Innleiing Kroppen er ein fantastisk maskin. Han er ustanseleg oppteken med å puste, pumpe, reparere og vekse.
Kroppen til denne idretts utøvaren må jobbe særs hardt for å springe så fort. 22
Legar og forskarar har spesielle apparat som dei bruker for å sjå inn i kroppen. I denne boka skal vi ikkje bruke nokon spesielle apparat. Vi skal i staden tenkje oss at vi er bitte små. Vi skal dra på vår eiga fantastiske reise gjennom menneskekroppen.
matrøyr luftrøyr
lunger
hjarte
magesekk
tynntarm
tjukktarm
33
På oppdagingsferd i nasen Stad: nasen Har du på deg vasstette klede? Vi går inn i venstre nasebore. Det er mørkt og fuktig her inne. Rundt oss på alle kantar kan vi sjå svære hår. Når personen pustar inn, blæs ein sterk vind forbi oss. Nokre sekund seinare pustar personen ut att, og vinden blæs forbi oss i den motsette retninga. Menneske treng luft for å leve. I nasen blir lufta varma opp, og nasehåra fangar opp støv.
Start her
44
Di lenger inn vi går, di mørkare og fuktigare blir det. Vi vassar gjennom slim. Det er så klissete at det er vanskeleg å lyfte beina. Her og der finn vi litt støv, nokre pollenkorn og kanskje eit ørlite småkryp som sit fast på ciliane ytst på cellene. ciliar slim
luftstraum
nase
Dersom du var ein elefant, ville nasen din ha vore over 2 meter lang.
Her er vi
Dersom du var ein kval, ville du ha pusta gjennom eit blåsehol på toppen av hovudet. lunger
55
Sjå! Slimet rører seg under føtene våre! Millionar av viftande ciliar feiar slimet lenger og lenger bakover. Desse ciliane kan sanse om det er noko som ikkje skulle ha vore inni nasen.
Eit forstørra bilete av innsida av nasen til eit menneske. Ser du ciliane?
66
Inni nasen er det millionar av nerveceller. Når vi pustar inn, pustar vi òg inn små partiklar av ting som luktar. Partiklane er så små at du ikkje kan sjå dei. Men nervecellene sansar dei og sender melding til hjernen. Hjernen fortel at det luktar nybakt brød, stinkande ost, velluktande blomar eller gamle gymsokkar.
/
nerveceller
sjokolade partiklar luktar godt
Nasen kan kjenne att så mange som 10 000 ulike lukter.
Hundar har ein fantastisk luktesans. Ein hundenase har 200 millionar lukteceller. Menneskenasen har 5 millionar lukteceller.
77
Endeleg! Vi har kome oss forbi slimet og ciliane. Men hjelp – skritta våre har fått nasen på dette mennesket til å klø! Hald deg fast! Vi flyg ut av nasen i en fart på 160 kilometer i timen! Til slutt landar vi att. Det er godt at huda er mjuk utanfor nasen! Skal vi tørke av oss slimet og halde fram med reisa ein annan stad?
Kva hender når du nys?
Nervecellene i nasen sender meldingar til hjernen.
Tsjoo!
88
Ein skikkeleg støyt skyt luft og partiklar ut av nasen din.
Hjernen sender meldingar til musklane i magen, brystet og til og med auga (som lukkar seg).
AAAhh
Så pustar du djupt inn.
Aaa-tsjoo!
For ein vind!
Lufta i eit nys strøymer fortare enn ein gepard kan springe. Geparden er det snøggaste dyret på landjorda!
Hosting og nysing spreier sjukdommar. Fang opp bakteriar og virus i eit lommetørkle!
99