Zeppelin leseserie. Fnugg i verdsrommet, nyn

Page 1

Nynorsk

Laila Brenden Illustrert av Erik Ødegaard

leseserie

6

ZEPPELIN LESESERIE Zeppelin leseserie er nivådifferensierte småbøker som rettar seg mot elevar på alle trinn i barneskolen. Leseserien representerer i alt 16 nivå. Lesenivåa er viste med uglesymbol på baksida av småbøkene. Alle bøkene er laga spesielt for leseserien, og dei kjem ut på begge målformer. Bøkene er rike på illustrasjonar. Både sakprosa og skjønnlitteratur er representerte. Fleire av bøkene for småskoletrinnet har oppgåvesider til teksten. Zeppelin leseserie er ikkje knytt til bestemte årstrinn i grunnskolen, men erfaring viser at 1–11 ugler vil passe for dei fleste elevane på 1.–4. trinn: 1. og 2. årstrinn: 1–5 ugler 3. årstrinn: 6–8 ugler 4. årstrinn: 9–11 ugler

ISBN 978-82-03-34088-8

elin

pp e Z

leseserie

Fnugg i verdsrommet


2


INNhald Super-Fnugg i farten 4 Ein asteroide er ein stein 7 Meteorar og meteorittar 8 Sola er ei stjerne 10 drøssevis av stjernebilete 12 historia om den store bjørnen 14 Venus – den varmaste planeten 16 Mars – den raude planeten 18 Planetane i solsystemet vårt 20 Oppgåver 23

Hei! Vil du bli med meg Heim?

3


SuPEr-FNugg I FartEN

hei. Eg heiter Fnugg. Ikkje le. det er sant. Eg heiter Fnugg. du kan godt kalle meg Super-Fnugg. det er litt tøffare. Og eg er ein tøffing. Eg toler dødeleg kulde. Eg toler dødeleg varme. Eg kan leve utan luft. Kjenner du nokon som er like tøffe? 4


rommet mitt er stort. rommet mitt er kjempestort. det er utan vegger. rommet mitt har eit eige namn. det heiter verdsrommet. akkurat no er eg på veg til jorda. Jorda har så fin farge. ho liknar ein diger, blå badeball.

KVifor ser jorda blå ut frå Verdsrommet? 5


6


EIN aStErOIdE Er EIN StEIN au! Kva var det? Noko stort suste forbi meg. Eg trur det var ein asteroide! asteroide er eit morosamt ord. Men det er ikkje morosamt 책 f책 ein asteroide i hovudet. Ein asteroide er ein stein. Ein asteroide kan vere stor som eit fjell, eller han kan vere liten som ein kjempestein. dei fleste asteroidane g책r i bane rundt sola. det vil seie at dei svever rundt og rundt sola.

KVa er opp og ned i Verdsrommet? 7


MEtEOrar Og MEtEOrIttar Jorda er ein planet. I rommet mitt er det mange planetar. det er eit lag med luft rundt jorda. dette luftlaget kallar vi atmosfære. tjo–ho! Eg svever inn i atmosfæren. det går heilt fint. Eg tek ikkje fyr. 8


Steinar som kjem inn i atmosfæren, tek fyr. Vi kan sjå dei som lysande striper på himmelen. lysstripene kallar vi meteorar. Nokre få steinar treffer jorda. da kallar vi dei meteorittar. dei fleste steinane brenn opp før dei når fram til jorda. Men Super-Fnugg tek ikkje fyr, nei!

Hugs: meteorar er lysstriper i atmosfæren. meteorittar er steinar frå Verdsrommet som når jorda.

9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.