FS Nytt frå Førde Sementvare

Page 1

FS Nytt

frå Førde Sementvare 2020

Stor aktivitet

Sprek 90-åring

Elementavdelinga opplever eit oppsving med alt frå store bustadblokker til spesialtilpassa elementbygg for å sikre tunnelane på vestlandet. Kundane set pris på ein byggemetode som er både rask og stabil, og at vi leverer alt frå første planfase til ferdige bygg og konstruksjonar. side 4

Kort leveringstid VA-avdelinga er føre var og har alltid varer på lager, slik at leveringstida er kort. Vi tar klimautfordringane på alvor, og leverer rør og kummar som er stabile og haldbare. No skal rør dimensjonerast for 200-årsflaumar.

Med ein stabil arbeidsstokk som dreg lasset saman er Førde Sementvare skodd for framtida. Ordrebøkene er fulle og fabrikken på Bruland blir stadig utbygd for å takle etterspurnaden etter miljøvennlege og framtidsretta produkt. Sand frå Førde er grunnlaget for trygge vegar og solide bygningar – langt inn i framtida.

90

side 6

193

JUBILEUM

0

Karl Opseth såg moglegheitene i 1930, og var opptatt av å skape aktivitet og arbeidsplassar i Førde. Generasjonane etter han har tatt arven vidare, og viser at å utnytte den viktige sandressursen i Førde framleis er liv laga – 90 år etter.

år

–2 020

@www.fsement.no · www.fsement.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.