Kristian Æsøy frå Skorpa trivast som sjarkfiskar, og set pris på eit variert fiskeri gjennom året. Skal eg leve av det må eg drive hardare. Foto Jacob Nødseth
Kristian Æsøy (31) er ein av dei mange sjarkfiskarane i kommunen, men som han seier sjølv: Eg kan ikkje leve av dette. Sjarken Alda er rigga for eit mangslunge fiskeri, med både not, juksa og teiner. På vinteren går turen nordover, elles er det heimefiske i spedd andre jobbar på sjøen som er levebrødet.
MULTIFISKAREN Kristian Æsøy og sjarken Alda
Eg har vore fast på torskefiske dei siste ti vintrane, men i sommarhalvåret går det mest i krepsefiske, fortel mangesyslaren frå Skorpa. Alda har kvote på sild og makrell, men dei har vi ikkje fylt opp dei siste åra. Kristian har valt å drive eit føretak der han leiger seg ut som mannskap på andre fartøy ved behov. Då er det praktisk å ha kystskipperpapira på plass, smiler han. Ikkje einsamt Eg trivast veldig godt som sjarkfiskar, fortel Kristian – og presiserer at det ikkje er eit
einsamt yrke. Vi som driv på denne måten samarbeider og hjelper kvarandre. I vinter har fem Flora-sjarkar lagt side om side i Vest-Finnmark. Alda, Æsøybuen (Tore Alf Æsøy), Ytterøy (Stein Endre Ulriksen), Håskjær (Jon Toft) og Janica (Jan Harald Lindgaard) køyrde oppover i lag. Vi fiskar i lag og vi er i lag på kveldstid. Generasjonssamarbeid Når Kristian driv krepsefiske i Floraskjergarden leverer han fast til restaurantbransjen i tillegg til ein del private. Det blir ikkje dei
walcon.no
HAVNEBUKSERING SLEPEOPPDRAG ASSISTANSE - BERGING
Stålutrustning – Hydraulikk Mekanikere – Rørlggere – Sveisere Detalj engineering Innkjøp av materiell og utstyr Installasjon av rørsystem inkl. – Trykkprøving – Flushing – Igangkjøring / oppstart
WALCON AS www.walcon.no N-6909 FLORØ
8
• • • • •
EVEN WIIK even.wiik@walcon.no Tel. +47 917 20 347
Installasjon av mekaniske anlegg Fabrikasjon av stål Stålutrustning Utleie av fagarbeidere Fabrikasjon av rør
A til Å - www.atilaa.no
Walcon leverer tjenester til verftsindustrien, on- og offshore, landbasert industri, riggvedlikehold og havbruk. • • •
store pengane, men det er eit praktisk fiske å drive i kombinasjon med anna arbeid. Faren, Tore Alf, som driftar sjarken Æsøybuen er også medeigar i Alda - og dei to båtane driv ein del i lag. Kristian framhevar at han ikkje hadde vore der han er i dag utan støtte og opplæring frå faren og andre fiskekollegaer. Eg er ikkje glad i å skru på maskiner, men det har eg lært med mobilen i eine handa og fastnøkkelen i andre, ler Kristian. Det er litt konkurranse mellom fiskarane, men samtidig er samarbeidet veldig godt.
Stadt Sjøtransport AS Duty 24/7: +47 99542444 Office: +47 57 74 49 50 www.tugs.no
BJØRN TORE LØKKEBØ bjorn.tore.lokkebo@walcon.no Tel. +47 917 20 346
F I S KE RI F LO R A