4 minute read
TAF - både fagbrev og studiekompetanse
Marianne Garlid Johannesen er industrimekanikarlærling ved bedrifta Framo på Askøy utanfor Bergen. FOTO: PAUL ANDRÉ SOMMERFELDT / NRK VESTLAND
TAF - både fagbrev og studiekompetanse Den beste vidaregåande utdanninga i Noreg?
/ Av Brigt Roar Skeie, TAF-koordinator på Knarvik vgs. /
Knarvik vidaregåande skule tilbyr TAF-utdanning innan elektronikk, automasjon, byggfag, helsefag og TIP. TAF står for Tekniske og Allmenne Fag. På TAF bytar elevane mellom undervisning på skulen og praksis i bedrift. Over 4 år får dei både arbeidserfaring, fagbrev og studiekompetanse med fordjuping i realfag.
Kvar haust startar rundt 60 nye TAF-elevar ved Knarvik vgs. Dei byrjar rett i praksis i bedriftene på måndagar og tysdagar. Her jobbar dei saman med fagarbeidarar. Resten av veka har dei undervisning på skulen. Første og andre året er det programfag på skulen, der elevane lærer teorien for faga som dei jobbar med i praksis. Det blir ofte gode diskusjonar rundt oppgåver elevane jobbar med. I tillegg har elevane fellesfag, der matte og fysikk kan vera utfordrande. Til no har TAF hatt over 900 elevar. Dei aller fleste har studert vidare på høgskular og universitet med utgangspunkt i fagbrevet dei fekk på TAF.
For å kome inn på TAF må søkjarar på intervju med bedrifter og kommunar. Store og små bedrifter og institusjonar i Bergen og kommunane rundt tar inn TAF-elevar. Framo og Bergen Engines har vore med på TAF sidan oppstarten. Aker Solutions og Øygarden kommune har òg vore med i mange år.
Nokre elevar som går på TAF, fekk spørsmål om kvifor dei valde TAF og korleis det er å gå på TAF. Les svara på neste side.
Elevane spelte inn video med svara. Desse videoane finn du på taf.no
Audun Haukeland (4TAF-Bygg) klar for å støype eit betonggolv hos OBAS Entrepenør.
Kvifor valde du å gå på TAF i Knarvik?
Mads Løfvenius
(2TAF-TIP/Aker Solutions, bur på Ågotnes): Eg søkte TAF TIP, fordi eg ville ha ein annleis kvardag etter ungdomsskulen.
Sondre Nilsen
(4TAF-Elektro/Clampon, bur på Bildøy): Eg var usikker på om eg skulle velje yrkesfag eller studie på vidaregåande. Då eg fant ut at eg kunne gjere begge deler gjennom TAF, var valet enkelt.
Henrik Brandtun
(4TAF-Automasjon/Framo Flatøy, bur på Austrheim): Eg valde TAF fordi eg ville ha kombinasjon av skule og jobb.
Audun Haukeland
(4TAF-Bygg/OBAS Entreprenør, bur på Landås): Eg ville ha kombinasjon av to studieløp. Det handla òg om at eg ville gjere noko unikt og annleis og at eg ville ha ein skikkeleg utfordring.
Korleis er det å gå jobb som TAF-elev?
Audun: Å gå på jobb deler av veka gjev deg variasjon. Du må tenkje på ein veldig annleis måte enn på skulen. Det vert òg stilt andre krav til måten du oppfører deg på.
Marianne Johannessen
(4TAF-TIP/Framo Services, bur i Fyllingsdalen): Det er veldig spennande å ha begge deler samtidig, fordi du då får både den teoretiske utdanninga som du får prøve i praksis og korleis arbeidslivet er.
Kva gjer du på jobb?
Mads: På jobb er eg med ein fagarbeidar. Det er veldig kjekt. Hos Aker Solutions er det vedlikehold av forskjellige tools som blir brukt i oljeindustrien.
Andrea Vindenes
(3TAF-Helse/Øygarden kommune, bur i Øygarden): På jobb får eg være med på så godt som alle oppgåver. Det er veldig spanande og lærerik. Vi får dra på forskjellige praksisplassar, både sjukeheim, bufellesskap, heimesjukepleie, og kanskje sjukehus.
Sondre: Eg er med på å produsere elektronikk, for eksempel sensorar som skal finne ut om det er sand i oljerøyr. Vanlege oppgåver på jobben kan vere å produsere ei straumforsyning, setje saman og lodde på elektronikk, eller å terminera kablar.
Henrik: Eg vedlikehald maskiner, set saman deler til store produkt, og testar produkta til slutt. Andrea: Er ikkje heilt sikker endå, går berre i andre klasse, så eg har god tid til å bestemme meg.
Henrik: Lurer på om å ta ei collegeutdanning i USA som verkar veldig spanande.
Audun: Ynskjer å studere vidare for å bli sivilingeniør og kanskje ta litt økonomi.
Marianne: Mitt mål er å bli ingeniør.
Kven vil du anbefale å søkje
TAF i Knarvik?
Andrea: Anbefaler nesten alle å søkja TAF. Både dei som vil fortast mogeleg ut i arbeidslivet, men òg dei som er veldig glad i det teoretiske, og spesielt realfag. Ein må vere motivert fordi det er utfordrande, men veldig lærerikt.
Henrik: Dei som har lyst til å vere i jobb, og samtidig få realfagskompetansen. Dei som likar matte, dei som likar fysikk, det er dei som skal søkje TAF.
Til slutt frå Audun: Eg håpar å sjå deg på TAF til neste år!