2B
i n l e p p Turid Fosby Elsness
ElEvbok Turid Fosby Elsness
e Z 2B
Elevbok
Nynorsk
Nynorsk
Innhald Skjønnlitterære tekstar
Faktatekstar
Mål: at eleven skal kunne • samtale om personane og handlinga • uttrykkje eigne kjensler og meiningar • fortelje om eigne opplevingar og røynsler • leitelese
Mål: at eleven skal kunne • oppfatte fakta i tekstar • fortelje om eigne opplevingar og røynsler • leitelese
Tekstar knytte til emnet lese- og skriveutvikling
Tekstar knytte til emnet ordkunnskap og rettskriving
Mål: at eleven skal kunne • bruke enkle lese- og skrivestrategiar • bruke arbeidsmåtar som fremjar lese- og skrivekompetanse
Mål: at eleven skal • tileigne seg kunnskap om ord, rettskriving og setningsbygning
Det beste som hende i fjor 6 Det er kaldt i lufta 8 Vekeregle 10 Pingvin 12 2B skriv bokomtalar 14 Sinna! 16 Eg vil rømme 19 Bestemor og bestefar 20 Foreldrelaus 22 Berre spør … 24 Monsteret 26 Eit mareritt 28 Ulv 30
4
Mona i forteljarstolen 32 2A spelar teater 34 Dama i hjerter 36 Lure ord: ord med stum d 37 2B skriv dikt 38 Quiz 40 Vi leikar med ord 42 Runde, rare Rulle Rusk 43 Kvar er alle? 44 Fem barn frå Noreg 45 Jordskjelv 46 Den magiske gryta 48 Haren og skjelpadda 50 Lure ord: ord med ai og au 52 Lure ord: ord med ei og øy 53 Bokstaven Z 54
Les meir Frans er flink til å lese 56 Ny i klassen 59 Hundrelappen 62 X = 10 66 Maja og kattungane 68 Sam møter ein hund 70 Bjørnar får kvalp 72 Hundar 76 Sam og Noa 78 2B skriv bøker 80 Ærfugl 82 Kva kan vi skrive om? 84
Henrik And 86 Mina vil spele fotball 90 Gauk 94 Regn 96 yr.no 98 Natiki. Eit eventyr frå Sør-Afrika 100 Kristoffer Columbus 104 Song til Agnes Hamida 106 Årstider 108 Lure ord: ord med stum h 110 Spørjeord 111 Natt og dag 112 Blome-teljevise 114 Jakob Weidemann 116 Litteraturutval 118
5
Det beste som hende i fjor
Før du les • Hugs å lese tekstane tre gonger!
Nyttårs-aftan var eg hjå syskenbarnet mitt. Då ringde mamma og sa at marsvinet mitt hadde fått to ungar. Det var det beste som hende i fjor. Ida
Det beste som hende i fjor, var at snøen kom så seint. Vi kunne sparke fotball heilt til jul! Ivo
Det beste som hende i fjor, var at eg fekk nye ski. Klassen vår fekk adoptivbarn i Afrika. Det aller beste: Eg fekk KATT! Vivi
6
adoptivbarn hende marsvinet nyttårs-aftan
Det beste som hende i fjor, var at eg fekk ny veslesyster. Pappa henta henne i Peru. Ho er fire år og har svart, blankt hår. Eg lærer henne norsk. Ingrid
I april var musikk-korpset på Lia skole i Trondheim. Vi var med i NM. Vi vann! Då vi kom heim, var det bilete av oss i avisa! Det var ei stor oppmuntring. Ole
• 1
Kva for ein tekst liker de best? Kvifor?
• 2
Det beste som hende i fjor. Teikn og skriv.
veslesyster musikk-korpset norsk oppmuntring
7
Det er kaldt i lufta Det er kaldt i lufta. Null gradar, akkurat.
Før du les • Bruk BO • Fortel korleis jenta ser ut
Miriam ventar. Når kjem vinteren? Kvar blir han av? Han må da kome snart? Ingen snø. Ingen vinter.
8
akkurat kvar ingen kaldt vinteren
Miriam trampar i bakken. Ho er lei seg. Ho har spurt alle. Når kjem vinteren? Og alle svarer det same: Vinteren kjem når han kjem. Men Miriam liker ikkje å vente. Vinter no! ropar ho.
• 1
Skriv ein tekst: Derfor liker eg vinteren.
Arne Berggren
Eller: Derfor liker eg ikkje vinteren.
bakken ikkje lei spurt trampar
9
Vekeregle
Før du les • Bruk BO • Sjå på bileta og lag tre eg ser-setningar
På tysdag blæs det. På onsdag er det kaldt. På torsdag snør det. På fredag snør det. På laurdag arvar Ivo dei gamle skiskorne til Sara. På søndag går Ivo og Ole på ski heile dagen. På måndag har Ivo så vondt i beina at pappa må køyre han til skolen.
Hans Peterson
• 1
Kvifor har Ivo vondt i beina? • 2 Lag ei bok om vinteraktivitetar. 10
• 3
Lag dykkar eiga vekeregle.
kaldt køyre laurdag skisko tysdag torsdag vondt
Frans Widerberg: «Vinter»
• 1
Kva for fargar har Widerberg brukt for å måle snøen?
© Frans Widerberg/BONO 2012
• 2a Mål snøen slik de ser han gjennom vindauget. Kva for fargar vil de bruke? • b Skriv ein tekst til biletet.
11
Aa Bb Cc Dd Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Oo
Pingvin Pingvinar er fuglar, men dei kan ikkje flyge.
Før du les • Bruk BO • Kva veit du om pingvinar?
Kroppen er for tung, og vengene er for små. Men pingvinar legg egg, slik fuglar gjer. På biletet ser du keisar-pingvinar. Keisar-pingvinar lever i Antarktis. Når hoa har lagt eit egg, tek hannen seg av det. Han legg egget oppå føtene sine. Så dekkjer han egget med pelsen sin. I to månader står han slik! Han et ikkje og drikk ikkje før ungen er ute av egget.
12
Antarktis fuglar gjer tung ungen vengene
Pp Qq Rr
Ss Tt Uu Vv Ww Xx Yy Zz Ææ Øø Åå
FLEIRE FAKTA • Hannane står tett saman når dei passar på egga. Slik held dei varmen. Dei byter på å stå ytst, for der blæs den kalde vinden. • Hoene er ute i sjøen for å finne mat og feite seg. Når ungane kjem ut av egga, skal dei vere barnevakt!
Eg kan 1 Korleis ser ein keisar-pingvin ut? Fortel. 2 Kvar held keisar-pingvinane til? 3 Kva gjer hannen med egget? 4 Lag eit spørsmål om pingvinar. Lat kameraten din svare!
• lese minst tre ord på fargelinja • fortelje om pingvinar • svare på spørsmåla
barnevakt held sjøen vinden ytst
13
2B skriv bokomtalar Klasse 2B skriv bokomtalar.
Mål • å skrive minst éin bokomtale
Ein bokomtale fortel om ei bok. Når vi les bokomtalen, kan vi få lyst til å lese boka. Markus har lese ei bok om Henrik And. På neste side ser du bokomtalen hans. Markus har gitt boka fire stjerner. Det tyder at han likte boka godt!
d FolkestA AnnA R.
draum. ilt vanleg med ein he nleg and, ei heilt va er d An ik Henr ting. na. heilt andre ra noko an han gjera Han vil ve dyr, kunne r eit anna va n ha For om is. vera annle og alt ville ? helst vera han aller Men kva vil ? ein mark? nd hu ein ein katt?
d? vanleg an ra ei heilt t nok å ve kje spesiel ns ka t de eller er
8-82-5 ISBN 97
21-7957
-6
576 52 179 9 7882 samlaget.no
14
bokomtale fortel stjerner
d FolkestA AnnA R.
82-521-7
d
FolkestA AnnA R.
Eg • kan skrive minst eitt av orda på fargelinja • kan forklare kva ein bokomtale er • har skrive ein bokomtale
957-6
52 179 mlaget.no
576
dårleg morosam skjer spennande vanskeleg
15
Sinna! 1
2
Somme gonger blir du sinna. 3
4
Somme gonger sinna som ein ulv … 16
KJEMPE-SINNA!!
… eller som ei fresande rotte.
gonger kjempe-sinna rotte som
5
6
Folk kan bli redde når du er sinna. 7
Somme gonger blir dei lei seg … 8
Kanskje tør du ikkje bli sinna fordi du er redd nokon skal bli lei seg eller sinna, dei òg. … eller sinna, dei òg … (oi!)
dei ikkje kanskje lei seg òg
17
9
Men ein kan jo bli vener att. 10
11
Når ein har vore sinna lenge …
… blir ein trøytt.
Etter Anna Karin Cullberg
• 1
Når blir vaksne sinna? Når blir barn sinna? Kva synest du om at folk blir sinna?
18
• 2
Ein gong eg var sinna. Teikn og skriv.
lenge trøytt vore
Eg vil rømme
Før du les • Bruk BO • Sjå på bileta og lag tre eg ser-setningar
Far snakkar med veslebror. Mor smiler til veslebror. Tante leikar med veslebror. Ingen er glad i meg. Eg vil rømme. Eg vil aldri komme attende. Då vil dei tru at eg er død. Det kan dei ha godt av. – Skal vi spele Svarte-Per? seier far. – Vil du ha pannekaker til middag? seier mor. – Skal eg lese for deg? seier tante. Eg trur eg ventar med å rømme til ein annan dag.
• 1
Anne-Lise Gjerdrum
Kvifor vil ikkje Vivi rømme likevel? • 2 Kvifor er alle så opptekne av veslebror?
• 3
Har du hatt lyst til å rømme nokon gong? Fortel.
død godt glad ingen pannekaker
19
Bestemor og bestefar Bestemor og bestefar bur på landet.
Før du les • Bruk BO • Liknar bileta på nokon du kjenner? I så fall kven?
Bestemor er sterk og snill. Bestefar er snill, men ikkje sterk. Bestemor og bestefar plar bryte handbak. Bestemor vinn alltid. – Heia, bestefar, ropar vi. Men bestemor vinn likevel.
20
bryte bestemor handbak landet sterk
– Korleis kan du vere så sterk, bestemor? – Eg har ein trylledrikk, seier ho. – Kva slags trylledrikk? – Kaffi, seier bestemor. Bestefar ler. Bestemor er stor. Bestefar er liten. Det er flaks at bestemor er så snill, seier bestefar.
• 1
Kva slags besteforeldre vil de bli?
Barbro Lindgren / Lars Westman
• 2
Bestemor mi eller bestefar min. Teikn og skriv.
kaffi korleis kva slags trylledrikk
21
Aa Bb Cc Dd Ee
Ff
Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Oo
Foreldrelaus Mutara er ein baby-elefant. Ho bur på ein heim for
Før du les • Bruk BO • Kva veit du om elefantar?
foreldrelause elefant-ungar i Kenya. Mange av elefant-ungane har mista familiane sine fordi familiane er drepne. Elefant-ungane bur på heimen til dei kan flytte ut til dei ville elefantane. Somme ungar er på heimen i fire år. Andre er der i åtte, kanskje ti år.
Elefant-ungar må ha mjølk til dei er fire år. 22
elefant-ungar foreldrelaus heimen
Pp Qq Rr Ss Tt Uu Vv Ww Xx Yy Zz Ææ Øø Åå
FLEIRE FAKTA • Det er ho-elefantane som tek vare på babyane. • Ho-elefantar liker å leve i flokkar. Når ein elefant-unge er fødd, passar mora, bestemødrene, tantene, kusinene og systrene på ungen. • Hannar blir ofte i flokken til dei er 14 år.
Eg kan 1 Kor lenge får elefant-ungar mjølk? 2 Kven i flokken passar på elefant-ungane? 3 Kva vil det seie å vere foreldrelaus? 4 Lag eit spørsmål om elefantar. Lat kameraten din svare.
• lese minst tre ord på fargelinja • fortelje om foreldrelause elefantar • svare på spørsmåla
bestemødrene flokkar ho-elefantar systrene
23
Berre spør …
Mål • å lage les og finnspørsmål og tenk sjølv-spørsmål
LAG EIN SMUDI Du treng: 2 dl lettmjølk 1 dl vanilje-yoghurt 1 banan 2 dl bær, gjerne blåbær Slik gjer du: Ha mjølk, yoghurt, banan og bær i blandaren. Køyr blandaren til smudien er mjuk og jamn. Server smudien i eit høgt glas. Pynt med bær.
– No får de ei oppgåve, sa Helene. – De skal lage spørsmål til Lag ein smudi. 24
blandaren gjer høgt smudi vanilje yoghurt
– Kva slags frukt skal vere i smudien? sa Caroline. – Det var eitt spørsmål, sa Helene. – Kva er dl? sa Tobias. – Det var spørsmål nummer to. Så har eg eit spørsmål, sa Helene. – Kva slags smudi liker de best? Då har vi tre spørsmål på tavla. Det første spørsmålet er eit les og finn-spørsmål. Det tyder at vi finn svaret i teksten. Dei to siste spørsmåla er tenk sjølv-spørsmål. Då finn vi ikkje svaret i teksten. – Vi må tenkje sjølv, sa Tobias. – Eller spørje nokon, sa Helene.
Eg kan • skrive minst eitt av orda på fargelinja • lage to les og finnspørsmål og eitt tenk sjølv-spørsmål til ein tekst
frukt spørsmål svaret tenk sjølv
25
Monsteret Mamma og pappa skal på kino. – Vi er heime klokka elleve,
Før du les • Bruk BO • Sjå på bileta og lag tre eg ser-setningar
seier mamma. – Ver flinke båe to. Vivi ligg i senga. Det er mørkt i rommet. Det blæs ute. Det regnar ute.
26
elleve flinke heime kino mørkt regnar rommet
Då høyrer Vivi ein lyd, ein ny lyd. Det er nokon som går i trappa. Som stoppar. Som stoppar framfor døra til Vivi. Som opnar døra. Som kjem inn i rommet. Som går mot senga. Nokon som har raude auge. Auge som lyser i mørkret. – Kasper, då, seier Vivi. – Det er ikkje halloween no.
• 1
Lag eit les og finn-spørsmål og eit tenk sjølv-spørsmål til teksten.
• 2
Ein gong eg var redd. Teikn og skriv. • 3 Skriv ein annan slutt på forteljinga.
halloween mørkret raude senga auge
27
Eit mareritt
28
• 1
Jón Sveinbjørn Jónsson / Bjørn Ousland (ill.) Fortel kva som hender på bileta.
• 2
Fordel bileta mellom dykk. Skriv ein tekst til kvart bilete. • 3 Eit mareritt: Lag ein teikneserie. 29
Aa Bb Cc Dd Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Oo
Ulv
Før du les
Ulven høyrer godt. Om det er vind-stille,
• Bruk BO • Kva veit du om ulven?
kan han høyre ein kvist som knekk tre kilometer borte.
Ulven er kjøt-etar. Han drep for å få kjøt. Men han et òg blåbær. 30
borte kilometer kjøt kjøt-etar
Pp Qq Rr Ss Tt
Uu Vv Ww Xx Yy Zz Ææ Øø Åå Ulven har ein tett og mjuk pels. Ytst ligg lange dekkhår. Dei inneheld feitt. Feittet gjer pelsen vasstett.
Ulven kan ikkje klatre i tre. Men han er ein rask løpar! Han kan springe lenge utan å bli trøytt.
Eg kan 1 Kva et ulven? 2 Korleis er pelsen til ulven? 3 Finn ut kvar det er ulv i Noreg. 4 Lag eit spørsmål om ulven. Lat kameraten din svare.
• lese minst tre ord på fargelinja • fortelje om ulven
dekkhår inneheld vasstett ytst
31