26august_08_jaktliv

Page 1

TEMA 11 FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

TEMA Jaktliv

Hjort i sikte

Foto: Bent Are Iversen

Hjortejakta står for døra og alle storviltjegerar må ta skyteprøve. Kor lett er det å få denne lisensen til å drepe? Firdas temajournalist tok turen til skytebana i Kråkenesmarka for å prøve. - Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21


12 TEMA JAKTLIV FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

UTFORDRA TIL Å TA SKYTEPRØVA ■ I samband med temasidene om jaktliv vart eg, som aldri har teke i ei rifle før, utfordra av nyheitssjefen til å prøve å ta skyteprøva, som alle storviltjegerar må ta kvart år. ■ Skyteprøva skal takast over to dagar. Første dagen skyt ein 15 prøveskot, andre dagen skyt ein nye 15 prøveskot. Sjølve skyteprøva er ein serie på fem skot, som alle må vere innanfor blinken. ■ Eg prøvde å ta den på ein kveld og hadde 20 prøveskot før oppskyting. ■ Takk til Våpenloftet, som lånte ut ei linksrifle, Remington kaliber 3006, og til Kjell Arne Rivedal, som er standplassleiar på elgbana i Kråkenesmarka og leiar i elgbaneutvalet i Førde Jakt- og Fiskeforening, for både rettleiing og lån av rifle, Sako 6,5x55.

Med rett til å drepe… JAKTLIV: Er skyteprøva eigna til å sortere ut dårlege skyttarar? Og er det slik at du må rekne med å verte både gul og blå i skuldra og risikerer å få kikkertsiktet midt i auget på rekylen. ANNE BRITT SANDØY tekst BENT ARE IVERSEN foto

- Innlogging, Direkte, , 0

– Kan ikkje du forsøke å ta skyteprøva, spurde nyheitssjefen. Han ville vite om det var så enkelt at kven som helst kunne klare det. Eg sette nesten kaffien i halsen. Kven som helst… Mi erfaring med skytevåpen var avgrensa til to enkle skot med hagle for meir enn 20 år sidan. Fordi eg aldri hadde rørt ei rifle og aldri vore på ei skytebane, så vegra eg meg i det lengste. Ein ting er å skyte i fred og ro. Ein annan ting er å dumme seg ut med foto-

graf på slep og ordre om å skildre opplevinga i Firda. Men eg let meg overtale. Dei neste dagane klarte eg knapt å tenkje på noko anna enn bomskot, smell i øyra og rekylen som ville banke skuldra mi blå. Kva om eg ikkje greidde å treffe skiva ein gong! Skyteprøva bør helst vere litt vanskeleg. Den gjev deg faktisk lov til å drepe dyr. Det var ei lette å endeleg komme på skytebana til NJFF i Kråkenesmarka. No skulle eg få marerittet overstått. Halve arbeidsdagen

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21

hadde gått med til å høyre på gode og velmeinande råd frå røynde og urøynde kollegaer. Alle hadde sine bestemte oppfatningar om korleis eg burde liggje, puste, tenkje, halde våpenet og trekkje av. – Du bruker ytste leddet på fingeren og dreg forsiktig mot deg, ikkje stress, men hugs å puste rett, inn her og ut der ... Eg vart møtt av Kjell Arne Rivedal, standplassleiar og støttekontakt. Han hadde med seg to rifler som eg skulle få låne. Ei

links og ei vanleg. Dei var tunge. Rivedal forklarte og peikte. Eg tviheldt på våpenet, nikka og smilte dumt. Var det verkeleg meininga at eg skulle hugse alt? Så var det på med hørselsvern, to fleecejakker og ei dongerijakke. Om alle kleda var for å liggje stødigare eller for å unngå blåmerke, er eg faktisk ikkje heilt sikker på. Varmt vart det i alle fall. Eg vart vinka inn i ein boks med beskjed om å leggje meg ned. Ingen vits å protestere. Standplass-


TEMA JAKTLIV 13 FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

leiar og støttekontakt Rivedal begynte å dra i bein og armar, for å plassere meg i korrekt skytestilling. – Du skal skyte på skive nummer fire. Alle fem skota må plasserast innanfor blinken på reinsdyret. Framfor meg hoppa og spratt fotografen, for å ta mest mogeleg bilete før rifla var ladd. Fordelen var at all nervøsitet forsvann, men ryggen verkte. Det føltest som å liggje i strekk og det var

nesten umogeleg å sjå noko i kikkertsikte. Alt var berre skodde. Korleis folk kunne liggje slik i timevis var meir enn eg kunne fatte. Det viste seg snart at grunnen til den ubehagelege stillinga, var at eg er linksskyttar, og at Rivedal hadde bøygd feil fot i forhold til det. Så snart eg fekk lagt meg til rette i fred og ro, både låg og såg eg godt. Og då begynte moroa. Det sitra i kroppen. Rivedal mata rifla med

- Innlogging, Direkte, , 0

kuler og eg skaut. Første serien gjekk ikkje så bra. Linksrifla var ikkje heilt samarbeidsvillig. Eg trefte berre blinken når eg sikta under buken på dyret. I tillegg gjekk det seg varmt etter fem skot. Då var det betre med Rivedal si Sako 6,5x55. Ikkje links, men det merka eg lite til: Treff, treff, treff, treff. Eg heldt geværet tett inntil kroppen, rekylen plaga meg ikkje. Adrenalinet steig. Dette var moro. Skotredd var eg visst ikkje.

Fire treff og ein så vidt utfor blinken... I tre av fem seriar hadde eg det. Fire av fem treff. I eine serien var kula berre millimeter ut forbi blinken. Så nær… Rivedal konkluderte med at skytinga mi var som forventa, og at eg ville ha greidd prøven om eg hadde gjort som alle andre, og trena ein kveld til. Av og til er tre millimeter irriterande langt unna… anne.britt.sandoy@firda.no

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21


14 TEMA JAKTLIV FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

– Likar JAKTLIV: – Bruk av hund gjer hjortejakta meir effektiv. Hunden merkar snøgt om det er hjort i området, seier Kjell Arne Rivedal frå Førde. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Rivedal kan forstå at enkelte er kritiske til bruk av hund i hjortejakta, men meiner det i praksis er vanleg tradisjonell drivjakt, som vert meir effektivisert ved bruk av hund.

Små hundar

JAKTHUNDAR: Kjell Arne Rivedal pleier å ha med seg anten Odin (t.v.) eller Kido på hjortejakt. – Det er ikkje så populært her på Vestlandet. Difor pleier eg å invitere med meg dei som ikkje likar det, slik at dei kan få sjå korleis det fungerer.

JAKT Testvinnar!

Alfa jaktstøvlar Beste allrounder

– Fordelen med å bruke hund, er at vi kan høyre jamn bjeffing når hunden har oppdaga eit dyr og begynner å lose det. Då veit både dei som sit på post og drivaren at hunden jobbar, og at vi må skjerpe oss, fortel han. Til drivande hjortejakt kan det ikkje nyttast lause hundar som er høgare enn 41 cm i skulderhøgde. Det at hundane er så små, gjer at hjorten føler at den har kontroll over situ-

Har du godt syn til jakta? Sogn og Fjordane Synskirurgi kan med sitt topp utstyr operera langsynte, nærsynte, deg med ske hornhinner og deg med dårleg mørkesyn. Smertefri, rask behandling for eit nytt liv! • Rentefri delbetaling og Fjordane Synskirurgi kan med sitt • Gratis Sogn forundersøkelse! topp moderne utstyr operera langsynte, nærsynte, deg med skeive hornhinner og deg med dårleg mørkesyn. Smertefri, rask behandling for eit nytt liv!

Bladet Villmarksliv

Alfa Bever Grip + 2399,– Vår pris:

• Rentefri delbetaling • Ein av Europas dyktigaste synskirurgar

1999,-

Vil du vite meir? Ta kontakt for informasjon og referansar!

ri delbetaling forundersøkelse! Europas dyktigaste urgar te meir?

Alltid kvalitet til gode prisar – vi leverer! Handelshus Sør Førde

- Innlogging, Direkte, , 0

kt for informasjon ansar!

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21

Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf. 57 86 74 00 www.synskirurgen.no


TEMA JAKTLIV 15 FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

best hjortejakt med hund ■ Kjell Arne Rivedal: «Det er meir effektivt» asjonen, og ikkje stressar. Rivedal fortel at han har opplevd at hjorten berre flyttar seg få meter før den beitar vidare. – Jagar hunden hjorten mot jegeren? – Nei, hjorten bestemmer sjølv kvar den går. Vi veit at den ofte trekkjer oppover, difor slepper vi hunden nede i terrenget medan jegerane sit på post lenger oppe. Dersom det er fleire hjortar i flokk, så vel hunden seg ut eit dyr som den losar.

Valdgrenser – Mange meiner at hunden jagar dyr over frå andre vald? – Hunden kan ikkje lese kart, så det er klart at det kan skje. Men det er viktig å få med at det kan hende begge vegar. Mitt jaktlag pleier å varsle nabovalda om når vi skal jakte med laushund, slik at dei også kan setje seg på post om dei ønskjer. Rivedal har brukt hund i hjortejakta i nærare ti år og har som klart krav at dei skal vere sauereine.

Han har sjølv to hundar av rasen Basset Fauve de Bretagne. Den eldste, Kido (5), er godkjend og vert brukt som ettersøkshund. Den yngste, Odin (17 mnd), er elles ikkje godkjend til noko som helst. Men den er ein god jagar, som bjeffar når det losar, i motsetning til Kido som jaktar stille. – Det vert nok Odin eg kjem til å bruke mest på jakt framover, medan Kido kjem til å verte brukt på ettersøk, trur Kjell Arne Rivedal.

Lang opplæring Bassethundane er såkalla drivande hundar med instinkt for å jage. Opplæringa foregår ved at dei

pregar dei på hjort. – Vi finn hjortspor som hundane skal gå etter medan vi har dei i band. Etter ei stund med slik trening, slepper vi hunden, slik at han skal prøve å leite opp dyr sjølv. Kjem han attende med hjort, så skyt vi. Men dersom han kjem med rev eller hare, så skyt vi ikkje så lenge det er ein unghund på opptrening. Rivedal fortel at i motsetning til elgjakt, der dei jaktar med større hundar, som kjem attende med få minutts mellomrom, så kan bassetane vere borte i opp til ein time før dei kjem attende. – Har dei ikkje funne noko då, så er det heller

ikkje hjort i området. Då er det berre å flytte postane til eit anna jaktterreng.

BASSET FAUVE DE BRETAGNE ■ Heimland: Frankrike ■ Liten, låg og kompakt drivande hund, livleg, hurtig i forhold til storleik. Energisk og tøff. ■ Ivrig og dyktig jakthund, men også kjærleg familiehund. Kjelde: Norsk Kennel Klub

Kystvilt-mottak i Fjaler Vi tilbyr: • Veterinærkontroll • Modning av kjøt • Utmaging og flåing • Grovpartering • Oppstykking og vakuumpakking av kjøt • Avskyting • Kjøp og sal av heile dyr og kjøt • Formidling av jakt

PALLESAL Kjeledress

Polyester/bomull Raud/marine Str. 46–64

Før 498,-

75,-

NO NO

Varmedress med pelsfôr

Scootermodell med alt utstyr Marineblå/kornblå XS, S, L, XL og XXL

Ord. 1198,-

200,-

NO NO

NORSK GARDSMAT

- Innlogging, Direkte, , 0

Bjarte M. Midtbø • tlf. 57 73 77 96 mob. 977 18 528 • www.kystvilt.no

u vil! d e g n å ma Kjøp s

Mån–fre 8–16.30 Laurdag 10–14.00 Øyrane 1, 6800 Førde – Tlf. 57 82 94 71

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21


16 TEMA JAKTLIV FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

– Dyre våpen er eit byfenomen JAKTLIV: Kundane på Våpenloftet i Førde er meir opptekne av gode kikkertsikte enn dyre våpen. – Dyre våpen er meir eit byfenomen, meiner Herman Erdal. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Dei som handlar her, kallar ein spade for ein spade. Dei er ute etter bruksvåpen, og det er sjeldan vi sel våpen over 20 000 kroner. Folk legg heller pengane i eit godt kikkertsikte, og har fått auga opp for god optikk og skikkeleg montasje, fortel Erdal.

■ Men

klede og jaktutstyr til tusenvis av kroner er greitt

Han fortel at ein kan få gode kikkertsikte frå 6000 kroner og oppover. Zeiss-sikta er dei beste, og kostar mellom 10 000 og 12 000 kroner utan opplyst retikkel. Den lågaste grensa på standard kikkert er om lag 2000 kroner. Med opplyst retikkel kan ein få sikte opp i 30 000 kroner, men det er mest vanleg med 15 000–18 000 kroner. Kjøper ein dei billegare enn dette, er linsene gjerne dårlege. – I skumringa kan det vere vanskeleg å sjå krossen i siktet, og dermed skyte sikkert utan denne lysprikken i midten. Men

det er viktig at den ikkje vert forveksla med nattkikkert. Hugs på at det skal brukast optisk kikkert på rifla. Ein lysforsterkande kikkert er det eigentleg ikkje lov å bruke på jakt, understrekar Erdal. Han seier at val av rifle er personleg, og rådar førstegongsskyttarar til ikkje å kjøpe våpen med for stort kaliber, fordi det er vanskelegare å beherske.

Gode sko – Uansett kor god skyttar du er, så gjer eit kraftigare rekyl deg til ein dårlegare skyttar. Det er lettare å få god presisjon med eit lettare kaliber. Høyr aldri på

kva kompisane seier, men gå på eiga erfaring, rådar Herman Erdal. Når det gjeld anna utstyr til jakt, så er det ulikt kva folk vel å bruke pengar på. Erdal, som sjølv jaktar mykje, meiner at gode sko er det absolutt viktigaste. – Kva sko du skal velje, kjem heilt an på terrenget. I myrområde er gummisko gode, men i våre fjellområde trengst det skikkelege fjellsko med gripeevne og ankelstøtte. Han fortel at det på hjortejakt kan vere ein fordel å ha klede som er lydlause, og at ein med Gore Tex-bukse kan vade

over mindre elvar utan å bli våt. – Pass på at det er plass nok til å fylle opp med meir klede under ytterkleda når det vert kaldt, og ta alltid med ekstra klesskift, slik at du ikkje må sitje våt på post. For å unngå unødig varmetap, er det er lurt å satse på ullklede. Mange investerer også i ein fjellduk. Den tek liten plass i sekken, er varm, og kan brukast som poncho, vindsekk eller sovepose.

Berbar myggfelle – Andre ting som bør vere med? – Sjølvsagt kniv og eks-

Mitt første jaktvåpen…

■ Bustad: Sandane ■ Yrke: Fylkessekretær i NJFF (Norges Jeger- og Fiskeforbund) – Sogn og Fjordane – Dei første åra lånte eg svigerfar si hagle. Deretter kjøpe eg meg ei sjølv. Den kosta vel mellom fem og sju tusen kroner. Det var det same då eg starta med hjortejakt. Eg lånte rifle først, og kjøpte til slutt ei sjølv. Den kosta vel mellom seks og åtte tusen kroner. Når det gjeld utstyr, så er det viktig med gode jaktstøvlar. Eg har også investert i ei dyr bukse, som er lydlaus og toler mykje vatn. I tillegg tørkar den fort opp. Jakka er rimeleg, men grei nok. Under har eg gode ullklede. Som sikring bruker eg oransje caps og refleksvest. Av anna utstyr så har eg ein van-

■ Bustad: Arnestad ■ Yrke: Pensjonist (tidlegare rådgjevar i Forbrukarrådet)

leg halvgod kikkert, termos med kakao, matpakke, ekstra skot, ekstra ulltrøye, sitjeunderlag, førstehjelpssaker, kniv, fyrstikker, tau til å dra hjorten, sjokolade og eple. I kaldt vêr også hanskar og lue. Ja, og så har eg ein jaktradio til rundt 3000 kroner. Kva alt saman kostar? Det tør eg ikkje tenkje på ein gong.

Geir Sørebø (60) ■ Bustad: Lavik ■ Yrke: Prost i Ytre Sogn – Eg har hatt den same ombygde Mauseren sidan eg starta med jakt i 20-årsalderen. Den er frå før krigen, og eg arva den etter onkelen min. Kikkertsikte har eg hatt mange av. Når du går i terrenget, så er det lett å øydeleggje dei ved slag eller fall. Men eg kjøper alltid rimelege. Det eg har no, er 3–4 år

Reidun Solberg Seim

- Innlogging, Direkte, , 0

anne.britt.sandoy@firda.no

Leif Rygg (68)

Firda har spurt tre ivrige jegerar om kva dei jaktar med og kva utstyr dei har med seg på jakt.

Reidun Solberg Seim (36)

tra skot. Dersom du tek med ein handkikkert, så bør den vere minst like god som riflekikkerten. Våpenet må aldri brukast som kikkert. Når det gjeld kikkert, så får du det du betaler for. Spander gjerne minst 4000 kroner på ein god kikkert dersom den skal brukast i skumring. På vanleg dagjakt er det greitt å bruke ein rimeleg kikkert, gjerne ein liten som du kan ha rundt halsen eller i lomma. Nokon ønskjer også å ha med seg både GPS, berbar myggfelle og øyreklokker, fortel Herman Erdal.

REKORD: Pensjonisten Leif Rygg frå Arnestad nektar å følgje jakt-moten. Han trivst best i gammal cordfløyelsbukse og impregnert bomullsjakke. Med sin trufaste Winchester, kaliber 308, skaut han i fjor ein bukk på 168 kilo – den største i jaktlaget si historie.

gammalt og kosta vel 1500 kroner. Av utstyr, så bruker eg Gore Texjakke og -bukse og gode halvhøge fjellstøvlar. Med på jakta har eg også alltid ein slik Jerven overlevingsduk, som du kan sitje inni. Det neste som må vere med, er ein god sekk. I den har eg kniv, sag, talje (dersom dyret må heisast opp i eit tre), reine laken og plastposar til å pakke inn kjøtet (dersom det

må parterast på fjellet), klesbyte, fotoapparat, niste og vatn. Sekken har lett for å verte full før vi kjem oss av garde… Alt utstyret kostar vel ein stad mellom 12 000 og 15 000 kroner. Det høyrest kanskje mykje ut, men mykje av dette utstyret bruker også dei som ikkje går på jakt. Til dømes Gore Tex-regnklede og fjellsko.

Geir Sørebø

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21

– Mitt første jaktvåpen var ein Krag-Jørgensen, som eg kjøpte frå Rygg Skyttarlag for 150 kroner i slutten av 1950-åra. Det vart etterkvart ulovleg å bruke. No har eg ein Winchester, kaliber 308 med kikkertsikte. Våpenet er sikkert 30 år, medan kikkertsiktet er 4–5 år gammalt. Det kosta vel mellom 4000 og 5000 kroner. Til mitt bruk er det heilt greitt. Eg ligg ikkje på lur nattestider. I fjor skaut eg faktisk den største bukken jaktlaget nokosinne har skote. Bukken vog 168 kilo… Når det gjeld utstyr, så let eg meg ikkje leie av dei unge sitt merkehysteri. Eg likar best å bruke cordfløyel. Det er heilt lydfritt. Om det regnar, bruker eg regnjakke, elles ei jakke i impregnert bomull. Fjellsko i turt vêr og sjøstøvlar elles. Min 40 år gamle guloransje grindsekk held framleis mål. Den har sprinklar, som gjer at det vert luft mellom sekk og rygg og gjer at eg får puste. No før jakta går eg rundt med 12 kilo sand i den, for å køyre opp forma. Anna utstyr som er med på jakt, er tau til å drage med og småtau. Det vert brukt til å sy saman hjorten etter at vi har teke ut innvollane, dersom den må fraktast langt. Vatn og niste er alltid med. Ein går lengre på vatn enn kaffi. I sekken er det også strekkbandasje, slik at eg kan surre meg sjølv eller andre om eg eller dei er så uheldig å trakke over. Jaktradio vil eg ikkje ha. Det vert for mykje støy og bråk, og det tek vekk litt av sjarmen.


TEMA JAKTLIV 17 FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

SJØLVSKOTEN: Anne-Lise Sørbotten skaut sin første hjort, ei kolle, 10. september 2007 klokka 06.10, berre ti minutt inn i jaktsesongen. Privat foto

Anne-Lise har jakt i blodet JAKTLIV: – Eg trefte hjorten rett i hjartet. Det var uverkeleg, men fantastisk, fortel Anne-Lise Sørbotten (22) frå Svarthumle i Eikefjord. ANNE BRITT SANDØY tekst

10. september 2007 klokka 06.10, berre ti minutt inn i jaktsesongen, skaut ho sin første hjort.

Adrenalinkick – Eg såg hjorten stå der. Hjartet slo hardt, men det var berre å konsentrere seg og fyre av. Han datt med ein gong. Det var eit adrenalinkick, men delvis blanda med ei kjensle av anger, fordi eg hadde skote eit levande dyr, fortel Anne-Lise Sørbotten. Ho har jakt i blodet. Faren, Per Magne Isaksen, har hatt henne med i skogen sidan ho var ein neve stor. Ho har ofte vore med han og sete på post eller jaga. Då ho og sambuaren, Benny Langedal, bygde hus på Svarthumle, så vart dei automatisk med i jaktlaget. Sørbotten skryter av kor godt ho er vorte motteken i jaktmiljøet og på skytebana i Naustdal. – Eg trur eg er heldig i forhold til mange andre jenter, som kunne ha tenkt seg å begynne med jakt. Ho tok jegerprøva i fjor, og hadde 47 av 50 rette på teorien. – Eg trur det eigentleg er ganske høg strykprosent på den, sjølv om det er lov å ha ti feil, fortel ho.

Tek ferie Skyteprøva greidde ho på fyrste forsøk både i fjor og i år. – Men eg har trena meir enn dei obligatoriske 30 skota. Det er viktig å vere sikker på kva du gjer. Berre tanken på å skadeskyte eit dyr er heilt forferdeleg. Sjølv om jentene enno er i mindretal på jakt, så er det ein hobby som ho ikkje vil nøle med å anbefale. – Det er både artig, sosialt og ei avkopling frå kvardagen. I fjor jobba eg mykje i jaktsesongen. Eg måtte til dømes springe rett på jobb etter at eg hadde skote mitt første dyr. Men i år skal eg vere med meir. Då tek eg ferie første veka av jakta, ler Sørbotten. anne.britt.sandoy@firda.no

188 nye medlemmer

JAKTUTSTYR: Dersom du skal kle deg skikkeleg opp før jaktsesongen startar, så må du rekne med å svi av ein del tusenlappar. Dette er Herman Erdal på Våpenloftet i Førde sine anbefalingar: Fjellsko (2000–3000 kr), bukse (2700 kr) jakke (4000 kr), Jerven-duk (tre prisklassar frå 1100 kr til 2600 kr: original, termo og extreme). På hovudet bør du ha hue, hatt (denne vendbare i gore tex kostar 950 kr) eller caps, gjerne i ein sterk farge, slik at du er synleg for dei andre jegerane. Kamuflasjemaska kostar 135 kroner. I kaldt vêr eller ved smygjakt bør du også ha hanskar. Ein god sekk (4800 kr) er ein fordel om det er langt å bere, elles vil ein vanleg tursekk gjere same nytten.

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21

■ HYEN: Hyen jakt- og fiskelag har det siste året auka medlemstalet sitt med 188 nye medlemmer. – Medlemsauken skuldast ein sentral vervekampanje med flotte vervepremiar, fortel Geir Kjetil Aa Hope. Mange av dei nye medlemmene er elevar ved Nordfjord Folkehøgskule på Sandane. Dei har hatt eit samarbeid med lokallaget i Hyen om lån av instruktørar og bruk av skytebana. – Dette er elevar frå heile landet. Det er kjekt for oss at dei har valt å melde seg inn i lokallaget vårt. No får vi berre håpe dei vert verande, ler Aa Hope.


18 TEMA JAKTLIV FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

Inviterer på opplæringsjakt ■ Jaktlag tek med uerfarne jegerar på hjortejakt

brt.as

OPPLÆRINGSJAKT: Dette jaktlaget frå Nordfjordeid går nye vegar og inviterer tre urøynde jegerar med seg på nesten gratis hjortejakt. Frå venstre Hans Chr. Rotihaug, Bente Troye, Magnar Nyttingnes, Atle Ødegård og Arve Borgund.

Når terreng og krefter skal harmonere!

Kawasaki ATV er laget for aktive mennesker med sans for utfordringer og eventyr. Det er pålitelige, lettkjørte maskiner med sportslig preg og høy teknologi som lett lar deg sette nye grenser.

Tildelte hjorteløyve i 2008 ■ ASKVOLL: I Askvoll kommune er det tildelt 571 hjorteløyve i 2008, mot 499 løyve i 2007. Fellingsprosenten i kommunen var på 95 prosent i 2007. ■ FJALER: I Fjaler kommune er det tildelt 939 hjorteløyve i 2008, mot 792 i 2007. Fellingsprosenten var på 82,4 prosent i 2007. ■ FLORA: I Flora kommune er det tildelt 886 hjorteløyve i 2008, mot 812 i 2007. Fellingsprosenten i 2007 var 89 prosent. ■ GLOPPEN: I Gloppen er det berre ein svak auke i tal hjorteløyve i 2008. I år kan det fellast 871 dyr, mot 847 i fjor. Fellingsprosenten i 2007 var

på 73 prosent, noko som tilvarer 624 dyr. ■ GULEN: Gulen kommune har tildelt i alt 603 hjorteløyve i år. Dette er 87 fleire dyr enn i fjor. Fellingsprosenten for 2007 var på 90 prosent. For å oppnå ei auka tildeling av hjorteløyve i Gulen, har minstearealet vorte endra der hjortepresset er størst. Dette gjeld Ytre Oppedal, Indre Oppedal, Eidsbotn, Steine og Halsvik. Gulen kommune har jakttid frå 10. september til 30. november 2008. ■ HYLLESTAD: – Totalt er det tildelt 524 fellingsløyve for hjort i 2008, opplyser Terje Berge, leiar i Hyllestad vilt-

nemnd. Dette er 54 fleire enn i 2007. Fellingsprosenten i 2007 var 74,4 prosent. – Vi har og løyvt pengar til jaktoppsyn. Dette vert utført av politiet, seier Berge. ■ HØYANGER: Det er tildelt 744 hjorteløyve i Høyanger i 2008. Dette er ein auke på 122 dyr frå 2007, då det var lov å felle 622. Fellingsprosenten i 2007 var på 87 prosent. ■ NAUSTDAL: Naustdal kommune har i år fellingsløyve på 579 dyr mot 490 i fjor. – Fellingsprosenten i 2007 var på 89,4 prosent. Det var rekord for Naustdal, fortel viltansvarleg Henning Malones.

VI HAR VÅPENSKAP PÅ LAGER! Pris frå kr

3.490,inkl. mva.

Best i test Aftenposten

PANASONIC 42" PLASMA TV (42PX80) Tilbodspris Kr

Fra KVF 360 til KVF 750 - verdens sterkeste ATV!

7.990,inkl. mva.

Importør

Hornnes. Tlf. 57725520 www.norskmotorimport.no

- Innlogging, Direkte, , 0

Tlf. 57 82 67 00 – Fax 57 82 06 46 – 6800 Førde epost: post@kontorsenteret.com kawasaki.no

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21

AUTORISERT FORHANDLAR


TEMA JAKTLIV 19 FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

JAKTLIV: Jaktlaget til Magnar Nyttingnes har fått telefonar heilt frå Bodø frå folk, som ynskjer å vere med dei på opplæringsjakt i Eikefjorden – heilt gratis. ANNE BRITT SANDØY tekst

Eit jaktlag på fem frå Nordfjordeid, som jaktar på Nyttingnes utanfor Eikefjord i Flora kommune, har annonsert på heimesida til NJFF at dei inviterer tre uerfarne jegerar med seg på hjortejakt 12.–14. september.

Rom for fleire – Det var ein i laget som lanserte ideen om å ta med nye jegerar, og vi andre tende på den ideen med ein gong, fortel Nyttingnes. Dei veit at det kan vere vanskeleg for nye jegerar å komme seg ut på jakt, om dei ikkje har til dømes slektningar eller vener som driv med jakt. Og når utleigehytta likevel hadde plass til fleire, så fann dei ut det kunne vere artig å få med nybegynnarar. Det er i utgangspunktet gratis å vere med ut på jakt, men om ein vil ha kjøt, så må ein kjøpe det på lik line med dei faste jegerane i laget. I fjor

TEMA-SIDER I FIRDA

FØREBUING: Magnar Nyttingnes (t.v.), Bente Troye og Arve Borgund har allereie i sommar rydda til skytefelt i jaktterrenget på Nyttingnes utanfor Eikefjord. Privat foto

hadde dei lov å skyte fem dyr, i år har dei fått tildelt sju dyr. Responsen på annonsen har vore så god at jaktlaget truleg lyt prioritere kven som skal få vere med. – Vi satsar på å ta med dei tre med minst erfaring. Er det fleire med likt utgangspunkt, så vert det loddtrekning. Dei ferske jegerane skal få vere med oss ut på post. Der skal det sitje ein uerfaren saman med ein erfarer jeger. Andre vil gå i jag, og få dyra fram, slik at dei på post kan skyte. Sjølv tok Magnar Nyttingnes storviltprøva for første gong i 1984, berre 14 år gammal. 16 år gammal begynte han å jakte storvilt saman med faren, som har grunneigarrettar i Eid.

å skyte eit dyr, mimrar han. – Kva råd vil de gje til andre urøynde jegerar? – Jakt er ikkje berre å skyte. Pass på at du beherskar situasjonen, og at du har veldig god sjanse for å treffe dyret. Unngå å skyte når du sjølv er stressa. Då aukar risikoen for skadeskyting, seier Nyttingnes, som etter kvart har fått 22 års erfaring som jeger. Han legg også vekt på ansvaret ein som jeger har, for å forvalte bestanden. – Det er også viktig å sjå an dyra. Vi kan ikkje skyte alle dei finaste. Målet vårt er å få ut dei små. Kjøtet betyr mindre. Over tid tener vi på det.

Jegeransvar

Vi satsar på å ta med dei tre med minst erfaring.

– Det eg hugsar best frå første turen er spenninga ved å gå ut med eige våpen, og håpet om å få sjansen til

anne.britt.sandoy@firda.no

Hausten og vinteren 2008

NESTE TEMA – tysdag 9. september:

Hus og heim – Det er igjen tid for oppussing og vedlikehald av hus og heim. Vi snakkar med ekspertar om gode idear og tipsar om nye trendar.

Magnar Nyttingnes

Jaktkampanje!

Polaris gjør jobben din enklere!

2008

23. september:

7. oktober:

21. oktober:

Haust- og vintermotar

Bil og motor

Energi og miljø

Firda snakkar med ekspertar og kjem med tips og idear om fargar og trendar i haustens og vinterens motebilete!

Bilen er viktig for oss alle. Firda skriv om nytt på bilfronten og ser på køyretøy og utstyr som passar ulike behov.

Aldri har energi og miljø vore meir i fokus. Firda ser på smarte løysingar og korleis vi som forbrukarar kan bidra!

4. november:

18. november:

2. desember:

Lyd og bilete

Barnefamilien

Juleførebuingar

Din digitale kvardag – Firda orienterer om dagens og framtidas løysingar innan tv, kamera, mobiltelefoni og lyd/spel.

Firda ser på den moderne barnefamilien sine behov og utfordringar!

Tid for den store familiehøgtida! Firda ser på mat og andre juletradisjonar.

Sportsman 6x6 reg. som traktor (kvite skilt) Kr.

107.900,-

Sportsman 800 4x4 EFI, berre700 2 stk. Sportsman Kr. 83.000,4x4 EFI

Design : Copyright © 2004 Polaris Norway AS - Stein Are Berg

Sportsman 6x6

Ikkje nøl med å annonsere i Firda desse dagane! Firda er den største lokalavisa i Sogn og Fjordane med heile 45 000 daglege lesarar, 6 dagar i veka. Temastoff er populært blant våre lesarar, og for deg som driv med sal og tjenester innanfor tema-området, er dette ein ekstra god sjanse til å treffe kundane dine.

Aktuelle annonsestorleikar: • • • •

1/1 side 1/2 side 1/4 side 1/8 side

LARS KVEEN AS 6783 STRYN • tlf. 57 87 20 00

Din ATV forhandlar i Sogn og Fjordane

- Innlogging, Direkte, , 0

Ønskjer du å annonsere i Firda desse dagen, ta kontakt med annonseavdelinga på epost: annonse@firda.no eller tlf. 57 83 33 00.

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21


20 TEMA JAKTLIV FIRDA TYSDAG 26. AUGUST 2008

SMÅVILTJAKT: Kvinnekontakt i NJFF – Sogn og Fjordane, Bente Skrede (nr 4 frå venstre), jaktar både småvilt og storvilt. Dette bilete er frå ein jentetur – småviltjakt som NJFF Sogn og Fjordane arrangerte i 2004.

Det perfekte skotet… JAKTLIV: – Ingenting kan måle seg med kjensla av å gjennomføre eit optimalt skot etter at du har greidd å snike deg inn på dyret, smiler Bente Skrede frå Florø. ANNE BRITT SANDØY tekst

I nesten 20 år har ho drive med jakt av både storvilt og småvilt. I tillegg er ho jegerprøveinstruktør, rifleinstruktør og kvinnekontakt i NJFF – Sogn og Fjordane (Sogn og Fjordane jakt- og fiskelag).

BENTE SKREDE

■ Alder: 52 år ■ Bustad: Florø ■ Sivilstand: Sambuar, fire born ■ Yrke: Postbod, drosjesjåfør ■ Interesser: Jakt, friluftsliv, handarbeid, hage, barneidrett, hund (dreiv med ettersøk i mange år) ■ Aktuell: Kvinnekontakt i NJFF – Sogn og Fjordane og ivrig jeger

Jaktar heile hausten Til hausten skal ho jakte på både hjort, elg og storfugl. I tillegg skal ho vere

med yngste sonen på reinjakt.

– Ein haust utan å gå på jakt… Det hadde definitivt vore noko som mangla. Eg er på jakt kvar helg frå september til jul, så sant eg har høve til det, fortel Bente Skrede. Det starta med småvilt- og hjortejakt. No reiser ho også fast på elgjakt. Jaktlaget hennar har løyve på fem elgar i Vågå kommune. Reinsdyrsjakta er ho også med på, så sant ho har høve til det. – Det spesielle med reinjakta, er at du må søkje, for å jakte. Er du heldig, så får du tildelt eit dyr. Det dyret må du skyte sjølv. Andre som er med deg, har ikkje lov til å skyte. Yngste sonen min har fått tildelt eit dyr i år, så då vert eg med han.

NJFF arrangerer også storfugljakt for kvinner i Sverige i oktober. Då er Skrede ei av fem jenter som skal reise over og jakte i Västerbotten. – Det er annleis å jakte med berre jenter. Dei er meir omtenksame både i forhold til kvarandre og dyr, meiner ho.

Ein god jeger er ... Skrede er oppteken av at nye jegerar må få god opplæring før dei vert sleppte ut på jakt. – Kommande jegerar må lære å nytte kjøtet anten det er småvilt eller storvilt. Vi, som jegerar, er med på å forvalte stammane. Det trur eg kanskje dyrevernarane av og til gløymer. Det er så mange dyr at om alle skulle få leve,

så ville det verte både sjukdom og matmangel. Då eg jakta i Nordfjord, var vi nøgne med å skyte ut dei dyra vi ikkje ville ha. – Kva kjenneteiknar ein god jeger? – Det er ein som ikkje nødvendigvis må skyte, men som kan halde att skotet, og som er roleg og avbalansert. Ein god jeger må ha kunnskap om dyret og området det lever i. Utstyr kan ikkje gjere deg til ein god jeger. Det er berre der for å hjelpe deg, understrekar Skrede. Sjølv har ho lagt mest pengar i eit godt kikkertsikte.

Vil ha fleire kvinner

å ha eit som toler litt når du skal gå i terrenget. Det er også lurt å kjøpe god kvalitet på kikkertfestet, slik at ikkje kikkerten skyv seg og endrar treffpunkt dersom du går over ende, poengterer Skrede. I dag er det langt fleire menn enn kvinner som går på jakt. – Vi vil gjerne ha med fleire kvinner. Det er både kjekt og sosialt. I god form kjem du også, ler Bente Skrede, som oppmodar jenter som har lyst å prøve seg til å ta kontakt, slik at dei kan vere med ut på tur og sjå korleis jakt fungerer i praksis, utan at dei treng ha med våpen. anne.britt.sandoy@firda.no

– Det kosta faktisk meir enn geværet gjorde i si tid, men det er viktig

Prosedyre ved skadeskyting – Eg har opplevd å skadeskyte dyr. Det er inga god kjensle, meiner Bente Skrede.

ELGJAKT: Reidun Rotihaug frå Nordfjordeid og Bente Skrede frå Florø på elgjakt.

- Innlogging, Direkte, , 0

Jegerprøveinstruktøren understrekar at det ikkje treng å bety at ein er ein dårleg skyttar, sjølv om dyret vert skadeskote. – Det kan vere ein kvist, som er i vegen, eller ei rørsle i dyret som du skyt. Men det er viktig at du veit kva du skal gjere der-

- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21

som du opplever det: 1) Hald deg i ro. Dyret kan komme attende. 2) Dersom du forlet plassen: Merk opp både kvar du var og kvar dyret stod då du skaut. Merk også opp kva retning dyret sprang i. 3) Kontakt jaktleiar. Han skal kontakte ettersøkshund. Er du åleine er du din eigen jaktleiar. Det er eit krav at du skal ha avtale med ein godkjend ettersøkshund eller ein

ettersøksring, for å jakte. 4) All jakt SKAL opphøyre fram til ettersøket er over. Det vert også sett i gang ettersøk i situasjonar der jaktlaget ikkje greier å finne att dyr på grunn av tett skog og kratt. – Med eit godt skot kan dyret springe 200–300 meter før det daudar. Ein del av ettersøka eg har gått, har vore etter slike gode skot, fortel Skrede.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.