7 minute read
A machine among machines
“Functionalism has been based on the opposed principle, namely the reduction of all expression to utility or to the processes of fabrication”
Advertisement
Kenneth Frampton Modern architecture: a critical history 2007
tekst / elise brandsvik skeide, arkitekturstudent, elise@tidsskrifteta.no illustrasjon/ siri frøystein, arkitekturstudent, siri@tidsskrifteta.no
Hypotese: moderne arkitektur gjer menneska triste. Eller kanskje ikkje moderne er det rette ordet å nytte, men for artikkelen si skuld er det dette som vert nytta. Moderne arkitektur gjer menneska triste med sine rader av blasse, standardiserte blokker, som ingen eigentleg har lyst til å bu i. Dette skaper eit bymiljø av bleike, triste fasader som både er keisame og som gjer oss ukomfortable, noko som ofte kan føre til auka hjerterytme og stressnivå (Kurzgesagt 2018).
Menneska si tiltrekking mot vakre ting stammar frå då vi nytta mønster og symmetri i naturen for å kunne overleve. Ein kan seie at dette er eit instinkt som har røter djupt inne i oss. Då menneska flytta seg frå naturen og inn i byar, var det framleis viktig med skjønnheit, men ein stad på vegen har dette vorte nedprioritert (Kurzgesagt 2018). Heilt sidan Vitruvius skreiv si bok om arkitektur for å gi kunden forståing av kvifor arkitektur var viktig, har omgrepet “det skjønne/vakre” hatt ein ikkje ubetydeleg faktor i utforming av arkitektur. Ein kan arbeide så mykje ein vil med praktiske planløysingar og vedlikehaldsfrie fasader, men dersom ein gløymer det skjønne i prosjekteringsprosessen, er sjansane dårlege for at arkitekturverket vert tatt godt imot.
Opp gjennom historia finn vi derimot forskjellige syn på kva “det vakre” vil seie. I klassisk arkitektur kan ein tydeleg sjå at ornamentering var ein viktig faktor i arkitekturproduksjon, medan Adolf Loos markerer sitt standpunkt tydeleg i essayet “Ornament is crime” frå 1910. Og allereie i 1896 skreiv Louis Sullivan det berømte uttrykket “Form ever follows function”, som vert rekna som ein katalysator for utviklinga av ein modernistisk arkitektur (Stinson, 2015).
Funksjonalisme, ei retning innan modernistisk arkitektur, var eit motsvar til nyklassisismen som hadde hatt ei oppblomstring tidleg på 1900-talet. Ein av historia si mest innflytelsesrike arkitektar, Le Corbusier, observerte at menneska generelt budde dårleg i byane slik som boligarkitekturen hadde utvikla seg. Den klassiske arkitekturen gav ikkje rom for forskjellige livsstilar og var heller ikkje veldig fleksibel. Arkitektur hadde tidlegare hatt eit veldig fokus på vakre fasader og planar som var avgrensa av at veggane i bygget måtte vere berande. Le Corbusier var ikkje nøgd med desse avgrensingane, og utvikla 5 punkt om arkitektur, der han laga heilt nye spelereglar for korleis arkitektur vert skapt. Fokuset i arkitekturen flytta seg no over på å skape ein arkitektur som auka livskvaliteten (Nordberg-Schulz, 1965).
Desse punkta legg grunnlaget for store delar av arkitekturproduksjonen ut over 1900-talet. I ein artikkel i Aftenposten frå 2018, skriv Erling Dokk Holm om den mislykka drabantbybygginga som gjekk føre seg i Oslo-områda på 1960-talet. Ammerudblokkene er eit prakteksemplar på korleis ikkje bygge gode og inkluderanade samfunn. Blokkene har store fasadeflater med eit gjentakande og minimalistisk mønster, som gjer alt anna enn å fremje individualitet. Lamellbygga stikk seg opp som store, brautande lyktestolpar og står i kontrast til det meir vellykka boligfeltet med atriumhus som ligg som næraste nabo. Begge desse prosjekta er forøvrig teikna av same arkitekt, Håkon Mjelva, som var sterkt inspirert av den “internasjonale stil” (E. D. Holm, 2018).
Samtidig som Ammerudblokkene er eit godt døme på ein funksjonalistisk arkitektur, er dei også milevis frå det som var intensjonen til Le Corbusier. I ein artikkel frå 1965 oppsummerer Christian Norberg-Schulz motivasjonen bak arbeidet til Le Corbusier: “Beyond elementary values he also wanted to give man p o e t r y. He thus said: “My search is like my feelings directed towards the primary value in life: poetry”. It is therefore a misunderstanding when Le Corbusier is regarded as a cold logician who wanted man to become a machine among machines.” (Norberg-Schulz, 1965). Dette er verdiar ein tydeleg ser i prosjekta hans, medan prosjekt frå nyare tid har glidd meir og meir ut. Tankane bak modernistiske byggverk har med andre ord vore gode, men ved å bygge enorme boligblokker med monotone fasader, som Ammerudblokkene, vert menneska som bur der redusert til maskiner som bur i maskiner.
Arkitektur kan skape verdi. Sosialboligar og boligar for asylsøkarar er også døme på boligtypar som gjer nettopp dette. I planleggingsfasa for slike bygg vert menneska som skal flytte inn ofte redusert til èin ting: flyktning eller navar. Begge desse gruppene har historisk sett hatt (og har framleis) låg sosial standard og lite økonomisk friheit. Det er desse gruppene den mislykka modernismen råkar hardast. I 1973 vart det enorme sosialboligprosjektet Pruitt-Igoe i St. Louis, Missouri rive etter å ha vore i bruk berre 19 år (Fiederer, 2017). Dette var ei enorm satsing frå staten si side for å få fjerna slumområda som hadde byrja å dukke opp i dei amerikanske byane rundt midten av forrige århundre (Fiederer, 2017). Fordelt på 33 blokker med 11 etasjer, skulle anlegget vere bolig til rundt 10 000 menneske fordelt på 2 870 leiligheiter (Fiederer, 2017). Då prosjektet stod ferdig i 1954, greidde dei ikkje å fylle opp leiligheitene, det vart ikkje nok kapital til å vedlikehalde bygga og talet menneske som ville bli buande stupte. Trappegangane utvikla seg til å vere tilhaldsstaden til gjengaktivitet, og bygga heldt fram med å forfalle grunna manglande vedlikehald. Sjølv om heile prosjektet vart fjerna, står det igjen som ein viktig del av arkitekturhistoria og fortel om den mislykka sosialboligbygginga og det som vert rekna som slutten på den modernistiske tida.
Form is function. I 2018 viste det New York-baserte designfirmaet Sagmeister&Walsh ei utstilling på MAK Vienna, der dei utforska kva som gjer skjønnheit så tiltalande (Aggarwal, 2018). Gjennom diverse sosiale eksperiment og gjennom programvare som registrerte augerørsle, observerte dei at menneske er meir tiltrekte av levande og dekorativ design, mens minimalistiske detaljer i modernistisk arkitektur har motsatt effekt (Aggarwal, 2018). Det ser altså ut til at utforming av bybiletet og omgivnader generelt spelar ei stor rolle for kor godt folk trivst i sine nærområde. Føresetnader for sosial interaksjon er til dømes eit fokus på mjuke trafikkantar og fysiske utformingar som benkar, parkar, kunst og andre attraksjonar. Ved å ta omsyn til desse, kan ein sjå føre seg at ein i tillegg til å bidra til ein auka livskvalitet får produsert spennande og innovativ arkitektur. Det eine treng ikkje gå på kostnad av det andre. Det er altså ikkje grenser for kor mange døme ein har på at modernistisk arkitektur har fungert motsett frå intensjonen sin. Likevel er dette ei retning i historia som var viktig for lausrivinga frå den klassiske arkitekturen som hadde vore regelen i århundra før dette. Sjølv om dette ikkje er ei retning som legg til rette for spontane møte mellom menneske, kan ein ikkje legge skjul på at det er nettopp denne prøvinga og feilinga som har lagt grunnlaget for nesten alt av god arkitekturproduksjon ein ser i dag. Så, korleis skal vi forholde oss til denne historia? Som arkitektstudentar er det vårt ansvar å sjå til at det bygde miljøet er stimulerande både visuelt og gjennom interaksjon. Vi må greie å ha fleire ting i hovudet på éin gong, slik at vi i tillegg til å bygge billegare og meir effektivt, greier å la det estetiske spele si rolle. Vi må ta ansvar for at den menneskelege skalaen vert inkludert i alle delar av prosjekta. Vi må spele på lag med dei nye produksjonsmåtane og nytte dei til å skape gode omgivnader som gir som for menneskelege interaksjonar. Vi må passe på at menneske får vere menneske. For å nytte ein litt flåsete klisjé: vi står på skuldrane til kjempar. God prosjektering!
Kjelder
Per Rygh (2018) funksjonalisme - arkitektur.
Tilgjengeleg frå: https://snl.no/funksjonalisme_-_arkitektur (Henta: 05.10.19) Vasundhra Aggarwal (2018) Why do beautiful things make us happy - and why does modernism make us sad? Tilgjengeleg frå: https:// www.archdaily.com/906762/why-do-beautiful-things-make-ushappy-and-why-does-modernism-make-us-sad (Henta: 05.10.19) Erling Dokk Holm (2018) I planene for Ammerud fantes en skjønnhet som aldri ble realisert. Tilgjengeleg frå: https://www. aftenposten.no/osloby/i/1kpMrG/I-planene-for-Ammerud-fantesen-skjonnhet-som-aldri-ble-realisert--Erling-Dokk-Holm (Henta: 19.10.19) Kurzgesagt (2018) Why beautiful things make us happy - beauty explained. Tilgjengeleg frå: https://www.youtube.com/watch?v=-
O5kNPlUV7w (Henta: 20.10.19) Liz Stinson (2015) Remembering the legend behind ‘Form follows
Function’. Tilgjengeleg frå: https://www.wired.com/2015/09/ man-coined-form-follows-function-born-today/ (Henta: 20.10.19) Christian Norberg-Schulz (1965) Le Corbusier in memoriam.
Tilgjengeleg frå: https://arkitektur-n.no/artikler/le-corbusier-inmemoriam (Henta: 20.10.19) Luke Fiederer (2017) AD Classics: Pruitt-Igoe housing project /
Minoru Yamasaki. Tilgjengeleg frå:https://www.archdaily. com/870685/ad-classics-pruitt-igoe-housing-project-minoruyamasaki-st-louis-usa-modernism (Henta: 20.10.19)