Zeppelin Leseserie Vi dansa jo berre NN

Page 1


2


1 – Sjå, det er kø alt. Lisa peikte mot inngangen til klubbhuset. Rebecca tok handa til Lisa. – Tenk, første klubbkvelden for alle i 7. klasse. Eg gler meg slik. Dei svinga hendene fram og tilbake. Snart stod også dei i køen og venta på å komme inn. – Hei, du snik, sa Lisa irritert da Lydia knuffa seg forbi henne. Lydia gjekk i klassen til Lisa og Rebecca. – Ikkje bry deg, svarte Lydia surt. Ho dytta Lisa så ho brasa inn i guten bak henne. Lisa vart raud og snudde seg bort. – Sidan Lydia fekk seg kjærast, har ho vorte enda kjipare enn før, sa Rebecca. – Æsj, ho er berre dum, sa guten. Han hadde visst høyrt kva Rebecca sa. – Kva for ein skole kjem de frå? Vi er frå Borg. Eg er Pål, og dette er Simen. Han peikte på kompisen. Jentene gløymde Lydia. Dei vart ståande og snakke med gutane til dørene opna.

3


Inne i klubben var tak og vegger måla i mørke fargar. Lyset var dempa. DJ-en spelte ein av favorittsongane til Lisa. Ho gjekk nynnande bak Rebecca innover i lokalet. Dansegolvet var alt fullt. Ei diger diskokule snurra sakte rundt. Spotlamper i ulike fargar fekk diskokula til å sende raude, gule, blå og grøne lysglimt rundt i rommet. – Det er magisk, kviskra Lisa. Ho vart ståande og vogge til rytmane frå musikken mens ho følgde lysa med auga. – Kom, Lisa, det er fleire rom her borte. Rebecca drog med seg Lisa for å utforske staden. Lisa var på veg ut frå biljardrommet da ho gjekk rett i Pål. – Hei, der er du jo. Han lente seg mot veggen med den eine handa. Lisa kjende seg varm i kinna. Ho såg ryggen til Rebecca forsvinne bortover gangen. – Har du vore her før? – Nei, har du? Ho torde nesten ikkje sjå på han. Pål var litt høgare enn ho. Ho likte auga hans. Dei var mørkegrøne. Det hadde ho ikkje lagt merke til i stad. – To gonger. Med broren min. Det er han som er DJ. Pål såg ganske stolt ut. – Stilig, svarte Lisa og leika med den eine fletta si. – Vil du danse? Lisa rakk ikkje å svare før Rebecca kom attende. – Det er dansekonkurranse. Kom!

4


Lisa dansa til det berre var ho og ein gut som heitte Yngvar, att. Dei kjende kvarandre frå danseskolen. Yngvar tok hendene til Lisa. Han snurra henne rundt og lyfte henne høgt i lufta. Til slutt bøygde han henne bakover til hovudet nesten kom borti golvet. Dei andre klappa og plystra. – Vi har to vinnarar her i kveld, sa dommaren. – Gratulerer! Premien er gratis brus og vaffel i kiosken. Yngvar gav Lisa ein klem, men vart brått riven til side. – Kjenner du henne? Det var Lydia. Ho var rasande. – Sjølvsagt, svarte Yngvar. – Vi går på danseskolen saman. Lisa er den beste i klubben. Ho har vunne mange … – Det bryr vel ikkje meg, braut Lydia av med høg, skingrande stemme. – Kom, så går vi! Ho snudde seg og gav Lisa eit stygt blikk. – Det er han som er kjærasten til Lydia, sa Rebecca, som om ikkje Lisa hadde skjønt det sjølv. – Stakkars Yngvar, lo Lisa. – Bli med, så får du halvparten av premien min.

5


2 Da Lisa kom inn i klasserommet dagen etter, vart ho stoppa av Karen, bestevenninna til Lydia. – Du er ikkje lite frekk, kveste ho. – Prøve å rappe kjærasten til Lydia? Lisa stivna. – Kva er det du seier? – Du høyrde meg. – Eg berre dansa, forsvarte Lisa seg. – Særleg. Du klengde deg innpå Yngvar. Eg såg det sjølv. Lisa stod med open munn, kunne ikkje tru det ho høyrde. – Vi dansa jo berre, sa ho matt, men skjønte at det ikkje hjelpte. – Sjå på Lydia. Ho har gråte i heile natt. Lydia var verkeleg raud rundt auga. – Kva skjer? Peder kom støyande inn i klasserommet. Karen nikka, og han gjekk bort til Lydia. Ho kviskra lenge. Innimellom kikka dei på Lisa. Peder gliste. Lydia smilte sigerviss, men ho forta seg å sjå trist ut med ein gong Peder såg på henne att. Rebecca dulta Lisa i sida. – Ikkje bry deg om henne. Ho berre gjer seg til. – Takk. Du er visst den einaste som skjøner det, sa Lisa.

6


7


– Hjelp, der er kjærastetjuven. Peder lét som han vart redd da han såg Lisa i friminuttet. Lisa såg ein annan veg. – Det er Lydias feil, kviskra Lisa til Rebecca. – Peder har ein hjerne som er like stor som ei nøtt. Ikkje høyr på han. Og Lydia … Rebecca sukka og slo ut med armane. – Lydia er berre … sjalu, sa ho til slutt. – Peder er ikkje den einaste som har erta i dag, sa Lisa. – Veit det. Har sett dei, sa Rebecca med samanbitne tenner. – Dei er berre barnslege. Kom, det ringjer inn. – Eg vil ikkje! Vil ikkje, vil ikkje, vil ikkje, tenkte Lisa, men ho følgde etter Rebecca til timen. – Lisa, no er det siste gong eg spør. – Kan du svare på denne oppgåva? Læraren snakka så strengt at heile klassen vart musestille. Lisa skvatt og rista svakt på hovudet. Ho hadde ikkje følgt med i timen. Lydia og Karen fniste. Lisa gøymde andletet i matteboka, raud som ein tomat. Ho kikka så vidt opp da ein samankrølla papirlapp vart kasta til henne. Mens læraren var oppteken med å skrive på tavla, opna Lisa lappen. Det var ei teikning. Ei trolljente med vorte på nasen kyssa ein gut med krone på hovudet. Lydia prøvde å kvele ein latter. – Kan eg få gå på do? spurde Lisa. – Greitt, sa læraren. – Men prøv å vere rask. Lisa låste seg inn i den inste båsen. Ho sette seg på huk på dolokket og gøymde andletet i hendene.

8


3 – Nei, det er sju, ikkje femten, ropte Lisa til tv-en. – Korleis i alle dagar visste du det? spurde faren da programleiaren gav svaret. – Vi hadde om bein i kroppen i førre veke. Da sa læraren at sjiraffar har like mange nakkevirvlar som vi menneske, nemleg sju. Det var fredag kveld, og Lisa og foreldra såg eit spørjeprogram på tv. Dei åt heimelaga pizza og popkorn. Lisa åt nesten alt popkornet aleine. – Følg med, mamma, sa Lisa klagande da mora byrja å kikke i avisa.

9


Lisa sat djupt konsentrert og følgde med på tv-en da mobilen peip. Meldinga var frå Lydia. Gjett kven eg er med? Kjærasten MIN! Yngvar seier at du liknar ei heks med den vorta midt i trynet. – Popstjerner. Dette kan sikkert du, Lisa. Stemma til faren høyrdest så vidt, som om ho var langt borte. Lisa sat og stirde på mobilen. Hadde Yngvar sagt det? At ho var stygg? Som ei heks med vorte? Ho som ikkje hadde noka vorte. Det var ein føflekk. Det var stor skilnad på vorte og føflekk. Har ikkje vorte, skreiv Lisa tilbake. – Men Yngvar synest eg er stygg, tenkte ho. Har du vel. Ser sånn ut i alle fall. Passar til kvisetrynet ditt. – Må på do, eg, sa Lisa til foreldra. – Er det der ei kvise? kviskra ho til seg sjølv i spegelen. Kvar millimeter av andletet vart granska. Føflekken ved auget verka brått mykje større enn før. Tidlegare hadde ho nesten ikkje lagt merke til han. Og kvisene? Det var kanskje ein raud prikk her og der dersom ho såg nøye etter? – Er eg stygg? Lisa laga grimasar til ho byrja å le. – Æsj, Lydia er berre teit. Lisa svarte ikkje på meldinga. Det tok ikkje lang tid før ei ny melding tikka inn:

10


Yngvar torer ikkje danse med deg meir. Eg sa at du hadde lus i fjor. Sidan egga ligg under huda, kan dei klekkje når som helst. Veit aldri når hovudet ditt er kravlande fullt av lus att. Kva? Lisa hadde da aldri hatt lus! Kvifor sa Lydia sånt? Dessutan låg ikkje luseegg under huda. Som ho laug! Resten av kvelden kom det stadig meldingar frå Lydia, den eine verre enn den andre. Alle handla om kor stygg ho var, kor vondt ho lukta, kor slem ho var, teit, fæl, dum og mykje anna. Kvar gong mobilen peip, var ho redd for å sjå kven det var frå. Hendene skalv når ho opna meldingane. Sjølv om ho såg at dei var frå Lydia, greidde ho ikkje la vere å opne dei. Søndag kveld hadde Lisa fått nok. Endeleg svarte ho på ei av meldingane: Du er berre så innmari dust.

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.