Stig Bjørshol
Sigmund Lie Wenche Hoel Røine Trond Vidar Vedum
NYNORSK
2 Naturfag og samfunnsfag
INNHALD Naturfag Husdyr Meieri Slakteri Matplantar Test deg sjølv Sansane Auget Øyret Tunga Nasen Test deg sjølv Sola – jorda – månen Dag og natt Lys Luft Test deg sjølv Dyra om vinteren Fuglefôring Test deg sjølv Samfunnsfag Ein regel Demokrati Å stemme Test deg sjølv Eventyr Overtru Segner Mytar Test deg sjølv Reiskapar Arkeolog Istid Steinalder Test deg sjølv Globus Kart Himmelretningar Test deg sjølv
4 10 14 16 20 21 22 26 30 32 34 36 40 44 48 54 56 60 62
64 68 72 76 78 82 86 90 94 96 100 104 108 114 116 118 122 126
NATURFAG
Husdyr
Dyra på garden kallar vi husdyr. Bonden steller husdyra. Sauer og kyr bur i fjøs. Hestar bur i stall. Høner bur i hønsehus. 4
Ord å lære: husdyr, gard, fjøs, stall, hønsehus, bonde, å stelle
Korleis trur du dyra synest det er 책 kome ut om v책ren?
5
Husdyr
6
Om våren får sauen lam. Vi seier at sauen lemmar.
Husdyra er inne om vinteren. Om våren blir ungane fødde. Dei syg mjølk frå mor si. Ungen til kua heiter kalv. Ungen til hesten heiter føl. Ungen til sauen heiter lam. Ord å lære: ku, kalv, sau, lam, hest, føl, å kalve, å lemme, å suge
7
Husdyr
Sauen gir oss ull.
Kalkunen gir oss kjøt.
Grisen gir oss kjøt. 8
Geita gir oss mjølk. Høna gir oss egg.
Ord å lære: gris, geit, høne, kalkun
Kua gir oss mjølk.
9
Meieri Mjølka blir kjørt til meieriet med tankbil. Arbeidarane på meieriet lagar smør og ost av mjølka.
Ostekjele
10
Mjølka blir fylt på kartongar. Meieriet sender mjølk, smør og ost til butikken. Ord å lære: meieri, mjølk, smør, ost, kar tong
Kort sagt: Frå mjølk får vi fløyte. Den kan vi lage iskrem av.
11
Meieri I gamle dagar var det ikkje meieri. Folk på garden laga ost og smør sjølv. Dei varma opp mjølka og laga ost. Vi seier at dei ysta ost. Av mjølka fekk dei fløyte. Av fløyten laga dei smør. Vi seier at dei kinna smør.
I gamle dagar laga budeia ost på setra. Kva er forskjellen på dette biletet og biletet på side10?
12
Ord å lære: å kinne, å yste
Kor lenge sidan er gamle dagar?
DEN VESLE FILOSOFEN
13
14
Ord å lære: slakteri, slaktar, kjøt, pølser, dyreskinn
Slakteri Pü slakteriet blir dyra slakta. Slaktaren deler opp kjøtet. Slaktaren lagar pølser. Slakteriet sender maten til butikkane.
Kort sagt: Av dyreskinn lagar vi klede og skor.
Dei som slaktar dyr, kallar vi slaktarar. Kva slags dyr ser du hos slaktaren?
15
Matplantar
Potet er ein matplante. Gulrot er ein matplante. K책lrot er ein matplante. Vi kan ete matplantar. 16
Somme plantar har røter som vi kan ete.
Ord å lære: matplante, potet, gulrot, kålrot
Kort sagt: Ei stor potet gir mange poteter.
17
Matplantar
kveite
bygg
rug
Korn er ein matplante. Av korn lagar vi mjøl. Vi bakar brød og kaker av mjølet.
18
Ord å lære: korn, havre, kveite, bygg, rug
havre
såkorn spirer
kornaks
skurtreskjar
mjøl brød
19
Test deg sjølv 1
Kva for nokre av desse dyra bur på gard?
ku
elg
2 3 4 5 6 7
Kva heiter ungen til sauen? Kva heiter ungen til kua? Kvifor har vi høner? Kva kan vi bruke poteter til? Kva lagar vi av korn? Kven er vi?
8 9 10 11 12 13
Kva slags dyr kallar vi husdyr? Kva arbeider ein bonde med? Kva slags dyr bur i fjøset? Kvifor har vi sauer? Kva kan vi lage av mjølk? Kva slags kornsortar har vi i Noreg?
20
hest
rådyr
SAMFUNNSFAG
Ein regel Ein regel seier oss kva vi skal gjere. Ein regel kan seie oss kva vi ikkje skal gjere. Vi skal rekkje opp handa n책r vi vil seie noko. Det er ein regel. Vi skal ikkje sl책. Det er ein regel.
Kva ville skje dersom det ikkje fanst reglar?
DEN VESLE FILOSOFEN:
64
Vi skal bruke hjelm når vi syklar. Det er ein regel. Ord å lære: regel
65
Ein regel Vi er saman. Vi leiker inne. Vi leiker ute. Vi bruker reglar når vi leiker. Vi kan lage reglane sjølve.
66
Ord å lære: trafikkregel, fotballregel, sjakkregel, baderegel, oppførsel
Dei vaksne har laga mange reglar. Vi har trafikkreglar. Vi har fotballreglar. Vi har sjakkreglar. Vi har reglar for oppførsel.
Finst det badereglar?
67
Demokrati Alle kan vere med og bestemme. Det er demokrati.
Korleis ville det bli dersom barna kunne bestemme alt?
68
Ord å lære: å bestemme, demokrati
69
Demokrati Vi kan vere einige. Vi kan vere ueinige. Somme vil høyre eventyr. Andre vil sjü film. Vi snakkar saman. Vi bestemmer saman.
Det er demokrati.
Kort sagt: Demokrati tyder folkestyre.
70
Vi snakkar ein om gongen. Det er god oppførsel. Ord å lære: einig, ueinig, å snakke saman
71
Å stemme Vi vil leike inne!
Å stemme er å vise kva vi meiner. I klassen har alle rett til å stemme. 72
Vi vil leike inne!
Kor mange vil leike ute? Kor mange vil leike inne? Kvar skal klassen leike? Ord å lære: å stemme, å meine
73
Ă… stemme Vi kan stemme pĂĽ fleire mĂĽtar. Vi kan rekkje opp handa. Vi kan seie det vi meiner. Vi kan skrive det vi meiner.
74
Den som får flest stemmer, blir vald. Det er to lappar att i boksen. Kven blir vald til å vere troll? Ord å lære: å stemme, å velje
75
Test deg sjølv Ein regel 1 2
Kva er ein regel? Når har vi bruk for reglar?
3 4 5 6 7 8 9
Kva kallar vi reglar som gjeld i trafikken? Kva kallar vi reglar som gjeld når vi sparkar fotball? Kva kallar vi reglar som gjeld når vi spelar sjakk? Veit du om nokon reglar vaksne har laga? Kva slags reglar kan barn lage? Lag tre badereglar. Kor mange reglar kan du? Lag ei liste.
Demokrati 10 Kva kan vi gjere når alle skal bestemme og vi er ueinige? 11 Kva tyder ordet demokrati?
76