1 minute read
av Arnfinn Haram
ARNFINN HARAM OP: Ei bøn for deg
Fred kvile over deg min ven som eg takkar for at eg har funne veg til mennesket i meg den einaste vegen til Gud
lett er det ikkje å gå han lett ei heller å gå saman
endå er vi ikkje framme endå reiser bakkane seg opnar kløftene seg no er det freden din som er ropet mitt bøna mi
Krist røre ved panna di stryke deg over håret stå stille ved sida di opne døra til ljoset
der ventar han deg