Zeppelin 7 språkbok NN

Page 1



BRUKSRETTLEIING RAUD DEL

Dei enklaste tekstane og oppgåvene finn du på sider med ein raud strek øvst. Alle skal begynne på dei raude sidene.

MERKNADSBOKSAR

I merknadsboksane får du tips om gode lese- og læringsstrategiar. Før du les: Leit etter 1 BISON-punkta 2 punktlister, rammer og boksar

GUL DEL

Etter dei raude sidene held du fram med dei gule. Her finn du litt vanskelegare tekstar og oppgåver. KURSKAPITTEL

I kapitla «Lær å lære» og «Lytte og tale» er det ein grøn strek øvst på alle sidene. Dette er kurskapittel, som læraren din skal gå igjennom. Det du lærer i desse kursa, får du bruk for i alle dei andre kapitla.

OPPGÅVER

Oppgåver som du skal gjere åleine. Oppgåver som du skal gjere saman med ein annan. Oppgåver der fleire skal arbeide saman.

MÅL

Oppgåver som du skal leggje i ei mappe.

Her ser du kva du skal lære i kapitlet.

I MÅL?

PLAKATAR

På plakatane finn du hugselister, oppskrifter og forklaringar.

Her finn du spørsmål som skal få deg til å tenkje over kva du har lært i kapitlet. ARBEIDSBOKA, side ...

B– I – S– O– N–

BISON-OVERBLIKK Bilete og bilettekstar Innleiing Siste avsnitt Overskrifter NB-ord – Ord som skil seg ut

Når du ser ei slik tilvising på slutten av eit kapittel, tyder det at du kan finne fleire oppgåver i arbeidsboka. Desse oppgåvene skal du arbeide med åleine.


INNHALD 1 Lær å lære (kurs) ..................................................................... 6 Leit etter spor ............................................................................. 7 På sporet av forfattaren ......................................................... 12 Å samanlikne ............................................................................ 22 Vel læringsstrategi .................................................................. 24 2 Lytte og tale (kurs) ................................................................ Å snakke saman ........................................................................ Ein god lyttar ............................................................................ Kva slags ord bruker du? ...................................................... Kva slags røyst bruker du? ................................................... Kroppsspråket – meir enn ord ............................................ Sei meininga di! ........................................................................ Respekter andre sine meiningar ........................................

34 34 38 41 44 46 50 52

3 Skriv betre ................................................................................ Å skrive ....................................................................................... Å skrive om personar ............................................................. Å skrive om stader ................................................................... Kva blir fortalt først og sist? ................................................ Skriveknep .................................................................................

58 59 61 70 74 78

4 Rettskriving ............................................................................. 86 Kvifor har vi rettskriving? .................................................... 87 Nokre rettskrivingsreglar....................................................... 88 Dobbel konsonant .................................................................. 90 Forenkling av dobbel konsonant ....................................... 92 Og eller å? .................................................................................. 94 Meir om og og å ....................................................................... 96 Stavekontroll på datamaskin ............................................... 97 5 Ordklasser ............................................................................. 100 Determinativ ........................................................................... 102 Subjunksjonar ....................................................................... 104 Adverb ...................................................................................... 106


6 Sakprosa .................................................................................. 108 Rapport .................................................................................... 108 Referat ...................................................................................... 120 Søknad ...................................................................................... 126 7 Setningsanalyse ................................................................... 132 Å analysere setningar ........................................................... 133 Verbal ........................................................................................ 134 Subjekt ...................................................................................... 136 Direkte objekt ........................................................................ 138 Setningsledd kan innehalde fleire ord ........................... 140 Kva er ei setning? ................................................................. 141 Heilsetning .............................................................................. 142 Leddsetning ............................................................................ 144 Å utvide ledd ........................................................................... 145 Indirekte objekt ..................................................................... 146 8 Teiknsetjing ........................................................................... Store skiljeteikn ..................................................................... Hermeteikn, replikkstrek og kolon .................................. Komma ...................................................................................... Meir om komma .....................................................................

150 150 152 154 158

9 Bygg ein faktatekst ............................................................. 160 Som å byggje eit hus ............................................................ 160 I verkstaden til forfattaren ................................................. 162 Rydding og ommøblering ................................................... 176 10 Språk og haldningar .......................................................... Språk kan uttrykkje haldningar ........................................ Kan språk skape haldningar? ............................................ Kva er gruppespråk? ............................................................ Slang ..........................................................................................

180 180 182 185 192

Stikkord ......................................................................................... 197 Litteraturutval ............................................................................. 198


1 Lær å lære MÅL Lære

• å finne spor etter forfattaren • å samanlikne to ting • å velje læringsstrategi «Amandla» av Eva Bjørkvold, 2003.

6


Leit etter spor Elefanten som forsvann Massingblåsarane bles. Trommekvervlane kvervla. Høgtalarane talte høgt. – Mine damer og herrar, det er ei stor glede for meg å presentere dykk for den aller største, aller klokaste og aller dyraste sirkuselefanten i heile verda: Ella Fantastica! Og der kom den store, grå elefanten dansande inn i manesjen medan to menn i glitrande drakter slo hjul og tok salto oppe på den breie ryggen hennar. – Ta godt imot Ella Fantastica og dei verdsberømte akrobatane Ole og Dole! sa sirkusdirektør Maximus i høgtalaren. – Dei er like fantastisk sterke og smidige begge to. Dersom de synest at dei liknar på kvarandre, kan eg fortelje at dei er einegga tr... eh ... tvillingar. Dei er faktisk så like at ikkje eingong eg kan sjå forskjell på dei. Og eg er jo trass alt far deira! Publikum lo og klappa. Smarte Bjarte klappa òg. Den store detektiven sat på første benk og følgde nøye med på framsyninga. Elefanten Ella Fantastica var verkeleg fantastisk! Ho hoppa gjennom brennande ringar, balanserte på line, sykla på eitthjulssykkel og stod på skateboard. Og heile tida brukte akrobatane Ole og Dole den enorme kroppen hennar som ein gymsal full av turnapparat. Til slutt fekk elefanten bind for auga og ein stor kniv i snabelen. Så hengde ho seg etter knea i ein diger trapes og blei heist fem meter opp i vêret. Samtidig stilte Ole og Dole seg opp framfor ein stor blink, slik at dei dekte nesten heile skiva. Berre den vesle sirkelen i midten var synleg mellom dei heilt like kroppane. Publikum heldt pusten. Ella Fantastica sette trapesen i rørsle, fram og tilbake, i stadig større svingar. Og så, då ho nesten var oppe under taket i motsett ende av sirkusteltet, slyngde ho kniven ut i lufta, rett mot blinken med dei to akrobatane. Fnurr! Der sat kniven og dirra midt i blinken, midt mellom Ole og Dole. 7


lær å lære

Publikum var frå seg av begeistring, og den fantastiske elefanten måtte igjennom tre ekstra­ nummer før sirkusdirektøren greip mikrofonen og sa: – Tusen takk, mine damer og herrar! Den store verdsstjerna vår får no ein velfortent pause. Men eg kan trøyste dykk med at akrobatane Ole og Dole ikkje kjem til å forlate oss før framsyninga er over. Dei er faktisk med i alle nummera som står att. Den store elefanten bukka og vinka med snabelen medan ho trekte seg baklengs ut av manesjen. Samtidig var dei to akrobatane Ole og Dole allereie på veg opp i kvar sin trapes. Smarte Bjarte følgde dei med det skarpe detektivblikket sitt. Han hadde ei uklar kjensle av at det var eit eller anna som ikkje stemde. Derfor sleppte han dei ikkje or syne før heile framsyninga var slutt og alle artistane stilte seg opp for å ta imot den siste applausen. Éin etter éin marsjerte dei inn og stilte seg opp ved sida av Ole og Dole. Til slutt var alle samla, alle dei som hadde vore med på å gjere dette til den mest fantastiske sirkusframsyninga i verda. Men – var det ikkje éin som mangla? Smarte Bjarte oppdaga det sjølvsagt lenge før alle andre, men snart gjalla heile sirkusteltet av taktfaste rop frå publikum: «Ella Fantastica! Ella Fantastica! Ella Fantastica!» Men ingen elefant viste seg. Til slutt sprang sirkusdirektøren sjølv ut, og etter eit par minutt kom han stormande tilbake. – Mine damer og herrar, snufsa han. – Det har hendt noko forferdeleg – ein katastrofe! Ella Fantastica er borte! Smarte Bjarte spratt opp og brøytte seg fram gjennom folkemengda. – Slepp meg fram, sa han bryskt, – eg er detektiv! Snart var han framme hos direktøren og dei to akrobatsønene hans. Saman gjekk dei til den private sirkusvogna til direktøren. Der drog Smarte Bjarte fram blokk og blyant. – Kva hende? spurde han og såg strengt på direktøren. – Fortel! 8


– Eg gjekk rett bort til staden der den private traileren til Ella stod parkert, begynte direktøren. – Men traileren var ikkje der! Heile traileren var borte vekk, saman med den beste og dyraste sirkuselefanten i heile verda! Rett nok var ho forsikra, men alle pengar i verda kan ikkje erstatte Ella Fantastica! Direktøren hulka høgt og dekte ansiktet med lommeduken. Så kika han opp. – Elefantpassaren fortalde ei mistenkjeleg historie. Eg er heilt sikker på at ho har noko med forsvinninga å gjere. Ho lyg så det renn av henne! – Hent henne, sa Smarte Bjarte, og snart stod elefantpassaren framfor han. Ho fór saman då ho såg Ole og Dole, som stod på kvar si side av faren. – Men, men ..., stamma ho og såg forvirra frå den eine tvillingen til den andre. – Det var jo ein av dykk 9


lær å lære

som kom og sa at Ella Fantastica skulle til doping­ kontroll! Og så køyrde Ole – eller Dole – av garde med både traileren og elefanten. Eg ante ikkje at noko var gale, før direktøren kom og spurde etter Ella. – Ho lyg! ropte Ole og Dole i kor. – Vi var i sirkusteltet absolutt heile tida! Fullt synlege! Det har vi hundrevis av vitne på! – 1267, sa direktøren. – Det var 1267 betalande tilskodarar på den siste framsyninga, og alle kan sikkert sverje på at de to ikkje var ute av teltet så mykje som eitt einaste lite sekund etter at de kom inn saman med Ella. Nei, dyrepassaren lyg! – Nei, herr direktør! protesterte elefantpassaren. – Eg sver, det VAR ein av sønene dine! Eg såg ansiktet hans heilt tydeleg, og eg kjende att røysta hans òg. No har eg jobba saman med dei her i Sirkus Maximus i fem år, og eg kjenner ansikta deira like godt som mitt eige, sjølv om dei er så like at eg ikkje kan skilje dei frå kvarandre. 10


– Det der var litt av ei nøtt, sa Smarte Bjarte. – Eg heldt sjølv auge med tvillingane heile tida. Ingen av dei kan ha snike seg ut og køyrt vekk bilen med elefanten. – Nettopp, sa direktøren. – Det beviser at den historia elefantpassaren kjem med, er rein lygn. Best å få henne arrestert med det same! Smarte Bjarte rista på hovudet. – Nei, det er faktisk mogleg at elefantpassaren snakkar sant – iallfall så sant som ho kan. Når er de fødde? spurde han plutseleg og såg strengt på tvillingane medan han drog fram mobiltelefonen. Ole og Dole sa ikkje eit ord. Dei blei berre ståande og glo med open munn. Til slutt var det sirkusdirektøren sjølv som svarte, lågt og med samanbitne tenner: – 22. desember 1978. Men det har ingen ting med etterforskinga å gjere. Du er visst heilt udugeleg som detektiv, og eg må be deg forlate sirkusområdet med det same. Men Smarte Bjarte snudde seg bort frå direktøren og snakka inn i telefonen: – Hallo! Er det Folkeregisteret? Kan eg få namna på sønene til sirkusdirektør Max Maximus? Dei er fødde 22. desember 1978. Røysta i den andre enden kvekka ut nokre raske opplysningar, og Smarte Bjarte nikka. Så klappa han saman telefonen og stakk hendene i lomma. – Mysteriet er oppklart, sa han. oppgåver 1 Leit etter spor i teksten og diskuter kven som er skurken, og korleis tjuveriet blei gjennomført. Løysinga står på side 12. Men ikkje kik før de har skrive ned dykkar eigne løysingar!

2 Gå saman i grupper på 4–6 personar og dramatiser oppklaringa av elefantmysteriet. Bruk løysinga på side 12 og skriv dialog. Desse rollene kan vere med: Smarte Bjarte, sirkusdirektøren, Ole, Dole, elefantpassaren, røysta i telefonen (Folkeregisteret).

11


lær å lære

Løysing på mysteriet Det var trillingbroren til Ole og Dole som stal elefanten. Sirkusdirektør Maximus hadde nemleg tre prikk like søner som var fødde 22. desember 1978: Ole, Dole og Doffen. Direktøren visste sjølvsagt om tjuveriet. Han hadde tenkt å selje elefanten og få forsikringspengane i tillegg.

Spor i teksten Side 7: «... dei verdsberømte akrobatane OLE og DOLE!» (Når vi høyrer om Ole og Dole, er det lett å tenkje at det også må finnast ein som heiter Doffen.) Side 7: «Dersom de synest at dei liknar på kvarandre, kan eg fortelje at dei er einegga tr... eh ... tvillingar.» (Direktøren forsnakka seg og heldt på å seie TRILLINGAR i staden for TVILLINGAR.) Side 9: «Rett nok var ho FORSIKRA, men alle pengar i verda kan ikkje erstatte Ella Fantastica!» (Direktøren har nok tenkt å selje elefanten og samtidig få forsikringspengane.) Side 11: «Hallo! Er det Folkeregisteret? Kan eg få namna på sønene til sirkusdirektør Max Maximus? Dei er fødde 22. desember 1978.» (Folkeregisteret har opplysningar om alle som bur i Noreg. Dei kan fortelje kor mange søner direktør Maximus fekk 22. desember 1978.)

På sporet av forfattaren Eg er forfattar. Då eg skreiv forteljinga om elefanten som forsvann, passa eg på å leggje ut spor i teksten. Det gjorde eg for å hjelpe lesarane til å løyse mysteriet. Slike spor kan du finne i fleire typar av forteljingar, ikkje berre kriminalforteljingar. Mange skjønnlitterære forfattarar legg ut spor og opplysningar som skal hjelpe lesaren til å forstå og oppleve meir av teksten. Det kan du lese meir om på side 6–25 i leseboka. Men det er ikkje berre i skjønnlitteraturen forfattaren legg att spor etter seg. Også i sakprosaen kan du finne spesielle ord og setningar som kan hjelpe deg til å skjøne kva forfattaren har meint. Dersom du forstår korleis forfattaren har arbeidd, blir det lettare å lære og å hugse det som står i teksten.

12


Inn i teksten Når eg skal skrive sakprosa, begynner eg som regel med eit tankekart. Der noterer eg viktige idear til det temaet eg skal skrive om. Så vel eg ut dei ideane eg vil bruke, og lagar ein skriveplan eller disposisjon. Endeleg begynner sjølve skrivinga. Då følgjer eg disposisjonen nøye, og eg passar på at hovudpunkta i disposisjonen blir lette å finne att i teksten. Som regel får hovudpunkta kvart sitt avsnitt, og eg skriv viktige ord slik at dei skil seg ut. Dessutan arbeider eg mykje med å binde teksten saman med ulike bindeord, for eksempel mest, derfor, likevel og først. Når eg skriv på denne måten, legg eg att spor i teksten. Desse spora kan gjere det lettare for lesarane å sjå – korleis teksten er sett saman – kva som er viktigast i teksten Her skal du få lære fire knep som du kan bruke for å kome på sporet av forfattaren.

PÅ SPORET AV FORFATTAREN Før du les: Leit etter 1 BISON-punkta 2 punktlister, rammer og boksar

Medan du les: Legg merke til 3 ord som bind saman teksten og hjelper lesaren vidare. Det kan vere – forsterkande ord, som viktig, først og fremst, veldig, svært, mange, mest – forklaringsord, som derfor, fordi, sidan, for eksempel, altså, dermed, nemleg – motsetningsord, som men, likevel, på den andre sida, sjølv om – rekkjefølgjeord, som først, så, deretter, dessutan, til slutt, før, no, då, for det første, for det andre, for det tredje, osv. – oppatt-takingar Etter at du har lese: Leit etter 4 tema for kvart avsnitt – kva handlar avsnittet om? Skriv gjerne nøkkelord. NB! Det er sjeldan du finn alle typar spor i same tekst! Hopp over dei punkta du ikkje finn, og gå vidare til neste.

13


lær å lære

mobiltelefon tek over

kanariøyane

kor?

Framtid?

la gomera

skulefag overlever? 8 lydar

PlYsTrEsPrÅkET SilBO

korleis?

Høge fjell Tungt å gå

4000 ord kvifor?

Før: gjetarar kven?

Høyrest godt

no: skuleborn

Plystring på timeplanen

Før du les: Leit etter 1 BISON-punkta 2 punktlister, rammer og boksar

B– i – S– O– N–

14

BISON-OVERBLIKK Bilete og bilettekstar Innleiing Siste avsnitt Overskrifter NB-ord – Ord som skil seg ut

MÅNDAG

TYSDAG

ONSDAG

TORSDAG

FREDAG

Spansk

Naturfag

Engelsk

Historie

Plystring

Gym

Plystring

Gym

Spansk

Engelsk

Matematikk

geografi

Plystring

Matematikk

Forming

Dei fleste born synest det er morosamt å lære å plystre. Men nødvendig er det ikkje. Ikkje her i landet iallfall. Men på La Gomera lærer alle born å plystre på skulen. Der er det eit viktig skulefag!

La Gomera er ei av Kanariøyane. Kanariøyane ligg i Atlanterhavet, eit stykke vest for den nordlege delen av Afrika. Kanariøyane høyrer til Spania, og innbyggjarane snakkar spansk. Det gjer dei på La Gomera òg. Men i tillegg har dei eit plystrespråk som heiter silbo. Silbo har ikkje meir enn åtte ulike lydar. Men desse lydane kan bli til meir enn 4000 ord. Dersom du skal lære silbo, må du først kunne plystre med fingrane i munnen. Så må du lære å bruke den andre handa til å styre lyden i rett retning. Når du kan teknikken, kan du begynne å lære å uttale orda og forstå dei.


15


lær å lære

La Gomera er full av fjell med bratte kløfter og skrentar. Sjølv om avstanden mellom to hus kanskje ikkje er meir enn 500 meter, kan det ta fleire timar å gå frå det eine til det andre. Det er fordi ein først må gå ned ei bratt skråning og så gå opp ei anna som er like bratt. Derfor laga gjetarane på øya eit språk som kunne høyrast frå fjell til fjell. Silbo kan nemleg oppfattast på tre kilometers avstand. Silbo var altså først og fremst eit gjetarspråk. Men etter at gjetarane fekk mobiltelefonar, slutta dei å plystre til kvarandre. Dermed var silbo i ferd med å døy 16


ut. Då fann styresmaktene på øya ut at dei måtte gjere noko for å redde plystrespråket. Derfor bestemte dei at alle på La Gomera skulle lære silbo på skulen. No er det ingen som treng å bruke silbo for å få gitt beskjedar til naboen. Likevel lever språket vidare, iallfall på skulen. Silbo er kunst. Silbo er kultur. Silbo er kult! Kjelder: Sverre Bjørnstad Graff: «Plystrespråket på La Gomera», abcnyheter.no 10.01.06 Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon, Kunnskapsforlaget 2006 www.wikipedia.org (nettleksikon, norsk og engelsk utgåve)

PLYSTRESPRÅK • Det finst ca. 60 ulike plystrespråk i verda. • Hjernen oppfattar plystrespråk på same måten som vanleg språk. • Mange plystrespråk etterliknar «melodien» i det talte språket.

oppgåver 3a Les heile teksten «Plystring på timeplanen» på side 14–17 – anten høgt eller stille. b Finn og skriv alle forsterkande ord i teksten – for eksempel viktig, først og fremst, veldig, svært, mange, mest. Har de funne dei same orda? Samanlikn. c Finn og skriv alle forklaringsorda i teksten – for eksempel derfor, fordi, sidan, for eksempel, altså, nemleg. Har de funne dei same orda? Samanlikn. d Finn og skriv alle motsetningsorda i teksten – for eksempel men, likevel, på den andre sida, sjølv om. Har de funne dei same orda? Samanlikn.

AVSNITT Ein tekst er ofte delt inn i fleire avsnitt. Når teksten får eit nytt avsnitt, er det eit teikn på at her handlar det om noko nytt. Det første avsnittet etter ei overskrift begynner heilt til venstre på linja. Men når eit nytt avsnitt begynner, blir teksten i den første linja flytta litt mot høgre, slik: Dette gjer teksten lettare å lese.

e Finn og skriv alle rekkjefølgjeorda i teksten – for eksempel først, så, deretter, no, då, dessutan, til slutt, for det første, for det andre, for det tredje. Har de funne dei same orda? Samanlikn. f Teksten sluttar med tre korte setningar som liknar mykje på kvarandre. Kva trur de er vitsen med ei slik oppatt-taking? Diskuter. 4a Kor mange avsnitt er det i teksten «Plystring på timeplanen»? b Sjå på tankekartet «Plystrespråket silbo» på side 14. Dei fire spørjeorda på tankekartet har fått kvart sitt avsnitt i den ferdige teksten. Finn ut kva spørjeord som høyrer til kva avsnitt. c Finn og les innleiinga og avslutninga i «Plystring på timeplanen». Dei står ikkje på tankekartet, men du finn dei i teksten.

17


lær å lære Før du les: Leit etter 1 BISON-punkta 2 punktlister, rammer og boksar

Flittig som ein maur Ved maurtua yrer det av liv. Maurane fer fram og tilbake i full fart. Mange sleper med seg barnåler og daude insekt til tua. Ingen står stille og slappar av. Dersom du skal vere flittig som ein maur, får du det verkeleg travelt. Men du slepp iallfall å vere einsam!

Maurar er insekt, og dei finst nesten overalt på jordkloden. Vi kjenner til nesten 12 000 ulike maurartar, og ca. 50 av dei lever i Noreg. Mauren har seks bein, stort hovud og eit ekstra utvekst mellom brystet og bakkroppen. På hovudet har han lange antenner eller følehorn. Han har også store, kraftige kjevar som bevegar seg nesten som blada i ei saks. Men jamvel maurar som høyrer til same art, ser ikkje heilt like ut. Dronningane er størst, og dei har som regel venger. Dette er fruktbare hoer som kan leggje egg, og dei kan bli opptil 20 år gamle. Arbeidarane er mindre enn dronningane, og dei lever som regel ikkje lenger enn eit par månader. Hannane er små og har venger. Den einaste oppgåva dei har, er å befrukte dronningane. Derfor døyr dei når dei har gjort jobben sin. Maurane lever saman i store maursamfunn. Mange artar byggjer maurtuer, som kan ha plass til opptil ein million maurar. Likevel blir det ikkje kaos, sjølv om det kan sjå slik ut. Maurane samarbeider, og alle veit kva dei skal gjere. Dronningar og hannar har som einaste oppgåve å syte for at det stadig kjem nye maurar til verda. Alle dei andre jobbane er det arbeidarane som tek seg av. Nye arbeidarar begynner som regel med å mate og passe larvar. Etter nokre dagar eller veker går dei over til å byggje og reparere på tua. Til slutt får dei arbeide ute, med å hente mat og forsvare maursamfunnet. Det er umogleg å samarbeide dersom ein ikkje kan kommunisere eller gi signal til kvarandre. Maurane kommuniserer heile tida. Men dei snakkar ikkje med lydar. Dei bruker lukter til å kommunisere med. Dersom ein maur for eksempel har funne mat ein stad, legg han att eit spor av luktstoff som viser vegen frå maten og 18


tilbake til tua. Andre maurar følgjer sporet, hentar mat og legg att meir luktstoff. Når det ikkje er meir mat att, sluttar maurane å leggje ut luktstoff, og luktsporet forsvinn. Og dersom ein maur blir skadd eller drepen, sender han ut store mengder luktstoff som gir andre maurar beskjed om å gå til angrep. Dessutan har alle maurane i den same tua den same lukta. Ein framand maur luktar annleis og blir angripen utan nøling. Maurdronninga er den aller viktigaste i maursamfunnet. Det er ho som lagar tuelukta, og ho gir også andre viktige beskjedar. Når ho sluttar å lage eit spesielt luktstoff, begynner barnepassarane å gi ein spesiell mat til nokre av holarvane. Denne maten gjer at larvane kan utvikle seg til nye, fruktbare dronningar. Når det er tid for formeiring, kryp dronningane og hannane ut av tua og flyg opp i lufta. Høgt der oppe parar dei seg. Hannen sprøyter sædceller inn i sædbehaldaren til dronninga. Maurane bruker antennene til å lukte med.

19


lær å lære

Arbeidsmaur passar pupper og larvar.

Etter paringa døyr hannen, og dronninga mistar vengene. Når egga blir klekte, passar ho larvane og gir dei mat, heilt til dei blir pupper. Og når puppene sprekk, krabbar dei nye arbeidarane ut. Då får dronninga endeleg hjelp til arbeidet. Resten av livet gjer ho ikkje anna enn å ete og leggje egg. Ho bestemmer sjølv om egga skal bli befrukta av sædceller frå behaldaren hennar. Befrukta egg blir til hannar, medan ubefrukta egg blir til hoer. «Gå til mauren, du late, sjå på hans strev og vert vis!» Dette gamle visdomsordet står i Bibelen (Ordtøka 6,6). No har du lese mykje om korleis maurane strevar. Er du blitt vis?

20

Kjelder: Øivind Berg: Barnas bok om insekter, Damm 1997 Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon, Kunnskapsforlaget 2006 www.forsking.no (nettavis med nytt frå forskingsverda både i Noreg og i utlandet) www.wikipedia.org


MEIR OM MAUR • Alle maurane i verda veg til saman meir enn alle menneska i verda. • Ein maur kan lyfte 10–20 gonger si eiga vekt. • Somme maurar røvar egg og pupper frå andre maurartar. Dei vaksne maurane blir brukte som slavar. Den norske rovmauren held sauemaur som slavar. • Maur kan halde andre insekt som husdyr. Dei kan for eksempel mate og passe bladlus for å få tak i det sukkeret lusene skil ut. Maurane kan til og med «mjølke» bladlusene ved å dunke på dei med følehorna. • Eit maursamfunn med 40 000 maurar har til saman like mange hjerneceller som eit menneske. • Dersom du held handa like over ei maurtue, sprutar maurane maursyre på handa di for å forsvare seg. Og dersom du har gnidd inn handa med blåbærsaft, lagar maursyra eit fint mønster i handflata di.

oppgåver 5a Les heile teksten «Flittig som ein maur» på side 18–21 – anten høgt eller stille. b Finn og skriv alle forsterkande ord i teksten – for eksempel viktig, først og fremst, veldig, svært, mange, mest. Samanlikn orda de har funne. c Finn og skriv alle forklaringsorda i teksten. Samanlikn orda de har funne. d Finn og skriv alle motsetningsorda i teksten. Samanlikn orda de har funne. e Finn og skriv alle rekkjefølgjeorda i teksten. Samanlikn orda de har funne. f Kva for ord blir gjentekne mange gonger? Er dette viktige ord? Diskuter. g Kor mange avsnitt er det i teksten «Flittig som ein maur»? Bla igjennom teksten og finn alle avsnitta. h Kva er temaet for kvart avsnitt? Sjå på teksten ein gong til, og skriv eitt nøkkelord for kvart avsnitt. 6 Finn fram ei bok i eit anna fag (for eksempel samfunnsfag eller naturfag). Vel ut eit kapittel som du ikkje har lese enno, og leit etter spor etter forfattaren i teksten. Bruk oppskrifta på plakaten «På sporet av forfattaren» på side 13.

21


lær å lære

Å samanlikne Elefantar er kloke dyr med godt minne. Forskarar har gjort mange undersøkingar for å lære meir om korleis elefantane tenkjer. I eit forsøk la forskarane ei mengd trestykke, knoklar og støyttenner utover bakken. Nokre av knoklane var frå elefantar, medan andre var frå nashorn. Det viste seg at elefantane var meir interesserte i knoklar enn i trestykke. Og dei brydde seg meir om elefantknoklar enn om nashornknoklar. Men dei var aller mest interesserte i støyttenner frå daude elefantar. Elefantane kunne altså samanlikne gjenstandar og sortere dei i grupper. Vi kan også lære mykje ved å sortere og samanlikne opplysningar. Ein måte å gjere det på er å bruke eit samanlikningsskjema.

SAM-SKJEMA Eg samanliknar

likt

22


SAM-SkJEMA Eg samanliknar

SAM-SKJEMA Slik bruker du elefanten Sam til å samanlikne: 1 Kva skal du samanlikne? Set ord på det, for eksempel hund og katt. 2 Skriv det eine ordet som overskrift på det eine elefantøyret. Det andre ordet skriv du på det andre øyret. 3 Det som er likt, skriv du på elefanthovudet, under overskrifta LIKT. Bruk korte nøkkelord. 4 Det som er ulikt, skriv du på kvart sitt øyre, der det høyrer heime. Bruk korte nøkkelord.

hund og katt SPESIELT FOR HUND

likt

SPESIELT FOR KATT

• i slekt med ulvar

• pattedyr

• i slekt med løver

• knurrar

• kjæledyr

• vêrhår

• bjeffar

• pels

• mel

• flokkdyr

• hale

• mjauar • kan klatre

SAM-SkJEMA Eg samanliknar

Harry og Ronny HARRY

likt

RONNY

• mørkt hår

• gutar

• raudt hår

• einebarn

• Galtvort skule

• har sysken

• briller

• skal bli trollmenn

• ikkje briller

• foreldrelaus

• liker drakar

• har mor og far

oppgåver 7 Fyll ut eit SAM-skjema om dykk sjølve. Skriv namna dykkar på elefantøyra – eitt namn på kvart øyre. Bli samde om kva som er likt, og kva som er ulikt. 8a Skriv namna på to insekt, to fiskar, to fuglar og to pattedyr. b Lag åtte lappar og skriv namnet på eitt av dyra frå oppgåve a på kvar lapp. c Legg lappane med baksida opp og trekk to lappar kvar. Fyll ut eit SAM-skjema for dei to dyra de har trekt.

d Gjer det same med dei fire siste lappane. e Sjå på SAM-skjema dykkar. På kva for eit skjema er det mest likt? På kva for eit skjema er det mest ulikt? Korleis er det å samanlikne to dyr som er nokså like? Og korleis er det å samanlikne to dyr som er svært ulike? 9 Bruk SAM-skjema og samanlikn a bil og sykkel b fotball og handball c bøker og film Legg eitt av skjema i mappa di.

23


lær å lære

Vel læringsstrategi I Zeppelin 5, 6 og 7 har du lært åtte læringsstrategiar. Det er sjølvsagt ikkje meininga at du skal bruke alle åtte kvar gong du skal lære noko nytt. Læringsstrategiane er ulike, akkurat som elevar og tekstar. Du må sjølv velje kva læringsstrategiar du vil bruke for kvar tekst du skal arbeide med.

BISON-OVERBLIKK

B– i – S– O– N–

Bilete og bilettekstar Innleiing Siste avsnitt Overskrifter NB-ord – Ord som skil seg ut

SLIK SKRIV DU NØKKELORD

– Finn dei aller viktigaste orda i teksten. – Ikkje ta med for mange ord! – Skriv nøkkelorda under kvarandre.

24

V

Ø

L

Dette VEIT eg

Dette ØNSKJER eg å få vite

Dette har eg LÆRT


SAMANDRAG 1 Ta eit BISON-overblikk over teksten. 2 Nærles heile teksten. 3 Skriv nøkkelord til kvart avsnitt. 4 Bruk nøkkelorda og skriv éi setning for kvart avsnitt. Bruk dine eigne ord!

SAM-SkJEMA Eg samanliknar

likt

ENklE tEikNiNGAR SkRiV tYDElEG

tANkEkARt

nØkkElOrD i sirklar

TEmaET i MiDtEN

25


lær å lære

LÆRESAMTALE

Før læresamtalen • Les teksten. Skriv gjerne nøkkelord eller lag tankekart medan du les. • Førebu deg på dei fire rundane i læresamtalen. Sjølve læresamtalen • Gå saman to og to. • Snakk etter tur. Begge må seie noko i kvar runde. • Samtalen har fire rundar. I kvar runde skal begge seie ei setning eller stille eit spørsmål som begynner med visse startord. 1. runde – Startord: Eg har lært at ... 2. runde – Startord: Eg meiner at den viktigaste setninga er: 3. runde – Startord: Mitt faktaspørsmål er: 4. runde – Startord: Eg lurer på ... • I 3. og 4. runde skal den andre prøve å svare på spørsmåla.

PÅ SPORET AV FORFATTAREN

Før du les: Leit etter 1 BISON-punkta 2 punktlister, rammer og boksar Medan du les: Legg merke til 3 ord som bind saman teksten og hjelper lesaren vidare. Det kan vere – forsterkande ord, som viktig, først og fremst, veldig, svært, mange, mest – forklaringsord, som derfor, fordi, sidan, for eksempel, altså, dermed, nemleg – motsetningsord, som men, likevel, på den andre sida, sjølv om – rekkjefølgjeord, som først, så, deretter, dessutan, til slutt, før, no, då, for det første, for det andre, for det tredje, osv. – oppatt-takingar Etter at du har lese: Leit etter 4 tema for kvart avsnitt – kva handlar avsnittet om? Skriv gjerne nøkkelord. NB! Det er sjeldan du finn alle typar spor i ein og same tekst! Hopp over dei punkta du ikkje finn, og gå vidare til neste.

26


oppgåver 10 Sjå på oversikta over læringsstrategiar på side 24–26. Skriv namna på dei åtte læringsstrategiane på kvar sin lapp, og legg dei på bordet med baksida opp. Trekk ein lapp og forklar den læringsstrategien som står på lappen – utan å sjå i boka. Den andre sjekkar med «fasiten» på side 24–26. Etterpå er det kontrolløren sin tur til å trekkje ein lapp og forklare ein læringsstrategi. 11 Kva for ein læringsstrategi var lettast å forklare i oppgåve 10? Kva for ein var vanskelegast? Kvifor det, trur de? Diskuter. 12 Somme læringsstrategiar passar best før de les, somme passar best medan de les, og somme passar best etter at de har lese. Det er også somme læringsstrategiar som kan brukast fleire gonger i arbeidet med ein tekst. Kva strategiar synest de passar før de les, medan de les, og etter at de har lese? Det er lov å skrive opp den same læringsstrategien på fleire stader. Lag tabell på PC og fyll ut: FØR du les VØL-skjema (V-ruta + Ø-ruta)

MEDAN du les

ETTER at du har lese VØL-skjema (L-ruta)

13 No skal du arbeide med teksten «Elefantar» på side 28–33. Vel sjølv kva læringsstrategiar du vil bruke. Du må bruke minst éin strategi før du les, éin medan du les, og éin etter at du har lese. a Teikn av skjemaet nedanfor på eit ark, eller lag det på PC. Fyll ut skjemaet. Eg vil arbeide med denne teksten: --------------------------------------------------------------Eg vil bruke desse læringsstrategiane: FØR eg les: MEDAN eg les: ETTER at eg har lese: Oppsummering: Kva for ein eller kva for nokre av strategiane verka best på denne teksten? Var det nokon av strategiane som ikkje verka så godt på denne teksten?

b Bruk dei strategiane du har valt, og arbeid med teksten om elefantar på side 28–33. c Etter at du har arbeidd med teksten, skal du vurdere korleis det var å bruke dei læringsstrategiane du hadde valt. Kva læringsstrategi verka best? Kva strategi verka ikkje så bra? Fyll ut rutene under «Oppsummering» på skjemaet. Legg skjemaet i mappa di.

27


lær å lære

Elefantar Elefanten er det største landpattedyret i verda. For det første er han tung – ein vaksen afrikansk elefantokse kan vege over ti tonn. For det andre er han høg – berre sjiraffen er høgre. Og for det tredje har han den lengste nasen i verda. Her kan du få lese meir om dette fantastiske dyret.

Kvar lever elefantane? Før den siste istida fanst det elefantar over store delar av verda. Men finst dei berre i Afrika og Asia. Den afri­ kanske elefanten lever i ein del område sør for Sahara, og den asiatiske elefanten lever i Søraust-Asia. Den afrikanske savanneelefanten er størst og har dei største øyra og støyttennene. Den asiatiske elefanten er mindre.

Kroppen Elefanten har stor kropp og stort hovud. Øyra er store, og elefanten høyrer svært godt. Men øyra er også viktige for kroppsspråket til elefanten. Han kan for eksempel spile ut øyra for å vise at han er sint. Dessutan bruker han øyra som kjøleanlegg. Øyra har mange blodårer. Når elefanten viftar med øyra, blir blodet avkjølt. Elefanten har ikkje så mange tenner i munnen. Han bruker berre fire jekslar om gongen, to oppe og to nede. Når eit sett med jekslar er utslite, dukkar det opp nye frå eit lite «lager» bak i munnen. Og når alle jekslane er oppbrukte, kan ikkje elefanten tyggje lenger. Då døyr han som regel av svolt. Støyttennene er to lange tenner som veks ut i bogeform frå kinna på elefanten. Dei kan bli over tre meter lange og vege opptil hundre kilo kvar. Støyttennene er laga av eit spesielt sterkt, kvitt tannbein som blir kalla elfenbein. Elfenbein er lett å skjere og polere, og det har derfor vore mykje brukt til kammar, knivskaft, sjakkbrikker og ymse pyntegjenstandar. Også pianotangentar blei tidlegare laga av elfenbein. Det aller mest spesielle ved elefanten er nok snabelen. Eigentleg er det nasen og overleppa som har vakse saman. Snabelen rekk heilt ned til bakken. 28


SNABELAKTIG! kan gjere Her er litt av det elefanten med snabelen: n opp i • drikke – då syg han vat i munnen inn t de ar snabelen og sprut • plukke opp ting

• føle • lage lydar – nesten som trompetstøytar ile tre • lyfte – for eksempel he på djupet, sym ten fan • puste – når ele m stikk opp – er det berre snabelen so nesten som ein snorkel! • kose og klappe

I snabelen er det mange musklar, og den ytste delen er svært følsam og rørleg. Elefanten bruker snabelen nesten som ei hand. Ytst på snabelen er det jamvel éin eller to spissar, som blir kalla elefantfingrar. Ein elefantunge treng lang tid på å lære seg å bruke snabelen skikkeleg. Huda til elefanten er tjukk og rynkete. Dei fleste elefantar lever i område der det er svært varmt. Dei badar så ofte dei kan, for å avkjøle seg. Rynkene hjelper til med å halde huda fuktig etter badet. Elefantane badar gjerne i søle. Søla vernar huda mot insektstikk og solstrålar. Ho verkar altså både som myggolje og solkrem! 29


lær å lære

Beina til elefanten er rette, tjukke og kraftige. Ikkje så rart – dei skal jo bere ein heil elefant! Likevel er huda under føtene så følsam at elefanten kan føle seg fram med føtene. Når elefanten trakkar ned på foten, hovnar foten opp og blir større. Og når elefanten llyftar på foten, blir foten mindre att. Det gjer at det store dyret sjeldan blir sitjande fast i leire og søle.

Elefantmat Elefantane er planteetarar. Yndlingsretten deira er gras, men dei et også frukt, bær, lauv, kvister og røter. Ein vaksen afrikansk elefant kan ete to hundre kilo plantekost i døgnet. Mesteparten av dette blir ikkje melta. Det gjer at ein elefant bæsjar over hundre kilo om dagen.

Klok som ein elefant Elefantane er svært intelligente. Dei har stor hjerne, og dei lærer av kvarandre. Elefantkalvane må gå lenge «på skule» i familieflokken før dei har lært alt dei treng for å 30


Den gamle elefanten veit kvar han finn vatn.

Ordtak frå Sør-Afrika

greie seg på eiga hand. Undersøkingar har vist at elefantane sørgjer når nokon i flokken døyr. Dessutan er elefanten eit av dei få dyreslaga som kan kjenne att sitt eige spegelbilete. Det er det elles berre menneskeaper og delfinar som kan, i tillegg til menneske, då. «Elefantar gløymer aldri», seier eit gammalt ord. Det er iallfall sikkert at elefantane har eit godt minne. Dei vandrar ofte langt for å finne noko å ete og drikke. Då er det viktig at dei hugsar kvar dei har funne mat og vatn tidlegare. 31


lær å lære

Elefantspråk Elefantar kommuniserer eller «snakkar saman» på fleire ulike måtar. Dei bruker både kroppsspråk, lydar og tramping. Ein sint eller redd elefant viftar gjerne med øyra og lagar kraftige trompetstøytar med snabelen. Afrikanske elefantar lagar elles mest rumlelydar, medan asiatiske elefantar kvitrar, nesten som fuglar. Når afrikanske og asiatiske elefantar lever saman, hermar dei etter kvarandre. Mange av dei lydane elefantane lagar, er så djupe at vi menneske ikkje kan høyre dei. Men elefantane høyrer dei på lang avstand, opptil ti kilometer. Og dei «høyrer» ikkje berre med øyra. Føtene er så følsame at dei kan oppfatte trampesignal frå elefantar langt borte.

Fiendar Ingen andre dyr tør å angripe ein vaksen elefant. Derfor seier vi at elefanten ikkje har nokon naturlege fiendar. Likevel er både den afrikanske og den asiatiske elefanten truga av utrydding. Det er menneska som har skulda. Dei bruker større og større delar av dei områda der elefantane held til. Dermed får elefantane stadig mindre plass og mindre tilgang på mat. Dessutan er det mange jegerar som skyt elefantar for å få tak i det verdifulle elfenbeinet. I 1979 var det om lag 1 300 000 elefantar i Afrika. Ti år seinare var det berre halvparten så mange. I 1990 blei det forbode å selje og kjøpe elfenbein. Men krypskyttarar er framleis eit problem. I fleire afrikanske nasjonalparkar sagar vaktarane av støyttennene på elefantane. Det gjer dei for at ingen skal få lyst til å skyte dyra.

32


Nyttige dyr *savanne: tørr grasslette i tropiske strøk

ELEFANTASTISKE FAKTA Elefantar • ligg 22 månader i magen til mamma før dei blir fødde • veks heile livet • kan bli opptil 4 meter høge og 12 tonn tunge • kan bli 60–70 år gamle • har alltid tre bein på bakken når dei går eller spring

Elefantane er nyttige på mange måtar. Dei held savannen* fri for kratt og småskog, og dei gjødslar jorda med møkk. I møkka er det frø, som dermed kan få spire og gro på nye stader. Dessutan er elefantane ekspertar på å finne vatn. Dei grev etter vatn i uttørka elveleie. Når elefantane er ferdige med å drikke, kan andre dyr kome og få vatn. No har du lese og lært mykje om elefantar. Du veit at elefantane er store, intelligente flokkdyr som kan kommunisere over store avstandar. Dei har også eit fantastisk godt minne. Hurra for elefantane! Kjelder: Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon, Kunnskapsforlaget 2006 Will Travers: Elefant, Flachs 1999 www.forsking.no www.wikipedia.org

oppgåver 14a Bla i Zeppelin 7 og finn ein sakprosatekst å arbeide med. Du kan leite både i leseboka og i språkboka. Tips: leseboka, side 220–221 eller språkboka, side 172–174. b Kva læringsstrategiar vil du bruke? Lag og fyll ut eit skjema som det i oppgåve 13. c Bruk dei strategiane du har valt, og

arbeid med teksten du har funne. d Korleis var det å bruke dei læringsstrategiane du hadde valt? Kva læringsstrategi verka best? Kva strategi verka ikkje så bra? Fyll ut rutene under «Oppsummering» på skjemaet. e Hald eit foredrag for ein annan om det du har lært. Foredraget skal ikkje vare lenger enn to minutt.

i mål? 1 No har de arbeidd med læringsstrategiar i fleire år. Kva synest de er bra med læringsstrategiar? Kva er de ikkje så fornøgde med? Diskuter. 2 Lag ein reklame for læringsstrategiar – for eksempel ein plakat, ein annonse, ein radioreklame

eller ein reklamefilm. De kan velje om de vil reklamere for éin spesiell strategi, eller om de vil reklamere for det å bruke læringsstrategiar. 3 Skriv minst fem ord eller uttrykk frå dette kapitlet som du vil samle på og bruke i eigne tekstar. ARBEIDSBOKA, side 2–7

33


2 Lytte og tale MÅL Lære • å lytte til andre • å uttrykkje og grunngi eigne meiningar • å vise respekt for andre sine meiningar

Å snakke saman Når to snakker Når to snakker sammen, kommer ordene ut fra hver sin munn. De kommer som to vinder og møter hverandre. Noen ganger er ordene harde. Da kan det si PANG! Mens andre ganger er de bløte med bare små bokstaver. Da sier de piff. Men altså: av og til smeller det som sterke kruttkjerringer. Da er de ikke venner akkurat, men spruter mot hverandre med sinte ildtunger.

Arild Nyquist

krutkjerring – eit lite rør av papir fylt med krut. Når ein tenner på, sprett krutkjerringa omkring og freser og sprutar gneistar.

34


35


lytte og tale

Ingvild og mamma – Mamma, var du i lag med nokon andre før du trefte pappa? spør eg. Ho svarar ikkje med ein gong, det er typisk mamma, ein kan lure på om ho faktisk har høyrt spørsmålet. Så med eitt, etter at ventetida verkar heilt sinnssvakt lang, kjem svaret likevel. – Faktisk var det eit par stykke, ja, seier ho, og eg ventar på meir, men det kjem ikkje meir. Stopp. Aldri seier ho så mykje som eg vil vite. Aldri. – Kven då, mamma? Fortel. Eg blunkar med bedande auge (eg har trena på det i spegelen). – Fortel, mamma. – OK. OK. Då eg var seksten år, hadde eg ein kjærast som tok meg med på turar på motorsykkelen sin. Mamma raudnar nesten når ho snakkar, og det halvlange håret ligg så fint nedover skuldra på den svarte V-genseren ho har på seg. Mor mi er ganske søt i grunnen, sjølv om ho har små striper av rynker rundt auga. Eg prøver å sjå for meg korleis ho må ha sett ut då ho var seksten år: Eg klarar det ikkje, endå eg har sett ungdomsbilete av henne. – Var du forelska, mamma? – Eg var vel det, eg hugsar ikkje. – Ja, men du må jo hugse det, du kan vel ikkje vere heilt fjern. Kvifor vart det slutt då? – Nei, det hugsar eg ikkje. No synest ho sikkert ho har sagt for mykje. Ned att med rullegardina. Ingen fleire hemmelegheiter. Ho spør ikkje om eg er forelska i nokon, heller. At det går an å vere så lite nyfiken! Eg gir opp. Og så stappar vi i oss over halve pizzaen. Frå Hilde K. Kvalvaag: Hjarteklapp

Ingvild og mor hennar snakkar saman, dei har ein samtale. Somme samtalar glir lett. Då lyttar, svarer og snakkar vi, og vi synest det er fint å snakke saman. Andre samtalar kan vere keisame eller gå tregt. Då er det gjerne ein samtale om noko som ikkje interesserer 36


oss, eller ein samtale om noko vi ikkje har lyst til å snakke om. Då gjer vi kanskje som mor til Ingvild, vi prøver å avslutte samtalen så fort som råd.

Kven snakkar når? DIALOG OG MONOLOG Dialog og monolog er opphavleg greske ord. Dialog tyder samtale. Det kan vere ein samtale mellom to eller fleire personar. Når det er berre éin som snakkar heile tida, kallar vi det monolog eller einetale.

Når vi byter på å snakke og lytte, har vi ein dialog eller ein samtale. Men dersom den eine personen snakkar heile tida, og den andre berre lyttar, er det ingen samtale, men ein einetale, ein monolog. Men sjølv om det er fint å byte på å snakke, så må vi la den andre få snakke ut. Det kan vere irriterande stadig å bli avbroten fordi den andre er så ivrig etter å fortelje noko eller seie meininga si, eller kanskje til og med snakkar om noko heilt anna.

v oppgåver 1a Kvifor er mamma så lite villig til å svare på det Ingvild spør om, trur du? b Ingvild får ikkje vite så mykje som ho vil av mamma. Leiteles og finn setninga som viser dette. c Kven snakkar du med om forelsking og kjensler?

b Den eine av dykk er A, den andre er B. A begynner med å fortelje kva han eller ho ser på sitt bilete, men B avbryt og begynner å snakke om sitt bilete. Hald fram med å fortelje og avbryte kvarandre. c Snakk saman om korleis det kjennest å bli avbroten når du prøver å seie noko. d Når har du elles opplevd at andre avbryt deg når du vil seie noko?

2a Vel kvart dykkar bilete i leseboka eller i språkboka. Ikkje vis bileta til kvarandre.

37


lytte og tale

Ein god lyttar EIN GOD LYTTAR • ser på den som snakkar • lyttar utan å avbryte • viser med kroppsspråket at han eller ho er interessert i det som blir sagt • seier små ord for å vise at han eller ho følgjer med og er interessert

For at ein samtale skal vere god, må vi lytte til kvarandre. Vi kan lytte og svare på ein slik måte at den som snakkar, får lyst til å fortelje meir. Medan vi lyttar, kan vi seie ord som akkurat, ja, verkeleg eller åh. Då viser vi at vi følgjer med og er interesserte. Men dersom vi ikkje ser på den som snakkar, og heller ikkje seier noko, kan den andre kanskje tru at vi ikkje er så interesserte i samtalen. Dersom vi viser med kroppsspråket at vi synest det er keisamt og kanskje helst vil gå vår veg, kan den som snakkar, bli irritert, skuffa eller lei seg. Har du opplevd noko liknande?

God dag, mann – økseskaft Det var ein gong ein ferjemann som var så tunghøyrd at det var nesten umogleg å snakke med han. Mannen hadde kjerring og ungar, men dei brydde seg ikkje mykje om han. Dei levde lystig og vel og brukte opp alle pengane. Når kjerringa og ungane ikkje hadde meir, levde dei på lån. Då dei ikkje hadde pengar til å betale tilbake det dei hadde lånt, fekk dei ikkje låne meir. No måtte lensmannen ta seg ein tur for å hente med seg saker og ting i staden for pengane. Kjerringa og ungane reiste bort og lét den tunghøyrde mannen bli verande att åleine og ta imot lensmannen. Mannen gjekk der og stulla og stelte og lurte på kva lensmannen ville kome til å spørje etter, og kva han skulle seie når han kom. – Eg får ta meg til med noko å gjere, eg får lage eit økseskaft, sa han til seg sjølv. – Så spør han meg kva det skal bli, og då seier eg: «Økseskaft.» Så spør han meg kor langt det skal vere, og då seier eg: «Oppunder denne kvisten.»

38


Så spør han meg kvar ferja er, og så seier eg: «Eg skulle tjørebreie* henne. Ho ligg nedpå stranda og er sprokken i begge endar.» Så spør han: – Kvar er den grå merra* di? Då seier eg: «Ho står føldiger* på stallen.» Så spør han: – Kvar er sommarfjøsen din? Då seier eg: «Det er ikkje langt unna. Når du kjem opp bakken, så er du der straks.» Etter ei stund kom lensmannen. – God dag, mann! sa han. – Økseskaft, sa ferjemannen. – Jaså, sa lensmannen. – Kor langt er det til gjestgivaren? spurde han. – Oppunder denne kvisten, sa mannen og peika eit stykke opp på økseskaftemnet. Lensmannen rista på hovudet og glante storøygd på han. – Kvar er kjerringa di, mann? sa han. – Eg skulle tjørebreie henne, sa ferjemannen. – Ho ligg på stranda og er sprokken i begge endar. – Kvar er dottera di? – Å, ho står på stallen og er føldiger, sa mannen. Han syntest han svarte både godt og vel for seg. – Å, reis du til ..., din tulling du er! sa lensmannen. – Ja, det er ikkje langt unna. Når du kjem opp bakken, så er du der straks, sa mannen.

*tjørebreie – stryke tjøre på båten for å gjere han tett *merra – hohesten *føldiger – drektig; skal snart føde ein folunge

Norsk folkeeventyr, omarbeidd av forfattaren

Når det er noko vi ikkje har lyst til å snakke om, kan det hende vi vrir oss unna og prøver å late som om vi ikkje skjønar kva den andre spør om. I staden svarer vi på noko heilt anna. Mannen i eventyret er ikkje berre tunghøyrd, han svarer også på noko heilt anna enn det han blir spurd om, og lensmannen må gi opp å få noko skikkeleg svar. I teksten på neste side er det noko Mons ikkje har lyst til å snakke om. Kva er det? Markus svarer på noko anna enn det han blir spurd om. Når vi svarer slik, kallar vi det «god dag, mann – økseskaft»-svar, og uttrykket stammar frå eventyret om den tunghøyrde mannen. 39


lytte og tale

Egg eller L’Oréal Paris? Markus finn ei øskje på badet, som faren hans, Mons, har sett der. Men har Mons lyst til å fortelje Markus at han har kjøpt hårfargemiddel? – Hva er dette, pappa? Markus kom ut fra badet med en liten pappeske i hånden. Mons satt ved frokostbordet og kikket ned i et egg som var litt for lite kokt. – Det er et egg. – Nei, jeg mener dette. Mons så opp, fikk øye på esken og rødmet. – Det er ingenting. – Hva betyr L’Oréal Paris*? – Å det betyr vel bare at det er L’Oréal Paris som produserer … – Hva da? – Produktet, sa Mons likegyldig og stakk skjeen ned i eggeskallet. – Vil du ha et egg, Markus? – Hva slags produkt? – Det produktet de produserer, men nå må vi … – Hva betyr Casting*? – Det vet jeg ikke, sa Mons og så på klokka. – Nei, nå får vi hive i oss frokosten, hvis vi skal rekke …

*L’Oréal Paris – kosmetikkfabrikant

*Casting – namnet på eit hårfargemiddel

Frå Klaus Hagerup: Markus og karaokekongen

oppgåver 3 Sjå på teksten om Ingvild og mamma på side 36. Bruk punkta på plakaten «Ein god lyttar» og vurder Ingvild. Er ho ein god lyttar? Grunngi svaret ditt. 4a Kva for nokre av svara til Mons i teksten «Egg eller L’Oréal Paris?» er «god dag, mann – økseskaft»-svar? b Bruk punkta på plakaten «Ein god lyttar» på side 38 og vurder Mons. Er han ein god lyttar? Grunngi svaret ditt. 5a Bruk punkta på plakaten «Ein god lyttar» og vurder deg sjølv. Er du ein god lyttar? Grunngi svaret ditt. b Kva for eit av punkta synest du er det vanskelegaste? Kvifor?

40


Kva slags ord bruker du? Eit ord Eit ord – ein stein i ei kald elv. Ein stein til – Eg lyt ha fleire steinar skal eg koma yver.

yver – over

Olav H. Hauge

41


lytte og tale

Ord kan glede – ord kan såre I diktet på førre side seier Olav H. Hauge at vi må bruke ord for å kome over til kvarandre, for å få kontakt med andre. Orda vi vel å bruke, kan glede og oppmuntre, men dei kan også såre og øydeleggje. Ord kan gi oss venner, men dei kan også gi oss uvenner og støyte folk bort frå oss. Hanni Espen bruker ord som han veit vil såre kameraten. Har du nokon gong såra andre med orda dine eller sagt noko du har angra på? Vi stod der ein liten gjeng. Hanni var der òg. Han sa til meg: – Den ballen burde du ha sett inn, Espen. Eg stod stille ein augneblink. No, tenkte eg. No. Eg sa det. Eg fekk stemma mi så naturleg eg kunne. Som om det var noko heilt daglegdags. Men eg lét det også bli så vakse som eg berre kunne få det. Og forakteleg. Eg sa: – Du, Hanni, du kan gå heim og tørrleggje far din, før du bryr deg med meg. Det vart heilt stille der vi stod. Alle visste om faren til Hanni. Ingen sa noko. Korleis var det? Eg snudde meg litt. Jau, det gjekk inn. Eg såg det. Dei som stod rundt, begynte å flire breitt. Og Hanni? Jau, auga til Hanni tok til å flakke. Dei vart mørke. Fulle av sorg og fortviling. Så gjekk han sakte derifrå. Frå Oskar Stein Bjørlykke: Hanni

Joel og den framande guten Joel treffer ein framand gut og blir nysgjerrig på kven guten er. Han føler seg usikker saman med ein framand. Akkurat som eg-personen i forteljinga om Hanni, seier han noko han ikkje hadde tenkt å seie. – Kven er du? seier Joel og reiser seg opp. Sjølv om dei er like høge, kjenner Joel seg som ein liten dverg, der han står med snø opp til knea.

42


– Eg flytta hit i dag, seier den framande guten. – Eg ville ikkje, men eg blei nøydd til det. Joel børstar av seg snøen mens han tenkjer. – Kvar kjem du ifrå? seier han. – Det spelar inga rolle, svarar den framande guten. – Eg skal ikkje bli her likevel. Med eitt ser Joel at guten med trugene* er raudøygd, som om han nettopp hadde gråte. Plutseleg bestemmer ikkje Joel over seg sjølv lenger. Han seier noko han absolutt ikkje hadde tenkt å seie. Når han høyrer orda skli ut av munnen, angrar han straks, men da er det for seint. – Vi som bur her, plar ikkje sitje nede ved elva og grine, seier han. Den framande ser forundra på han.

*truge – ei slags ramme med flettverk inni til å feste under skorne, slik at ein ikkje søkk ned i snøen

Frå Henning Mankell: Hunden som sprang mot ei stjerne

43


lytte og tale

Kva slags røyst bruker du? Du kan snakke med ulike røyster. Med røysta di kan du høyrast snill, sur, sint, spydig, ekkel, smiskete, glad, masete eller redd ut. Du kan snakke høgt eller lågt, fort eller sakte, du kan mumle eller snakke tydeleg. Alt dette legg andre merke til. Det hjelper ikkje at du bruker pene og hyggelege ord, dersom du seier dei med høg og sint røyst. Då du var liten, lærte du nokså fort kva slags røyst og tonefall du skulle bruke når det var noko du ville ha. Som oftast tenkjer du kanskje ikkje på kva slags røyst du bruker, du berre snakkar i veg. Men dei vi snakkar med, legg ofte merke til røysta vi bruker. Røysta røpar oss meir enn vi trur! Folk som kjenner oss godt, høyrer kanskje på røysta korleis vi har det? Kven bestemmer? – Det er på tide at de blir kjende med Gro, sa pappa. – Gro bur her. Eg kan ikkje jaga henne bort annakvar helg resten av livet. No har de fått ei stund til å venja dykk til dette nye. Eg høyrde ikkje etter lenger. Eg berre glodde på han. – Nei, sa eg høgt. Pappa såg på meg og strauk handa gjennom håret. – Ikkje gjer det så vanskeleg, Nina, sa han. – Eg vil ikkje møta henne, sa eg. Og så ropte eg så høgt at Tommy rygga bakover: – Då rømmer eg!

44


– Ro deg no, sa pappa. – Eg vil ikkje møta henne, sa eg igjen. Eg knytte hendene. – Du kan ikkje tvinga meg til å møta henne. No hadde pappa fått raude flekker i andletet. – Ro deg ned, sa han. Han tok meg i armen og førte meg bort til sofaen. Tommy hang i buksebeinet hans. Eg skalv og reiv meg laus. Pappa retta seg opp og pusta tungt. – La oss snakka saman i fred og ro, sa han. Men pappa var ikkje roleg, han heller. Stemma hans var høg, og eg såg at kjakemusklane rørte seg heile tida. Eg nekta å setja meg. Eg stod rett opp framfor han. – Eg vil ikkje, sa eg. – Vel, sa pappa. – Denne gongen bestemmer ikkje du. Frå Bente Bratlund Mæland: Kanskje måndag kveld

oppgåver 6a Kva seier eg-personen i forteljinga om Hanni som han ikkje hadde tenkt å seie? b Kvifor seier han dette, trur du? c Når sa du noko som gledde nokon? Kva sa du då? d Når sa du noko som såra nokon? Kva sa du då? 7a Sjå på teksten om Joel på side 42–43. Kva for ein replikk viser at den framande guten ikkje er interessert i å snakke med Joel? b Joel seier tre replikkar. Kva for ein av replikkane synest du stengjer for vidare samtale? 8a Kva slags røyst bruker faren i teksten «Kven bestemmer?»?

b Den eine av dykk er A, den andre er B. Bruk sint, sur, blid, høfleg og smiskete røyst og sei desse replikkane: A seier: – Kan du dempe lyden på fjernsynet! B svarer: – Ja, det kan eg gjere. Eller: – Nei, det vil eg ikkje. c Korleis svarte B når A snakka med sint, sur, blid, høfleg og smiskete røyst? 9 Tenk deg at A kjem for seint til ein avtale med B. B har venta på A i 30 minutt. a Spel samtalen mellom A og B. Når A kjem, bruker han eller ho unnskyldande ord og røyst. B svarer. b Spel samtalen to gonger til. Den første gongen er A uhøfleg, den andre gongen vennleg. Finn på replikkar sjølve. 10 Snakk saman om korleis ordvalet og røystebruken verkar på dei du snakkar med.

45


lytte og tale

Kroppsspråket – meir enn ord Språk Hvis jeg skulle fortelle alt det som hendte måtte jeg snakke med beina og armene magen og munnen og hele kroppen! Derfor sier jeg bare: – Unnskyld!

Mathis Mathisen

Når du snakkar med nokon, er det ikkje berre dei orda du seier, som fortel noko om kva du meiner. Kroppsspråket kan faktisk seie meir enn orda! Dersom du ser på den du snakkar med, viser du at du bryr deg og er interessert. Men dersom du ser til ein annan kant, skriv ein SMS på mobilen din, les i eit blad, geispar eller ser på fjernsyn medan de snakkar, kan samtalen fort gå i stå.

46


Eit møte Då Nina i boka Kanskje måndag kveld treffer faren saman med ein ny kjærast, viser ho både med kroppsspråket og med ord at ho ikkje har lyst til å helse på kjærasten. Det var som eg fekk eit slag i magen. For der, rett imot meg, kom pappa og Tommy og dama som var kjærasten hans. Eg visste at det var ho, endå eg berre hadde sett henne på lang avstand før. Eg stod som stivna. Då oppdaga pappa meg. Han stansa opp og såg rett på meg. – Nina, sa han. Og Tommy lyste opp i eit stort smil. Dama som stod ved sida av pappa, hadde lyst hår, og ho såg ung ut. Yngre enn mamma. Ho smilte til meg. Då snudde eg meg på hælen og sprang. Eg sprang slalåm mellom alle folka. Eg dytta borti folk og tumla meg fram. Eg sprang og sprang. Neimen om eg ville vera i nærleiken av dama til pappa. Ho som hadde øydelagt alt! Det dunka hardt i brystet mitt. Det sveid bak augo. Det var min pappa! Denne dama hadde ingen ting med oss å gjera. Eg sprang inni ein mann som gjekk og heldt ein gutunge i handa. Mannen tok tak i skuldra mi og skjente. Eg reiv meg laus og sprang vidare. Eg virra innimellom vaksne og ungar, og heldt på å springe rett inn i ei barnevogn. Ein loddseljar ropte etter meg og spurde om eg ikkje ville prøve lykka. Lykka? Eg kunne slått til han, men eg sprang berre vidare. Tårene hadde byrja å renna, så eg såg ikkje klart lenger. Eg såg meg vilt om etter ein stad å gøyma meg. Og då fekk eg auga på campingvogna til spådama. Eg smaug meg bak vogna og kraup saman. Eg heiv etter pusten. Hjarta mitt slo hardt og fort. Eg la hendene mot kinna mine. Dei brann. Det krydde av folk overalt på plassen, eg høyrde alle lydane frå rop og stemmer og karusellar, men akkurat her var eg aleine. Dei skingrande lydane trengde seg inn i øyro mine.

47


lytte og tale

Det ringde i nokre slags klokker. Eg visste at det var slike som ringde når karusellar skulle gå eller stogga, eller når tida var ute for eit eller anna spel eller ein konkurranse i lykkebuene. Det klang heile tida ein plass ifrå. Alt var eit einaste surr av lydar. Ein unge sette i å storgråta like i nærleiken. Eg sette meg på huk og lente hovudet inntil campingvogna, så knytte eg hendene og lukka augo. Eg prøvde å få pusten tilbake. Heile tida såg eg for meg pappa og Tommy og kjærasten til pappa. Og så ville eg berre gråta høgt, eg også. Som ein dritunge låg eg inntil campingvogna og hulka. Eg kjende den kalde vogna mot panna, og brått dunka eg neven hardt i campingvognveggen. Frå Bente Bratlund Mæland: Kanskje måndag kveld

oppgåver 11a Les samtalen mellom Ingvild og mor hennar på side 36 éin gong til. Er det ein god eller ein dårleg samtale? Følg punkta på plakaten på side 49 og grunngi svaret ditt. b Leit i teksten og finn ut kva mora seier med kroppsspråket. Kva fortel dette om henne? 12 Vel eit tema som de har lyst til snakke saman om. Det kan vere ein film de har sett, ein fritidsaktivitet, ein tur, eit fjernsyns­ program, eit dyr – eller noko heilt anna. Følg punkta på plakaten og spel rollespel: a A og B snakkar saman. B prøver å vere ein god og aktiv lyttar. C er observatør. Kva skal observatøren sjå etter? Bli samde om tre punkt.

48

b Vel eit nytt tema. A fortel, men no skal B både med svaret og med kroppsspråket vise at han eller ho er lite interessert i å høyre på A. C observerer. c Byt roller. B fortel, og A lyttar aktivt og viser interesse for det B fortel. d Deretter lyttar B uinteressert. C observerer. e Observatøren fortel kva han eller ho har lagt merke til. 13 Snakk saman om korleis det er å snakke med nokon som – lyttar aktivt og interessert – viser lita interesse for det den andre seier


KVA ER EIN GOD SAMTALE? Dei som snakkar saman, • ser på kvarandre • lyttar og viser med kroppsspråket at dei er interesserte • bruker røyst og tonefall som passar til det dei seier • snakkar tydeleg for å unngå mistydingar • kommenterer eller stiller spørsmål

49


lytte og tale

Sei meininga di!

Vi kan seie meininga vår på mange måtar. Her demonstrerer vaksne og born for ei viktig sak i nærmiljøet.

50

Kvar dag uttaler du deg og meiner noko. Du har meiningar om kleda du har på deg, maten du et, vennene du er saman med, faga på skulen, programma du ser på fjernsyn, og kor lenge du skal få vere ute om kvelden. Når du snakkar med nokon som meiner noko anna enn deg, må du ofte kunne grunngi kvifor du meiner det du gjer. Du har kanskje diskutert med foreldra dine om kor mykje pengar du treng, eller kor mykje tid du skal bruke på skulearbeid? Når det er avgjerande for deg å få overtydd andre om at du har rett, er det viktig at du greier å finne gode argument. Di fleire gode argument du har, di større sjanse er det for at andre forstår kva du meiner, og kanskje blir overtydde om at du har rett. Å seie meininga si og stå for det ein meiner, krev ofte stort mot. Dersom du er åleine om å meine noko anna enn vennene dine, krevst det ekstra stort mot. Når var du modig og sa akkurat kva du meinte? Når har du late vere å seie kva du meiner?


Modig nok? Amal lurer på om ho er modig nok til å gå med skaut, hijab, på skulen. Jeg får ikke sove. Jeg er stresset av å lure på om jeg er modig nok til å gjøre det. Å gå med hijab, skautet, hele tiden. «Fulltidsbrukere» er det mine muslimske venner og jeg kaller jenter som går med hijab bestandig, noe som i praksis betyr at man alltid må bruke det når man er sammen med menn som ikke tilhører den nærmeste familien. «Deltidsbrukere», som meg, bruker hijab som en del av uniformen på en islamsk skole eller når vi går i moskeen eller kanskje til og med når vi er stygge på håret en dag. (---) Jeg er klar for neste skritt, det er jeg sikker på. Men jeg er nervøs likevel. Uhu! En million forskjellige stemmer i hodet mitt prøver å skremme meg fra det. Men hvorfor skulle jeg være redd?

Frå Randa Abdel-Fattah: Ser hodet mitt stort ut med denne?

Det krev også mot å seie nei dersom det er noko vi ikkje tør eller vil gjere. Er du nokon gong blitt pressa til å gjere noko fordi du ikkje har tort å seie kva du eigentleg meiner? I teksten nedanfor kan du lese om Joel, som ikkje tør seie til kameraten sin, Ture, at han ikkje vil klatre på utsida av ei bru. Kvifor?

*akslene – skuldrene *kvelvde spenn – bogar på ei bru

Ture flirer. – Du kjem aldri til å klatre over brua, seier han. – Du kjem til å krype ned att. – Du skal få sjå, seier Joel. – Still deg ute på brua. Ture drar på akslene* og går. Nå er Joel aleine med brua. Så stor som ho er nå, har ho aldri vore. Joel står ved brufestet og ser opp mot eitt av dei kvelvde spenna* som forsvinn i mørket. Under han ligg den tilfrosne elva. Nå gjeld det å klatre. Ikkje tenkje. Ikkje sjå ned.

51


lytte og tale

Han klatrar opp på rekkverket. Der begynner det breie bruspennet. Om han strekkjer ut armane så langt han kan, klarer han å halde rundt ytterkantane. Det er slik han må gjere. Klemme seg inntil bruspennet, halde rundt ytterkantane med hendene og så krype sakte oppover. Han legg eine handa mot jernet. Kulda kryp straks gjennom votten. Han lèt att auga og begynner å hale seg oppover. Som ein frosk, tenkjer han. Som ein frosk som prøver å sleppe unna eit rovdyr som er like bak … Jernnaglane skrapar mot knea hans. Først flytter han den eine handa. Så motsett bein. Så den andre handa og det andre beinet. Sakte, sakte … Det er heilt stilt rundt han. Han lèt att auga og kryp vidare. Den eine handa, det andre beinet. Jernet er kaldt, og han er alt iskald. For kvar gong han rører seg oppover, blir det vanskelegare å halde redsla borte. Kvifor gjer eg dette, tenkjer han fortvila. Eg klarer det ikkje, eg kjem til å ramle ned og slå meg i hel …

Frå Henning Mankell: Hunden som sprang mot ei stjerne

Hårek, frå Hårek den hardbalne, av Dik Browne

Respekter andre sine meiningar Folk har ulike meiningar om alle moglege tema. Når det er noko som er viktig for oss, har vi lett for å bli ivrige og engasjerte, og det er bra. Men dersom vi seier at andre er dumme og teite dersom dei meiner noko anna enn oss, viser vi ikkje respekt for meiningane deira. Du har kanskje sett på debattprogram på fjernsyn? Av og til verkar det som om dei som diskuterer, verkeleg er uvenner og ikkje greier å vise respekt for det dei andre meiner. 52


Ved frukostbordet

RESPEKTER ANDRE SINE MEININGAR

• Lytt til det andre har å seie. • Still spørsmål dersom det er noko du ikkje forstår. • Still spørsmål dersom det er noko du er usamd i. • Dersom du er usamd, grunngi kvifor du er usamd. HUGS: Usemje er ikkje det same som uvennskap!

Eg ser på det fulle mjølkeglaset og lurer på korleis eg skal klara å drikka opp. Hadde det endå vore mjølk med jordbærsmak. Til og med på skulen har dei jordbærmjølk. – Prøv ei skive med brunost og bringebærsyltetøy, det er snadder. Monstertanta kubbar røyken sin i oskebegeret ho har ved sida av tallerken sin, og den siste røyken frå lungene hennar kjem rullande ut nasen. Endå kjøkenet er eit enormt rom med nesten fire meter til taket, er røykstanken kvalmande. – Eg klarar ikkje å eta. – Du må eta, du har ikkje fått i deg noko sidan du kom. – Det drit vel du i, du vil at eg skal svelta i hel! – Du har så mykje å tæra på at det ville teke ei stund. Sånn, no lagar eg ei skive med syltetøy og brunost. Du vil vel ha smør på? Eg geipar til svar. Monstertanta sukkar og legg brødskiva på tallerken min. – Eg et ikkje den skiva. – Det skal du. – Nei, eg nektar å eta den skiva som du har teke i med dei ekle røykefingrane dine. Dessutan mistar eg appetitten når heile kjøkenet stinkar av røyk. – Jøss, deg er det krut i. Vel, du får nok appetitt når du har vore med og jobba litt på garden. – Barnearbeid er ikkje lov, du har behandla meg som ein slave sidan eg kom igår, og du har berre sagt ekle ting til meg. Frå Ingelin Røssland: Monstertanta

53


lytte og tale

oppgåver 14 Snakk saman om a ein gong de følte dykk modige og sa meiningane dykkar b ein gong de lét vere å seie eller gjere noko fordi de ikkje torde 15 Snakk saman om samtalen mellom Julie og monstertanta. Kva for nokre av punkta på plakaten «Respekter andre sine meiningar» greidde dei å følgje? Kva for punkt greidde dei ikkje å følgje? 16a Gå saman tre og tre og lag eit rollespel av samtalen mellom Julie og monstertanta. Bli samde om kven som skal spele Julie, og kven som skal spele monstertanta. Den tredje skal vere observatør. Bruk punkta på plakaten og prøv å endre samtalen slik at han blir betre.

54

b Snakk saman før de speler rollespelet: – Kva skal monstertanta seie, og korleis skal ho bruke røyst og kroppsspråk? – Kva skal Julie seie, og korleis skal ho bruke røyst og kroppsspråk? – Kva skal observatøren sjå etter? c Spel rollespelet. d Observatøren gir respons. Kva var bra? Kva kan bli betre? 17a Sjå eit diskusjonsprogram på fjernsyn. Bruk punkta på plakaten «Respekter andre sine meiningar», og set ein strek på eit papir kvar gong du oppdagar at deltakarane ikkje respekterer meiningane til kvarandre. b Snakk saman om resultatet etter at de har sett programmet. – Kva for nokre av punkta på plakaten greidde dei å følgje? – Kva for nokre av punkta greidde dei ikkje å følgje?


oppgåver ORDENSREGLAR 1 Du skal vere grei mot andre. 2 Du må gjere ditt for at det skal vere ro og orden på skulen. 3 Du må ta vare på bøker, leiker og utstyr på skulen. 4 Du må vere ute i friminutta. 5 Det er ikkje lov å sykle og ake på skuleplassen. 6 Det er ikkje lov å bruke rullebrett, rulleskøyter eller liknande. 7 Du kan sykle til og frå skulen frå du går i 5. 8 Du skal ha hjelm på når du syklar. 9 Det er ikkje lov å ha med godteri på skulen.

18 Les ordensreglane. Vel to reglar og finn så mange argument du greier for kvar regel. 19a Få tak i ordensreglane som gjeld ved skulen din. Vel ein regel som de vil diskutere. b Følg punkta på plakaten «Diskusjon».

DISKUSJON Før de diskuterer 1 Bli samde om kva de vil diskutere. 2 Kva skal diskusjonen tene til? Skal de bestemme noko, eller skal de diskutere for å høyre ulike meiningar? 3 Noter ned argument og tankar om emnet. Bruk gjerne tankekart.

Medan de diskuterer 4 Alle må få kome til orde. Vent på tur. 5 Still spørsmål dersom det er noko du ikkje forstår. 6 Sei kva du er samd i, men ikkje gjenta det andre har sagt. 7 Sei kva du er usamd i. Grunngi kvifor. Hugs: Å vere usamd er ikkje det same som å vere uvenner! 8 Dersom de diskuterer for å bestemme noko, kan de avslutte med ei avrøysting. 9 Dersom de ikkje skal bestemme noko, kan de velje om de vil ha avrøysting eller avslutte når de ikkje har fleire nye argument. Etter at de har diskutert 10 Vurder diskusjonen. Kva gjekk bra? Kva må de øve på?

55


lytte og tale

A «Alle» vennene dine har fått lov til å dra på ein konsert komande laurdag. Mor di har nekta deg. Ho synest du er for ung, ho synest det er for langt unna der de bur, og ho synest også at billetten er for dyr. Du må finne gode argument for å få lov.

B Du har lenge hatt lyst på eit kjæledyr. No skal du få ein kattunge av ein venn. Dersom du ikkje tek imot kattungen, skal han drepast. Far din synest kattar er ekle dyr. Du må finne gode argument for å få lov.

C Du og den to år eldre systera di vil sjå kvart dykkar fjernsynsprogram. Ho vil sjå eit naturprogram; du følgjer med på ein spennande serie. De diskuterer kva program de skal sjå. Ho meiner at ho skal bestemme, sidan ho er eldst. Dessutan synest ho at seriar er noko tull. Du må finne gode argument for å få sett det programmet du ønskjer å sjå.

56


D Du og vennen din er på eit kjøpesenter. De går omkring og ser på klede. Då de kjem ut på gata, oppdagar du at vennen din har på seg ein genser han ikkje har betalt for. Du må finne gode argument for å få han til å forstå at dette er gale.

E Du er svært oppteken av å bruke merkeklede. Bestevennen din synest derimot det er tull å bruke pengar på slikt. Finn gode argument for begge synspunkta.

oppgåver 20 No skal de dramatisere situasjonane A–E. a Les teksten på lappane og fordel rollene. b Snakk saman om kva for nokre av tipsa på plakaten «Diskusjon» de skal følgje. c Dramatiser. d Snakk saman og vurder: Kva greidde de fint? Kva var vanskeleg? I MÅL? 1 Snakk saman. a Kven liker du godt å snakke med? b Kva snakkar de om då? 2a Kva kan du gjere for å bli ein god samtalepartnar? b Kva kan øydeleggje ein samtale? 3 Kvifor utviklar diskusjonar seg av og til til kranglar, trur de? 4 Kvifor er det viktig å fi nne gode argument for meiningane sine? 5 Skriv minst fem ord eller uttrykk frå dette kapitlet som du vil samle på og bruke i eigne tekstar.

57


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.