29april_08_feriepaahjul

Page 1

15 FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

TEMA Ferie på hjul

Køyrer mot sol og varme Med camping-vogna på slep køyrer familien Brakestad Boge frå Høyanger dit sola er. Her kosar Johannes, Elisabet og David seg med bading og leik i Frankrike, medan venene heime i Norge heldt på å regne vekk sommaren 2007. Side 15-30

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,


16 TEMA FERIE PÅ HJUL FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Konkurransevinnarar

6 kg pulverapparat

■ Det var stor interesse for sms-konkurransen vi hadde på temasidene Skip-o-hoi om båt og båtliv i Firda 15. april. Spørsmålet vi stilte var: Du køyrer ut fjorden, og møter ein seglbåt som kjem frå venstre, på kryssande kurs. Segla heng og blafrar i den svake vinden, og skipperen på seglbåten hjelper til med motoren for å gi båten fart. Kven av dykk skal vike? Rett svar på spørsmålet er alternativ c: Seglbåten, fordi ein seglbåt som går for

motor blir rekna for motordrive farty. Dermed gjeld høgreregelen.Vinnar av konkurransen vart Kjell Engdal frå Hyllestad som får ei havfiskestong. ■ Til desse temasidene om Ferie på hjul etterlyste vi gode feriebilete. Vinnaren av konkurransen, som også enda i ein reportasje, vart Hans-Jørgen Boge frå Høyanger. Premien her er eit regntøysett til ein verdi av 2000 kroner.

■ BRANN: Alle registrerte bubilar og campingvogner skal frå 1. januar 2008 vere utstyrte med 6 kg pulverapparat. Ved EU-kontroll vil bubilar få mangellapp om dette manglar. Det er også eit krav i bubilane at apparatet skal plasserast og forsvarleg festast, innan sjåføren si rekkevidde.

Med familien på sida FØRDE: – Med sidevogn får også motorsykkelentusiastar med seg familien på ferie. Ut over det har vi ingen spesielle kjenneteikn, ler Kjell Olav Laugerud frå Førde. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Han fortel at minstejenta berre var eit og eit halvt år første gong ho var med på motorsykkeltreff og telttur. – Begge jentene likar godt å vere med i sidevogna, og alle turane våre har ført til at dei har fått seg vener over heile landet, fortel Laugerud, som er aktiv medlem i Norsk Sidevognklubb, og arrangør av det årlege sidevogntreffet i Vik.

SIDEVOGNKLUBB ■ Klubb for alle som har eller er interessert i motorsykkel med sidevogn. ■ Stifta 25.8.1974 ■ Rundt 220 medlemmar. Dei fleste nordmenn. ■ Arrangerer 3 faste treff i året: Jumbo Run: Fast pinsetreff, der dei tek med psykisk utviklingshemma på tur. I år er det på Lone Camping utanfor Bergen. Ferietreff: Teksten familiecamping i Gvarv 9. -13. juli. Årsmøte med treff: Groven camping i Åmot Telemark 19.- 21. september. I tillegg arrangerer medlemmene fleire andre treff. Dei siste åtte åra har Kjell Olav Laugerud arrangert familietreff på Tistel camping og feriehytter i Vik i Sogn. I år blir dette treffet 23. -25. mai. ■ Heimeside: www.sidevogn.com

800 mil med sidevogn Kjell Olav Laugerud begynte først å køyre motorsykkel i vaksen alder. Han tok sertifikat i 1991. Då var han 34 år. – Eg hadde kjøpt meg ein veteransykkel, og hadde sjølvsagt lyst å køyre den, ler han. Interessa utvikla seg, og i 1994 kjøpte han sin første sidevognsykkel, for å få med familien på tur.

Ungane vart godt plasserte i sidevogna og kona bakpå sykkelen. – Sidan då har vi veksla mellom bil og sykkelferie. I snitt køyrer eg vel om lag 7-8000 kilometer i året. Både åleine og saman med familien. Vi reiser som regel på to eller tre treff i året. Det er vanvittig kjekt. Vi dekker

langbord, og har i det store og heile høg sosial faktor. Den første langturen gjekk til Danmark i 1999. Der har dei vore fleire gonger sidan, og favorittstaden er MCTouring camp i Kolind, som ligg i nærleiken av Grenaa.

Jumbo Run – Dette er ein campingplass som berre er open for motorsyklistar. Det er ingen bilar som slepp inn. Den er driven av motorsyklistar for motorsyklistar, og er billig både å bu og ete på, fortel Laugerud. Jumbo Run er ei stor årleg hending, som Laugerud alltid passar på å få med seg. Då tek Sidevognklubben med seg funksjonshemma i sidevogna. Sidevognene køyrer i ein lang kortesje med politieskorte, og familiemedlemmer kjem bak i buss. Etter turen er det tid for fellesgrilling og diplomoverrekking. – Dette arrangementet gjev oss veldig mykje, understrekar Laugerud. Etter mange år med telt, investerte familien i ein combicamp for to år sidan. Det var etter Jumbo Run på Åndalsnes. Snøen låg nesten ned på campingplassen, og tanken på fleire slike overnattingar i telt var ikkje til å tenkje på, sjølv om dei

ENTUSIAST: Kjell Olav Laugerud har køyrt sidevogn sidan 1994, og meiner det knapt kan finnast ei meir

hadde gode soveposar. – Det var utruleg kaldt. Det gjekk nesten ikkje an å vere ute. Det regna og snøa om kvarandre.

Elektrisk varmedress Den nyaste sidevogna er også to år. Det er ein Side-Bike modell ZEUS, som er laga i Frankrike.

Den har ein Peugeot bilmotor bak under bagasjerommet, er registrert for fire vaksne og har lov å ha 300 kilo tilhengjarvekt. Den har også varme i sidevogna, så når far og mor får på seg dei elektriske varmedressane, tilkopla 12v batteriet på sykkelen, og varmen

er på i sidevogna, så er det ingen som frys på turen. Dei beste opplevingane har Laugerud frå treffa i Vik, som han sjølv arrangerer, og som samlar mellom 20 og 30 syklar. – Det er fantastisk flott inne på campingplassen der, og eg veit at

Sidevognskøyring med funksjonshemma Kvart år i pinsa arrangerer Norsk Sidevognsklubb (NSK) Jumbo Run.

HEIM FRÅ TUR: Rast på Haukelifjell på veg heim frå ferietreffet til Norsk sidevognklubb i Gvarv i 2005. Frå venstre Gro-Anita Aakre Laugerud, Marianne Aakre Laugerud og Øygunn Aakre. Foto: privat

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

Treffet vert flytta frå stad til stad og lokale MC klubbar søkjer NSK om å få arrangere det. I pinsa 2008 vert det på Lone Camping i Bergen. På Norsk sidevognklubb sine nettsider kan vi lese at det var eng-

elskmannen David Cooper arrangerte det første treffet i Coventry i 1961. Tanken var at handikappa barn skulle få oppleve naturen på ein trygg og sikker måte, som passasjer i en sidevogn. Ca 80 sidevognsyklar deltok og det vart ein stor suksess. Det vart derfor vedteke at det skulle verte eit årleg arrangement. I 1963 fekk treffet sitt noverande namn. Grun-

nen til det, var at dei tok turen til en dyrehage der det var en elefantunge som heitte Jumbo. Frå England har Jumbo Run spreidd seg til Frankrike, Holland, Tyskland, Sverige, Danmark og Finland. Til Norge kom det i 1977, og har sidan vorte arrangert kvart år. Treffet har ein familievennleg profil, og det er svært mange som har med seg kone og barn

eller barnebarn. Treffet varer heile helga. På søndagen er det køyretur med passasjerane, og etter å ha køyrt i om lag ein halv time er det innlagt en pause med mat og drikke til alle, før retur til treffplassen for premieutdeling, grilling og lett underhaldning. Den lokale arrangøren ser opp en følgjebuss, slik at dei som til vanleg sit i sidevogna også skal få oppleve hele turen.


TEMA FERIE PĂ… HJUL 17 FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Hugs bilbelte â– TRAFIKK: NĂŚr halvparten av dei som døyr i bilulukker, brukte ikkje bilbeltet. - Bruk av bilbelte reduserer sjansen for ĂĽ verte drepen eller alvorleg skadd med 50 prosent, bĂĽde for førar og passasjer i framsetet. Dersom alle hadde brukt bilbeltet ville det truleg vore 40 fĂŚrre som ĂĽrleg vart drepne i trafikken, melder Statens Vegvesen. MĂĽlingar viser at ein kollisjon i 50 km/t tilsvarer eit fritt fall pĂĽ ti meter.

Bra for büde lommeboka og miljøet. NYTT

Det beste valet büde for lommeboka og miljøet.

!

Kombinerer høg ytelse og komfort.

For bilar med ekstreme ytelsar.

íśź íśź

TA MED BREIBANDET PĂ… FERIE! sosial ferieform.

ein del av dei som ikkje har høve til ü komme pü sjølve treffet, bestiller hytter til andre helgar. Vertskapet pü Tistel Camping gjer verkeleg alt for at vi skal trivast, rosar Kjell Olav Laugerud. Men sjølv om han skryter hemningslaust

av gode stunder pĂĽ ferie med sidevogn, sĂĽ er bĂĽde den og combicampen no lyst ut for sal. – Vi gĂĽr opp endĂĽ ein standard, og flyttar frĂĽ telt til bubil. DĂĽ har vi ikkje rĂĽd til ĂĽ ha sidevogn ogsĂĽ. Vi kan ikkje ha alt sjølv om vi har lyst til det.

– Men kva er mest sosialt: sidevogn eller bubil? – Sidevogn. Absolutt. Men ein kan sikkert reise pü bubiltreff ogsü, hüpar Kjell Olav Laugerud.

Det er mykje du kan nytte breiband til pĂĽ ferie, i tillegg til alt det du vanlegvis nyttar det til. Sjekk vĂŞret, finn kart, sjekk om det er ledig plass pĂĽ campingplassen eller send bilete av borna pĂĽ epost. Alt du treng er ein berbar PC og eit USB modem. DĂĽ har du nett sĂĽ lenge du har mobildekning. Med mobilt breiband frĂĽ Telenor fĂĽr du:

- Fri bruk pĂĽ kveldar og i helgar - Rimeleg mĂĽnadspris - Alltid best tilgjengeleg hastigheit

1,-

anne.britt.sandoy@firda.no

USB-modem til berre kr

med 12 mnd. binding til MobiltBredbünd Kveld&Helg. (Totalpris første ür kr 2017,-)

Fujitsu-Siemens Esprimo Mobile V5545

Innebygt modem for mobilt breibĂĽnd, 15,4", Intel T5250, 2GB, 250GB, VB og XP.

COMBICAMP: Familien Laugerud har feriert opp til tre veker i strekk med sidevogn og tilhengar pü slep. Dette bilete er frü ein tur til Bud pü Møre i fjor sommar. Foto: privat.

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

5.990,-* * Prisen føreset binding til Telenor Mobilt Breiband Kveld og Helg i 12 mnd., totalpris 12 mnd. kr 8.006,–. Ord. pris PC utan mobilt breiband kr 7.990,–

Mobilt Bredbünd Kveld & Helg – for deg som surfer pü fritiden Münedspris

119

MĂĽnedspris med USB-modem*

168

Kveld og helg (man-fre 17.00-07.00,

0

helg fra fre 17.00-man 07.00)

Bruk dagtid

Maks 50 per dag

Over mobilnettet / over WLAN

5 per MB / 1,25 per min

Etablering (nye kunder) * MĂĽnedsprisen reduseres til 119,- etter 12 mĂĽneder Andre priser gjelder i utlandet VilkĂĽr pĂĽ telenor.no/mobil

NĂĽ: 0

www.mobildata.no MobilData Førde.

Naustdalsvegen1 b, Elvegürden, 6800 Førde

Tlf. 48 00 18 88


18 TEMA FERIE PÅ HJUL FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

KJØKKEN: Det er både gasskomfyr og oppvaskkum skjult under ei benkeplate bak førarsete i båten.

SOVEPLASS: Når kvelden kjem er det berre å brette ut dobbeltsenga, fortel Lars-Petter Presthaug. I tillegg kan det lagast ein soveplass i salongen.

TERRASSEN: Bak på båten er det relativt god plass til både soling og fisking – fisking er sjølvsagt berre aktuelt når båten er i sjøen.

SESONGKLAR: Lars-Petter Presthaug har gjort båten klar til campingsesongen. Han brukar den like mykje på land som til sjøs, og trivast like godt på cam

Med båten på hjul HØYANGER: – Kvifor kjøpe campingvogn når du kan ha båten på hjul, spør Lars-Petter Presthaug, som dei siste åra har feriert både til lands og til sjøs med båten som hytte. ANNE BRITT SANDØY Tekst og foto

– I fjor sommar var eg først på båttur til Stavanger saman med gode vener. Etterpå tok eg båten på hengaren og reiste til Gol, Geilo og Aurland. Der parkerte eg på stader, som

■ Lars-Petter brukar båten som campingvogn var fine utgangspunkt for dagsturar i fjellet og brukte båten som hytte, fortel Lars-Petter Presthaug frå Høyanger. Han har dei siste åra køyrt land og strand rundt med båten på tilhengar, og overnatta på campingplassar undervegs. Det merkelege bukonseptet har fått mange rare blikk, men kommentarane har likevel vore udelt positive.

Soveplass til tre Presthaug er opphavleg ihuga båtentusiast, og har feriert mykje langs kysten

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

med familien. Tanken om å ha ein båt på hjul kom etter ei skilsmisse. Han var redd at dei to tenåringsgutane skulle kjede seg om dei tre berre skulle

«Når vêret ruskar seg til nede på Sørlandet, er det godt å kunne sveive opp båten og køyre landevegen heim.» Lars-Petter Presthaug

tøffe langs kysten med båt. Løysinga vart å plassere båten på ein tilhengar og bruke den både til lands og til sjøs. Ei ferieform som har fungert flott i fem år, og som viser at det er mogeleg å reise rundt med lite. – Eg kjøpte meg ein ny båt i 2004. Den har god soveplass til tre, men om ein er gode vener, så er det plass til fleire, ler Presthaug. Han har brukt knapt ein halv million kroner på båten, ein 21 fots Skib-

splast 675, som kan nyttast både som båt og campingvogn, og meiner at det er mange fordelar med ei slik kombiløysing. – Ved å bruke båten på denne måten får eg ein utruleg mykje større aksjonsradius. Eg er ikkje verken låst til eit område eller avhengig av godt vêr, men kan velje om eg vil feriere til dømes på Mjøsa, i Lofoten eller på svenskekysten.

Svenskekysten For to år sidan køyrde Presthaug og sønene heile

svenskekysten ned til Lysekil. Det var ein fantastisk tur gjennom heile den svenske skjergarden, medan bil og hengar stod trygt parkert hos båtforeininga på Tofte i Oslofjorden. – Med båten på hjul er det berre å rygge ut båten ut i sjøen der det ser freistande ut. Ramper finst det overalt og same kor ein kjem langs kysten er folk hjelpsame med ut- og oppsetting. Ein annan fordel er å sleppe dei lange strekka sjøvegen frå og til Vestlan-


TEMA FERIE PÅ HJUL 19 FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Treng g bilen n din

service? Service og vedlikehald før sommarferien? Bestill time no før det store rushet startar.

mpingplassen som i småbåthamna.

... Har bilen din

klimaanlegg? Vi utfører service, refylling og reins av klimaanlegg. Kontakt oss før sommarvarmen kjem. SALONGEN: Stove om dagen, soverom om natta. Veggen bak skjuler ei dobbeltseng. I tillegg kan sjølve sitjegruppa gjerast om til ei seng.

det. Når vêret ruskar seg til nede på Sørlandet, er det godt å kunne sveive opp båten og køyre landevegen heim. No står båten nyvaska og pussa på hengaren ut for huset i Høyanger. Lars-Petter Presthaug

har enno ikkje ferieplanane klare.

Nyvaska og klar Det står mellom langtur til svenskekysten eller Lofoten. Ungane er vaksne og meir opptekne av kjærastar enn å

vere med far på tur, så han reknar med at han fer åleine denne gongen. Men med båten på hjul er det ikkje vanskeleg å komme i kontakt med andre, så einsamt vert det nok ikkje.

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

anne.britt.sandoy@firda.no

Vi er med i verdas største og mest kunnskapsrike verkstadkjede. Hos oss får alle bilmerke profesjonell hjelp til hyggeleg pris. Spør oss neste gong.

Førde Bilservice AS Øyrane, Førde – Tlf. 57 83 07 00 www.fordebil.no


20 TEMA FERIE PÅ HJUL FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

–Campingfolk er sosiale vesen FØRDE: Ikkje noko er betre enn ferie på hjul, men pass på at det tekniske utstyret er i orden før du legg ut på tur, rådar Arvid Kjøsnes.

ARVID KJØSNES Alder: Passert 59 Sivilstand: Gift med Oddlaug Yrke: HMS-medarbeidar Helse Førde Hobby: Vere bestefar, og hjelpe barna med oppussing og treskjering. Aktuell: Formann i Norsk Caravan Club (NCC), avdeling Sogn og Fjordane, som har 604 medlemmar. Karakteriser campinglivet med fem ord: Familien i sentrum, Fridom, friluft, venner, late dagar.

ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Formannen i Norsk Caravan Club (NCC), avdeling Sogn og Fjordane, fortel at NCC arrangerer kontrollar, for å sjekke at bubilar og campingvogner er i teknisk god stand i samarbeid med Statens vegvesen. På Sandane har dei gjennomført ein kontroll i år, og i Førde skal den gjennomførast 7. mai frå kl. 17.00 og utover. Kontrollen vil i hovudsak bestå av tettleikskontroll av heile gassanlegget, teknisk kontroll av lys og bremser, samt oppheng/akslingar og innvendig fukttest av heile vogna. – NCC har også køyreopplæringskurs på Biltreff AS første helga i mai. Her kan du lære meir om korleis du handterer campingutstyret, opplyser Kjøsnes. – Kva anna står på agendaen for campingfolket framover? – Først skal vi ha eit regiontreff for NCC-medlemmar i Bergen og Sogn og Fjordane på Kjørnes Camping den 9. til 12. mai. Der er det plass til 90 vogner, og vi håpar det kjem mellom 50 og 60. Vi legg opp mange ulike aktivitetar, spesielt for ungar, slik at dei skal trivast. – Seinare i månaden kjem Vårtreff på Bøyum Camping i Fjærland 30. mai til 1. juni og til slutt Hausttreff på Byrkjelo Camping den 22. til 24. august. – Kva må vere med på campingturen? – Klede til all slags vær og god mat. – Har du ein favoritt blant campingplassane? – Nei, men no skal vi ha fast plass på Byrkjelo camping. Det er på grunn av kort reisetid. Vi kan reise opp laurdag ettermiddag, for den del. Campingfolk er sosiale vesen, og det handlar om å finne folk som du trivast saman med. Vi kjenner mange på Byrkjelo, så det vart eit naturleg val, avsluttar Kjøsnes. anne.britt.sandoy@firda.no

14 kjappe og ein lang Campingvogn eller bubil? – Campingvogn

Spikartelt eller fortelt? – Fortelt Grilldress eller dongeri? – Dongeri Sputnik eller Springsteen? – Vassendgutane

Biff eller pølse? – Kotelett Gass eller kol? – Gass Øl eller vin? – Øl Hesteskokasting eller kortspel? – Hesteskokasting Klappstol eller solseng? – Liknar litt på solseng Morgonstund eller natteliv? – Morgonstund Avis eller bok? – Avis Vestlandet eller Austlandet? – Austlandet har mest stabilt vær. Fjelltur eller fisketur? – Fjelltur med Oddlaug Radio eller tv? – Mest radio

CAMPINGSJEFEN: Arvid Kjøsnes oppfordrar alle campingvogneigarar til å la vogna gjennomgå ein teknisk sjekk før dei startar sesongen.

Bompengar eller ferjebillett? – Norsk Caravan Club (NCC) avd. Sogn og Fjordane har jobba med å redusere ferjeprisane for bubilar som er mellom 6 og 7 meter.

Sjekkliste Norsk Caravan Club ber alle sjekke desse punkta før køyring med campingvogn: Inne ■ Lause gjenstandar på plass eller sikra ■ Skåpdører lukka og sikra

■ TV på sikker plass ■ TV-antenna ned og låst i rett stilling ■ Takluker stengde ■ Vindauge lukka ■ Ta inn trappa ■ Lås døra

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

Ute ■ Kulehanske er i lås, sikringswire er festa. ■ Kontakt for straum tilkopla ■ Støttebein opp, plankar og liknande inn ■ Nasehjul heilt opp og sikra ■ Spillvatn fråkopla og på plass

■ 220V straumkabel på plass ■ Køyr fram og rett opp vogntoget ■ Sjekk at plassen er rydda før du reiser ■ Sjekk at alle lys verkar ■ Still inn speglar


TEMA FERIE PÅ HJUL 21 FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Kvalitetstilbod på kvalitetsbilar

Avensis Navitech frå kr 313 800,-.

Avensis Sol. Betal 8.900,- for NaviTech-pakke • Valfritt utstyr for kr 12 000,og få utstyr for

47 000,-

• Xenon HID hovedlys • Ny Full Map navigasjon • Alufelg sommardekk • Alufelg vinterdekk • Mørktona vindauge bakover Avgrensa tal

Auris Sol Blue Kampanjemodell med utstyr

27 000,-

for inkludert i prisen

• 16” Alufelg på sommarhjul • Setetrekk, mørk grått med blå saumar • CD-skiftar • Bluetooth • Alufelg på vinterhjul • Vinterhjul (205/55-16”)

Auris Sol Blue frå kr 243 800,-

Yaris Sol Sprint Kampanjemodell med utstyr For

16 000,-

inkludert i prisen

• 15” alufelgar på sommerdekk • 15” stålfelgar m/kapsel på vinterdekk • Dørterskeldekor i børsta aluminium med Yaris-logo • Sportsdekor på bakre støtfangar i farge svart/antrasitt • Sportsgirkule i sølv/krom design

Yaris Sol Sprint frå kr 204 700,-

Toyota Nordfjord

Steinavegen 10, 6802 Førde www.toyota-forde.no

Skarpeteigvegen 1Tlf. – 6854 57Kaupanger 72 2 10 1 00, Tlf. 57 67 66 66 – www.toyotasogn.no

6718 Deknepollen tlf 57852650 6783 Stryn tlf 57876000 www.toyotanordfjord.no

Auris Sol Blue frå kr 313 800,-. Forbruk blanda køyring: 0,69 l/mil. Utslepp CO2: 163 g/km. Yaris Sol Sprint frå kr 243 800,-. Forbruk Blanda køyring: 0,53 l/mil. Utslepp CO2: 125 g/km. Avensis Navite Forsikring frå Toyota Financial Services. Importør: Toyota Norge AS, Boks 665, 3003 Drammen. Med forbehold om trykkfeil.

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,


22 TEMA FERIE PÅ HJUL FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Syklar helst Rallarvegen

Slepp forbi

FERIE: Norske Bygdeopplevelser arrangerer sykkelturar over heile Norge, og i fjor lanserte selskapet ein ny tur som dei kalla Øyhopping på Fjordkysten. Konseptet er ein seks dagars sykkeltur, som inkluderer fire overnattingar og diverse båttransport. Turen går frå Bergen via Gulen, Solund, Værlandet/Bulandet, Fjaler og Hyllestad med retur til Bergen. - Vi selde ikkje så mange av desse turane. Det verkar som om dei aller fleste vil

sykle dei meste profilerte reisemåla; Rallarvegen eller Lofoten, fortel Britt Elton i Norske Bygdeopplevelser. Ho seier at tilbakemeldingane frå dei som kjøpte turen var veldig gode, og at dei satsar på å innarbeidekonseptet meir i marknaden etter kvart. - Men dette er ein tur som går heilt ute på kysten, og utlendingane vil ha fjordane, medan nordmenn gjerne er redde for styggevêr, trur Elton.

■ TRAFIKK: Statens Vegvesen vil i sommar køyre ei ny kampanje som heiter «Slepp forbi». Ved hjelp av humoristiske plakatar oppfordrar dei på seks ulike språk bubilar og andre turistar, om å sleppe forbi dei som ikkje har like god tid på vegen. - På denne måten vil vi redusere hastverk og uheldige situasjonar på ferievegane våre, seier Thorbjørn Thiem hos Statens Vegvesen.

- Eg vil va og ikkje f

■ Firda spør handle

deira forhold til ca

CAMPING: – Det regna dag og natt, og i Mosjøen greidde far min å kutte av seg fingeren, fortel Elin Haugen og brøler av latter. 42 år etter katastrofeturen til Bodø, kan ho sjå humoristisk på det 300 mil lange marerittet. Namn: Elin Haugen Bustad: Naustdal Yrke: Kosthaldskoordinator på sjukehuset og bonde

KATASTROFETUR: - Det regna samanhengande, faren min hogg av seg fingeren og vi måtte overnatte i veggrøfta. Slik oppsummerer Elin Haugen campingmarerittet i 1966, og brøler av latter.

– Det var sommaren 1966. Vi hadde nettopp kjøpt ein ny og kvit Volvo Amazon, og skulle til Nord-Norge på telttur. Før avreisa vart det investert i eit skikkeleg fint toromstelt, der soverommet gudskjelov

Namn: Gunnhild Systad (59) Bustad: Førde Yrke: Direktør og konservator ved Sunnfjord Museum – Eg har vore på ein skikkeleg campingtur i heile mitt liv. Den gjekk til Færøyane, Orknøyane og Skottland. Vi var to unge kjærastepar, som reiste med Mini Morris og stort telt på taket. Venninna mi, som hadde cøliaki, hadde med seg eit spann med spesialbrød. Det gløymde ho sjølvsagt på kvar einaste campingplass, så vi måtte snu og hente det. Bilen var så full etter handleturen i Newcastle på veg heim, at eg måtte sitje med ein lampeskjerm på hovudet. Dei 14 dagane er det eg kallar min campingtur, og er alle campingturar like kjekke som den, så burde eg ha gjort det kvart år. Eg har sjølvsagt overnatta ei og anna natt på ein campingplass, men det er ikkje det same som å vere der over tid, og få med seg alle kodane i campinglivet.

Namn: Jenny Følling (46) Bustad: Bygstad Yrke: Ordførar – Eg er veldig glad i å reise på bilferie, men føretrekkjer å bu på hytte eller hotell. Vi er ikkje campingturistar og telt er ikkje mi sak. Ferien eg hugsar best, er ein bilferie til Lofoten for mange år sidan. Den gjorde vi unna på ei knapp veke. Det var ein hektisk tur gjennom eit flott landskap, der vi opplevde mykje på kort tid. Vi var to dagar i Lofoten og hadde ei overnatting i Svolvær, der vi overnatta på ei veldig fin sjøbu. Medan vi var der, så besøkte vi Borg Vikingsenter, fiska og laga oss fiskesuppe. Vi prøvde også å bade på ei skikkeleg fin badestrand, men sjøen var så kald at det svei opp etter leggane. Ungane, som då var 5 og 9 år, kom seg så vidt ut i. På veg heim køyrde vi frå Bodø og heilt heim i eit strekk, og var framme klokka to om natta. Det er eigentleg typisk meg å gjere mest mogeleg på kortast mogeleg tid, og så reise heim for å gjere noko anna.

Namn: Eldrid Eilertsen (38) Bustad: Dale Yrke: Kontorsjef på Dale sko – Eg elskar campinglivet. Vi campar i finevêr, og då er det jo veldig bra. Det vert impulsturar der vi køyrer etter sola og slår opp teltet der det måtte passe. Vi har aldri vore spesielt heldige eller uheldige på turane våre, så vi er sikker heilt gjennomsnittlege campingturistar. Dei gode opplevingar er helst på storbyweekendar. Der får eg maks utbyte. Men kva det utbytet er, fortel eg ikkje i Firda.

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

Namn: Marita Veibust Biesmans (45) Bustad: Florø Yrke: Politioverbetjent – Eg har ikkje noko forhold til campinglivet i det heile teke. Sove, ete og tørke klede i same rommet passar meg dårleg. – Tenk å plassere tre skrikarungar i baksetet på ein bil? Never! Ferie er god temperatur og høve til å oppleve ting saman med familien. Med så mange regnvêrsdagar som vi har, så reiser vi gjerne sørover i ferien. Spania er ein favoritt. Kombinasjonen storby og strand er eg veldig glad i, og i år går turen til Barcelona.


TEMA FERIE PÅ HJUL 23 FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Stopp og sov ■ TRAFIKK: Undersøkingar viser at heile 44 % av norske bilførarar har opplevd å sovne bak rattet. Dei fleste vaknar før det er for seint, men andre hamnar over i motgåande køyrefelt eller utfor vegen. Heile 11 % av dødsulukkene i 2005 skuldast at føraren sovna bak rattet, melder Statens Vegvesen på sine nettsider. - Stopp og sov. 15 minuttar søvn kan gjere underverker, er rådet frå Vegvesenet.

På lager for omgåande levering:

akne innandørs flyte vekk

ekraftige damer om ampinglivet hadde vasstett golv. Vi skulle heilt opp til Bodø, og det var ikkje ein meter med asfalt på vegane. Ei slaghole til på dei grusvegane, så hadde vegen vore fin. Det som berga oss, var nok at det var lite trafikk. Dei einaste vi trefte, var nokre rare utlendingar som skulle til Nordkapp. Far min meinte at vi måtte utnytte dagane godt. Det betydde at vi køyrde heilt til det mørkna om kvelden. Først då byrja vi å sjå etter campingplassar. Slik var det kvar einaste kveld. 150 mil oppover og 150 mil nedover. Ei natt fekk vi ikkje komme inn på campingplassen ein gong. Det var fullt, og vi måtte overnatte i veggrøfta. Det regna kvar dag. Den einaste sjåverdige eg kan hugse, er globusen på Saltfjellet, som markerer at du kryssar Polarsirkelen. På vegen oppover var vi innom Mosjøen, og teltet skulle som vanleg setjast opp i mørket. Far min slo ned teltpluggane med ei lita øks, og det gjekk ikkje betre enn at han hogg av seg fingeren. Det var blod overalt, og vi ungane var livredde. Mor køyrde han ned på Mosjøen sjukehus, medan søstera mi (4) og eg (8) sat igjen med teltet i mørket. Kor lang tid det tok før dei kom

att, hugsar eg ikkje. Eg hugsar heller ikkje at nokon passa oss, men det må det ha vore. Vi fortsette turen nordover, pappa med ein stor bandasje på handa. Endestoppet var Bodø. Det styrtregna, og vi såg ikkje himmelen på dei tre dagane vi var der. Det var så mykje vatn at det flaut over kanten på det vasstette golvet i teltet. I nærleiken låg den militære flyplassen. Det eg hugsar frå dagane i Bodø er jetfly som letta og landa, medan vi flaut på luftmadrassane og det regna. Denne opplevinga har gjort at ungane mine er kraftig understimulert på campinglivet. Av og til lurer dei på kvifor vi ikkje dreg på campingtur, slik som alle andre, men det er eit ikkje-tema her i huset. Eg treng ikkje luksus, men eg vil ha ei seng og harde vegger rundt. Eg vil vakne innandørs og ikkje flyte vekk. Då eg vart 12 år nekta eg å vere med familien meir på ferie. Eg valde heller å arbeide i siloen hos onkelen min. Det var nok då eg fann ut at eg måtte velje bondeyrket, for då kunne eg vere heime på garden heile sommaren.

– Dethleffs bubilar

– Hobby Campingvogner og bubilar For meir informasjon om Hobby, sjå www.lara.no

Butikken for «gutta boyz» og «virksomme damer»

Ferien startar hos Mekk Tilbod onsdag, fredag, laurdag:

Straumaggregat

Kjøleboks 24 l 12V/230V. Kan brukast både i bil og vanleg straumnett. Plass til 1,5 l flasker.

for campingvogn, bubil, båt og hytte. Stort utval.

MEKKPRIS! FRÅ

699,-

Avbilda modell IG1000 kr 4490,-

ALL bilpleie

÷20%

CAMPING: Turen til Bodø i 1966 vart ei katastrofe

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

MEKKPRIS!

399,-

ALLE Magnat bilhøgtalarar

÷30%

Førde sentrum – Tlf. 57 82 66 20


24 TEMA FERIE PÅ HJUL FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Tek Legoland på veg til Syden ■ Fembarnsfamilie ferierer

ni veker i campingvogn

JØLSTER: – Andre må velje mellom Legoland eller Syden. Vi tek Legoland på veg til Syden, ler seier Kjersti Brakestad Boge. Som barn hata ho camping. No er soknepresten omvendt. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

I fjor budde familien på sju heile ni veker i campingvogna. – Sommarferien var vi i Middelhavet i Frankrike og i haustferien køyrde vi frå Høyanger til Paris med vogna, fortel Kjersti Brakestad Boge, som ikkje lenger kan tenkje seg ein ferie utan å ha campingvogna på slep.

Vil sjå og bli sett Både ho, mannen og ungane er sosiale og likar å treffe nye folk. – Campingliv handlar eigentleg om å sjå og bli

FAMILIEN BOGE Hans Jørgen Boge (43) Yrke: Systemansvarleg og lærar på Høyanger vgs. Hobby: Camping, skigåing (gjerne med pulk) Kjersti Brakestad Boge (34) Yrke: Sokneprest Hobby: Barn, strikking, held på å lære å spele gitar Bustad: Høyanger. Flyttar til Voss i juni. Born: Sondre (15), David (8), Johannes (3), Elisabet (3), Filip (1½) Campingvogn: LMC Favoritt 720 RDK

Men så fekk vi tvillingar, smiler paret. Dei valte då å bestille ei ny campingvogn som var meir tilpassa behova til ein storfamilie. Øvst på lista var krav om at alle skulle ha kvar sin sengeplass og kvar sin stol. Dei har lagt vekt på god komfort for både små og store med vassboren golvvarme, aircondition og gasskomfyr. – Denne vogna har alt, bortsett frå ein stor varmtvasstank, fortel Kjersti, om vogna som kosta 300 000 kroner, inkludert fortelt, i 2006.

Større enn sigøynarane sett. Kjem det ferskingar inn på campingplassen, så er vi snare med å snu stolen mot dei, ler Hans-Jørgen Boge. Familien kjøpte si første campingvogn i 2001 etter først å ha teke gradene frå telt til combicamp. – Vi starta med ei billig vogn, berre for å sjå om vi likte det. På den tida hadde vi berre to born.

Fembarnsmora fortel at for henne så var det utenkjeleg å kjøpe vogn utan aircondition. Erfaringsmessig kan det fort bli for varmt for småborn i ei vogn som ikkje har det. Vogna er 7,2 meter lang og har sju faste sengeplassar, men om det røyner, så er det plass til elleve. – Då vi var i Frankrike i fjor, så slo vi til og med sigøynarane når det gjaldt

ELSKAR CAMPINGLIVET: Hans-Jørgen, Sondre med vesle Filip, David og Kjersti med tvillingane Johannes og Elisabet ko

storleik, ler dei. Dei har vore i Frankrike fleire gonger, og skryt uhemma av landet. I fjor rakk dei både Frankrike, Tyskland og Danmark. Dei brukar heile ferien i campingvogna, og for Hans-

Jørgen sin del begynner planlegginga i januar. Han kjøper bøker og sjekkar ut kva som kan opplevast undervegs. – Han styrer på, girer opp ungane og kosar seg. Eg tek det meir som det

kjem, ler Kjersti. Dei fortel at dei brukar om lag ei veke til å pakke alt dei skal ha med på lange turar. Dei passar på å ha både nok mat, vatn, eingongstallerkar og anna som dei vil trenge før dei

VVurderer urderer dduu ffast ast ffortelt? ortelt?

Avdeling Førde - tlf: 57826250 / 99409781 Avdeling Bygstad - Tlf: 95817284

S je

ic a m p .n o k k w w w .f le x

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

Vii err hovudforhandlar

av bubilar og campingvogner frå Adria og Kabe. I tillegg kan vi tilby bubilar og vogner frå Bürstner, Knaus og Hymer. Ved vår aut. caravanverkstad får du hjelp med små og store problem


TEMA FERIE PÅ HJUL 25 FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

SOVEPLASS: Det er godt med soveplass i den over sju meter lange campingvogna. For Kjersti var dette eit krav. Som barn hata ho campinglivet, fordi ho måtte dele seng med to av brørne.

osar seg når dei kan reise saman på tur. Dette bilete er teke sommaren 2007 på Rauland.

kjem til målet. Camping er ei billig ferieform, og dei reknar med at det vil koste om lag 15 000 kroner for ein tre vekers tur til Frankrike og ei veke transport opp og ned. I år skal dei køyre via

Sverige til Danmark. Båtbillett Varberg-Grenaa er alt bestilt, og dagen etter skal dei til Legoland. – Det gler eg meg skikkeleg til. Då skal eg sjå på lego, tog og bilar. Men det var også kjempekjekt å

vere i Frankrike. Der bada vi masse, og så vart vi fulle av sand, fortel David (8).

Italia eller Frankrike – Etter Legoland er det vêret som avgjer om det vert Italia eller Frankrike.

Foto: Privat

Valutaen er lik over alt, så vi treng ikkje tenkje på det før vi reiser. Eg pleier å gå inn på nettet og sjekke vêrmeldingar undervegs. I fjor skulle vi eigentleg vere meir i Tyskland, men vêrmeldinga gjorde at vi heldt

oss i Frankrike, fortel Hans Jørgen. I motsetning til mange andre camparar, så er familien rastlause. – Vi flyttar gjerne litt rundt på campingplassen eller til nabocampingen, om vi skal vere der ei tid. Han køyrer, medan vi andre syklar, flirer Kjersti. Dei vel alltid campingplassar med høg standard, fordi dei har mest aktivitetar, som til dømes badebasseng, strand og leikeplassar. Hygienen er også betre på dei finaste. – Dersom vi skal vere lenger enn to dagar, så set eg opp forteltet. Det greier

Treng bilen din... service? Vi er med i verdas største og mest kunnskapsrike verkstadkjede. Hos oss får alle bilmerke profesjonell hjelp til hyggeleg pris. Spør oss neste gong.

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

JØLSTER BIL AS

Tlf. 57 72 68 90

Bosch Car Service ... all, good, fair price

eg å pakke ned att på to timar, fortel Hans Jørgen. Han vil helst gjere jobben åleine, og står gjerne opp i sjutida for å verte tidleg ferdig. Kjersti er B-menneske. – Det er herleg å liggje bak i vogna og kjenne på lukta av kaffi og ferske rundstykke eller baguetter, smiler ho og ser bort på Hans-Jørgen, som smiler attende. Camping er livet. Berre ein har nok plass og rett arbeidsdeling. anne.britt.sandoy@firda.n


26 TEMA FERIE PÅ HJUL FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Baksetetips ■ FERIE: Familien Boge satsar på faste rutinar når familien på sju skal på langtur. Dette er deira tips for å unngå krangel med fem små i baksetet: ■ Ein ny DVD eller nytt Nintendo DS spel til kvart barn, slik at dei vert aktiviserte. I bilen har dei ikkje mindre enn tre DVD-spelarar. ■ Pause med saftis minst kvar tredje time. Denne pausen må leggjast til ein stad med leikemogelegheiter, slik at borna får springe og herje. Fryseboksen i campingvogna er fylt opp med is, før turen startar. ■ Start tidleg, køyr eit par timar før frukostpause, deretter køyring til lunch. Dei køyrer også så lenge dei orkar utover kvelden. Det er mindre sol, trafikk og ungane søv i bilen. Framme på campingplassen blir dei borne i seng. ■ Nedover på motorvegen i Tyskland har dei eit par faste McDonalds restaurantar som dei stoppar på. Der er det store parkeringsplassar med plass til campingvogner og det er gode leiketilbod for borna.

IDYLL: Ungane er rolegare når vi er på camping enn heime, påstår Hans-Jørgen Boge og Kjersti Brakestad Boge. her står dei med to av dei fem borna sine, Sondre på åtte år og Filip på 1,5 år. Campingvogna og spikerteltet ser vi i bakgrunnen.

Campingreglar

KJØKKEN: Kjersti og Hans-Jørgen lagar nesten all maten sjølv når dei er på tur. Då er det godt å ha både gasskomfyr, kjøleskap og fryseboks. Dei har også kjøpt seg ein god gassgrill.

BYT

Når ein familie på sju skal på tur, er det viktig med nokre enkle køyrereglar som alle må følgje. Dette er reglane hos familien Boge: ■ VATN: Ingen får drikke vatn frå springen. Familien har unngått å bruke vatnet i campingvogna etter at dei ein gong vart sjuke av det. No drikk dei berre kjøpevatn. For å sleppe å fylle vatn undervegs til feriemålet, sparar dei alt dei kan på oppvask. Dette gjer dei ved å ha enkle middagar og bruke ein del eingongsbestikk. ■ HYGIENE: Det står

handsåpe ved døra, som er lett å trive med når sanitæranlegget på campingplassen skal brukast. Alle må vaske seg ofte på hendene. Klorinflaska står lett tilgjengeleg, og dei har med maur- og myggmiddel, for å unngå å få desse insekta inn i vogna. ■ MEDISIN: Dei har alltid med seg eit godt utval i medisinar, slik som bilsjuketablettar, smertestillande, plaster og sårrens. Ved å ha med dette, slepp dei å gjere seg forstått på utanlandske apotek. ■ TOALETTBRUK: Det er berre lov å tisse på toalet-

tet i campingvogna. Elles skal toalettet på campingplassen nyttast. ■ SJOKOLADE: Det er ikkje lov å ete sjokolade inne i campingvogna. ■ HOPPING: Det er ikkje lov å hoppe i sofaen. ■ SKJØNNHEITSSØVN: Ungane må ut i forteltet og leike når dei vaknar om morgonen, slik at mor får sove. ■ ARMBAND: Dei minste ungane må ha på seg armband med namn og telefonnummer til ei kvar tid. Det vert sett på når dei forlet Høyanger, og ikkje teke av før dei er heime att.

TEC Den tyske kvalitetsvogna, små og store vogner med mange nye, fine løysingar.

aggregat no! Inntil kr 6000,-* i innbyte for ditt gamle agregat ut mai!

CARAVELAIR Billegast og best i sin klasse? UTRULEGE PRISAR! I alle fall vanskeleg å slå! "Alle" snakkar om den, "alle" vil ha den!

Alle merke, uansett tilstand, kan takast i innbyte ved kjøp av originalt Honda straumaggregat i kampanjeperioden. Honda sine aggregat er svært stillegåande og passar ypperleg for m.a. campinglivet.

HARMONI Heilårsfortelt i glassfiber, med 2-lags isolerglasvindauge. Blir produsert etter kunden sitt ønskje. Byggesett eller ferdig oppsett.

Priseks.: EU10 rettl. kr 9 990,- innbyte kr 2 000,Du betalar

Honda EU 20i

Importør: BEREMA AS www.berema.no

Velkommen til oss for demonstrasjon av Honda straumaggregat

kr 7 990,-

*Innbyteprisen varierer med kva type Honda aggregat du kjøper.

SERVICEVERKSTAD

INNBYTE

SERVICE - VEDLIKEHALD - REPARASJONAR - SKADEREPARASJONAR Tlf. 975 91 159 – www.lemacaravan.com – 6940 Eikefjord FINANSIERING

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,


TEMA FERIE PÅ HJUL 27 FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

En En av av Norges Norges mest mest solgte! solgte!

3.0 – KUN KR KAMPANJE ion - Aircondit pinn s ti n - ASR a ntroll - cruise-co .430,Veil. Kr. 16 . nset antall NB! Begre

00,-

Se ekstra godt på denne bobilen – den er en av Norges mest solgte! Svært mange mener Challenger er det beste kjøpet du kan gjøre i prisklassen kr. 400.000 - 800.000. Smarte planløsninger, massevis av standardutstyr, et elegant design og spesialprodusert for Skandinavia! Velkommen inn i Club Challenger… www.arveopsahl.no

Øyrane 2, Førde Tlf. 4000 1881 – www.aoas.no

Vi har mange modeller på utstilling ved våre lokaler på Øyrane! Du finn oss «på baksida» av Valaker.

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,


28 TEMA FERIE PÅ HJUL FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

Min campingferie Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR Mitt forhold til campingvogn har fram til no vore irritasjon over dei som ikkje vil sleppe andre forbi seg på vegen. SJØLVE CAMPINGTILVÆRET har eg alltid sett på som ei heller kummerleg og klaustrofobisk ferieform, der heile familien i samanleggbare fluktstolar, meir eller mindre sit opp på kvarandre. Alle er likt kledde i harry grilldressar, og høyrer på harry musikk. Det einaste pusterommet dei har, er den daglege fellesdusjinga i det uhygieniske sanitæranlegget med myntinnkast og kaldt vatn. Eg vart difor storleg overraska då eg fekk vite at Norsk Caravan Club har over 600 medlemmar berre her i Sogn og Fjordane. Kvifor vel folk denne ferieforma frivillig? For å finne svaret, inviterte eg meg sjølv på besøk til ivrige camparar. EG MÅTTE INNRØMME det nesten før eg steig inn i første vogna: Eg hadde teke feil. Det er ingenting som er klaustrofobisk og kummerleg i dagens campingvogner. Med den standarden som er no, så er det reine luksushytta dei køyrer rundt med. Du kan få vassboren varme, aircondition, vedlikehaldsfrie fortelt, og meir skapplass enn du kan drøyme om i ei middels stor leilegheit.

Det einaste pusterommet dei har, er den daglege fellesdusjinga i det uhygieniske sanitæranlegget med myntinnkast og kaldt vatn. MED CAMPINGVOGN er det også mogeleg å reise på rimelege feriar rundt omkring i alle land. Du kan ta med syklar til heile familien og besøkje Legoland på veg til syden. Historiene til erfarne campingvognentusiastar handlar også om samhald, gode opplevingar og kvalitetstid både sommar og vinter. Det er visst berre fryd og gammen. At det tek tid å slå opp og ned forteltet og avgrensa tilgang på vatn, er knapt for bagatellar å rekne. EG HAR FAKTISK fått lyst til å prøve dette livet. Å reise rundt med huset på hjul må vere flott. Vite at det er akkurat så reint som du vil ha det til ei kvar tid, og at du har med deg det du treng av stort og smått. Samtalar med entusiastiske camparar har overbevist meg om at ingenting er meir sosialt og at dette kanskje er den beste måten å tilbringe feriar med born. På campingplassen vil dei alltid ha andre å leike med innanfor eit avgrensa og trygt område. EIT PROBLEM er det likevel. Skal eg på campingtur, så må eg konsentrere meg hardt, for å greie å køyre dette store monstret, som nesten er breiare enn vegane her på Vestlandet. Korleis skal eg då kunne passe på å sleppe andre forbi?

Inviterer på blåskjel og CAMPING: Det starta med besteforeldra sitt førti år gamle telt. No har ekteparet frå Florø to campingvogner, som begge vert brukt heile året. Ei står fast og ei køyrer dei på tur med.

■ John-Arne Nybakk: Å ha huset med s

ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Eg trur camping er noko som går i arv. Er du først van med det, så trivst du med det. Sjølv har eg drive med camping sidan eg var eitt år gammal, og meiner bestemt at eg kan hugse den første turen, ler John-Arne Nybakk, som er tredjegenerasjonscampar. Saman med kona Runa Hatlenes Nybakk og sonen Marius (10) er han på Jølstraholmen Camping, der vogn nummer to har stått fast i vinter. Dei har ikkje fått brukt den så mykje som planlagt, men dei har i det minste hatt eit svært vellukka lutefisklag der.

Har to vogner – Vi kjøpte første campingvogna i 2001. Før det lånte vi vogna til foreldra mine eller teltet etter besteforeldra. No har vi to campingvogner, fortel Nybakk. – Men det er berre fordi vi hadde problem med å få laus den som står i Lodalen. No går det greitt, så då kjem vi nok ikkje til å ha denne her så lenge, skyt Runa inn. – Sei ikkje det, flirer JohnArne. Vogna, som står fast på Sande Camping i Lodalen, blir mest brukt som hytte. – Sande må vere ein av dei finaste campingplassane her i landet. Der har vi også ein liten båt som vi bruker på vatnet, vi kjøper fiskekort og driv med garn. Det er berre 25 km å sykle inn under næraste breen. Om vinteren står vi på ski og om sommaren er heile dalen eit unikt turterreng. Det er verkeleg ein stad vi reiser til for å senke skuldrene. Vi feirar som regel både nyårsaftan, vinterferien og påska i Lodalen. For oss varer sommaren heile året. Å ha huset med seg på tur er ei ferieform som familien trivst godt med.

Komfortabelt – Telt er det vi kallar camping. Dette er på ein måte eit steg over. Campingvogn er veldig komfortabelt. Tenk deg

«Mannen vart heilt vill, og etterpå kom han bort kvar kveld med snaps» John-Arne Nybakk

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

SMALAHOVE: Greta og Audun Nybakk, foreldra til John-Arne, er på skjeltemiddag i forteltet.

å sitje nede i Frankrike klokka ti om kvelden med iskald sider og høyre på grashoppene og sirissane i graset. Eller å sitje oppe i Lodalen og maule nysteikt kjø rett frå steikjepanna. Kan du få det betre? John-Arne ser drøymande ut. Han har lagra mange gode

ferieminne, sidan den første turen som eittåring. – Rett nok er det ikkje så praktisk som heime. Vi må gjerne bere vatn om vinteren. Men det vert eit heilt anna familieliv. Meir sosialt. Du kjem rett og slett tettare på andre folk. På ein campingplass er alle like. Vi ser ikkje

skilnad på ein direktør og ein vaskehjelp, meiner han. Ekteparet er glade i å lage mat, og inviterer gjerne på kulinariske freistingar i vogna.

Bacalao – Vi har alltid med oss klippfisk på tur. Eit år låg vi på ein


TEMA FERIE PÅ HJUL 29 FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

g smalahove i campingvogna

seg på tur er ei ferieform vi trivast godt med

FERIELIV: Marius og Runa Hatlenes Nybakk i vakker kveldsol ved Køge sør for København. Foto: privat

FJERDEGENERASJON: 10 år gamle Marius er faktisk fjerde generasjonscampar i farens familie. Både han og foreldra meiner at det er meir sosialt og at dei får betre tid til kvarandre når dei er i campingvogna.

campingplass sør for København. Ein danske kom forbi då eg stod og skar opp fisken, for å leggje den i vatn. Han spurte kva eg gjorde, og eg prøvde å forklare. Det vart til at han gjekk og følgde med når eg vatna på fisken, og han fekk sjølvsagt smake den ferdige bacalaoen. Mannen vart

heilt vill, og etterpå kom han bort kvar kveld med snaps, flirer John-Arne. Dei tre siste åra har ferien gått til Normandie i Frankrike. – Vi skal ned der for fjerde gong til sommaren. Alt er berre utruleg flott der: klimaet, folket, maten og epleside-

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

ren. Vi har også med oss syklar. På sykkelturane får vi eit heilt anna bilete av kulturen og naturen, fortel Runa engasjert. Ho gifta seg inn i campinglivet, og har ikkje angra ein dag. anne.britt.sandoy@firda.no

HAR TO: Runa og John-Arne Nybakk har to campingvogner. Ei som står fast på Sande Camping i Lodalen og ei som har stått på Jølstraholmen i vinter.


30 TEMA FERIE PÅ HJUL FIRDA TYSDAG 29. APRIL 2008

PRODUSENT OG SELJAR: Ole Haugsbø (t.v.) og Cato Førde er godt nøgde med mottakinga FlexiCamp har fått hos campingfolket.

Fleire vil ha det vedlikehaldsfritt Førde/Gaular: Det nyinnkjøpte forteltet lak, og mannen truga med at om han ikkje no fekk eit som stod der fast, så vart det slutt på campinglivet. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Vi var maks uheldige, fortel Randi Melheim frå Måløy. Familien på fire hadde reist frå Måløy til Jølstraholmen, for å ta ned sommarteltet og sette opp eit splitter nytt vintertelt. Det pøsregna, og ganske snart viste det seg at det nye teltet lak.

– Som ei lita hytte – Mannen min, som i utgangspunktet ikkje er så begeistra for campinglivet, vart så sur, at han truga med at om vi ikkje no kjøpte eit permanent telt, så ville det verte slutt på all camping. Eg er glad for at vi valde å satse på ei fast løysing. No blir campingvogna meir som ei lita hytte, og det er

■ Bygstadfirma tilset to nye arbeidarar FLEXICAMP Tekniske fakta ■ Laga av lakkerte stålplater ■ Vedlikehaldsfri og brannsikker ■ 40 mm isolasjon i veggene ■ 50 mm isolasjon i taket ■ Golv og golvisolasjon vel kunden sjølv. ■ Glaset er av typen isolerglas, enkle eller doble. Glasa har aluminiumsprofilar, slik at dei er vedlikehaldsfrie. ■ FlexiCamp kan leverast i ulike storleikar og prisklassar. Prisane ligg på frå om lag 50 000 kroner for 11 kvadratmeter til rundt 90 000 kroner for 25 kvadratmeter. ■ Ein bakvegg, gjer det mogeleg å ta med vogna, og late FlexiCamp stå att.

enklare å bruke den heile året, meiner Randi Melheim om tilbygget på

00APL - A-Pressen Lokale Medier, ,

FLEXICAMP: Denne permanente fortelt-løysinga redda campinglframtida for Randi Melheim og familien, som har campingvogna ståande på Jølstraholmen. Det er laga av lakkerte stålplater og isolerglas og er nærast vedlikehaldsfrtt.

rundt 15 kvadrat. Dette er ei av mange historier, som gjer at Bygstadfirmaet Caravan Vest no kan doble arbeidsstokken, for å greie å produsere nok fortelt av typen FlexiCamp. Det er laga av lakkerte stålplater, som gjer det tilnærma vedlikehaldsfritt. Konstruksjonen er opphavleg svensk, men

Ole Haugsbø har kjøpt alle rettar og alt produksjonsutstyr og vidareutvikla produktet.

Fleire tilsette 2007 var første året dei marknadsførte FlexiCamp skikkeleg, og dei selde 25 einingar. Kjøparane kom frå Bodø i nord til Kristiansand i sør. Frå å vere to mann i tillegg til to deltidstilset-

FLEXICAMP: Denne permanente fortelt-løysinga redda campinglframtida for Randi Melheim og familien, som har campingvogna ståande på Jølstraholmen. Det er laga av lakkerte stålplater og isolerglas og er nærast vedlikehaldsfrtt.

te, har Cato Førde, som er seljar på Caravan Vest i Førde og Ole Haugsbø, som er teknisk sjef i Bygstad, no tilsett to nye medarbeidarar på heiltid. Dette for å ta unna auka etterspurnad etter det stilreine forteltet. – Vi har bevisst valt å ikkje ha noko stort forhandlarnett, men forhandlar alt sjølv. På den måten veit vi at vi er i

stand til å levere alle bestillingar til ei kvar tid, seier Cato Førde. Her i distriktet vert telta leverte ferdig oppsette. Ole Haugsbø fortel at to mann brukar ein dag på dei minste og gjerne to dagar på dei største telta, Det spørst litt på kor godt tilrettelagt området er før dei kjem. anne.britt.sandoy@firda.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.