Zeppelin Leseserie Berre jug NN

Page 1



1 Pappa skal flytte. Han sa det ved middagsbordet. Tok ein slurk vatn først. – Eg skal flytte, sa pappa. Sa det sånn. Med heilt ny stemme. – Flytte frå oss? Gustav høyrde at stemma var tynn. Ny den òg. Mora skjenkte vatn i glaset hans. Ho hadde så store auge, syntest Gustav. Ho retta litt på brillene sine. Isbitane klirra i mugga. Gustav ville ikkje sjå på henne. Og i alle fall ikkje på pappa. Veslesyster sat i stolen og smilte. – Ja. Vi har snakka om det … og … Pappa snakka lågt og høyrdest lei seg ut. Akkurat som om det hjelpte. – Kvar? Gustav svelgde. Ein isbit sumde rundt i glaset hans. – Til Drøbak, berre. Eg har fått jobb der. Pappa smilte, falskt syntest Gustav.

3


– Ikkje så langt frå Oslo til Drøbak, akkurat, sa pappa. – Det drit eg i! Gustav reiste seg så fort at glaset med vatn velta og isbiten sklei over bordet. – Gustav! Faren reiste seg òg. Det svarte håret hans stod rett til vêrs. – Flytt til månen dersom du først skal flytte! ropte Gustav og storma ut av kjøkkenet. Faren kom etter. Gustav sprang opp trappa og inn på rommet. Låste døra etter seg. Rakk det akkurat. Faren banka på døra. – Gustav, sa han. Stemma var bedande. Skikkeleg ynkeleg. – Nei, ropte Gustav. – Eg vil ikkje høyre på deg! – Det må du! Pappa ropte tilbake. – Eg høyrer vel ikkje på ein som flytter frå oss. Aldri i livet! Faren dundra på døra. Så barnsleg, tenkte Gustav og tok på seg høyretelefonane. Gustav ligg i senga og tenkjer. Det er mørkt ute. Han har berre vore heilt sløv. Totalt borte i hovudet. Mamma og

4


pappa har slutta å kysse. Og han har ikkje merka det. Pappa som alltid lista seg bak mamma og la armane rundt livet hennar. Mamma som lo. Når slutta alt dette? Utan at han har skjønt ein drit. Pappa smadrar familien. Eller er det mamma som har sagt at pappa må flytte? Familien er smadra som ei bilrute. Knust som vasen mamma limte med glaslim. Familielim, tenkjer Gustav. Eg vil ha familielim. Han byrjar å gråte. Dreg dyna over hovudet så ingen skal høyre.

5


2

Pappa pakkar. Det er mamma som skal behalde rekkjehuset dei bur i. Det er mamma som har jobb her. Det er mamma som har munn som ein rett strek. Ho seier ikkje mykje til pappa som pakkar. Pappa seier heller ikkje noko. Gustav skulle ønskje han skulle flytte, han òg. Flytte til Karsten kanskje? Veslesyster sit på golvet. Ho smiler. Gustav har lyst til å grine igjen. Reise frå veslesyster. – Kva tenkjer du på eigentleg, pappa? Reise frå veslesyster! – Det er ikkje så enkelt, Gustav. Pappa sukkar. – Nei, for du drit i heile familien vår! roper Gustav og går ned trappa. – Gustav! Gustav snur seg ikkje. Han skal aldri høyre på pappa meir. Alt er berre ljug. Lekselesing, fotballtrening, symjing. – Alt er ljug, seier Gustav. Seier føtene hans nedover trappa. Seier klokka oppe på veggen. Tikkar det saman med hjartet hans. Berre ljug.

6


Mamma har steikt pannekaker. Han merkar den gode lukta da han opnar døra. Akkurat som det skulle hjelpe. Bordet er dekt til fire. Til min familie, tenkjer Gustav. Det er både blåbærsyltetøy og sukker. Er det gått over? Har dei vorte venner att? Pannekaker med blåbærsyltetøy? Så enkelt? Pappa snur seg. Gustav vil smile. Pappa smiler ikkje. Andletet er alvorlegare, tynnare, strengare. Gustav veit ikkje heilt. Pappa opnar munnen. Gustav skal til å svare. Men pappa har ikkje sagt noko. Så rart. Han sit der med open munn utan å seie eit ord. – Der er du, Gustav, seier mamma med altfor lys stemme. – No et vi. Ho smiler merkeleg. Eit hyenesmil, tenkjer Gustav. Liknar ikkje på mamma i det heile. Pappa skal flytte likevel. Det er heilt sikkert. Han orkar ikkje pannekaker. Gustav bråsnur. Spring opp trappa til rommet sitt. Høyrer mamma rope. Høyrer ikkje kva. Låser døra og ser Bobla symje rundt i bollen sin. Rundt og rundt. Dumme Bobla. Presang frå pappa. Stygge Bobla med fiskemunnen sin og flate auge. Gustav riv opp vindauget. Grabbar heile bollen med Bobla og pælmar han ut. Vatnet skvalpar over fingrane hans og ned i joggeskoa. Bobla svever gjennom lufta. Ligg skeivt etter bollen. Gustav høyrer glaset bli knust mot steintrappa. Bobla flyg inn på plenen ved sida av. Trur han. Nokon opnar døra der nede. Pappa brøler: – Har du vorte klin galen, Gustav! Kva driv du med! Gustav! – Like galen som deg!

7


8


Pappa spring inn att med Bobla mellom hendene. Kan han ikkje berre døy, tenkjer Gustav. Han skal aldri ha gullfisk meir. – Hiv han i dass, du pappa! roper han og smeller att vindauget så glaset klirrar. I eit glimt ser han spegelbiletet sitt i ruta. Han liknar på pappa. Og no står det mørke håret hans rett til vêrs. Same skeive smilet som pappa òg. Berre at det smilet er borte no. Og eg skal aldri flytte frå nokon, tenkjer Gustav. Aldri!

9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.