Cumulus 4 Naturfag og samfunnsfag NN

Page 1

Stig Bjørshol

Sigmund Lie Wenche Hoel Røine Trond Vidar Vedum

NYNORSK

4 Naturfag og samfunnsfag

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 1

25.03.2008 14:56:59


Hei! Visste du at denne boka er to bøker? Cumulus er både naturfagbok og samfunnsfagbok. Når du blar i boka, ser du at nokre sider har raud strek nedst, andre har gul strek. Det som står på sidene med raud strek, skal du sjå nøye på. Her kan du gå på faktajakt både i tekstane og i bileta Du kan mykje dersom du har lært deg alle fakta i raud del. Dersom du rekk det, kan du prøve deg på gul del. Der er tekstane litt lengre og vanskelegare enn i raud del. Også i gul del er det mange fakta å finne. Guten eller jenta som lurer på noko heile tida, kallar vi Den vesle filosof. Kanskje du kan svare på nokre av spørsmåla? Eller kanskje du liknar litt på Den vesle filosof og har fleire spørsmål?

Somme gonger får du ekstra fakta på plakatar som er kalla Kort sagt. Og heilt nedst på mange av sidene er det Ord å lære. Dei orda kan det vere lurt å øve godt på, så du kan lese og skrive dei og vite kva dei tyder. Vil du vite om du har lært alt godt nok? Då kan du slå opp på sidene som heiter Test deg sjølv. Der er det spørsmål om det som står i både raud og gul del. Test deg sjølv munnleg eller skriv svara dine i ei bok. Nøtteoppgåver er for deg som vil ha ei ekstra utfordring. Lykke til med Cumulus! Helsing Sigmund, Stig, Trond Vidar og Wenche

INNHALD Forord Naturfag Næringskjede Miljøvern Galakse Test deg sjølv Stoff Kroppens reaksjonar Barnesjukdommar Test deg sjølv Dinosaurar Byggjemåtar Trekkfuglar Test deg sjølv

2 3 4 8 14 22 24 32 38 44 46 52 62 66

Samfunnsfag Personvern Toleranse Test deg sjølv Gallup Lommepengar Påverknad Test deg sjølv Språk Reise Test deg sjølv Museum Test deg sjølv

69 70 75 78 80 82 86 92 94 98 102 104 109

Jernalderen Bygdeborg Gardsnamn Test deg sjølv Duodji Råvarer Test deg sjølv

110 115 118 122 124 128 132

Ordforklaringar

134

2 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 2

25.03.2008 14:57:31


NATURFAG 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 3

25.03.2008 14:57:34


Gaupa har teke eit rådyr. Rådyret kan vere ein del av næringskjeda til gaupa.

Næringskjede I Noreg har vi 84 ulike artar av pattedyr. For å vise kva dyra lever av, kan vi setje Somme et plantar, og andre et kjøt. opp ei næringskjede.

4 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 4

Ord å lære: næringskjede, ar t, pattedyr, kjøtetar, planteetar

25.03.2008 14:58:15


Er du ein planteetar eller kjøtetar?

Haren lever av plantar. Den kallar vi ein planteetar. Gaupa kan jakte på haren. Gaupa er ein kjøttetar. Gaupa et ikkje plantar. Men det må vere plantar i området for at gaupa skal kunne leve der.

Ekornet lever av både plantemat og kjøtmat. Om sommaren kan det ete hasselnøtter. Det kan òg ete egg og fugleungar. Om vinteren et ekornet frø frå gran- og furukonglar. Ekornet er både ein planteetar og ein kjøtetar.

5 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 5

25.03.2008 14:59:07


Næringskjede

Plantane kallar vi produsentar. Dyra kallar vi konsumentar. Ei næringskjede byrjar alltid med produsentar og held fram med konsumentar.

6 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 6

Kongeørna har teke ein raudrev. Kongeørn er ein konsument.

Det kan vere mange ledd i ei næringskjede.

Ord å lære: produsent, konsument, nedbrytar, næringskjede, næringsnett

25.03.2008 14:59:29


Næringsnettet til raudreven. Kor mange næringskjeder kan du finne?

Når plantar og dyr døyr, blir dei etne av bakteriar og soppar. I denne samanhengen kallar vi dyr, bakteriar og soppar for nedbrytarar. Det er bakteriar og soppar som gjer at plantar og dyr rotnar.

Raudreven lever i skogen, på fjellet og i nærleiken av der folk bur. Han et forskjellig mat. Set vi saman mange næringskjeder, kallar vi det eit næringsnett. På teikninga kan du sjå næringsnettet som raudreven er ein del av.

7 17650 Cumulus 4 NN.indd 7

02.04.2008 08:37:17


Miljøvern

Snøugla er ein av dei mest sjeldne fuglane i Noreg. Den matar ungane sine med mus.

Miljøvern vil seie å ta vare på naturen. Ein måte å gjere dette på er å frede naturområde. Vi syter for at miljøa der plantar og dyr lever, ikkje blir øydelagde. I område som er freda, kan vi ikkje lage nye vegar eller hytter som forstyrrar dyrelivet. Det er spesielle reglar for jakt og fiske. Det er òg strenge reglar for bruk av snøscooterar og andre kjøretøy.

8 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 8

Store område som er freda, kallar vi nasjonalparkar. Mindre område kallar vi naturreservat. Hardangervidda er ein nasjonalpark. Her ønskjer vi å ta vare på villreinen. Åkersvika i Mjøsa ved Hamar er eit naturreservat. Her ønskjer vi å ta vare på symjefuglar og vadefuglar.

Ord å lære: miljøvern, å frede, nasjonalpark, naturreservat

25.03.2008 15:01:05


Kort sagt: Den første nasjonalparken vart oppretta i USA i 1872. Han heiter Yellowstone nasjonalpark.

Nordvest-Spitsbergen Indre Wijdefjorden Nordvest-Spitsbergen Forlandet Nordre Isfjorden IndreSassen-Bünsow Land Wijdefjorden Nordenskiöld Forlandet Nordre Land Isfjorden Sassen-Bünsow Land

Varangerhalvøya Seiland

Sør-Spitsbergen Nordenskiöld Land

Stabbursdalen

Sør-Spitsbergen

Øvre Pasvik

Reisa

Svalbard

Ånderdalen Øvre Dividal

Møysalen

Øvre Anárjohka

Rago Saltfjellet Svartisen

Nasjonalparkane i Noreg er merkte med grønt.

Junkerdal

Børgefjell

Blåfjella Skjækerfjella

Skarvan og Roltdalen

Lierne

Øvre Pasvik nasjonalpark ligg i Finnmark fylke. Her skal vi ta vare på gammal furuskog og eit rikt plante- og dyreliv.

Forollhogna Dovrefjell Sunndalsfjella Reinheimen Dovre Jostedalsbreen

Rondane Jotunheimen

Femundsmarka Gutulia

Den første nasjonalparken i Noreg var Rondane nasjonalpark. Han vart oppretta i 1962.

Ormtjernkampen

Folgefonna

Hallingskarvet Hardangervidda

På Svalbard er det sju nasjonalparkar som skal verne naturen langt mot nord.

9 19221 Cumulus 4 NN.indd 9

06-10-08 10:12:06


Miljøvern

10 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 10

Havørna et mykje fisk. Somme gonger kan ho angripe husdyr. Tidlegare fekk folk pengar for å skyte havørn. Havørna vart nesten utrydda i Noreg. I 1968 vart ho freda. I dag er det om lag 3000 par i Noreg.

Ord å lære: å utrydde, havørn, fjellrev, villrein, marisko

25.03.2008 15:01:14


Tidlegare var fjellreven vanleg i Noreg. På grunn av den fine pelsen vart det drive jakt på han. Han vart nesten

utrydda. Fjellreven vart freda i 1930. I dag er det om lag 50 fjellrevar i Noreg. Noreg er det einaste landet i Europa der det lever villrein. Derfor har vi eit spesielt ansvar for å ta vare på dette dyret. Vi må syte for at reinen har store område å beite på. Villreinen må ikkje bli forstyrra når han har små kalvar. Marisko er ein sjeldan plante i Noreg. Han har fått namnet sitt fordi blomsteren liknar ein tresko. Det er ikkje lov å plukke han. Marisko er freda.

Marisko

11 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 11

25.03.2008 15:01:54


Miljøvern Fleire land i Afrika har store nasjonalparkar for å verne om dyrelivet. Mange nasjonalparkar er savannar. Savannar er store sletter der det veks gras og nokre store tre. Her er det eit rikt dyreliv. Antiloper, sebraer og elefantar beiter på graset. Sjiraffar beiter i trea. Rovdyr som løver og gepardar jaktar på planteetande dyr. Jegerar jakta på elefanten på grunn av dei verdifulle støyttennene. Det førte til at han nesten vart utrydda. Elefantjakt er ulovleg. I nasjonalparkane er det viltvaktarar som passar på at elefantar og andre dyr ikkje blir skotne.

Har det noko å seie for oss i Noreg dersom elefantane i Afrika skulle døy ut?

På savannane er det òg eit rikt fugleliv. Strutsen kan vege 150 kilo og er så tung at han ikkje kan flyge. Mange norske trekkfuglar overvintrar på savannane.

Turistar frå heile verda reiser til Afrika for å oppleve naturen der.

12 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 12

Ord å lære: savanne, elefant, sjiraff, sebra, antilope, løve, gepard

25.03.2008 15:03:09


Sjiraff Sjiraffen kan bli 5 meter høg. Dei lange beina og den lange halsen gjer at sjiraffen kan beite i toppen av høge tre. Når sjiraffen drikk, sprikjer han med frambeina for å nå ned til vatnet. Elefant Elefanten er det største dyret som lever på landjorda. Elefanten treng meir enn 150 liter vatn om dagen. I ein slurk får han i seg mellom 4 og 8 liter. Sebra Sebraen lever i store flokkar. Dei svarte og kvite stripene gjer at han ikkje er lett å oppdage for rovdyr. Sebraen er i slekt med hesten. Antilope På savannane lever det mange forskjellige antiloper. Dik-dik er den minste antilopa og veg berre 5 kilo. Når ein dik-dik blir skremd, spring han i sikksakk og plystrar. Gepard Geparden er eit av dei raskaste rovdyra i verda. Når han jaktar, kan farten bli over 100 km i timen. Når geparden skal kvile, klatrar han ofte opp i eit tre. Herfrå ser han jaktområdet sitt.

Elefant

Sebra

Dik-dik

Gepard

13 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 13

25.03.2008 15:03:58


Galakse Ein galakse er ei samling av stjerner. Sola er ei stjerne, og ho gir oss lys og varme. Ser vi opp mot himmelen ein klar og mørk vinterkveld, ser vi mange bitte små lys. Det er stjerner som er langt, langt borte. Sola og alle dei andre stjernene vi ser, høyrer med til ein galakse. I tusenvis av år har menneske studert stjernehimmelen. Mange syntest at stjernene danna forskjellige figurar, og dei sette namn på dei. Desse figurane kallar vi stjernebilete.

Slik kan stjernehimmelen sjå ut ei vinternatt.

14 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 14

Ord å lære: galakse, stjernebilete

25.03.2008 15:05:46


15 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 15

25.03.2008 15:06:05


Galakse I gamle dagar trudde grekarane på mange gudar. Dei laga mange mytar om det dei såg på natthimmelen. Ein slik myte er forteljinga om Orion: Orion var ein flink jeger. Artemis var ei gudinne. Ho fekk månen til å lyse. Artemis vart forelska i Orion, slik at ho gløymde å lyse opp natthimmelen. Broren til Artemis likte ikkje dette. Ein dag såg han at Orion sumde langt ute i havet. Broren fekk henne til å skyte på det som rørte seg. Artemis visste ikkje at det var Orion. Orion vart drepen og flaut inn til land. Då skjøna Artemis kva ho hadde gjort. Ho vart svært lei seg og plasserte Orion på himmelen. Orion er eit stjernebilete vi kan sjå om natta.

16 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 16

Kvifor laga folk i gamle dagar mytar om det dei såg på natthimmelen?

Om stjernebiletet Sarvva: Det viktigaste stjernebiletet for samane var Sarvva. Sarvva tyder ”elgen”. Det finst fleire historier om jakt knytte til dette stjernebiletet. I tidlegare tider brukte samane i Finnmark Sarvva som klokke. Om vinteren stod Sarvva omtrent rett over hovudet på folk tidleg om kvelden. Seint på natta stod det lågt på himmelen i nord.

Ord å lære: grekar, mytar, Orion, Sarvva

25.03.2008 15:06:46


Det er laga mange mytar om månen

Ser vi på fullmånen ein klår vinterkveld, vil vi oppdage nokre mørke flekker på han.

Dei mørke flekkene på månen er store fordjupingar i overflata.

17 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 17

25.03.2008 15:07:28


Galakse

Kvifor kallar vi vår galakse for Mjølkevegen?

Alle stjerner er kuler av glødande gass. Nokre stjerner kan ha ein temperatur på overflata på om lag 3000 grader. Dei ser raude ut. Andre stjerner er blå. Dei blå stjernene har ein temperatur på over 10 000 grader. Nesten alle stjernene vi kan sjå frå jorda, høyrer til ein galakse som vi

18 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 18

kallar Mjølkevegen. Sola vår høyrer med til Mjølkevegen. Med ei romferje vil det ta 160 000 år å nå fram til den stjerna som ligg nærmast vår sol. Utanfor Mjølkevegen er det millionar av andre galaksar.

Ord å lære: gass, å fordampe, Mjølkevegen, stjerneskot, komet, nordlys

25.03.2008 15:07:49


Komet

Stjerneskot Somme gonger kjem det steinar inn i atmosfæren. Desse steinane kallar vi meteorar. Meteorane brenn opp. I gamle dagar trudde ein at dette var stjerner som fall ned. Derfor vart det kalla stjerneskot. På visse tider av året kan vi sjå svært mange stjerneskot. Dette kallar vi meteorsvermar. Kometar Somme gonger kan vi sjå ein lysande gjenstand med lang hale på himmelen. Dette kan vere ein komet. Kometen er ei stor kule av is og støv. Når kometen er nær sola, smeltar overflata og

fordampar. Dette lagar ein hale av damp og støv. Ein komet får ofte namn etter personen som oppdagar han. Nordlys Om natta kan vi stundom sjå lys som flyttar seg på himmelen. Dette kallar vi nordlys. Nordlys kjem av små partiklar som blir slengde ut frå sola. Når partiklane råkar atmosfæren, blir det nordlys. Nordlys kan ha ulike fargar. Dei vanlegaste fargane er raudt og grønt. Somme gonger kan nordlyset sjå ut som bølgjer på himmelen. Di lenger nord i Noreg vi kjem, di sterkare er nordlyset.

19 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 19

25.03.2008 15:08:16


Galakse

Jupiter Saturn

Merkur

Venus

Jorda

Mars

Jorda går i ein bane rundt sola. Vi kallar jorda ein planet. Eit anna namn på jorda er Tellus. Rundt sola går det åtte planetar. Sola og planetane kallar vi eit solsystem. Planetane er svært forskjellige. Jorda er den einaste planeten vi veit det er liv på. Forskarar undersøkjer om det er liv på andre planetar. Jupiter

20 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 20

Ord å lære: solsystem, Tellus, Jupiter, Venus, Mars, Saturn

25.03.2008 15:10:07


Venus

Venus er ein planet som lyser kraftig tidleg på kvelden. Han står lågt på kveldshimmelen før det har vorte skikkeleg mørkt. Derfor kallar somme han kveldsstjerna. Mars

Uranus

Neptun

Jupiter er den største av alle planetane. Det er plass til 1400 jordklodar inne i han. Rundt Jupiter er det oppdaga 63 månar. Kanskje er det fleire. Med ein kikkert kan vi sjå fire av månane. Saturn er den nest største av planetane. Det meste av planeten er is. Rundt Saturn kan vi sjå nokre lyse ringar. Ringane er bitar av is og stein. Forskarane trur at nokre av bitane kan vere så store som hus.

Mars blir ofte kalla den raude planeten. Han ligg nærmast jorda. Overflata på Mars er ganske lik overflata på jorda. Temperaturen liknar òg mykje på den vi har på jorda. Forskarane har funne vatn på Mars. Då kan det òg vere liv der. Tenk deg at det er liv andre stader enn på jorda. Korleis ser det ut der?

21 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 21

25.03.2008 15:11:00


Test deg sjølv Næringskjeder 1 Kan du namn på nokre pattedyr? 2 Nemn nokre dyr som lever av plantar. 3 Nemn nokre dyr som lever av kjøt. 4 Kva tyder ordet miljøvern? 5 Kva er ein nasjonalpark? 6 Kva er eit naturreservat? 7 Kvar i Europa lever villreinen? 8 Veit du om fuglar som legg egga sine i hole tre? 1 2 3 4

Lag ei næringskjede frå skogen. Kva er eit næringsnett? Lag ei teikning. Nemn døme på produsentar. Nemn døme på konsumentar.

Galakse 1 Kva er ein galakse? 2 Kva er eit stjernebilete? 3 Kva er Orion? 4 Kor mange planetar går det rundt sola vår? 5 Skriv namnet på nokre av dei. 6 Kva heiter den største planeten som går rund sola? 7 Kva heiter planeten som det er ringar rundt? 8 Kan du eit anna namn på Venus?

22 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 22

25.03.2008 15:11:33


SAMFUNNSFAG

69 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 69

25.03.2008 15:39:08


Jernalderen Jernalderen er den tida då jern var det viktigaste metallet i landet. Jernalderen byrjar år 500 før Kristus og varer i over tusen år. I jernalderen budde bøndene i langhus. Ofte var det to langhus på kvar gard.

Reiskapar av jern var lette å halde skarpe. Arbeidet med å skjere korn gjekk mykje raskare enn før. Det vart lettare å felle store tre, og det gjekk raskare å rydde jorda for røter og stein. Pilspissar og spydspissar av jern gjorde det lettare å drepe dyr under jakt.

Dei første reiskapane og våpna av jern kom til landet gjennom handel. Etter kvart lærte også folk i Noreg å lage reiskapar av jern. Jern fanst det i myrar over heile landet.

Det kom nye våpen av jern. Førte dei til meir fred, eller førte dei til meir ufred?

Jern var billigare enn bronse, og det var sterkt og lett å forme. Etter at jernet vart teke i bruk, vart bronse nesten berre brukt til smykke. Steinreiskapane gjekk heilt ut av bruk.

Jesu fødsel

Istid

110

Steinalder Bronsealder Jernalder

I dag

Jernet gav nye og betre reiskapar og våpen.

Ord å lære: jern, jernalderen, før Kristus, handel, våpen

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 110

25.03.2008 15:58:31


Ord å lære: sigd, økseblad, hakke, pilspiss, spydspiss, sverd

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 111

111 25.03.2008 15:58:43


Jernalderen I jernalderen fann folk nokre små, raudbrune klumpar i myrane. Klumpane inneheldt jern. Vi kallar det raudbrune stoffet for myrmalm. Store omnar vart bygde ved myrane, og myrmalmen vart varma opp. Når temperaturen i omnane vart høg nok, skilde jernet seg ut, slik at det kunne hentast ut av omnane. Slike jernomnar fanst det mange stader i landet. Restane etter smeltinga kallar vi slagg, og framleis kan vi finne store haugar av slagg frå jernalderen. I Meråker i Nord-Trøndelag er det funne mange slike slagghaugar. Her er det spor etter om lag 50 stader med jernomnar. Smeden var ein viktig mann. Smeden var den einaste som kunne lage gode våpen og reiskapar. Han hadde ein tung og varm jobb. Mange var litt redde for smeden, for han var ofte stor og kraftig. Smeden kunne lage farlege våpen.

112

Jernsmelting i Trøndelag, ca år 200. Mange menn var i arbeid rundt dei fira omnane. Merk all veden som gjekk med

Ord å lære: myr, myrmalm, trekol, slagg, jernstykke, smed, å smi

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 112

25.03.2008 15:59:43


113 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 113

25.03.2008 16:00:02


114

Ord ĂĽ lĂŚre: bygdeborg, folkevandringstida, ufred, krig, krigarar

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 114

25.03.2008 16:00:52


Jernalderen Bygdeborg Ein del av jernalderen kallar vi folkevandringstida. Då vandra flokkar av krigarar og bønder over heile Europa. Somme søkte etter ein ny stad å slå seg ned, medan andre søkte rikdom og makt. Folkevandringstida var ei tid med krig og ufred. Noreg var ikkje som i dag. Det var ingen grenser, ingen konge, ingen soldatar eller politi. Folk i bygdene var derfor ofte trua av vandrande flokkar av krigarar. Dei var redde for å bli drepne eller tekne til fange som slavar. Dei var òg redde for at fienden skulle stele husdyra. Derfor søkte bygdefolket tilflukt på høgder som låg midt i bygda, når fare trua. Ei slik høgd hadde bratte sider, slik at det vart vanskeleg for krigarane å angripe. Der vart det laga murar av stein og stokkar. Høgda hadde god plass til menneske og dyr, og ho hadde ofte ein brønn. Ein slik stad kallar vi ei bygdeborg. Folk i bygda på veg opp til bygdeborga

Ord å lære: rikdom og makt, flokk, slave, høgd, mur, å angripe, brønn

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 115

115 25.03.2008 16:01:11


Jernalderen Bygdeborg I Siljan i Telemark ligg det ei gammal og overgrodd bygdeborg. Ho er éi av tretti bygdeborger i Telemark. Arkeologar har undersøkt ho, og dei fann ut at ho vart brukt i folkevandringstida. Dei fann òg ut at ho hadde vore i bruk i tusen år. Bygdeborga ligg på ei halvøy som stikk ut i ein liten innsjø. På tre sider er det bratte stup ned mot vatnet. På den fjerde sida har det vore murar av stein. Det har kanskje òg vore ein mur av stokkar. Slike stokkar var oftast spisse i toppen. Området innanfor muren var nesten hundre meter langt og femti meter breitt, så her var det god plass. Alle buskar og tre utanfor borga blei brente. Når folk i Siljan vart varsla om fare som nærma seg, drog alle menneska inn i borga. Dei tok med seg husdyr, mat, vatn og verdisaker. Fienden kunne brenne avlingar og hus, men prøvde nokon å ta seg inn

116

i borga, ville dei bli møtte av ei skur av piler, spyd og steinar.

Ord å lære: Siljan, Telemark, halvøy, innsjø, stokk, angriparar, avling, ei skur

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 116

25.03.2008 16:01:25


TELEMARK

Restar av ei bygdeborg fr책 Siljan i Telemark. I dag er det stille og vakkert, men eingong har det nok vore krig her.

Siljan

117 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 117

25.03.2008 16:01:36


Jernalderen Gardsnamn Alle gardar har eit namn. Namnet kjem ofte frå staden der garden ligg. Foss er namnet på ein gard i Solør. Det heiter han fordi han ligg ved ein foss i Glomma. Gardsnamnet fortel noko om garden. Dei eldste gardane i Noreg er frå bronsealderen. Nye reiskapar av jern gjorde det lettare å drive jordbruk i landet, og det vart bygd mange nye gardar. Folk rydda nye jordstykke og dyrka meir korn. Folketalet voks. Mange gardar i Noreg er frå jernalderen. Staden Bryn i Oslo har fått namnet sitt frå garden Bryn. Bryn er eit gammalt namn frå jernalderen. Namnet er sett saman av to ord: bru-vin. Bru tyder bru, som i dag. Vin tyder naturleg eng eller beitemark. Namnet Bryn fortel oss at her var det ei bru og ei eng ein gong i jernalderen. Nokre gardar blir nedlagde, men ofte lever namnet vidare. Gardsnamn kan derfor fortelje oss om fortida. Til dømes kjem namnet Bergen frå garden

118

Bjørgvin. Bjørgvin tyder enga mellom fjella.

Ord å lære: gardsnamn, vin, eng, beitemark, Solør, Glomma, Bryn, Bjørgvin

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 118

25.03.2008 16:01:58


Det tok lang tid 책 rydde ein gard og 책 reise alle hus som ein trong.

119 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 119

25.03.2008 16:02:14


Jernalderen men nokre stader i skogen var det opne grasenger. Bøndene rydda engene for gras og steinar. Dei brende i skogen og rydda vekk stubbar og røter. Slik fekk dei meir jord å dyrke. Ein av dei første gardane på staden fekk namnet Asker. Mange trur namnet kjem av at det var mange asketre på staden. Asketreet vart rekna som heilagt, så det var eit flott namn.

AKERSHUS Asker

Gardsnamn Ein gong kom den første flokken av bønder til Asker i Akershus. Dei var på leiting etter ein stad dei kunne slå seg ned. Kanskje var dette tidleg i jernalderen. Då hadde staden ikkje noko namn vi kjenner i dag. Kanskje hadde han ikkje noko namn i det heile teke. Den gongen var det ingen gardar i Asker, og ingen menneske budde der fast. Det må ha vore tette skogar der,

120

Jorda i Asker var god til jordbruk, og etter kvart som åra gjekk, flytta fleire familiar til staden. I løpet av jernalderen vart det bygd om lag åtti gardar i Asker. Gjennom fleire hundre år vart nye stader rydda og ny jord dyrka i dette området. Garden Asker hadde vorte til bygda Asker. Nokre av dei nye gardane i Asker var Skaugum, Sem og Torstad. Desse gardane er alle frå jernalderen. Ein enkelt gard vart med tida til ei stor bygd der det bur mange menneske. Gården Skaugum blei rydda i jernalderen.

Ord å lære: Asker, Akershus, skogbrann, ask, heilag, bygd

8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 120

25.03.2008 16:02:35


Kvifor trur du flokken med bønder var pü leiting etter ein ny gard?

121 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 121

25.03.2008 16:02:36


Test deg sjølv Jernalder 1 Kvifor heiter det jernalderen? 2 For kor mange år sidan byrja jernalderen? (omtrent kor mange år) 3 Nemn ti gjenstandar som vart laga av jern. 4 Kvifor slutta menneska med å bruke bronse til reiskapar og våpen? 1 2 3 4

Kva er myrmalm? Kva er ei myr? Kvifor finst det så mange slagghaugar rundt i landet? Beskriv arbeidet til smeden.

Bygdeborg 1 Kva er ei bygdeborg? 2 Kvifor trur du det heiter folkevandringstida? 3 Sjå på tidslinja nedst på sida. Når var folkevandringstida? 4 Nemn ting som var annleis i Noreg i folkevandringstida enn i dag. 1 2 3 4

Kor mange bygdeborger finst det i Telemark? Korleis såg bygdeborga i Siljan ut? Skriv fire faktasetningar. Kvifor måtte det vere god plass i ei bygdeborg? Kva måtte dei ha med seg i bygdeborga når dei flykta dit?

Jesu fødsel

Istid

Steinalder Bronsealder Jernalder

Folkevandringstida

I dag

122 8203312021_Cumulus4_nyn_M.indd 122

25.03.2008 16:03:01


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.