Zeppelin Leseserie. Fnugg i ørkenen NN

Page 1



INNHALD Sandstorm 4 Kamel 5 Ørken 6 Oase 8 Karavane 10 Sand i rørsle 11 Kompass 12 På ski 13 Fennek 15 Pels og øyre 16 Natt i Sahara 18 Agam 20 Slange 22 Oppgåver 23 HEI! VIL DU BLI MED MEG UT I ØRKENEN?

3


SANDSTORM Er du der? Det er meg, Fnugg. Her er eg inni alt tøyet. Det er storm i ørkenen. Men ein storm stansar ikkje Super-Fnugg. Eg har sand i auga. Eg har sand i øyra. Eg har sand i nasen. Eg har sand i munnen. Fysj. Det smaker vondt. Eg skulle ønskje at eg var ein kamel.

4


KAMEL Kamelar kan lukke naseborene. Smart! Så slepp dei å puste inn tusenvis av sandkorn. Kamelar har lange augevipper. Augevippene dekkjer auga. Kamelane får ikkje sand i auga. Kamelar har små øyre. Det er mykje hår i øyra. Kamelane får ikkje sand i øyra. Kamelar kan gå lenge utan å drikke. Fnugg rir på ein kamel med éin pukkel. Fnugg rir på ein dromedar.

Kamelar kan ha éin eller to puklar. Har han éin pukkel, kallar vi han dromedar.

5


ØRKEN I ein ørken er det lite vatn. Det regnar sjeldan. Det er ikkje mange planter som greier å vekse her. Det finst kalde og varme ørkenar. Sahara er den største varme ørkenen i verda. Han ligg i Afrika. Fnugg er i Sahara. Men visste du at den aller største ørkenen på jorda er kald? Det er Antarktis. 6

Keisarpingvinen bur i Antarktis. Keisarpingvinane bur i ein kald ørken.


Det er lett å gå seg vill i Sahara. Særleg når det er sandstorm. Og no veit i alle fall ikkje eg kvar eg er! Hei, dromedar! Kvar skal du? Kvifor snur du? No får eg enda meir sand i nasen. Hjelp! Eg får ikkje puste.

7


OASE Eit tre! Det er ein palme. Det veks ein palme midt i ørkenen. Og der er det fleire palmar. No ser eg eit hus også. Og der er det eitt hus til. Det er mange hus midt i ørkenen. Hurra! Eg har komme til ein oase. Eg er redda! Super-Fnugg har greidd å finne rett veg.

8

Kven var det eigentleg som fann oasen?


MMM ... DADLAR SMAKER MYKJE BETRE ENN SAND.

Ein oase er ein stad i ørkenen der det finst vatn. Vatnet kjem opp frå djupet i bakken. Her kan det vekse planter. Her kan det bu menneske. Her kan Fnugg gøyme seg for stormen. I nokre oasar veks det daddelpalmar. Ein daddel er eit saftig bær. Mange i Noreg et dadlar til jul. 9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.