Med lidenskap for livet i sjøen Ein sindig Rogalending med lidenskap for livet i sjøen har flytta tilbake til fødebyen Florø, og har kontor i 3. etasje i Horne Brygge – midt mellom ingeniørane i iVest. Jan Arne Holm er biolog, og har heile si yrkeskarriere jobba med biologiske problemstillingar i sjøen. No er han seniorrådgjevar Fiskehelse og Miljø i Fishguard, og er stadig på farten på fiskehelsebesøk og miljøoppdrag. Fjord-Lab i Måløy som Jan Arne har bygd opp, er selt til arbeidsgjevaren. Som biolog blir det mykje feltarbeid, fortel Jan Arne og viser til alt utstyret som står rundt veggane på kontoret. Han har 30-års erfaring med fiskehelse- og miljøtenester for oppdrettsnæringa og har kundar omkring i heile fylket. Ein dag kan arbeidsdagen vere i Solund, neste dag kan han vere å finne i ein fjordarm i Nordfjord. Oppdrettarane er pålagt å ha fiskehelsetilsyn og ta miljøundersøkingar på alle anlegg. Det betyr at eg både ivaretar fiskehelsa og grabbar opp frå sjøbotnen for å sjekke miljøtilstanden. Eg er også akkreditert for lokalitetsvurdering, som vil sei måling og berekning av naturgitte krefter på ein lokalitet (straum, bølger m.v). Dette danner grunnlag for dimensjonering av styrke på anlegg og fortøyningar – eit lovpålagd rømmingssikrande tiltak. Miljøundersøkingar Eg gjer også miljøundersøkingar for andre enn havbruksindustrien t.d. ved utmudringar, kaiprosjekt og utfyllingar - mellom anna her i Florøbassenget. Då jobbar eg på oppdrag for utbyggarane. Kontorfellesskapet med iVest Consult, som står for mange prosjekteringar i sjøen, er også til gjensidig nyttig.
Jan Arne er sterkt kritisk til at det er gitt løyve til dumping av enorme mengder gruveavfall i Førdefjorden. Norge har naturgitte fortrinn for å satse på turisme, berekraftig fiskeri, og dyrking av mat i havet – og ikkje la ein høgst usikker gruveindustri øydelegge fjordane våre. Forsking og kurs Jan Arne og Fishguard jobbar innanfor eit vidt spekter av oppdrag nasjonalt og internasjonalt. Den norske oppdrettsmodellen er anerkjent i utlandet og Jan Arne har nyleg halde foredrag om fiskehelse og miljø m.a. i Russland og Vietnam. Eg deltek også i forskingsprosjekt (FoU) med Veterinærinstituttet og ulike legemiddelfirma, og held godkjende kurs i fiskevelferd. Alle som skal behandle oppdrettsfisk må gjennomgå slike kurs, og Jan Arne har mellom anna kursa dei tilsette på Slakteriet i Florø. Undervisning og sensor Frå tida i Måløy har han med seg eit arbeid han set stor pris på. Eg blir nytta til ein del undervisning for elevane som tar havbruksutdanning, og no er eg sensor for TAF elevane som tek fagbrev på aqualinja. HORNE
10
BRYGGE
Det er eit gjevande arbeid å få jobbe med dei framtidige oppdrettarane. Fritida på Tansøy Jan Arne Holm som har røter i Florø og på Tansøy, og hadde barndommens sommarferiar i kystbyen, fortel at det ikkje berre er i jobben han føretrekk det våte og salte elementet. Kona og eg er nok meir på hytta på Tansøy enn i leilegheita her i byen, smiler han. Der går tida med til fiske og fangst av alt det gode sjøen gir. Ja – og så litt padle- og fjellturar med fotografering inn i mellom. Jan Arne er sterkt engasjert i arbeidet med å merke turstiane på øya.
Jan Arne Holm Seniorrådgjevar Fiskehelse og Miljø Strandgata 15, 6900 Florø - Tel. 97 56 55 04 E-post: jan.arne.holm@fishguard.no www.fishguard.no