Før du les • Kva veit du om sport og spel frå før? • Bla gjennom boka, og sjå på bileta og overskriftene. Kva trur du denne boka fortel om sport og spel? • Sjå på ordlista. Kjenner du nokre av orda frå før? • Kva ønskjer du å få vite meir om? Kva lurer du på? Skriv det ned.
Ordliste Her er nokre ord du vil møte i denne boka: dressurriding femkamp kokong konsoll paralympisk sjakkbrett spydkast vognkusk Nokre av orda i boka er forklarte på side 24.
Sport og spel – før og no
Innhald Vi elskar sport og spel 2 Olympiske leikar i oldtida 4 Olympiske leikar i vår tid 6 Stridsvognløp 8 Formel 1 10 Mobbfotball 12 Folkesporten 14 Fram med brettet! 16 Stigespel 18 Dataspel 20 Spelverda i framtida 22 Quiz 23 Ordforklaringar/Stikkord 24 Jane Penrose Figurillustrasjonar av Jon Stuart
Vi elskar sport og spel Kva kjem du til å gjere for å ha det moro etter skolen i dag? Spele fotball? Eller spele dataspel, kanskje? Millionar av menneske over heile verda spelar spel for moro skuld eller liker å sjå på spel.
Vi liker å vinne, men vi liker òg å vere med. 2
Spel er inga ny oppfinning. Dei spela som folk spela for tusenvis av år sidan, liknar mykje på spela vi spelar i dag.
I Romarriket spela folk ballspel. Kva for eit spel minner dette deg om?
Kva er dine favorittspel?
I Kina i oldtida pla folk spele eit spel som minner mykje om golf.
Les vidare for å finne ut meir …
3
Olympiske leikar i oldtida Olympiske leikar er den største sportshendinga i verda. Dei første olympiske leikane blei haldne i Olympia i det gamle Hellas i 776 f.Kr. Slik kan det ha sett ut:
Lengdehopp
Stadion, diaulos og dolikos – dette var sprintløp over om lag 190 og 400 meter og langdistanseløp på 4800 meter.
Diskos
4
Spydkast
Femkamp omfatta fem sportsgreiner – løp, bryting, lengdehopp, spydkast og diskoskast. Desse øvingane kravde dugleikar som var nyttige i kamp, så soldatar konkurrerte ofte i femkamp.
Bryting
Tetrippon – stridsvognløp med fire hestar
Kor mange av desse sportsgreinene er med i OL i dag?
Boksing
Hesteløp 5
Olympiske leikar i vår tid I dag er menn og kvinner frå over 200 land med i dei olympiske sommarleikane. Leikane blir haldne kvart fjerde år. Meir enn 13 000 menn og kvinner konkurrerer mot kvarandre i nesten 400 øvingar og 33 ulike sportsgreiner.
Løp – det blir konkurrert i over 20 øvingar
Lengdehopp
Diskos
6
Spydkast
Moderne femkamp omfattar symjing, løp, skyting, fekting og riding.
Hestekonkurransar – sprangriding, dressur riding og feltritt
Bryting
Boksing
Dette er stadionet som blei brukt under OL i Beijing i Kina i 2008.
Kva for ei sportsgrein hadde du hatt lyst til å konkurrere i?
Vi har òg paralympiske leikar, der utøvarar med funksjonshemming kan konkurrere.
7
Stridsvognløp Stridsvognløp var ein svært populær sport i romar tida. Kampen stod mellom fire lag – raudt, kvitt, blått og grønt. Laga konkurrerte om å kome først rundt banen. Dette biletet syner eit stridsvognløp i filmen Ben Hur frå 1959.
Gaius Appuleius Diokles var ein kjend romersk vognkusk. Han vann 1462 av dei 4257 løpa sine.
8
Stridsvognløp var svært farleg. Mange vognkuskar blei drepne fordi dei blei slepte etter vogna eller trampa på.
Circus Maximus var det største stridsvognløp stadionet i Romarriket.
Kan du tenkje deg korleis det må ha vore å vere vognkusk?
Romersk mosaikk som syner stridsvognløp.
9