jo rett forbi salongen. Ho fortel at ho har fĂĽtt fleire nye kundar etter opninga i august, som kjem eine og ĂĽleine, fordi dei har høyrt at ho brukar slike produkt. – Kundane kommenterer at det ikkje luktar kjemikaliar i salongen, og eg merkar at eg ikkje lenger har hovudverk etter lange arbeidsdagar. Det er pĂĽbode med punktavsug i alle frisørsalongar, men det treng ein ikkje nĂĽr ammoniakkdampen er borte. Takvam brukar ein serie til farging, bleiking og permanent som heiter

Organic Colour System. Den serien marknadsfører seg med at det er den første fargeserien/bleiking pü marknaden, som er utan ammoniakk og paraben, samstundes som den dekkjer grütt hür.

Ufarleg for gravide – Hovudingrediensane i fargen er ulike planteekstrakt, som soya, kokosnøtt, kveiteprotein, Aloe Vera, blĂĽbĂŚr, mandarin, vassmelon, appelsin og lime. I tillegg inneheld den vasstoffperoksid. Denne aktivatoren er den same som vert brukt i augevatn, reinsekremar og munnvatn, fortel Takvam. Vasstoffperoksiden, som vert brukt, er den mildaste som er pĂĽ marknaden. Dersom ein ikkje brukar det, sĂĽ vert hĂĽret berre tona, ikkje farga, og denne toninga vert vaska ut litt etter litt. – Det er godt ĂĽ sleppe

ammoniakklukta opp i ansiktet nür fargen skal blandast. Tidlegare rann gjerne türene, men no er det ei behageleg lukt. Fargane er like fine og sit like godt i hüret. Dei er heller ikkje farlege for gravide. Konsulenten som lÌrte meg opp, brukte ikkje hanskar ein gong, fortel fylkets første grøne frisør, som no kan tilby ein komplett serie med miljøvennlege produkt innanfor hürpleie, hürstyling, farging, bleiking og permanent. anne.britt.sandoy@firda.no

Kundane kommenterer at det ikkje luktar kjemikaliar i salongen Doris Takvam

Jakke frĂĽ 499,Jeans frĂĽ 499,-

2C<8/993 ''# Jakke frĂĽ 499,Jeans frĂĽ 499,-

HANDELSHUSET SĂ˜R, www.jc.no

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56

GRĂ˜N FRISĂ˜R: PĂĽ Sande har Doris Takvam


TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR 19 FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

Kjerringråd for håret ■ HÅRPLEIE: Brunettetips: Forsterk brunfargen ved å helle to koppar avkjølt, sterk espresso over håret. La det virke ein halvtimes tid. Blondinetips: Frisk opp fargen ved å gni håret inn med safta av eit par sitronar, og gå ut i sola. Men vær forsiktig med hovudbotnen. Brusa hår: Bruk rikeleg med balsam når du vaskar håret. Det gjer håret litt tungt og mindre brusa. Tørt hår: Vask og skol håret som vanleg. Mos ein avokado og masser massen inn i håret. La virke i 5–10 minuttar. Skol godt til slutt. Oljen i avokadoen vil gi fukt til håret. Feitt hår: Forsøk å massere håret med ei blanding av to teskeier sitronsaft og 2 1/2 dl vatn. Vask som vanleg etter ti minutt. Glans: Avslutt alltid hårvasken ved å skole håret med kaldt vatn. Da lukkar skjela seg på hårstråa, og håret ser meir glansfullt ut. Kamillete i siste hårskoling skal også gi blankt hår, spesielt om du er blond. Langvarig hald: For at frisyren skal halde seg lengst mogeleg, er det smart først å føne håret med varmluft og avslutte med kaldluft. Tørr hovudbotn: Gni inn hovudbotnen med olivenolje samtidig som du gir deg sjølv en god hovudbotnmassasje. La oljen sitje i 30–60 minutt før den skolast ut med lunka vatn. Ikkje bruk for varmt vann – da kan det bli vanskeleg å få ut oljen.

Kjelde: klikk.no

opna den første frisørsalongen med økologiske hårprodukt i Sogn og Fjordane.

DENNE VEKA:

Haustens FOLK jeans

÷30% Velkomen inn til ein hyggeleg handel! FØRDE – HANDELSHUSET SØR, 2. ETASJE - Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


20 TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

TO TRENDAR: Kristi Tammik Mann (t.h.) er konsulent for Chanel. I følgje henne, så er haustens trend anten mørke auge og lys leppestift, slik som Britt Iren Nygjerde, er sminka, eller mørke bærfarga lepper og lite augesminke, som ho sjølv er sminka.

Sota auge eller mørke lepper FØRDE: – No skal du anten ha mørke lepper i bærfargar eller mørke auge, fortel konsulent Kristi Tammik Mann hos Chanel.

■ Neglene skal vere runde og kortklipte ■ Dette er basis ■ Slik får du sota auge

ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Etter hennar syn, så skal du bruke ein lys leppestift dersom du brukar mørk skugge og mørk eyeliner. Dersom du brukar ein leppestift med mykje farge, så bør du bruke lite makeup på auga. Då kan det vere nok med svart mascara og svart kajal. – Du kan ikkje ha både mørke auge og mørke lepper. Det blir heilt feil, understrekar Tammik Mann. Tida for nappa augebryn er også over. – Bryna skal vere så naturlege som mogeleg. Det er faktisk ein fordel med tjukke bryn. Når det gjeld blush (rouge), så bruk så lite som mogeleg. Også neglene skal vere natur-

FØR: Britt Iren Nygjerde før sminking.

lege. Dei lange og firkanta er borte. No skal dei vere korte og runde. – Dersom du vil bruke negle-

ETTER: Slik skal du sminke det til hausten. Då er det mørke, sota auge og lyse lepper som er in. Her er Britt Iren Nygjerde ferdig sminka.

lakk, så kan den vere mørkeraud eller nesten svart, fortel Chanelkonsulenten. Ho har også lagt merke til at

hattane er på full fart inn. – Det er bohemstil med hattar, masse store smykke, strikkegenserar og belte. Vi ser også at

50-tals moten med blant anna tronge skjørt er komen meir attende.

Lipgloss: Held like lenge som leppestift. Etter det mister den fukt og blir seig. Maskara: Held i 3-4 månader før den harsknar og blir tørr. Får også høgt bakterieinnhald etter noen månader. Parfyme: Held omtrent eit år på

badet, før den harsknar. Neglelakk: Tåler eit år før den klumpar seg. Når den vert gammal, bruker den lengre tid på å tørke på neglene. Kajal: Blir tørr og vanskeligare å påføre etter eit år. Kremer: Sjå merking på pakninga -

varierer veldig etter merke og innhald i kremen. Augeskugge: Har lang haldbarheit. Rouge/pudder: Har lang haldbarheit. Kilder:Det Nye, Makeup-artist Heidi Hovet og Kosmetikkleverandørenes Forening

anne.britt.sandoy@firda.no

Haldbarheitstid på sminke ■ MAKE UP: Sminke og krem er ferskvare, og etter noen månader kryr det av bakteriar i maskaraen din, mens leppestiften er tørr og har mista glansen. – Det er vel eigentlig ingen makeup som bør stå i skapet meir enn eit år. Det einaste unntaket må

være sminke som augeskugge og rouge, seier makeup artist Heidi Hovet hos Visage Makeup Store. Best før... Leppestift: Held omtrent eit halvt år før den harsknar og mister fukt og farge.

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR 21 FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

Slik legg du make up Chanelkonsulent Kristi Tammik Mann forklarar trinn for trinn korleis du bør leggje sminke. Britt Iren Nygjerde, som jobbar på Parfymelle på Førde Torg er modell på før- og etter bileta. 1) FOUNDATION: Foundation jamnar hudfargen, og dekker raude kinn og blank panne. Den beskyttar mot ureining og har solfaktor. Nokon har vore skeptiske til å bruke foundation dagleg, fordi dei er redde for at huda ikkje får puste, men det problemet avviser Tammik Mann. – Fargen på foundation må ikkje vere mørkare enn huda. Sjølv likar eg best å bruke fingrane for å jamne ut kremen. Andre føretrekkjer anten børste eller svamp. Det er viktig å vaske børsten eller svampen etter kvar gong. Ulempa med svamp er at den syg i seg mykje av produktet. 2) CONCEALER: Ein conceiler er meir dekkjande enn foundation, og skal brukast lokalt, for å dekke kviser, pigmentendringar og mørke ringar under augo. 3) MAKE UP-BASE FOR AUGA: Tammik Mann rådar alle til å investere i ei slik lita krukke. Make up-basen gjer at sminka held seg fint heile dagen, sjølv om du vert både sveitt og varm. 4) LAUSPUDDER: Make upen vil sitje betre dersom ein brukar lauspudder over foundation. Ein foundation er ganske fuktig, og pudderet syg til seg denne fukta. 5) AUGEBRYNSFARGE: No skal augebryna vere så naturleg som mogeleg. Ein får kjøpt augebrynsskugge i sett med tre fargar, som kan blandast. Ein slik skugge ser meir naturleg ut enn om du brukar blyant, og er også slik dei rådar kreftramma til å bruke. Britt Iren Nygjerde hos Parfymelle fortel at denne augebrynsskuggen er så dryg i bruk at du har den i fleire år. 6) AUGESKUGGE TIL SOTA AUGE: For å få meir effekt, så brukte Chanelkonsulenten augeskuggen saman med ansiktsvatn. Det gjorde at fargepigmenta vart mykje sterkare. Ansiktsvatn inneheld alkohol, noko som gjer det meir haldbart enn vanleg vatn.

– Fukt applikatoren først med ansiktsvatn. Bland gjerne den grå og svarte skuggen. Den vert ikkje øydelagd av det. Når den tørkar er den like fin. Ta på skugge opp til globallina, og bruk tid på å jamne den ut. Bruk skuggen også under auga i standen for kajal. Føler du at det vert for mykje, så ta ein qtips og sot ut, rådar konsulenten. – Det er mykje arbeid med smokey eyes, ler ho. Eit anna tips, dersom du søler med augeskuggen, er å ta litt foundation på ein q-tips og rull det forsiktig vekk. Dersom du vil ha meir sota auge, så kan du ta svart kajal på våtlina, men det passar best til fest. Ein sølvgrå kholblyant er også fint på den. 7) EYELINER/KAJAL: Chanelkonsulenten brukte augeskugge på ein tynn våt kost for å teikne langs vippekanten. Ho meiner at resultatet vert betre enn med ein kajalblyant, fordi det fyller heile rommet mellom augelok og vipper. 8) MASCARA: Mascara skal alltid brukast både på over- og undervippene. Dersom du greier å få med den inste millimeteren av vippene ser dei mykje lenger ut. Rull kosten forsiktig. Volum-mascara er best. Tammik Mann meiner at mascara er det absolutt aller viktigaste, når det gjeld sminke. Som nummer to kjem ikkje leppestiften, men heller ein god foundation eller conceiler. 9) LIPLINER OG LEPPESTIFT: Det er viktig å bruke livliner, fordi den held leppestiften på plass. Liplineren skal vere i same farge som leppestiften, slik at det vert så naturleg som mogeleg. Vil du ha større lepper, så bruk lyse, blanke fargar. Ta gjerne gloss over leppestiften. Dersom du vil at leppene skal verke mindre, så bruk matte og naturlege fargar. 10) BLUSH/ROUGE: Ta den på til slutt. Den skal matche leppestiften, ikkje augeskuggen. Trenden no er at du skal bruke så lite som mogeleg. Ta litt under kinnbeina, for å forme ansiktet. 11) HIGH LIGHT PUDDER: Ta litt under augebryn, under auga og ved naserota, for å lyse opp ansiktet.

Haustnytt STRIKK!

Vi har garn og mønster i butikken – strikk dine eigne moteplagg!

Haustens smykke, vesker og sko

Nye

HAUSTMOTAR frå

Nyheit! Nature’s Minerals

Rein mineralsminke for naturleg resultat! The Body Shop, Handelshuset Førde, Tlf: 57 72 01 80

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56

Førde


22 TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

HAUSTNYTT PÅ HANDELSHUSET! 1

PÅ Å HANDELSHUSETT FINN N DU: Apotek1 Arkja Bagorama Bambus Bellis Blomster Bianco Footwear BigBite Bjørklund Blend Bonito Brilleland B-Young Christiania GlasMagasin Cosmetique Deli Vita Din sport dna Eiendomsmegler Vest Elprice Engevold Blomster Euro Sko Førde Glassmagasin Førde Lydsenter Glitter Handelshuset Libris Helle Foto Hennes & Mauritz JC KappAhl Kremmerhuset Lene V Malia Marcel Mestergull More Woman MX-Sport Napoleon Conditori Narvesen Nikita Hair Nille Peppes Pizza Princess Ranels Parfymeri Reflex Ringo Spar supermarked Sparebanken Vest Specsavers Sunkost The Body Shop Ti-Ti Trendy Frisør TrygVesta Vi To Via ferieverden VIC Vinmonopolet Wagner Zoo-senteret Økonomisko

5

6

7

12

KJEM M SNART: Jack Jones Vera Moda Vita Telekiosken

13

14

15

1. Brilleland: Solbriller kr 1997,- 2. Glitter: Smykke kr 79,50,- 3. Kremmerhuset: Lampe kr 499,- 4. Mestergull: Sølv emalje armlenke 3185,5. Førde Glassmagasin: Stelton kanne kr 524,- 6. Bjørklund: Sector klokke 3990,- 7. Princess: Pute kr 98,- teppe kr 259,- 8. Elprice. Htc touch diamond kr 4532,9. Modell: Marianne Undeland. Jakke frå Bonito 1249,- Bukse frå Bonito 649,- Veske frå dna 699,- Sko frå Bianco 2100,- Armband frå Marcel 999,10. Bonito Dameklær: Tunika kr 599,- 11. Marcel: Belte kr 199,- 12. Dna: Nike Støvlett kr 1200,- 13. Ranels Parfymeri: Lancomè Magnifique 30 ml 445,14. Bagorama: Guess veske brun krokodille kr 1399,- 15. Bianco Footwear: Fin sko kr 500,- 16 VIC: Kåpe 1999,-

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR 23 FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

4

3 2

9 10 8

11

– vi har det! Foto: Sølvi Jørgensen, Firda

16

OPNINGSTIDER:

Mån-fre

.....

10–20 Laurdag

.....

10–16

(Nokre av butikkane har andre opningstider)

www.hhforde.no - Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56

I 60 butikkar I 500 gratis parkeringsplassar i garasjen og på taket!


24 TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

Smykkemerket MeloMelo lanserer eksk ■ Læreåret ved Dale Sko gjorde Andreas Malo Dyb

trygg på at skodesign på heiltid er framtida GENTLEMANS KIT: Desse mansjettknappane er laga, for å seljast i ein «Gentlemans kit», saman med MeloMelo-skoen. Denne skoen er designa av Andreas Malo Dyb for smykkefirmaet MeloMelo, og har gulldetaljar i ekte gull rundt lissehola og på lissene. Dei vert produsert i Dale i desse dagar, og skal lanserast i Oslo 3. oktober.

MELOMELO: Denne skoen er designa av Andreas Malo Dyb for smykkefirmaet MeloMelo, og har gulldetaljar i ekte gull rundt lissehola og på lissene. Dei vert produsert i Dale i desse dagar, og skal lanserast i Oslo 3. oktober.

HOCKEYSKO: Denne skoen var ei julegåve til søstera, som var nummer tre på det norske ishockeylandslaget. Utgangspunktet er ein gammal joggesko, som vart brukt i forsvaret på 1970talet.

MALO DYB: Sommarsko i skinn og lin. Lett i vekt og pustar godt. Denne skoen laga Andreas før han skulle på Oslo-tur i sommar. Sidan har han brukt den dagleg.

Etter smykke er jo sko det viktigast plagget på kroppen Anders Frøystad

SKODESIGNAR: Andreas Malo Dyb har nettopp avslutta eit år ved skofabrikken i Dale. På dagtid sydde han uniformssko og på kveldstid designa han sine eigne sko. – Mange med utgangspunkt i gamle Dale Sko – modellar. I byrjinga av oktober lanserer smykkemerket MeloMelo ein eksklusiv sko designa av Malo Dyb. Han håpar at det er berre byrjinga på ei karriere som skodesignar.

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


TEMA HAUST- OG VINTERMOTAR 25 FIRDA TYSDAG 23. SEPTEMBER 2008

klusive sko frå Dale FJALER/OSLO: I oktober lanserer Andreas Malo Dyb eksklusive herresko med gulldeltaljar i samarbeid med smykkedesignarane MeloMelo. ANNE BRITT SANDØY tekst Herreskoa, som er designa av Malo Dyb vert i desse dagar produserte av Dale Sko. Dei skal lanserast 3. oktober i Oslo av det eksklusive smykkemerket MeloMelo, som blant anna har Bertine Zetlitz, Pia Tjelta, Pink og Janne Formoe på kundelista.

Ekte gull – Det er ein litt sånn trendy og eksklusiv herresko med detaljar i ekte gull, som vert levert i ein skopose i champagnefarga sateng. Du kan også få den i «gentlemans kit» med spesialdesigna mansjettknappar, fortel Anders Frøystad hos MeloMelo. Han har kjent Andreas Malo Dyb i fleire år, og synest det er moro å gjere noko saman med han. – Dette viser at det går an å finne eit kryssingspunkt der sko møter smykke, utan at det vert smaklaust. Etter smykke er jo sko det viktigast plagget på kroppen, ler Frøystad. Han fortel at MeloMelo skoen vil komme i eit lite, eksklusivt opplag. Prisen er ikkje heilt fastsett, men vil truleg liggje i overkant av 2000 kroner. Andreas Malo Dyb kom til Dale Sko i fjor haust, for å lære om skoproduksjon, etter at han blant anna hadde studert industridesign i Italia, Han rosar bedrifta for måten han vart motteken på. – Året i Dale var kjempebra. Ei unik oppleving. Eg lærte alle sider ved skoproduksjon, og hadde eigen nøkkel til fabrikken, slik at eg kunne vere der på kveldstid, fortel skodesignaren.

Oxfjord og gamle joggesko Dei første ni månadene jobba han i vanleg skoproduksjon om dagen, medan han konsentrerte seg om sitt eige design om kvelden. Dei siste tre månadene jobba han berre med design. Blant anna så moderniserte han mange av dei gamle klassikarane til skofabrikken. – Mange av dei er morosame og veldig tidsriktige. Dei kunne godt ha vorte selde i dag. Det var morosamt å ta utgangspunkt i slike gamle sko og sjå

PRIMA: Første prototypen til det som no vert ein MeloMelo-sko. Denne skoen var meint å treffe i skjeringspunktet mellom casual og elegant. MeloMelo heller meir mot det elegante.

FAKTA Andreas Malo Dyb (25) Bustad: Oslo Yrke: Skodesignar Heimeside: www.malodyb.com Aktuell: Har vore eit år i Dale og lært om skoproduksjon, samt stått for utforminga av den nye bunadssko-kolleksjonen til Dale Sko. Han har også laga sin eigen skokolleksjon basert på gamle Dale-sko-modellar, samt utvikla sko i samarbeid med klededesignaren TMichael i Bergen: www.t-michael.com og designa eksklusive sko for smykkemerket MeloMelo i Oslo: www.melomelo.no

TEMA

Bil og motor

kva som kunne gjerast med dei. Blant anna, så laga han sko til søstera si på den norske hockeylandslaget, av den klassiske joggeskoen, som forsvaret brukte på 1970-talet og sin eigen variant av klassiske Oxfordsko med «lusekoftedetaljar». Sistnemnde fekk det passande namnet «Oxfjords». Førebels finst berre prototypane av desse skoa, men Malo Dyb har lyst å utvikle konseptet vidare. Dagleg leiar ved Dale Sko, Stein Grov Eilertsen, gjev Malo Dyb all ære for den nye og flotte bunadskolleksjonen.

Bunadskolleksjon – Å jobbe med bunadssko gav meg ei meir heilskapleg oppleving i forhold til Dale Sko, men som designar var ikkje dette i utgangspunktet eit oppdrag eg brann for. Eg hadde nok heller valt sneakers, ler han. – Men det var kjempespennande. Det vart ei utfordring å løyse dette på ein fin måte, og eg syntest også det var kjekt å kunne bidra til gjere noko i forhold til Dale Sko sin eksisterande kolleksjon. Andreas Malo Dyb fortel at det ikkje er lett å leve av skodesign, men har klokkartru på at det skal han greie – om han berre tek tida til hjelp. – Det er ein ekstremt vanskeleg bransje å komme inn i. Eg er såpass fersk at eg førebels stort sett gjer gratisarbeid, berre for å få auka portefølja mi. Eg har inne mange jobbsøknader både i Tyskland og USA, og er dialog med fleire, som eg lagar skoprøvar til. Draumen min er å designe urbane herresko. anne.britt.sandoy@firda.no

HERRESKO: Dette er Dale sko sin nye bunadsko til herrar. Skoen blei i hovudsak nytta i Hallingdal, men passer fint til dei aller fleste mannsbunader i dag. Den var brei framme over tærne og hadde en god passform. Dette er truleg den første modellen av ein snøresko, og hadde 2 maljer som lærlissa gjekk gjennom. Pyntestykket var festet i lærlissa. Design: Andreas Malo Dyb.

SNØRESTØVEL: Denne skoen er ein modell som hentar sine særpreg frå snørestøvlane som var populære på begynninga av 1900-talet. Skoen har ornamenter rundt snørestykket og på hælkappa, lik dei vi finn på finsko på denne tida. Design: Andreas Malo Dyb.

TYSDAG 7. OKTOBER kjem Firda med temasider om bil og motor – Vi skriv om nytt på bilfronten og ser på køyretøy og utstyr som passar ulike behov! Temastoff er populært lesestoff og du når 46 000 lesarar med bodskapen din. Nytt sjansen til å annonsere denne dagen.

MATERIELLFRIST ANNONSE: Tysdag 30. september Aktuelle annonsestorleikar: • • • •

1/1 side 1/2 side 1/4 side 1/8 side

MALO DYB ORIGINAL: Ein pen todelt herresko i kvitt skinn, med farga del i nubuck. Enkel i uttrykket, med detaljar inspirert av klassisk Derby sko.

- Innlogging, Direkte, , 0

Spørsmål kring annonsering eller tinging av annonse? Kontakt marknadsavdelinga på tlf. 57 83 33 00 eller send e-post til annonse@firda.no. Merk sendinga «Tema – bil og motor».

www.firda.no

- 193.215.6.253 26.09.2008 14:20:56


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.