Aten måtte sende sju unge menn og sju unge kvinner til Kreta kvart niende år. Der skulle dei ofrast til eit frykteleg uhyre som vart kalla Minotauros. Det hadde oksehovud og menneskekropp og var sperra inne i ein labyrint.
Men Tesevs, den unge sonen til kongen av Aten, ville ikkje vere tilskodar til noko så fælsleg.