På jakt etter ein jobb som bidrar til det grøne skiftet, og sikrar berekraftig mat for alle? Det finns eit hav av moglegheiter innan fiske. Bokstavleg talt.
Det nye flaggskipet til Liegruppen, «Libas» blir verdas mest miljøvenlege fiskefartøy.
JOBB PÅ FISKEFARTØY / Av Gunhild Lie Skålevik /
Frå Liaskjeret på Sotra har det vore drevet med fiske i meir enn 150 år. Mykje har skjedd sidan folk rodde med trebåtar frå kaien for å hiva ut fiskenøter som vart trekt opp igjen for hand. Ny teknologi og større båtar gjer at yrket ikkje er like fysisk krevjande som for 150 år sidan. Yrket tiltrekker ungdom som draumer om eit annleis yrke, i jakt på fiskestimar på opne hav. Mange som velgjer ein yrkesveg innan fiske er meir eventyrlystne og likar ein arbeidsdag som alltid byr på nye utfordringar og mykje spenning. Slagordet vårt «Tradisjon og innovasjon» forklarer godt Liegruppen si satsing innan fiskenæringa. Fiske har djupe røtter i den lokale kystkulturen på Sotra. For Liegruppen er det viktig å ta vare på denne tradi-
sjonsrike næringa, samtidig som nyskaping og innovasjon har vore nødvendig for å skape ei moderne og berekraftig bedrift. Det nye flaggskipet til Liegruppen, «Libas», blir verdas mest miljøvenlege fiskefartøy. Fiskebåten blir ein av verdas første fiskebåtar som går på flytande naturgass. Den vert også ein hybridbåt, som kan bruke batteri når den ligg til hamn. Slik vil båten få store reduksjonar i klimagassutslepp. Nye, meir moderne og berekraftige fiskebåtar skapar behov for kunnskap frå fleire yrker. Alt frå fiskarar som handterer nytt utstyr, maskinistar som kan vedlikehalde avanserte hybridmotorar, og skipparar som kan manøvrere moderne fiskebåtar. Som redar i Liegruppen, Peder O. Lie sjølv har sagt det: «Havet har alt: Mat, energi og plenty nok for mennesket å forske på. Dei som får jobbe med fiske er heldige».
41 MAGASIN FOR JOBB & UTDANNING | 2020