11 FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
TEMA Dine pengar På skattejakt i Fjærland
– Kvar bok er ein skatt, om du berre finn den rette lesaren, seier dagleg leiar Øyvind Ødegård i Bokbyen. Han har ansvar for 4,1 km med bøker i allverdens sjangrar. Her kan sjølv dei mest kresne finne si ferielektyre, og det er store pengar å spare.
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
12 TEMA DINE PENGAR FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
Jakta på ferielektyren FJÆRLAND: Her finn du 12 bruktbokutsal, administrert av Øyvind med skotskrutete lue. Safen er ein småblomstrete kakeboks. Billige bøker er nesten berre bonus i Bokbyen. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto
EROTIKK: The Kama Sutra, Maxine Davis: «Kvinners seksuelle ansvar», Giovanni Boccaccio: «Decameronen», «Nye norske sengehester» og «Sexleker 1»
– Alt som er laust er til sals, understrekar Øyvind Ødegård. Han er dagleg leiar for Bokbyen i Fjærland, der 4,1 kilometer med bøker står og ventar på å få vere med nokon heim. Med 200 000 bøker å velje mellom, er det ikkje vanskeleg å finne noko som interesserer.
«Guds ord i krigstid».
KRIM TIL FERIEN: Sara Paretsky: «Bitter Medisin», Jo Nesbø: «Rødstrupe», Stephen King: «Varulvens år», Minette Walters: «Fox» og Georges Simenon: «Maigret i Liberty Bar.
BARNEBØKER: Christine Nøstlinger: «En mann til mamma», Roald Dahl: «Charlie og den store glasheisen», Thore Hansen: «Der elva gjør en sving», Evi Bøgenæs: Tove arbeider videre», Nils Reinhard Christensen: «Stompa på vingene», Alf Prøysen: «Teskjekjerringa på camping», Walt Disney; «Peanøttmysteriet», Gunnel Lunde: «Skrekknatt i Skummelbo og eventyret om de tre små griser».
- Innlogging, Direkte, , 0
– Kvar einaste bok er ein skatt, om du berre finn den rette lesaren, siterer han, medan vi går gjennom duskregnet på jakt etter bøker til sommarferien. Utvalet er nesten lammande. I desse 12 utsala må omtrent alle sjangrar i heile verda finnast. Ødegård peikar og forklarar. Eg lyttar ivrig. Men av og til dett blikket ned på eit tittel, og alt anna vert stengt ute. «Guds ord i krigstid». «Bot eller bryllup. Ugifte mødrer og gravide bruder i det gamle samfunnet». Her er definitivt noko for ein kvar smak. Inne på Kaffistova møter vi Anna Girstmair frå Austerrike og Andreas Mayr frå Tyskland. Etter eit års geografistudiar i Bergen er dei på ei lite rundreise før dei skal heim. Anna står lenge og ser på handarbeidsbøker. Ho leitar etter ei strikkebok med typiske norske mønster, men finn berre bøker med strikkeplagg, som var moderne på 70-talet. Det ser ut som om ho må reise tomhendt denne gongen, men det kjem stadig inn nye varer, så ho er hjarteleg velkommen att. Ødegård fortel at han nett har takka nei til hundre banankassar med bøker frå ein mann på Austlandet. Frakta vil rett og slett verte dyrare enn inntekta. Synd, men slik er
SJØLVPLUKK: Dette motivet frå Bokbyen er kjent: Sjølvbetening à la Fjærland – tufta på tillit.
det, når Bokbyen skal vere sjølvfinansierande. Dei får ikkje tilskot, men greier likevel å få det til å gå rundt.
– Bruk heile dagen
REISELITTERATUR: Det kan kanskje vere ein idé å ta turen til USA no når dollaren er så billig. Om du vil lære litt om landet før du dreg, så har Øyvind Ødegård metervis med litteratur om det.
I KAFFISTOVA: Tyske Barbara Kuhnen har kjøpt husmannsplassen Kvednavodl i Fjærland. Om vinteren bur ho i Tyskland, men kvar vår kjem ho attende til Bokbyen, for å jobbe i Kaffistova, som er kombinert bokutsal og kafé.
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
Mitt oppdrag er eigentleg å finne eit utval med god ferielitteratur, ta bilete av bøkene og presentere i Firda. Men som dei fleste andre bokelskarar, så let eg meg distrahere. Ein rar tittel, ein plakat, omslaget på boka. Ei bok eg hugsar frå eg var lita. Eg gløymer meg vekk, legg kamera til sides og finn små bokskattar, som eg puttar ned i veska. Betale kan eg gjere til slutt, har Ødegård fortalt. Her er all handel basert på tillit. Det er lite nyare bøker å finne. Det ser ein kanskje spesielt på barneboksida. Her er bøkene frå tidlegare generasjonar, besteforeldre som er innom, sukkar lukkeleg og kjøper bøkene til barnebarna. Dei vil truleg aldri lese dei, fordi dei er for gamle og trege til samfunnet i dag. For oss vaksne vert det annleis. Vi kjøper gjerne bøker like mykje for kuriosa, og gleda ved å eige spesielle og gamle titlar. Då er Bokbyen rette staden. Pass berre på at du har heile dagen til disposisjon. Du skal ikkje berre finne ferielektyren, du skal nyte atmosfæren.
TEMA DINE PENGAR 13 FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
Hafstadvegen 25 Førde Tlf.: 06001 nordea.no
A
Naustdalsvegen 1, 6800 Førde Tlf. 57 82 84 00, faks 57 82 84 01 • • • • • •
Rekneskap Lønn Fakturering Årsoppgjer Online tilknyting Økonomisk rådgjeving
A u t o r iser t re k nes k a ps fø ra rsel s k a p
Eva Marie sikra seg feriebøker om urter og vin
Denne veka
Avgrensa tal
– Det er livsfarleg å gå inn i Bokbyen. Det er noko med heile atmosfæren. Eg kjem alltid ut att med mange nye bøker, ler Eva Marie Halvorsen. – Sist eg var her, kjøpte eg ei flott bok om vin og ei om urter og krydderplantar. Det vert ferielektyren i år. I tillegg så er eg alltid på leit etter gamle bøker om helse. Det er moro å lese i 100 år gamle lærebøker, og sjå kva som var vanleg å gjere på den tida. Det er gjort store framskritt. Varaordføraren og høgskuledekanen frå Førde pleier også å finne fantasibøker til sonen og franskbøker til dottera her. – Det er jo så billig. Den dyraste boka eg har kjøpt her kosta 200 kroner, og den rimelegaste berre 20 kroner. Ho fortel at ho lenge har leita etter bibelhistoria som ho brukte på folkeskulen. Dei har den ikkje i Bokbyen, men har lova å prøve å skaffe den, sjølv om ho ikkje hugsar tittelen, berre korleis den ser ut inni. – Dei er veldig flinke her, så eg trur dei kjem til å få tak i den. Grunnen til at eg har så lyst på akkurat denne boka, er at eg likar å besøkje ulike kunstmuseum når eg er på ferie til utlandet. Mykje av dei eldre motiva på bileta der er frå bibelhistoria, og eg vil gjerne kunne lese ein kortversjon av dei. Men i dag er ikkje Halvorsen i Bokbyen for å handle. I dag er ho vertskap
Alle flate/djupe tallerkenar
-25% Heile Ulla serien frå Kosta Boda
-30 %
kakefat før 219,- 154,Stor bolle før 369,- 259,-
SJELHJELP: – Denne må eg berre ha, ler Eva Marie Halvorsen (t. v.) og viser fram boka studentrepresentanten Ingrid Rasten frå Egersund har leita fram frå ein kasse med ulike småhefte.
og medlem i Arbeidsutvalet i nasjonalt råd for helse- og sosialfaglege utdanningar innanfor høgskule og universitet. Dei har lagt årsavslutninga til Førde, og i tillegg til møteverksemd, så er dei innom Astruptunet, Bremuseet og Bokbyen. Studentrepresentanten Ingrid Rasten frå Egersund blar i ei kasse med små hefter og tek opp «Sjelhjelp for travle mødre», som ho viser til dei andre. – Men den der må eg berre ha, ler Halvorsen, og leitar fram lommeboka. Det vart handel i dag også.
- Innlogging, Direkte, , 0
Alle vasar
-30 %
Gran Cru, Rosendahl Vasskaraffel, før 239,- 170,-
anne.britt.sandoy@firda.no
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
14 TEMA DINE PENGAR FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
Eigne pengar Anne Britt Sandøy Journalist
KOMMENTAR FØRSTE SOMMARJOBBEN var på fiskemottaket til foreldra mine. Eg var elleve år, og hadde som oppgåve å leggje ein nummerert lapp i kvar kasse med 20 kilo makrell. LØNA VAR «svimlande» 10 øre lappen. Det vart 1,80 for kvar pall med makrell. Men det var kjekt å tene eigne pengar. Bruke litt på snop og is og elles ha litt i bakhand når vi ein sjeldan gong var på bytur. Men det eg hugsar spesielt godt, er kor kjekt det var å få lov til å jobbe saman med eldre ungdommar og vaksne. Sjølv om eg var yngst, så rekna dei med
Kanskje vi ikkje har betre ting å bruke pengane på, enn å lære neste generasjon at det er bruk for dei meg og lærte meg opp, slik at eg året etter avanserte til timeløn og meir varierte arbeidsoppgåver. DET Å FÅ DELTA aktivt i arbeidslivet på ein slik måte, trur eg alt for få born får oppleve i dag. I 2008 finst knapt ein sommarjobb for ungdom under konfirmasjonsalder. DET ER UHELDIG både for arbeidsmoral og pengebruk. Alle barn vil ha godt av å ha sine faste plikter, som dei får løn for. Slik kan dei oppleve at pengane ikkje berre gror ut av vaksne si lommebok. I mange kommunar har ein fått i stand Ung Jobb, som gjer det mogeleg for ungdommen å tene seg nokre kroner. Men det krev at nokon etterspør arbeidskrafta deira.
Ferie på luksus- eller sm
■ Firda utfordra reisebyråa i Førde
REISE: – Det er kanskje ei større oppleving å vere borte i 5-6 dagar, for å oppleve noko spesielt, enn å verte borte 14 dagar på «smalhans», meiner Erling Hagen. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto
Direktøren på Travelnet Fjordane Reisebyrå trur at ein familie på fem vil få det betre på ein seks dagars tur til Danmark, enn å bu 14 dagar i telt. Kanskje han har rett, men er det reisebyråa sin jobb og meir enn halvere ferien til kunden, fordi budsjettet er lågt?
CAMPING ELLER CRUISE: Direktør Erling Hagen i Travelnet Fjordane Reisebyrå vil heller sende kundane på korte opplevingsturar framfor lange campingturar når budsjettet er lite.
Skreddarsyr ferien Firda utfordra reisebyråa VIA Travel/Ferieverden og Travelnet Fjordane Reisebyrå til å skreddarsy feriepakkar etter pris og ferielengde, ikkje reisemål. Begge reisebyråa tok utfordringa på strak arm, men sleit litt med å oppfylle alle vilkåra for turen. Hagen ville ha kortare turar, medan reise- og frukostbudsjetta til byråleiar Trude Njøsen Helgås i VIA Travel/Ferieverden, til tider ber preg av at vassgraut kan vere ei god og mettande løysing på matfronten. Begge meinte var den største utfordringa, var å finne ledige plassar i fellesferien på så kort varsel, og dei kunne heller ikkje love at desse plassane framleis er ledige i dag. Etter vår meining er det mindre viktig. Vi ville finne ut kor kreative og velvillige reisebyråa kan vere når ein person kjem inn med ein sum i
HYTTE ELLER SLOTT: Byråleiar Trude Njøsen Helgås i VIA Travel/Ferieverden kom med spanande turforslag til både billege og dyre turar.
handa og ønskjer hjelp til å planleggje ferien.
Kreative løysingar Travelnet Fjordane Reisebyrå tok det ikkje så tungt om dei første forslaga til turar, som dei etter avtale sende over på e-post, var litt dyrare, billegare eller kortare enn vilkåra som var sette. Det førte til ein del meirarbeid, der vi måtte repetere vilkåra, for å få oversikta til å verte rimeleg lik. Velvilje møtte vi heile tida undervegs, men med så klare vilkår, så burde det gå an å vere meir nøy-
aktig i forhold til kva kunden ber om. VIA Travel/Ferieverden oppfylte alle vilkår på første forsøk. Vi opp-
levde at dei verkeleg la seg i selen og prøvde å finne attraktive reisemål, som passa i både pris og lengde. Dei sende også
uoppfordra linkar til dei ulike ferieforslaga, slik at vi kunne lese meir om både overnatting og ting i nærområdet. På den
HEILT ÆRLEG, SÅ HAR Eg har alltid tenkt at eg har betre ting å bruke mine pengar på. Å leige inn framand ungdom verkar dyrt, og attpåtil er eg i tvil om at jobben vil verte godt nok utført. HAR DU TENKT slik også? Kanskje vi begge tenkjer feil. Kanskje vi ikkje har betre ting å bruke pengane på. God sommar!
SEA WORLD: Trude Njøsen Helgås reklamerer sterkt for ein tur innom Sea World på USA-turen.
- Innlogging, Direkte, , 0
SLOTTSFERIE: for 30 000 kroner kan eit par bu 14 dagar på slottet Logis Du Fresne i Cognac-området i Frankrike.
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
TEMA DINE PENGAR 15 FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
malhansbudsjett
DETTE ER TURFORSLAGA:
e til å pakke 14-dagars turar
NORGESCRUISE: Erling Hagen anbefaler ein luksustur med hurtigruta langs norskekysten. Dette er hurtigruta Trollsund på veg gjennom Raftsundet.
Desse vilkåra og budsjetta for luksus- og smalhansturane måtte reisebyråa halde seg til: ■ Turen er i fellesferien ■ Den varer i 14 dagar og tilbodet må bestå av reise tur/retur Førde, overnatting og frukost. Dei som skal på tur har reiseforsikring frå før. ■ Turen kan vere både innanlands og utanlands. ■ Valfri reisemåte (alt frå gåtur til fly) ■ Dersom de føreslår eit alternativ, som berre tilbyr full pensjon, så spesifiser kor mykje som er matpengar.
SMALHANS ■ To personar med eit budsjett på 5000 kroner Travelnet Fjordane Reisebyrå: Å reise på tur i 14 dagar med eit slikt budsjett kan ikkje verte noko anna enn telttur, meiner Fjordane Reisebyrå. Dei tykkjer at eit betre alternativ må vere fottur i Jotunheimen med overnatting på turisthytter til 450 kroner per person pr. natt. Men med dei døgnprisane, så må turen kortast ned til fem overnattingar. Då står det att 500 kroner til å dekke reiseutgifter på «Smalhans-budsjettet». VIA Travel/Ferieverden: Frå 12. – 25. juli er det ledig ei hytte på Fageråsen i Trysil til 3770 kroner. Hytta har både tekjøkken, dusj/wc og gratis Internett. Flotte turmogelegheiter i området. Resten av budsjettet er 1230 kroner. Det skal dekke reise tur/retur Trysil og frukost.
måten fekk vi eit mykje betre bilete av kva feriepakke dei hadde laga til oss.
DISNEY WOLRD: Bur du i Lake Buena Vista, Orlando, er ikkje vegen lang til Walt Disney World og Downtown Disney.
■ Fem personar (2v+3b) med eit budsjett på 10 000 kroner Travelnet Fjordane Reisebyrå: Telttur i 14 dagar eller ein kort og opplevingsrik bilferie til Danmark og Legoland: Reis med Stena Line tur/retur Oslo-Fredriks-
anne.britt.sandoy@firda.no
hamn i økonomilugar. Bu to netter på Hotell Svanen i Billund. Med frukost og to dagars billettar til Legoland kostar dette 5455 kroner. 4545 kroner er då att til bensinpengar tur/retur Førde-Oslo og Fredrikshamn-Billund. VIA Travel/Ferieverden: Hytte på Beitostølen til 8500 kroner. Sjølvhushald og med berre fire senger. Ikkje medrekna sengetøy og utvask. Mange aktivitetar i nærområdet. Til dømes bob- og bilbane, downhill-sykling, gyro trampoline, rafting, riverboard og juvvandring. 1500 kroner skal dekke reisa tur/retur Førde og frukost for fem personar i 14 dagar.
LUKSUS ■ To personar med eit budsjett på 30 000 kroner Travelnet Fjordane Reisebyrå: Tur med Hurtigruta. Spesialtilbod ved avreise Bergen 14. juli. 11 dagars rundtur Bergen-Kirkenes-Bergen, inkludert fullpensjon og innvendig dobbelt lugar 25 350 kroner. Reise tur/retur FørdeBergen 952 kroner. Då har paret att 3698 kroner å bruke dei siste tre dagane av ferien sin. VIA Travel/Ferieverden: Tur til Congnac-distriktet i Frankrike 14. – 28- juli: Bil frå Førde til Gardermoen. Fly OsloBordaux ca 3200 kroner per person. Leigebil i heile perioden. Kategori M Audi A4 til 7460 kroner. Overnatting på vinslottet Logis du Fresne, ei perle midt i hjartet av Cognac og Grande Champagne, ca 125 euro per rom/natt, frukost 12 euro. Det vert 1918 euro, som er om lag 15 135 kroner. Totalpris er 28 995 kroner + bensin Førde-Oslo ■ Fem personar (2v+3b) med eit budsjett på 70 000 kroner Travelnet Fjordane Reisebyrå: Ei veke på cruise i Middelhavet med full pensjon, pluss ei veke på Mallorca med sjølvhushald kostar 55 000 kroner. Denne summen inkluderer reisa til/frå Førde. Hagen rår nordmenn til å ta born med på cruise, det går heilt fint. Som alternativ foreslår han to veker i Phuket, Thailand. Det kostar 70 000 kroner.
SLOTTSSENG: Bur du på slottet Logis Du Fresne i Cognac-området, kan det vere at akkurat denne himmelsenga vert di. HYTTE: Denne hytta på Beitostølen er det råd for ein familie å leige i 14 dagar på «smalhans»-budsjett.
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
VIA Travel/Ferieverden: Lake Buena Vista, USA, ikkje langt frå Sea World og Disney World, Orlando: 14.- 28- juli: Fly Oslo - Miami ca 44 000 kroner. Leigebil, kategori M V8 Cherolet Venture sjusetar kr 4630. Pris for villa med fire rom og privat basseng 14 893 kroner. Dette er ikkje inkludert frukost. Totalt: 63 523 kroner. Då har familien 6477 kroner å bruke på reise tur/retur Førde – Gardermoen og frukost.
16 TEMA DINE PENGAR FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
Gode råd for mobilbruk i utlandet
– Ta med fleire bankkort
■ Styr unna dei kostbare fallgruvene
■ ØKONOMI: – Ikkje reis utanlands med berre eit kredittkort i lommeboka, rådar Hilde Aven, som er funksjonær i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det finst mange døme på folk som har fått øydelagt ferien sin, fordi det eine kortet dei hadde med til utlandet ikkje fungerte. – Dette er sjølvsagt spesielt viktig om du reiser åleine, men ha gjerne to likevel. Når det gjeld kontantar, så er det minst like enkelt å ta ut i minibankane på flyplassane, som i banken heime. – Vi sel sjølvsagt dei mest vanlege sortane, men meir ukurante er lettare å få tak i på Gardermoen eller i landet du skal til, opplyser Aven. Ho fortel at reisebyråa er dei som kan mest om valuta og kortbruk på dei enkelte reisemåla, og ber folk om å spørje der, dersom dei er usikre. Reisesjekkar er det ingen som brukar lengre.
MOBIL: – Unngå bruk av mobile internettenester i utlandet. Du risikerer ei skyhøg rekning etter ferien, åtvarar informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor. ANNE BRITT SANDØY tekst
For å unngå ubehagelege overraskingar, rådar Telenor alle til å sjekke dei mobile tale- og dataprisane før dei reiser utanlands i sommar. – Dersom du er usikker, vil det svare seg å nytte ein internettkafé, framfor å kople opp PC-en, rådar Meling.
Varslar høg mobilbruk – Vi har no utvikla Datavarsel Utland, for å gjere kundane merksame på at det er dyrt å bruke data i utlandet, og starta difor i førre veke med mobilvarsling. Denne SMS-varslinga går til privatkundar, som har brukt meir enn 300 kroner inklusive moms, og bedriftskundar, som har brukt meir enn 1000 kroner eksklusive moms, på ein dag på mobile internettenester. Då har dei sjanse til å avgrense bruken i tide. – Telenor reduserte i fjor prisane på mobilsamtalar med inntil 50 prosent i utlandet, og i Europa har du no berre to prisar å halde deg til. Det er 4,88 kroner innanfor EU og 6,99 kroner i resten av Europa, opplyser han. Han fortel at Telenor har lansert ei ny teneste som automatisk gjev prisinformasjon når du er i utlandet innan EU og EØS. Når mobiltelefonen din vert registrert i eit mobilnett i utlandet, vil du som Telenor-kunde få ein gratis SMS med prisinformasjon. Du får vite kva det kostar å ringe til Norge og kva det kostar å ta i mot samtalar i det landet du er.
ÅTVARAR: Surf gjerne på mobilt Internett i Norge, men Telenor åtvarar mot databruk i utlandet, seier informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor.
«Nokre reiarlag koplar samtalen din via satellitt. Sjekk displayet på mobilen. Der står det kva operatør du er kopla opp mot Per Aril Meling
Dyrt med mobil til sjøs Når du ringer mobilsvar frå utlandet, betaler du same pris som andre samtaler til Norge. Det kostar også pengar å ta i mot
– Ved samtaler mellom to norske abonnement i same land, vil den som ringer betale same pris som for ein samtale til Norge, medan mottakar vil betale det som det kostar å ta i mot ein samtale i det aktuelle landet. Hugs også at ordninga FriFamilie ikkje gjeld i utlandet, seier Meling. Dei som sit heime i Norge og ringer til vener i utlandet, betaler vanleg minuttpris for innanlandssamtalar, medan mottakaren i tillegg må betale 2,39 kroner i minuttet for kvar samtale innanfor EU/EØS og 3,99 kroner i resten av Europa. For kontantabonnement gjeld eigen prisar. – Dersom du skal reise ut av Europa på ferie, bør du ringe kundeservice på 09000 og sjekke kva det kostar før du reiser. Hugs også at når du ringer heim til Norge frå utlandet, så må du taste +47 før nummeret, seier informasjonssjefen.
samtaler til mobilsvar i utlandet. Mobilsvar kan fjernast ved å ringe 09000. – Skal du på cruise, så sjekk ringeprisen. Nokre reiarlag koplar samtalen din via satellitt, og det kan fort verte dyrt. Sjekk gjerne displayet på mobilen. Der står det kva operatør du er kopla opp mot, tipsar Meling. Ei god nyhende er at frå 28. mai vart ringeprisen på mobilsamtalar frå danskebåten og andre skip i Skandinavia og Norden senka. I nokre tilfelle er det faktisk snakk om ei halvering av kostnadene. Tekstmeldingar aukar stadig i popularitet og berre i juli reknar Telenor med at kundane vil sende kvarandre rundt 220 millionar meldingar. Å sende ei tekstmelding frå Europa kostar 3,99 kroner. Prisen for ei bildemelding er 6,25 kroner. Det er gratis å få SMS, men du må betale 2,50 kroner for kvar MMS.
anne.britt.sandoy@firda.no
Bruk kredittkort ■ ØKONOMI: – Bruk kredittkort, ikkje det vanlege bankkortet ditt i utlandet, rådar banksjef Birger Nedberget i Sparebanken Vest. Ved å bruke kredittkort, unngår du at bankkontoen vert tømt om kortet vert stole. Kredittkort er også billegare å bruke enn vanleg bankkort. Dersom du betalar heile kredittkortrekninga med det same du får den, så slepp du renter på beløpet. Det svarer seg også å bruke kredittkortet til å betale reisa med, fordi du då får reise- og avbestillingsforsikring inkludert. – Ver også merksame på at minibankane i utlandet gjev ut pengar først og kortet til slutt. Ikkje forlat minibanken før du har fått att kortet, ber banksjefen.
Vi gjer meir enn å bokføre bilag Vi hjelper deg med: • Selskapsstifting • Omdanning • Alle aspekt ved rekneskapsføring • Årsoppgjer og likningspapir • Konsulentteneste elles
REKNESKAPSTENESTER
RÅDGJEVING OG KONSULENTTENESTER
Ɣ Rekneskap Ɣ Løn Ɣ Fakturering Ɣ Purring Ɣ Årsoppgjer/likningspapir Ɣ Rapportering
Ɣ Rådgjeving og hjelp ved etablering av firma Ɣ Budsjett Ɣ Rådgjeving og hjelp vedrørande skatte og avgiftspørsmål
Ledig for nye oppdrag. Ta kontakt for pristilbod. IMS Regnskap as Firdavegen 16 Pb 290 6802 Førde tlf 478 88 940 fax 57 83 21 71
- Innlogging, Direkte, , 0
T l f. 5 7 7 3 9 9 0 0 Dale senter Postboks 13 6961 Dale - mail: olehope@hoperekn.no Telefax: 57 73 99 01 - mobil 97 08 80 12
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
TEMA DINE PENGAR 17 FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
Korleis får du feriepengane til å strekkje til?
Stig Engen
Gry Seim
Arild Undheim
Anne Oline Farsund Gullaksen
Leif Jarle Espedal
■ Alder: 40 år ■ Bustad: Kyrkjebø ■ Yrke: Lærar og hovudtillitsvald i utdanningsforbundet i Høyanger
■ Alder: 42 år ■ Bustad: Kinn ■ Yrke: Dagleg leiar i Kinn Turistservice og tilsett i Den Norske Kyrkja
■ Alder: 39 år ■ Bustad: Førde ■ Yrke: Lærar ved Førde Ungdom skule og volleyballtrenar
■ Alder: 40 år ■ Bustad: Førde ■ Yrke: Eventsjef for i Reisemål Sunnfjord
■ Alder: 36 år ■ Bustad: Flekke ■ Yrke: Bonde og kundekonsulent i Telenor
– Godt spørsmål. Med litt planlegging er det ikkje så vanskeleg å få det til å gå rundt. Vi brukar dei både på reise, hytte og heim. Kor mykje vi brukar på kvar, varierer frå år til år. Gjennomsnittleg går halvparten til reise. I år har vi ikkje bestilt noko. Vi ser vêret an, og reiser når det blir stygt. Då satsar vi på ein tur til Italia. Vi flyr til Roma, leiger bil og reiser litt nord i landet, der vi leiger oss ei leilegheit. Vi har fire born i alderen 313 år, så det vert mest strand- og aktivitetsferie. I vinterferien skal vi også på tur. Då reiser heile familien til Gran Canaria.
– Eg lever ganske nøkternt, så det er ikkje noko problem. Sidan eg jobbar med reiseliv, så må ferien vente til januar. Då reiser eg saman med mannen min og guten vår på sju år, til eit fredeleg paradis på Gran Canaria som heiter Puerto De Mogan. Dit reiser vi kvart år, og oftast er vi der minst ein månad. Frå no og fram til september, reknar eg med at eg skal jobbe nesten kvar dag. Tidlegare var det meir vêravhengig om turistane tok turen til Kinn, men no gjev dei blaffen i vêret og reiser utansett.
– Vi reiser ein månad på ferie til foreldra mine i Farsund. Der bur vi gratis. Is er omtrent det einaste vi brukar pengar på, medan vi er der. Tidlegare i år var heile familien tre veker til USA, der vi besøkte ein kamerat av meg. Ungane er for små til Disneyland, så den biten får vi ta ein annan gong. USA-turen vart ikkje betalt av feriepengane, men av den oppsparte feriekontoen. Vi har fast trekk av lønna kvar månad til feriekonto, og når det er nok pengar på den, så reiser vi ein eller annan stad. Dette er noko eg kan råde alle til å gjere. På den måten slepp ein å ta av feriepengane.
– Det er hard prioritering. Feriepengane vert brukt utelukkande til ferie. Etter mi meining er det mest fornuftig. Vi skulle gjerne ha hatt nye hagemøblar og slikt, men vi er glade i å reise og likar å oppleve nye ting. I år går turen til Thailand. Etter Landskyttarstemnet reiser heile familien, to vaksne og tre born, saman med eit venepar, på ferie dit. Vi er veldig sosiale og reiser gjerne saman med andre. Jo fleire, jo betre. Det er viktig å finne eit reisemål, som passar for alle aldersgrupper, og det gjer dette. I tillegg så er det sagt at det er både tsunami- og vêrsikkert.
– Det er ikkje noko problem å få feriepengane til å strekke til. No, som eg er kundekonsulent, så får eg faktisk feriepengar. Det gjorde eg ikkje då eg var bonde på heiltid. Ein del av pengane går til vanlege utgifter, men eg brukar også ein del på ferie. Eg har allereie vore ein tur til Madrid, men hovudferien legg eg til «Skeive Dagar» i Oslo. Det er den største hendinga i året. Her treff eg mange kjentfolk, går på konsertar og foredrag. Sidan eg har ein kjærast i Oslo, så slepp eg å bruke feriepengane på hotell. Eg likar godt å reise, og etter at eg la om drifta frå mjølkeproduksjon til villsau, har eg hatt meir høve til det.
I 25 år har vi levert rekneskapstenester til små og mellomstore verksemder i Sunnfjord. Vi er 16 tilsette som kvar dag jobbar med små og store oppdrag innan rekneskap, personal / løn, kontoradministrasjon og økonomisk rådgjeving.
VII SKULLE E GJERNE E VORE E FLEIRE!! Vii harr varierte e og g utfordrande e arbeidsoppgåverr till deg g med d økonomisk k utdanning/erfaring!! Ta a gjerne e kontaktt forr meirr info. Vii harr kontorr i Førde e og g Naustdal. For meir info, sjå vår heimeside: www.rekneskapsteneste.no eller kontakt Ranveig Indrekvam på tlf. 907 26 019 eller på epost: post@rekneskapsteneste.no
Førde:: tlff 57 7 82 2 58 8 60 Naustdal:: tlff 57 7 81 1 60 0 60
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
18 TEMA DINE PENGAR FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
Kjem alltid attende til Jøls JØLSTER: Storslagen natur og den spente kjensla når det nappar. – Ingenting kan måle seg med fisketurane til Jølster, meiner ekteparet Lindström frå Sverige.
■ Naturen
og billige fiskekort lokkar Anethe og Calle
ANNE BRITT SANDØY tekst og foto
I snart 30 år har Calle Lindström frå Örebro reist 160 mil tur/retur for å fiske i Jølstravatnet. No er både han og kona Anethe pensjonistar, men den årlege turen til Jølster vil ingen av dei gje slepp på.
Fiskar og et etter kvart – Eg var her for fyrste gong i 1981. Vi var ein gjeng «grabbar» som reiste over. Vi fiska med oter, og fekk 200-300 aure som vi hadde med oss heim til folk som hadde bestilt. Kona har eg hatt med sidan 1994. Vi tek det rolegare, og fiskar berre med stong. Anethe fekk ein aure på fluge i går. Flugene kjøper vi. Det tek for langt tid å binde dei sjølv. Makk brukar vi aldri. Så langt i år har ho fått to aurar, og eg ingen. Men i fjor hadde eg 20 og ho 10, skryt Calle og flirer. – Jammen mine var større, skyt Anethe inn og ler. Ho elskar å stå ned ved vatnet og fiske. Spenninga når det nappar, den storslagne naturen, kosen ved fiskinga og måltidet etterpå. Gjennomsnittleg går det 34 aurar på kiloen. Akkurat passeleg storleik til steikepanna eller til ABU-røykeriet. – Vi har ein sånn «røklåda», som vi kan få 3-4 fiskar inn i. Vi saltar dei litt først og beheld hovudet på, fordi det ser så vakkert ut. Så røyker vi den i ein halv time og et den med knekkebrød til. Det er utruleg godt. Men den smakar best her. Kjem vi over grensa, så er den ikkje like god, påstår ekteparet, som kjøper sine fiskekort med glede.
Betaler gjerne for fiskekort – Vi reiser langt og bensinen er dyr. Eit fiskekort som kostar 190 kroner for ei veke er det ikkje noko å seie på når vi kan fiske så mykje vi vil i idylliske omgjevnader. Etter 30 år har dei også mange morosame opplevingar å sjå attende på. – Eine året vi budde på Haugen camping kom det ein mann og sette opp eit bittelite telt. Før han hadde fått festa det i bakken, så kom det ei vindkast, og teltet fauk på bortaste vatnet. Eg og ein kompis kasta oss i båten og fekk redda det. Mannen med teltet vart utruleg glad, og att på til viste det seg at også han var frå Örebro, minnast Calle. Verda er ikkje stor. Spesielt ikkje når jølstraauren lokkar. anne.britt.sandoy@firda.no
«Vi beheld hovudet på. Det ser så vakkert ut Calle og Anethe Lindström
STONGFISKE: Calle og Anethe Lindström fiskar helst med stong. Calle lånte drivgarn hos ein grunneigar eit år, men det fekk han ingenting på. Ekteparet driv ikkje matauk, men prøver å ete opp det meste av fangsten før dei reiser heim til Sverige.
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
TEMA DINE PENGAR 19 FIRDA TYSDAG 24. JUNI 2008
ster
FAKTA OTER ■ Ei form for flugefiske. ■ Fiskaren held i ei vinde av tre, og i andre enden av vinda/snøret er det ei oterfjøl. Denne fjøla er laga slik at ho dreg snøret vekk frå fiskaren. På snøret er det festa fleire sen med oterfluger/anglar som heng bakover i vatnet. og lokkar fisken til seg. ■Det kan fiskast med oter både frå båt og land. ■ I Jølster er det berre lov å ha 10 anglar på kvar oter og to otrar på kvar båt.
FISKEKORT: – Sjølvsagt har vi fiskekort, seier det svenske ekteparet, Calle og Anethe Lindström. Oddmund Støylen (t.v) kan konstatere at fiskarane frå Sverige ikkje prøver å fiske ulovleg i Jølstravatnet.
JØLSTER JAKTOG FISKELAG
LUNDE TURISTSTASJON: Ekteparet Linda Furre Lunde og Atle Lunde fortel at sportsfiskarar er ein viktig del av kundegrunnlaget på turiststasjonen inst i Kjøsnesfjorden.
Sportsfiskarar sikrar drifta Etter over 60 år med brevandring, oppdaga sportsfiskarane Lunde Turiststasjon på 1960-talet. No kjem gjerne tre generasjonar saman for å fiske.
ABURÖKEN: Dette bærbare røykeriet er flott å røyke 3-4 småaurar i.
– Dei kjem att år etter år, og er nesten vorten ein del av familien, fortel Atle Lunde, som driv Lunde Turiststasjon inst i Kjøsnesfjorden saman med kona, Linda Furre Lunde. Sidan slutten av 1800talet har familien hans teke i mot turistar. Forfedrane hans tok turistane over breen til Fjærland. Men i dag er fis-
KOS: – Vi kosar oss her i Jølster. Etter så mange år, er vi begynt å kjenne ein del folk. Det er alltid like kjekt å komme tilbake, fortel Anethe og Calle Lindstöm.
PRISAR FOR FISKEKORT
■ Gaular Soner Bygstad, sone 1 Sande, sone 2 Hestadgrend, sone 3 Viksdalen, sone 4 Haukedalen, sone 5 Stang, alle soner Gaularvassdraget Oter, sone 3 Oter, sone 4 Oter, sone 5
kjøpet. Men det er ikkje alltid dei greier å få med seg fangsten heim. – Det var ein som stod her i dagevis og fiska. Totalt fekk han berre ein 4-5 stykk, som han reinsa og fraus ned. Men han hadde gløymt å merke posen sin i frysaren, så nokon andre for med den, flirer Atle Lunde, som også har fungert som «fiskebil» på veg til Austlandet, for ein som hadde gløymt att heile fangsten sin. – Han stod i vegkanten og venta då eg kom køyrande. Det var tydeleg at han ville ha att fisken sin.
1300 fiska lovleg i 2007
AUREFISKE I SUNNFJORD ■ Jølster Soner Stardalen, sone 4 Jølstravatnet, sone 3 Jølstravatnet, sone 2 Jølstra (elva), sone 1 Oter, heile vatnet (1.juni-15.august) 2 eller fleire soner (stang) Felleskort stang/oter
keturistane ei av dei viktigaste kundegruppene for ekteparet, som har 40 sengeplassar på garden. – Det er to typar fiskarar som kjem hit. Det er dei som veit kor lenge dei har tenkt å vere her, og så er det dei som vil vere her så lenge som dei får fisk, fortel Linda Furre Lunde. I 2007 selde dei 58 fiskekort, noko som er mykje for ei overnattingsbedrift. Furrevik Lunde fortel at dei fleste fiskarane ber om å få leige campinghyttene med enkel standard og felles sanitæranlegg. Tilgang til frysar får dei med på
■ Fire lag eller soner i bygda, der leiarane er medlemmer i samarbeidsutvalet. ■ Tek forvaltaransvar saman med kommunen og fylkesmannen. ■ Eit lag av grunneigarar og andre med jakt- eller fiskerett. ■ Skal arbeide for fremjing av jakt og fiske som næring. ■ Skal ivareta både grunneigarane og andre sine interesser når det gjeld jakt og fiske. ■ Legg kvart år til rette for sal av fiskekort for stang og oter, pluss jaktkort for småvilt. ■ Disponerer overskot til forvalting, samfunnsnyttige formål og utbetaling til jakt- og fiskerettshavarane i bygda.
Døgn 60,00 60,00 60,00 60,00 150,00 120,00
Veke 190,00 190,00 190,00 190,00 350,00 350,00
Sesong 250,00 250,00 250,00 250,00 450,00 450,00 550,00
Døgn 30,00 25,00 40,00 60,00 60,00 100,00 40,00 90,00 90,00
Veke 100,00 75,00 125,00 200,00 200,00 300,00 125,00 250,00 250,00
Sesong 250,00 200,00 300,00 300,00 350,00 700,00 300,00 450,00 450,00
■ Førde Soner Holsavatnet Haukedalen
Døgn Veke Sesong 50,00 100,00 200,00 60,00 200,00 350,00 2 døgn Huldefossen, ein sone i Jølstravassdraget 75,00 100,00 200,00 Kjelde: Førde Turistkontor og www. Jolstraaure.no
- Innlogging, Direkte, , 0
I fjor vart det selt nøyaktig 1298 fiskekort i Jølster Jakt- og Fiskelag. Det gav ei inntekt på om lag 240 000 kroner. – Det er salet av fiskekort som gjev oss pengar til å forvalte vatna på ein skikkeleg måte, fortel Oddmund Støylen, som er leiar i samarbeidsutvalet for dei fire sonene i Jølster. Men ikkje alle ønskjer å betale for å fiske i eit av dei beste aurevatna i landet.
Kontroll av fiskekort – I fjor såg kontrolløren vår ti fiskarar som stod nede på Kjøsnesbrua. Han hadde på seg kontrollørvesten, og gjekk nedover. Då han kom heilt ned på brua, stod det berre to fiskarar att. Dei hadde kort. Det kostar å ha kontrol-
- 193.215.6.253 14.08.2008 10:01:39
lar, og i fjor vart berre rundt ti prosent av alle selde fiskekort kontrollerte. Støylen fortel at dei prøver å ta dei, som bevisst eller ubevisst fiskar ulovleg, med det gode. – Før var det vanleg at vi gav dei utan fiskekort ei bot på 200 kroner, men no slepp dei bota om dei kjøper eit fiskekort. Vi tek namna, og om dei ikkje betaler, så kan vi melde dei, fortel Oddmund Støylen. Han opplyser at det er lov for ungar opp til 16 år å fiske gratis både med oter og stong. Dei fleste fiskekorta vert selde gjennom bensinstasjonar og hytteutleige. I tillegg kan dei også bestillast over internett.
Mest nordmenn – Dei fleste som kjøper kort er nordmenn. Veldig mange av turistane er frå
området rundt Oslo, Jessheim, Kongsvinger og Eidsvoll. Det er lite utlendingar her. Det verkar som om tyskarane likar best å fiske i sjøen. Støylen fortel at dei gjer så godt dei kan med å forvalte elva, men opplever å få klager frå fiskarar som ikkje er nøgde med tilhøva. Blant anna så sto det i førre veke framleis ute blåser i vatnet etter sesongen i fjor. Dei skulle ha vore fjerna innan 1. oktober, og står no som ei plage for oterfiskarane, som får lina inn i blåsene.
Viktige reglar
■ Ta førehandsreglar for å unngå spreiing av fiskesjukdommar mellom vassdrag. ■ Fisk fanga i eit vassdrag, må ikkje sløyast i eit anna. ■ Lat fiskeutstyret tørke skikkeleg, før du brukar det i eit anna vassdrag.