29januar_08_skogbruk

Page 1

13 FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

TEMA Skogbruk

MODERNE HOGST AV GAMMAL SKOG Nybygd skogsveg og bruk av taubane effektiviserer hogsten av den om lag 1800 kubikkmeter store granskogen, som vart planta i 1935 på Holmelid i Fjaler. Skogeigar og bonde Ola Kleppe og kona Else er imponerte over den raske framdrifta i arbeidet. Det går så raskt at tømmerbilen nærast må køyre i skytteltrafikk. Side 20–21

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


14 TEMA SKOGBRUK FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

Motorsaga kutta frå øyreflipp til adamseple ARR: – Dei har lappa det godt. Det har grodd fint, konstaterer Joar Espedal og viser fram arret etter motorsagulukka som nesten kosta han livet.

FJALER: – Bruk verneutstyr. Det gjorde ikkje eg. Det er eit under at eg lever, seier Joar Espedal som så vidt berga livet under arbeid i skogen. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Eit kvitt arr som går frå øyreflippen til adamseplet vitnar om kor nær han var den store katastrofen. – Eg var ung og sprek. Det kunne gått riv ruskande gale, seier pensjonisten alvorleg. Ulukka, som nesten kosta Espedal livet, skjedde på slutten av 70-talet. Det var laurdag, og han

■ I dag firer Joar aldri på krava til verneutstyr var saman med sonen i skogen for å felle tre.

Foten glapp – Eg hadde ei gammal motorsag med langt sverd. Det er det mest vanvittige du kan gå i skogen med. Sverdet var sikkert 17 tommar, og hadde ikkje kjedebrems. Det heldt på å ta knekken på meg. Terrenget var ulendt og dekt med snø. Under flytting trakka han skeivt, og fekk høgre foten ned i ei hole. – Eg skulle ta brytejernet, og stod og held i saga då foten glapp. I rein refleks kasta eg armen i vêret. Det førte til at saga trefte ansiktet mitt.

Den røynde skogarbeidaren sit stille, tenkjer attende. – Ho tok meg her ifrå og skar tvers over, viser han og fører fingeren langs det 13 centimeter lange arret, som går frå øyreflippen og ned til adamseplet.

låg og pumpa på utsida av såret. Eg hadde nok englevakt, konstaterer han stille. Denne hendinga overbeviste han om at det er livsfarleg å bruke motorsag utan å ha verneutstyr. Ein har ingen garanti for at det kan gå bra.

Trefte nesten pulsåra

Firer ikkje på krava

Joar Espedal greidde å gå heim sjølv. Rundt halsen hadde han tulla ei skita jakke, for å prøve å stanse blødinga frå det djupe kuttet. Tre kvarter tok turen. Uveta gjorde han først på sjukehuset fleire timar seinare. – På sjukehuset oppdaga dei at pulsåra i halsen

– Utstyret var ikkje i orden. Det var fokusert på verneutstyr på den tida også, bevare meg vel. Eg har inga unnskyldning, men når ein er ung og sprek, så trur ein at ein meistrar alt. Sjølv om han er vorten pensjonist, jobbar han mykje i skogen. Men i dag

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

firer han ikkje på vernekrava, verken for seg sjølv eller andre som han har i arbeid. Ein enkeltmannspakke med førstehjelpsutstyr får alltid plass i lomma. – Verneutstyr er alfa og omega. Men sjølv om du har både kurs og perfekt utstyr, så må du kunne sikringsreglane. Dei må øvast på og drillast inn. Han minner om at utstyret må haldast ved like og fornyast. Det er skilnad på kva type motorsag vernebuksene er laga for, og hjelmen bør skiftast etter fem år. – Ein hjelm betyr alt for å komme frå det med livet. Eg har fått så mange

tre i skolten at det kan eg skrive under på, seier Espedal og flirer litt.

Gå på kurs Joar Espedal er oppteken av at skogeigarane må verte flinkare til å samarbeide og å hogge kvarandre sine felt. – Det er både sikrare og meir sosialt. Ofte er det heilt på grensa til å vere forsvarleg å drive med hogst åleine. Ting skjer så fort. I dag har dei fleste mobil med seg og kan ringe etter hjelp. Men det krev både at ein får tak i mobilen når ulukka har skjedd og at det er dekning. Han synest det vitnar


TEMA SKOGBRUK 15 FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

Velkommen til Sande og ein hyggeleg skogsprat! Fliskuttarar for traktordrift 4’’ til 9’’, kan også leverast med bensin- el. dieselmotor, frå kr

29950,+ mva

Tømmerklo med Trima/SMS feste kun kr

9900,+ mva

Kantryddar – Be om tilbod! Tar trevirke opp til 10 cm

Kantklippar – Be om tilbod!

6973 SANDE I SUNNFJORD Tlf. 57 71 64 40 – Mobil 990 98 850

www.aase-landbruk.as

Et pluss for en sterk familie

Vi har fått et nytt familiemedlem. Zetor Proxima Plus er født med Zetor-familiens gode gener for økonomi, styrke og driftssikkerhet. Og den har mange fordeler:

+ 16 + 16 gir med

2-trinns Powershift og vendegear

JOAR ESPEDAL

SJØLVBYGD: – Eg er bonde av yrke, men lever for skogen, seier Joar Espedal. Han har sjølv bygd huset i Espedalen, der han bur saman med kona. Han har brukt furu. Trea ringborka han to år før dei vart hogde, slik at harpiksen skulle trekkje ut og impregnere veden. Legg merke til dei spesielle søylene.

om kortsiktig tankegang, når enkelte maskinfirma reklamerer med at kvar og ein kan kjøpe si eiga motorsag og hogge sin eigen ved.

– Det er heilt på kanten. Det burde ikkje vore sleppt ein mann ut i skogen utan kurs, seier Espedal.

■ Alder: 70 år ■ Bustad: Espedal i Flekke, Fjaler ■ Sivilstand: Gift med Målfrid, fire barn, seks barneborn. ■ Yrke: Pensjonist og bonde. Driv med kjøtproduksjon og sau, men lever for skogen. Han har totalt 2700 dekar med skog, 1000 dekar er drivverdig. ■ Verv: Leiar i Fjaler skogeigarlag. ■ Aktuell: Set søkjelys på bruk av verneutstyr under arbeid i skogen ved å fortelje om eigne dyrkjøpte erfaringar.

anne.britt.sandoy@enivest.net

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

+ PTO med 540/1000

Hydraulisk PTO clutch

+ Større total og akselbelastninger Foraksel med 500 kg større godkjent max belastning

+ Hydraulikk: 3 dobbeltvirkende ventiler

+ Bremseventil + Motor max effekt: 90 (8541) 96 (9541) 107 (10541)

Veiledende pris

fra 289.900,-

u/Moms, ferdig levert til din forhandler.

Sunn fornuft for hver en krone Kontakt oss og få flere opplysninger om den nye Zetor Proxima Plus. Importør: H. C. Petersen Norge AS, Drammen


16 TEMA SKOGBRUK FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

BRUK VERNEUTSTYR: Verneutstyr er nesten viktigare å ha med i skogen enn motorsaga, meiner frå venstre seljar Birger Erdal, Dagleg leiar Jan Elling Gloppholm og butikkansvarleg Dagfinn Grimsbø hos A-K maskiner i Førde, som har sett opp ei rangering over kva det er viktigast å ha med når ein driv hogst.

Ein skog av utstyr på marknaden UTSTYR: Verneutstyr og motorsag er det viktigaste. Men kva anna er det lurt å ha med seg i hogsten? ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Firda har utfordra tilsette ved A-K Maskiner i Førde til å rangere utstyret i tre kategoriar etter kva som er størst behov for og kva som gjer jobben enklare. Jan Elling Gloppholm, Birger Erdal og Dagfinn

■ Her får du hjelp til å finne fram i jungelen Grimsbø er sjølv aktive skogbrukarar, og hadde ulike meiningar om kva som var mest viktig, sett ut frå sin eigen kvardag. Men etter inngåande diskusjonar, har dei valt å rangere utstyret slik:

Kva treng vi: ■ Verneutstyr. Bukse, hjelm, støvlar er påbode for sjølvstendig næringsdrivande og arbeidstakarar. Men dette bør alle

bruke. Ei motorsag kuttar ikkje, ho riv opp både skinn og kjøt. Dei som har vore ute for ei ulukke med motorsag, brukar den aldri meir utan verneutstyr. I tillegg til det verneutstyret som er påbode, bør ein også spandere på seg ei vernejakke. Det er godt nok å bruke vanlege hanskar, i staden for vernehanskar, så lenge det er kjedebrems på motorsaga. ■ Motorsag med kjede-

brems. Gamle sager utan kjedebrems og med lange sverd bør kastast. Dersom saga skal brukast heile dagar, bør den vere såpass sterk at den toler det. Billege sager kan lett gå seg varme. ■ Filsett ■ Kjedeolje ■ Bensin ■ Brytejarn ■ Traktor og vinsj kjem i også i denne kategorien «treng» om det er mange

tre som skal fellast. Vinsjen bør ha kraftoverføringsaksling, wire, snarekjetting og glidar.

Kva bør vi ha: ■ Førstehjelpsutstyr. Ein enkeltmannspakke får plass i lomma. ■ Mobiltelefon eller sikringsradio.

Kva er kjekt å ha: ■ Ein kompis. Det er både trygt og sosialt.

■ Radiostyring på vinsjen, slik at ein kan fjernbetene den. Det er både sikrare og arbeidssparande. ■ Tømmersaks. ■ Jarnhest. Denne vogna er mest brukt på jakt, men kan gjere nytte i skogbruket også. ■ ATV firhjuling. Eit greitt framkomstmiddel som ein også kan få med vinsj. anne.britt.sandoy@enivest.net

UTLEIGE

KØYR DET BESTE SOM FINST!

OUTLANDER™650 ÅRETS ATV I USA TT105GE m/el. tipp

• Minihjullastar • Minigravar • Personbiltilhengar med tipp • Stor biltralle • Høgtrykkspylar + diverse

ARBEID, FRITID ELLER REKREASJON? VEL EIN CAN-AM. GODKJEND FOR VEG. Øyrane 1, 6800 Førde - 57 72 09 70 forde@nor-marine.net Osv. 10, 6770 Nordfjordeid - 57 87 09 10 motorsport@nor-marine.net ©2006 Bombardier Recreational Products Inc. (BRP). ®™ and the BRP logo are trademarks of BRP or its affiliates.

brp.com

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

TEFRE LIFT OG MASKINUTLEIGE

Abrahamhjellen 12, 6800 Førde - tlf. 918 19 600, fax 57 82 42 61 reidar.tefre@enivest.net


TEMA SKOGBRUK 17 FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

Spår åttedobling av avverking på gran ■ SKOGSDRIFT: Tømmer for sal i Sogn og Fjordane ligg på om lag 50 000 kubikkmeter i året. Med tømmer som blir opparbeidd til ved, er talet opp imot det doble. Tilveksten i skogane i fylket, er kring 600 000 kubikkmeter, inkludert all furu- og lauvskog og yngre gran som ikkje kan avverkast før om mange år. – Grunnane til låg avverking er mange. Men på gran avverkar vi fullt ut den som er hogstmogen. Avverkingskvantumet i gran vil om få år kunne auke sterkt. Vi ser det som realistisk å komme opp i ei salsavverking på 400 000 kubikkmeter pr. år i løpet av 20 år, under føresetnad av at rammevilkår og marknad er tilfredsstillande, opplyser Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA. Grana vil vere hovudtreslaget, og Skogeigarlaget forklarar underavverkinga på furu og lauv med svakare økonomi på grunn av høgare driftskostnader og krav om ny og dyr vegbygging for å løyse ut skog-ressursane.

Må bygge fleire skogsvegar ■ SKOGBRUK: Skogeigarlaget meiner det er bra med løyvingar til skogsvegar i år, men at det er trong for å få fram fleire gode vegprosjekt og vegplanar framover. – Dersom all skogen som vert hogstmogen framover skal haustast, vil det verte auka trong for løyvingar, meldar Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA.

KLASSISK TABBE: Øyvind Klakegg fortel at dei fleste motorsagene han får inn til reparasjon på verkstaden til FK butikken i Førde, skuldast at bensinen er fylt på feil tank.

Ops! Feil bensin… FØRDE: Dei klassiske tabbane ved bruk av motorsag er framleis like aktuelle. No som før er den mest vanlege feilen å fylle olje på bensintanken. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Fleire og fleire høgg sin eigen ved. Ansvarleg for skogsutstyr, Øyvind Klakegg, på Felleskjøpet Agri FK-butikken i Førde, meldar om at talet på hobby-

■ Slik kan du unngå havari på motorsaga brukarar som kjøper motorsag har eksplodert. Men ikkje alle steller motorsaga rett. Jamleg får han inn sager med klassiske brukarfeil til reparasjon. – Den mest vanlege feilen er at folk fyller sagkjedeolje på bensintanken og omvendt. Om det ikkje vert oppdaga med ein gong, og brukaren startar saga, så vil ein dra oljen inn i forgassaren. Det

MARKEDSLEIAR I NORDEN!

fører i verste fall til at forgassaren må bytast, noko som gir ein kostnad på mellom 500 og 1000 kroner, fortel Klakegg. Ein annan klassisk feil er å ta feil bensinkanne, slik at ein fyller rein bensin i staden for oljeblanda på tanken. Då er det ikkje alltid lønsamt å reparere i det heile. – Fyll heller ikkje gammal bensin på tanken, rådar Klakegg.

Det kan gå bra om ein brukar ferdigblanda miljøbensin, men ikkje dersom den er sjølvblanda. – Bensin er ferskvare. Ei motorsag med gammal bensin er vanskeleg å få start på. Har du berre ein liten skvett ståande, så kan det hjelpe å blande det ut med fersk bensin og olje. Klakegg ber folk passe på å stramme kjeda på motorsaga.

– Køyrer ein med kjeda til det vert så slakt at det sporar av, så kan det øydeleggje både kjede og sverdet. Siste tips frå mekanikaren er å file kjede godt. Det bør helst gjerast kvar gong ein brukar saga. Og sidan ein god ting tydelegvis ikkje kan seiast for ofte: Fyll bensin og olje på rett tank. anne.britt.sandoy@enivest.net

Utstyr for beste resultat.

Polaris gjer jobben din enklare!

HUSK

VERNEUTSTYR

Husqvarna 350 En allsidig, allroundsag med Air Injection, Smart Start og LowVib. 350 har også sidemontert kjedestrammer og bensinpumpe for enklere start. 3,1 hk – 13-18".

3.995,-

RING FOR TILBOD:

LARS KVEEN AS

6783 STRYN • tlf. 57 87 20 00 30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Veil. kampanjepris inkl. MVA (Veil. pris 5.790,-)

Tlf. 57 82 90 90 Øyrane 5, 6800 Førde

Vi har egne serviceverksted. www.husqvarna.no


18 TEMA SKOGBRUK FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

FEM OM MOTORSAG

Har DU dreisen på motorsaga? Per Kjelstad (65) Bustad: Sande Yrke: Avløysar og pensjonist Eg har eit godt forhold til motorsaga og trivast godt saman med den. Det har vorte ein del sager, sidan eg kjøpte den første i 1962. Motorsaga var ein revolusjon. Før den kom, brukte eg øks og tigersvans (einmannssag) når eg var ute i skogen. Vi låg på kne og saga ned trea. Fellehogget tok vi med øks. Det var imponerande å sjå når nokon gjekk laus på ei furu, som var ein meter i diameter. Eg er flink til å bruke verneutstyr, og har berre skadd meg ein gong i skogen. Det er 40 år sidan. Då saga fekk eit tilbakekast, heldt eg opp armen for å skjerme ansiktet. Den vart litt opprissa, og eg måtte sy 33 sting. Henny Vågane (46) Bustad: Holmedal Yrke: Dagleg leiar i 123 Teknikk og leiar i Askvoll skogeigarlag. Eg har motorsagkurs, og kan sage, men har ikkje vore i felten og jobba. Skogsarbeid er ikkje for «pinglar». Det er tungt fysisk arbeid og trening så god som anna. Du må ha både hovud og resten med, og helst skal det virke saman. Grunnen til at eg tok kurs, er at eg er leiar i skogsentreprenørfirmaet 123 Teknikk. Vi har to maskiner. Ei som for tida ryddar og knuser kratt langs vegen i Stongfjorden og ei tradisjonell hogstmaskin på Byrkjelo.

Donald-metoden Eg hadde lenge stor tru på å felle tre etter Donald Duckmetoden. Heilt fram til eg måtte ta eit iskaldt elvebad, med eit digert tre over meg. ARILD NYBØ tekst ARNSTEIN MYGLAND teikning

Eg fekk løyve av både kommunen og grannelaget til å felle ei skeivvakse osp på offentleg grunn like ved hagen vår. Treet var ikkje fint å sjå til, der det hang utover elva Anga og sperra for utsikta. No skal det med ein gong seiast at eg ikkje har opplæring i trefelling med motorsag. Dette er heller ikkje ei evne som ligg naturleg i genane mine. Og når sant skal seiast er vel også det teoretiske grunnlaget forholdsvis tynt. Men eg var brukbart utstyrt med verneutstyr, og motorsaga var nyslipt. PLANEN VAR Å KUTTE eit stort trekanta hakk i stammen på den sida som vende vekk frå elva, og deretter kutte skrått nedover frå andre sida til treet fall av seg sjølv. Slik har eg sett at Donald Duck har gjort det med stort hell. Men den store utfordringa var at treet lente seg tungt ut over elva. Det pleier ikkje trea til Donald å gjere. Utrekning av masse, tyngdekraft, hellingsgrad, og kor mykje muskelkraft som skal til for å vippe treet andre vegen, tok eg meg aldri tid til å rekne ut. Då hadde eg ikkje vore ferdig enno.

Det enklaste var derfor å tilkalle to gode naboar for at dei skulle dra treet i motsett retning. Min enkle teori gjekk ut på at dersom tauet vart festa godt over midten, så var det langt nok over tyngdepunktet til at to sterke naboar kunne vippe det andre vegen. Naboane kom, og stilte seg opp utanfor faresona og drog i tauet, medan eg skulle briljere med Donaldmetoden. – Tømmer, gaula eg for å varsle dei som stod på land, då saga nesten hadde komme gjennom stammen. Men det var heller bekke-auren eg burde ha varsla. Den ti meter høge ospa var for topptung, og endå kor sterke eg såg føre meg at nabokarane er, så kunne dei ikkje gjere anna enn å sleppe, medan eg pilte vekk. Treet deiste ut i elva så vasspruten stod. Ein del av treet hang framleis fast i stammen, og det la seg halvveges over mot andre sida av elva. Ei av greinene låg kilt mellom to steinar, og gjorde at treet låg i ro vinkelrett ut frå elvebreidda, trass i enormt press frå vatnet. EG SÅG MED SKREKK føre meg at treet kor tid som helst kunne bli ført nedover mot Jølstra og ta med seg eit par flugefiskarar på si ferd mot Førdefjorden. Deretter såg eg tydeleg føre meg at teknisk sjef Øberg, lensmann Fonn og betjent Tvinde kom gåande langs elvebreidda for å saumfare talet på årringar på kvar einaste stubbe oppover Angedalen. I slike tilfelle dreg Donald til Langtvekkistan. Så enkelt var det ikkje for meg, sjølv om Botnen, inst i dalen, kunne ha vore eit alternativ. Eg frykta at det var

sakførar og ikkje sagførar eg ville få mest bruk for i framtida. Derfor såg eg ikkje anna råd enn å dra på meg vadebukse og hoppe ut i elva med motorsaga høgt heva. Treet var sikra nedst med tau slik at vasskrafta skulle føre det inn til elvebreidda så snart det var skore fri. Eg kappa delvis over og delvis under vatn, utan at treet rikka seg. Einaste utvegen eg såg var å gå på nedsida av treet og kutte i nokre greiner der. – Idioti, ville mange sagt. Og det ville dei sjølvsagt hatt heilt rett i. DÅ EG SÅ VIDT HADDE SAGA i greina på nedsida, kom treet sigande mot meg, raskare enn eg greidde å komme meg unna. Ospa rulla på føtene mine, opp til låret, og pressa meg ned. Eg greidde så vidt greidde å halde imot med låra. I vatn frå halsen og ned fekk eg, forholdsvis beherska, sagt frå til karane på elvebreidda at eg trengde hjelp – brennkvikt. For medan Donald kan reise seg – flat, men frisk og rask – etter å ha blitt nedvalsa av eit par tonn, så rekna eg det ikkje som sannsynleg at eg ville greie det same. I alle fall ikkje under vatn. Eine naboen hoppa fullt påkledd i elva, og fekk halde treet såpass at eg fekk laus beina og kunne hoppe over treet då elva tok tak i toppen og førte det i ein stor sving inn til elvebreidda. Kva er så lærdommen av dette? I framtida bør eg anten overlate slik felling til proffane, eller eg kan ta eit sikkerheitskurs. Og så bør eg for alltid hugse at den hissige anda ikkje blir kalla heldige Anton – men uheldige Donald.

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Petter Sortland (46) Bustad: Høyanger Yrke: Næringssjef i Høyanger næringsutvikling Nei, eg har ikkje dreis på motorsaga. Eg har knapt nok fyrt opp ei slik. For min den er den verken naudsynt eller interessant. Eg ser sjarmen med å vere i skogen, men ikkje med slikt utstyr. Eg tek heller med ein lett sekk og kvikk lunch. Veden får eg ferdig oppkappa frå ein fast leverandør. Aslaug Nesje Bjørlo (57) Bustad: Sandane Yrke: Direktør på Nordfjord Folkemuseum Eg har aldri prøvd ei motorsag og kjem heller aldri til å prøve ei. Eg har alt for stor respekt for den, og tenkjer at dette er noko ein må ha greie på for å bruke. Dersom eg skal sage noko sjølv, så er det med ei vanleg sag som går fram og attende. Eg kan også bruke ei lita kappsag med instruksjon. Vi kjøper all veden vi treng, og den motorsaga vi har, har ingen brukt på fleire år. Per Arne Tveit (47) Bustad: Holmedal Yrke: Kultur- og næringssjef Eg er glad i motorsaga og er ein aktiv brukar av den. Sonen min meiner at eg er ei stor kløne, men sjølv synest eg at eg er rimeleg flink. Det har vore ein del uhell, men dei har gått ut over saga og ikkje meg sjølv. Det hender at eg sagar litt stein eller kiler den fast, men då kjøper eg berre nye blad. Med ei motorsag føler du deg handlingsdyktig på ein heilt anna måte. Det vert produsert nokre mål med ved i løpet av ein vinter.


TEMA SKOGBRUK 19

Inform Media - www.inform.as

FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

Enivest ADSL Enkel 800/200 Ord. 278,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Enkel Pluss 1500/350 Ord. 298,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Standard 3000/450 Ord. 348,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Ekstra 4500/550 Ord. 439,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Ekstrem 6000/650 Ord. 498,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL 2+ 20.000/1000 Ord. 598,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Enkel 800/200 Ord. 278,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Enkel Pluss 1500/350 Ord. 298,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Standard 3000/450 Ord. 348,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Ekstra 4500/550 Ord. 439,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Ekstrem 6000/650 Ord. 498,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL 2+ 20.000/1000 Ord. 598,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Enkel 800/200 Ord. 278,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Enkel Pluss 1500/350 Ord. 298,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Standard 3000/450 Ord. 348,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Ekstra 4500/550 Ord. 439,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Ekstrem 6000/650 Ord. 498,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL 2+ 20.000/1000 Ord. 598,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Standard 3000/450 Ord. 348,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Ekstra 4500/550 Ord. 439,- Pr. mnd. 99,-

Bestill heile døgnet på www.enivest.no eller ring oss på tlf. 57 00 91 00 (man.-fre. 08-16) Betal 99,- pr. mnd. fram til 01.04.2008. Gjeld nye ADSL kundar.

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Enivest ADSL Enkel Pluss 1500/350 Ord. 298,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL Ekstrem 6000/650 Ord. 498,- Pr. mnd. 99,-

Enivest ADSL 2+ 20.000/1000 Ord. 598,- Pr. mnd. 99,-


20 TEMA SKOGBRUK FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

KJAPT GJORT: Kvisteaggregatet brukar ikkje mange sekund på å kviste og kappe ein stokk.

SKYTTELTRAFIKK: Frode Haugsbø, som køyrer tømmerbilen til Kårstad Transport, hentar mange laster for dagen i Holmelid. Skurtømmeret går til Sunnfjord Sag i Bygstad og massevirket vert køyrt til Vadheim, der det går vidare med båt til Skogn.

GODT NØGDE: Ola Kleppe og kona Else er imponerte over den raske framdrifta i hogsten av granskogen, som vart planta i 1935.

EFFEKTIVT: Med tre mann i arbeid, vert det fort mykje tømmer. Ein mann står oppe i skogen og fell ned trea, den

«Løpekatt» i bratte bakkar FJALER: Motorsag, «løpekatt» og kvisteaggregat. Store stablar med tømmer som berre veks og veks. Dette skulle dei ha opplevd, dei gamle skogsarbeidarane som berre hadde øks. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Tre mann er i full sving. Ein mann står oppe i skogen og fell ned trea, den neste stroppar og sender «løpekatten» (det norske

■ Taubanedrift forenklar hogsten i bratt terreng namnet på ein «Laufwagen») ned til kvisteaggregatet, der tredjemann tek av hiva, kvistar og kappar stokkane.

Sensorar les produksjonen «Løpekatten» veg om lag 1200 kilo, og kan vinsje og køyre med tre tonn kraft. På kvart hiv sender dei om lag ein m3. Kvisteaggregatet har sensorar som måler lengde og diameter på stokken, slik at dei kan lese av produksjonen kvar dag. Bonden Ola Kleppe har over-

late hogsten av om lag 1800 kubikkmeter granskog på Holmelid i Fjaler til T. Frivik taubanedrift AS. – Dei er veldig flinke folk, som jobbar raskt og effektivt, skryt Kleppe, medan han peikar og forklarar korleis arbeidet går føre seg. Med god hjelp frå Arnt Laukeland, som først tok kontakt om hogst av skogen, landbrukskontoret i Fjaler, som hjelpte til med å søkje om støtte til bygging av skogsveg, og Oddbjørn

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Sellevoll i Skogeigarlaget, som ordna med kontraktar, kan han no sjå at skogen, som vart planta i 1935, verte gjort om til tømmerstokkar. 70 prosent er skurtømmer, resten vil gå til papirproduksjon.

65 pst. entreprenørdrifta Tømmerbilen til Kårstad Transport køyrer nærast i skytteltrafikk, for å ta unna produksjonen. Skurtømmeret vert køyrt til Sunnfjord Sag i Bygstad og massevirket til Vadheim, der det går

vidare med båt til Norske Skog i Skogn. Ein bonde med motorsag og traktor tek i snitt ut mellom 40 og 50 m3 kvar vinter. Det er ikkje meir enn ein dags arbeid her. – Om ein skal rekne timebetaling på å gjere jobben sjølv, så svarar det seg ofte å leige inn entreprenørar med hogstmaskin eller taubane, meiner Oddbjørn Sellevoll. I dag er 65 prosent av skogen i Sogn og Fjordane entreprenørdrifta. anne.britt.sandoy@enivest.net


TEMA SKOGBRUK 21 FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

Kurs i skogbruk ■ SKOGBRUK: Skogbrukets kursinstitutt er skogbruket sin etterutdanningsinstitusjon og arbeider med utvikling av landsdekkjande opplæringstilbod til ulike målgrupper. Dei tilbyr mange ulike kurs innanfor skogbruket i alle fylker. Sjekk nettsida http://www.skogkurs.no.

Betre lønsemd i skogbruket ■ SKOGBRUK: Lønsemda i skogbruket har betra seg monaleg gjennom 2007 med sterk prisoppgang på sagtømmer. – I år får massevirket eit løft, slik at vi får ytterlegare betra økonomi. Dette treng skogbruket etter mange år med stagnerande prisar, melder Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA. Det er i hovudsak lønnsamt for skogeigaren å avverke no, anten dei gjer det sjølv eller leiger hjelp, men nettoinntekta varierer mykje med skogkvalitet, treslag, terreng og driftsavstandar. Gjennomsnittleg bruttopris i 2008 vert stipulert til 340 kroner pr. kubikkmeter for alt tømmer. Men prisane kan variere frå 200 kroner for det dårlegaste, til over 1000 kroner kubikkmeteren for det finaste spesialvirket av furu. Ved leigd hjelp kan nettoinntekta til skogeigaren variere frå godt under 100 kroner pr. kubikkmeter til ca. 200 kroner pr. kubikkmeter. – Storleiken på sluttavverkingsbestand med skogsentreprenør kan variere frå kring 100 til fleire 1000 kubikkmeter. Ofte ligg dei større driftene mellom 500 og 1000 kubikkmeter kvar, opplyser Skogeigarlaget.

Løyvingane til skogsvegbygging aukar

neste stroppar og sender «løpekatten» (midt i biletet) ned til kvisteaggregatet, der tredjemann tek av hiva, kvistar og kappar stokkane.

– Undervurderer verdien på eigen skog SKOGBRUK: – Det er viktig å skape merksemd kring dei ressursane som kan nyttast, meiner Oddbjørn Sellevoll. Han er skogbruksleiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA. Gjennom oppsøkjande arbeid har både han og Arnt Laukeland, rettleiar på skogbruk i primærnæringsprosjektet i Fjaler og Hyllestad, fått fleire til å hogge skogen sin. – Mange passive skogeigarar er ikkje klar over kva verdiar dei sit på i form av skogen sin, meiner Arnt Laukeland. I Fjaler og Hyllestad kan dei vise til fleire vel-

lukka hogstprosjekt som følgje av den oppsøkjande verksemda. – Mange stader i fylket er ikkje interessa for skog større enn den må vere. Mange meiner det er dårleg økonomi i skogbruk. Det går også på kunnskap. Fleire eigedommar har fått nye eigarar, som ikkje har noko forhold til skog frå før, seier Sellevoll, som brukar mykje tid på å kontakte skogeigarar og få i stand hogstavtalar. Han fortel at Skogeigarlaget kan hjelpe eigarar av hogstmogen skog med å organisere drifta. Det gjer dei ved å drive rådgjeving på økonomi, skaffe entreprenørar og selje tømmeret.

T. FRIVIK TAUBANEDRIFT AS Har dei største taubanene i Skandinavia

SYNFARING: Taubanedrifta er like effektiv som lova, konstaterer frå venstre Torbjørn Frivik, som driv selskapet T. Frivik Taubanedrift AS, grunneigar Ola Kleppe og skogbruksleiar Oddbjørn Sellevoll frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA.

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

■ Firmaet starta hausten 2004 og høyrer til på Kyrkjebø. Dagleg leiar er Torbjørn Frivik. ■ Maskinpark: To taubaner: Mounty 4000 og 4100, To Woodliner (for vinsjing nedover og på flate strekk med sjølvgåande løpekatt), To Frivik-liner for vinsjing oppover (fallbane). Mounty 4000 går hovudsakleg i Sogn og Fjordane. Mounty 4100 driv for Allskog BA og Vestskog BA. Kvar av dei tek i snitt ut 1000 til 1200 m3 med tømmer kvar månad. ■ Taubanedrift i bratt terreng er svært effektivt, og eit arbeidslag på tre mann produserer i snitt 45-50 m3 kvar dag. ■ Frivik har ni tilsette i tre arbeidslag. Ein trønder og åtte frå Litauen.

■ SKOGBRUK: Det statlege tilskotet til bygging av skogsvegar og taubane i Sogn og Fjordane er i år på 6,9 millionar kroner. Dette er ein auke i forhold til 2007. 1,4 millionar av dette er øyremerkt taubanedrift. I tillegg gjev Fylkeskommunen ein million i tilskot til skogsvegbygging. Søknadsfristane er 15. mars og 15. september. – Tidlegare har søknader som ikkje fekk tilskot vorte overførte til neste år. Slik er det ikkje lenger. Alle som ønskjer å få saka behandla på nytt, må difor sende ein ny søknad, opplyser Erik Nilsen hos Fylkesmannen. I 2007 var det 92 søknader til det statlege tilskotet. Av desse fekk 42 tilskot og 50 avslag. 24 skogsveganlegg søkte på dei fylkeskommunale midlane. Her fekk 16 tilskot og 9 avslag.


22 TEMA SKOGBRUK FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

FK butikken -alt du treng til vedhogsten!

UT DENNE VEKA:

INNBYTEDAGAR Uansett stand, ta med din gamle vernebukse og motorsag! - få kjempeavslag i prisen! Stihl Comfort Vernebukse

v/innbytte

Fullstretch, lav vekt (veg 30% mindre enn tidl. mod.), perfekt passform, fukttransporterande Dame/herre str. XS-xxxl. Ord. 2.390,-

1.890,-

v/innbytte

4.690,-

Motorsag MS 280 C-BO 32 cm

Kraftfull sag med inellTech, hurtigstramming av kjede, lettstart-system og vinter/sommerdrift. Ord. 5.990,Dersom vi ikkje snakkar med deg om sikkerheit når du kjøper motorsag hos oss, får du ein sikkerheitspakke med vernebukse, vernestøvlar og hjelm med visir. Garantien foruset at du gjer oss oppmerksam på at vi ikkje har snakka med deg om sikkerheit umiddelbart etter kjøpet av motorsag.

FLEIRE GODEKAMPANJETILBOD Før 1190,-

Vernebukse m/selar Stihl

950,-

Skogshjelm Stihl

(gjeld ikkje innbyte)

Vernestøvel Wood Line

Før 498,-

395,- 649,Før 798,-

FØRDE, SKEI,

Tlf. 57 72 18 40 Tlf. 57 72 73 00

BYRKJELO, Tlf. 57 88 34 00 SANDANE, Tlf. 57 86 56 88

MOT NYE HØGDER: Sitkagran.

Arkivfoto: Anne Viken

Rekordhøge prisar på massevirke Kårstad d Transportt starta i årskiftet 77/78 med ein tømmerbil. Fra 1978 og framover 80-talet var tømmer og trelast og det som er relatert til dette, hovudverksemda. Vi hadde all inn- og uttransport frå Sunnfjord Sag samt massevirketransporten i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord sør for Nordfjorden. Etter kvart har bedrifta fått nye og store kundar, slik at tømmer og det som er relatert til den delen, er vorte ein liten del i dag. Vi opererer i eit mindre geografisk område, og det har komme fleire aktørar i marknaden, samtidig som kvantumet er litt redusert. I desse dagar er tømmertransporten på nytt ute på anbod, så framtida er ingen sikker på. Kårstad Transport AS starta med ein bil i 77/78 og hadde ei omsetning på 700.000 første året. I dag har vi 41 eigne bilar samt 8 fast innleigde. Vi er 65 tilsette og omset for ca. 95 mill. kroner. Sjå vår heimeside òg.

SKOGBRUK: Kubikkprisen på massevirke til papirproduksjon av både vanleg gran og sitkagran nærmar seg no 235 kroner. ANNE BRITT SANDØY tekst

– Før jul var kubikkprisen på vanleg gran 185 kroner, medan sitka låg på 150 kroner. No vert det lik pris på massevirke av begge desse granslaga, fortel skogkonsulent Ann Jeanette Kjærstad i Sogn og Fjordane skogeigarlag BA.

Norske Skog-etterspurnad

TLF. 950 18 300 - FAX. 57 71 83 01

www.kaarstad.no • e-post: post@kaarstad.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Grunnen til den kraftige prisstiginga er auka etterspurnad frå Norske Skog i Skogn. Ny pris på skurtømmer vert fastsett denne veka. Kubikkprisane her har det siste halve året lege på 485 kroner for prima og 385 kroner for sekunda. Dei

gjekk opp med 20 kroner i januar i fjor, og auka ytterlegare opp 50 kroner i august, men no spår Kjærstad at toppen er nådd. – Det er begynt å verte fullt på lagera rundt om. Vi får berre håpe at prisen held seg og ikkje går ned.

Sitkagran også Det er berre vanleg gran som vert levert som skurtømmer her i Norge. Alt av sitkagran er rekna som massevirke, men Kjærstad fortel at det er mogeleg at det kan verte litt eksport av sikta som skurtømmer til ein kjøpar i Tyskland, men ingenting er avgjort enno. For skurtømmer av furu er situasjonen den same som for grana. Prisen ved nyttår var 530 kroner for prima og 380 kroner for sekunda, og det er små sjansar for at den vil auke no ved den nye prisfastsetjinga. anne.britt.sandoy@enivest.net


TEMA SKOGBRUK 23 FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

Verdt å vite om skogbruk Terje Engvik og Atle Gimmestad i Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA definerer viktige omgrep i skogbruket.

Neste TEMA i Firda:

at ein gjer noko vesentleg feil. Dersom skogen står for lenge kan ein komme opp i problem med dimensjonar det ikkje er sal på.

Terje Engvik (t.v.) og Atle Gimmestad.

KVA ER HOGSTMOGEN SKOG? Skogen er hogstmogen når den aktuelle tilveksten pr. år minkar slik at han vert mindre enn gjennomsnittleg tilvekst for heile omløpet. Men det kan ein sjølvsagt ikkje sjå. I praksis blir det å sjå på skogen sin alder, sett i høve til treslag og kor god marka er. Vidare vurderer ein om høgdeveksten har stagnert (sjå på dei siste toppskota) og om dimensjonane på dei største trea nærmar seg maks for det som kan seljast. KVA SKJER OM EIN HØGG FØR/ETTER DEN ER HOGSTMOGEN? Om ein høgg skogen før eller etter han er hogstmogen, nyttar ein ikkje marka sitt produksjonspotensial fullt ut. Men i praksis vil det vere mange års spelerom utan

KVA ER HOGSTKLASSE? Hogstklasse er ei klassifisering av kva utviklingssteg skogen er på i omløpet. Vi bruker gjerne romartal på klassene: I: Snaumark II: Skog som nyleg er foryngja naturleg eller ved planting V: Hogstmogen skog III og IV: Skog i produksjonsfasen A etter romartalet betyr at trea står tilfredsstillande tett B betyr at skogen er for glissen til å utnytte marka fullt ut. KVA ER SKURTØMMER OG MASSEVIRKE? Skurtømmer er det same som sagtømmer. Det som ikkje er skurtømmer, går i hovudsak til papirproduksjon (gran) eller vedråstoff (furu og lauv). Virket til papir (treforedlingsindustrien) kallast massevirke eller slip. Dette virket er lågare prisa enn skurtømmer. Elles kan lågkvalitetsvirke i framtida i langt større grad gå til bioenergiføremål, fjernvarme eller «bondevarme». Også kvist/ hogstavfall kan i prinsippet nyttast til bioenergi (v/ flising). Dette gjerast ikkje i fylket i dag. Det er eit spørsmål om prisar og rammevilkår. Generelt treng vi betre rammevilkår for utbygging av bioenergi.

Energi og miljø tysdag 12. februar

Tips oss om ■ Smarte miljøtiltak i hus og bygg ■ Transport som sparer bensin og diesel ■ Petter Smart’ar innan energi og miljø ■ Bruk av alternative energikjelder ■ Folk med meiningar om energi og miljø Ta kontakt med Firdas tema-journalist Anne Britt Sandøy – tlf. 951 42 957

VII RYDDAR R SKOG G I SOGN N OG G FJORDANE! Gravdal Skogsservice er eit entreprenørselskap som driv med skogog linjerydding i Sogn og Fjordane, med omfattande oppdrag innan offentleg og privat sektor. Vi er ei allsidig skogsverksemd med brei kompetanse

Vii tarr påå osss bådee småå og g storee oppdrag g innan: - Skogrydding - Vegrydding - Linjerydding - Hagee (kantstein,, belegningsstein n m.m.) - Felling g og g fjerning g avv tre - Beskjering - Beiterydding - Rekkverkk (p produksjon,, montering,, reperasjonar) Vi utfører også arbeid med traktor og gravemaskin, transport med tømmerhengar og dumpershengar, oppsetjing av gjerde, legging av stein og snøbrøyting.

og ein moderne maskinpark til planlegging og gjennomføring av totalprosjekt.

- Taa kontaktt forr eii uforpliktandee synfaring. Nokree avv oppdragsgivaranee våre: Mesta, Førde Kommune, SSF, Statsbygg, Relacom, Statens Vegvesen, Magne Hafstad AS og Førde Mekaniske Industri AS.

GRAVDAL SKOGSSERVICE

Gamle Viev. 7, 6800 Førde Tlf: 57 82 61 56 Mob: 907 32 583 Epost: jan-tore@gravdalskog.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


24 TEMA SKOGBRUK FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

Kampanjetilbod

VELKOMEN TIL «NY» BUTIKK! GODE TILBOD PÅ VEDUTSTYR! Vedmaskin n 1X-37 – for store vedstokkar! Rettl. tilbod komplett kr 59 500,-

Vedmaskin n 600 EH – kvalitet til riktig pris frå marknadsleiaren! Rettl. tilbod inkl. transportør kr

Vedmaskin n Big g X-47 – for verkeleg store vedstokkar

■ Visste du at du

35 950,-

Kampanje!

Kampanje!

1X m/transportrør 4 m og hydr. matebord 2,2 m

Auto. hurtiggangsventil og hardmetall sagblad kr 0,(verdii krr 4 060,-)

55 950,-

Alle prisar eks. mva

CIFI HAKKI PILKE Eit omgrep innan vedproduksjon www.cifi.no

Kan standard økonomisystem og skreddersøm kombineres?

Med Visma Business får du markedets kraftigste standard økonomisystem med regnskap, logistikk, salgs- og markedsstyring, timehåndtering og rapportering. Behov utover dette løses enkelt med integrert tilleggsfunksjonalitet. Systemet kan også tilpasses helt ned til den enkelte brukers behov. Selvsagt «snakker» Visma Business med de fleste systemene på markedet i dag.

Nysgjerrig? Kontakt oss på telefon 815 59 340 eller se avans.no

C e r t i f i e d Partner

ALT T TIL L VEDHOGSTEN - G O D T U T S T Y R E R H A LV E J O B B E N ! VI HAR UTSTYRET DU TRENG, FRÅ SKOGENTIL OMNEN! • Motorsager – ryddesager • Hogst- og verneutstyr • El. kjedesager – kappsager • Vedkløyvar • Vedsekker – vedbag

95,- r 2 4 o N verd og 2 kjede s 5,Ekstra t! Verdi 62 er d lu k in

må ha kurs om du brukar motorsag på jobb?

SKOGBRUK: Lever du farleg og svingar motorsaga utan opplæring? Lova seier at alle som brukar motorsag i jobben må ha gått kurs.

www.maskinsenteret.as

Dale Senter 3. etg, 6963 Dale i Sunnfjord

Mange bryt lova m

ANNE BRITT SANDØY tekst og foto – Bønder og andre som brukar motorsaga på jobb må ha dokumentert tryggleikssopplæring, opplyser Arnt Laukeland som er kursinstruktør i Skogbrukets Kursinstitutt. Han meiner at det er store mørketal når det gjeld folk som manglar opplæring. – Veldig mange er ikkje klar over at dei må ta desse kursa for å drive lovleg. Dersom ein ikkje har opplæring og er så uheldig å skade seg, kan det føre til problem med forsikringa.

Fleire må på kurs Den lettaste måten å få bevis på at du har gjennomgått opplæring, er å ta eit 15-timars kurs i hogst og motorsagstell. Dette kurset er utarbeidd av Skogbrukets Kursinstitutt. Røynde bønder kan også prøve å få dokumentert kunnskapen gjennom jordbrukssjefen i heimkommunen, men det er mindre vanleg. I Sogn og Fjordane er det Arnt Laukeland frå Førde som held dei fleste kursa. – Om lag halvparten av deltakarane er bønder eller born av bønder. Den andre halvparten er tilsette i kommunar, vegetaten og e-verk, fortel Arnt Laukeland, som også ønskjer å få alle fritidsbrukarane med på kurs. Det er blant

desse dei fleste ulykkene skjer. På kursa går Laukeland gjennom tryggleik, stell og bruk av motorsag og hogstteknikkar.

Faresituasjonar – Vi kjem innom dei fleste faresituasjonane som kan zoppstå ved hogst. Til dømes tre som fell fast i eit anna tre, tre som vender feil veg i forhold til korleis det skal falle, og faremoment ved stormfelte tre. Han fortel at mange vert overraska over at det faktisk er mogeleg å få treet til å falle på eit spesielt punkt, dersom ein gjer forarbeidet rett. Stell av motorsaga inneber blant anna å lære å file motorsagkjeda på rett måte. Ei motorsag bør faktisk filast to gonger i løpet av ein arbeidsdag, og ved rett filing bit ho betre enn ei ny. – Her er det mange som gjer feil. Dei har gjerne feil vinkel på fila i forhold til kjeda, eller filer for djupt nede i kjeda. Filing er ein kunst. Eg rådar kursdeltakarane til å bruke ein rullemal, då er det enkelt å file korrekt, seier Laukeland. Eit todagarskurs kostar om lag 1300 kroner inkludert to lærebøker i hogst og motorsagstell. Alle deltakarane må ha med eiga motorsag, godkjent verneutstyr, filsett og enkelt skruverktøy.

INSTRUKTØR: Arnt Laukeland held kvart år rundt 20 ulike kurs for folk som jobbar med skogbruk. Mest vanleg er kurset som gjev dokumentert tryggleiksopplæring.

DESSE MÅ HA OPPLÆRING Jonsered CS 2145 S - med det klassiske sverdet for skogen. Allroundsag både for arbeid i skogen og kapping av ved. 45,00 cc, 3,0 hk. (2,2 kW) Veil. pris 5515,- inkl. sverd og 2 kjeder.

Hafstadvegen 80, postboks 464, 6803 Førde Tlf. 57 83 70 50, fax 57 83 70 51 • www.spesialvarer.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

LÆREBØKER: Som kursmateriell brukar Arnt Laukeland ei bok om «Motorsaga – stell og vedlikehold» og «Hogst – plan, metodar og teknikk».

■ Alle som skal bruke motorsag i yrkesmessig samanheng, må dokumentere at dei har praktisk og teoretisk tryggingsopplæring i bruk av saga. Dette kravet er fastsett i «Forskrift om bruk av arbeidsutstyr», som er ei forskrift til arbeidsmiljølova. Den gjeld både arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande, og det er arbeids-

gjevar som er ansvarleg for at brukaren har dokumentasjon. ■ Seniorinspektør Arvid Solberg ved Arbeidstilsynet sitt Førde-kontor opplyser at dei stansar arbeidet til bedrifter dersom dei oppdagar at arbeidarane manglar kurs eller godkjent verneutstyr. ■ Arbeidsmiljølova gjeld ikkje for fritidsbrukarar.


TEMA SKOGBRUK 25 FIRDA TYSDAG 29. JANUAR 2008

med motorsag

Min skog Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR Tema «Skogbruk». Dei første skrekkblanda tankane gjekk til avmakta eg følte, då eg skulle analysere diktet «Sagi» av Olav H. Hauge på gymnaset: Skrap, segjer sagi. Stød ved. Ho segjer kva ho tykkjer, sagi. Eg lærte til slutt å analysere dikt. No har eg hatt to veker til å lære om skogbruk. EG VOKS OPP med ei einsleg gran i hagen. Den hadde nåler berre i lesida for nordavinden. For meg var bjørkeved noko ein kunne kjøpe på pall eller i sekk. Den lange prosessen frå ein plantar ein skogteig, via år med pleie til hogstmogning og hogst, vidare til ferdig ved, plank eller papir, har eg aldri ofra mange tankane. No bur eg midt i eit plantefelt av sitkagran. Dei siste to vekene har eg blant anna lært at denne grana, som no er vorten så høg at den stel utsikta, ikkje vert hogstmogen før om tidlegast 40 år, og helst vert brukt til slip. Men kvifor vente 40 år? Det er for få kubikkmeter til at det nokon gong vil vere lønsamt å avverke, sjølv om prisane på massevirke er på veg opp. KANSKJE EG berre skal setje i gang, før vi gror heilt inne. Området er flatt nok til at eg kan greie det med ei motorsag, og

Eg kan beint fram sjå det for meg. I draumen er eg eit naturtalent med motorsaga. gjerne ein ATV med vinsj til å flytte stokkane. Eg treng verken hogstmaskin, taubane eller ein flott skogsveg. Derimot er det nok tryggast å ta eit kurs i stell av motorsag og sikker hogst, før eg startar opp. Sjølvsagt skal eg bruke verneutstyr. Både bukse, hjelm, sko, jakke og hanskar. Alt saman, sjølv om det merkeleg nok ikkje er påbode for fritidsbrukarar. Historia til den røynde skogbrukaren Joar Espedal, som så vidt kom frå det med livet i behald, har gjort inntrykk.

– Har hatt stor nytte av kurs – Alt var like nyttig, seier Tore Gundersen, i SNO Kyst. I fjor haust tok han kurset som gjev dokumentert tryggleiksopplæring på stell og bruk av motorsag. Gundersen har ansvar for dei 57 naturreservata i Sogn og Fjordane, og han

har ofte bruk for motorsaga i arbeidet sitt. – I den teoretiske delen lærte vi mykje om korleis motorsaga fungerer og korleis vi kan skifte delar sjølv. Det kjem godt med når eg arbeidar ute i holmane og ikkje berre kan rope på ein mekanikar, meiner Gundersen. I den praktiske delen av kurset var dei ute i felten

og prøvde seg på felling av store tre. – Det krev presisjon å få eit tre til å falle ned akkurat der du vil, og det er viktig å vite korleis du skal ta rette innstikk og skor. Dette er ting som må lærast. Han hadde ikkje lang erfaring med bruk av motorsag før kurset, og føler at han er tryggare i

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

handteringa av motorsaga etter å ha lært riktige teknikkar både i teori og praksis. – Ein kan nok lære mykje på eiga hand, men i og med at det er ei forskrift som regulerer dette, så vil eg råde alle til å ta kurs, elles så kan dei få problem med arbeidstilsynet, seier Tore Gundersen. anne.britt.sandoy@enivest.net

EG SKAL hugse å spørje grunneigar om løyve til hogst, og sjølvsagt fylle bensin og olje på rett tank på motorsaga. Kanskje naboane også vil vere med? Det er både trygt og sosialt å vere fleire i skogen. Eg kan beint fram sjå det for meg. I draumen er eg eit naturtalent med motorsaga. Horisonten kjem meir og meir til syne, og stablane med perfekt kvista stokkar berre veks. Og når vi så til slutt sit rundt bålet, med krutsterk kaffi og pratar om laust og fast, så skal eg sende varme tankar til alle dei flittige skogbrukarane i fylket, som har delt litt av kunnskapen sin med meg. No skjønar eg meir av lidenskapen dykkar.

Anne Britt Sandøy


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.