Lars_Ove_Seljestad_Isberg

Page 1


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 1 av 139)

Isberg


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 2 av 139)


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 3 av 139)

Lars Ove Seljestad

Isberg Roman


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 4 av 139)

Lars Ove Seljestad Blind 2005 Bastard 2006 Frægd 2009 Fjorden 2011

© 2012 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Satt med 10,5/12 pkt. Sabon hos Type-it AS, Trondheim 2012 Papir: 80 g Holmen Book Cream 1,6 Printed in Sweden ScandBook AB, Falun 2012 ISBN 978-82-03-35240-9


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 5 av 139)

eg vart ei klote, eit isberg – ruvelegt å sjå! kristofer uppdal


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 6 av 139)


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 7 av 139)

I


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 8 av 139)


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s. 9 av 139)

På austsida av Isberget legg snøen seg høgare og høgare. Stadig høgare løftar den kvite skavlen seg. Frå Vesthavet kjem regnbyene drivande innover mot kysten. Blir pressa til vêrs. Kjøler seg ned. Blir til kvite snøkorn som dag etter dag fell mot fjell og folk. Dekker det grå steinlandskapet til alt er kvitt. Kulda får isen til å setta seg på dei blå vatna så dei òg blir kvite. Frosne. Dekt av metertjukk snø. På den kalde fonna lagrar snøen seg. Gjør seg klar. Innimellom kjem det periodar med smelting. Vått regn legg seg på den kvite snøen. Så frys det på igjen. Ny snø kjem veltande frå himmelen. Lag på lag av snø og is. Reine rutsjebanen er det blitt. Isberget kjenner kor det glepper. Kjenner kor det glir. Kjenner at noe stort er på veg. Tung snø. Lett snø. Våt snø. Frosen snø. Kornete snø. Islag under tunge våte snølag. Det rører på seg. Noe er på veg til å røra på seg. Det milde regnet dei siste dagane får snøen til å ta

9


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 10 av 139)

til å leva oppe ved Isberget. Snøen rører på seg, kastar på seg, livnar til, spenner musklane sine. Kjenner at den lever. At den er til. At den kan.


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 11 av 139)

På filmen kan eg tydeleg sjå kor tre og buskar bøyer seg inn under eller blir kappa av ei usynleg sag som kjem ramlande nedover fjellsida langt framfor sjølve snøen. Ein usynleg boksehanske slår til sides alt som står oppreist framfor den glidande kvite massen. Ein gjennomsiktig bulldosar som bryt til sides alt som står i vegen for det som skal komma. Sakte, seigt, glidande roleg på trygge bein, stig den kvite krigaren ut frå den ventande limousinen. Skrevar over kanten, slepper seg laus, sklir majestetisk nedover fjellsida. Lik Askeladden i eventyra plukkar han med seg alt laust han finn på sin veg; tre og buskar, syklar og mopedar, vedstablar og hoggestabbar, leikehytter og klessnorer, bilar og … Ja, og hus. Det siste eg ser på filmen, er eit hus som blir fanga inn av den skitne snøen. Snøen som deler seg om 11


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 12 av 139)

huset. Det grøne huset, som, langsamt, blir omfamna av den kvite snøen som klyngar seg til huset, som deler seg og fortsett mot huset nedanfor, som deler seg igjen om det nye huset, som bryt seg fram, omfamnar dei to husa, kjærteiknar dei to husa, bryt seg vidare, sklir roleg vidare over den svarte vegen, fyller opp vegbanen og går ut i den svarte fjorden, som blir kvitare og kvitare. Det heile går så roleg for seg. Roleg og, ja, nesten verdig, bygger snømassane seg opp mot den grøne husveggen, stig høgare og høgare oppover etasjane mot loftet. Til snøen har fått godt nok tak. Han er glad fordi han endeleg har sleppt fri frå einsemda på fjellet. Han vil dansa med huset. Huset er ei dansedokke som den sterke snøen vil leika med. Han omfamnar huset, gir det eit kjærteikn, ein retteleg bjørneklem gir han det grøne huset. Før han tar tak, festar grepet sitt, sprenger dansepartnaren sin laus, slår beina under kjærasten sin. Retteleg ein villstyring er han, som ein balstyrig tappar på helgefri i sving på dansegolvet på Folkets hus, som ein full sjømann på landlov med lomma full av gryn. Han veit kva han vil. Og han veit at han er i stand til å få det. Snøen tar det han vil. Løftar huset. Sprenger det laus frå grunnmuren. Riv bort alt som bind. Slit av 12


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 13 av 139)

alle band. Tar det med seg. Omfamnar det. Løftar det. Sprenger det. Klemmer pusten ut av det. Huset klarer ikkje å bera denne omfamninga. Klarer ikkje denne styrken. Maktar ikkje denne kalde kjærleiken. Det gir etter. Den firkanta grøne klossen løftar seg, blir velta over ende, blir klemt flat under den ivrige snøen. Huset legg seg på rygg, spriker motvillig med beina og lar seg ta. Klarer ikkje stå imot den sterke kvite elskaren. Huset ligg på rygg og tar imot. Blir fylt med snø nedantil. Blir overfløymt av kvit snø. Ein snø som aldri ser ut til å stoppa opp. Ein snø som fyller på og fyller på. Ein snø som aldri gir seg. Som berre tar og tar. Feiar over huset. Knugar det. Knuser det. Fyller det. Sprenger det. Så gir det opp. Huset gir opp. Det er som om det går eit langt sukk gjennom huset, som om det, ein siste gong, drar pusten, eit siste andedrag, før det slepper frå seg all pust og blir ein samanklemt, mest tom flatbrødpakke, eit flatpakka møbel frå IKEA utan monteringsrettleiing og heile delar. Alt er bretta saman, lagt flatt, knust og knekt. Snøen veltar seg vidare over det som var huset. Som om ingenting har skjedd. Som om han ikkje har kjensler for huset han omfamna berre minuttar tidlegare. 13


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 14 av 139)

Snøen er ferdig med huset. Det betydde ingenting for han. Han gjorde berre som han ville. Såg det. Tok det. Brukte det. Fylte det. Knuste det. Kasta det til sides. Det var ingenting for han. Berre noe som kom i vegen for han. Berre noe han, som Isberg, ville ta. Huset var alt for meg. For han var det ingenting. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har sete og sett på denne videoen av snøen som slepper seg frå fjellsida. Snøen som fangar huset vårt, som omfamnar det, knugar det. Knuser det. Og som så drar roleg vidare mot fjorden. Det er som om eg ikkje kan få nok av denne filmen. Om igjen og om igjen sitt eg og ser livet mitt bli knust. Likevel er det som om det ikkje er eg som ligg usynleg i kjellaren og hører huset skrika. Det er som om det ikkje er vårt hus, mitt liv, som blir knust og endra for all tid av den kalde elskaren. På fjernsynet blir alt framandt. Eg ser det heile utanfrå. Det kunne vore kva fjellside som helst. Det kunne vore kva by som helst. Det kunne vore kva hus som helst. Kva liv som helst kunne det ha vore. Men er det ikkje. Eg veit det er mi fjellside. Eg veit det er min vesle by. Eg veit det er vårt hus. Det er mitt liv som bryt saman på filmen framfor meg. 14


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 15 av 139)

Og likevel. Eg sitt og ser. Igjen og igjen sitt eg og ser. Eg treng ikkje lenger film og fjernsyn. Eg har mitt eige fjernsyn. Inni meg speler filmen seg av både når eg er vaken og når eg søv. Den slepper ikkje taket. Rullar berre vidare som om videospelaren er sett på evig repeat, eller som om NRK ikkje viser andre filmar enn sendinga frå raset som tok huset vårt. Filmen er alltid den same. Alt som skjer, er heilt likt. Det er ingenting som forandrar seg. Det er som om eg sitt og ventar på ei forandring. At noe skal vera annleis når filmen er over. Men det skjer ikkje. Alt skjer nøyaktig på same måte som sist. Ingenting er endra. Ingenting lar seg endra. Filmen er alltid utan lyd. Heilt stille sklir den skitne karamellisen ned fjellsida. Omfamnar huset vårt. Seglar vidare mot fjorden. Først då huset vårt blir klemt saman, kjem lyden på. Då hører eg det. Huset som skrik eit langt jamrande skrik før det blir bretta saman, knøfla saman, knust i fillebitar og pakka ned under den vandrande snøen som stenger ute all lyd. Det er den einaste lyden som bryt med den stumme filmen. Huset som skrik i det det bryt saman og blir borte i snømassane.


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 16 av 139)


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 17 av 139)

Raset går. Raset slepper seg. Kjenner ingen annan vilje enn sin eigen. Legg under seg alt det møter. Knuser all motstand. Splintrar alt. Trykker det flatt. Feiar til sides hus og tre. Bryt det ned. Bryt det til sides. Alt som står oppreist, blir kappa ned, kutta med rota, kalfatra, kjølhalt og knust. Trakka flatt. Blir til ingenting. Berre splintra plank, sundriven spikar, skjenande takplater og stumme skrik. Kjøvd av det veldige raset. Stengt av den voldelege viljen. Kløyvd av kolossen. Den Den Den Den Den Den

mektige. uovervinnelege. som er bortanfor godt og vondt. allmektige. uransakelege. allvitande.

Kolossen knasa kvite knoklar. Menneskebarn motstand møtte.

17


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 18 av 139)

Gloande glasauge grapsa. Mjuk munn maltraktert. Lygande lepper likvidert. Naserot n책delaust nappa.


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 19 av 139)

Sjukehuslegen vil at eg skal bli lenger på sjukehuset. Til observasjon, som han seier. Men eg vil ikkje. Eg vil heim. Heim til mor og far. Eg vil gå på skulen. Alt skal vera som før, seier eg til den unge sjukehuslegen. Ingenting skal vera forandra. Ingenting har skjedd, seier eg. Eg vil heim. Og så vil eg på skulen som vanleg. Det er måndag i morgon, herre, seier eg. Då er det skuledag. Kanskje det kan vera bra for deg å gå på skulen, ta tak i noe fast, noe ordinært, tenker den unge turnuskandidaten høgt. På den andre sida, det kan vera at du har fått sjokk, og at vi bør halda deg her noen dagar. Til observasjon, seier han. Nei, seier eg. Det feilar meg ingenting, det har du sjølv sagt. Det er ikkje noe galt med meg. Eg er heilt fin. Heilt vanleg kjenner eg meg. Skal tenka litt på det, svarer kvitfrakken. Du har jo vore utsett for ei stor påkjenning, sjølv om du ikkje har komme fysisk til skade. 19


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 20 av 139)

Klarer meg heilt fint, svarer eg. Heilt finfint. Berre eg får komma heim og gå på skulen som normalt, klarer eg meg heilt fint. Heim kjem du jo ikkje, det veit du jo, svarer legen. Men kommunen har skaffa deg rom på hotellet. Etter det som skjedde, er heile Neset evakuert. Ingen får lov til å bu heime før området er sjekka av skredekspertar. Før dei er ferdige med undersøkingane sine og har gitt klarsignal, er det ingen som får komma heim til Neset. Alle er flytta ut. Og bur enten på hotellet eller hos familie og venner fram til det er trygt å flytta heim igjen. Heile området er avsperra, og det står uniformskledde vakter frå Sivilforsvaret og vaktar over tilførslevegane til Neset. Ingen skal ta seg inn i rasområdet, utan dei som tilhører hjelpemannskap og politi. Eg vil uansett ikkje vera her lenger, seier eg. Det feilar meg ingen verdens ting. Eg vil at du skal sleppa meg ut. Skriva meg frisk. Det kan eg ikkje gjøra, seier frakkelegen. Det er for tidleg. Du må vera her over natta. Til i morgon tidleg må du vera her, så skal vi snakka om det då. Imens kan du få noe å sova på, slik at du er utkvilt til i morgon. Vil ikkje, seier eg surt, vil ut. Vi skal snakka om det i morgon. Det har eg jo lova deg, slapp av no. Det kjem nok til å gå bra, skal du sjå, seier han og gir meg ein oppmuntrande kameratsleg dytt på den venstre skuldra. 20


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 21 av 139)

Kva faen er det han meiner? Kjem nok til å gå bra? Det går jo bra, for faen. Kva faen masar han etter? Det einaste som feilar meg, er at eg må ligga her på idiotsjukehuset mens eg skulle vore heime og hørt på Holiday in the Sun på det nye anlegget mitt. På full guffe skulle eg dratt den, den, og så Feelings etterpå. Eller kanskje Bitches eller Anarchy? Kanskje eg like godt skulle dratt igjennom både A-sida og B-sida på den nye platespelaren min? Kjørt gjennom riff etter riff, skrik etter skrik, vræl etter vræl? Ja, mye heller det enn å ligga her i kvite laken på idiotsjukehuset omgitt av folk som synest synd på meg, som vil hjelpa meg, men som ikkje veit kva dei skal gjøra. Eg veit kva dei skal gjøra. Dei skal gi faen. Dei skal gi faen i å behandla meg som om det er synd på meg. Som om eg ikkje klarer meg sjølv. Det er det dei faen meg skal gjøra. Jævla faens trekukar! Ja, god natt, prøv å sova, seier frakkemannen med mild stemme. Jepsi-depsi! kvitterer eg. Eg prøver å lukka augo. Men eg får det ikkje til. Det er som om eg har fått sand under augnelokka. Det skrapar og raspar når eg lukkar augo. Når eg lukkar augo, hører eg lydane. Lydane av det rennande vatnet. Lyden av huset som skrik. Huset som knirkar og knakar. Rivnar. Lyden av spikrar 21


T YPE-IT AS, 10.07.2012 ORDRE: 26426 (s . 22 av 139)

som blir slitne ut av bjelkelaga. Lyden av golvstokkar og bjelkar som skurar mot hard betong. Den skarpe singlande lyden av vindaugo som brest. Jo, alt er der. Med ein gong eg lukkar augo, er det der. Alt det eg ikkje vil vita av, er der. Trenger seg på meg. Fyller meg så snart eg lukkar augo. Difor held eg augo opne. Eg ser verda rett inn i kvitauga. Så lenge eg ikkje gir etter, har eg kontroll. Det er eg som er sjefen. Det er mitt liv. Eg bestemmer sjølv kva som skal vera sant i mitt liv.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.