Marianne Garlid Johannesen er industrimekanikarlærling ved bedrifta Framo på Askøy utanfor Bergen. FOTO: PAUL ANDRÉ SOMMERFELDT / NRK VESTLAND
TAF - både fagbrev og studiekompetanse Den beste vidaregåande utdanninga i Noreg?
/ Av Brigt Roar Skeie, TAF-koordinator på Knarvik vgs. /
Knarvik vidaregåande skule tilbyr TAF-utdanning innan elektronikk, automasjon, byggfag, helsefag og TIP. TAF står for Tekniske og Allmenne Fag. På TAF bytar elevane mellom undervisning på skulen og praksis i bedrift. Over 4 år får dei både arbeidserfaring, fagbrev og studiekompetanse med fordjuping i realfag. Kvar haust startar rundt 60 nye TAF-elevar ved Knarvik vgs. Dei byrjar rett i praksis i bedriftene på måndagar og tysdagar. Her jobbar dei saman med fagarbeidarar. Resten av veka har dei undervisning på skulen. Første og andre året er det programfag på skulen, der elevane lærer teorien for faga som dei jobbar med i praksis. Det blir ofte gode diskusjonar rundt oppgåver elevane jobbar med. I tillegg har elevane fellesfag, der matte og fysikk kan vera utfordrande.
20
MAGASIN FOR JOBB & UTDANNING | 2022
Til no har TAF hatt over 900 elevar. Dei aller fleste har studert vidare på høgskular og universitet med utgangspunkt i fagbrevet dei fekk på TAF. For å kome inn på TAF må søkjarar på intervju med bedrifter og kommunar. Store og små bedrifter og institusjonar i Bergen og kommunane rundt tar inn TAF-elevar. Framo og Bergen Engines har vore med på TAF sidan oppstarten. Aker Solutions og Øygarden kommune har òg vore med i mange år.
Nokre elevar som går på TAF, fekk spørsmål om kvifor dei valde TAF og korleis det er å gå på TAF. Les svara på neste side. Elevane spelte inn video med svara. Desse videoane finn du på taf.no