13 FIRDA TYSDAG 9.SEPTEMBER 2008
TEMA Hus og heim
Tid til trend Vi bevarer fortida. Fostrar nye generasjonar. Ser etter det vakre, det brukte og funksjonelle. Skaper ei ny tid. Side 14–27
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
14 TEMA HUS OG HEIM FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
TEMA HUS OG HEIM 15 FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
LIVSSTIL: Butikk og gammalt hus er blitt ein livsstil for Veronika Tonheim.
Vedunderleg shabby... Kvar du enn snur deg, så ser du det. Noko vedunderleg shabby. ANNE BRITT SANDØY tekst BENT ARE IVERSEN foto
EI GEDIGEN messingseng med mjuke puter tronar midt i lokalet. På veggene heng spennande bilete og plakatar. Overalt er det hyller og kasser med blanke ting, mjuke ting, bruksting. Tonheim Landhandel i Florø er ein skikkeleg snopebutikk for alle med sansen for shabby chic og gammal landstil. INTERIØRBUTIKKEN opna for knapt eit halvt år sidan, men 25 år gamle Veronika Tonheim, butikksjef, nettansvarleg, sambuar og tobarnsmor, har allereie planar om utviding. – Den har vorte veldig godt motteken. Det kjem faktisk folk eins ærend til Florø for å handle hos meg. I tillegg sel eg ein del på nettet, fortel Tonheim. Nettbutikken byrja ho å jobbe med då minstemann var fem månader, og opna den eit halvt år etter. – Det var enklast. Då hadde eg heile varelageret heime i huset. MEN FOR EI som alltid har elska butikkarbeid, så var det noko som mangla. Det å møte kundane ansikt til ansikt. Å få vist fram alt det vedunderleg
FAKTA TONHEIM LANDHANDEL ■ Enkeltpersonsføretak, etablert i desember 2006 ■ Dagleg leiar er Veronika Tonheim. Ho opna nettbutikken www.vidunderligvakkert.no i mai 2007, medan butikken i Strandgata i Florø opna i mars 2008. ■ Nettbutikken skiftar 16. september namn til Tonheim Landhandel, og får ny adresse: www.landhandelen.net vakre på ein skikkeleg måte. Det var ingen veg utanom. Ho måtte opne butikk. Ein butikk, der alt skulle vere til sals – inklusive kassadisken. – Eg sel mest bruksting, som toalettrullhaldarar, knaggar, knottar, lamper og puter. Knottar er utruleg populært, og no er det på veg inn eit nytt lass i alle former og fasongar. Gamle kommodar får nytt liv med litt måling og nye knottar. Det meste av gjenstandar og møblar har ho funne på ulike messer i Danmark, og Veronika fortel at også i år er trenden mykje metall; sink, sølv, gull, messing og stål. – FOLK VIL det skal skine, og kjøper helst sølv og sink, men både messing
- Innlogging, Direkte, , 0
og gullfargar er gode å bruke fram mot jul. Lillian Strømmen Helland kjem for å passe butikken, medan Veronika skal vise Firda korleis det ser ut på heimebane. I eit nitti år gammalt oppussingsprosjekt. – DENNE BUTIKKEN er den finaste vi har i Florø, påstår Strømmen Helland, og nektar å bli kalla for ekstrahjelp. – Eg har jobb. Grunnen til at eg stepper inn, er at eg er ein fast og begeistra kunde, som har grine meg til å få jobbe her, når Veronika treng det, smiler ho. Heime i Mulelidhuset frå 1918, som Veronika deler med sambuar RolfMagne Grotle og sønene Aleksander (4) og Andreas (2), er alt litt på halv åtte. Rolf-Magne er heime med sjukt barn, og heile helga har gått med til momsoppgåver og andre praktiske gjeremål. Det er mykje som skal klaffe når begge partar driv eigne firma. – Vi kjøpte huset, uisolert og nedslite, i 2002. I dag ser vi at det nesten hadde vore lettare å rive det ned og byggje det opp att, men då hadde vi ikkje kunna ha gjort så mykje av arbeidet sjølv, fortel dei. SEKS ÅR ETTER er huset isolert både ute og inne. Det har fått ny kledning og nye vindauge. Eit forsøk på nye altanar
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
er halvferdig, men sidan dei ikkje vart så fine som planlagt, skal dei byggjast om. Huset har også fått eit nytt tilbygg og nytt bad. Innvendig er bjelkelaget i første etasje skifta og det i andre etasje forsterka, samt at dei har lagt ny panel i alle tak. – Kjøkkeninnreiinga er ny, men den er eg ikkje heilt nøgd med, fortel Veronika. Det enklaste er nok å måle den, men aller helst vil ho ha eit kjøkken det ikkje finst maken til. – Eg trur det vil verte både fint og originalt om vi set saman ein masse gamle skap, og skifter ut kjøkkenbordet… PARET LER. Det store kjøkkenbordet var eit krisekjøp. Dei hadde nett kjøpt huset, hadde knapt eit møbel, og heile familien hadde meldt seg til julefeiring. Neste store utvendige prosjekt er å ordne taket. Innvendig er det mange ting under arbeid. Blant anna trappa. Så langt har Veronika brukt tre boksar med målingsfjernar på den. Grunnmuren til garasjen er også klar, men det skortar litt på tida. – Huset er ein livsstil. Det er alltid noko nytt vi har lyst å begynne på. Men det kunne ha vore moro med ein tur på go cart-bana etter gammalt… anne.britt.sandoy@firda.no
16 TEMA HUS OG HEIM FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
FUNKSJONELT: Dette er dei første skissene til eit hus på to plan, som skal byggjast i det nye bustadfeltet på Bøbakkane i Førde. Huset er på om lag 190 kvadratmeter, ikkje medrekna buer, hybelleilegheit og garasje. Så tidleg i prosessen er ikkje fasaden teikna, men det skal ha hjørneglas og funkispreg. Huset er planlagt i forhold til sol og funksjon: Sola kjem på uteplassen i ti-tida, og dei har den heile dagen. Sør og vestsida er skjerma for innsyn, og det er overbygg mellom garasjen og huset. Buene er samla i tilknyting til garasje og vaskerom. Garasjeloftet kan innreiast til hybelleilegheit.
Hustrend: Vil ■ Dette bestemmer kvinna FØRDE: – Før var folk mest opptekne av å ha ein fin fasade på huset. No tenkjer dei også meir funksjonelt, meiner sivilarkitekt Hallvard Naustdal.
og vaskerom, medan mannen tek ansvar for garasje, tekniske løysingar og buer. Stove og heimekontor er fellesprosjekt. – Eg har enno ikkje hatt eit prosjekt der mannen er spesielt oppteken av kjøkkeninnreiinga, humrar Naustdal.
Grovinngang og klesrom ANNE BRITT SANDØY tekst og foto
Det er framleis kvinnene som snakkar mest om kjøkken, bad
Han meiner at dei som byggjer hus i dag, er meir bevisste enn tidlegare på korleis huset skal fungere. Med ute- og innebu,
Mobalpa kjøkken Tradisjonelt, moderne eller 100% design. Vår erfarne kjøkkenkonsulent, Svein Holsen, hjelper deg og gir deg personleg oppfølging til kjøkkenet er på plass. Velkommen innom vår utstilling på Bruland.
S J Å O G S Å W W W. M O B A L PA . N O - Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
TEMA HUS OG HEIM 17 FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
ARKITEKT-TREND: Fleire og fleire husbyggjarar kontaktar arkitekt, for å få skreddarsydd huset etter sine behov, konstaterer sivilarkitekt Hallvard Naustdal i ARKI arkitektar AS, som blant anna har teikna bustadkomplekset Lindbøen 2 i bakgrunnen.
FAKTA ARKI ARKITEKTAR AS ■ Arkitektkontor i Førde med fem tilsette. Sivilarkitekt Hallvard Naustdal er dagleg leiar. ■ I tillegg til offentlege bygg og næringsbygg, teiknar kontoret også bustadanlegg, burettslag og einebustader. I Førde har dei til dømes teikna Slåttereina, Viebøen, Løken, Elvesida og Lindbøen.
ha funksjon framfor utsjånad ■ Dette bestemmer mannen ■ Slik tenkjer arkitekten ofte ein grovinngang til barneklede, og klesbu i tilknyting til vaskerom. Ved sida av hovudinngangen er det gjerne gjestetoalett med dusj. Frå gangen går ein rett inn i eit opphaldsrom og ikkje inn i ein ny gang med sju dører, slik som i dei gamle husbankhusa. Heimekontoret kan også brukast som gjesterom. – Folk seier gjerne «bygg tre gonger og bli nøgd». Men når ein bruker arkitekt, så vert det brukt så god tid på skissefasen,
at ein kan luke ut feil, og verte nøgd første gongen. Ein arkitekt løyser det praktiske, samstundes som han utformar huset, seier Naustdal. Dette gjeld både ute- og inneområdet.
Sol og parkering – Mange av kundane mine er overraska over at eg bruker såpass mykje tid på tilkomst, parkering og uteplass før eg går på sjølve romløysinga. Men det
er veldig viktig at dette vert løyst tidleg i prosessen, slik at vi unngår dumme løysingar. Det er lite gjennomtenkt, dersom ein må gå rundt huset for å komme inn, eller at solplassen vert liggjande på skuggesida. Folk kan like gjerne bu i ei blokk, om ikkje ute- og innerommet fungerer i forhold til kvarandre. – Å bruke arkitekt kostar vel meir enn å byggje kataloghus? – Det er ein myte frå den tida
då dei fleste bygde Husbankhus. Då var det stort sett dei med mykje pengar som brukte arkitekt og bygde seg store og dyre hus. Men hugs på at arkitekten skreddarsyr huset etter dine behov, gjerne på eit mindre areal. Kvadratmeterprisen er høg, og dersom arkitekten lagar eit hus etter dine ønske på 190 kvadratmeter, mot eit ferdighus på 200 kvadratmeter, så kan du spare mykje.
Anleggsgartner Baarøy STEIN • VATN • VEKST Skifer – Belegningsstein – Diverse murar Trefelling/beskjering – Alt innan hage Beplanting/plen
Tlf. 980 94 274 – Faks 57 82 63 10 6800 Førde – www.baaroy.no - Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
På typehus må du uansett betale den prisen som er oppgjeven, medan eit som er arkitektteikna, ikkje er knytt opp mot ein leverandør, og kan setjast ut på anbod. anne.britt.sandoy@firda.no
Alt i Taksering av eigedom Også i • Burettslag • Landbruk • Næring
Ring
57 75 39 80
Gunnar Helgås Autorisert Takstmann MNTF
gh.takst@online.no MOB: 958
84 960
18 TEMA HUS OG HEIM FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
Dersom dei miljøvennlege alternativa er vesentleg dyrare, så ser folk mest på kostnaden Hallvard Naustdal
MARKISER,, PERSIENNER, N OG G PARASOLLAR SCREEN
TRENING – NÅR DET PASSAR DEG! AUKANDE TREND MED
30%
Også stort utval i • Restaurantløysingar • Lys/varmelamper – Solamagic
VEKST
VI HAR ALT AV TRIMUTSTYR! – Ribbevegg m/klatrevegg – Treningsapperat og matter – Spinningsyklar, m.m. (nytt/brukt)
Utstilling g på n Shellstasjonen i Førde • Brannstigar • Alt i utvendig og innvendig solskjerming
Har du ikkje tid til å trene? Vi hjelper deg å lage ditt eige trimrom, både med montering og oppussing!
RING OSS PÅ TLF.: 950 80 287 Utstillingslokale i Fjellvegen 14. • Trapper • Rekkverk • Premiar
• Medaljer • Markiser • Persienner Tlf. 57 82 63 90 www.hornnes.no
Hafstadvegen 45 (Shellstasjonen på sørsida)
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
TEMA HUS OG HEIM 19 FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
Toshiba varmepumper - intelligent oppvarming
Eit stort kjøkken og to små stover, takk FØRDE: Tidlegare var det prestisje å ha ei stor stove. Dagens husbyggjarar vil heller ha to små. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto
– Før hadde vi eitt fjernsyn med éin kanal. I dag er det vanleg med fleire fjernsyn, PC-ar, heimekinoanlegg og musikkanlegg i same husstand, konstaterer sivilarkitekt Hallvard Naustdal i ARKI arkitektar AS. Dette set krav til nye romløysingar. Vi sit ikkje lenger saman i sofaen og ser på det same programmet. Den teknologiske utviklinga har ført til at mange prioriterer to stover, der den eine er til media. – Stort kjøkken står også høgt på ønskelista. Det er det mest sentrale opphaldsrommet i huset, og vert brukt til alt frå lekselesing til tv-titting. Dei fleste kjøkken i dag er frå 15 kvadratmeter og opp i nesten 30 kvadratmeter. Den gjennomsnittlege byggjekostnaden ligg i dag på mellom 13 000 og 16 000 kroner kvadratmeteren. – Husa, som vert bygde no, er litt
mindre enn det dei var tidlegare. Dei som kjem til meg har tenkt nøye gjennom både kva rom dei vil ha i huset og også kor store dei bør vere. Naustdal fortel at det er fleire enn tidlegare som ønskjer vedlikehaldsfrie løysingar, som til dømes aluminiumsglas og teglstein i staden for, eller i kombinasjon med, trekledning. Derimot er marknaden for fleirfunksjonelle glas, som til dømes sjølvreinsande og solreflekterande, enno liten. – Vi ser også at stadig fleire tenkjer miljø, og vurderer alternativ oppvarming, men dersom dei miljøvennlege alternativa er vesentleg dyrare, så ser folk mest på kostnaden. Småbarnsfamiliane er meir bevisste på korleis huset skal fungere for ungane. Til dømes har dei gjerne ein grovinngang i tilknyting til vaskerommet. Godt med bodplass, både inne og ute, er også prioritert. – Alle må ha ein plass der ting kan liggje i eit år før dei køyrer det ut i Hesjedalen (bosplassen, red.mrk.), flirer Naustdal.
Lun varme til høsten! Selv på knitrende vinterdager med frost og kuldegrader vil en Toshiba varmepumpe gi deg lun og jevn varme.
Best i test Toshiba Daiseikai Polar 13 utmerker seg med særdeles gode resultat i Energimyndighetens test gjennomført av SP, Sveriges Tekniska Forskningsinstitut. Teknisk Ukeblad, Dine Penger og VG kårer Toshiba til testvinner i sine omtaler av testen. Pumpen er spesialdesignet for nordiske forhold!
Bedre innemiljø! Toshibas toppmodeller, Daiseikai, er anbefalt av Norges Astma- og Allergiforbund. Filteret i varmepumpen renser luften effektivt for pollen, bakterier, virus og luktpartikler. Du får renere inneluft og en stabil innetemperatur både sommer og vinter.
Anbefalt av:
Toshibas Daiseikai-modeller anbefales ut fra forutsetningen om riktig plassering og vedlikehold.
Ta kontakt for en uforpliktende befaring av din bolig! Tlf: 57 72 23 00 / 57 72 23 41 tvt@sunnfjordenergi.no www.sunnfjordenergi.no
anne.britt.sandoy@firda.no
– NYHEITENE ER PÅ VEG!
Inform Media - www.inform.as
Størst på Black Design i Førde! Prisar frå kr 149,- pr.mnd. Inntil 18.000 kbps kapasitet. Pris første år frå 3111,- Gjeld kun nye kundar.
Handelshuset Sør, tlf. 57 82 39 11
- Innlogging, Direkte, , 0
Bestill på 57 00 91 00 eller enivest.no
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
20 TEMA HUS OG HEIM FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
GYLNE: Desse Blendworth-gardinene er ein del av den nye gardintrenden i Europa. Pressebilete
OPPHENG: Ei gardinstong er ikkje lenger ei gardinstong. Utvalet her er snart like stort som utvalet i gardiner.
HAUSTTREND: Joveig Grytten og Anne Berit Aase viser fram noko av det nye på gardinfronten. Lilla og grått, med både blanke og matte detaljar.
– Lilla er den store gardinfargen INTERIØR: Lilla, grått og sølv toppar trendbiletet i Norge. Men skal du henge med Europa, så hent messingen ned frå loftet. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto
Lamellar og plissé Trestengene heng framleis med i motebiletet, men om du vil ha noko spesielt, så kan gardiner festa til fem–seks centimeter breie, brune stålskinner vere
Fotograf: Jàn Rùsnak / JANTEX
Joveig Grytten og Anne Berit Aase, som jobbar i Førde Fargehandel, har vore på Gåve-og interiørmessa på Lillestrøm. Trenden er klår. Ute i Europa er gylne fargar på full fart inn. Men her heime på berget tek vi ein sesong til med mykje sølv og andre blanke materialar. I haust
er lilla ein av hovudfargane på gardinene. Mørk turkis er ein annan. Både tapet og gardiner skal vere mønstrete. – Gardinstoffa er tjukkare no, som det går mot vinter, og det er komme mange nye og spennande gardinstenger. Pleksiglas er eit mykje brukt materiale, både åleine eller kombinert med andre ting, som til dømes stål, fortel Grytten.
VI GRATULERER EIRIK VERÅS LARSEN MED SØLVMEDALJEN
både iaugefallande og verknadsfullt. – Gardinene skal henge rett ned. På messa såg eg ikkje ei einaste gardin som ikkje gjorde det. Kapper er heilt ut. Stonga skal vere toppen på gardina. Når det gjeld oppheng, så er blanke maljer mykje brukt. Eit anna forslag kan vere breie band i vaffelmønster, som skal syast på gardinene, rådar Joveig Grytten. Gardiner i silke er både populært og vakkert, men silkestoff kostar meir enn vanleg gardinstoff og må i tillegg forast. – Dei færraste forar vanlege gardiner i dag. Det har nok med
pris å gjere, men dei heng mykje finare om ein tek kostnaden og arbeidet med å gjere det. I tillegg så held dei seg lengre, fordi dei vert skjerma mot sollyset, opplyser Anne Berit Aase. Ein annan trend er at plisséog lamellgardiner er på full veg inn også i private heimar. Dei kan fåast i tallause fargar og fasongar.
Tapet Når det gjeld tapet, så er trenden å ha ein vegg med mykje farge og mønster, medan resten av veggene er lyse. Både når det gjeld stoff og tapet, så blandar ein det matte mot det blanke.
– Ifølgje trendsetjarane kan vi med fordel kombinere mønster, striper og einsfarga tapet i same rom, understrekar Joveig Grytten. anne.britt.sandoy@firda.no
Ifølgje trendsetjarane kan vi med fordel kombinere mønster, striper og einsfarga tapet i same rom Joveig Grytten
Langlo gir deg alle muligheter til å skape en praktisk og funksjonell garderobe, tilpasset din smak og stil. Vi leverer både skyvedørs- og WalkIN-løsninger med unike muligheter for skreddersydd skyvedørsfront og innredning.
Skaper p lø l
Skap løsninger på www.langlo.no
Sølvkantet OL-pris L Kjøper du en Langlo garderobe hos oss i kampanjeperioden fra mandag 1. september til og med lørdag 13. september, padler DU inn et medaljekjøp! Alle Langlo produkter har i perioden hyggelige OL-priser.
KAMPANJERABATT
÷20% - Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
TEMA HUS OG HEIM 21 FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
HAUSTNYTT!
Haustens nyheiter innan parkett, laminat og fliser er på plass i butikken. Stort utval i alle prisklassar. Våre fagfolk hjelper deg!
Eden Peisomn Ein robust peisomn med støypejarnsdetaljar og stilrein design. For rettvegg eller hjørne. Varmeeffekt: 3–8 kw. Standard modell m/kleber i varmerom.
11990,11990,-
Fliser
Kan også leverast m/kleber på sideplate, kr 15 990,-
Restesalet på fliser held fram!
50,-
Lekre italienske fliser i utstilling.
Ny peisomn frå Nordpeis
Frå kr
Våre fagfolk hjelper deg! Spør først der utvalet er størst!
– berre hos Byggkjøp
pr. m2
Sense Eik, 3 stav. Før 329,-
289,-
Ein levande og rolig dekor som passar overalt. Styrke m/TitanX Surface: Slitasjevern, ripefast og slagfast. Antstatisk: Unngår elektrostatiske utladningar. Lyddemping m/SoundBlock. Antimikrobiell: Takka vere sølv i golvet vil ev. virus- og bakterievekst «svelte i hel». Betre ergonomi: Softtech-teknologi gir radikalt forbetra energiabsorbsjon med større gå-komfort.
yden at trommel Testar viser 40% og gå ed m rt se % vert redu ka med 20 au rt ve n komforte
Vi har det populære Kvalsvik-kjøkkenet! Stor utstilling med fleire nye modellar. Våre kjøkkenkonsulentar hjelper deg!
P R O F F H J E L P F Å R D U AV V Å R E F A G F O L K ! FA R S U N D B Y G G
www.byggkjøp.no
Farsund Bygg Farsund Bygg For deg som vil ha det litt proft!
- Innlogging, Direkte, , 0
Postboks 111 6801 Førde Tlf. 57 72 18 00 Fax: 57 72 18 10 Email: post@farsundbygg.no www.byggkjop.no
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
Mån.–fre. Torsdag Laurdag
7.30–16.30 7.30–18.00 9.30–14.30
22 TEMA HUS OG HEIM FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
LYKT: – Vi sel utruleg mykje lyslykter både til innandørs og utandørs bruk, fortel Susann Hellevang Gulbrandsen hos Løiten Lys i Førde.
HAUSTENS FESTBORD: Kraftige lys i jordfargar og hjorteserviettar dannar ei fin ramme rundt hjortemåltidet.
FENG SHUI: Mange er opptekne av Feng Shui. No kjem det også pakkar med serviettar, der anna kvar er svart og kvit, for å oppnå rett balanse.
Slepp sola inn – når du sjølv vil!
Cottage
÷25%
French Garden
Alt i markiser
÷25% FLAARØNNING
Gratis motor ved kjøp av utvendige persienner/markiser Persienner innvendig og utvendig
FLORA KRUS OG ASJETT med moltemotiv
Petite Fleur
÷25%
÷30%
Lamellgardiner, plisségardiner og rullegardiner
Ring oss gratis på tlf.:
800 80 488 Eller direkte 908 67 031.
Vi har den originale vinylsprossen med heilsveiste rammer. 30 års fabrikkgaranti!
- Innlogging, Direkte, , 0
Fasadeprodukter er ein av landets leiande leverandørar av solskjerming. Vi er kanskje mest kjende for våre moderne markiser. Men det mange ikkje veit er at vi også har eit stort utval av interiørprodukt. Vi kjem heim til deg og gir deg løysingar uforpliktande eller du kan få demonstrert produkta i vårt utstillingslokale i Førde.
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
Fabrikkgaranti Midt-Norges største leverandør av solskjerming!
www.fasadeprodukter.no
TEMA HUS OG HEIM 23 FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
– Dekk med lys og serviettar INTERIØR: Det er både trendy og koseleg med levande lys, men her treng du ikkje tenkje på kva fargar som er in. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto
Salet av levande lys aukar stadig, og Susann Hellevang Gulbrandsen hos Løiten Lys meiner at folk også er meir bevisste enn tidlegare på at dei vil ha fine kvalitetslys.
Roande
Hjorteserviettar I kjellaren til Løiten Lys er det dekt til fest. Bord etter bord med gode idear til korleis du kan skape ei god ramme rundt måltidet. Serverer du årets første hjortesteik, kan kanskje serviettar med hjortemotiv setje ein ekstra spiss på måltidet. Serverer du fårikål, passar det med fargesterke serviettar med sauer på. – Hausten er ei flott tid. Det er på mange måtar tida der du dreg naturen inn på bordet, påpeikar Gulbrandsen.
ILLUSTRASJONEN KAN AVVIKE NOE
– Vi sel lys i alle fargar og fasongar, alt etter om det er til spesielle høve, høgtider eller berre til kos. Om hausten går det meir i jordfargar enn elles i året, men det er viktig at kunden får lys som passar både til person og interiør og ikkje etter mote. Ho trur at mykje av årsaka til det aukande lyssalet, er tidsklemma og den hektiske kvardagen til folk flest. – Det å tenne lys er koseleg. Ing-
enting er så roande som å sjå på den brennande flammen til eit levande lys. Det er mange som tenner lys kvar morgon, berre for å kose seg, fortel Gulbrandsen. Fleire og fleire kjøper seg også lykter som dei brukar både ute og inne. – Dei har gjerne ei lykt ved inngangsdøra som dei tenner når dei kjem heim, som eit signal på at dei no er til stades.
Flotte bustader kjem for sal i Korsavegen
www.siemens.no/ins
Vi utfører alle typar elektrikartenester, både i private bustader og næringsbygg: – – – – –
Elektrisk installasjon og service Internkontroll og el-sjekk Enøk-tiltak Tele/data/breiband Alarm- og sikringsanlegg
Kontakt oss på telefon 57 72 29 70 24-timars vakttelefon: 02407
Riva
Svart skjønnhet og et storkjøkken i særklasse. Håndtak i rustfritt stål strekker seg langs hele skapdørens lengde og står flott til de store flatene i svart.
HAUSTKAMPANJE!
www.jke-design.no
Firemannsbustad med garasje Firemannsbustad med 2 bueiningar i første etasjen og 2 i andre etasjen. Lokalisert i eit etablert bustadmiljø med kort gangavstand til matbutikkar, handelshus, båtliv, idrettsanlegg, skule m.m. Korsavegen – ligg i eit idyllisk, solrikt og fredfullt nabolag med usikt utover Førde sentrum. Ta kontakt med Ole på tlf. 57 72 65 06 for meir info!
- Innlogging, Direkte, , 0
Dvergsdal & Sunde Bygg AS Sunde, 6800 Førde • Tlf 57 72 65 00 forde@boligpartner.no www.boligpartner.no
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
Neumann Bygg a/s Flovegen 5 6800 Førde tlf. 57 82 85 06 fax. 57 82 85 01
24 TEMA HUS OG HEIM FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
TEMA
Haust - og vintermotar
GRANLIA 11B: Jan Roger og Ewy Katrin Førde Moen var først ute med oppussing av kjøkkenet. For dei var det viktig å gjere det så enkelt som mogeleg, og kjøkkenet skulle først og fremst vere ein god arbeidsplass. Spisebordet har dei i stova. Kjøkken er modell «Lidingö» frå Ikea. Kvitevarene frå ulike leverandørar. Fliser frå Flisekompaniet. På veggen er det brukt Marmor Botticino lagt på prima gipsplater og fuga med sementgrå fugemasse. Marmoren er behandla med Fila Hydrorep, for å gjere reinhaldet lettare.
TYSDAG 23. SEPTEMBER kjem Firda med temasider om haust- og vintermotar – Vi snakkar med ekspertar og kjem med tips og idear om fargar og trendar i haustens og vinterens motebilete! Temastoff er populært lesestoff. For deg som driv med sal av produkt og tenester ein treng for å fornye frisyre, garderobe og tilbehøyr, er dette eit ekstra godt høve til å få vist det fram til kunden på heimebane.
Slik kan du pus FØRDE: Med heilt likt utgangspunkt har tre naboar i Midtlia burettslag i Førde skapt tre ulike og funksjonelle kjøkken.
er frå 1980-81. Krava til kjøkken har endra seg mykje sidan burettslaget var nytt, og mange av kjøkkena ser i dag heilt annleis ut. Firda tok turen heim til tre naboar, som alle har fornya kjøkkenet siste året.
ANNE BRITT SANDØY tekst og foto
Granlia 11b
Bustadene i Midtlia burettslag
Førstemann ut av naboane var Jan Roger og Ewy Katrin Førde
Nytt sjansen til å annonsere denne dagen.
MATERIELLFRIST ANNONSE: Tysdag 16. september Aktuelle annonsestorleikar: • • • •
1/1 side 1/2 side 1/4 side 1/8 side
Spørsmål kring annonsering eller tinging av annonse? Kontakt marknadsavdelinga på tlf. 57 83 33 00 eller send e-post til annonse@firda.no. Merk sendinga «haust- og vintermotar».
Vi set farge på kvardagen! Rivedal Golv og Malarfirma leverer og utfører alt innan maling, tepper, tapet, golvbelegg og flis. Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande tilbod
www.firda.no
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
www.karivedal.no
TEMA HUS OG HEIM 25 FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
GRANLIA 11A: Sigrid Bauge og Simo Koskinen har kjøkkenet «Lidingö» frå Ikea, kvitevarer frå Elprice og fliser frå Flisekompaniet. Flisene på vegg, dragar og søyle er Ardesia Bianco 30x30 på nett. På golvet er det lagt varmekablar og fliser Ardesia Bianca 30x60. Mellom overskap og benkeplate er det brukt glasbyggjarstein.
sse opp kjøkkenet med flis ■ Butikksjef inspirerer og vert inspirert av naboane Moen. Tomannsbustadene er bygde slik at det er god spiseplass i tilknyting til det smale kjøkkenet. Difor valde familien å gjere oppussinga enklast mogeleg. Dei kjøpte kjøkken på Ikea og la marmor mellom over-
og underskap på kjøkkenet. Resultatet er eit enkelt og delikat kjøkken med mykje skapplass.
Granlia 11a Simo Koskinen og Sigrid Bauge
ønskte å få ei meir open romløysing. Dei kontakta fagfolk, og fekk klarsignal til at det var trygt å rive ned ein del av veggen mellom stova og kjøkkenet. Resultatet vart meir lys, og god plass til ei stor halvøy med bar-
krakkar. På golvet vart det lagt varmekablar. Det er brukt flis av same type, men med ulik storleik på golvet og på vegg/dragar og søyle. Mellom overskap og benkeplate, samt i front av kjøkkenøya er det brukt glasbyggjar-
stein, som også gjev meir lys mot trappa. Kjøkkeninnreiinga er same design som Jan Roger og Ewy Katrin Førde Moen har.
Vi leverer over heile fylket!
VI HAR SKIFER • Vegg • Golv • Tak • Inne/ute
Førde Granitt AS Tlf. 57 72 37 50 – post@forde-granitt.no
- Innlogging, Direkte, , 0
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
VI HAR BENKEPLATER I ALLE TYPAR STEIN • Praktisk • Reint • Eksklusivt • Naturleg kvalitet
26 TEMA HUS OG HEIM FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
GRANLIA 9B: Reidun Løvik Kjær og Tom Kjær har valt kjøkkenet «Ståt» frå Ikea, kvitevarer frå Elprice og gardiner frå Kid Interiør. Alle fliser frå Flisekompaniet. Flisene på vegg, dragar og søyle er italienske Ardesia Bianco 30x30 på nett. Benkeplata innandørs skifer lagt på våtromsplate. Desse flisene heiter Refin Chalon 60x60, og på kanten er det Refin Chalon 5x5. Hjørnelister i børsta stål og svart fugemasse. Fronten på kjøkkenøya er Fasadeskifer rust, som er behandla med Filawet.
Granlia 9b Tom og Reidun Løvik Kjær valde også å rive ein del av veggen. Som naboane kjøpte dei kjøkken på Ikea, men dei har ein annan modell. Flisene på vegg/dragar og søyle er dei same som Koskinen/Bauge har brukt, men her er den også brukt mellom over- og underskapa. Også barkrakkane er like. På benkeflatene har dei svart fasade/interiørskifer og fronten på kjøkkenøya er fasadeskifer rust. Skiferen gjev kjøkkenet eit rustikt, men samstundes eksklusivt og reint uttrykk. Tom Kjær er sjølv bustikksjef i Flisekompaniet i Førde. Han har både inspirert og late seg inspirere av naboane i prosessen med kjøkkenfornying.
FØR: Slik såg kjøkkenet til Reidun Løvik Kjær og Tom Kjær ut før oppussinga.
anne.britt.sandoy@firda.no
MÅLING OG TAPET Palett 10
Akryl. Steen-Hansen, 10 liter, no kr
398,TAPET Lady 10 Akryl, 3 liter, no kr
Palett 10
Akryl. Steen-Hansen, 3 liter, no kr
149,- 139,Hafstadvegen 39 (tidlegare Fretex) 6800 Førde, www.fagmiljo.no
- Innlogging, Direkte, , 0
frå Storeys
20%
÷
MILJØ FM FAG Førde Varme og Interiør
vinduet Bauge AS www.h-partner.no sentral@h-vinduetbauge.no Tlf.: 57 75 20 80
SJÅ VÅRE NETTSIDER: epost
tlf. 57 72 10 60 www.fagmiljo.no
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
TEMA HUS OG HEIM 27 FIRDA TYSDAG 9. SEPTEMBER 2008
HAUSTSAL!
TAPETAR
Ein god tapet bidreg til å skape stemninga du ønskjer!
TROPICALIA Nyheit frå Green Apple. Bananbladmønstra tapet i mange ulike fargevariantar. Kom å sjå nyheitene. NYHEIT! PERLA 8 skimrande nyansar inspirert av perlemor og muslingar. Pr. rull
298,GOLV
NYHEIT!
Skap steming i huset med flotte golv – fleire nyheiter og fargar.
RBI LAMINAT SKIPSGOLV med innlagt sort nate, 5 ulike design, høg slitestyrke, 15 års garanti, 10 mm tykkelse, klikksystem. Pr. kvm.
279,NYHEIT! LAMINAT ACOUSTIC
TEXLINE VINYLGOLV
ISLAND FLOSS
moderne og spennande golv. Støydempande bakside, passer til rom med stor slitasje i heimemiljø og lett i offentlig miljø. 6 ulike tredesign, 20 års garanti. Pr. kvm.
– med klare fordelar. Lett å legge, lyddempande, varmeisolerande, smussavisande. Pr. kvm.
5 cm floss, 160 x 230 cm, loer ikkje. Pr. stk.
1299,-
199,-
159,-
PANEL I HUSET?
BARONESSE 15
Baronesse Heftgrunn kan tilsettas farge – det holder med eit eller to strøk av Tre & Panel eller Veggmåling på toppen. Kan brukas på alt behandla/ubehandlatreverk. Prøv sjølv:
BARONESSE HEFTGRUNN
BARONESSE TRE & PANEL V
3 liter, alle fargar.
3 liter, alle fargar.
3 liter, alle fargar. Passer til vegger med strie eller miljøtapet. Pr. spann, no
229,før kr 359,-
KVALITET OG FAGKUNNSKAP
- Innlogging, Direkte, , 0
•
DIN TOTALLEVERANDØR I SENTRUM SØR
- 193.215.6.253 10.09.2008 09:44:21
•
GOD PARKERING