Zeppelin leseserie Dyr og Rekorder NN

Page 1


Turid Fosby Elsness

leseserie Nynorsk

Dyr og rekordar

Norsk for barnetrinnet

1


Innhald Veit du det? 3 Dei farlegaste edderkoppane 4 Den lengste halsen 6 Den største nasen 8 Dei største øyra 9 Det raskaste pattedyret 10 Den største fuglen 12 Den lengste tunga 14 Dei fleste auga 15 Det største pattedyret 16 Den varmaste pelsen 18 Det sterkaste insektet 20 Det lengste insektet 21 Oppgåver 22

2


Veit du det? Veit du kva edderkoppar som er dei farligstaste? Veit du kven som har den lengste halsen, den største nasen, dei største øyra og den lengste tunga? Veit du kven som har flest auge? Kva for eit insekt er sterkast i verda? Veit du kven som har den varmaste pelsen? Veit du kva fugl som er den største i verda? Veit du kor stor ein blåkval er? Veit du kva ein vandrande pinne er? Kva for eit pattedyr er det raskaste i verda? Svara finn du i denne boka.

3


Dei farlegaste edderkoppane I Australia finn vi dei store, svarte tunnel-edderkoppane. Dei er hissige og har mykje gift. Blir du biten av ein tunnel-edderkopp, kan det føre til døden. Dei fleste som blir bitne, blir heldigvis berga av motgift. Men bitet gjer svÌrt vondt.

4


Det finst meir enn 35 000 edderkopparter i verda. I Noreg har vi om lag 400 arter som vi har sett namn på. Men det finst mange fleire arter. Alle edderkoppar er giftige, og gifta bruker edderkoppane til å lamme byttet sitt. Edderkoppar som lever i Noreg, er ikkje farlege for menneske. Dei har ikkje lange nok gifttenner til å kome gjennom huda vår. Edderkoppane våre er stort sett nyttige “husdyr” som drep skadeinsekt. Ja, edderkoppar har også vore nytta som medisin. For eit par hundre år sidan var knust edderkopp vanleg medisin mot forkjøling.

5


Den lengste halsen Ingen dyr har så lang hals som sjiraffen. Halsen på ein vaksen sjiraff er nesten to meter lang. Sjiraffen er det høgaste dyret i verda. Han kan bli meir enn tre gonger så høg som eit vakse menneske. Ein nyfødd sjiraffunge er to meter høg. Sjiraffen liker godt å vere saman med andre sjiraffar, men somme gonger slåst hannane. Da stangar dei hovuda mot kvarandre.

6


Sjiraffen et blada på akasietre. Med den lange halsen når han heilt opp til tretoppane. Sjiraffen et det meste av dagen. Det hender at han småsøv litt medan han står oppreist. Når han legg seg ned på bakken for å sove, bøyer han halsen i ein stor boge mot bakparten. Alle sjiraffar har ulikt flekkmønster på kroppen. Flekkene gjer at sjiraffen er vanskeleg å oppdage når han står mellom trea. Flekkene går i eitt med skuggane.

7


Den største nasen Den største nasen har den afrikanske elefanten. Nasen kallar vi snabel, og snabelen kan bli 2,5 meter lang. Med snabelen kan elefanten lukte og smake. Snabelen er også som ei hand: Elefanten bruker han til å plukke opp blad, rykkje opp tre og klø seg. Snabelen er også nyttig når elefantungen skal ha ein liten dask eller eit kjærteikn.

8


Dei største øyra Den afrikanske elefanten har ikkje berre den største nasen. Han har også dei største øyra. Kvart øyre er nesten to meter breitt. Elefanten bruker øyra som vifte når det er varmt. Han bruker også øyra for å sjå stor og farleg ut.

9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.