Cumulus 3 lesebok NN

Page 1

Stig Bjørshol

Sigmund Lie Wenche Hoel Røine Trond Vidar Vedum

NYNORSK

3 Naturfag og samfunnsfag

1


Hei! Visste du at denne boka er to bøker? Cumulus er både naturfagbok og samfunnsfagbok.

Somme gonger får du ekstra fakta på plakatar som er kalla Kort sagt. Og heilt nedst på mange Når du blar i boka, ser du at nokre sider av sidene er det Ord å har raud strek nedst, andre har gul strek. lære. Dei orda kan det Det som står på sidene med raud strek, skal vere lurt å øve godt på, så du kan lese og du sjå nøye på. Her kan du gå på faktajakt skrive dei og vite kva dei tyder. både i tekstane og i bileta Du kan mykje dersom du har lært deg alle fakta i raud del. Vil du vite om du har lært alt godt nok? Då kan du slå opp på sidene som heiter Dersom du rekk det, kan du prøve deg Test deg sjølv. Der er det spørsmål om det på gul del. Der er tekstane litt lengre og som står i både raud og gul del. Test deg vanskelegare enn i raud del. Også i gul del sjølv munnleg eller skriv svara dine i ei er det mange fakta å finne. bok. Nøtteoppgåver er for deg som vil ha ei ekstra utfordring. Guten eller jenta som lurer på noko heile tida, kallar vi Den vesle filosof. Kanskje du Lykke til med Cumulus! kan svare på nokre av spørsmåla? Eller kanskje du liknar litt på Den vesle filosof og har fleire spørsmål? Helsing Sigmund, Stig, Trond Vidar og Wenche

INNHALD Naturfag Blomsterplantar Bladfelling Dyrevern Veterinær Test deg sjølv Meteorolog Meteorologi Lyd Luft Test deg sjølv Skjelettet Fordøyinga Livsløp Nedbrytarar Test deg sjølv Kjeldesortering Livssyklus Test deg sjølv

2

4 10 12 16 18 20 22 26 30 34 36 40 42 44 50 52 56 64

Samfunnsfag Motting Bronsealder Langhus Sigd Ard Test deg sjølv Urfolk Test deg sjølv Landsdel Test deg sjølv Kommune Næringsliv Journalist Test deg sjølv Elv Innsjø Fjord Hav

66 70 74 78 80 82 84 86 87 90 91 94 98 102 104 106 109 110

Test deg sjølv Verdsdelar Tidsforskjell Tidssoner Test deg sjølv

114 116 128 130 132

Ordforklaringar

134


NATURFAG

3


Kort sagt: Nokre plantar har ikkje blomstrar. Mosar, bregnar og sneller er slike plantar.

4


Blomsterplantar Blomsterplantar er plantar som har blomstrar. Somme har store blomstrar, andre har små. Blomstrane har forskjellige fargar. Mange blomstrar luktar sterkt. Somme blomsterplantar har blomstrar tidleg om våren. Andre har blomstrar seinare på sommaren. Somme blomsterplantar trivst der det er tørt og mykje sol. Andre der det er fuktig og skugge. Mange blomsterplantar kan vi plukke og lage bukettar av. Desse plantane kallar vi markblomstrar.

Kvifor trur du somme plantar blomstrar tidleg om våren?

Ord å lære: blomsterplante, bukett, markblomster

DEN VESLE FILOSOF

5


Blomsterplantar Fargen og lukta på blomstrane gjer at insekta oppdagar dei. Inne i blomstrane finn insekta nektar. Nektar er ei væske som inneheld sukker. Insekta liker nektar. Etter at insekta har besøkt blomsteren, dannar han ei frukt. Inne i frukta ligg frøa. Det er desse frøa som skal bli til nye plantar.

Sommarfuglen syg nektar med ein lang snabel.

6

Kort sagt: Av nektar lagar biene honning.


Eple og appelsinar er frukter. Plommer, druer, tyttebær og blåbær er òg frukter. Mange fuglar et blåbær. Frøa kjem ut med avføringa. På den måten blir frøa spreidde.

Inne i blåbæret ligg det mange små frø.

Kvifor er blåbæra blå?

Plomma har eit stort frø som vi kallar plommestein.

Ord å lære: frukt, frø, avføring

DEN VESLE FILOSOF

7


Blomsterplantar Selje er eit tre som har blomstrar. Selje er ein blomsterplante. Selja er det treet som blomstrar tidlegast om våren. Blomstrane sit tett saman og er dekte av små og mjuke hår. Ei samling av slike små blomstrar kallar vi ein gåsunge. Selja har to typar blomstrar. Det er hannblomstrar og hoblomstrar. Hannblomstrane er gule og veks på eigne tre. Hoblomstrane er grøne og veks på eigne tre.

Hannblomster

Kvifor har dei små blomstrane i gåsungane tynne hår?

Hoblomster

8

DEN VESLE FILOSOF


Hegg

Hegg er eit tre som har blomstrar. Hegg er ein blomsterplante. Når heggen blomstrar om våren, kan heile treet sjå kvitt ut. Heggen har små, kvite blomstrar som dannar store klasar. Blomstrane luktar sterkt og lokkar til seg mange insekt. Heggen har små, svarte frukter. I ei frukt er det eitt frø. Ord å lære: gåsungar, hannblomster, hoblomster

9


10


Bladfelling Alle blomsterplantar har blad. Mange av plantane mistar blada om hausten. Når blada dett av, kallar vi det bladfelling.

Kort sagt: Selje og andre tre med store blad kallar vi lauvtre.

Om vinteren er jorda frosen, og då får ikkje planterøtene tak i vatn. For at plantane ikkje skal tørke ut, feller dei blada. Blåbær og selje er plantar som feller blad om hausten. Nokre plantar har blad heile året. Tyttebær er ein slik plante. Gran og furu har blada på heile året. Vi kallar desse blada for barnåler. Blada til tyttebær, gran og furu har tjukk hud. Den tjukke huda gjer at dei har nok vatn sjølv om bakken er frosen.

Blåbær

Ord å lære: bladfelling, å felle, lauvtre

Tyttebær

11


Dyrevern

Geiter liker å ha selskap.

Mange barn ønskjer å eige eit dyr. Somme ønskjer seg ein kanin, eit marsvin eller ein papegøye. Det er eit stort ansvar å eige eit dyr. Dyret må ha godt stell. Det må ha nok mat og drikke. Dyret må kunne røre seg slik at det trivst. Å stelle godt med dyra kallar vi dyrevern.

12

Ord å lære: dyrevern


Vi må ha god tid til å stelle med dyret. Ingen dyr trivst dersom dei blir aleine. Dyra treng omsorg og kos.

Katten kvesser klørne.

Mange menneske har som arbeid å passe på at dyr har det godt. Desse menneska arbeider i dyrevernet.

Kålblad er god kaninmat.

13


Dyrevern

Mange liker å ri og stelle hestar. Kan ein hest vere Dersom hesten skal trivast, må han ha riktig stell. slem eller snill? Vi må strigle og vaske han. Hesten må òg ha det reint og tørt i stallen. For at hesten ikkje skal bli redd, må vi vere rolege og ikkje rope høgt. I gamle dagar brukte folk hest når dei skulle reise langt, og når dei skulle frakte varer.

14

DEN VESLE FILOSOF


Hesten vart òg brukt på garden og i skogen. Dette var hardt arbeid. Derfor var det viktig at hesten fekk nok mat og kvile.

Kong Haakon 7. i hestevogn i 1906.

Mange menneske har hestar i dag òg. Dei fleste bruker hestane som ridehestar. Nokre hestar kan trenast opp til å hoppe over høge hinder. For at hestane skal løpe fort og hoppe høgt, må dei kjenne seg trygge. Vi må ikkje slå eller piske hestane. Ord å lære: strigle, galopphest, travhest

15


Veterinær Legen til dyra kallar vi veterinær. Blir dyra sjuke, kan dei få hjelp av ein veterinær. Har dyra fått sår på kroppen, kan veterinæren stelle det. Veterinæren kan gi dyra vaksine. Veterinæren kan hjelpe til ved fødslar.

16

Veterinæren kan òg stelle tenner.


Nokre veterinærar reiser rundt på gardane og ser om dyra får godt stell. Dyr treng kvile og ein god stad å sove. Om sommaren må dyra få lov til å vere ute. Dyra må kunne stå i skuggen når det er varmt. Veterinærane passar òg på at dyr som skal kjørast til slakteriet, ikkje bli redde eller har det vondt.

Kort sagt: Det er forbode å setje opp gjerde med piggtråd. Dyr kan skade seg. Ord å lære: veterinær, piggtråd, vaksine

Ein kalv blir fødd.

17


Test deg sjølv 1 2

Kva er ein blomsterplante? Kva heiter desse markblomstrane?

3 4 5 6 7 8 9

Kvifor feller selja blada om hausten? Kvifor kan tyttebærplanten halde på blada om vinteren? Kva kallar vi blada til grana? Kan du nemne namnet på nokre lauvtre? Kva må vi gjere for at eit dyr skal trivast? Kva gjer folk som arbeider i dyrevernet? Kva gjer ein veterinær?

1 2 3 4 5 6 7 8 9

Kvifor besøkjer insekt blomstrane? Kva finn vi inne i ei frukt? På kva slags måtar kan plantane spreie fruktene sine? Kvifor har tyttebær og blåbær saftige frukter med sterke fargar? Kva kallar vi blomstrane til selja? Korleis kan vi sjå om selja er ein hannplante eller ein hoplante? Kva må vi hugse på når vi skal stelle ein hest? Kva vart hesten brukt til i gamle dagar? Kva bruker vi hesten til i dag?

18


SAMFUNNSFAG

65


Motting

66


Ein motting er ein søppelplass som ein eller fleire familiar bruker. Før i tida fanst det mange mottingar. Her vart skjel kasta. Her vart bein frå dyr kasta. Her vart matrestar kasta. Her vart øydelagde klede kasta. Her vart øydelagde våpen kasta. Her vart øydelagde kokekar kasta. Noko rotna og vart borte. Noko vart att. Ein gammal motting er ein fin stad å finne spor frå fortida.

Fangsten har vore god. Stammen er samla til eit måltid. Når maten er eten, blir matrestane kasta på mottingen.

Ord å lære: motting, kokekar, spor frå for tida

67


Motting Ein arkeolog arbeider. Han grev ut ein gammal motting frå bronsealderen. Han finn bein frå torsk og sei og kveite. Han finn bein av sel. Han finn bein frå elg og hjort. Han finn restar av leirkrukker. Han finn restar av ein beinkam. Han finn ein del av ein kniv av bronse. Arkeologen finn spor frå fortida. Spora fortel om maten til dei som budde der. Spora fortel om reiskapane til dei som budde der.

Kvifor har ikkje alle familiar sin eigen motting i dag?

DEN VESLE FILOSOF

68

Ord å lære: arkeolog, leirkrukker, beinkam, bronse

Ein motting inneheld mange spor frå fortida. Han fortel om korleis folk levde på staden.


69


Bronsealder BRONSE I bronsealderen var bronse det viktigaste metallet. Bronse vart første gong brukt i Noreg for fire tusen år sidan. Bronse kan varmast til det blir mjukt eller smeltar. Då er det lett å forme. Bronse kan brukast til å lage kjelar. Bronse kan brukast til å lage knivar. Bronse kan brukast til å lage øksar. Bronse kan brukast til å lage spydspissar. Bronse er eit hardt metall. Derfor gir det gode reiskapar.

Istid

70

Steinalder

Bronsealder

Jesu fødsel

Ord å lære: bronse, bronsealder, metall, kopar, tinn

I dag


Kort sagt: N책r smelta kopar og tinn blir blanda, f책r vi bronse.

Reiskapar av bronse var betre 책 bruke enn reiskapar av stein. Dei var lettare 책 forme, og dei varte lenger.

71


Bronsealder

Gravrøys på Gurskøy, Sunnmøre

I bronsealderen vart somme menneske gravlagde i haugar. Haugane kunne vere fleire meter høge og opp til førti meter lange. Haugane ligg ofte høgt og godt synleg ut mot havet. Haugane ligg ofte i ei skråning ned mot havet.

72

Ord å lære: grav, gravhaug, gravlegging, kiste


Gravfunn frå bronsealder

Fibula, bøyle-spenne

Nøkkel

Kniv

Den døde vart lagd i ei kiste av stein. Den døde fekk med seg våpen og reiskapar. Den døde fekk med seg smykke av bronse og gull. Over kista vart det lagt sand, jord og stein. Mange må ha arbeidd med å lage ein gravhaug. Bronse og gull var verdifullt. Derfor trur vi at berre høvdingar fekk slik gravlegging.

73


Bronsealder

74

Ord ĂĽ lĂŚre: langhus, siv, eldstad


LANGHUS I bronsealderen var husa lange og smale. Dei blir kalla langhus. Langhusa hadde låge vegger. Veggene var laga av leire og tre. Langhusa hadde eit stort og høgt tak. På taket vart det lagt siv, slik at det vart vasstett. I taket var det hol, slik at røyken frå eldstaden slapp ut. Nokre langhus hadde små vindauge utan glas. Nokre langhus hadde ikkje vindauge.

Bronsealderhuset på Forsandmoen i Rogaland er nytt, men er bygd slik arkeologane trur det var ein gong.

75


Bronsealder LANGHUS Langhusa skulle ha plass til menneske og dyr. Eit langhus i bronsealderen kunne vere opp til 30 meter langt og 8 meter breitt. Langhuset var delt i to med ein låg vegg tvers over rommet. Ofte hadde kvar del sin inngang på langsidene. I den eine enden av langhuset budde menneska. I den andre enden av langhuset budde husdyra. Dei vanlegaste husdyra var sau, ku, geit, gris og hund. Midt på golvet der menneska heldt til, var det ein eldstad. Eldstaden gav varme til huset. På eldstaden vart det laga mat. Røyken gjekk ut gjennom eit hol i taket. Utanfor langhuset var det òg ein eldstad.

Kvifor budde menneska saman med dyra sine?

76

DEN VESLE FILOSOF

I langhuset budde dyr og menneske under same tak.


Ord å lære: husdyr, langside, eldstad

77


Bronsealder SIGD Ein sigd er ein reiskap som blir brukt i jordbruket. Ein sigd er ein jordbruksreiskap. I bronsealderen vart kornet skore med sigd. Sigden var liten, så det tok lang tid å skjere ein åker. Dei eldste sigdane var laga av tre og skarpe flintbitar. Etter kvart brukte ein sigdar med blad av metall.

Kornet vart skore. Kornet vart tørka. Kornet vart male til mjøl. Då kunne dei bake brød. Då kunne dei bake lefser. Då hadde familien på garden mat for vinteren.

78

Ord å lære: jordbruksreiskap, sigd, flint, metall, å male korn, å skjere ein åker


Etter at kornet var skore med sigden, vart kornet male p책 ei skubbekvern. Kvifor trur du det heiter skubbekvern?

79


Bronsealder ARD Ein ard er ein jordbruksreiskap. I bronsealderen vart jorda pløgd med ard. Ein ard er ein enkel plog. Ein ard er laga av tre. Ein ard er sett saman av fleire delar. Det var lett å skifte ut dei delane som vart slitne. Arden var ganske stor og vart dregen av ein eller to oksar. Arden var best på opne jorde. Arden var best å bruke når jorda var tørr og lett å pløye. Arden stakk ikkje så djupt ned i jorda som plogane vi bruker i dag. Eit jorde måtte ryddast for gras og tre og stein før arden kunne brukast. Då kom arden djupare ned i jorda.

80

DEN VESLE FILOSOF


Ein ard pløgde ikkje særleg djupt og var best i tørr og lett jord.

Før jordbruket levde menneska i Noreg av jakt, fiske og det dei kunne finne i naturen. Kva vart annleis då menneska tok til å dyrke jorda og halde husdyr? Ard

Ord å lære: jordbruksreiskapar, ard, plog, å pløye

81


Test deg sjølv MOTTING 1 Kva er ein motting? 2 Kva for nokre av desse tinga vil vi ikkje finne i ein motting frå bronsealderen? steinøks, pilspiss, kokekar, plastpose, spydspiss 1

Kvifor grev arkeologar i mottingar?

BRONSEALDER 1 Kvifor heiter det bronsealderen? 2 Kvifor brukte menneska bronse? 3 Kva slags ting vart laga av bronse? 4 Kvifor kallar vi husa for langhus? 5 Kva var langhusa laga av? 6 Korleis slapp røyken ut av eit langhus? 7 Kva er ein sigd? 8 Korleis fekk menneska mjøl av kornet? 9 Kvifor dyrka menneska korn? 1 2 3 4 5 6 7 8 9

82

Kva er ein gravhaug? Kvifor trur vi at berre høvdingar vart gravlagde i ein gravhaug? Kven budde i eit stort langhus? Kor stort kunne eit langhus vere? Korleis var eit langhus delt inn? Sjå på biletet side 77. Finn fire ting som vi òg bruker i dag. Kva er ein ard? Kva brukte dei ein ard til? Kvifor var arden best når jorda var lett å pløye?


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.