Laila Brenden Illustrert av Lars Rudebjer
in l e p
p e Z
LESESERIE Nynorsk
DYR SOM ARKITEKTAR
Norsk for barnetrinnet
INNHALD Overbyggmeister 4 Tømmerhoggar med symjeføter 5 Beverhytte 7 Matstove og soverom 8 Demning 11 Byggmeisteren i fjellet 13 Freda 13 Ein fargerik buplass 14 Bustad med mange inngangar 15 Nebbete byggmeistrar 16 Kule med inngang i sida 18 Vevarfuglar 20 Bayavevar 21 Flaskereir 21
Sterkare enn stål og lettare enn bomull 24 Krossedderkoppen 25 Silketrådar 26 Ferdig spinn på under ein time 27 Nye edderkoppspinn 27 Det høgaste bygget i verda? 29 Termittar 30 Stor termitt i Afrika 30 Dyr som arkitektar 34 Noko å tenkje over 34 Forslag til svar 35
OVERBYGGMEISTER Veit du kva ein arkitekt er? Ein person som teiknar hus, seier du? Ja, det stemmer. Men ein arkitekt kan også teikne møblar eller planleggje hagar, parkar og heile byar. Det er mange ulike typar arkitektar. Ordet arkitekt kjem frå eit gresk ord. Det tyder eigentleg overbyggmeister. Men det er ikkje berre menneska som er flinke til å lage byggverk. I naturen er det mange døme på dyr, insekt og fuglar som byggjer smarte bustader. Vil du bli kjend med nokre av byggmeistrane som lever i naturen, så bli med vidare.
4
Bever i arbeid
TØMMERHOGGAR MED SYMJEFØTER Av og til kan vi vere heldige og oppdage store kvisthaugar ved vasskanten når vi går på tur i skogen. Kanskje ser vi også store tre som er felte eit stykke oppe på stamma? Da kan det hende vi er i eit område med bever. Beveren liker seg godt ved innsjøar, tjern, elvar og bekker. Han er ofte ute om natta for å felle tre. Han kan byggje bustad og demningar av trea. Bustaden til beveren kallar vi beverhytte.
5
Har du nokon gong sett tre som er felte av ein bever? Da skjøner du at dyret har kraftige tenner. Det er ikkje berre småtre beveren går laus på. Og jobben går fort unna. På eit kvarter kan beveren felle eit tre som måler over 60 centimeter rundt stamma. Framtennene til beveren er store, skarpe og krumme. Dei veks heile livet. Sidan beveren liker seg godt i vatn, har han symjehud mellom tærne på bakføtene, nesten som ei and. Han er altså godt utstyrt for å bevege seg både på land og i vatn. Når beveren feller tre, hogger han tak i treet med framtennene i overkjeven. Så dreg han framtennene i underkjeven opp mot overtennene. På denne måten skreller han av store fliser. Flisene kan bli så store som ti cm lange og tre cm breie.
Beveren kan gnage berre frå éi side, eller han kan gnage rundt stamma. Når han gneg rundt treet, kan stamma likne ein blyantspiss.
6
Rund beverhytte
Beverhytte Ei beverhytte kan bli nokså stor, og ho er laga av stokkar, greiner og kvister. Beverhytta kan ha ei rund form, eller ho kan vere avlang. Inngangen til hytta ligg alltid under vatn. Når beveren skal byggje hytte, startar han med å grave ein gang frå breidda og under tjernet eller bekken. Gangen endar i vatnet. Dette blir inngangen til hytta. Når gravinga er ferdig, er det tid for å hente stokkar og kvister. Før beveren sleper stokkane til byggjeplassen, gneg han vanlegvis av borken. Hytta blir bygd over bevergangen. Her legg beveren ein diger haug med stokkar og kvister. Dette blir både til tak og vegger i beverhytta. Stokkane og kvistene blir tetta att med leire eller jord og søle. Somme stader er tettinga svært tynn, det er fordi beveren treng luft. Han lagar luftekanalar ned i hytta.
7
Matstove og soverom Når stokkane og tettinga er på plass, byrjar arbeidet inne i hytta. Frå innsida gneg beveren av stokkar og kvister slik at det blir ei hole. Alle kvister som står ut i rommet, blir gnegne av, så derfor er tak og vegger i beverhytta glatte og fine. Ofte finn vi to rom i beverhytta. Rommet nærmast inngangen er eit matrom. Soverommet ligg lengst inne og høgast over vassflata. Beverhytta er eit solid byggverk. Ei ny hytte kan vere to meter brei og ein og ein halv meter høg. Når beveren har brukt hytta i fleire år, hender det at han byggjer på bustaden sin. Han kan gjere romma større både i høgda og i breidda. Da kan hytta bli opp til to meter høg og fem meter brei.
8
FOTO
Slik er beverhytta inni.
9
10
Demning Har du nokon gong prøvd å lage demning i ein liten bekk eller der det renn vatn? Det er gøy å sjå kor fort vatnet stig bak demninga. Der beveren held til ved rennande vatn, kan vi oppdage demningar over bekkene. Ved første augekast ser det ut som om det har vore flaum i bekken. Ei mengd med kvist og kvas har hopa seg opp. Ser vi nærmare på kvisthaugen, oppdagar vi snart at dette er det beveren som har stått for. Her har byggmeisteren vore i sving att! Beveren byggjer ikkje demningar for å ha det gøy. Han byggjer for at det skal bli djupare vatn utanfor beverhytta. Beveren vil nemleg sikre at inngangen alltid ligg under vatn. Dessutan vil han vere sikker på at vatnet ikkje botnfrys om vinteren. Demningane blir gjerne bygde der bekkene er smale. Somme tider feller beveren små tre som blir liggjande over bekken. Han kan også slepe trestammer og store greiner ut i bekken og feste dei mellom steinar. Så stikk han greiner og kvister mellom stammene så demninga blir tettare. Til slutt dyttar beveren søle, mose og steinar inn mot oversida av demninga. 11
12
Fjellreven i vinterpels.