Før du les • Kva veit du om Amazonas frå før? • Bla gjennom boka og sjå på bileta og overskriftene. Kva trur du denne boka fortel om Amazonas? • Sjå på ordlista. Kan du nokre av orda? • Kva ønskjer du å få vite meir om? Kva lurer du på? Skriv det ned.
Ordliste Her er nokre ord du vil møte i denne boka: avskoging habitat nattaktiv naturressursar naturvernområde utbytting økoturisme Nokre av orda i boka er forklarte på side 31.
o z nas a m A Innhald
Fantastiske Amazonas 2 I regnskogen 4 Amazonas lever! 6 P책 oppdagingsreise 8 10 I trekronene Ved elvebreidda 12 Skogen forsvinn 14 16 Er det s책 farleg? Dyr i fare 18 Kampen for 책 overleve 20 Folkestammar i regnskogen 22 Redd regnskogen! 26 Kva kan eg gjere? 28 Sant eller usant 30 Ordforklaringar 31 Stikkord 32
Deborah Chancellor Figurillustrasjonar av Jon Stuart
1
Fantastiske Amazonas Regnskogen i Amazonas er eit av dei store underverka i verda. Han dekkjer om lag 40 prosent av landjorda i Sør-Amerika. Men dette grøne paradiset krympar faretrugande fort og er no alvorleg truga.
Regnskogane i verda
Det finst frodige tropiske regnskogar i SøraustAsia, Australia og Sentral-Afrika, men den største regnskogen av alle ligg i Amazonas.
Kva er ein regnskog? Tropiske regnskogar er vidstrekte regnskogar som veks i nærleiken av ekvator. Trea i tropiske regnskogar er særs høge. Dei er eviggrøne – det vil seie at dei har grøne blad heile året. Tropiske regnskogar er særs varme og fuktige, og dei er eit perfekt levemiljø for mange artar av plantar og dyr.
Ekvator er ei tenkt linje rundt midten av jordkloden.
2
ekvator
Venezuela
Guyana
Colombia Ecuador
Surinam
Amazonaselva er den største elva i verda.
Fransk Guyana
Peru Bolivia Brasil
Sør-Amerika er eit digert kontinent som er delt i 12 land og eit område som ligg under fransk styre – Fransk Guyana. Amazonas-regnskogen strekkjer seg gjennom åtte av desse landa pluss Fransk Guyana.
Størst og best • Den største regnskogen i verda ligg i Amazonas. Han er nesten like stor som Australia. • Amazonas-regnskogen dekkjer 6,8 millionar kvadratkilometer. Éin kvadratkilometer svarer til om lag 140 fotballbanar – det seier litt om kor stort dette området er! • Dei tropiske regnskogane i verda er i ferd med å forsvinne snøgt. Amazonasregnskogen omfattar over halvparten av den regnskogen som er att på kloden. • Regnskogar er bra for miljøet, ettersom dei omdannar karbondioksid til oksygen (sjå side 17). • Amazonas-regnskogen produserer meir enn ein femdel av alt oksygenet levande organismar treng for å leve. • Om lag ein femdel av alt ferskvatnet på jorda flyt i Amazonaselva og i dei talrike elvane og bekkane som renn ut i henne.
3
I regnskogen Regnskogen kan delast i ulike lag der spesielle grupper av dyr og plantar held til. Ekstra høge tre stikk opp over dei andre trekronene og dannar toppsjiktet i regnskogen. Mektige rovfuglar, som harpyørna, svever over desse trea.
Kronesjiktet er «taket» i regnskogen. Trekronene ligg om lag 40 meter over bakken og husar dei fleste av plantane, dyra og insekta i regnskogen.
4
Skogbotnen dannar marksjiktet. Det er mørkt og fuktig, og insekt og edderkoppar rotar rundt etter mat her mellom rotnande frukt og blad. Når det regnar mykje, kan skogbotnen bli overfløymd.
Undersjiktet er området like over skogbotnen. Her veks det klatreplantar, og store dyr som jaguarar og dovendyr held til her.
Livstreet
Forskarane reknar at på éin kvadratkilometer av Amazonasregnskogen er det over 75 000 ulike treartar. I kvart einaste tre i regnskogen lever eit utruleg mangfald av organismar. På eit tre i regnskogen i Peru fann dei 43 ulike maurartar. Oi! 43 artar! Det er nesten like mange maurartar som i heile Noreg!
Fleire fantastiske fakta om Amazonas
anakonda
• Det lever fleire artar i Amazonas-regnskogen enn nokon annan stad på jorda. • Anakondaen er den tyngste slangen i verda. • Den største gnagaren i verda held til i Amazonas-regnskogen. Flodsvinet, eller kapybaraen, er i slekt med marsvinet og er like stort som ein sau. • Grøn pilgiftfrosk, som òg kan vere gyllengul, er den giftigaste frosken i verda. Gifta frå éin frosk kan drepe 10 vaksne menneske.
flodsvin
grøn pilgiftfrosk
5
Amazonas lever! Eit økosystem er eit nettverk av organismar som lever i same område, habitat, og er avhengige av kvarandre for å overleve. Amazonas-regnskogen er det mest mangfaldige økosystemet i verda. Her lever det fleire ulike artar enn nokon annan stad. Forskarane trur at meir enn ein tredel av alle artane i verda lever her. Dette rike mangfaldet av liv kallar vi biodiversitet. Dyregruppe Insekt
Talet på kjende artar i Amazonas 2,5 millionar
titan-trebukk
Fiskar
3000
arawana
Fuglar
1300
amaziliakolibri
Pattedyr
427
søramerikatapir
Amfibium
427
amazonashornfrosk
Krypdyr
378
brillekaiman
amaziliakolibri
6
Arawana
tapir
brillekaiman
Døme på artar
Skattkiste
Forskarane som arbeider i Amazonas i dag, ser at regnskogen her er eit skattkammer. Mange moderne medisinar blir til dømes laga av plantar frå regnskogen. Mange fleire viktige medisinske oppdagingar kan liggje og vente på oss i Amazonas-regnskogen.
Svar
Send vidare
Fra: Dr. Sarah Stratton Til: Tom Stratton 14.16 Sendt: 19. august 2009 nas! Emne: Helsing frå Amazo
Hei Tom,
sten kvar gen er så spennande! Ne ko ns reg ason az Am i Arbeidet mitt . Den store nyheita som eg aldri har sett før ar art nte pla eg n fin g e du at da helt ny art fikentre. Visst ein a ag pd op r ha pp tto bruker er at vi ne 2000 ulike fruktslag? Vi er ov er uk br as on az Am indianarane i e regnskogane i verda. berre om lag 200, frå all port. må skrive ferdig ein rap No må eg avslutte – eg Mange helsingar tante Sarah
I Amazonas-regnskogen veks det både mango, banan, fiken, pasjonsfrukt og stjernefrukt.
7
På oppdagingsreise Dei fleste av dyre- og planteartane som lever i regnskogen, har aldri vore studerte. Ekspertane trur at det i Amazonas-regnskogen framleis finst tallause artar som ventar på å bli oppdaga. Ekspedisjonar som dreg djupt inn i det indre av regnskogen, kjem ofte attende med fantastiske funn. Forskarane får ofte store nyhetsoppslag når dei finn nye artar. I 2008 blei det oppdaga ein heilt ny maurart i Amazonas. Det vitskaplege namnet er Martialis heureka. Martialis tyder «frå Mars», og han fekk dette namnet fordi han ser heilt annleis ut enn alle andre maurar. Han er berre 3 mm lang, blind og lever under jorda, der han jakter på andre insekt. Martialis heureka – mauren frå Mars.
Eg lurer på kor mange artar det er som enno ikkje er oppdaga?
8
EI VERD AV NYE ARTAR Ein ekspedisjon til eit avsides område i Amazonas-regnskogen fann 24 dyreartar som tidlegare var heilt ukjende. Det internasjonale forskingsteamet var oppglødde over dei viktige oppdagingane. «Vi har funne tolv nye artar gjødselbiller, éin ny maurart, seks nye fiskeartar, fire nye froskeartar og éin ny paddeart. Det er heilt utruleg!» sa ein av forskarane. Mange dyre- og planteartar som lever i Amazonas-regnskogen, står i fare for å bli utrydda på grunn av at skogen blir øydelagd.
Velkomen attende
NYOPPDA GA
Namn:
Ha Skildring: rlekinpadde Fargerikt amfibium Leveområ de: Lev er i dei no rdlege delane av Amazonas regnskog en
Somme regnskogartar døyr ut alt før dei blir oppdaga. Det hender fordi leveområdet deira blir øydelagt når trea blir hogde ned. Desse dyra greier dessverre ikkje å tilpasse seg slik at dei kan overleve i det nye miljøet. Men nokre gonger får ein positive overraskingar i regnskogen. Forskarane fann nyleg ein malle som dei trudde var utdøydd. Denne harniskmallen er no ein freda art.
Denne harniskmallen blei «gjenoppdaga» i ein regnskogbekk i Surinam. Forskarane hadde trudd at denne fisken var utdøydd på grunn av ureining, for ingen hadde sett han på 50 år.
9
I trekronene
Tocotukan
Tocotukanen lever i trekronene i regnskogen og er lett å kjenne att. Kroppen er for det meste svart, og fuglen er 65 centimeter lang, medrekna det 20 centimeter lange nebbet. Opptil fem eller seks vaksne tukanar kan ha sams kvilestad i eit hol i eit tre.
10
Han lever for det meste av frukt, men et òg insekt, egg, små fuglar og øgler. Tocotukanen plukkar og skrellar frukt med nebbet. Han er aktiv på dagtid og legg 2–4 egg i året. Han kan bli opptil 20 år gammal.
ermus
Vampyrflagg
E: Pattedyr DYREGRUPP og hole tre ed ler i grotter 9 cm lang m HABITAT: Kvi brun pels; 7– rå G : N IK TE KJENNE på 18–20 cm vengespenn r frå andre dy t hol i huda FØDE: Blod på offeret, bi p op ar tr la K K: JAKTTEKNIK blod seg i er kj ei sl og ll tilstand : Ca. 9 år i vi dei einaste LEVEALDER laggermus er F : M TU K FA muskelkraft FANTASTISK yge med eiga fl n ka m so pattedyra
Bladskjerarmaur
Bladskjerarmaurar er insekt som lever i opptil 6 meter djupe bol i jorda under skogbotnen. Det er fem ulike typar maurar i kolonien: gartnarar, arbeidarar, jegerar, soldatar og dronning. Gartnarane er berre 1,2 millimeter lange, og dronninga er om lag 2,5 centimeter lang. Det er opptil 8 millionar maurar i kolonien, og dei lever av ein sopp som veks på blada dei samlar i bolet sitt. Dei vandrar opptil 60 meter bort frå bolet for å samle inn blad.
: FANTASTISK FAKTUM r kraftige kjevar som Bladskjerarmaurar ha nger i sekundet. vibrerer opptil 1000 go
Raud brøleap
e
Bladskjerarmaurane er nattaktive. Dronninga lever i 10–15 år, og når ho døyr, døyr resten av kolonien.
Bladskjerarmaurar kan bere opptil 20 gonger si eiga vekt.
DYREGRUPPE: Pattedyr HABITAT: Trek ronene i regn skogen KJENNETEIK N: Gyllenraud pels; hannen 1,5 meter lang er opptil FØDE: Hovud sakeleg blad, men òg frukt, insekt og som blomar, me gonger sm å dyr JAKTTEKNIK K: Leitar ette r mat i trekro LEVEALDER: nene 15–20 år FANTASTISK FAKTUM: Det mes dyret i regnsk ogen – brøla ka t høgrøysta n høyrast på op 5 kilometers avstand ptil
11