26februar_08_helseogtrivsel

Page 1

11 FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

TEMA Helse og trivsel – Kan du høyre meg, Per-Audun?

Foto: ArneStubhaug

No skal alle nyfødde i Sogn og Fjordane få sjekka hørselen før dei reiser heim frå sjukehuset. Ordninga vert sett i verk ved alle fødeavdelingane i fylket over påske. Her er det Per-Audun Skjelstad Strømmen som blir testa på Førde sentralsjukehus. Side 20

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


12 TEMA HELSE OG TRIVSEL FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

BANKING: EFT-terapeut Arne Skålvik (t.v.) bankar på alle energipunkta på kroppen til Stian Lykkebø, samstundes som dei seier fram affirmasjonen «Sjølv om eg er redd for stigar, så aksepterer eg meg sjølv fullt og heilt».

Fjerna stigeskrekk ved banking HELSE: – Det er litt rart. No er det faktisk ikkje noko problem lenger. Eg hadde eit håp om å verte kvitt skrekken, men først då eg gjekk opp stigen til loftet, skjønte eg at det virka. ANNE BRITT SANDØY tekst ARNE STUBHAUG foto

Stian Lykkebø (31) frå Kvammen har vore redd stigar, heilt sidan han datt ned ei trapp som treåring. Etter to behandlingar hos EFT- og hypnoterapeut Arne Skålvik hos Medicor i Førde, greier han endeleg å gå opp loftsstigen i huset han kjøpte for halvtanna år sidan.

EFT EMOTIONAL FREEDOM TECHNIQUES ■ EFT er psykologisk akupunktur (utan bruk av nåler), også kalla emosjonell frigjeringsteknikk. ■ EFT byggjer på at kroppen har ein del energikrinsar, eller meridianar. ■ Basert på akupressur, som er ein 5000 år gammal tradisjon. ■ EFT kan brukast på mange område, alt frå traumatiske opplevingar, via allergiar, fobiar, sug/avhengigheit til fysiske problem. ■ Behandlinga føregår ved at ein bankar lett på energipunkta, medan ein mentalt har kontakt med problemet. Kjelde: www.medicor.no

Tankefeltterapi – Stigar har alltid vore mi store utfordring. Dei har eg rett og slett ikkje takla. Det er spesielt i overgangen, når eg skal gå av stigen. Då ser eg for meg, at eg skal gå rett i golvet, fortel Stian Lykkebø. Denne angsten hemmar han også på jobb. Lykkebø er produksjonsarbeidar på Førde Sementvarefabrikk,

og ønskjer å byrje i ei anna avdeling, med montering av element. Fram til no har stigeskrekken sett ein stoppar for det. – Eg følte at eg måtte gjere eit eller anna for å verte kvitt denne fobien, og tenkte på å prøve hypnose, då eg fekk høyre om Medicor og Arne Skålvik. Skålvik brukar EFT,

VERKTØY: – Med EFT, så bankar vi på alle energimeridianane. Det er ein ny måte å behandle menneska på. Vi kan få ei ny forståing av korleis sinn og kropp fungerer, seier Arne Skålvik, som her behandlar Stian Lykkebø. Skålvik trur det vil verte meir og meir vanleg å jobbe med sinnet framover.

også kalla tankefeltterapi eller psykologisk akupunktur, for å hjelpe dei med angst og fobiar til å meistre problemet. Han påstår at det går an å fjerne alle fobiar, berre den frie viljen er med.

Bankar på energipunkt – I Stian sitt tilfelle, så kartla eg først situasjonen der han som treåring datt ned kjellartrappa. Denne opplevinga har knytt seg så sterkt i sinnet hans, at tankane automatisk sirklar om at «Eg datt ein gong, det kan skje igjen», fortel Skålvik. I behandlinga jobbar

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Skålvik med kjenslene til Lykkebø i forhold til ubehaget ved å gå i ein stige. Han bankar lett på energipunkta på kroppen hans og ber samstundes Lykkebø seie fram eller tenkje, korte affirmasjonar eller stadfestingar tre gonger på kvart energipunkt: «Sjølv om eg er redd for stigar, så aksepterer eg meg sjølv fullt og heilt». Medan dette pågår, skal Lykkebø sjå for seg at han går opp ein stige, og gå ned att om det kjennest ubehageleg.

Kvalm – Heile tida bankar vi på

kjensla, og i tankane etablerer vi nye positive situasjonar, der han skal rose seg sjølv undervegs. Sinnet skjønar ikkje ulikskapen mellom ein tenkt tanke og verkeleg handling, forklarar Skålvik. – Det gjekk litt tid før eg kom inn i denne tankegangen. Men etter kvart, så følte eg at eg vart kvalm når eg kom eit stykke opp i stigen. Det var akkurat den same kjensla som når eg prøver på ekte. Då gjekk eg mentalt ned att og banka på kvalmen, før eg prøvde å gå opp att, fortel Stian Lykkebø. Etter to behandlingar med EFT, skulle han prøve å forsere loftsstigen heime.

Stor siger – Eg tok ned stigen, og klatra opp og stod i stigen utan problem, men syntest det var langt ned. Eg gjekk ned att og banka, før eg gjekk opp for andre gong. Denne gongen greidde eg å setje meg på loftsgolvet og ta føtene vekk frå stigen. Slik sat eg ei stund, før eg gjekk ned att. Her tok eg ein ny runde med banking. Eg var irritert over at eg var så nær, men ikkje hadde greidd det heilt. Tredje

gongen klatra eg rett opp og gjekk inn på loftet. Det var ein stor siger. Neste mål for Stian Lykkebø er å meistre ein vanleg stige. – Når eg greier det, kjem eg til å spørje om å få begynne med montering på jobb. I tillegg skal eg måle og skifte takstein på huset, smiler han. anne.britt.sandoy@firda.no

HYPNOTERAPI ■ Tilstand, som til ei viss grad kan samanliknast med meditasjon. Klienten er i ein svært avslappa tilstand, der det ubevisste sinnet er meir mottakeleg for dei forslag hypnoterapeuten gjev. ■ Skilnaden på hypnose og hypnoterapi er at hypnose refererer seg til ein tilstand, medan hypnoterapi er hypnose brukt i ein terapeutisk samanheng. ■ Hypnoterapi vender seg til det ubevisste sinnet, der oppførsel, haldningar og minne ligg, og kan endre det som ligg lagra der, til dømes hjelpe folk til å slutte å røykje. Kjelde: www.medicor.no


TEMA HELSE OG TRIVSEL 13 FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

Gode helsesko skal vere meir enn berre lette på foten!

-30% Onsdag til laurdag har vi

KVINNERETT: – I den verda vi lever i, må kvinnene ta alle børene. Dei som seier at alt liv er heilagt, må også sjå at kvinner har ein menneskerett. Kvifor skal dei måtte ofre liv og helse, spør Grethe Hammer Strømmen, rådgjevar ved Amathea sitt kontor i Førde.

– Abort er framleis tabu HELSE: – I 30 år har kvinner i Norge hatt retten til fri abort, men det er framleis eit vanskeleg emne, både å snakke om og vere i. Det er mange tårer, seier Grethe Hammer Strømmen i Amathea. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Abort er ein veldig viktig rett som vi kvinner har. Dei som av ulike årsaker tek abort, er vanlege kvinner som deg og meg. Det er ikkje snakk om dumme jenter som brukar abort som prevensjon. Det kan skje alle, og ingen trur på førehand at dei vil komme i den situasjonen, seier Grethe Hammer Strømmen, rettleiar på stiftinga Amathea sitt Førde-kontor.

på ALLE helsesko frå Rohde og Scholl! Førpris frå kr 339,– til 800,–

Scholl - i 104 år har Scholl vore leiande i fothelse og fotkomfort med sine innovative sko og fotprodukt. Alle Scholl sine sko og sandalar er avbalanserte og støytdempande, og er rett og slett herlege å ha på foten.

Rohde sko er designa for å passe den naturlege forma på foten din, av både designarar, fotlegar og fotterapeutar. Berre materiale av høgste kvalitet blir nytta. Skoa innehar design samstundes som den er svært behageleg å bruke.

AMATHEA ■ Stiftinga Amathea er ei religiøs og politisk uavhengig helseteneste, som med heimel paragraf 2 i lov om svangerskapsavbrot, tilbyr gratis rettleiing til kvinner og par som er vorte uplanlagt gravide. ■ Både stiftinga Amathea og abortlova er 30 år i 2008. ■ Amathea har 19 lokalkontor over heile landet. Kontoret i Førde ligg i Rødekorsbygget. Her kan kvinner få informasjon og rettleiing ved val knytt til svangerskap og abort, tilbod om samtale både undervegs og etter fullført svangerskap, og før og etter abort. ■ Amathea tilbyr undervisning til skuleklassar og konfirmantar om haldningar og abort. I tilegg kan dei sende ut materiell til helsevesen og skular. ■ Amathea tilbyr gratis graviditetstest og kondom.

Finst i dame- og herremodell

Sjølvråderetten

«Abort er rekna som det største tabu i vår tid, men eit tabu er endå større: Det å angre i ettertid på at du har fått eit barn» Grethe Hammer Strømmen

– Det er stor breidde mellom dei som kjem hit. Det er alt frå den gravide 14-åringen til kvinner over 40 år, men dei aller fleste er ungdom mellom 17 og 24 år. Statistikken viser at det er flest kvinner i 20-åra som tek abort. Faktisk så tek halvparten av kvinnene under 24 år i Oslo abort, og eg trur ikkje vi skal utelukke at ein del av desse abortane er av økonomiske årsaker. Tendensen her i fylket viser at det er flest abortar blant kvinner utan partnar.

ng Ma

Kvart år vert kontoret oppsøkt av om lag 100 kvinner som opplever eit uønskt svangerskap. Dei som kjem, ønskjer råd og rettleiing, eller berre nokon å snakke med. Dei veit kanskje ikkje heilt kva dei vil, og føler ofte press både frå partnar og foreldre. – Sjølvråderetten til kvinna smuldrar på mange måtar bort. Eg pleier å spørje kvinna kva ho trur er best for seg og kva ho kan leve med. Det er viktig at ho tenkjer på fordelar og ulemper på kort og lang sikt både i forhold til abort og til det å få barnet. Dersom ho er bevisst på at dette er hennar eige val, så er det også lettare å leve med valet i ettertid. For dei som tek abort, tilbyr Amathea ein etter-abort-samtale, der dei snakkar om og styrkjer kvinna i valet ho har gjort. Dei kvinnene som vel å gjennomføre svangerskapet, får tilbod om oppfølging og rettleiing gjennom svangerskapet.

e

fle ire s komodellar i b utikken!

Til innandørs velvære og rekreasjon Fleece bukse offwhite/raud kr

– Vil aldri angre For stiftinga Amathea er det sjølvråderetten til kvinna som står i fokus. – Abort er rekna som det største tabu i vår tid, men eitt tabu er endå større: Det å angre i ettertid på at du har fått eit barn. Mange idylliserer det å få eit barn, og seier «Du vil aldri angre om du får eit barn». Men kanskje dette ikkje er rett. For nokre vil abort vere det rette alternativet. Hammer Strømmen fortel at det faktisk er ein del jenter som er sikre på at foreldra vil kaste dei ut om dei fortel heime at dei er gravide. – Det er ikkje rart at jentene kasta seg i elva før, når vi ikkje er komne lenger i 2008. anne.britt.sandoy@firda.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Fleece jakke offwhite/raud kr

229,-

159,229,Fleece jakke offwhite/raud kr


14 TEMA HELSE OG TRIVSEL FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

BEHANDLING: Gunnvor A. Sunde er inne til ei av dei siste behandlingane ved Klinikk Førde. Sjukepleiar Laila Evjensvold merkjer av felta med hår, før ho brukar ein laserpistol til å fjerne dei. vold smør på ein krem.

■ Gunnvor

(46) kan endeleg smile:

Skjeggveksten fjerna etter 30 år HELSE: «Ho Gunnvor har skjegg». Den brutale avsløringa frå ein medelev på vidaregåande skule svir framleis hjå Gunnvor A. Sunde. ANNE BRITT SANDØY tekst ARNE STUBHAUG foto

Gjennom 30 år har 46åringen frå Breim slite med hårvekst i ansiktet. Det har vore alt anna enn enkelt å takle. – Eg trur eg har greidd å skjule det godt, men av og til føler eg at folk granskar skjegget mitt, når dei ser på meg, seier Gunnvor lågmælt. Ho har vore på utkikk etter nokon som kunne behandle henne sidan ho var 16 år. For knapt eit år sidan oppsøkte ho Klinikk Førde, og no, etter seks laserbehandlingar, er ho nærast hårfri i ansiktet

GUNNVOR SUNDE ■ Bustad: Breim ■ Alder: 46 ■ Sivilstand: Gift, fire born. ■ Yrke: Kjøkkensjef ved Gloppen Sjukeheim og Ap-politikar og leiar i hovudutval for opplæring på Fylkestinget.

etter år med dagleg barbering. Men det har kosta mykje pengar og mykje smerte.

Øydela huda – Eg har slite ut mange pinsettar opp gjennom åra og fekk behandling med elektrolyse ein kort periode på 80-talet. Men dama på Sandane, som gjorde dette, flytta før eg var ferdig behandla. Å reise til Oslo eller Bergen for å få utført hårfjerning har vore uaktuelt, både på grunn av familie og øko-

nomi, fortel firebarnsmora. Gunnvor greidde i mange år å halde hårveksten i sjakk ved regelmessig voksing og napping med pinsett, men etter kvart vart huda så øydelagd at ho måtte slutte med det. Barberhøvelen vart då einaste alternativet. Denne barrieren var tung å bryte. Å stå på badet saman med mannen om morgonen, for å ta skjegget var ikkje spesielt kjekt, og i tillegg så fremjar barbering ny hårvekst. – Eg hadde faktisk betre skjeggvekst enn han. Det er ganske ille. Han kan gjerne gå eit par tre dagar utan å ta skjegget, men det kunne ikkje eg, ler ho.

Mange isolerer seg Sjølv greier ho å skøye med problemet, og fortel at det har vore hennar måte å takle det på, medan andre heller isole-

Kiropraktikk – akupunktur – røntgen, muskel- og skjelettplager • Direkte trygderefusjon for kiropraktikk. • Legehenvisning ikke lenger nødvendig. • Henvisningsrett MR/CT/spesialist/sykehus. • Sykmeldingsrett.

Kiropraktor

G. Kringstad Hafstadv. 23 (over Jarles Gavesenter) Førde, tlf. 57 82 17 15

rer seg. Men alt er ikkje like artig. Ho kan ikkje fordra at folk tek henne i ansiktet. – Eg er redd dei skal merke skjeggstubbane, og passar på å snu meg, slik til at dei stryk med håra. I tillegg brukar eg mykje høghalsa genser og skjerf og vel slike smykke som gjer at folk ser på dei og ikkje på meg. Det er slike vaner ein legg seg til. Orda vert hengande litt i lufta. Fordi om Gunnvor er modig, så er det er tøft å snakke om dette problemet, som for mange er tabubelagt og flautt. Men Gunnvor ønskjer å stå fram, i håp om at hennar historie kan hjelpe andre og kanskje også gjere helsevesenet merksame på lidingane til kvinner med uønskt hårvekst. I dag vert ikkje utgiftene til hårfjerning dekt av det offentlege. Det gjer at mange kvinner isolerer seg, fordi dei ikkje har råd

til å gjere noko med problemet.

Kostar 30 000 kroner I fjor fekk Gunnvor anbefalt Klinikk Førde, som fjernar uønskt hår med laser. Ho valde å ta seg råd til behandlinga, sidan tilbodet er så nær heimstaden Breim. – Det er smertefullt, og ikkje noko ein gjer med glede, men for å føle seg vel etterpå. I motsetning til voksing, så er effekten av laserbehandlinga varig. Gunnvor A. Sunde reknar med å måtte bruke 30 000 kroner på eitt års behandling.

«Å stå på badet saman med mannen min, for å ta skjegget, var ikkje spesielt kjekt.» Gunnvor A. Sunde

– Det er mykje pengar, og eg får litt dårleg samvit, for eg har fire born, som eg også kunne ha brukt desse pengane på. Men det er noko med det å fungere i kvardagen og det å føle seg vel ute blant folk. Eg vil kalle denne behandlinga nødvendig. Det er ikkje godt å skjule det som er i ansiktet.

Håper på nytt regelverk Så snart Gunnvor er hårfri i ansiktet, lovar ho å stille med roser på klinikken. Og sjølv om ho, i forhold til mange andre, har takla hårveksten godt, så meiner ho bestemt at denne behandlinga har auka livskvaliteten monaleg. – No håpar eg inderleg at ein skal få endra regleverket, slik at kvinner som er ramma av sterk hårvekst, kan få refusjon av helseårsaker. Altfor mange slit i dag fordi dei ikkje har råd til å gjere noko med problemet, fastslår Gunnvor A. Sunde.

Ditt val - Din framtid!

- dynamisk meditasjon er trygt, behageleg og sikkert Effektiv behandling av: • Søvnproblem • Fobiar • Stress • Angst • Røykeslutt • m.m. Få betre sjølvtillit og hjelp til å nå dine målsetningar. Eigne kurs i stressmeistring og EFT.

Terapeutt Skålvikk • Tlf.. 947 7 93 3 727 www.medicor.no Vegen til ein enklare kvardag

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


TEMA HELSE OG TRIVSEL 15 FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

Behandlinga er smertefull, så Gunnvor kjøler ned huda med is, før Evjens-

Smertefullt Det er ikkje fysisk mogeleg å fjerne hår utan at det gjer vondt. 40 prosent av kundemassen til Klinikk Førde er likevel dei som søkjer hjelp for å fjerne uønskt hårvekst. Klinikk Førde driv både kosmetisk og medisinsk behandling for uønskt hårvekst. – Mange kvinner, som slit med uønskt hårvekst, slit gjerne også med sjølvkjensla. Dei brukar mykje tid på å skjule hårveksten, og enkelte må gjerne barbere seg to gonger om dagen, for å halde hårproblemet i sjakk, fortel Laila Evjensvold på Klinikk Førde. I dag kan ein søkje det offentlege om å få refundert utlegg til elektrolyse, ei behandlingsform som fjernar eitt og eitt hårstrå med nål. Laserbehandling er rekna som mykje meir effektivt, men her det er berre eit fåtal klinikkar som har fått avtale om refusjon. – Vi har to laserpistolar, med behandlingsflate på ein og to kvadratcentimeter. Ved bruk av dei, så får vi brent vekk hår på

mykje større område i slengen. Men det er viktig å vite at laser berre kan brukast på mørke hår. På lyse hår er det framleis elektrolyse eller «Ellman Radiolase» (radiobølgjer) som gjeld, forklarar Evjensvold. Det er berre hår i vekstfasen som let seg fjerne, og sidan hår i same hudområde vekslar mellom vekst og kvilefase, så er det ofte naudsynt med tre til fem behandlingar på kvar stad, før hårproblemet er vekke. Unntaket er dei kvinnene som lid av hormonsjukdommen PCOS (Policystisk ovarie syndrom). Dei må rekne med å gå til behandling med jamne mellomrom heile livet. Om lag fem prosent av kundane som ønskjer hårfjerning, er menn med mykje hår på rygg og overarm. Kvar behandling tek gjerne to timar, og er svært smertefull i starten når hårveksten er tettast. – Heldigvis så er smerta heilt borte etter behandlinga, påpeikar Evjensvold. anne.britt.sandøy@firda.no

BERRE SJÅ: Gunnvor A. Sunde har aldri likt at folk har studert ansiktet hennar, fordi ho då har hatt ei ekkel kjensle av at folk berre har sett på skjegget. Varemerket har difor vore blikkfang som høghalsa genserar, store smykke og skjerf. Men no kan folk berre sjå. Gunnvor er endeleg kvitt skjeggveksten.

BRIGHTLIGHT - LYSTERAPILAMPE

til skrivebordet for økt trivsel

SELJE - vest ved havet

Selje Spa Thalasso

Mars/påske-

tilbod 800,kr

• Gir optimalt dagslys • Du får lysterapi • Ideell for lesing/ handarbeid • Perfekt til PC-bruk • Egen dimmer

Mesterlys Førde Tlf. 57 82 10 01 Førde Storsenter www.mesterlys.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

i rabatt

Gjeld for 3 og 5 dg. thalasso opphald, (gjeld i heile mars, også i helgane og i påska). I tillegg har vi tilbod på spesialbehandling innan Thalgo hudpleie. (Askepottbehandling, Modeeling Mask/anti-rynke/oppstrammande, Thalgo-Men/herre behandling m. m.)

Spa/Thalassoo behandlingar,, basseng,, utebad,, dans. Seljee kloster,, Vestkapp,, båtar,, syklar,, golf,, surffing.

Tlf. 57 85 88 80

post@seljehotel.no • www.seljehotel.no


16 TEMA HELSE OG TRIVSEL FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

VIKTIGAST: Firda har samla fem representantar for russen på Hafstad vidaregåande skule i Førde, for å snakke om kva som er ungdommens viktigaste sosiale greie. Frå venstre: Arnfinn Kringlen, Elfrida Bengtsson, Øyvind Løseth Elvetun, Nikolina Søgnen og Eirik Risnes Kjønås er sikre i si sak: Ingenting kan erstatte det å vere saman med venner.

– Å vere saman er det viktigaste ■ Slapp av foreldre; ungdommen er ikkje berre på nett og mobil TRIVSEL: Trudde du at ungdommen no til dags stort sett sit kvar for seg og kommuniserer via mobil og internett? I så fall tek du feil, ungdomen sjølv opplever det heilt annleis. ANNE BRITT SANDØY tekst ARNE STUBHAUG foto

I alle fall gruppa Firda samla på Hafstad vidareåande for å snakke om kontakt og trivsel. Sjølv om dei i dag druknar i elektroniske tilbod, så er den viktigaste sosiale greia framleis det å møtast, prate, le og vere saman. – Teknikken kan på ingen måte erstatte det å vere saman med vener, slår Arnfinn Kringlen fast. Nikolina Søgnen, Elfrida Bengtsson, Øyvind Løseth Elvetun og Eirik

Risnes Kjønås nikkar samtykkande. Trivsel er å treffe vener, finne på ting saman eller rett og slett gjere på ingenting – saman. Møteplassar er det over alt. Det å møtast heime hos kvarandre er likevel ein sikker vinnar.

Sjekkar om det passar – Men folk kunne godt ha stukke innom utan å spørje først. Men det skjer aldri at dei berre ringjer på og spør om vi skal spele fotball, spele spel eller finne på noko anna. Det er alltid tjue tekstmeldingar: Om det passar, og kor tid vi i så fall skal møtast og om vi heller skal møtast fem minutt før eller fem minutt etter og så vidare, fortel Nikolina og himlar litt med auga, over korleis både ho og andre jenter styrer på. Gutane påstår dei gjer det enklare enn jentene, men også dei avtaler møta på førehand. – «Grytten klokka sju».

Ikkje meir dill enn det, ler Eirik. Det sosiale nettverket er stort, både på skulen og på ulike fritidsaktivitetar. Av og til føler dei at det rett og slett er slitsamt å vere sosial, for då bør dei også vere sprudlande og opplagte. – Då er det godt å sitje heime åleine og sjå «Gullrekkja» på TV2, og ikkje seie eitt ord, meiner Nikolina.

– Heilt chill – Ingen i dag har eit sånt forhold at dei berre går

Eg er mindre på MSN no enn før. Eg trur at når folk får lappen, så heng dei meir saman og er ute i lag Nikolina Søgnen

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

inn til nokon, tek ein nybaka bolle på kjøkendisken og slengjer seg ned, for å glo på fjernsyn saman, utan at det på død og liv må skje noko heile tida. Tenk så nydeleg å berre sitje der. Heilt chill og berre vere saman. Tenk så godt det hadde vore om vi kunne hatt eit slikt avslappa forhold til å besøkje kvarandre, drøymer Eirik. Øyvind nikkar samtykkande. – Det kunne godt vore meir slik. No blir det liksom alltid litt formelt. – Eg trur foreldra våre var flinkare til dette, og til å gjere koselege ting, slik som å ake, gå på ski og spele spel, seier Elfrida. Russespirene har akkurat avslutta årets russerevy, og boblar over når dei skal fortelje om arbeidet med den. Det var tøft, travelt, lærerikt og vanvittig sosialt. – Trist at den tida er over. Eg vart kjend med

folk som eg på førehand berre så vidt visste kven var, og dei er rett og slett dødskule, fortel Nikolina. – Ja, og så fekk eg teke opp att kontakten med folk eg kjende tidlegare, utdjupar Elfrida.

Facebook Dei to jentene meiner at det er utruleg viktig å kunne samlast og gjere noko saman, der alle er engasjerte og yter sitt for at sluttresultatet skal verte godt. Russen valde å bruke Facebook til nesten all skriftleg kommunikasjon i samband med russerevyen. Mykje meir lettvint enn i «gamle dagar» der alternativet var lause lappar og munnlege beskjedar. Nikolina og Arnfinn påstår likevel at dei er letta over at dei ikkje treng å bruke sida lenger.

Langt vennskap – Vi måtte innom og sjek-

ke ganske ofte. Eg blei nesten sint på den til slutt, sukkar Arnfinn. – Men det var kjekt å gå innom og sjå alle bileta etter revyen, skyt Øyvind inn. Elfrida er meir begeistra for Facebook enn resten av gjengen, og brukar den til å halde kontakten med folk ho ikkje møter så ofte. – Eg flytta til Førde i 3. klasse på barneskulen, og gjennom Facebook fekk eg kontakt att med bestevenninna mi frå eg var lita. Vi skriv lange beskjedar til kvarandre. Det er artig.

Veks opp med data Attenåringane trur at fjortisane er meir sosiale på data og mobil enn dei sjølve. – Dei veks jo opp med data. Det gjorde ikkje eg, seier Arnfinn alvorleg og haustar latterbrøl frå kompisane. – Eg er mindre på MSN


TEMA HELSE OG TRIVSEL 17 FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

Kva vil du gjere ein perfekt kompiskveld?

Kva med ei

brillefri framtid? Arnfinn Kringlen ■ Bustad: Naustdal ■ Alder: 18 år ■ Hobby: Springe orientering. Har ei spesiell og lidenskapeleg interesse for ekte crocks. – Då vert det fest med masse folk. Full pakke med både vorspiel og nachspiel.

Elfrida Bengtsson ■ Bustad: Førde ■ Alder: 18 år ■ Hobby: Dans og politikk. Er med i Førde bystyre for Ap. – Vi reiser ut og akar til vi vert skikkeleg slitne. Etterpå går vi inn og lagar masse kakao og et heimebaka brød med ost, tomat og agurk.

av alt

Øyvind Løseth Elvetun ■ Bustad: Førde ■ Alder: 18 år ■ Hobby: Musikk og film. – Då vert det pokerkveld saman med dei andre pokergutane.

Synskirurgi er ei tillitssak! no enn før. Eg trur at når folk får lappen, så heng dei meir saman og er ute i lag, seier Nikolina. Eirik trur at for dei som er sjenerte, så kan MSN vere ein viktig måte å vere sosial på. – Det er mange som verkar veldig opne når du snakkar med dei på MSN, men som ikkje seier noko elles.

Sogn og Fjordane Synskirurgi kan med sitt topp moderne utstyr operere langsynte, nærsynte, deg med skeive hornhinner og deg med dårleg mørkesyn.

Nikolina Søgnen

■ Bustad: Sande ■ Alder: 18 år ■ Hobby: Fotball, dans og musikk. – Då vil eg arrangere spelkveld, der vi spelar Pictionary, Kortskalle og Trivial Persuit.

Sovnar med mobilen Nikolina, Elfrida, Øyvind, Eirik og Arnfinn påstår at dei sender mindre tekstmeldingar til kvarandre enn før, men jentene innrømmer likevel at dei av og til sovnar medan dei tekstar. – Det er koseleg å få til dømes «god natt»-meldingar, og så vert det liksom til at ein skal prøve å svare sist. Då hender det at vi sovnar med mobilen i handa, ler Nikolina og Elfrida. anne.britt.sandoy@firda.no

Smertefri, rask behandling for eit nytt liv! • Rentefri delbetaling • Uforpliktande forundersøkelse • Ein av Nordens dyktigaste synskirurgar: dr. Trond Thilesen Vil du vite meir? -Ta kontakt for informasjon og referansar!

Eirik Risnes Kjønås ■ Bustad: Førde ■ Alder: 19 år ■ Hobby: Fotball, trening og skumparty. – Den ultimate kvelden vil vere ein fest med masse folk. Aller helst vil eg ta med ein heil gjeng og reise til Syden. Det er sosialt.

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf. 57 86 74 00 www.synskirurgen.no


18 TEMA HELSE OG TRIVSEL FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

Nesten halve skulen på dansekurs

Vibrasjonstrening

32 barnedansarar

■ TRIVSEL: Heile 34 av dei 78 elevar ved Bulandet skule har meldt seg på dansekurs på kveldstid. Av desse er 15 gutar. – Vi skal treffast ein gong i veka, og målet er at ungane skal lære å danse og ha det moro medan dei beveger seg til musikk. For dei eldste er det spesielt viktig at dei lærer nok til tore å by opp ei jente eller gut på dans, seier Heidi Kjempenes, som skal vere instruktør saman med dei tre tiandeklassingane Karoline Rogne, Mathilde K. Riisnes og Synnøve V. Fedøy.

■ TRENING: 15 minutt med trening tre gonger i veka skal vere nok til å komme i god form ved hjelp av Vibexcel. Det er ei vibrasjonstreningsplate, som reklamerer med at ei øving for kvar kroppsdel er nok. Dette treningstilbodet skal passe for alle, uavhengig av fysisk prestasjonsnivå.

■ JØLSTER: Friskis&Svettis Førde har kvar torsdag to parti med barnedans for ungar i alderen 6-9 år på Vassenden. – På den yngste gruppa er det 14 dansarar, og på den eldste 18. På den eldste gruppa er det faktisk åtte gutar som er med, fortel instruktør Anne-Sofie Fonn Nilsen.

Smertefulle kviser tok nattesøvnen HELSE: Guten hadde så mange betente kviser på ryggen at han verken sov eller orka at nokon tok i han. Lysbehandling og krem vart redninga. ANNE BRITT SANDØY tekst

Dei stygge kvisene som kom på ryggen i fjor vår, vart berre verre og verre utover sommaren. I mid-

■ Pappa: ten av august gjekk guten for første gong til fastlegen med plagene sine. Der fekk han til saman eit par hundre antibiotikatablettar, i tillegg til at han vart sett på venteliste hos hudlege. – Legen opplyste om at vi måtte rekne med lang ventetid. Men sonen vår leid, så vi ville ikkje vente. Penicillinen hjelpe ikkje.

FØR: Slik såg ryggen til guten ut då han kom til Klinikk Førde hausten 2007.

«Berre vi kom borti guten, kom tårene» Han fekk ikkje sove, og berre vi kom bort i han, så rann tårene, fortel faren.

Djupe arr Familien såg ein annonse for Klinikk Førde i lokalavisa, og tok kontakt for å få time. Her fekk guten time nesten på dagen, og etter 19 lysbehandlingar i tillegg til kjemisk

reinsing og kremar, så er ryggen nesten like god som ny. Berre djupe arr vitnar om kor ille det har vore. – Då vi starta behandlinga på Klinikk Førde, visste vi ikkje at vi måtte betale alt sjølve. Det viser seg at staten dekkjer berre nokre tablettar som heiter Roaccutan, eller rottegift som eg kallar

dei, fordi dei har så mange biverknader. Til dømes fare for lever- eller nyresvikt, depresjonar og så vidare, ramsar faren opp. Han har problem med å skjøne at legane vil bruke så kraftige medisinar på folk, når det er alternativ som fungerer, og fortel at valet deira med å få både alternativ

og raskare hjelp har kosta familien 30 000 kroner i reine utgifter. I tillegg

«Penicillinen hjelpte ikkje. Han fekk ikkje sove på grunn av smertene» Far til kviseramma gut

– Takknemleg oppgåve å hjelpe andr – Nokon kjem til oss for å få litt finjustering med botox, andre treng hjelp med meir alvorlege problem, som til dømes uønskt hårvekst eller åreknutar, seier ekteparet Evjensvold.

TILBYR BEHANDLING: Laila og Jens Ola Evjensvold tilbyr alt frå botox til fjerning av åreknutar på Klinikk Førde. Foto: Arne Stubhaug

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Dei står bak Klinikk Førde, som sidan november 2004 har tilbode medisinsk behandling av tilstandar som pasientar finn plagsame eller kosmetisk skjemmande. Laila Evjensvold er dagleg leiar og offentleg

godkjend sjukepleiar, medan mannen, Jens Ola Evjensvold er spesialist i generell kirurgi og karkirurgi, og medisinsk ansvarleg. – Vi har på mange måtar ei takknemleg oppgåve, som kan hjelpe folk til å føle seg betre, seier Laila Evjensvold, og viser til vellukka behandlingar av blant anna kviser og skjemmande hårvekst. Ho fortel at mange av dei pasientane som kjem av kosmetiske grunnar, er glade for at dei no kan få same tilbod i Førde, som dei før har måtte reise langt for.

– No har vi i tillegg inngått avtale med plastikk- og handkirurg Marcus Ericsson i Bergen, som vil komme hit til klinikken ein gong i månaden for å utføre plastiske operasjonar, opplyser Evjensvold. Ei anna nysatsing på klinikken er laseroperasjon av åreknutar. – Dette begynner vi med i slutten av mars. Ved å utføre desse operasjonane med laser, så kjem pasientane seg mykje fortare i arbeid igjen enn med tradisjonell behandling, fortel Jens Ola Evjensvold.


TEMA HELSE OG TRIVSEL 19 FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

– Rørsleglede betyr mest ■ TRIVSEL: – Det som driv meg og alle andre frivillige i Friskis&Svettis er ei stor tru på at fysisk aktivitet er heilt naudsynt for å ha det bra, seier Fabian Bergquist, som er styreleiar i Friskis&Svettis, Førde. F&S er eit heilt vanleg idrettslag i Norges Idrettsforbund, og berre i Førde er det mellom 400 og 500 som trenar med dei på årsbasis. – F&S lokkar fram rørslegleda utan å blande inn konkurranse. Det å få andre menneske i alle aldrar og storleikar til å oppleve rørsleglede, er den sentrale visjonen vår, fortel Bergquist.

Panasonic massasjestolar HELSE OG VELVÆRE - I HEIMEN OG PÅ JOBBEN! Panasonics absolutte toppmodell, med 3-dimensjonal ryggmassasje og automatisk innstilling av di høgd. Den har også massasje på armar, bein og lår. 5 førehandsinnstilte program og moglegheit for å programmere ytterlegare 3 program individuelt.

– Kviser kan slite på sjølvkjensla

EP3510 • 5 førehandsinnstilte program • Memoryfunksjon til 3 personlege program • Massasjeformer: Shiatsu, svensk, elte, banke, vibrasjon • Massasjetype, -styrke og -område kan justerast • 965 kombinasjonsmoglegheiter • Normal programlengde 15 min. • Quickprogram 5 min. • Alle innstillingar er motoriserte • Svart kunstlêr

– Vi merkar stor skilnad på ungdommane før og etter vi har behandla dei for kviser, fortel Laila Evjensvold ved Klinikk Førde.

ETTER: Etter 19 behandlingar med lys, kjemisk reins og kremar.

kjem tapt arbeidsforteneste for alle turane til Førde.

Lang ventetid – Vi hadde råd til det, og sonen vår fekk hjelp. For andre er dette kanskje umogeleg å gjere, når alt må dekkjast av eiga lommebok, trur faren. Først no i februar, seks månader seinare, fekk guten time hos hudlege. – Hudlegen ville då

at guten vår skulle ta ein 200 dagars tablettkur med Roaccutan, for å vere heilt sikker på at betennelsen er vekke. For oss er det uaktuelt når guten er så bra som han er. Den må i så fall blusse opp att først, seier faren, som er opprørt over at legar vil at ungdommar skal bruke medisin med så mange biverknader utan å prøve andre alternativ først. anne.britt.sandoy@firda.no

re

LASER: Laila Evjensvold brukar laser for å hjelpe pasientar med skjemmande hårvekst. Den brenn vekk håra for alltid. Foto: Arne Stubhaug

Mange av ungdommane, som oppsøkjer Klinikk Førde, er så flaue på grunn av kvisene, at det går ut over eit sosialt liv. – Det å komme inn her er ofte ein stor terskel for dei, sjølv om dei gjerne prøvd andre behandlingsformer, som til dømes hudpleie og medikamentell behandling, tidlegare. Men vi opplever etterkvart som behandlinga skrid fram, at dei generelt vert meir opne og får betre trivsel. Kvisene vert behandla med iClearXL lysbehandling, som er fri for skadelege ultrafiolette strålar. I tillegg kjem mekanisk reinsing av huda, der Evjensvold opnar kvisene og klemmer ut materie. Pasientane brukar i tillegg spesielle reseptbelagde kremar, som blant anna inneheld A-vitaminsyre. Det er snakk om ein til to behandlingar i veka, over seks til tolv veker, avhengig av graden. – Det er fleire årsaker til kviser, men resultatet er tilstopping av talgkjertelen, som igjen kan føre til betente kviser. Pasientar med kviseproblem utgjer 10–15 prosent av alle som oppsøkjer klinikken. Det er om lag like mange gutar som jenter, og behandlinga dei får avheng av graden. – Lysbehandling er best eigna på lett til moderat akne, medan massiv akne kan krevje medikamentell behandling og oppfølging av hudlege, opplyser Laila Evjensvold. Evjensvold ønskjer at ungdommane skal ha med seg foreldra første gongen, fordi det er viktig med oppfølging heimanfrå. I tillegg har det også ei økonomisk side. anne.britt.sandoy@firda.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Vi har massasjestolar Annonsert modell EP3510 kr 59 900,- eks mva. Ved leasing i 60 mnd. kr 1228,pr. mnd. eks. mva

frå kr 26 900,- eks mva. Ved leasing i 60 mnd. kr 552,- pr. mnd. eks. mva.

Vi tilbyr: • • • • • • • • • •

HUDPLEIE MASSASJE KROPPSPLEIE BOBLEBAD FOTPLEIE HÅRFJERNING/ ELEKTROLYSE KRYSTALLSLIPING NEGLEPLEIE PERMANENT MAKE-UP SPRAYTAN

Handelshuset 2. & 3. etasje – Naustdalsv. 4 • Tlf. 57 83 28 10 Fjordspa – Førde Hotel www.spaforde.no


20 TEMA HELSE OG TRIVSEL FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

SCREENING: Jordmor Hildegunn Ryssdal og overlege Einar Solheim er glade for at fødeavdelingane i Førde, Eid og Lærdal endeleg har fått utstyr til å kontrollere hørselen til alle nyfødde på ein rask og smertefri måte. Vesle Per-Audun Skjelstad Strømmen søv gjennom heile testen.

Hørselstestar alle nyfødde i fylket ■ Babyar kan få høyreapparat før dei er seks månader SAKA HELSE: Utstyret er på plass, og opplæringa i full gang. Rett over påske skal alle nyfødde i Førde, Lærdal og Eid få sjekka hørselen før dei reiser heim frå sjukehuset. ANNE BRITT SANDØY tekst ARNE STUBHAUG foto

– Born treng lyd for å få eit godt språk. Dei som er fødd døve eller med nedsett hørsel, slit med å følgje same utvikling som høyrande born, fastslår overlege Einar Solheim ved hørselssentralen ved Førde sentralsjukehus.

Svakare utvikling No skal alle nyfødde hør-

■ Helse- og sosialdepartementet har bestemt at i løpet av 2008 skal hørselsscreening verte innført ved alle fødeinstitusjonane i landet. Om lag halvparten av alle institusjonane byrja med dette i 2007. No har også Helse Førde fått utstyr til å gjennomføre denne undersøkinga.

selstestast, og målet er at dei som høyrer dårleg, skal få høyreapparat før dei er seks månader. Dette skal hindre at dei får dårlegare utvikling enn høyrande born. – No oppdagar vi ofte ikkje om barnet er tunghøyrt eller døvt før det er om lag to og eit halvt år. Då ligg det allereie langt etter i utviklinga i forhold

HØRSELSTEST: Vesle Per-Audun Skjelstad Strømmen får ved hjelp av ein øyrepropp tilkopla eit måleinstrument sjekka om hørselen er i orden.

ning, for å førebyggje dette problemet. Kvart år vert det fødd om lag 1100 barn i Helse Førde, og statistikken fortel at tre av tusen nyfødde høyrer for dårleg. – Denne screeninga skal utførast av barnepleiarane på barneavdelinga. Testen er rask og smertefri å utføre, og det er viktig at den kan gjerast kvar dag heile året, slik at hørselen på alle nyfødde vert testa før dei reiser frå sjukehuset, opplyser overlegen.

Måler signal til høyrande born, fortel Einar Solheim. I dag vert berre babyar i spesielle risikogrupper hørselstesta, men etter påske skal alle nyfødde i Førde, Lærdal og Eid få tilbod om hørselsscree-

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Han fortel at det er svært viktig at babyen er roleg når testen vert utført, fordi det skal målast signal frå hårceller i det indre øyre ved hjelp av ein propp som barnepleiaren set fast i øyret på babyen

medan den søv. Denne øyreproppen er tilkopla eit måleinstrument. – Dette er ein såkalla objektiv hørselstest. Er hårcellene velfungerande, så sender dei ut signal, som kan oppfattast av apparatet, og som godkjenner hørselen til barnet.

Erfaringane på landsbasis viser at ca 97 prosent passerer testen, medan tre prosent må diagnostiserast meir. – Desse borna vert tilviste til øyre-, nase-, halsavdelinga, der vi tek fleire testar, fortel Solheim. anne.britt.sandoy@firda.no

HØRSELSTEST ■ Hørselstest av nyfødde er ei undersøking der ein måler ein lyd som vert laga frå det indre øyret (otoakustisk emisjon). Denne lyden er ikkje tilstades dersom det er skade på det indre øyret. ■ Denne testen kan ikkje avdekkje om det er skade på hørselsnerven, som ligg bak cochlea (sneglehuset). ■ Barn i risikogrupper, som passerer testen, vert likevel testa av ØNH-avdelinga, då

dei har auka risiko for skade på hørselsnerven. ■ Som risikogrupper reknar dei born fødde før 28. veke, born som veg under 1000 gram, born med svært mykje gulsott, born med arveleg hørselstap i familien, born som fekk oksygenmangel under fødsel, born med sentralnervemisdanningar og born som har fått medikament som kan påverke hørselen.


TEMA HELSE OG TRIVSEL 21 FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

Sjukepleiarar satsar på velværesalong i Førde ■ Rita

Landro og Laila Tefre: «Vi vil tilby full pakke»

Mi takk Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR Helse og trivsel. Finst det eigentleg noko som betyr meir enn det å ha ei god helse og trivast med livet sitt? I DAGENS FIRDA får de møte Ap-politikaren, kokken og tidlegare styremedlem i Helse Førde, Gunnvor A. Sunde frå Breim. Ho fortel om sin tretti år lange kamp mot hårvekst i ansiktet. No er ho, etter nærare eit års behandling med laser og radiolaser, nærast hårfri. Det er ei sterk historie, fortald av ei modig kvinne, som endeleg føler ho har fått hjelp. Men det har kosta mykje pengar. Pengar, som ho gjerne skulle ha brukt på familien, men som ho har valt å bruke på seg sjølv, for å få ein betre kvardag. No ønskjer ho å fronte saka inn mot regjering og helseføretak. Målet er å få endra regelverket, slik at andre kvinner kan få dekt den naudsynte og kostbare behandlinga, som hårfjerning er. Vi får håpe ho lukkast. STIAN LYKKEBØ har vore redd for å gå i stigar heile livet. No har han overvunne denne skrekken ved hjelp av Arne Skålvik, ein EFT-terapeut som påstår at han kan kurere alle fobiar, berre folk verkeleg

Den frie viljen er den som gjer oss i stand til å nå dei måla vi har sett oss

BLODSIRKULASJON: Anita Vik frå Høyanger får behandling for dårleg blodsirkulasjon ved Spa og velværesalongen i Førde. – Bonus er at eg føler at maskina i tillegg gjev hjelp for dårleg rygg og skuldrer, samt til fjerning av strekkmerker, fortel ho. Her vert ho behandla av Rita Landro.

HELSE: – Folk i dag er opptekne av å ta vare på seg sjølve, og som sjukepleiarar ønskjer vi å utforme eit nytt konsept. Det skal femne om både helse og velvære. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Rita Landro og Laila Tefre overtok Spa og Velvære salongen i Storehagen for knapt ein månad sidan, og har mange planer for korleis dei skal utvide tilbodet til kundane. – Vi vil blant anna satse på biopati. Det er eit heilskapleg analyse- og behandlingssystem, som set fokus å stimulere kroppen, slik at den vert i stand til å lækje seg sjølv,

VEGA-TEST: Med dette måleapperatet kan biopat Laila Tefre måle energistraumen i ulike organ og finne ut kvar ei behandling bør starte. Den kan blant anna finne ut om kroppen har matintoleranse, allergiar, ulike bakteriar eller giftstoff.

fortel Laila Tefre, som har ei tre-årig utdanning frå Biopatskulen i Danmark bak seg. Biopaten måler ubalanse i kroppen ved hjelp av Vega-test, ei maskin som er utvikla av NASA. Ved å

bruke akupunkturpunkta, så sender maskina frekvensar inn i kroppen og får svar på kva ubalansen består i. Maskina skal kunne gje svar på alt frå problem med matallergi og giftstoff i kroppen, til

om klienten lid av belastningar frå til dømes jordstråling. – Vi har også ei maskin som har dokumentert effekt på fjerning av cellulittar. I tillegg gjev den gode resultat på til dømes fjerning av strekkmerke, betring av blodsirkulasjon og figurforming, fortel Rita Landro. Landro og Tefre meiner at det er viktig å sjå samanhengen mellom det indre og ytre velvære. – Når folk kjem her, for å ta aromaterapi, så er det for å roe ned i ein stressa kvardag. Vi tenkjer på å ta inn naturpreparat i tillegg til dei produkta og tenestene vi har i dag. Målet vårt er å kunne hjelpe dei på fleire felt, utan å konkurrere med helsevesenet, avsluttar dei to ambisiøst. anne.britt.sandoy@firda.no

vil kurerast. For nokon vil nok behandlingsmåten fortone seg spesiell, men terapeuten har definitivt eit viktig poeng: Du vil ikkje lukkast dersom du ikkje verkeleg ønskjer å gjere noko med problemet. Den frie viljen er den som gjer oss i stand til å nå dei måla vi har sett oss. Av og til er det godt å ha andre hjelpemiddel i tillegg, men i botnen ligg viljen. Dei som i utgangspunktet ikkje vil, vil heller ikkje lukkast. ALLE ELDSJELENE i frivillige lag og organisasjonar er folk som verkeleg har lukkast med det å skape helse og trivsel. Kvar einaste veke brukar dei si eiga fritid til å skape sosiale møteplassar og gjere andre glade. Dei gjer ein fantastisk jobb, og fortener både blomar og ståande applaus, for sin usjølviske innsats. Eg må innrømme at eg av og til har sukka over alle dei arrangerte aktivitetane som borna mine er med på? Over køyring, kakelotteri og den vesle organiseringa som må til, dersom vi sjølve ikkje kan køyre. Men er det rett av meg å klage? Eg bør heller takke, for at det faktisk er andre vaksne, som heilt frivillig brukar tid på at ungane våre skal trivast og utvikle seg, og gjer at dei har det så kjekt at dei vil vere med gong etter gong. MI TAKK i dag går difor til alle dykk som jobbar i det stille med å leggje til rette for idretts- og kulturtilbod til store og små. De er blant dei største trivselsskaparane vi har. anne.britt.sandoy@firda.no

Turlaget tilbyr ein tur for dagen ■ TRIVSEL: Turlaget har snart eit turprogram her i fylket som inneheld 365 heildagsturar. I tilegg kjem midtveketurane i gang på våren.

– Lokallaga er no klare med sine program. Indre Sunnfjord har over hundre turar for born, unge, vaksne og senior, fortel Astrid Kalstveit i Sogn og Fjor-

dane Turlag. Barnas Turlag har no 16 aktive lokallag her i fylket. I tillegg er det 12 vaksenlag med aktivitetar for alle aldrar. Turane er svært varierte

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

og med ulik vanskegrad. – På borna sine turar legg vi opp til høg trivsel og leik og hyggje rundt bål og mat, opplyser Kalstveit.


22 TEMA HELSE OG TRIVSEL FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

Aina gjekk ned 10 kilo på 10 veker i

■ Sluttresultat ■ Vitale mål e HELSE: Aina Gjervik frå Stongfjorden har gått ned 20 kilo ved hjelp av endra kosthald og figurslanking i treningssimulator ved Bailine-salongen i Førde. No skal ho hjelpe andre. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Eg hadde prøvd ulike slankekurar utan å lukkast, fortel Aina Gjervik. For eitt år sidan gjekk ho tilfeldigvis forbi Bailine i Sentrum Sør i Førde. Reklamen lokka med figurforming og gratis prøvetime.

Kroppsanalyse – Eg fekk ein time hos Irene Djupevik Søreide, som driv salongen, der ho tok ein fullstendig kroppsanalyse av meg. Ho målte

BAILINE: Aina Gjervik har fått hjelp av Irene Djupevik Søreide til å slanke vekk 20 kilo ved å bruke denne treningssimulatoren og ei omlegging av kosthaldet.

Butikken

Felleslunsj i Solund som gir

inspirasjon til borddekking

■ TRIVSEL: Solund Næringsutvikling oppfordrar folk i Solund til å samlast til ny felleslunsj på Solund Bryggje torsdag 28. februar klokka 12.00–13.30. Målet er å skape uformelle møteplassar i kommunen, og det er andre gongen det vert teke initiativ til ein slik felleslunsj. Første gongen samla lunsjen rundt 25 personar.

Kvite tenner viktig

■ HELSE: Norsk ungdom vil heller ha kvite tenner enn god tannhelse. Det viser ei undersøking som analyseinstituttet Norstat har gjort på vegne av Oral-B. Aldersgruppa 15–29 år er desidert mest opptekne av å ha kvite tenner, samstundes som dei bryr seg mindre enn dei som er eldre, om å redusere karies- og tannkjøtproblem.

Trimglede ■ HYLLESTAD: For andre år på rad er Friskis&Svettis i Hyllestad vorte største lokallag med F&S-medlemmer i forhold til innbyggjartal. Dei har 109 medlemmer i alderen 12–70 år, som trenar kvar veke. – Vi har fire flinke instruktørar som i løpet av ein time både slit oss ut, og gjev oss ny energi, fortel Ann-Elisabeth Lavik Akse.

FRAMTIDAS TRENING er medisinsk godkjend!

Kom og se forslag til bryllup, dåp, komfirmasjon, årsdager m.m. Stort utvalg i lys, servietter og tilbehør.

VELDIG BRA FOR: Blodsirkulasjon, revmatisme, fibromyalgi, hormonbalanse, lymfedrenerande, cellulittar, overvekt, førebyggjer beinskjørheit. Styrketrening.

GRATIS PRØVETIME

• Stor suksess i Noreg på kort tid. • Vart utvikla for russisk romfart. • Vist på TV2-nyheitene/frukost-TV m/Kari Jaquesson. • 15–20 min trening på platene er nok. • Ei treningsform som passar for alle uansett alder og fysisk form. • Stor helsegevinst.

Tlf. 57 82 14 00 Førde Lys a/s Sentrum Sør • Førde Vibexel Førde, Hafstadvegen 38, 6800 Førde, tlf. 954 18 222, www.vibe-easytrain.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


TEMA HELSE OG TRIVSEL 23 FIRDA TYSDAG 26. FEBRUAR 2008

treningssimulator

tet er minus 20 kilo er redusert med 136 centimeter strategiske mål, vekt, feittprosent, BMI med meir. Alt dette vart lagt inn i ei datamaskin, som rekna ut kor mange centimeter og kilo som var for mykje på kvar stad på kroppen min. Ut frå denne analysen fekk Gjervik personleg kosthaldsrettleiing og treningstips. – Resultatet let ikkje vente på seg. På ti veker gjekk eg ned ti kilo. Dette var resultat av at eg la om til eit kosthald med mindre karbohydrat og masse protein, brukte Bailine sin treningssimulator to gonger i veka og generelt var meir i aktivitet, seier Aina Gjervik.

Treningssimulator Djupevik Søreide fortel at treningssimulatoren er ei form for elektronisk trening, der ein legg plater direkte på musklane, slik at dei vert aktiviserte. Dette både aukar og styr-

BAILINE ■ Bailine har i dag avanserte system for vektreduksjon og figurforming og har etablert salongar i mange land. ■ Bailines system byggjer på tre hovudprinsipp: – Kosthaldsrettleiing – Treningsøvingar ved hjelp av eigenutvikla datastyrte treningssimulator – Mental trening ■ Bailine er berre for kvinner ■ Det er 18 års aldersgrense for å prøve Bailine. ■ Gravide og dei som brukar pacemaker kan ikkje nytte treningssimulatoren. ■ Bailine feirar i år at det er 40 år sidan den første muskelstimulatoren vart utvikla og den første salongen starta i Tønsberg.

kjer musklane, samstundes som forbrenninga aukar. – Sidan musklar tek fire gonger så liten plass som feitt, så kan vi garantere at damene som prøver simulatoren går ned i centimeter, reklamerer Djupevik Søreide.

Medhjelpar Bailine feirar i år 40 årsjubileum, og har mange salongar rundt om i Norge. Djupevik Søreide overtok salongen i Førde i september 2006, og har nyleg tilsett provet på at Bailine verkar, Aina Gjervik, som medhjelpar. – Eg registrerer at salongane i dei store byane har større pågang enn oss frå kvinner som ønskjer å prøve figurslanking, men vi satsar på at marknaden vil vere aukande også her i Førde, avsluttar Irene Djupevik Søreide.

Neste TEMA i Firda:

Hagen vår tysdag 11. mars Tips oss om ■ Hagestell og nyplanting ■ Hagen som spisskammer – urter og grønsaker som er kjekt å dyrke sjølv. ■ Fikse løysingar på uteplassar, murar og hagerom ■ Sosiale klubbar og trivelege møteplassar ■ Nye trendar i uterommet ■ Den mest spennande hagen du har sett Ta kontakt med Firdas tema-journalist Anne Britt Sandøy – tlf. 951 42 957 E-post: anne.britt.sandoy@firda.no

anne.britt.sandoy@firda.no

Åreknutar (varicer) Klinikk Førde tilbyr undersøking med ultralyd, og operasjon med innvendig laser i åreknutane. Revolusjonerande metode.Tilbake i arbeid etter 1–2 dagar.

Kosmetisk plastikk kirurgi Klinikk Førde har inngått samarbeid med EuroCosmetic i Bergen. Dr. Marcus Ericsson, spesialist i plastisk kirurgi og handkirurgi, har konsultasjonar i Førde. Operasjon kan takast i Førde eller i Bergen.

Behov for nye nye gode lesebriller? lesebriller? Nexyma. Det Detideelle ideelleglaset glasetforfor Nexyma. lesing lesing og ogdata. data.Gir Girklart klartsyn synfrå frå40 cm til ca. 40 cm til 2ca.meter. 2 meter.

Andre behandlingstilbod • Botox • Restylane • Medisinsk kremprogram (Obagi, Md Forte, Duvè Medica) • Peeling (Bluepeel, Light peel) • Sklerosering m/sprøyting eller laser av sprengte blodkar på beina • Aknebehandling • iClearXL, rødt og blått lys • Tannbleiking • Sveitte-behandling m/Botox • TEI Muskelstimulator • IPL mot cuporose og spiders • Permanent hårreduksjon med marknadens beste diodelaser

Spør oss oss om om Nexyma Nexyma glas glas frå frå Rodenstock! Rodenstock!

Klinikk Førde AS Hafstadvegen 25 57 72 04 40 / 976 79 662 klin-fo@online.no / www.klinikkforde.no Med.ans.: Dr. Jens Ola Evjensvold, spes. i karkir. og gen. kir.

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.