der_ingen_skulle_tru

Page 1


oddgeir bruaset

| tor sivertstøl (foto)

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu iii


meløyvær litløy fyr

lysvatnet

ytste skotet

litle færøyna svinøyna

vikabråten mælen skrepprud

aldalen

røysland

skindalen


innhald

5

forord

6 aldalen Fabrikk på veglaus gard

22

svinøyna Ein rik manns enkle liv

44

skrepprud Fødd gammal

64

litløy fyr Med dragning mot havet

82 lysvatnet «Verst var det å sende ungane ifrå seg»

102

meløyvær Ho steller til selskap åt seg sjøl

120 litle færøyna Ny vin på gamle flasker

138 mælen Arven

154 røysland «Eg bruker like mange veker på slåtten som andre bruker dagar»

172 skindalen Reinsdyrkalven som vart åleine

190 vikabråten Rikt liv med enkle middel

206 ytste skotet Fjellhyllekvinna

226 60 stader, 60 program Kva har hendt i ettertida?


4

|

der ingen skulle tru at nokon kunne bu


forord Bilde av stader «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har rulla over fjernsynsskjermane i 10 år. 60 program er sende, og enno er det ikkje slutt. Ingen drøymde om at serien skulle leve så lenge då vi starta, at programma skulle vekkje så stor interesse. Og det er grunn til å spørje kvifor det gjekk som det gjorde. Kanskje er det noko i vår rastlause tid, i vår stressande kvardag, som får oss til å lengte tilbake til eit enklare liv, til ein stad der tida står still og vi kan sanse meir av det som lever og gror? Eller kanskje er det folket som talar til oss, desse rotekte menneska som snakkar frå hjartet, som er seg sjølve, og som står for verdiar og haldningar som vi gjerne trur høyrer fortida til, men som er det mest slitesterke når det kjem til stykke? Det er avgrensa kor mykje vi kan få med frå eit menneskeliv og historia om ein stad i eit halvtimes program. Det må bli brotstykke. Mykje spennande stoff, mange merkelege hendingar og interessante tankar må vi la liggje. I ei bok er det plass til mykje meir. Her kan vi fylle ut bildet, gje bakgrunnen, trekkje linene, utdjupe historiene, fortelje om møta og krydre framstillinga med underfundige episodar. Det er nok å ta av. Og det er det vi har prøvd å gjere i denne boka, som i dei to føregåande. Det som står skrive om dei utvalde stadene, er ingen reprise på programma, men ei vidareføring. Dei fleste av dei 12 stadene som er omtala, er frå program som er sende dei tre siste åra. Ein stad ligg lenger bak i tid, ein annan står på sendeplanen neste år. Sidan denne boka truleg blir den siste om serien, og sidan ho markerer eit lite jubileum – 10 år og 60 program – har vi lengst bak i boka gjeve eit oversyn over alle programma som er sende, og ei kort oppsummering av situasjonen på den einskilde staden i dag. Kven har flytt, kven har gått bort, og kva har skjedd med dei som er att? Stadene som er omtala, er spreidde over heile landet, frå ytst til inst. Alle dei vi har spurt om å få skrive om, har takka ja utan å blunke. Vi takkar dei for at vi har fått høve til å komme dei nære, og for tilliten som dei med det har vist oss. Samstundes ønskjer vi at tankane, hendingane og historiene dei fortel om, vil ha noko å seie kvar av oss. Ofte handlar det om livet, om måten vi lever det på. Takk også til andre som har hjelpt oss med utfyllande stoff og interessante bilde. Dei aller fleste fotoa frå nyare tid, er tekne av vår faste fjernsynsfotograf, Tor Sivertstøl – til liks med bilda i dei to føregåande bøkene. Vi vonar at menneska de møter, og historiene de får høyre, vil gje dykk glede, inspirasjon og ettertanke.

Til venstre: Eg lèt meg stadig fascinere og imponere over den evna folk har til å finne ein plass og tilpasse seg. Bildet er frå vegen mot Røysland i Lund kommune i Rogaland.

ålesund, mai 2012 Oddgeir Bruaset

Forord

|

5


6

|

der ingen skulle tru at nokon kunne bu


aldalen

Fabrikk på veglaus gard

aldalen

To menneske vandrar tagale over flate marker medan skumringa legg seg over dalen. Dei har vore i fabrikken og sett Dagsrevyen, og dei treng turen heim att for å få alle inntrykk av vald og vondskap i verda ut av kroppen, seier Per. Han går føre, Margot stavrar etter. Beina er ikkje som før, ikkje balansen heller, og ikkje minnet. «Eg er så glad i han Per,» seier ho med eit breitt smil. Han hjelper henne opp trappa og inn til kveldsbordet.

Ein einsleg, veglaus gard i fjella nord for Bolstadøyri i Voss kommune.

¥

Ein 1600 meter lang taubane er livsnerven for folket i Aldalen. Først i 1994 vart den 3, 5 kilometer lange gangstigen så mykje utbetra at ein sekshjuling kunne ta seg til gards.

Dei er dei to einaste i den veglause dalen, og det spørst kor lenge dei kan bli. Mange som er langt friskare enn Margot, har fast plass i sjukeheimar eller omsorgssenter. Men Per vil ikkje høyre på slikt. «Det er ikkje lommer i likskjorta,» seier han, når vi dagen etter sit ved stoveveggen og snakkar om den ukjende framtida. «Vi får ingenting med oss. Derfor skal eg bruke pengane til å leige den hjelpa Margot treng, slik at vi kan bli.» Dei elskar dalen og garden dei kom til. «Grasstråa stod og duva i vinden, det var som om dei nikka og helsa oss velkomne. Vi såg utover flate vollar, og det kjendest som om vi var på prærien. Dette var vårt rike.» Det var sommaren 1968. No er det hausten 2010. 42 år har gått, og sola er i ferd med å bli borte frå dalen.

¥

Næringsgrunnlaget er sauehald og suvenirproduksjon.

¥

Her lever to eldre menneske, men kona er pleietrengande. Sjølv om mannen har teke seg av henne på ein rørande måte, blir behovet for å vere på ein sjukeheim større og større.

bygut, forretningsmann og bonde 76 år gamle Per Bjørvik har heile livet vore friluftsmann, og heilt sidan guteåra har han drøymt om å bli bonde, endå han var fødd i byen. Han voks opp like ved Nygårdsparken i Bergen, men brukte sommarferiane til fisking på Grimstadfjorden ute ved Haakonsvern og til turgåing i fjella. Han gjekk handelsgymnas, men i fritida bygde han kano saman med kameraten Christian. Og rett etter eksamen drog båtbyggjarane på padletur til Indre Troms og Norrbotns län. Dernest venta verneplikta, og som soldat og seinare offiser i kløvkompaniet i Brigade Nord vende han tilbake til dei traktene han hadde vore på sommaren før. «Vi bygutane heldt oss til hestane,» seier han. Samstundes hadde han også meir urbane interesser, med særleg sans for kjøp og sal og handel. Vegen gjekk til Tyskland, og til handelskurs i Bremen. Etterpå skulle den

Aldalen

|

7


teoretiske kunnskapen prøvast ut i praktisk handelsverksemd. Offisielt skulle han tene pengar så han kunne kjøpe seg ein gard. Han kjøpte inn prøveparti av ulike gåveartiklar og tok dei med ut for å teste marknaden. Dei varene som gjekk best, kjøpte han så inn større kvanta av og selde vidare. Nokså fort tok han seg sørover til Bayern. Han likte både folkelynnet og landskapet betre der, og dessutan kom han nærare Alpane. Omsider vende han nasen mot nord for å føre handelskarrieren vidare her heime. Han kjøpte seg motorsykkel, eller skuter, plasserte ein prøvekoffert med diverse suvenirar bakpå og drog ut på norske sommarvegar i regn og blest. Framfor kvar butikk tok han regntyet av, retta på sveisen, og med koffert i hand og tversoversløyfa på plass under snippen på kvitskjorta gjekk han inn og bad om å få snakke med butikksjefen. Dette var på slutten av 50-talet, og fort oppdaga han at fat av tinn og aluminium var i vinden. Dette sette han på ein ny idé. Han skaffa seg eit lokale i Bergen, installerte ei hydraulisk presse og starta sin eigen vesle suvenirfabrikk. Når Per var ute og fór, hadde han fotoapparat med, og etter kvart som auga fanga inn interessante motiv, eit særmerkt fjell, ein vakker fjordarm, ei staseleg kyrkje, tok han bilde og viste resultatet fram for bror sin, Tor Erik, ei kunstnarsjel med evne til å omskape bildemotivet til vakker dekor på eit aluminiumsfat. Per kjøpte aluminiumsplater, klipte dei opp, pressa og forma og graverte til sist motiv og namn inn i aluminiumen. Neste gong han var på Voss eller i Hardanger, viste han stolt fram eigenproduserte fat med bilde av Voss kyrkje eller fjellhyllegarden Kjeåsen, og salet gjekk unna. Og slik heldt det fram. Han tilsette arbeidarar, han kjøpte fleire maskinar, mellom anna utstyr for eloksering, slik at han også kunne lage fat og skåler med ulike fargar, og sjølv fór han rundt frå handelsmann til handelsmann med koffert og tversover og baud stolt fram spesialprodukt laga nettopp for dei. Skuteren vart bytt med ei folkevognboble, og handelsområdet vart utvida. Til sist nådde han Finnmark. Der likte han seg særleg godt. Han opplevde vidda og naturfolket der, og ny glød vart tend. I møtet med samane laut forretningsmannen vike for friluftsmannen.

Bildet s. 6: Aldalen – ein einsleg og lenge veglaus gard på ei flat elveslette i ein avstengd fjelldal. Tunet ligg ved foten av fjellet, med ei hyggjeleg stove der Margot og Per har budd i meir enn 40 år og ein driftsbygning med låve, stall og stort sauefjøs. Til venstre for stova har Per bygd eit reiskapshus, og til høgre for låven står skuret med motoren som dreg taubanen.

margot Broren som hjelpte til med designen, hadde arbeid på Bergen Mekaniske Verkstad. Ein gong inviterte han Per på helgetur til firmahytta som BMV hadde på Kvamskogen, og i den snertne, men tronge bobla til Per køyrde brørne innetter. På Ankerplassen, som hytta vart kalla, trefte Per Margot Abotnes. Ho var sekretær og høgre hand for ulike direktørar på BMV, ei dyktig dame som med sitt blide og tiltalande vesen kom høgre og høgre opp i systemet. På turen attende til Bergen hadde Per Margot ved sida, medan broren vart tilvist eit sete i ein skranglebuss. Ei tid seinare, då Per gjorde seg ærend til BMV for å få ein liten prat med flammen og ein arbeidar i overall kom ut frå kontoret hennar, nikka mannen bort til Per. «Flott dame! Han som var inne då eg kom, var skipsreiar Fred. Olsen, og vi fekk akkurat den same fine behandlinga.» Så blunka han til Per, før han la til: «Kanskje er det håp for deg òg.» Jau, visst var det håp. Rett nok var flammen mindre glødande ei tid, men han loga opp att, og Per inviterte Margot på påskeferie – i ein suite av ei sjølvbygd snøhole i ein skavl i traktene ved Mjølfjell. Godt var det at Margot var omtrent like forelska og friluftsinteressert som han sjølv. Sansen for friske naturopplevingar hadde ho fått alt i barneåra heime i Sauda, der foreldra støtt og stadig

Til høgre: 45 år etter at han slo seg ned på Stegen, er Per igjen på veg oppetter mot garden der han levde sine første år saman med Margot. Minna er mange, og vel tilfreds veit han at garden framleis er i drift, i det minste i sommarhalvåret.

8

|

der ingen skulle tru at nokon kunne bu


Aldalen

|

9


Mang ein stad var bakkanee så bratte at børene laut berast på rygg. Her er det Harald Kråkenes, ein av dei beste kameratane til Per og ein av dei beste roarane landet har fostra, som tek eit tak. (Bildet er utlånt av Per Bjørvik.)

Det var bratt på Stegen, og dei var glade når lendet ikkje var verre enn at hesten kunne dra avlinga i hus. (Bildet er utlånt av Per Bjørvik.)

10

|

der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Flyttardagen frå Stegen til Aldalen vart strabasiøs. Etter at sauene hadde teke seg ned frå fjellhyllegarden til sjøen, vart dei skyssa inn Aurlandsfjorden med ei snekke. Frå Flåm drog dei med toget til Myrdal, og derifrå bar det vidare med Bergensbanen til Bolstadøyri. Så gjekk transporten med traktor og tilhengjar oppetter til fjellgrenda Mæland, og til sist tok to- og firføtte seg fram etter gangstigen til Aldalen, den nye heimstaden. Bildet er teke under togferda. Margot og Per valde å halde seg i krøtervogna saman med dyra, slik at sau og hest ikkje skulle bli for skræmde. (Foto: Per Bjørvik.)

Som nygifte vart Margot og Per Bjørvik bønder på den veglause fjellhyllegarden Stegen i Aurland i Sogn. Her er Margot høgt over hesjar og slåttemark og slit på Stegen. (Bildet er utlånt av Per Bjørvik.)


hadde teke henne med opp i fjellheimen, til fots og på ski. Det vart bryllaup i Sauda, sommaren 1966, og midt i lykkerusen vann Per ein konkurranse som Bergens Tidende arrangerte for nygifte. «Utstyrspotten» vart han kalla, men då journalisten spurde premievinnaren kva utstyr han skulle skaffe seg for pengepremien, kom svaret så overraskande at bladmannen mest gløymde å skrive: «Eg skal kjøpe to sauer for dei,» sa byguten. Draumen om å bli bonde levde vidare.

stegen Han fann garden sin då han saman med ein kamerat ein vårdag kom klivande ned frå den 1761 meter høge Stiganosi på vestsida av Aurlandsfjorden i Sogn. «Ein slik gard skulle eg ha likt å ha,» sa han til båtføraren, då han seinare på dagen sat og såg opp mot Nedste Stegen under båtferda inn til Undredal. «Du kan få kjøpe han,» svara mannen bak roret, «garden er min.» Det vart handel, og som nygifte kleiv Margot og Per opp til garden saman med ni sauer for å bli bønder på ein av dei mest spektakulære fjellhyllegardane på heile Vestlandet. Det var litt av ein gard dei kom til. Ikkje var det innlagt straum, ikkje var det innlagt vatn, og vintersdag kunne det vere vondt å finne anna vatn enn det dei fekk ved å smelte snø. Bøane var bratte, og tungt vart det å få avlinga i hus. Tungt var det òg å ta seg til gards. Fjellsida var stupbratt, ein stad var fjellet meisla ut i ein halvtunnel for at folk og dyr skulle komme seg fram. Men utsynet der oppe på stupkanten var eventyrleg, og på sitt vis var garden like eventyrleg, der han hekk oppe i synsranda som eit ørnereir. Dei heldt ut både i eitt og to år og langt på veg det tredje. Krøterflokken voks, talet på vinterfôra sauer vart meir enn dobla, og ein dag kom også ein triveleg nordlandshest traskande til gards. Hesten heldt dei forresten på å skulle misse. Ein dag Per køyrde eit høylass oppetter bøane, sleppte hesten laust, som mannen med ei fortid i kløvkompaniet uttrykkjer seg. Hesten rygga, han prøvde ikkje eingong halde att, farten vart større og større, og stupkanten nærma seg. Brått brasa vogna inn i ein stein og vart ståande. Etter det fall også hesten til ro. Stupet nedunder var 250 meter høgt. Samstundes med at dei var bønder på ein veglaus fjellhyllegard i Sogn, skulle dei drive ein suvenirfabrikk i Bergen by. Dei veksla på å reise. Var Per i Bergen for å lage fat, var Margot på Stegen og dreiv gard. Neste gong bytte dei roller. Slik var dei borte frå kvarandre meir enn halve året. Det var heller ikkje som det skulle vere. Det verste med å bu på Stegen var likevel faren for å bli isolert for kortare eller lengre tid. Fjellsida over dei var stupbratt, og titt buldra snøfonnene vintersdag, og nedunder dei gjekk Aurlandsfjorden like ofte full av meinis. Ikkje kunne dei gå over fjellet, og ikkje kom dei seg på fjorden. Ein dag Per var på veg til Bergen i bobla si, tok han på ein kar som stod ved Gudvangen og haika. På turen søretter mot Voss fortalde Per om garden sin og dei vanskane han sleit med. «Eg veit om ein annan einbølt gard som kan høve betre, og som er til sals,» kommenterte mannen. «Staden heiter Aldalen og ligg oppe i fjella nord for Bolstadøyri.» Mannen visste jamvel namnet på grunneigaren. Per hadde fått noko å tenkje på.

Aldalen

|

11


vegen mot den veglause aldalen «Stråa duva i vinden, det var som vi stod på prærien.» Det er slik han minnest møtet med Aldalen, og både han og Margot fall for det dei såg. I 1968 vart det nytt gardkjøp, to og eit halvt år etter det første. Men dei kunne ikkje selje garden dei flytte ifrå. Ifølgje lova plikta eigarane å drive garden i minst fem år. Det var eitt å gjere. Kvar sommar var det å slå bøane og få høyet i hus. Men så lenge dyra skulle til Aldalen og vegen dit var både lang og vanskeleg, kunne han ikkje ta med seg høyet. I staden selde han det til Jens Stegen, eigaren av grannegarden, Øvste Stegen. Også han hadde flytt, men han hadde ikkje teke dyra med seg lenger enn inn til Undredal. Dermed sende Per høyet ned til fjorden med taubanen og fekk det om bord i ein ventande båt. Fleire år seinare vart det sal. Den nye eigaren var ein amerikanar, Dee Cunningham, som kom til å satse på sommarturisme, medan han heldt seg heime på garden sin i Fresvik om vinteren. «Han har gjort det einaste rette,» slår Per fast. Dagen dei flytte krøtera, vart strevsam. Per og mennene som hjelpte, fekk sauene ned til fjorden, og fiskeskøyta som var leigd, la inntil. Då oppdaga skipperen at

Året 1990 representerte ein milepåle i gardshistoria i Aldalen. Det året laga Per seg så pass til veg at han kunne ta seg til gards med ein firehjuling. Visst var han steinete og humpete, og visst kunne køyredoningen iblant truge med å velte, men det var slutt på den tida då dei to måtte bruke beina anten dei skulle til eller frå garden.

12

|

der ingen skulle tru at nokon kunne bu


han hadde gløymt å ta med landgangen. «Vi måtte lempe ein og ein sau over ripa.» Til sist kom ein mann leiande på hesten. Ein annan gjekk etter og heldt gampen i halen, i fall han skulle fare i veg. Lett var det heller ikkje å få dyr og flyttelass fram til den nye garden. For å komme til Aldalen må ein først ta seg oppetter ein bratt, smal og svingete veg som er lett å køyre på sommarføre, men som byr på store vanskar når snøen fell og temperaturen ligg rundt 0 °C. Sjølv måtte vi leggje oss på panserlokket for å få nok tyngd til at vår framhjulsdrivne farkost kunne kare seg til toppen av åsen, 500 høgdemeter over utgangspunktet. Derifrå ber det ned att på den andre og nesten like bratte sida, ned til Mæland, ei lita grend 300 meter nedunder. Der stogga køyrevegen mot Aldalen, den gongen Margot og Per kom med alle sine dyr og heile sitt flyttelass. Vegen vidare innetter dalen var ikkje anna enn ein smal gangstig som kroka seg fram mellom krattskog og ur, snart nede ved elva i dalbotnen, snart oppe på åskanten, og så ned att i eit myrlendt dalsøkk. Der gjekk dei med bør på ryggen, og med hest og sauer diltande etter, 3,5 kilometer til endes. Og så låg garden der, ei flat elveslette, ein prærie i Per sine auge, og eit tun ved foten av fjellet, ei gammal, koseleg stove, men med utett torvtak, og ein vêrbiten driftsbygning, fjøs under, låve over og eit falleferdig, torvtekt tak på toppen. Kontrastane til fjellhyllegarden var store. Fjorden var borte, men elva brusa, dei bratte bøane var bytte med flate vollar, og det vide utsynet frå stupkanten var vekke, men ein dal med lysande lier var kommen i staden. Noko var likevel som før – mangelen på ferdselsveg. Stigen dei gjekk, var for smal og svingete til at han var farande med hest og slede. Sommarsdag laut alle bører berast på rygg. Mest tok dei sjølve, men deira trugne, firbeinte ven av ein vorsthe var også i stand til å tasle av stad med sju–åtte kilo i kløva. Slede kunne dei bruke først når isen la seg på elva og snøen dekte steinar og fylte groper. Likevel måtte Margot og Per bruke dagar med spade og øks for å få sledevegen køyrande. Og så var det å sele på hesten å køyre lass etter lass med alt som trongst av varer og proviant til gardsdrift og hushald for kommande år. Eivind, ein unggut frå nabobygda, har deltidsjobb i suvenirfabrikken til Per. Dei fleste gjenstandane, som porselenskrus, er produserte andre stader, og arbeidet i Aldalen går i hovudsak ut på å dekorere suvenirane, til dømes å brenne inn spesialbestilte bilete.

Aldalen

|

13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.