Før du les • Kva veit du om flygemaskinar frå før? • Bla gjennom boka og sjå på bileta og overskriftene. Kva trur du denne boka fortel om flygemaskinar? • Sjå på ordlista. Kan du nokre av orda? • Kva ønskjer du å få vite meir om? Kva lurer du på? Skriv det ned.
Ordliste Her er nokre ord du vil møte i denne boka: ammunisjon luftfarty propell radar suvenir stealth svoltkatastrofe Nokre av orda i boka er forklarte på side 23.
Flygemaskinar Innhald Draumen om å flyge 2 Leonardos f lygemaskinar 4 Seglflykongen 6 Berømte brør 8 Raud baron 10 Verdas mest berømte jagarfly 12 Big Windy 14 Flygande veng 16 Fly utan pilotar 18 Jorda rundt i fly 20 Romfly 22 Ordforklaringar 23 Stikkord 24 John Malam Figurillustrasjonar av Jon Stuart
Draumen om å flyge Fuglar kan – menneske kan ikkje. Flaggermus, bier og sommerfuglar kan òg. Kva er det alle desse dyra kan som menneske ikkje kan? Svaret er å flyge. Menneske har ikkje venger, men det har ikkje hindra oss i å prøve å f lyge.
Menneska har drøymd om å kunne flyge i tusenvis av år, slik historia om Daidalos (dai-da-låss) og Ikaros (i-ka-råss) fortel om. 2
F
or lenge sidan i det gamle Hellas flaug ein far, Daidalos, og sonen hans, Ikaros, som fuglar. Dei laga seg venger av fjør som dei kleba saman med voks. Daidalos advarte Ikaros om ikkje å flyge for høgt. Ikaros høyrde ikkje på faren, og flaug så høgt at sola smelta voksen i vengene hans. Fjørene losna, og Ikaros fall ned i havet og døydde. 3
Leonardos flygemaskinar På 1400-talet pla den italienske oppfinnaren Leonardo da Vinci å sitje i timevis og sjå på at fuglane f laug. Då fekk han ideen om flygemaskinar. Ei av oppfinningane var eit par gigantiske venger ein kunne flakse med. Ei anna oppfinning var ein maskin som skulle spinne rundt og rundt til han letta frå bakken. Leonardo hadde ideen til helikopteret – om lag 420 år før det første verkelege helikopteret blei bygd!
Leonardo skisserte ideane sine i notisbøker. 4
Oppfinnarfakta Namn:
Leonardo da Vinci
Kom frå:
Italia
Fødd:
1452
Døydde:
1519
Leonardos flygemaskinar var berre idear – han bygde dei aldri i røynda.
rotorblad
halefinne skrog
halerotor Eit moderne helikopter
mei
5
Seglflykongen På 1800-talet prøvde oppfinnarar å finne måtar å f lyge på. Somme trudde at store drakar kunne brukast som flygemaskin. Andre meinte at maskinar drivne av damp ville fungere best. Éin oppfinnar – Otto Lilienthal – bestemde seg for å lage eit seglfly.
1. I 1891 prøvde Otto ut det første seglflyet sitt. Han klarte å flyge eit lite stykke.
2. I 1893 laga Otto eit nytt seglfly, som hadde venger som ei flaggermus.
6
3. I 1895 bygde Otto eit dobbeltdekkar-seglfly – eit fly med to par venger.
4. I 1896 døydde Otto då han krasja med ein type seglfly som blei kalla Normal Glider.
Tilnamnet til Otto var «seglflykongen».
Oppfinnarfakta Namn: Otto Lilienthal (li-li-en-tal) Kom frå: Tyskland Fødd:
1848
Døydde:
1896 7
Berømte brør Wilbur og Orville Wright skapte historie i 1903. Brørne eigde eit firma som laga syklar, men det dei verkeleg hadde lyst til å gjere, var å flyge. Dei tok til med å byggje seglfly. Dei lærde å styre desse seglflya i lufta. Så lurte dei på kva som ville hende dersom dei festa ein motor på eit seglfly.
Brørne Wright var så berømte at dei til og med fekk eit eige frimerke!
Oppfinnarfakta
8
Namn:
Wilbur Wright
Orville Wright
Kom frå:
USA
USA
Fødd: 1867
1871
Døydde: 1912
1948
Wright-brørne bygde ein maskin dei kalla Flyer. Han såg ut som eit seglfly, men var ikkje det. Flyer hadde motor og to propellar. Den 17. desember 1903 tok flyet av frå Kitty Hawk i Nord-Carolina i USA. Orville var om bord. Han flaug 36,5 meter og var oppe i lufta i 12 sekund.
«Det var den første flygeturen i verdshistoria der ein maskin med ein mann om bord hadde letta ved eiga kraft og floge gjennom lufta» Orville Wright 9