MAGASINET FOR JOBB & UTDANNING 2019

Page 31

Sture i Øygarden Foto: Øyvind Hagen

MANGE YRKER – ALT PÅ EIN PLASS / Ved Bernard Hansen / Equinor sine landanlegg på Kollsnes og Sture er blant Equinor sine største landanlegg i Noreg. Equinor tek i mot og foredlar olje og gass ved ei rekkje anlegg i og utanfor Noreg. Selskapet er teknisk driftsoperatør for gassprosesseringsanlegget på Kollsnes og operatør for oljemottaksterminalen på Sture. Anlegga ligg begge i Øygarden kommune, om lag 10 km frå kvarandre. Sidan 2011 har anlegga vore dreve under felles leiing, og mange av dei tilsette på Kollsnes og Sture har arbeidsoppgåver mot begge anlegg. For nokon betyr det at arbeidsoppgåvene vert meir utfordrande og varierte, og at ein får to etter måten ulike anlegg å «bryna seg på». Sidan både Sture og Kollsnes er store og komplekse anlegg, treing ein mange ulike typar kompetanse for å driva dei sikkert og effektivt. YRKER DU KAN FINNA PÅ KOLSNES OG STURE: • Prosessoperatørar • Ingeniørar innan mange ulike fag • Automatikarar • Elektrikarar • Mekanikarar • Logistikkarbeidarar • Ulike stabsfunksjonar innan HMS, administrasjon, dokumentasjon, kommunikasjon m.m. • Planleggjarar og tilretteleggjarar • Prosjektstyring m.m.

Dette er berre døme på ulike yrker der Equinor sjølv har personell til å utføra oppgåvene. I tillegg er anlegga heilt avhengige av ei rekkje leverandørar innan reinhald, vakthald, vedlikehald, stillas, inspeksjon, isolering, overflate – berre for å nemna nokre. DIN FRAMTIDIGE ARBEIDSPLASS? • Begge anlegga er i kontinuerleg endring og er til ei kvar tid avhengige av dyktige, innovative og motiverte tilsette. • Equinor Kollsnes og Sture tar kvart år inn lærlingar innan fleire fag, og er ein populær læreplass for mange. • Til alle ungdommar der ute, som står på trappa til å ta steget ut i vidare utdanning, - kanskje gassbehandlingsanlegget på Kollsnes eller oljeterminalen på Sture er din framtidige arbeidsplass? • Husk at ein jobb innan olje og gass også gir verdifull kompetanse som seinare kan nyttas innanfor annan prosess- eller kraftindustri, inkludert fornybar energi, noko som Equinor også satsar sterkt på.

31 MAGASIN FOR JOBB & UTDANNING | 2019


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.