BRUKSRETTLEIING RAUD DEL
Dei enklaste tekstane og oppgåvene finn du på sider med ein raud strek øvst. Alle skal begynne på dei raude sidene.
MERKNADSBOKSAR
I merknadsboksane får du tips om gode lese- og læringsstrategiar. Før du les: Les overskrifta og sjå på illustrasjonane. Kva trur du teksten handlar om?
GUL DEL
Etter dei raude sidene held du fram med dei gule. Her finn du litt vanskelegare tekstar og oppgåver. KURSKAPITTEL
Kapitla «Lesekurs – samansette tekstar» og «Litterær samtale» har ein grøn strek øvst på alle sidene. Dette er kurskapittel, som læraren din skal gå igjennom. Det du lærer i desse kursa, får du bruk for i alle dei andre kapitla.
MÅL Her ser du kva du skal lære i kapitlet. PLAKATAR
På plakatane finn du hugselister, oppskrifter og forklaringar.
OPPGÅVER
Oppgåver som du skal gjere åleine. Oppgåver som du skal gjere saman med ein annan. Oppgåver der fleire skal arbeide saman. Oppgåver som du skal leggje i ei mappe. I MÅL?
Her finn du spørsmål som skal få deg til å tenkje over kva du har lært i kapitlet. ARBEIDSBOKA, side ...
SLIK KAN DU LESE EI FAKTABOK – Ta eit overblikk over oppslaget. Kva veit du om dette emnet frå før? – Kva vil du finne ut? – Les bilete og bilettekstar. Kva fortel dei? – Les titlar og mellomtitlar.
Når du ser ei slik tilvising i slutten av eit kapittel, tyder det at du kan finne fleire oppgåver i arbeidsboka. Desse oppgåvene skal du arbeide med åleine. 3
JOOIBME 1 Lesekurs – samansette tekstar (kurs)............................ 6 Kva les du?............................................................................... 7 Bilete fortel.............................................................................. 9 Bilete og lyd fortel............................................................... 12 Å lese teikneseriar............................................................... 13 Lag ein teikneserie.............................................................. 18 Å lese aviser.......................................................................... 20 Å lese faktabøker ................................................................ 23 Å lese digitale tekstar........................................................ 26 2 Litterær samtale (kurs)..................................................... 30 Snakk om tekstar ................................................................ 30 Litterær samtale................................................................... 31 Onkel Oskars saueost ...................................................... 32 Landet Alltid Raudt .......................................................... 38 3 Vennskap og forelsking .................................................... Lyn og tore ........................................................................ Eg tenker nok .................................................................... Jørgen + Anne er sant...................................................... Å vere eller ikkje vere – saman....................................... Dikt av Sapfo.................................................................... Eg er visst heilt forelska .................................................. Lille Adam.......................................................................... Helsing ein som elskar deg ............................................. Markus og jentene............................................................ Vem kan segla.................................................................... Det kaldaste ...................................................................... Sønnavindsvalsen ............................................................
44 44 44 46 54 60 60 62 64 70 83 83 84
4 Fantasy...................................................................................... 86 Harry Potter....................................................................... 86 Kjenneteikn ved fantasyforteljingar ............................. 93 Miranda.............................................................................. 98 Teiknet.............................................................................. 102 Å skrive ei fantasyforteljing .......................................... 108 Skammarens dotter ........................................................ 109
4 Zepp6Lb_begynnelse_070631.indd 4
06-03-07 19:26:17
5 Oppdagingar........................................................................ 118 Marie sånn....................................................................... 118 Ismannen .......................................................................... 119 Tutankhamons løyndommar .......................................... 125 Kristoffer Columbus........................................................ 130 Fram og tilbake................................................................ 136 Reisa til månen............................................................... 140 Det vi vet – – .................................................................. 147 6 Inn på scena......................................................................... 148 Frå vits til sketsj ................................................................. 148 Å lese skodespel ................................................................. 151 Erling Andersen og halve kongeriket ............................ 152 Å spele skodespel .............................................................. 162 Lungemos eller blodpudding? ....................................... 162 7 Flukt ........................................................................................ 168 Har en drøm..................................................................... 168 Trælar................................................................................ 171 Flukta ................................................................................ 172 I fangeleiren ..................................................................... 184 Eldens løyndom ............................................................... 191 I natt jag drömde ........................................................... 201 Åleine til Noreg .............................................................. 203 Ingen vandrar lenger ..................................................... 204 Ikkje spør!........................................................................ 204 Shauzia ............................................................................ 205 Stikkord....................................................................................... 215 Litteraturutval.......................................................................... 216 Forfattarregister...................................................................... 217
5 Zepp6Lb_begynnelse_070631.indd 5
06-03-07 19:26:20
1!MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS MÅL Lære
• å lese samansette tekstar – teikneseriar – aviser – faktabøker – digitale tekstar
6 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 6
06-03-07 19:16:44
Kva les du? Kvar dag les du. Du kan lese for å kose deg, for å lære noko nytt eller for å skaffe deg informasjon om noko. Mange av tekstane du les, er illustrerte. Når du les både bileta og orda, får du meir informasjon enn om du berre les orda. Når du les på ein dataskjerm eller ser ein film, møter du ord, bilete, lyd og rørsler. Alt verkar saman, og du får informasjon både gjennom det du ser, og gjennom det du høyrer. Tekstar som er sette saman av ord, bilete og lyd, er samansette tekstar.
SAMANSETTE TEKSTAR
Ein samansett tekst kan vere sett saman av – ord og bilete, som i ei faktabok eller i ein teikneserie – ord, bilete og lyd, som i ein film – ord og lyd, som i ein song – bilete og lyd
FORTELJINGAR BRUKSRETTLEIINGAR
RUTETABELLAR
SKOLEBØKER FAKTABØKER
REKLAME /:% 0)7 (9#
E-POST
TEIKNESERIAR SMS AVISER
(-+-8%0) TEKSTAR
BLAD
7 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 7
06-03-07 19:16:45
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
Ulike måtar å lese på Har du tenkt over at du les på ulike måtar? Du les ikkje ein teikneserie, ei oppskrift og ei naturfaglekse på same måten. Noko kan du lese fort, du kan skumlese. Somme tekstar må du lese nøye for å få med deg alt, då nærles du. Når du leiter etter opplysningar i ein tekst, kan du leitelese. Same kva du les, om du les tekstar på papir eller på skjerm, så går lesinga lettare om du veit kvifor du skal lese, og korleis du skal lese. Dersom du les bruksrettleiinga til ein mp3-spelar, les du nok på ein annan måte enn når du sit på bussen og les ein reklame. For å bli ein god lesar er det lurt å bruke nokre lesestrategiar.
LESESTRATEGIAR
Før du les 1 Finn ut om du skal skumlese, leitelese eller nærlese. 2 Dersom du skal nærlese, kan du først – lese overskrifter – sjå på bilete – snakke med nokon om kva du trur teksten handlar om – snakke med nokon om kva du veit frå før Medan du les 1 Stopp av og til og tenk igjennom det du les. 2 Slå opp ord du ikkje forstår. 3 Noter nøkkelord. Etter at du har lese 1 Tenk igjennom det du las. Kva lærte du som du ikkje kunne frå før? 2 Bruk nøkkelorda og skriv eit samandrag av teksten. 3 Snakk med nokon om det du las.
PQQH WFS 1a Kva les du gjennom ein heil dag? b Kva for nokre av dei tekstane du les, er samansette tekstar?
2 Kva for nokre av tekstane i tankekartet på side 7 vil de – nærlese? – leitelese? – skumlese?
8 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 8
06-03-07 19:16:48
Bilete fortel Til dei fleste tekstane du les, er det bilete. Du les orda i ein skriftleg tekst, men du kan lese mykje ut av bileta òg.
Eitt bilete kan seie meir enn tusen ord Somme bilete kan fortelje ei heil historie og kan stå åleine utan skriftleg tekst.
9 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 9
06-03-07 19:16:49
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
10 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 10
06-03-07 19:17:06
Eit bilete kan gjere teksten enklare å forstå
Surikat Surikaten er eit lite rovdyr som lever i det sørlege Afrika. Ein vaksen surikat veg ca. 720 gram og er ca. 50 cm lang. Hovudet er kileforma, og øyra er små og forma som ein sigd. Kring auga er det svarte markeringar. Pelsen er lys peparfarga. Insekt er favorittmaten, men surikatane seier heller ikkje nei takk til små virveldyr, egg og plantar. Vanlegvis får ei surikatmor tre kvelpar tre gonger i året. Kvelpane er blinde og har øyra attlatne når dei blir fødde.
1-2%7 ,)/7)&6=++ (IXXI XVIRK HY ² )M WXSV KV]XI ² )M WXSV WPIMZ ² 1YW ÀEKKIVQYW PEVZEV LYRHIPIZIV QYWILEPI XVI QIRRIWOIREWILpV SK LYRHIWR¢VV 7PMO KNIV HY &PERH EPX WEQER QIH WPMQ :EVQ STT XMP KVEHEV 4YXX STTM IMR JVSWO 7ZMRK IMR XV]PPIWXEZ SZIV LIOWIFV]KKIX SK WIM EKSVE JEKSVE XEKSVE 7IVZIV FV]KKIX XMP LIOWIV
Teksten ovanfor gir ei skildring av rovdyret surikat. Dersom du berre les den skriftlege teksten, kan det vere vanskeleg å forstå korleis surikaten eigentleg ser ut. Men dersom du les både teksten og biletet, blir det mykje enklare. Biletet gjer teksten lettare å forstå. PQQH WFS 3a Studer bileta på side 9 og 10. Kva fortel dei? Skriv ein kort tekst til kvart bilete. b Gå saman to og to og samanlikn tekstane. Blei dei ulike? Snakk saman. 4a Mina har laga ei oppskrift på heksebrygg. Skriv oppskrifta til Mina på PC. Søk på Internett eller leit i aviser eller blad og finn eit bilete som passar til teksten. b Lag di eiga oppskrift på heksebrygg og set inn bilete. Bruk PC.
11 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 11
06-03-07 19:17:09
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
Bilete og lyd fortel Når du ser ein film, ser du bilete, og du høyrer lyd og musikk. Det hender òg at du må lese tekst. Du les samtidig som du ser på bileta og høyrer lyden. Alt er med på å gi deg ei oppleving av filmen. Somme lydar kan gi deg ei god kjensle, medan andre lydar kan vere skumle og kanskje ekle. Har du lagt merke til korleis musikken er i ein spennande film, i ein romantisk film eller i ein komisk film? Dersom du skrur av lyden, misser du mykje av opplevinga. Dersom du berre høyrer lyden og ikkje ser bileta eller les teksten, blir det ikkje noka stor filmoppleving.
PQQH WFS 5 Snakk saman om kva slags lydar de kan «høyre» til dei tre bileta på side 9 og 10. 6 Sjå på side 94–97. Her finn de fleire korte tekstar som står på blå botn. a Vel éin tekst og finn bilete som passar til teksten. De kan finne bilete på Internett, eller de kan klippe frå blad og aviser.
b Prøv dykk fram med ulike lydar eller musikk som de synest passar til teksten. c Lag ein liten presentasjon. Éin les teksten høgt, medan den andre styrer lyden. 7 Snakk saman om korleis de synest teksten endrar seg når de set til a bilete b lyd c både bilete og lyd
12 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 12
06-03-07 19:17:11
Å lese teikneseriar Når du les teikneseriar, les du både bileta og orda. Somme gonger les du biletet først, andre gonger les du teksten først.
Stumme teikneseriar Somme teikneseriar har bilete utan tekst – det er bileta som fortel historia. Men bileta fortel ikkje alt. Mellom kvar rute i ein teikneserie skjer det mykje. Vi må vere med og lage historia.
13 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 13
06-03-07 19:17:14
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
Teikneseriar med tekst Teikneseriar har sitt eige boblespråk, for eksempel draumebobler, kviskrebobler, tankebobler og vanlege snakkebobler. Teikneserieteiknaren kan også få oss til å «høyre» lydar.
Fugl eller frosk eller midt imellom? *motiv – her: det ein vil teikne
Teikneserieteiknaren kan teikne motivet* frå ulike vinklar.
Jenta er teikna ovanfrå, i fugleperspektiv. Tenk deg ein fugl som flyg høgt oppe i lufta og ser ned på alt under seg. Di høgre opp fuglen kjem, di mindre verkar det han ser nede på bakken.
Her er jenta teikna nedanfrå, i froskeperspektiv. Frosken er liten og må sjå opp for å sjå det som er over bakken. Om du sat saman med frosken og såg opp, ville alt verke veldig stort.
14 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 14
06-03-07 19:17:16
Her er jenta teikna i normalperspektiv. Då ser du korkje som ein fugl eller som ein frosk, men på ein måte som ligg midt imellom. Du ser rett fram, inn i teikninga.
Teiknaren kan zoome inn på ein liten del av biletet. Då blir noko av teikninga forstørra, og vi legg ekstra godt merke til denne delen.
PQQH WFS 8a Fortel kvarandre kva som skjer i teikneseriestripa «Kolbein» på side 13. b Mellom kvar rute skjer det noko som teiknaren ikkje har teikna. Kva skjer mellom rutene? c Kvifor er det nødvendig å forstå at det skjer noko mellom kvar rute? 9 Korleis verkar jenta når ho er teikna i froskeperspektiv?
10a Teikn ein drake i a fugleperspektiv b froskeperspektiv c I kva for eit perspektiv verkar draken mest skummel? Kvifor? d Zoom inn og teikn ein liten del av draken, for eksempel klørne, eit auge eller noko anna.
15 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 15
06-03-07 19:17:17
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
Éi historie – to sjangrar
Før du les: Ta eit overblikk over dei to tekstane. Dei høyrer til kvar sin sjanger. Kva for to sjangrar er det?
Eit oppslag er dei to sidene som vender mot deg i ei bok som er slått opp.
På dette oppslaget kan du lese to forteljingar om då Halvor kom til Soria Moria slott. Begge tekstane fortel den same historia, men på ulike måtar. Soria Moria slott I slottet brann det på varmen, og Halvor gjekk inn på kjøkkenet, som var så gildt at han aldri hadde sett så gildt eit kjøkken. Det var kjelar både av gull og sølv, men folk var det ingen av. Då Halvor hadde stått der ei stund, og ingen kom ut, gjekk han bort og gløtta på ei dør. Der inne sat det ei prinsesse og spann på ein rokk. – Nei, nei då! ropte ho, – tør det kome kristenfolk hit? Men det er nok best du går att, om ikkje trollet skal sluke deg, for her bur det eit troll med to hovud. – Eg er like glad om han hadde fire òg, så skulle eg ha lyst til å sjå den karen, sa guten, – og eg går ikkje, for eg har ikkje noko vondt gjort. Men mat får du gi meg, for eg er fælt svolten. Etter Asbjørnsen og Moe
PQQH WFS 11 Samanlikn teikneserien og teksten frå eventyret «Soria Moria slott». a Finn stader i teksten som passar til kvart bilete i teikneserien. b Kva for replikkar i eventyret er ikkje tekne med i teikneserien? 12 Når du studerer bileta i teikneserien, ser du meir enn det eventyrteksten fortel om. a Kva slags møblar ser du i stova? b Korleis er møblane?
c Kva fortel tinga du ser i stova, om folka som bur på slottet? d Kva held prinsessa på med i – eventyret? – teikneserien? e Korleis kan du sjå at ho er prinsesse? f Korleis kan du sjå at Halvor ikkje er ein rik mann? 13 I teikneserien snakkar både Halvor og prinsessa meir slik som vi snakkar i vår tid. Finn replikkar som viser det.
16 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 16
06-03-07 19:17:17
Frå Bjørn Ousland: Soria Moria slott
17 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 17
06-03-07 19:17:23
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
Lag ein teikneserie Når du lagar ein teikneserie, må du teikne berre det viktigaste. Boblene viser kven som snakkar, korleis dei snakkar, og kven som snakkar først og sist. Når vi les, les vi frå venstre mot høgre. Slik les vi teikneseriar òg. Derfor må den snakkebobla som skal lesast først, vere plassert lengst til venstre i ruta. Du kan også setje inn nokre forteljarplater. Ver gjerrig med orda i platene, ikkje skriv det du teiknar. Dersom du har teikna at månen lyser, treng du ikkje skrive det.
Fordi eg begynner å snakke, skal mi snakkeboble vere her.
Slik kan du plassere snakkeboblene:
Og når eg svarer, skal mi vere her.
:%20)+ SNAKKEBOBLE TANKEBOBLE
KVISKREBOBLE
SNAKKE
RADIO-/ TELEFONBOBLE
SKRIKEBOBLE
0=(36(
18 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 18
06-03-07 19:17:27
Prøv deg som teikneserieskapar No har du lese fleire teikneseriar, og du veit litt om kva teknikkar du kan bruke. No skal du prøve deg som teikneserieskapar. Dette kan hjelpe deg til å kome i gang: 1 Kva for personar eller figurar skal vere med i teikneserien? 2 Kva skal hende? 3 Kvar skal handlinga gå føre seg? 4 Når skal handlinga gå føre seg? 5 Korleis skal det gå til slutt? 6 Kor mange ruter treng du? 7 Korleis skal personane snakke? 8 Kva for lydord vil du bruke? 9 Kva for ruter skal vere i fugleperspektiv? I froskeperspektiv? I normalperspektiv? Kva vil du zoome inn på? 10 Ver gjerrig med forteljarplatene.
PQQH WFS 14 Del eit ark i fire ruter. Lag ein teikneserie med eller utan tekst om ein person som hoppar i fallskjerm ut frå eit fly. Korleis går det? 15 Vel ein tekst frå denne boka som du vil lage ein teikneserie av. Du kan for eksempel velje noko frå teksten «Harry Potter» på side 86–91. Prøv om du kan følgje nokre av dei ti punkta som er sette opp ovanfor. Legg teikneserien i mappa di.
19 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 19
06-03-07 19:17:27
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
Å lese aviser
*avisreportasje – ein avistekst som fortel om noko som har hendt, eller gir informasjon om eit emne
Aviser er sette saman av bilete og tekstar med mange ulike skrifttypar. I avisene finn du mange samansette tekstar. Aviser har variert stoff, for eksempel reportasjar*, annonsar, teikneseriar og oversikt over fjernsynsprogram. Vi les ikkje alle tekstane på same måten, vi bruker ulike lesestrategiar. Når du ser på ei avisside, tek du eit overblikk for å finne noko du har lyst til å lese. Ofte avgjer overskrifta om du vil lese meir. Du les ein avisreportasje på ein annan måte enn du les ein annonse. Noko vil du kanskje lese nøye for å få med deg alt, andre tekstar skumles du for raskt å sjå kva dei handlar om.
Det viktigaste først I avisreportasjar finn du alltid det viktigaste først. Dersom du ikkje vil lese alt, kan det ofte vere nok å lese ingressen og nokre av dei første linjene. Då ser du fort om dette er noko du har lyst til å lese meir om. 20 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 20
06-03-07 19:17:33
Før du les: Ta eit overblikk over avisreportasjen. Sjå på biletet og les tittelen og mellomtitlane. Kva trur du reportasjen handlar om?
Byline fortel kven som har skrive teksten.
Ingressen er ei kort innleiing som fortel det viktigaste i ein artikkel eller ein reportasje. Ingressen står med halvfeit skrift.
Tittelen skal fange merksemda til lesaren og står med store skrifttypar.
GIR ALT FOR Å FINNE ZUNI SATSAR ALT: Måndag leigde ho helikopter frå Kjeller for å søkje etter hunden ho miste i Heidal. Sidan laurdag har Kristin Gade frå Asker søkt åleine og saman med venner og kjende over store fjellområde. Av Leif Øverland
HEIDAL: Otta Røde Kors hjelpekorps deltok også med eit par mann onsdag, utan at det førte til noko funn. Torsdag blei juvet der Bergdøla går, saumfare. Koste kva det koste vil Engelsksetteren Zuni skal finnast – koste kva det koste vil. Kristin har også lova dusør til den som finn hunden. Den tre og eit halvt år gamle tispa forsvann sporlaust frå hytta på Kvernbru i Heidal ved 16-tida sist laurdag. Kristin Gade har sidan gjort alt ho har kunna for å få tilbake hunden sin. Ho er sikker på at Zuni er i live. Kan liggje skadd ein stad – Eg føler det på meg at ho lever. Sjansane er store for at ho har vimsa seg langt av garde. Ho kan ha drege i retning Murudalen, men ho kan også ha falle ned i juvet mot elva Bergdøla. Det er det eg er mest redd for – at ho skal liggje skadd der på ei hylle, seier Kristin. Torsdag leigde ho ein lokal rafteguide til å søkje nærmare i juvet
Mellomtittelen fortel kva avsnittet under handlar om.
frå Vassløysa og fem–seks kilometer nedover mot der elva går ut i Sjoa. Måndag var ho saman med ein kjentmann i helikopter over terrenget her. Dei leitte i ein time, men oppdaga ikkje noko. Mange tusen til helikopter – Kor stor blei rekninga for helikopteret? – Nei, den har eg ikkje fått enno, men det blir ein del tusenlappar. Summen vil eg ikkje ut med. Det er ikkje kostnadene som er poenget. Det viktigaste for meg er at Zuni blir funnen. Det er litt merkeleg at ingen har sett henne. Eg har sett opp plakatar og prøvd så godt eg har kunna å etterlyse henne gjennom radio, politiet og alt eg har kunna finne på. Det einaste eg har fått vite, er at det blei høyrt hundeglam i Murudalen. Eg har vore i området der, men fann henne
Den engelske setteren Zuni har vore etterlyst i Heidal sidan ho forsvann frå hytta på Kvernbru sist laurdag. Den tre og eit halvt år gamle tispa er kvit med brune flekker og er snill og tillitsfull.
ikkje. Kristin er fast bestemt på å halde fram leitinga til ho finn hunden sin. Litt vimsete av seg – Ja, eg held fram så lenge det er sannsynleg å finne henne i live. Zuni er litt vimsete av seg, og derfor er ho ubrukeleg på fuglejakt. Jegeren bruker meir tid på å finne att hunden enn på å finne rypa. Men det har aldri hendt før at ho har stukke av frå hytta på Kvernbru. Ho har alltid gått og tusla kring hytta, men altså ikkje denne gongen, sukkar Kristin Gade. Så kastar ho seg i bilen for å leite vidare før det blir mørkt.
*typograf – ein person Brødteksten kjem etter ingressen. I gamle dagar fekk som set teksten typografane* lønn for kvar linje dei sette. Det gav dei pengar til det daglege brød. Derfor heiter det brødtekst.
21 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 21
06-03-07 19:17:39
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
PQQH WFS Spørsmål
Svar i teksten
/SVPIMW OER HY )K J¢PIV HIX ZMXI EX LYRHIR Tp QIK EX LS PIZIV# PIZIV
16 Journalisten har intervjua dama som har mist hunden sin, men alle dei spørsmåla journalisten har stilt, står ikkje i reportasjen. Finn svara og skriv spørsmåla. 17 Lasse les aviser på Internett. Knut og Kari les papirutgåver. Snakk saman om når og kvar de les aviser.
22 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 22
06-03-07 19:18:02
Å lese faktabøker Du kan finne faktabøker om nesten alle moglege emne. Dersom du er interessert i sport, har du mange bøker å velje mellom. Kanskje liker du å lese om folk i andre land? På biblioteket kan du velje og vrake blant mange faktabøker. Kva for emne kunne du tenkje deg å lese om? Faktabøker har mange bilete. Dei er ikkje til pynt. Når du les både tekst og bilete, får du meir informasjon om emnet. På side 24 ser du eit utdrag frå ei faktabok om Tutankhamon.
23 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 23
06-03-07 19:18:12
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS Før du les: Bruk plakaten «Slik kan du lese ei faktabok» og studer utdraget.
Utpakking av mumien 11. november 1925, tre år etter at grava var oppdaga, begynte ekspertar å obdusere eit tre tusen år gammalt lik. Douglas Derry, professor i anatomi, måtte arbeide varsamt, for mumien etter Tutankhamon var svært skøyr. Tyet mumien var pakka inn i, hadde rotna, og mumien var limt så godt fast til kista at det tok fire dagar å få han ut. Dødsmaska av gull hadde storkna fast til hovudet og måtte fjernast med varme knivar. Først då kunne ein sjå ansiktet til den unge kongen for første gong. Hovudet var barbert.
Mellomtittel
Tittel ANSIKTET
Bilettekst
TIL MUMIEN
PORTRETT?
Ansiktet til mumien hadde sprø, mørk hud, og nasen var blitt flatklemd av bandasjane.
Dødsmaska viste kongen som ein pen ung mann. Då han levde, kan han ha sett slik ut.
NYE SPOR
NØYAKTIG ARBEID
Sjølv om kroppen hadde store skadar, kunne forskarane likevel lære mykje av obduksjonen. Det blei klart at Tutankhamon hadde vore ein tynn mann, 1,65 m høg. Beina og visdomstennene tydde på at han hadde vore om lag 18 år gammal då han døydde.
Burton fotograferte kvart steg i det tidkrevjande arbeidet, og Carter laga detaljrike teikningar.
DET FØRSTE KUTTET Eit balsameringskutt gjekk frå navlen til hofta.
Beina hadde skrumpa inn.
Kroppen På dette biletet ligg den utpakka kroppen til Tutankhamon på eit brett med sand, i den same stillinga som han hadde lege i i kista. Liket var i dårleg stand samanlikna med andre kongelege mumiar. Huda var blitt grå og sprø.
24 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 24
Derry skar gjennom det ytre liksveipet for å skrelle av laga med ty. Han fann mange smykke under laga med bandasje.
VONBROT Carter kika spent på arbeidet og blei vonbroten då han så kor dårleg stand mumien var i.
DERRY PÅ ARBEID Derry kunne ikkje redde tyet kroppen var pakka inn i, og han måtte dele opp kroppen for å få han ut av kista. Då han pakka ut hovudet, var han ekstra varsam – han brukte ein fin, mjuk børste i dei siste stadia. Frå David Murdoch: Tut-ankh-Amon – en faraos liv og død
06-03-07 19:18:17
FØR DU LES EI FAKTABOK
– Les på framsida og baksida av boka. – Bla i boka og sjå på bileta. – Tenk over kva boka handlar om. – Tenk over kva du veit om dette emnet frå før. – Kva vil du prøve å finne svar på? – Bruk innhaldslista og stikkordlista for å sjå om du kan finne det du leiter etter i denne boka. – Når blei boka gitt ut?
SLIK KAN DU LESE EI FAKTABOK
– Ta eit overblikk over oppslaget. Kva veit du om dette emnet frå før? – Kva vil du finne ut? – Les bilete og bilettekstar. Kva fortel dei? – Les titlar og mellomtitlar.
PQQH WFS 18 Finn minst tre faktabøker på biblioteket og spør kvarandre slik: a Kva fortel framsida og baksida om innhaldet i boka? b Kva handlar denne boka om? c Kvifor er det viktig å vite når boka er gitt ut? d Kva fortel bilete og bilettekstar om innhaldet i boka? e Kva fortel innhaldslista og stikkordlista om innhaldet i boka? 19 Studer «Utpakking av mumien». Vel eit bilete kvar og fortel kvarandre om det de ser.
20 Les og samanlikn «Utpakking av mumien» på side 24 og «Tutankhamons løyndommar» på side 125–129. a Finn og skriv tre faktaopplysningar frå kvar tekst. b I kva for ein tekst får du vite mest om smykka som blei funne i grava? 21a Kva er skilnaden på å lese ein tekst som «Utpakking av mumien» og ein tekst som «Tutankhamons løyndommar»? b Kva for ein av tekstane likte du best å lese? Kvifor?
25 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 25
06-03-07 19:18:19
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS
Å lese digitale tekstar Tenk deg at du er i ein by med mange gater. Når du kjem til eit kryss, må du velje om du skal gå til høgre, til venstre eller rett fram. Dersom du svingar til høgre, kjem du kanskje til skobutikken, går du til venstre, er det kjøpesenteret du kjem til. Går du rett fram, kjem du ein heilt annan stad. For kvart nytt gatekryss du kjem til, må du velje kvar du vil gå.
26 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 26
06-03-07 19:18:24
й
Slik er det på nettet òg. Når du går inn på ei side på Internett, kan du velje kvar du vil gå. Ved hjelp av musepeikaren klikkar du deg vidare. På nettet heiter vegane hyperlenkjer eller lenkjer. Dei kan ta deg til ei anna side på den same nettstaden, eller du kan kome til heilt nye nettstader. Der finn du kanskje nye lenkjer som kan føre deg endå vidare. Men akkurat som i ein storby, er det lett å gå seg bort. Derfor er det viktig at du veit – kva du er ute etter – kva du skal bruke det til – korleis du skal finne heim att Mange digitale tekstar er laga slik at du kan lese tekst, sjå på bilete og høyre lyd samtidig. Den samansette teksten gir deg mange val. Det er derfor lurt å ta eit overblikk over sida før du klikkar i veg.
Å lese på internett Når du les på skjerm, bør du ta eit overblikk over nettsida for å finne ut kva sida inneheld. Les titlar og mellomtitlar, og sjå på bileta. Mange nettstader har ein meny på venstre side i skjermbiletet. Menyen fortel kva du kan finne på nettstaden. Dette er lenkjer som du kan klikke deg inn på. Dersom du vil bla tilbake, klikkar du berre på symbolet «Tilbake» på verktylinja. Og vil du bla framover att til ei side du nettopp har vore på, kjem du fort dit ved hjelp av knappen «Fram” på verktylinja.
27 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 27
06-03-07 19:18:26
MFTFLVST!Ñ!TBNBOTFUUF!UFLTUBS Verktylinje Adresselinja viser adressa til nettstaden.
Dersom du klikkar på «Mobil», kjem du til ei ny side. Dette er ei lenkje frå den eine sida til den neste.
I venstre ramme finn du ein meny. Menyen viser kva du kan finne på nettstaden.
28 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 28
06-03-07 19:18:28
Trygg på nett På Internett finst det uendeleg mange nettstader. Alle som vil, kan leggje ut sider på nettet. Du kan derfor ikkje stole på alt du finn på Internett. Du må vere kritisk og spørje deg sjølv: – Kven har laga nettstaden? – Når er nettstaden laga? – Kvifor er nettstaden laga? På nettstaden www.saftonline.no kan du mellom anna lære om trygg bruk av Internett. Du finn mange lenkjer på nettstaden der du kan lese meir om dette.
PQQH WFS 22 Gå inn på to populære nettstader. Nedst på nettsidene finn du opplysningar om kven som har laga nettstaden, og når han er laga. a Kvifor er det viktig å vite kven som har laga ein nettstad, og når nettstaden er laga? b Kvifor er nettstaden laga? 23 Gå inn på www.saftonline.no. a Kven har laga nettstaden? b Når er nettstaden laga? c Kvifor er nettstaden laga?
24 Snakk saman om mobilmobbing. a Korleis går mobilmobbing føre seg? b Korleis kan slik mobbing stoppast? 25 Sjå på heimesida til skulen din eller heimesida til kommunen du bur i. Ta eit overblikk over sida. Klikk deg inn på nokre lenkjer og bli kjend med nettstaden.
I MÅL? 1a Kva er ein samansett tekst? b Gi eksempel på nokre samansette tekstar. 2 Kva lesestrategi vil du bruke for raskt å finne ut kva du vil lese i ei avis? 3 Kva er noko av skilnaden på å lese ein skjermtekst og ein tekst i ei bok? 4 Skriv minst fem ord eller uttrykk frå dette kapitlet som du vil samle på. BSCFJETCPLB-!tjef!3Ñ:
29 Zepp6Lb_kap1_070631.indd 29
06-03-07 19:18:29
3!!WFOOTLBQ!PH!GPSFMTLJOH MÅL • Lese skjønnlitteratur • Snakke om det du har lese • Skrive om det du har lese
Lyn og tore Eg håper det snart begynner å lyne og torne slik at du blir redd og gøymer deg under trappa. Då skal eg kome og halde rundt deg og når alt er over, og du vil ut att, så seier eg: Eg såg eit lyn til. Ragnar Hovland
Eg tenker nok Eg tenker nok munnen din smakar rabarbra Eg tenker nok øyra dine smakar småsalta tomatar Eg tenker nok håret ditt smakar regnskyer og knusktørre høyhesjer Eg tenker nok dynejakka di smakar dei nye teikneseriane i hylla på kolonialen. Arnt Birkedal
44 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 44
06-03-07 18:46:55
PQQH WFS 1 Les dikta av Arnt Birkedal og Ragnar Hovland. Kva for ord og setningar finn du som viser at «eg-personen» er forelska?
3a Både Birkedal og Hovland har skrive mange dikt for born og unge. Finn eitt av dei og skriv det på eit ark. Set bilete eller teikning til. b Legg diktet i mappa di.
2 I diktet av Birkedal blir setninga «Eg tenker nok» gjenteken fleire gonger. Skriv ditt eige «Eg tenkjer nok»-dikt.
45 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 45
06-03-07 18:46:56
Det var to fjerdeklasser, A-klassa og B-klassa. Anne gjekk i A. Ho var nokså søt. Ho hadde brunt hår og grøne auge og svarte augevipper. Men det var nok to i klassa som var søtare. Det var Tone og Ellen. Tone hadde brune krøllar og brune auge. Ellen hadde brune auge og veldig lang hestehale. Ho hadde alltid lyseraude, reine klede. Anne hadde ofte flekkete klede med hol i. For ho slost med gutane og vann over alle i handbak, til og med Richard i femte. Anne budde i eit grønt hus ved eit jorde. Jordet var stort, med skøytebane og høge tre og ein haug på. Frå det store jordet gjekk det ein lang oppoverbakke til skulen. Kvar morgon gjekk Anne ned til krysset. Der venta ho på Einar og Dag og Knut og Beate, og så gjekk alle oppover den lange oppoverbakken saman. Beate var bestevenninna til Anne. Ho slost aldri og sprang ikkje fort og var ikkje sterk i det heile teke. Ho var flink på skulen. Beate og Einar hadde raudt hår og frekner, dei andre hadde brunt hår. Men alle gjekk i fjerde, i A. Anne hadde mange mindre systrer og ein stor bror som heitte Ole. Når ho kom heim frå skulen, snakka ho med alle systrene og den store broren og åt brødskiver med jordbærsyltety på. Så gjekk ho ut på jordet. Der stod kanskje Einar og Dag og Knut og Beate. Dei snakka om korleis det hadde vore på skulen, og om kor keisamt det var å gjere lekser. Så kom kanskje Tone og Ellen, og kanskje den store broren til Anne og nokre andre store gutar. Dei gjekk i sjuande. Dei gjorde mykje rart på jordet. Dei leika pling på boksen og hadde sykkelkonkurranse. Dei gjekk på epleslang om hausten og bygde snøhytter om vinteren og demningar om våren, og krangla og drog til Banditthagen og alt mogleg, heilt til det blei kvelden. Då gjekk dei heim. 47 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 47
06-03-07 18:47:01
WFOOTLBQ!PH!GPSFMTLJOH
Stopp – tenk: Korleis trur du det er i Banditthuset?
Så var det ein dag tidleg på våren, like etter påskeferien. Det var nesten ikkje snø meir, så det sa klikk-klakk i gata når dei gjekk. Men ingen gjekk, for alle hadde fått syklane ut. Denne morgonen kom Anne ut av det grøne huset og sykla til krysset for å møte dei andre, akkurat som ho gjorde kvar einaste morgon. Fuglane song og faren til Knut ropte frå verandaen. – Knu-u-t, ropte han, – du har ikkje pussa tennene dine! Men Knut gjekk ikkje tilbake, han blei ståande i krysset akkurat som han brukte å gjere kvar einaste morgon. – Du må pusse tennene dine, Knut, sa Beate, for ho tenkte på slike ting. – Kvifor kjem ikkje Dag og Einar? spurde Anne. – Slik dei plar gjere. For slike ting tenkte ho på. – Kanskje dei sykla med Jørgen! – Jørgen? – Jørgen? – Jørgen Ruge, sa Knut og sykla oppover oppoverbakken som om ingenting. – Den nye guten. – Ein ny gut? Anne og Beate sykla fort etter, – ein ny gut? – Ja, sa Knut. – Ein teit! – Er han søt? – Nei, sa Knut. – Stygg! – Korleis stygg? – Han har schwæære mellomrom mellom tennene! – Å, sa Beate, – å. – Men kanskje han er sterk, sa Anne. – Nei, sa Knut. – Veik! – Har de slåst? – Han bur i Banditthuset! I Banditthuset? Anne fekk sykkelstyret i magen. Beate stoppa heilt å sykle og heldt hendene for øyra. Det gjorde ho alltid når det var noko skummelt.
48 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 48
06-03-07 18:47:02
Banditthuset låg i Banditthagen og var heilt annleis enn andre hus. For det var mykje større og mykje eldre, og i gamle dagar hadde det budd ein banditt der. No var det berre spøkjelse og kanskje ein einarma mordar der. Hagen var heller ikkje som vanlege hagar, men mykje større og mykje meir rotete. Det var høge tre der, epletre og kirsebærtre og bærbuskar og syrinbuskar og markjordbær og store steinar om kvarandre. Dei var mykje i Banditthagen om sommaren og hausten, for det budde ingen i Banditthuset, iallfall ingen menneske. Banditthuset var brunt, med mange vindauge og mange dører. Alle var låste, men Ole og dei store gutane hadde klatra ned gjennom takluka, om natta. Det var dei som hadde sett mordaren. 49 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 49
06-03-07 18:47:04
WFOOTLBQ!PH!GPSFMTLJOH
Stopp – tenk: Korleis trur du Jørgen Ruge er?
Dei i fjerde hadde berre klatra opp på verandaen, for det var ein stor veranda på Banditthuset, og ei branntrapp. Anne hadde sete åleine i Banditthagen mange gonger, men berre om dagen når det var lyst. Ho hadde tenkt at ho budde der. Dersom ein budde i Banditthuset og hadde rom i andre etasje, kunne ein berre klatre ut i eit tre og kome seg ned utan at nokon merka det. Og dersom ein ville ha eit eple, kunne ein berre plukke det gjennom vindauget. Og dersom ein ville rømme heimanfrå, trong ein ikkje rømme langt, berre gøyme seg i hagen. – Tenk å bu i Banditthuset, sa Beate. – Det hadde eg aldri fått lov til. – Eg skulle gjerne budd der, sa Anne. Så såg ho på Knut. – Dessutan synest eg svære mellomrom mellom tennene er tøft! – Han har frekner òg! Då gadd ikkje Anne snakke med dei meir, for dei skjøna ingenting. Dei hadde aldri sete i Banditthagen åleine. – Jørgen Ruge med frekner, sa ho inni seg. Ho lurte på korleis han var.
50 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 50
06-03-07 18:47:10
Då ho fekk sjå han, tenkte ho berre: – Der er han, den nye guten! Han leika hauk over hauk med B-klassa. Han hadde heilt lyst hår og blå bukser og blå anorakk som var open. Under hadde han kvit strikkegenser, og ei blåog raudstripete T-skjorte hang nedanfor under der att. Og så hadde han eit nøkkelknippe. Det hang i beltet og klirra når han sprang, klirr-klirr. Han sprang kjempefort. Etterpå, då det ringde inn og alle stod i klyngje framfor døra og ho kunne sjå han betre, tenkte ho at han var pen. Auga var store og veldig blå, og så hadde han frekner, sånne pene frekner, og liten munn. Men han hadde ikkje svære mellomrom mellom tennene, ikkje i det heile teke. Anne såg ikkje rett på han, men ho såg på han heile tida. Ho såg i kvart friminutt. Og ho håpte at han ville snakke meir med Dag og Einar og kanskje kome ut på jordet etter skulen og vere med på sykkelkonkurranse eller pling på boksen. Den dagen måtte Anne sitje att, for ho hadde gløymt å gjere leksene sine, slik ho pla gjere. Frøken skulle vere sint. – Anne Lunde, Anne Lunde, sa ho, – du har jo ikkje gjort leksene dine! – Nei, sa Anne og såg veldig lei seg ut, for ho tenkte på dei andre, som no henta syklane i sykkelskuret og sykla frå skulen saman med Jørgen. Kanskje han til og med sykla rett framfor Ellen, og når det gjekk fort, ropte ho Waaoouu! slik at han snudde seg og såg at ho hadde brune auge og veldig lang hestehale, som bles i vinden. – Ja, ja, sa frøken, – men du må gjere leksene ein annan gong!
51 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 51
06-03-07 18:47:12
WFOOTLBQ!PH!GPSFMTLJOH
Stopp – tenk: Kva trur du kjem til å hende no?
– Ja, sa Anne og såg frykteleg trist ut. For ho tenkte på Jørgen og Ellen og dei andre, som kanskje stoppa ved kiosken for å kjøpe rustne spiker og snakka mykje saman og blei bestevenner. – Vel, vel, Anne Lunde, sa frøken, – no kan du gå. Men hugs kva eg har sagt! – Ja, sa Anne og gjekk ut av klasserommet. Ho gjekk bortover gangen og ut døra og ned trappa og sakte bortover skuleplassen, mot sykkelskuret. For no var nok dei andre heime allereie. Då høyrde ho plutseleg noko, at det klirra bak henne, klirr-klirr-klirr. Ho snudde hovudet, og då såg ho han. Det var Jørgen Ruge! Han kom nedover trappa, klirrklirr, sa det, og han gjekk bortover skuleplassen, rett mot sykkelskuret. På heile den store skuleplassen var det berre to. Berre Jørgen og ho. Og begge skulle til sykkelskuret.
52 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 52
06-03-07 18:47:15
Då Anne var framme, bøygde ho seg over sykkelen for å låse han opp, men ho såg på Jørgen heile tida under armen, han kom nærmare og nærmare. Ho låste opp sykkelen så sakte ho kunne. Klirr-klirr, kom det nærmare, like bak henne, og svusj så var han forbi så ho kjende det på ranselen. Han sa ikkje hei, og ikkje ho heller, for dei kjende jo ikkje kvarandre.
YTRE OG INDRE KJENNETEIKN Ytre kjenneteikn Indre kjenneteikn Namn: Oppførsel: Ansikt: Humør: Hår: Flink til: Auge: Klede:
Anne trilla sykkelen ut, og Jørgen trilla sin sykkel etter. Anne trilla ut frå skuleplassen og over vegen, og Jørgen følgde etter. Så sette dei seg på syklane og sykla nedover nedoverbakken, Anne Lunde først og Jørgen Ruge etter. Dei sykla fort, så det bles i håret. Klirr-klirr, sa nøkkelknippet bak henne, men snart måtte han svinge dersom han skulle til Banditthagen. Då høyrde ho at han kom nærmare, like bak henne. Klirr-klirr og svusj-svusj, så hadde han sykla forbi henne og svinga. – Ha det, sa han. Då blei Anne varm i blodet, veldig varm i blodet. – Ha det, sa ho, men då var ho langt nede i den andre vegen, og Jørgen var borte. Men ho visste det sikkert inni seg: Ho elska Jørgen Ruge! Frå Vigdis Hjorth: Jørgen + Anne er sant
PQQH WFS 4 Kva får du vite om Anne Lunde? Skriv ned ytre og indre kjenneteikn. 5 Kva får du vite om Jørgen Ruge? Skriv ned ytre og indre kjenneteikn. 6a «– Du må pusse tennene dine, Knut, sa Beate.» Kva fortel denne setninga om Beate? b «– Kvifor kjem ikkje Dag og Einar? spurde Anne.» Kva fortel denne setninga om Anne?
c Kva for andre skilnader er det mellom dei to jentene? 7 Kvifor seier Knut at Jørgen er veik og stygg, trur du? 8 Kva høyrer Anne lyden av når Jørgen er i nærleiken? 9 Kva seier Jørgen som får Anne til å bli varm i blodet? 10 Les om att det første avsnittet av teksten. Kva fortel dette om handlinga i boka?
53 Zepp6Lb_kap3_070631.indd 53
06-03-07 18:47:15