Cumulus 4 Arbeidsbok NN

Page 1


Næringskjede Set grøn ring rundt produsentane. Set raud ring rundt planteetarane. Set blå ring rundt kjøtetarane. Set gul ring rundt nedbrytarane. Fyll ut skjemaet.

Omgrep

Skriv ei forklaring – Kva er ein:

Produsent Planteetar Kjøtetar Nedbrytar 4

Mål: Lære om produsentar, konsumentar og nedbrytarar.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 4

27.05.2008 14:00:21


Næringskjede A Teikn ferdig næringskjeda. Set på namn.

B Desse plantane og dyra lever i skogen: tyttebær, bladlus, blåbær, rev, blåveis, skogsmaur, mus, hønsehauk, trost, hakkespett, perleugle, tiur, gaupe, marihøne, røyskatt. Lag to heilt forskjellige næringskjeder med desse plantane og dyra. Skriv namn i rutene.

C Her ser du tennene til elg, hare og rev. Forma på tennene fortel kva dyra et. Skriv kjøtetar eller planteetar ved teikningane. Skriv namn på dyra.

Mål: Lære om næringskjeder. Lære å skilje mellom planteetarar og kjøtetarar ved å sjå på tennene.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 5

5

27.05.2008 14:00:25


Galakse

12 3 4

5

6

7

8

Skriv namn på planetane. 1.

4.

7.

2.

5.

8.

3

6.

Tenk deg at det er liv på ein annan planet. Teikn og fortel.

12 Mål: Lære namna på planetane våre.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 12

27.05.2008 14:00:30


Teikn stjernebiletet ved å følgje tala. Skriv namn på stjernebileta. Orion, Sarvva, Sjustjerna

Sjustjerna Les teksten og svar på spørsmåla. Sjustjerna er ein stjernehop. Ein stjernehop er ei samling stjerner som ligg tett saman. Eit anna namn på Sjustjerna er Pleiadane. I Pleiadane kan vi sjå sju stjerner utan å bruke kikkert. Ser vi med kikkert, ser vi mange fleire stjerner. Det er kanskje 3000 stjerner i Pleiadane. Lyset bruker omtrent 400 år frå Pleiadane til jorda. Sjustjerna blir òg kalla Sju systrer. Ei gresk segn fortel om sju systrer som vart forfølgde av jegeren Orion. Dei ropte på hjelp frå guden Zevs. Han forvandla systrene til duer og plasserte dei på himmelen. Der fekk ikkje Orion tak i dei. I Amerika fortel indianarane ei segn. Sjustjerna var sju ungdommar som gjekk ein tur på himmelen. Dei fann ikkje heim att. Dei vart verande på himmelen, og samla seg i ein liten flokk. 1. Kva er ein stjernehop? ______________________________________ 2. Veit du to andre namn på Sjustjerna? __________________________ 3. Kor mange stjerner trur vi det er i Sjustjerna? ________________ 4. Kor lang tid bruker lyset frå Sjustjerna til jorda? _______________ 5. Korleis trudde indianarane at Sjustjerna vart danna? _____________ ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ Mål: Kjenne att nokre stjernebilete.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 13

13

27.05.2008 14:00:31


Stoff Kva bruker vi desse stoffa til? Set kryss ved rett svar. Salt For å setje smak på maten For å fordøye maten betre

Sement Til å støype murar Til å blande i eggedosis

Sukker For at maten skal bli flytande For at maten skal bli søtare

Fløyte Til å lage krem Til å lage lim

Mjøl Til å lage kaker og brød Til å lage kvit måling Desse orda er henta frå kapitlet om stoff på side 28 i grunnboka: jern, ruste, smelte, myrmalm, metall, utvide. Nedanfor står dei same orda, men bokstavane er blanda. Skriv orda rett i rutene.

MYLRAM

NJER 3

16 18

SMLETE

1

14 10

4

6

12

5

ERUTS 17

8

TELLAM

TUIVED 13

2

15

9

19 11

7

Under nokre av bokstavane du har skrive i rutene, står det eit tal. Dei skal du bruke når du skal finne ut kva som står i faktasetninga nedanfor. I første rute i faktasetninga set du inn bokstaven som har talet 1 under seg. Gjer det same med 2, 3 og så vidare. Faktasetning: H 1

2

3

4

14

6

7

19

5

9

10 11 17

13 14 15 16 18 18

16 Mål: Bli kjend med ulike stoff.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 16

27.05.2008 14:00:32


Stoff Les teksten og svar på spørsmåla. Mjølka inneheld mange stoff som kroppen vår treng. Somme barn toler ikkje mjølk og må derfor få i seg desse stoffa gjennom annan mat. Mjølka inneheld mest vatn, noko feitt og andre viktige næringsstoff. Det er òg vitamin og mineral i mjølka. Lèt vi mjølk som kjem rett frå kua, stå nokre dagar, flyt feittet opp. Det er fordi feitt er lettare enn vatn. Laget som legg seg oppe på mjølka, kallar vi fløyte. Gammal mjølk blir sur. Det er bakteriar som gjer at mjølka blir sur. Vi kan tilsetje andre bakteriar i mjølk slik at ho blir til yoghurt. Ristar vi fløyte lenge, forandrar han seg og blir til smør. Det er fordi vatnet blir pressa ut og feittet samlar seg. Før i tida fylte folk fløyte i høge spann av tre. Dei brukte ein lang stokk for å røre i fløyten slik at han vart til smør. Dette vart kalla å kinne smør. Varmar vi opp mjølk, blir det ost. Vi kan få gul og brun ost. 1. Kvifor er det så viktig å drikke mjølk? _____________________________________________ 2. Kva inneheld mjølk? _____________________________________________ 3. Kvifor legg det seg fløyte oppe på mjølka? _____________________________________________ 4. Kvifor blir mjølk sur? _____________________________________________ 5. Korleis kan vi lage smør? _____________________________________________ 6. Korleis laga dei smør i gamle dagar? _____________________________________________ 7. Korleis kan vi lage brunost? _____________________________________________ Mål: Lære om korleis mjølka kan forandre seg.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 17

Sveivekinne

17

27.05.2008 14:00:32


Byggjemåtar A Skriv rett namn under teikningane. Telt, lavvo, gamme, iglo, lafta hytte, blokk, hus

B Teikn eit tårn av stokkar. Teikn stokkane slik at tårnet står støtt. Kva skal tårnet ditt brukast til?

24 Mål: Lære om forskjellige byggverk.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 24

27.05.2008 14:00:38


Byggjemåtar Berømte byggverk Skriv rett namn under teikningane. Eiffeltårnet i Paris Stavkyrkje i Noreg Stor tinget i Oslo Det skeive tårnet i Pisa Peterskyrkja i Roma, Pyramidane i Egypt Den kinesiske muren

Svar på spørsmåla. 1. I kva land ligg byen Pisa? ___________ 2. Kva er byen kjend for? ___________ 3. I kva land ligg byen Paris? ___________ 4. Kor høgt er Eiffeltårnet? ___________ Klarer du desse? Sjå i leksikon eller på Internett. 1. I kva verdsdel ligg Egypt? ___________ 2. Kor lenge sidan er det at pyramidane vart bygde? ___________ 3. Kvifor vart pyramidane bygde? ___________ 4. Kva heiter den største pyramiden? ___________ 5 Kor høg er den? ___________ Mål: Å kjenne att berømte byggverk.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 25

25

27.05.2008 14:00:39


Trekkfuglar Bokfink og tjeld er to trekkfuglar. Om våren har dei sterke fargar. Fargelegg fuglane. Bruk ei fuglebok.

Bokfinkhunn

Set X bak rett svar. Spørsmål 1 og 5 finn du svar på i grunnboka. Dei andre svara må du tenkje deg fram til. 1. Kvar lever tjelden om vinteren? a I England og Frankrike. b I Afrika. 2. Kvifor har tjelden raude bein? a For å bli lagd merke til. b For å verne beina mot sola.

Bokfinkhann

3. Kvifor har tjelden så lange bein? a For å kunne ta lange steg. b For å kunne gå langt ut i vatnet. 4. Kvifor har tjelden så langt nebb? a For å snappe fluger i lufta. b For å finne mat i den blaute jorda. 5. Kvar lever bokfinken om vinteren? a I Afrika. b I Sør-Europa. 6. Kvifor har bokfinkhannen blå hette? a For at han skal lokke til seg hoa. b For at han kan gøyme seg mellom steinar.

Tjeld

7. Kvifor har bokfinken kraftig nebb? a Fordi han et frø. b Fordi han plukkar mark frå bakken. 8. Kvifor er fjørene til bokfinkhoa brune? a For at ho skal halde varmen. b For at ho skal bli vanskeleg å oppdage. 30 Mål: Bli kjend med to trekkfuglar.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 30

27.05.2008 14:00:40


Trekkfuglar Teikn inn vegen du trur tjelden flyg kvar vår. Bruk raud farge. Kva for nokre land flyg tjelden over? Bruk atlas og skriv på kartet. Teikn inn vegen du trur bokfinken flyg kvar vår. Bruk blå farge. Kva for nokre land flyg bokfinken over? Bruk atlas og skriv på kartet under.

Mål: Lære om trekkrutene til fuglane.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 31

31

27.05.2008 14:00:40


Personvern Personen som har laga denne heimesida, har ikkje lært noko om personvern. Han har lagt ut fleire personopplysningar. Kan du finne dei? Set raud strek under alle personopplysningane du finn. For OB ut bode S! bile ål på te av eggje Int a u t a e r n n d re n lø ett y ve .

Om meg Familien min Ferien min Kule bøker Det beste fotballaget i verda Kameratane mine

Dette er heimesida til den kulaste guten på Sukkertoppen skule. Dersom du spør nokon om kven det er, kjem dei til å seie at det er Sjoko Lade. Det er meg. Eg går på 4. trinn og er stor, tøff og kul. Det kan du sjølv sjå på dette biletet. Det er av meg. Det er Bolla som har teke det. Han tok det på bursdagen min då eg var 9 år. Det var eg den 14. oktober i år. Bolla er bestekameraten min. Han bur i huset ved sida av vårt. Eg bur i Godteposen 9. Bolla bur i nr. 11. Godteposen er den kulaste gata i heile byen. Byen vår heiter Konfektskål. Du kan sjå mange bilete frå Konfektskål dersom du trykkjer her. Du kan sjå bilete av Bolla og meg dersom du trykkjer her. Dersom du klikkar deg inn på andre stader på sida, kan du finne ut meir om meg. Eg har skrive om kva som er favorittbøkene mine, og kvar eg liker å reise på ferie. Og sjølvsagt om det beste fotballaget i verda. Berre klikk, så får du sjå!

Kva slags personopplysningar fann du? Skriv dei her: ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ 36 Mål: Øving i kjenne att personopplysningar.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 36

27.05.2008 14:00:50


Personvern Les heimesida til Sjoko Lade ein gong til. Skriv ho om slik at ho ikkje har med viktige personopplysningar. Du kan dikte fritt om kven og korleis Sjoko Lade er. Lag sida ferdig slik du meiner ho skal sjå ut på skjermen.

Mål: Øving i kjenne att personopplysningar.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 37

37

27.05.2008 14:00:50


Reise For å løyse oppgåva treng du kopieringsoriginal 1. Emma og Sue på tur Emma og Sue bur i Bodø. Dei går på 4. trinn og er bestevenner. Dei er nesten alltid saman. Neste fredag skal dei reise på besøk til Emmas mormor. Ho bur i Fauske. Emma og Sue skal reise med buss. Dei skal vere hos mormor til Emma frå fredag til søndag. Det er første gongen dei skal reise så langt aleine. I går sat Emma og Sue og snakka om turen. Dei snakka om kva dei skulle gjere, og dei planla kva dei skulle ha med seg på turen. – Kva for ein buss synest du vi skal ta? sa Emma. Ho hadde funne ein tabell med rutetider. No la ho tabellen på senga så dei kunne sjå på han saman. – Vi tek den første bussen vi rekk etter skulen, sa Sue. – Einig, sa Emma. Emma og Sue er heime frå skulen kl. 15.00 på fredagar. Når går den første bussen dei kan rekke etter skulen på fredag? __________________________________________________________ Mormor til Emma skal møte dei på rutebilstasjonen i Fauske. Når er bussen framme i Fauske? __________________________________________________________ Kor lang tid tek reisa? __________________________________________________________ Jentene skal reise heim med buss på søndag. Dei skal reise slik at dei er i Bodø seinast kl. 20.00. Kva for ein buss må dei ta frå Fauske på søndag ettermiddag? __________________________________________________________ Når er bussen framme i Bodø? __________________________________________________________ 50 Mål: Få øving i å lese ein rutetabell. Leite etter nødvendig reiseinformasjon på Internett.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 50

27.05.2008 14:00:52


Reise Nøtt. Klarer du denne?

Bodø-London Flyplassar+i+London Sommarferie Neste sommar skal Emma få vere med Sue og mor hennar til London. Der skal dei besøkje Sues mormor. Emma og Sue skal vere med og planleggje reisa. Dei veit at dei kan reise med ein gong skuleferien byrjar. Siste skuledag er 22. juni. Emma og Sue bruker Internett for å finne ut når det går fly til London. Kva finn dei ut? Kva heiter flyplassane i London? __________________________________________________________ Går det fly direkte frå Bodø til London? __________________________________________________________ Kva flyplassar kan dei mellomlande på? __________________________________________________________ Kor lang tid vil det ta å kome frå Bodø til London? __________________________________________________________ Jentene vil reise så billig som mogleg. Kva kostar den billigaste billetten tur-retur for éin vaksen og to barn? __________________________________________________________ Kva kostar den dyraste billetten? __________________________________________________________ Mål: Få øving i å lese ein rutetabell. Leite etter nødvendig reiseinformasjon på Internett.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 51

51

27.05.2008 14:00:52


Jernalderen – bygdeborg Les historia. Svar på spørsmåla under. Folkevandringstida Folkevandringstida er tida mellom år 400 og 800 etter Kristus. Fordi det er så lenge sidan, er det lite vi veit heilt sikkert om denne tida. Nesten ingen forteljingar frå denne perioden er skrivne ned. I folkevandringstida var det ingen mektige kongar eller keisarar som kunne halde ro og orden. Derfor vart det lettare for flokkar med krigarar å reise rundt i Europa. Krigarane rana til seg verdisaker og tok menneske til fange. Fangar kunne arbeide som slavar for krigarane, eller dei kunne bli selde. Historikarane trur at det vart for mange menneske i visse delar av Europa. Då flytta folk til stader der det var betre plass. Noreg var ein slik stad. Somme historikarar trur at det var frykta for svolt eller pest som gjorde at folk flytta. 1. Når er folkevandringstida? ___________________________________________________________ 2. Nemn minst tre grunnar til folkevandringane. ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ Teikn nokre reiskapar frå folkevandringstida.

58 Mål: Lære om bygdeborger og folkevandringstida. Trene historiemedvit. Trene lesedugleik.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 58

27.05.2008 14:00:54


Jernalderen – gardsnamn Les spørsmåla og svar på dei. Sjå i læreboka side 118 til 121. 1. Frå kva tid (historisk periode) er dei eldste gardane? ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ 2. Kva tyder gardsnamnet Bryn? ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ 3. Kvifor trur du garden Bryn vart borte? ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ 4. Kvifor kom det mange nye gardar i jernalderen? ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ 5. Kvifor slo folk seg ned ved opne enger? ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ 6. Kvifor har byen fått namnet Bergen? ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ 7. Kva er ei beitemark? ___________________________________________________________ ___________________________________________________________

Mål: Lære om gardsnamn og gardsbusetnad. Utforske kjelder.

Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 59

59

27.05.2008 14:00:54


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.